nr. 6 - September 2013 - Årgang 43 KYRKJEBLAD FOR GLOPPEN Les om: Nye arbeidarar, Jofrid og Tore Besøk frå Nepal Friluftshelg også for born ”Get together” Gloppen Musikkfest Nesholmstemnet www.gloppen.kyrkja.no Foto: Elias Eimhjellen Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 1 Vi møtest i kyrkja 2 Opa kyrkje hausten 2013 Kyrkja i Gloppen VEREIDE SOKN Leiar i soknerådet: Elin Villung, tlf 57 86 64 84 [email protected] Kyrkjetenar: Benny Aasen, tlf 950 22 917 BREIM SOKN Leiar i soknerådet: Aksel Rygg, tlf. 57 86 75 62 / 412 20 458 [email protected] Kyrkjetenar: Ingvild Reed. tlf 412 40 309 GIMMESTAD SOKN Leiar i soknerådet: Aase Ryssdal Sæther, tlf 57 86 50 51 / 911 07 329. [email protected] Kyrkjetenar: Benny Asen, tlf 950 22 917. HYEN SOKN Leiar i soknerådet: Liv Øygard Solheim, tlf. 57 86 96 59 / 958 61820. [email protected] Kyrkjetenar: Ola Jan Birkeland, tlf. 57 86 98 32 / 975 91 747 Sokneprest i Vereide og Hyen Olaf Sigurd Gundersen, Tlf. 951 36 059. [email protected] Sokneprest i Breim og Gimmestad: Tore Myklebust, tlf 456 01 260. [email protected] Kontorstad: Prestebustaden i Breim. Kyrkjeverje: Kurt Djupvik Kontor i Sandane kyrkje Tlf. kontor: 57 86 56 16. Mobil: 902 06 828. Fax 57 86 56 47. [email protected] 22. september 18. s i treeining Mark 1,40-45 11.00 Gimmestad Gudsteneste v/ Olaf Sig Gundersen Utd. av 4-årsbok Offer til Vaksne for born 11.00 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust Utd. av 4-årsbok Offer til Kyrkjelydsarbeidet 25. september Onsdag 20.00 Sandane Opa kyrkje v/Britt Randi Heggheim m/fl 28. september Laurdag 18.00 Gimmestad Musikkandakt v/Anders Rinde 29. september 19. s i treeining Luk 9,57-62 11.00 Vereide Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen Konfirmantjubileum Offer til Kyrkjelydsarbeidet 16.00 Hyen Gudsteneste v/Tore Myklebust Konfirmantane deltek 16.00 Sandane Søndagssamling Servering av varm mat kl. 16, samling i kyrkja kl 17.00 05. oktober Laurdag 18.00 Breim Musikkandakt v/Anders Rinde og Tore Myklebust 06. oktober 20. s i treeining Matt 18,1-11 11.00 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust Konfirmantjubileum 11.00 Sandane Gudsteneste v/Asbjørn Gjengedal Offer til NMS-prosjekt 12. oktober Laurdag 19.30 Hyen Musikkandakt v/Anders Rinde 13. oktober 21.s i treeining Luk 12,13-2 11.00 Hyen Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen Konfirmantjubileum Offer til Kyrkjelydsarbeidet 17. oktober Torsdag 16.00 Gloppen omsorgsenter Nattverdsgudsteneste v/Tore Myklebust 20. oktober 22. s i treeining Luk 10, 25-37 11.00 Gimmestad Gudsteneste v/Tore Myklebust Offer til Acta 20.00 Breim Tomasmesse/Syng med oss v/Tore Myklebust 16.00 Sandane Søndagssamling Diakonimedarbeidar i Gloppen: Britt Randi Heggheim Kontor i Sandane kyrkje tlf: 908 47 592. [email protected] 27. oktober Bots og bønedag Luk 15,11-32 11.00 Vereide Kantor: Anders Rinde, tlf. 57 86 71 44 / 997 20 238 [email protected] Vereide kyrkje, tlf. 57 86 93 06 Gudsteneste v/Tore Myklebust Haustmøte Offer til Normisjon 30. oktober onsdag 20.00 Sandane Opa kyrkje v/Britt Randi Heggheim m/fl Barne og ungdomsarbeiar: Jofrid Aurlien, tlf 404 09 260, kontorstad: Sandane kyrkje 03. november Helgemesse søndag Luk 6,20-23 11.00 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust Gravar/ kyrkjegardsarbeidar: Ivar Hjelle, tlf. 57 86 58 59 / 970 76 668 Kyrkjekontoret i Sandane kyrkje: Tlf. 57 86 56 16 Opningstid: Tysdag - onsdag - torsdag Alle dagar kl. 10.00–14.00 Elles etter nærare avtale Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 11.00 Hyen Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen 20.00 Vereide Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen Vereide kyrkjekor 20.00 Gimmestad Gudsteneste v/Tore Myklebust Sandane kyrkje 25. september, 30. oktober og 27. november kl 20.00 Kyrkja er opa for meditasjon, refleksjon, stille og bøn. Høve å gå til ulike stasjonar i kyrkjerommet og til personleg forbøn. kl 20.45 Song og kveldsbøn. ”Ver still for Herren og vent på han”, Sal 37,7 ”Å leve med sorg” Temasamling i Sandane kyrkje, peisestova, tysdag 1. oktober kl 19.00 * Temainnlegg v/Britt Randi Heggheim. * Sorggruppeerfaring v/tidlegare deltakar. * Musikkinnslag. * Enkel servering. Inga påmelding. Næraste pårørande til dei som har gått bort i Gloppen første halvår i år er særskilt invitert, men alle er hjarteleg velkomne. Sorggruppe noko for deg? Kyrkja i Gloppen gjev tilbod om å delta i sorggruppe - ei samtalegruppe for personar som har mist ein av sine næraste. Oppstart siste halvdel av oktober. For informasjon og påmelding kontakt diakonimedarbeidar Britt Randi Heggheim, tlf. 90847592 3 Stilling ledig for KORREKTURLESAR i Kyrkjeblad for Gloppen Aase Ryssdal Sæther er rasande snar og flink til å lese korrektur. Det er ein viktig jobb som krev både kunnskap om rettskriving, god språk-kjensle og mot til å rette på flinke skribentar som sender stoff til kyrkjebladet. No har ho drivc på ei stund, og melder om at det kunne passe å få avløysing. Vi treng ein person som brukar datamaskin, kan handtere epost og Dropbox (det siste kan vi gje opplæring i) er rask til å reagere og kan følgje med på innkomande epost i 8 intense perioder for året. Korrekturlesaren kan gjerne delta på redaksjonsmøta, men det er ikkje eit ”must”. Løna er fastsett etter ”den kristelege frivilleg-tafiffen” som betyr takk og ære, godt arbeidsfellesskap med ein interessann gjeng (redaksjonen) og kjensla av å gjere noko viktig i Guds rike. Blir det mange interesserte, vil ein kunne dele på ansvaret og arbeidet. Noko for deg? Ta kontakt med Oddvar eller Aase. Du finn adressene nederst på sida. Gravplassar i Gloppen Redaktøren fekk servert ein god ide frå ein av lesarane. Han syntes vi kunne ha ein liten spalte fast i kvart nummer med eit bilde og litt tekst frå gravplassane. Vi har ikkje drøfta det i redaksjonen enno, men redaktøren tykte det var ein super ide. Kanskje det er ei kyrkjegardsutviding som bør visast fram. Eller er det eit spesielt gravminne som bør omtalast? Kanskje det finst ei god forteljing i samband med ein av gravsteinane? Det kan vere mange aktuelle spørsmål eller mange gode grunnar til å ha ein slik spalte. Og startar vi opp med det, må vi vandre rundt til alle gravplassane i Gloppen. Kanskje ikkje alle lesarar veit om alle gravstadane ein gong? Tips oss gjerne om eit gravminne, noko som veks på gravplassen, ei historie knytt til ein gravplass eller anna som du tenkjer kan høve. Redaktøren Kyrkjeblad for Gloppen Redaktør Oddvar Almenning Tlf. 57 86 94 24 / 400 04 377 Epost: [email protected] Jostein Flølo, Breim sokn Tlf. 57 86 81 72 / 909 46 703 / 941 92 515 Epost: [email protected] Grafisk design: Snøggbakken Trykk: Druka, Klaipeda Redaksjonsnemnd: Olaf Sigurd Gundersen, sokneprest Tlf. 951 36 059 Epost: [email protected] Aslaug Heimset Larsen, Hyen sokn Tlf. 57 86 98 67 / 995 24 502 Epost: [email protected] Kasserar: Inger Almenning, [email protected] Bankgiro 3705 04 71307 Anders Rinde, administrasjonen Tlf. 57 86 93 06 / 997 20 238 Epost: [email protected] Distribusjonsansvarleg: Oddbjørn Almenning Tlf. 94 27 89 52 Harald Aske, Vereide sokn Tlf. 57 86 57 30 / 970 24 915 Epost: [email protected] Utgjeve av sokneråda i Vereide, Breim, Gimmestad og Hyen. Kjem ut minst 7 gongar i året på Sandane. Betaling etter ønske. Aase Ryssdal Sæther, korrekturlesar Tlf. 57 86 50 51 / 911 07 329 Epost: [email protected] Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Skapt i Guds bilete å tru på at vi gjer kroppen til eit område der vi skal utøve all vår moral og kontroll? Vi er mange som ser dette og har ei bevisst haldning til denne trenden. Likevel vel eg å bruke min andaktsplass til dette temaet. Eg trur vi er fleire som har fått ”ein trollsplint i auget” på dette området. Det gjer at vi stadig er kritiske og misnøgde med oss sjølve. Eg arbeider no i klebutikk. Det er skarpt lys rundt og i prøverommet. Mange av oss ser seg triste og misnøgde på feilplasserte kilo, rynker, endra kroppshaldning, kviser og slitne ansikt. I vårt indre gjer vi ei håplaus samanlikning med idealbileta som sit på netthinna vår. Vi er i gang med jakta på å finne nåde for det skarpe og avslørande lyset. Ideala i reklamen er snart uoppnåelege, modellane er blitt lenger og tynnare, huda er manipulert og glatta ut. Vi veit alt dette og likevel minner eg om det igjen: Alt blir ikkje betre om vi blir som dei andre. Alt er best om du er du! Du er fin slik du er, i di eiga utgåve! Oddlaug Schjølberg I 1.Mosebok kapittel 1 kan vi lese om Gud som skaper verda. Det er mange meiningar om denne historia. Eg har valgt å tru den slik den står. Det siste Gud skaper er mennesket – i sitt eige bilete. I det siste verset står det at Gud såg på alt han hadde gjort og det var svært godt.. I ulike utgåver og målføre av Bibelen står det mellom anna ”såre godt” og ”overlag godt”. Felles for dei ulike uttrykka er at Gud var svært tilfreds med det han hadde gjort. Eg opplever ei så stor kontrast frå dette kravet til det å få kvile seg under Guds tilfredse blikk. -Kvile i Guds skapartanke. -Spegle seg i det. Han er så fornøgd med oss. Det tilfredse skaparblikket er noko som gjorde inntrykk på meg tidleg i livet, og det store i skaparverket har alltid fasinert meg. Dette kan vi også lese om i Salme 8. Kvart enkelt menneske er unikt. Eg trur likevel vi alle har erfart at vi prøver å skape oss sjølve i andre sitt bilete. Sjølvsagt meinar eg vi skal ta godt vare på det vi har fått, også kroppen og det ytre. Det er fint og rett, men vi treng å halde opp proporsjonane for kvarandre av og til. Og forresten, kven har bestemt kva som er vakkert? Den evige ungdomen er oppskrytt. Alt har si tid, står det i Bibelen. Dei som har levd nokre år og har fått historie i kroppen sin, dei gamle som har eldest med ynde, dei sjuke som ber smertene sine med styrke osv. Er det ikkje vakkert? Det finaste bur inni oss. Det er det venene kjenner oss på; hjartelaget, utstrålinga og veremåten. Vi kvalitetssikrar alt i det ytre miljøet for tida. Tenk om vi i lag kunne rette meir fokus på det indre livet vårt. Framelske godhet og omtanke, raushet og empati for kvarandre, framfor fine fasader. Vi lever i ei tid med stort fokus på kropp. Vi dyrkar styrke og pallplass og då vert det lite rom for det svake og sårbare. Vi blir bombardert av reklame frå alle kantar med bodskap om evig ungdom, trening, livstil og helse. Gjennom dei sosiale media vert det jakta på dei gode statusane, dei finaste bileta, dei største hendingane, toppane i livet, det dei andre vil gje oss tommelen opp for. Eg trur at menneske, frå tidenes morgon, har lengta etter noko meir. Livet er meir enn det fysiske. Håp og tru strekkjer seg utover det vi ser og forstår no. Kanskje treng vi å trene opp det indre blikket, så vi får auge på ein som er større enn oss. Kanskje treng vi å kvile blikket på noko anna enn flyktige bilete og mylderet av nettnyheter. Kanskje skal vi kvile oss lenge under Skaparens tilfredse blikk. Alt dette kan vere bra i små porsjonar, men vi kan lett forstrekke oss etter ”det gode livet” når krava vert store og nådelause. Kanskje er det i mangel av noko større Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lyse over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg FRED. Vi kjenner bibelhistoria som seinare fortel om syndefallet og forsoninga som måtte til. Den delen skal eg ikkje ta med her. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Kan himmelen redde jorda? Olav Sigurd Gundersen Illustrasjonsfoto: Shutterstock E tter 22. juli tala vi ikkje så høgt om himmelen. Vi tala meir om fellesskap og demokrati. Men kyrkja må våge å tale om himmelen sjølv om tidene er vonde. Klima har på nytt kome høgt opp på dagsordenen. Vi har for første gong i historia ein sivilisasjon som for det vesentlege er ateistisk. Det vil seie at grunnleggjande verdiar ikkje forheld seg til det evige eller til det uendelege, til det absolutte, til Gud og himmelen. Klima er viktig. Men skal miljørørsla få kraft og vere sterk, må ho orientere seg meir i retning av spørsmål som gjeld heile verdsbildet vårt. Det var periodar i historia då materiell forteneste og spørsmål om kva som lønte seg, ikkje var dei høgste verdiane for menneska, då menneske visste at det var mysteriet dei aldri kunne forstå. Partipolitikk vert fremma som livssyn, men mangelen på det evige og absolutte gjer at dei som tek avgjerder, politikarar og økonomar, ikkje har same respekt for det som kjem etter oss, for den same fellesinteressa som katedralen er eit vitnemål om. Vi har eit omgrep som heiter «berekraftig utvikling», og vi innser etter kvart at vi treng ei omstrukturering av dei økonomiske systema. Men før det kan skje, må vi styrke den moralske standarden vår. Det kan neppe skje utan ei fornying av det åndelege livet. Globalisering av økonomien krev ein global etikk. Moralfilosofen Adam Smith avsette på det næraste Gud til fordel for marknadens usynlege hand. Men i den handa er ikkje framtida vår trygg. Eit samfunnssyn som ikkje har plass for nokon annan Gud enn marknaden og ei nyåndelegheit som ikkje ser nokon samanheng mellom Gud og måten vi lever på, har skapt ei heilt ny form for ateisme. Konsumet vårt og den materielle grådigheita vår trugar heile eksistensen. Vi kan berre overvinne dei ved å bringe dei i vanry, sjå ned på dei og ikkje løne dei, men forakte dei og beint ut seie at det er synd mot Gud og menneske. Håpet for framtida er menneske som ikkje har gløymt himmelen, som er forankra i det absolutte og evige og ikkje isolerer økonomi frå spørsmåla som gjeld heile verdsbildet vårt. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 6 GLIMT FRÅ SANDANEDAGANE ”Tabernakelmesse” søndag 7 Fagervik med lokal støtte Tekst og foto Oddvar Almenning Sandane-dagane gjekk av stabelen i år som før, men denne gongen med meir regn enn gjennomsnittet. Opplegget på kyrkjestanden var som det gode, gamle, med sveler på retta og sveler på ronga, med kaffi og prat og møblar og bøker og koppar og kar og dugnad og lause pengar. Det kom i alt inn kr. 183 000,- Det er litt mindre enn det har vore dei siste åra, kan Jon Gimmestad opplyse. Størst svikt var det kanskje på møblar. Møbelsalet føregjekk også i år innomhus i Sandane senter. Men grunnen til ei lågare inntekt er neppe at salsstaden ligg for langt frå loppene. Det har meir å gjere med at ein lenge ikkje hadde høve til å ta imot møblar fordi ein måtte skaffe nye lokale for lagring. Sjølv om det spørsmålet no er løyst, var det mindre varer til sals enn før, så inntektssvikten var kanskje så stor som kr. 40 000,- i høve til dei beste åra før. Laurdag var det salsmesse og søndag var det høgmesse. Gudstenesta les du meir om her like ved. Elles let vi nokre få foto og tilhøyrande tekster fortelje. Tusenvis av lopper for tusenvis av folk med titusenvis av kroner i lomma. Det ligg ikkje lite arbeid bak innsamling, lagring og sotering, vasking og utstilling av alle desse tinga! Og dei som kjøper noko, veit at pengane kjem vel til nytte! Kaffi og sveler og lopper og krimskrams gav like mykje som før. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Tekst og foto Oddvar Almenning Auksjonarius Gundersen køyrer show, sterkt støtta av bakkemannskap med kunnskap om varene og kjærleik til formålet. Men også her var inntekta mindre enn på det beste før, og det heng kanskje saman med at det var lenger mellom dei verkelege godbitane, som gjev dei beste prisane. Eit feilfritt mocca-sett i porselen til 12 personar kom over kr. 2000,- før klubba fall. Men det meste av det andre var billegare. Auksjonen laurdag er alltid eit høgdepunkt. Her finst dei beste varene, her når ein dei beste prisane, her samlast mest kunnskap og her er det beste underhaldninga. På biletet går diskusjonen om objekta og kvaliteten mellom funksjonærar, kjennarar og kjenningar! Med kjerringar. Matteltet på Heradsplassen blei til ”tabernakel” og messe fekk bety gudsteneste igjen då glopparane gjekk til ”preike” i regnveret søndag i rett kyrkjetid. Regnet jaga folket inn i teltet, og gode minne om tidlegare besøk av Hans Inge Fagervik drog kyrkjegjengarane same vegen. (Det heiter synergi) Og vi blei ikkje skuffa. Hans Inge Fagervik hadde med seg eit følgje på tre mann, ein ved tangentane, ein spelte bass eller blås og ein drog i spakar og styrte mikrofonar. Fire unge gloppejenter var innblanda i framføringa, og etter kvart som regnet auka og ausa ute, skein songarane som sola inne. Både preike og song blei ein lovsong om og til skapinga og skaparverket og gleda i Kristus. Og meir enn dei fleste dagar i året var kyrkja i Gloppen det ho aller helst vil vere: Ei kyrkje med klår formidling midt i folkelivet! Olaf Sigurd Gundersen gjorde presten sitt arbeid, Anders Rinde spelte orgel og Olav Søreide var tydeleg skriftlesar og medliturg. Og kyrkjelyden gav både pengar og lyd frå seg. Det var fullt og vel så det då gudstenesta på Heradsplassen starta søndag. Kvartetten som ”støtta” Hans Inge var Mariann Husevåg (som og song solo), Jenny og Berit Leirgul og Sunniva Nyheim Hans Inge Fagervik hadde førebudd seg godt og formidla song med solid innhald etter god gammal oppskrift. Fagervik med band gav god løft til gudstenesta på Heradsplassen under Sandanedagane. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Fjellstemne-gudsteneste på Utvikfjellet 8 E I forrige nummer mangla denne spalten, men vi er sterkt tilbake, og har tenkt å kome fast kvar gong! Magnus Stangeland, ung tenor frå Bryne deltok på Gloppen Musikkfest for første gong. Frå Gloppen Musikkfest -Sekundet i æva Kyrkjelyden fekk godt tak over friluftsgudstenesta. konsert i Vereide kyrkje søndag 1. sept Tekst og foto: Ingemar Sårheim Tekst Anders Rinde Foto Iver Heen Ask Madelene Berg, ung og lovande fiolist frå Eid tok oppgåva på kort varsel då Arve Tellefsen melde forfall. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Som så ofte før avslutta Gloppen musikkfest 2013 med konsert i Vereide kyrkje. Og det vart eit fyrverkeri av ein konsert. Særleg siste stykket: Mendelssohns strykeoktett, sprudla verdig musikkfestens overskrift, som i år var JUBEL, motivert ut frå i alle fall tre jubileum dette året: Vi feira den 10. musikkfesten, fylket vårt er 250 år, og Vereide kykje er 850 år! Konserten baud også på vokalt innslag: Magnus Staveland, ung tenor frå Bryne, gjesta Gloppen musikkfest for første gong. Laurdag kveld song han lieder av Schubert i Trivselshagen, søndag opna han med salmen Eg veit i himmerik ei borg, i duett med Linda Øvrebø. Seinare var han solist med strykeoktetten i Vivaldis Lamentasjonar. (teksten er henta frå Bibelen og tittelen tyder på norsk: klagesongar,) Dette er musikk som viser Vivaldi frå ei side som kanskje er ukjend for mange. Staveland song også R. Strauss sitt opus 27 nr 4: Morgon, også dette til tonefylgje av strykeoktetten. Vi fekk også høyre 3. sats frå Bruckners strykekvintett i Gess-dur, kanskje den oftast spelte av all Bruckners kammermusikk. Etter samspelet å dømme kunne vi tru at dette er eit fast ensemble som spelar saman regelmessig. Det er ikkje tilfelle. Oktetten (8 musikarar) var samansett for dette høvet og øvde saman først når dei møttest på Gloppen musikkfest. Men det er musikarar som kvar for seg held eit svært høgt nivå: Øyvind Bjorå, Anders Nilson, Madelene Berg og Per Kristian Skalstad på fiolin, Ida Bryn og Nora Taksdal; bratsj, Aage Kvalbein og Audun Sandvik; cello. Fem av desse utgjorde kvintetten som spelte Bruckner. Vi har allereie nemnt at Mendelssohns strykeoktett var eit høgdepunkt. Eit anna definitivt høgdepunkt var fiolinromansen av Johan Svendsen. Her var det meininga at Arve Tellefsen skulle vere solist. Diverre vart han sjuk og måtte melde forfall. Madelene Berg, ein ung og svært lovande fiolinist frå Eid, som no bur og studerer i Oslo, tok over på kort varsel. Det gjorde ho så strålande at fiolinromansen i alle høve for underteikna vart eit høgdepunkt. Konserten var godt besøkt. Ca 140 tilhøyrarar ein søndag ettermiddag sette stor pris på det dei fekk høyre. Gloppen Musikkfest kan i år melde om ein solid publikumsrekord på sin 10. festival: Godt over 2000 til saman på alle arrangementa. Sokneråda i Breim og Utvik kunne søndag 4.august invitere til gudsteneste og fjellstemne i Fjellstova på Utvikfjellet. Både ver og vermeldingar var dårlege og det slo til, så det at arrangementet vart lagt inne i fjellstova var svært vellukka. Folk strøymde til både frå Utvik, Breim og Sandaneområda. Fjellstova var stappfull og vel så det, nærmare 170 personar var sessa då klokkene ringde inn til gudsteneste. Gudstenesta vart ei rik oppleving med Olaf Sigurd Gundersen som prest og tonefylgje av Helene Myklemyr og John Oddvar Kandal. Høgdepunktet i gudstenesta var barnedåpen der Ella Johanne Løvland Sund vart boren til dåpen. Ei sjeldan og verdig hending 600 meter over havet. Etter ein kaffi- og kakepause fekk vi meir musikk frå John Oddvar og Helene, no i meir tradisjon frå eldre fjellstemnetid, med komposisjonar av Gabriel Reed og andre kjende spelemenn frå dei dagar. Ein utflytt breimning, Rasmus Felde, kåserte om kva Brekkestemnet har hatt å seie for bygdene kring fjellet og vidare omkring, og delte nokre minne frå då han var med på stemna i sin barndom/ungdom. Helene og John Oddvar avslutta så fjellstemnet med Sist vi var inne hadde vi klipp frå Konventikkelplakaten. Denne gongen er det utdrag frå Dag Kullerud si bok: Hans Nielsen Hauge. Mannen som vekket Norge. Hauge, 1771 – 1824, bygde opp industri og dreiv handel. Men han vart og hugsa for at han gjekk og strikka på ferdene sine. Han sette ikkje grenser mellom kvinner og menn sine arbeidsoppgåver. Hauge sin son, Andreas, vart gift med Gabrielle, dotter til Gustava Kielland. Neste klipp vert henta frå Gustava Kielland sine erindringar. En kvinnehær Ella Johanne blei døypt 600 m over havet. mykje fin musikk. Arrangørane av tilskipinga fekk gode tilbakemeldingar og oppmodingar om at tilskipinga måtte bli årviss. Med så mykje folk til stades må nok organiseringa av lokalet gjerast om og kanskje med eit lydanlegg. Vi får tru Sokneråda og andre drøftar framtidige opplegg for arrangementet. Vi vil takke alle som hjelpte til både til oppog nedrigging av lokalet, medverkande i gudstenesta, Røde Kors omsorg i transporttenesta og ikkje minst kjøkenpersonalet med Gjertrud Støyva i spissen. Takk og til Breimsbygda IL for bruk av fjellstova. I det lille skriftet ”Indledning til virksomme Udøvelser af patriotiske Betænkninger” som man antar er skrevet i 1804, skriver han riktignok at mannen generelt er sterkere i legemet enn kvinner, som regel besitter han og mer kunnskap, men det finnes en uskikk mange steder at det er en slags vanære om kvinner gjør det som sies å være mannens arbeid, for eksempel i jordbruket … Tenk om sykdom, krig eller annet skulle hindre mannen, ville det da ikke være bra om kvinnen kjente til dette arbeidet? På samme vis, skriver Hauge, finnes det en forakt blant mange menn for det huslige, de verken vil – eller er flaue for - å arbeide med klær og annet i det huslige. Ikke minst om vinteren går disse mennene og driver bort tiden, sover den vekk, i stedet for å gjøre det nyttige. Begge kjønn burde gi akt på å lære og drive både seg selv, sine barn og tjenere – enhver etter sine gaver og krefter. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 9 Triatlon med symjing, springing og sjølvsagt padling i kano. Foto: Elias Eimhjellen 10 Misjonskveld med langvegs farande storbesøk fredag 30. august 11 Erik og Kristin Bøhler kom til Hyen Tekst Liv Øygard Solheim Foto Elias Eimhjellen H yen kyrkjelyd og Hyen Normisjon har eit misjonsprosjekt i Nepal: Nytt sjukehus i Okhaldhunga. Erik og Kristin Bøhler som har arbeidd på sjukehuset dei 10 siste åra, kom til misjonskveld på samfunnshuset. Til møtet kom det folk frå Hyen, Vereide, Sandane og Hestenesøyra. Erik og Kristin Bøhler fortalde og viste bilde frå arbeidet i Nepal. Ein fekk høyre om og sjå eit verdifullt og nyttig arbeid. Sjukehuset ligg åtte mil sør for Mount Everest. Det eksisterer takka vere støtte frå Normisjon og kyrkjelydar i Noreg. Mesteparten av utgiftene blir dekka av pasientane sjølve. Mange av innbyggjarane er fattige og ikkje i stand til å betale. For desse har sjukehuset eit eige pasientstøttefond. Særlege satsingsområde er at behandling av barn som veg mindre enn 12 kg er gratis. Det er også fødselshjelp. Vi fekk sjå at det geografiske området er stort og sjuketransport er vanskeleg, med bratte fjell og dalar. Mange må gå i fleire dagar for å komme til sjukehuset, og slektningar må ofte bere den sjuke i vanskeleg terreng. Sjukehuset har ansvar for å hjelpe to hundre tusen menneske! Erik Bøhler får ofte spørsmålet : Nyttar Kristin og Erik Bøhler hadde mykje å fortelje om frå sjukhuset i Okhaldunga. det? Ja, det nyttar! Han viste til ein statistikk der sjukehuset i Asker vart samanlikna med sjukehuset i Okaldhunga. Med same ressursar til desse to sjukehusa kunne dei i Okaldhunga hjelpe 1000 gonger fleire pasientar. Sjukehuset driv og eit omfattande landsby-helsearbeid. Dette styrkjer banda mellom sjukehuset og lokalsamfunnet. Kristin gav uttrykk for at innbyggarane er svært takksame for den støtta dei får. Glade gjevarar gav denne kvelden over ti tusen kroner i kollekt! Normisjon rapporterer både om helsearbeidet, misjonsarbeidet og om sjukehusbygginga. Her frå rapporten våren 2013. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Mange nordmenn har besøkt sjukehuset i Okaldhunga. Det vart invitert til ein fotokonkurranse, der bilda skulle vere frå sjukehuset. Vinnarbilda er ein del av Okaldhungakalenderen for 2014. Denne blir seld for kr hundre pr stk. Inntekta går til bygging av nytt sjukehus. Målet er å få det ferdig 2013, og så halde fram med restaurering av gamle bygningar i 2014. Soknerådsleiaren har ti kalendarar til sals.Gjennom kalendaren vil ein bli kjend med mange sider av livet i Okaldhunga. Også på Nordfjord folkehøgskule tek dei ansvar for Okhaldunga. Her er bilde frå ein rapport som Hallgeir Hansen har laga frå ein tur til Nepal. Nesholmstemnet 10. – 11. august Tekst: Aslaug Heimset Larsen Foto: Elias Eimhjellen Andre helga i august er det tilbod for heile familien, for borna, ungdomane og for vaksne og eldre på Nesholmen leirstad. Det var også i år uhøgtidleg kappestrid i triatlon med symjing, springing og sjølvsagt padling i kano. Leirkvelden var også vellukka med sketsjar, musikk og allsang, nydeleg koldtbord og ikkje minst festkåseri ved Ragnhild Fure Schwarts. Stemningsfull nattkafe og bål avslutta fineverslaurdagen. Festgudstenesta søndag var ved Jorunn Bae Hordvik og Erling Nydal. Jorunn Bakke Nydal spelte piano og var forsongar med god assistanse av dottera Johanna og fleire. Bertine Aa spelte blokkfløyte både i flott samspel og solo. Nesholmstemnet baud òg på middag og mange uteaktivitetar. Borna sette spesielt pris på kanoleik i Storefjorden, men kunne og vere med på orienteringsløype rundt på Holmane. I underkant av hundre deltok på stemnet, men dei aller fleste var eldre, over 60, så ein kunne ynskje at fleire, også unge, blir med på dette stemnet neste år. Og glopparane var ikkje i fleirtal, er eg redd. Jorunn Bakke Nydal ved pianoet. Bertine Aa spelte blokkfløyte, samspel og solo. Foto: Lars Bjarte Osland Live og Johanne tende lys for kvar bøn. Foto: Lars Bjarte Osland Fotballbane, tennis og leikestativ blei tekne i bruk, sjølv om veret ikkje var heilt på topp. Evalill Ommedal Aa får kanskje prøve sklia. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 12 Ansiktsmålinga utførte Magni Aa Berge og Heidi Eimhjellen med stor presisjon. Kristine Ommedal blei fin. Systra Marte står og ventar. Heidi målar Annbjørg Eimhjellen. Ute på Bryggja (i Hyen) kunne borna fiske kva som helst (berre dei hadde redningsvest). Har Sigve Sæterlid (t.h.) fiskelukke? 13 Spesielt blei dei fem fyrsteklassingane ynskte velkomne. Dei snakka frimodig og strålande om alt dei kan og trur dei skal gjere på skulen. Skulestart i Hyen Kyrkje Tekst: Aslaug Heimset Larsen Foto: Lars Bjarte Osland Måndag 19. august, fyrste skuledagen, var det også samlingstime i Hyen kyrkje. Det har vore tradisjon så lenge eg kan hugse som lærar, og i svært mange år har Olaf Sig Gundersen vore presten vår. Også denne skuletimen gjorde han verdifull for både lærarar, elever og foreldre. Han meistra å forkynne bodskapen i bibeltekstane gjennom fortellingar alle kjenner seg godt att i, og motiverer små og store til både innsats og trivsel gjennom skuleåret. Resultatet blei kjempebra. Oppstilte frå venstre: Eline Rønnekleiv, Matilde Aa Berge og Marit Rønnekleiv. Friluftshelga i Hyen, også for borna Tekst: Aslaug Heimset Larsen Foto: Marit Straume. Den snøfrie hoppbakken var populær. Køkulturen blei så som så når alle ville prøve fleire gonger, men det var kjempetøft. Her er Odd Arne Røyrvik i svevet. Hyen Skyttarlag inviterte til luftgeværskyting på den nye innendørsbana i sentrum og stilte med kyndige instruktørar. Guten i rosa skjorte er hyaren Tommas Sæten. Tone Elisabet Gjengedal stilte med fjordingen sin og mange fekk prøve seg på hesteryggen rundt Straume. Her er det Marit Rønnekleiv som får ri. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Elevane deltok med song . Til slutt reist kyrkjelyden seg og takka den avtroppande presten for så mange fine gudstenester. Dei song: ”Eg blir så glad når eg ser deg” til ein glad og rørt prest, og Tove Hanne Ommedal takka hjarteleg frå Hyen skule. Olaf Sig. Gundersen er velkomen til Hyen også som vikarprest. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 14 Ny prestefamilie i Breim Den nye prestefamilien i Breim er på plass i huset og i tenesta, og gler seg over begge deler. -Eg vil møte folk der dei treng meg, seier Tore Myklebust Tekst og foto: Kari Jordanger E ndeleg, seier nok mange, har Breim og Gimmestad sokn fått ny sokneprest. Jau, vi har vore godt hjelpte med flinke vikarprestar, men på same tid har vi venta på at ein prestefamilie skulle flytte inn i prestebustaden i Breim. Og no er dei på plass. Innsetjingsgudstenestene er over, og presten er klar til teneste. For å bli litt meir kjend med han og familien, har Kyrkjebladet fått lov å kome på besøk. Den første som møter meg er vesle Lea Kristine på to og eit halvt år. Sprudlande og ivrig pratar ho i veg, før ho finn fram leiker og aktivitetar som er meir spennande enn dei vaksne sin prat. Først kan vi ta med litt fakta: Tore Myklebust (47) er fødd og oppvaksen på Flatraket i Selje kommune. Utdanninga si har han frå Menighetsfakultetet, der han gjekk ut i 1994. Ordinert i Vereide kyrkje Sommaren 1994 var det så klart for ordinasjon i Vereide kyrkje. - Det var to glopparar, Arne Birger Gjestland og Magnar Haaland, som skulle ordinerast, fortel Tore Myklebust, og då høvde det godt at eg blei ordinert samstundes. Det var biskop Lønning som stod for ordinasjonen, og dette var den siste han hadde medan han var i ordinær teneste. Vidare fortel han: - Eg var vikarprest første året, og var då plassert i Solund, sidan presten der hadde mammapermisjon. Deretter fekk han prestestilling i Svelgen, og flytta dit i 1995. - Der treivst eg godt, og det at eg har hatt arbeidet mitt der i atten år, fortel vel det same. I Svelgen hadde vi kontor i rådhuset, og hadde kontorfellesskap med andre tilsette i kyrkja. Eg tykte det var ei grei ordning, fortel Tore Myklebust. Giftarmål blei det også etter kvart. - Ja, i 2009 var det bryllaup, då gifta Aud Marit og eg oss, seier Myklebust, og når ein ser på dei kjærlege smila dei sender til kvarandre, skjønar eg at dette var ei stor og viktig hending. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 lagar tekstane, og då eg var i Volda fekk eg spørsmålet om dette var Ivar Aasen-sitat. Dama som spurde meg vart nok litt skuffa då eg svarte benektande på det, fortel Aud Marit. Men for kunstnaren måtte det vere ei ære å kome i den kategorien. Seinare har dei då fått Lea Kristine. -Det er klart at mange ting dreiar seg om henne. Ho hadde fått noko pengar i gåve, så då meinte ho at ho hadde nok pengar til leikestativ, ler presten. Men uansett kven som betalte det, leikestativet er kome på plass, og ei grei sandkasse og. -Lage sandkaker no, informerer veslejenta. Kunst i byrom Gloppen neste stopp - Kvifor søkte han seg så til Gloppen, har han kanskje gått på Firda vidaregåande? - Nei, eg gjekk på Vestborg internatskule på Stranda, men eg har to systrer som har gått på skule i Gloppen. Eg kjenner ein del folk her frå før, og vi er framleis i same prostiet, så eg har no ein del kjennskap til kommunen. - Under samtaler med prosten vart det nemnt at det no var ei ledig prestestilling i Gloppen, om eg kunne hadde lyst å søkje. Og etter å ha tenkt på det ei stund, fann eg ut at skulle eg flytte på meg, så var tida koma. - Du nemnde at du hadde hatt kontor i rådhuset i Svelgen. Her har du kontor i underetasjen i prestebustaden, korleis ser du på det? - Det trur eg kjem til å fungere fint, her er det greitt tillaga med eigen inngong, og slik kan ein usjenert ha samtale på prestekontoret.. Elles kjem eg gjerne heim til folk, på til dømes dåpssamtale, om det er ynskjeleg. Eg vil møte folk der dei treng meg, seier Tore Myklebust. I tillegg reknar han med å ha jamnleg kontakt med dei andre kyrkjeleg tilsette på kontoret på Sandane, og kanskje også kontorfunksjonar der. Dei første han no skal bli betre kjend med er neste års konfirmantar. Denne undervisninga gledar han seg til. Både det å bli kjend med konfirmantane, og det å ha undervisning i skuletida. - Då kan eg bli kjend med lærarane, og det vert ei naturleg kontakt mellom meg og skulen. I tillegg til den undervisninga vil det sjølvsagt vere mange aktivitetar utanom skuletida også. Tore Myklebust er oppteken av dei unge, og seier det slik: - Ofte forsvinn ungdommane frå kyrkjelege aktivitetar etter at dei er konfirmerte. Ein ser dei gjerne ikkje igjen før dei har fått barn som dei ynskjer å døype. Og ein ser dei ofte berre ved slike store anledningar. Skal kyrkja overleve, må ein ha rekruttering, og biskopen har bestemt at det skal satsast spesielt mot ungdommen i år. Dette vert også følgt opp i Gloppen, og i september skal vi ha ei ungdomssamling i Arbeidskyrkja, som har fått namnet ”Get together”. Dette vert den første store samlinga med ungdommane, og dette gler eg meg til, seier han. Gudstenestene er viktige. Nokre gonger for året er kyrkjene stappfulle, andre gonger er det god plass i benkeradene. - Ja, dette er ei utfordring, og difor er det viktig med ungdomssatsinga, seier Myklebust. Vidare har han merka seg at dersom det skjer ”noko ekstra” i kyrkja, så vert det fleire som møter opp. Det kan vere utdeling av bøker, konfirmantpresentasjon eller liknande. - Samarbeid med kor eller andre lag og organisasjonar er også positivt, seier presten. Og så minner han oss om følgjande: - Det vil alltid vere eit tilbod om ei gudsteneste i Gloppen kvar søndag, sjølv om ein då må reise litt.. Tore Myklebust har elles merka seg at det er meir kristen aktivitet utanfor kyrkja i Gloppen enn det er i Svelgen. - Her er meir aktive kristne, seier han. Spennande dame Kona til presten, Aud Marit Skarrebo Holmen er ein anerkjent kunstnar, og arbeider med billedkunst og installasjonar. Ho er frå Re kommune i Vestfold, og frå 1997 til 2009 budde ho i Bergen, så ho er glad i Vestlandet. Her gjekk ho på Kunstakademiet, og i tillegg til billedkunstutdanninga, har ho også pedagogisk utdanning. - Eg har undervist i kunst- og handverksfag, i tillegg har eg hatt tilknyting til kulturskulen både i Bergen, i Meland og i Bremanger. Eg håpar det kan vere bruk for meg innan kulturskulen eller skulen. Kanskje kan eg halde kurs for vaksne, seier Aud Marit. Og så håpar eg å få tid til å arbeide meir med min eigen kunst etter kvart, seier ho. Til dette bruk har Aud Marit leigt eit lokale på Byrkjelo. Utsmykking Ho har hatt oppdrag der ho har stått for utsmykkinga av nybygg, kunst i offentleg rom. Til dømes ved Høgskulen i Volda i 2010. Her brukte ho ord og setningar, som skulle passe inn der det blir plassert. Til dømes: ”Dei samanhengane som veks fram når medvitet får infiltrere mellomromma.” Denne teksten blei plassert på ei gangbru mellom Berthe Kanutte-huset og nybygget Synnøve Riste-bygget. -Det er eg sjølv som Eit ord eller ei setning kan lesast på uilke måtar. Det kan vere ein ting å reflektere over. Aud Marit fortel: -Under er bru i Bergen fekk eg plassert ordet ”Trøst”. Kunstverket var ikkje signert, men etter ei tid vart eg kontakta av folk som hadde fått vite at det var eg som hadde laga det. Dette var eit ord som for lesaren betydde noko i kvardagen. - Eit kunstverk som blir laga til ein bestemt stad, får ei meining der det er plassert. Vert det derimot flytta til ein annan stad, kan det få ei anna meining, forklarar ho. Og så ei litt artig hending: Under opninga av Sogn og Fjordane Kunstmuseum kunne vi mellom alle dei andre kunstverka sjå ordet ”Sted” plassert på ei golvflate, laga som ein innbydande sitjeplass, utan at vi fekk lov å setje oss på eit kunstverk. Og ikkje visste eg då, at eg eit år seinare skulle få møte kunstnaren sjølv, nemleg Aud Marit Skarrebo Holmen. Aud Marit har også hatt måleriutstilling på Hurtigruta, der måleria var utstilte ein månad. Og det var ikkje akkurat små bilde ho hadde laga, der var mellom anna eit stort akrylmåleri på 99,8 x 138,4 cm. Gledar seg til å bli kjend med folk i kyrkjelyden Felles for presten og kona er dette: -Dei gledar seg til å bli kjende med folket i Gloppen. Og folket i bygda og kyrkjelydane er glade for at familien er komen til kommunen vår, og har tru på eit godt samarbeid i åra framover. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 15 16 Prost Rolf Schanke Eikum heldt ein tale til den nye presten, og helsa med eit bibelord som har betydd mykje for hans eiga presteteneste: ” Ten Herren med glede”! Her les han opp kallsbrevet frå biskop Halvor. Innsetjing av ny prest i Breim og Gimmestad. ”Ten Herren med glede” Tekst: Reidun Solbakk Foto: Jostein Flølo T ore Myklebust vart søndag 25. august 2013 innsett som ny sokneprest i Breim. Mange i soknet fann vegen til innsetjingsgudstenesta og dei nytta høvet til å helse på den nye soknepresten og familien hans. Soknerådsmedlem i Breim, Ingemar Sårheim, ønskte alle velkommen til kyrkje, med eit særskilt velkommen til Tore Myklebust, kona Aud Marit Skarrebo Holmen og dottera Lea Kristine. Med ønske om at familien vil trivast i soknet vårt, fekk dei overrekt blomar og 100 årsjubileumsboka for Breim kyrkje. Prost Rolf Scanke-Eikum las kallsbrevet frå biskop Halvor Nordhaug, og ein samla kyrkjelyd ønskte deretter den nye soknepresten velkommen. Prosten sine ord denne dagen var særskilt retta til Tore, men til ettertanke for alle. Salme 100, vers 2 : »Ten Herren med glede». Dette høvde særs godt denne vingardssøndagen, då alle er kalla til å vere medarbeidarar i Guds rike. Den nyinnsette soknepresten holdt deretter si første preike i Breim kyrkje. Og til ein lydhør kyrkjelyd la han vekt på at vi må alle ta vare på og bry oss om kvarandre. Den viktigaste investeringa gjer vi i menneske, og kvart menneske har stor verdi. Mange faktorar gjorde denne gudstenesta til ei minnerik oppleving. Først og fremst innsetting av ny sokneprest. Presten spelar ei viktig rolle i bygdesamfunnet og vi møtes både i glede og sorg. Dessutan deltok fargerike Breim Soul Children med klangfull song. Tonefølge elles denne dagen var med Jon Oddvard Kandal på fiolin og med kantor Anders Rinde. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi. Breim Bygdekvinnelag serverte kaffi og kaker og mange tok seg god tid på kyrkjebakken denne solrike og varme søndagen. Misjonsselskapet med haustmesse 1. og 2. november På Betania, Nordfjordeid, begge dagar kl. 11 – 17. NMS si misjonsmesse i Betania på Eid er ei årviss tilstelling i førstninga av november. Her er det muleg å få kjøpt heimelaga matvarer og handarbeid, ta lodd på fine gevinstar og kose seg med ein kopp kaffi og god mat. Og ikkje minst kan du lytte til gode forkynnarar på bibeltimane begge dagar. Misjonsfesten laurdag ettermiddag er høgdepunktet. Fredag 1. nov.: Kl 11: Messa opnar 13: Bibeltime v/ Reidar Standal 17: Messedørene stengjer Laurdag 2. nov.: Kl. 11: Messa opnar 12: Bibeltime v/Reidar Knapstad 15: Misjonsfest med song- og musikkinnslag, m.a. Eid kulturskule. Festtale v/Toril Lange og bevertning. Velkomne til trivelege dagar der du støttar misjonen. Arr: Nordfjord områdeutval av Det norske misjonsselskap(NMS) Breim Soul Children deltok med frimodig song, og var saman med John Oddvar Kandal og Anders Rinde med på å gjere gudstenesta til ein fest. Solist er Frida Bjørnereim, medan mor Ingrid er dirigent. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 17 18 Frå Soknerådet si postkasse Kven har skapt alle prestane - ? Nå, det er kanskje ikkje slik det står i den kjende barnesongen, men når det står at Gud i Himmelen har skapt både blomar, fuglar og deg og meg, er vi trygge på at han også har skapt prestane. Dei var nok ikkje prestar frå starten av. Då var dei små, hjelpelause babyar, som vart borne til dåpen av kjærlege foreldre som ville det beste for borna sine, og seinare fekk dei gjerne lære Skaparen sin å kjenne gjennom kveldsbøner og søndagsskule. Seinare kom dei til konfirmasjon, og kanskje var det då tanken tok til å modnast? Kanskje såg dei på den vakre prestedrakta fremst i prosesjonen og tenkte: ein dag har eg også lyst til å gå slik? Uansett veit vi at dei ein dag valde å ta presteutdanning. Vi har framleis fleire stader ein kan ta denne utdanninga, men korleis vil det sjå ut i framtida? For omlag 2 år sidan kunne vil lese dette i eit debattutspel, framført av ein oppegåande og høgt utdanna mann: Skal et moderne universitet holde seg med et fakultet som fokuserer på en antatt gud og hva som skal til for å gjøre denne guden til lags, dvs. å utdanne prester? Det opplagte svaret er nei. Dette sitatet kom føre oss då vi for nokre dagar sidan fekk brev frå Det Teologiske Menighetsfakultet. Dei fortalde at dei var begynt på eit nytt studieår, at dei hadde 1100 forventningsfulle studentar, og at dei sist vår sette ny rekord med over 80 ferdige kandidatar. Dette er gledeleg å lese, når vi høyrer om rekrutteringskrise og ledige prestestillingar. Men heilt til slutt i brevet fortel rektor Vidar Haanes at gåveinntektene, som dei er avhengige av, har gått ned. Kanskje skulle vi sendt ein liten sum? Vi kan ikkje berge ei heil utdanning, men vårt vesle bidrag vil flyte saman med mange andre bekker, og til slutt bli ei stor å. Vi noterer kontonummeret, 3000 17 41841, og les meir på nettsida til MF, www.menighetsfakultetet.no Med helsing Aase R Sæther soknerådsleiar i Gimmestad Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Misjonstolvaren til Lia gard Tekst Oddvar Almenning Foto Elna Marie Almenning Misjonstolvaren er ei foreining av 12 tidlegare unge menn og kvinner i Gloppen. Foreininga er registerert i NMS (”gamlemisjonen”). Sidan den eine av damene har ein bror i Østerdalen som driv retreat på Lia gard, har gruppa hatt planer om å reise dit. Etter mange års planlegging, flytting og utsetjing kom meir enn halvparten seg av garde ei oval helg i august. Det var på alle måtar verd turen. Landsdelen, Lia gard med alle sine hus og sju kapell, møtet med sjølvfolket Ingeborg og Sigmund som framleis driv retreat, skogane og fellesskapet i vandringa langs Østerdalsleden, den gamle pilegrimsvegen frå Oslo til Nidaros, var alt saman minneverdig og storarta å oppleve. Prøv sjøl! Vi skal berre dele ein stor, liten ting her og no: Fotina sitt kapell. Den ortodokse kyrkja har ein helgen som heiter St. Fotina. Og eitt av dei små gudshusa på Lia gard er bygt og utstyrt som eit ortodoks kyrkjehus. Midt i tjukke skogen ligg det ein kvit, liten murbygning med koparkledd kuppel og glasmosaikk på taket både ute og inne. Innvendig er det ikonmaleri både på alteret og under kuppelen, og huset er vigsla til gudshus av ortodokse kyrkjemynde. St. Fotina er den kvinna som kom til brønnen i Samaria og som Jesus snakka med om det vatnet som gjev evig liv. Det er ho som etter samtalen sprang inn i byen og fortalde at ho hadde møtt Jesus. (Joh. 4, 7–29) Konsert med SalmeKlang for alle nordfjordingar i Vereidskyrkja avsluttar Ungdomsåret i Bjørgvin. Foto Arild Danielsen Konsert med SalmeKlang I anledning ungdomsåret i Bjørgvin, jubilering av Vereide kyrkje og kulturnatt i Nordfjord, inviterer vi alle Nordfjordingar til konsert med Salmeklang i Vereide kyrkje. SalmeKlang er eIt firemannsorkester som kombinerer folketonar frå heile verda med norske religiøse tekster. Desse salmane er en viktig del av vår nordiske salmeskatt. Salmane er ein skatt til glede og trøyst for dei som høyrer og syng dei. Arbeidet med å kle dei gamle salmane i «ny drakt» har resultert i to utgjevne plater til no. Desse er med i gruppa: Mari Klingen – vokal, Knut Ingolf Brenna – gitar, Per Erik Olsen – bass og Jo-Martin Grosås Nordbø – trommer. Gruppa har de spelt en rekke konsertar på Sør- og Austlandet, alt frå Ungdommens Kirkemøte på Hamar, Kyrkjemøtet i Tønsberg, Skjærgårds M&M på Risøya og Eikerapen Rootsfestival. SalmeKlang legg vekt på å være musikalsk tilgjengelege både for ungdom, vaksne og eldre. Med sin respekt for mate- rialet og med si profesjonelle tilnærming, har bandet funne ein verdig måte å fortolke salmeskatten på. Desse CD-ane er utgjevne: SalmeKlang i 2010 og Himmelveg i 2012 Fredag 8. november kl 20.00 Vereide kyrkje Billettpris: 200 kr (100 kr for ungdom/studentar) Billettar til sals ved inngangen Arr: Vereide sokneråd Andaktsliste for Gloppen Omsorgssenter Hausten 2013 Torsdag 29. august kl. 16.00: Misjonsforeining Torsdag 5. september kl. 16.00: Andakt v/Olav Sigurd Gundersen Torsdag 12. september kl. 16.00: Misjonsforeining Torsdag 19. september kl. 16.00: Andakt v/Tore Myklebust Torsdag 26. september kl. 16.00: Misjonsforeining Torsdag 3. oktober kl. 16.00: Andakt v/Olav Sigurd Gundersen Torsdag 10. oktober kl. 16.00: Misjonsforeining Torsdag 17. oktober kl. 16.00: Navttverdsgudsteneste v/Tore Myklebust Torsdag 24. oktober kl. 16.00: Misjonsforeining Torsdag 31. oktober kl. 16.00: Andakt v/Olav Sigurd Gundersen Torsdag 7. november kl. 16.00: Misjonsforeining Torsdag 14. november kl. 16.00: Andakt v/Tore Myklebust Torsdag 21. november kl. 16.00: Misjonsforeining Torsdag 28. november kl. 16.00: Andakt v/Olav Sigurd Gundersen Torsdag 5. desember kl. 16.00: Misjonsforeining Torsdag 12. desember kl. 16.00: Andakt v/Tore Myklebust Torsdag 19. desember kl. 16.00: Andakt v/Olav Sigurd Gundersen 19 Rapport frå kyrkjegarden Det er ikkje berre gravstaden på Fredly som har hatt problem med tre som har vakse seg for store. Ved gamle Gimmestad kyrkje var det ei rad graner og ei bjørk nordaust for kyrkja som tok til å henge seg inn over dei næraste gravene, slik at området blei mørkt og tungt og fullt av granbar og lauv som fall ned på gravminna. Som ein ser av dette biletet er det ikkje slik lenger. Kyrkjegardsarbeidar Ivar Hjelle fekk med seg ein av dei handlekraftige grannane til kyrkja, Arne Jostein Gimmestad, og etter eit par økter med motorsag, traktor og til slutt gravemaskin, vart området sjåande heilt annleis ut. Ein kompost som ikkje var godt nok avgrensa mot kyrkjegarden er også fjerna, og resultatet er blitt svært bra, tykkjer Åshild Furunes, som har sendt dette biletet til kyrkjebladet. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Kyrkjemusikkstudentar frå Gloppen 20 21 I dei siste åra har det på nasjonalt nivå blitt sett eit visst fokus på rekrutteringa, eller rettare sagt mangelen på rekruttering, til kyrkjemusikkutdanninga og kyrkjemusikaryrket. Det blir hevda med styrke at rekrutteringa er altfor dårleg. Då er det desto meir gledeleg at vi her i bladet kan presentere tre ungdomar frå Gloppen som er i gang med ei slik utdanning. Tekst og foto: Anders Rinde A nders Kvile frå Breim, starta på Griegakademiet no i haust (som ein av to. Marthe Aa frå Hyen er i gang med sitt andre år på NTNU, institutt for musikk, i Trondheim. (Tidlegare heitte det Musikkonservatoriet i Trondheim) Mariel Eikeset Koren har eitt år igjen av studiet, også ho ved NTNU. Utdanninga er vanlegvis 4-årig (bachelorgrad), og finst i Oslo, Bergen og Trondheim. Dei fortel at det vanlege er to eller tre på kvart årskull. Mariel er faktisk åleine på sitt kull. Slik er det ved alle institusjonane, men kanskje litt fleire i Oslo (Musikkhøgskulen) Då skjønar vi at prosentandelen glopparar i denne utdanninga er relativt høg for tida. Alle tre har har vore elevar ved Gloppen kulturskule og deretter musikklinja på Firda, Anders og Marthe med piano som hovudinstrument. Mariel med song. - Korleis har vegen fram til kyrkjemusikkutdanninga arta seg? Mariel: -Eg hadde song som hovud-”instrument” både i kulturskulen og på Firda. Medlemskap i Gloppen Jentekor var dessutan ein god ”skule” og gav meg ei sterk korinteresse - så stor at eg allereie før eg tok til på Firda, drøymde om eit framtidig yrkesliv som handla om musikk, særleg korsong. (direksjon) Etter Firda gjekk ferda til Trondheim og NTNU der eg fullførte mastergradstudiet i musikkvitenskap i 2010 med ei avhandling om Niels Jespersøns Gradulale (1573). Studiet gav også undervisning i song, orgelspel og kordireksjon, og i løpet av tida på masterstudiet vakna lysta til kyrkjemusikkutdanning og kantoryrket. Derfor søkte eg opptak på dette studiet etter mastergradseksamen. Mariel blir ferdig våren 2014. Sidan ho allereie har ein del relevante fag i masterstudiet, kan ho korte ned studietida med eitt år. Som kunngjort tidlegare i kyrkjebladet, er ho tilsett som kantor/trusopplærar i Gloppen, og tek til i arbeidet 1. august 2014. Marthe: -Etter Firda gjekk eg eit år på Viken Folkehøgskule. Det er ein folkehøgskule som har spesialisert seg på musikk, og som også tilbyr orgelundervisning. Eg spelte orgel, og året på Viken vart avgjerande for yrkesvalet mitt. For Anders vart vegen til kantorutdanning temmeleg orginal: Anders har naturlegvis ikkje noko særleg erfaring frå studiet enno, men han er godt budd. Han har t.d. kjøpt orgelsko frå Trondheim kirketekstil. (spesialsko til bruk ved orgelspel). Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Frå venstre: Marthe Aa, Anders Kvile og Mariel Eikeset - Etter åra på Firda vart det militærteneste. Her fekk eg etter ei tid i oppgåve å vere assistent for feltpresten. Stort sett handla dette om å steike vafler og spele orgel. Kvar onsdag kveld var det gudsteneste i kapellet, og resten av veka, innimellom vaffelsteikinga, øvde eg på det som skulle spelast. Instrumentet var eit bra stort digitalt orgel. Eg var ikkje heilt ukjend med orgel før eg kom i militæret. Som pianoelev i kulturskulen fekk eg også litt orgelundevisning, så pass at eg fekk prøve meg i enkelte gudstenester i Breimskykja det året eg var konfirmant. Men i militæret vart dette grundig oppfriska, samtidig som interessa for yrket vart vekt. Felles for alle tre er også ei sterk interesse for korsong og kordireksjon. Alle dirigerer kor: Anders har i fleire år dirigert Odd Fellow-koret i Bergen, og sidan nyttår 2013 har Marthe dirigert koret AKS i Trondheim. (AKS= akademisk kristelig studentkor). Mariel dirigerer Trondheims kvinnelige studentersangforening , og syng sjølv i Nidaros Domkor. Ho er dessutan klokkar i Nidarosdomen (20%) -Har de følgt med på reformene i kyrkja, eg tenkjer særleg på liturgireforma og ny salmebok? Mariel: - På vår utdanningsstad er det bestemt at vi skal ha eksamen i liturgisk spel etter gamal ordning, dvs med den ”gamle” ordinariemusikken. Det er to grunnar til det. For det første er denne musikken framleis mest brukt, og for det andre er det vanskeleg, for ikkje å seie umogleg å vite kva ein elles skal bruke, når kvart sokn i utgangspunktet kan velje kva dei vil. - Trivst de med kyrkjemusikkstudiet? Marthe: - Eg blir litt lei i periodar, men det går over. Det er spennande og lærerikt med mest fokus på speling. Vi har eksamen kvart semester og skal etter kvart spele i gudstenester. Eg har allereie spelt på nokre konsertar som kravde mykje øving for å gjere det bra. Eg driv ein del med kordirigering, og det likar eg også godt. Då får eg avveksling frå å sitje åleine på orgelkrakken, og har direkte kontakt med mange menneske. Marthe og Mariel kan også fortelje at det store Steinmeyer-orgelet i Nidrosdomen skal vere ferdig restaurert neste år. Dette orgelet er frå 1930, og med totalt 139 register er det framleis Norges største orgel. (Til samanlikning har orgelet i Vereide 22 register) Dei har interpretasjonstimane (tolkingslære) i Nidarosdomen, og gler seg naturlegvis mykje til det store orgelet er klart til bruk. Til slutt: Om nokon som les dette, går med ein organist/kyrkjemusikar i magen, så spør gjerne ein av desse ungdomane om krav ved opptaksprøve, til studentmiljø og andre erfaringar i studiet. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 22 Vegard Tennebø Gift med Hildegunn og pappa til tre flotte gutar: Halvor, Ola og Gustav. Har nettopp flytta frå Oslo tilbake til Sandane og ser fram til kvardagsliv her etter nokre travle år som prest i Storsalen menighet. Er interessert i alt som har med kristen tru og teologi å gjere og “brenn” for å pusse støvet av læresveinbegrepet i vår tid. Kva vil det sei å tru evangeliet her og no? Det vil eg skrive om. Den heimeverande sonen E g skal til å gå ut i pappapermisjon. Eg skal vere heime. Mykje. Med sonen min. Det ser eg fram til, altså - det er ikkje det. Det er meir slik at heimen vår ikkje er vorten heilt vår, enno. Vi har ikkje overteke huset vi har kjøpt og dermed blir eg vel ikkje heilt heime med sonen min, slik eg skreiv? Samstundes har eg og familien min flytta ”heim” etter 12-13 år i Oslo. Så då er vi vel ikkje bortkomne lenger, men heimeverande? Eller? Uansett: Mange av oss kjenner sikkert historia om den bortkomne sonen i Lukas 15. (Om ikkje du har den friskt i minnet, tilrår eg deg å lese den på ny) Slik er til og med overskrifta i dei fleste biblar. I den nye omsetjinga er det ”sonen som kom heim”, men fokuset er likefullt på han som stakk med arven, sløste det bort og kom tassande heim full av anger og griselukt – den yngste broren. For få år sidan vart denne likninga temmeleg ny for meg. Men det handla ikkje så mykje om den yngste sonen, han som fór. Det handla om han som alltid var der. Som alltid gjorde alt rett, som ansvarleg gjorde si plikt kvar einaste dag. Eg skjøna at det er to måtar å være fortapt på: ein ved å oppføre seg dårlig, og ein ved å oppføre seg godt. Og midt mellom retthandlande, men anklagande farisearar på den eine sida og syndarar og tollarar sine feilslåtte liv på den andre, byrjar Jesus historia slik: ”Ein mann hadde to søner.” Du anar kanskje kven han fortel ei historie om, kven som får tildelt roller? Lat oss sjå litt på den heimeverande sonen. Vi kjem inn inngangsporten og får auge på han. Det skurrar litt. Når vi overhøyrer samtalen han har med far sin, merker vi at noko er Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 alvorleg gale. Vi må nesten spørje: Korleis kan ein som har vore så nær heimen så lenge, gjort alle dei rette tinga og arbeidd og slite – korleis kan han representere så lite av det far hans står for? Korleis kan han velje vekk festen og gleda og verte verande i sinnet og bitterheten over korleis far hans vel å ta i mot hans einaste bror? Kor kjem denne bebreidande og sjølvmedlidande mentaliteten frå? Kva rir den eldste sonen, eigentlig? Det sjokkerande resultatet er at historia endar slik: Den slemme, umoralske, irreligiøse guten vert frelst Den ”gode”, moralske, religiøse guten går fortapt Kristen tru og religion bygger på to heilt forskjellige grunnprinsipp. Religion: du er lydig, og dermed vert du akseptert Kristendom: du er akseptert på grunn av det Jesus har gjort FOR deg, derfor er du lydig. To personar som opererer ut ifrå desse to totalt forskjellige prinsippa sit gjerne rett ved sida av kvarandre til gudsteneste. Dei går begge i kyrkja, gjev pengar og prøver hardt å holde de ti boda og å elske nesten som seg sjølv. Men dei gjer det med to totalt forskjellige motiv…. med to totalt forskjellige innstillingar … med to totalt forskjellige resultat. Grunnen er at eldstebrør lyder Gud for å få ting. Dei bruker Gud som eit middel mot eit mål. Når dei er lydige, fromme og snille mot andre og ofte gjer alle dei rette tinga, så trur de at dei får ei form for makt over Gud gjennom dette. (no skulder du meg Gud!) Og fordi dei trur det, vert dei så fort sjølvrettferdige overfor kven som helst andre som ikkje lever eit godt liv. På den andre sida er dei usikre på seg sjølv fordi dei ikkje kan vere sikre på at dei er gode nok. Det mest skumle med eldstebrorsmentaliteten i ei kyrkje er at han produserer åndeleg sløvhet og etter kvart åndeleg livløyse. Personlig kan eg kjenne meg svært utfordra av dette. Eg ser mitt liv og kjenner igjen så mykje eldstebrors-guffe i det. Eg har kjent på manglande glede over syndarar som vender om og som får ein plass i nådens fellesskap. Eg har kjent på bitterheten og sjalusien når andre har framgang … når andre har sånn ”gjøkalvtider”. Eg har murra mot Gud som ikkje vil gje meg eit lite kje eingong. Eg har kjent sinne over usvara bøner, kjent på nedlatande holdningar til dei som handlar og tenkjer på andre måtar enn eg sjølv. Eg har kjent stoltheten over at eg har fått det til, at eg er betre enn, større enn … Eg kjenner meg igjen i eldstebroren. Gjer du? Med denne historia ønskjer Jesus å vise oss at det ikkje er gjennom våre gode eller dårlege liv vi kjem inn i nådens fellesskap og blir hans born, men ved hans nåde. Nåde er Guds grenselause og ufortente kjærleik som han tar imot oss med. Den er grenselaus fordi det er inga grense du kan nå der hans nåde ikkje kan nå deg. Den er ufortent fordi ingen av oss har eit liv som er kvalifisert for den store himmelfesten, men han inviterer oss likevel. Kvifor? Fordi vi i Jesus har ein sann eldstebror som la ut frå farsheimen og leita oss opp for å bringe oss heim att. Han risikerte ikkje berre livet på denne reisa, men han gav livet – FOR OSS. Så eldstebrør OG yngstebrør kunne verte Guds born. Det er kjernen i evangeliet. Det er den kristne bodskapen. Det er kyrkja sin glade, gode nyhendebeskjed til alle! Har vi ikkje dette, har vi ingenting. Jofrid Aurlien Ny medarbeidar i Gloppen Jofrid Aurlien har teke til som kyrkjelydsarbeidar i Gloppen. Medan ho var elev ved Gå Ut-senteret i Hurdal, fekk ho reise til Nepal og såg misjonsarbeid på nært hald. Ho opplevde korleis folket der ville lære om Gud, og ho fekk sjå kva Jesus kunne gjere i deira liv. No er ho tilbake her heime i Gloppen og skal ”gjere teneste” her dette året. Tekst og foto: Harald Aske J ofrid er 21 år og bur heime i Devika, men ho har i fleire år vore ute i verda der ho har lært og praktisert. Ho gjekk ikkje på Firda, men tok vidaregåande på Tomb i Østfold. På Tomb har dei gartnarlinje, hestelinje, mekanikarlinje og bygg- og anlegg. Naturbruk med friluftsliv var Jofrid sitt val første året på Tomb. Så vart det landbruk og gartneri andre året og naturforvaltning det tredje året. Dette gav full studiekompetanse. Etter dette gjekk turen til Hurdal, til Misjonsskolen Gå Ut Senteret med sterk misjonsfokus. Der vart ho i to år. Eg har høyrt at dei er veldig flinke der. Stemmer det? - Ja, veldig flinke! Vil du nemne noko du sette spesielt pris på frå Gå Ut Senteret i Hurdal? - Dei to åra var heilt uvurderlege i livet mitt, for trua mi. Viktig for å forstå kva den kristne trua handlar om og utrustning til teneste. Var det mest trening i evangelisering, eller la dei mest vekt på praktisk arbeid? Det var stort fokus på begge deler. Dei gjekk hand i hand. Vi hadde også fem månader praksis i Nepal. Det andre året var vi i eit anna land i seks veker der vi samarbeidde med kyrkjelydane om gateevangelisering. Men er det lov å forkynne i Nepal? - Dei har opna opp meir og meir. Dei som reiser dit, har eit eller anna yrke, men dei jobbar også for misjonen 100%. Det er ikkje noko tull. Det eine er ikkje skalkeskjul for det andre. Nepal har vore veldig stengt. Ingen får vere der på misjonærvisa, men det er grei aksept for å snakke om tru. Vi jobba på eit senter for vanskelegstilte kvinner der vi hadde aktivitetar, andakt og ein bibeltime for dei kvar morgon. Vi opplevde kor stort ønskje desse jentene hadde om å få høyre om Jesus. Då eg kom dit, hadde eg ikkje lyst å prakke trua mi på nokon, men eg vart overraska over kor interesserte dei var i å få høyre om Jesus og kven han er. Det var dei som var den drivande krafta i å få høyre. Du opplevde dette som ei god oppleving? Ja, det var ei god oppleving at dei var så søkande. Og endå sterkare oppleving var det å legge merke til korleis Gud forandra livet deira. Få oppleve korleis eg som den skeptiske vesle jenta fekk vere eit instrument ved å fortelje for desse jentene, som ikkje kunne lese, og korleis dei tok imot og korleis Jesus forandra liva deira totalt. Kva språk las du på? - Eg las på engelsk, og så var der ei som oversette til nepali. Vi var fleire om oppgåva. Det var stort å sjå korleis Gud jobba uavhengig av min innsats, på ein måte. Stor ahaoppleving for meg å skjønne at trua ikkje er noko vi har funne på, eller at det er bra å vere kristen, men at Gud finst og Gud jobbar og gjer ting. Dette må vere fint å ta med deg når du no skal jobbe her heime? - Eg kjem til å trenge Gud minst like mykje her som der ute når eg skal vere ungdomsarbeidar. Men du har opplevd noko mange andre ikkje har opplevt. Det må vere ein styrke? - Ja det har eg, men eg trur vi kan oppleve dette her også. Desse fem månadane i Nepal var ein del av 1. året. Det vart ei heilt anna oppleving i det andre landet (vil ikkje seie kvar det var). Der reiste vi rundt og besøkte forskjellege kyrkjer, og vi vart ikkje så kjende med folk. Vi besøkte kyrkjer som ønskte å gjere noko, og vi delte ut traktatar og song på gata – noko eg aldri ville trudd eg skulle kunne gjere. Dei lokale kyrkjelydane styrte dette arbeidet. Konfrontasjonar opplevde vi også. Islam er ein viktig del av kulturen og nasjonalkjensla i det landet. Dei som konverterte til kristendommen, vart sett på som landssvikarar. Vi møtte sterke historier om korleis dei vart stengde ute frå samfunnet og familien. Då kunne det vere vanskeleg å klare seg, men vi fekk høyre sterke historier om korleis Gud greip inn og hjelpte folk med det dei trong. Dei var levande kristne. Eg lurer ofte på kvifor vi ikkje er meir frampå i Norge. Korleis har det seg at du kom hit? Fekk du spørsmål frå nokon her eller melde du deg til teneste? - Eg lurte på kva eg skulle gjere og tenkte på om eg skulle ta eit år heime i Gloppen og bidra med noko i det kyrkjelege arbeidet her. Så snakka eg med forskjellege personar, og det enda med at eg sende eit brev til kyrkjeverjen som svara at her var det mange ting som eg kunne gjere: Konfirmantarbeid og mykje forskjelleg. Tilbodet kom så herifrå om å bli tilsett i ei 75% lønna prosjektstilling. Er det opp til deg sjølv kvar du skal setje inn kreftene eller er det styrt av kyrkjeverjen? - Begge deler. Kurt har kome med ønskje som t.d. konfirmantarbeid og babysong. Så det er eigentleg mykje opp til meg sjølv. Ungdomsarbeid vil stå sentralt. Eg skal ha kontordag i Sandane kyrkje kvar onsdag og før Ope Hus på måndagskveldane. Trusopplæringsting: 4-årsbokutdeling og Lys vaken ligg i planane, og på fritida skal eg hjelpe til med Soul Children. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 23 Eg heiter Aud Kari Solheim, fødd Skaflestad og kjem frå Naustdal. Eg er gift med Nils og bur i Eimhjella. Vi har 2 døtre og er stolte besteforeldre til ein gut og 3 jenter. I Eimhjella har vi gardsbruk og i tillegg har eg vore dagleg leiar på Nesholmen i mange år. Forsongargruppa i aksjon: Solveig Endal Husevåg, Håvard Endal Husevåg, Elise Devik og Ingrid Storhaug. 25 24 Leiarane fortalde om det som skulle skje denne kvelden. Frå v. Marius Økland, Inge Starheim Ytrehus, Jofrid Aurlien, Britt Randi Heggheim og Tore Myklebust. Salme gav indre ro under alvorleg sjukdom Get together - ei samling for ungdom i Sandane kyrkje Føremålet med ”Get together” var å invitere ungdomar til ei samling der ein fekk presentere ulike arbeidsgreiner i kyrkjelydane, få oppleve fellesskapen med kvarandre, og å gje dei unge åndeleg ballast på vegen. Tekst og foto: Harald Aske Håvard Endal Husevåg spelte og song Skal det vere fest, er der alltid nokon som må stå for det praktiske arbeidet. Desse fire tok ein skikkeleg jobb på kjøkenet. Greta Veien Sårheim, Jorunn Mardal Kårstad, Ruth Reed og Anna Karin W. Hansen. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Ei brosjyre med ”Oversikt over kristeleg ungdomsarbeid i Gloppen” låg på stolane i Sandane kyrkje då ein kom inn. Informasjon! Og etter velkomstord ved Inge og Marius, var det nettopp informasjon som vart gjeven. Her fekk ein vite om KRIK, Acta, om leirar på Nesholmen og Fjordly, Ope Hus i Sandane kyrkje, Sion og Fellesskapskyrkja, Joy Sing og om Ungdomsåret 2013. Innimellom var der plass til song og spel ved Håvard Endal Husevåg, presentasjon av nyepresten i Breim, Tore Myklebust og presentasjon av den nye ungdomsarbeidaren, Jofrid Aurlien. Det vart og lagt vekt på å vise oppgåver der unge menneske har engasjert seg og fått utretta noko for andre. I den samanheng vart det vist ein film frå ”Ungdomsårets bistandsprosjekt” der glopparen Bjarte Sandal har vore med og teke ansvaret for å samle inn midlar til steinarbeidarar, born som heller skulle få gå på skule. Når ein samlast i godt lag, er det alltid kjekt å kunne gå til bords og nye eit godt måltid mat. Og alt var lagt til rette for det, for langbordet stod klart med alt som skal til for eit herleg tacomåltid. I den tredje avdelinga for kvelden var det lagt opp til flott pianospel av Aurora Eide, lovsongar, andakt og bønevandring. Det var Jofrid som heldt andakten, og ho fortalde frå opphaldet ho hadde i Nepal der ho såg kva Jesus fekk gjere med einskilde menneske. Ho fortalde om at mange unge jenter vart selde som sexslavar og hadde eit tungt og vanskeleg liv, men Sari, ei av desse ungjentene, fekk møte Jesus og vart etter kvart ei glad jente. ”Her var Jesus på jobb”, sa Jofrid. Ho avrunda med å vise til 1. Tess 5,23-24 ”Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! Trufast er han som kalla dykk til dette.Han skal og fullføra det.” Saman med foldaren låg der ein liten lapp der ungdomane kunne skrive seg på om dei ville vere med i bøne-. eller samtalegruppe. Før kvelden var omme, kom Marius og fortalde at fleire hadde meldt seg og ville ha ei bibelgruppe på bedehuset. Meisteren var nok på jobb denne kvelden óg. Eg er eldst av 5 sysken og voks opp i ein god og trygg heim med foreldre og besteforeldre. Mor var glad i song og musikk og spelte gitar. Som vanleg i den tida, låg vi borna på same rom. Mor eller far var alltid med oss og las kveldsbøna. Med folda hender las vi Fadervår og song : Kom Jesus inn og ver meg nær når det til kvelden stundar. Bestemor sin kjæraste song var: Han tek ikkje glansen av livet den Frelsar som kallar på deg. Denne vart ofte sungen i stova vår. Ho forklarte kva orda i songen betydde, og vi såg føre oss kor Jesus puffa oss opp dei bratte bakkane og støtta oss på den smale vegen så vi ikkje skulle dette ned i dalen som låg i skugge. Og til slutt drog han båten i land på den andre sida av fjorden. Ho var flink å fortelje så vi såg føre oss mange hindringar på vegen, men fylgde vi Jesus kom vi trygt i land. Eg er elles glad i lovsongane våre. Store Gud, vi lovar deg, og O store Gud når jeg i undring aner. Etter mi meining vert det sunge altfor lite lovsongar. Vi har så mykje å vere takknemlege for. Når eg no skal plukke ut ein salme som betyr noko ekstra for meg må det verte: Det er makt i de foldede hender. Denne songen har vorte meg meir kjær i godt vaksen alder. Å få folde hendene og be Herrens bøn kvar kveld - be for born og borneborn - be for sysken og dei du har kjær - be for dei som du veit har det tungt. I ei vanskelig tid med sjukdom, å få høyre at ein vert bedd for. Eg er ikkje i tvil: det er makt i dei folda hender. Eg har sjølv følt at dei har gjeve meg styrke og indre ro då eg vart ramma av ein alvorleg sjukdom. Dei har gjeve meg styrke til å be: skje din vilje Gud. Og er det ikkje din vilje at eg skal verte frisk så gje meg styrke til å bere det som kjem. Eg vart frisk, og det er grunn for å folde hendene å takke. Vi menneska har vel lettare for å folde hendene for å be om noko enn å folde dei for å takke. Men med alderen har eg vorte flinkare til å sjå alt eg har å takke for. Barnetrua har fylgt meg heile livet. Det same har dei folda hendene. Salmer 97 nr. 47 Det er makt i de foldede hender Det er makt i de foldede hender. I seg selv er de svake og små. Men mot allmaktens Gud du dem vender, han har lovet at svar skal du få. Det er svar underveis, engler kommer med bud. Om det drøyer, det fram dog skal nå. For det lovet jo løftenes trofaste Gud: Kall på meg og du hjelpen skal få! Du som ber for ditt barn, dine kjære, er i forbønn fra år og til år, om du tålmodets lekse må lære, himlens bønnesvar engang du får. Det er makt i de foldede hender når i Frelserens navn du får be. Og engang når du livsløpet ender, hvert et bønnesvar klart du skal se. Eg gjev stafettpinnen vidare til Oddvar Bjørlo. Gravminne Dette gravminnet står på Steinsskogen gravplass i Asker. Det er ikkje gammalt. For eit par-tre generasjonar sidan var det meir vanleg med små skulpturar på gravminna. Det kan vi sjå å fleire av gravplassane i Gloppen, og. Er dette på veg tilbake? Gravstadkonsulent Helge Klingberg har reist over heile landet og sett gravplassar og gravminne i jobben sin ein mannsalder. No har han skrive bok, der han deler kunnskap og synspunkt med lesarane. Boka heiter ”Gravminner gjennom tusen år” og kostar kr. 300,pluss frakt og ekspedisjonskostnader. Helge Klingberg er utdanna gartnar og hagearkitekt, og har vore rådgjevar for kyrkjegardane i Norge. Han har såleis og vore på besøk i Gloppen fleire gonger, og nokre av oss kjenner han. Det er grunn til å tru at boka kan vere av interesse for nokon av oss. Dersom nokon av lesarane vil anmelde boka i Kyrkjeblad for Gloppen, vil vi gje plass til det. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Dåpsborn med fadrar 26 22 ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL M.N.A. Boks 138, 6821 Sandane Tlf. 57 88 44 00 www.gloppenadvokat.no [email protected] Vereide 11.08.2013 KAROLINE REK NEDREBØ Silje Rek Olsen Lisa Mari Tønnesen Målfrid Nedrebø Johannes Nedrebø Breim 04.08.2013 ELLA JOHANNE LØVLAND SUND Elise Amalie Løvland Tor Inge Løvland Sissel Therese Ness Torbjørn Hoddevik 11.sep.13 ANDRINE FJELLESTAD EIKREM Sigrid Fjellestad Elling Fjellestad Bodil Hjelmeseth Leif Bertil Eikrem Kurt Slagnes 01.sep.13 MIKKEL KLEPPE PAULEN Kjell Paulen Birgitte Paulen Rasmus Kleppe Remi Anthony Williams Bjørg Njøsen HYEN ERIKA CAPPELEN ENDRESEN Per Christen Conradi Andersen Birgitte Heide Øyvind Lothe TELEFON 97 03 92 28 JOHANNES NERHUS EIDE Sigurd Daniel Nerhus Denise Ruther Siv Hege Reme Hogne Reme NORA UNNACHAT EVEBØ Njaal Ove Kjørvik Geir Magne Evebø Sol Hege Evebø KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER FRÅ INNERST TIL YTTERST FOR HAN OG HENNE Økonor Gloppen Telefon: 57 86 86 00 · E-post: [email protected] Bolset Glass AS Elkjøp Gloppen AS Rekneskaps kontoret Gloppen AS Vereide Blomster Tannlege Øyvind Seim Coop Vest SA Leif Lothe elektriker Ryssdal Kraft AS Mardal Rør Gloppen Kommune Tystad Blomster Henden Sport AS Nordfjord Havbruk AS Firda Elektro LEDIG Kyrkjeblad Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 6, 2013 HEIDI FURE Else Tømmerstøl Rune Fure Denise Ruther Sigurd Daniel Nerhus Jordfeste Vereide Ingrid Holtan f.03.10.1919 d.05.08.2013 Kjell Ove Lundestad f.28.08.1988 d.15.08.2013 Breim Ingrid Aslaug Fløtre f.26.03.1919 d.07.08.2013 Hyen Målfrid Gjengedal f.15.06.1918 d.13.08.2013 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 6, 2013 Les i bladet om den nye prestefamilien i Breim. Tore, Aud Marit og Lea Kristin. Aud Marit er kunstnar, og nederst på sida ser vi eit av hennar Kunsverk på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde Foto utlånt av Aud Marit Skarrebo Holmen Det var ein varm og solrik dag då breimningane tok imot nyepresten, og kyrkjelyden kosa seg med kaffi i godveret. Foto Jostein Flølo
© Copyright 2024