nr. 5 - August 2013 - Årgang 43 KYRKJEBLAD FOR GLOPPEN Bellamy Brothers. Foto: Jostein Flølo Les om: Konfirmantar frå Gudbrandsdalen Gudstenester i friluft Pensjonistar på tur Innhaldsrik friluftshelg i Hyen www.gloppen.kyrkja.no Foto: Gunn Hole Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 1 Vi møtest i kyrkja 2 Breim kyrkje er ferdigmåla Kyrkja i Gloppen VEREIDE SOKN Leiar i soknerådet: Elin Villung, tlf 57 86 64 84 [email protected] Kyrkjetenar: Benny Aasen, tlf 950 22 917 BREIM SOKN Leiar i soknerådet: Aksel Rygg, tlf. 57 86 75 62 / 412 20 458 [email protected] Kyrkjetenar: Ingvild Reed. tlf 412 40 309 GIMMESTAD SOKN Leiar i soknerådet: Aase Ryssdal Sæther, tlf 57 86 50 51 / 911 07 329. [email protected] Kyrkjetenar: Benny Asen, tlf 950 22 917. HYEN SOKN Leiar i soknerådet: Liv Øygard Solheim, tlf. 57 86 96 59 / 958 61820. [email protected] Kyrkjetenar: Ola Jan Birkeland, tlf. 57 86 98 32 / 975 91 747 Sokneprest i Vereide og Hyen Olaf Sigurd Gundersen, Tlf. 57 86 93 85 / 951 36 059 Tlf. 57 86 96 93. [email protected] Kyrkjeverje: Kurt Djupvik Kontor i Sandane kyrkje Tlf. kontor: 57 86 56 16. Mobil: 902 06 828. Fax 57 86 56 47. [email protected] 18. august 13. s i treeining Joh 15,13-17 11.00 19. august måndag 12.00 Hyen Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen Skulestart 25. august Vingardssøndag Matt 19,27-30 11.00 Breim Gudsteneste. Innsetjing av Tore Myklebust til sokneprest Offer til Kyrkjelydsarbeidet Kyrkjekaffi 18.00 Gimmestad Gudsteneste. Innsetjing av Tore Myklebust til sokneprest Kyrkjekaffi 11.00 Vereide Gudsteneste. v/Olaf Sig Gundersen Konfirmantpresentasjon Offer til Kyrkjelydsarbeidet 01. september 15. s i treeining Joh 15,9-12 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust Konfirmantpresentasjon Offer til Kyrkjelydsarbeidet 15.00 Vereide Konsert. Gloppen musikkfest 04. september Onsdag 19.00 Sandane "Get together"- samling for ungdom Tore Myklebust Britt Randi Heggheim 08. september 16. s i treeining 11.00 Gimmestad Gudsteneste v/Tore Myklebust Konfirmantpresentasjon Offer til Kyrkjelydsarbeidet 11.00 Hyen Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen Konfirmantpresentasjon Offer til Menighetsfakultetet Hausttakkefest 15. september 17. s i treeining 22. september 18. s i treeining 18.00 Sandane Gudsteneste v/Tore Myklebust Kyrkjekaffi m/velkomst 11.00 Vereide Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen Utdeling av 4-årsbok Offer til Søndagsskulen i Sogn og Fjordane 16.00 Hyen Familiegudsteneste v/Tore Myklebust Utdeling av 4-årsbok Offer til Redd barna Kyrkjekaffi Høgt heng dei, og dyktige er dei, målarane ved Breim kyrkje. Rullestolrampe Breim kyrkje har fått løyve til å bygge rullestolrampe . Riksantikvaren og Gloppen kommune har gjeve grønt lys for endringar ved inngongspartiet ved Breim kyrkje. No vert arbeidet sett i gong. Økonomien igjen! Denne gongen har vi ikkje oversikt! Vi kunne ha fortalt kor mykje vi har i banken og kor mykje meir vi vil ha bruk for dersom vi skal gje ut tre blad til før jul, slik planen er. Men vi vil ikkje mase, berre nemne at dersom du er mellom dei som hadde tenkt å betale for bladet, men ikkje har fått gjort det enno, så er det fint om du gjer det no. Du finn kontonummeret nede på denne sida, men det er 3705 04 71307, om du lurer på det Gimmestad Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen Utdeling av 4-årsbok Offer til Kyrkjelydsarbeidet Gimmestad kantori 11.00 Breim Gudsteneste v/Tore Myklebust Utdeling av 4-årsbok Offer til Kyrkjelydsarbeidet 25. september Onsdag 20.00 Sandane Opa kyrkje Utgjeve av sokneråda i Vereide, Breim, Gimmestad og Hyen. Kjem ut minst 7 gongar i året på Sandane. Betaling etter ønske. 28. september Laurdag 18.00 Gimmestad Musikkandakt v/Anders Rinde Konfirmantjubileum 29. september 19. s i treeining 11.00 Vereide Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen Konfirmantjubileum Offer til Kyrkjelydsarbeidet 16.00 Hyen Gudsteneste v/Tore Myklebust Konfirmantane deltek 16.00 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 Målarfirmaet Gunnarsson er no ferdige med målararbeidet ved Breim kyrkje. Ein regntung sommar har ført til at målarane har måtta vente med å fullføre arbeidet ved Breim kyrkje. I slutten av juli fekk vi nokre turre og gode dagar. I skrivande stund er målararbeidet så å seie ferdig. Vi takkar Gunnarsson for vel utført arbeid. 11.00 Gravar/ kyrkjegardsarbeidar: Ivar Hjelle, tlf. 57 86 58 59 / 970 76 668 Kyrkjekontoret i Sandane kyrkje: Tlf. 57 86 56 16 Opningstid: Tysdag - onsdag - torsdag Alle dagar kl. 10.00–14.00 Elles etter nærare avtale Gudsteneste v/Olaf Sig Gundersen Offer til Kyrkjelydsarbeidet Hans Inge Fagervik deltek 11.00 Diakonimedarbeidar i Gloppen: Britt Randi Heggheim Kontor i Sandane kyrkje tlf: 90847592. [email protected] Kantor: Anders Rinde, tlf. 57 86 71 44 / 997 20 238 [email protected] Vereide kyrkje, tlf. 57 86 93 06 Heradsplassen Sandane Søndagssamling. Servering av varm mat kl. 16, samling i kyrkja kl 17.00 Heinz Aemmer er død Kyrkjeblad for Gloppen Og dersom du er annonsør og veit at du ikkje har fått noko krav i år, så kan du belage deg på å vere positiv når vi ber deg bli med vidare. Takk for tilskot! Stiftinga Kyrkjelydsarbeid i Gloppen (tidlegare kalla Arbeidskyrkja i Mona) har løyvt eit tilskot på kr. 40 000,- til Kyrkjebladet. Det takkar vi for. Vedtaket er gjort med atterhald om godkjenning frå Stiftingstilsynet. Flytting av prestekontor Kontoret til soknepresten i Vereide og Hyen er no midlertidig flytta til Søråsen 52, 6823 Sandane. Telefonnummera er dei same som før:57 86 93 85 eller 95 13 60 59. Vi kjende han eigentleg ikkje. Likevel var han viktig for Kyrkjeblad for Gloppen i ei omstillingstid. For om lag eitt år sidan starta vi opp med ny design og ny giv i Kyrkjebladet. Ein sveitsisk nordmann hadde vist kva han gjorde med kyrkjebladet i Måløy, og han gav oss ein god pris på å lage form på vårt blad. Så var vi i gang, og han endra utsjånden på bladet og la saman med oss i redaksjonen planer for framtida. Alt føregjekk på epost og Dropbox, og ein hende gong telefon. Og sjølv om hans norsk var prega av tysk språk, kom vi alltid raskt og behageleg til felles forståing. Han var gift med Sølvi Hopland som gjennom mange år er kjend i Nordfjord og i heile landet for Ulvesund fyr, for arbeidet i Normisjon og for sine gode songar om tru og liv. Og difor kjende vi Heinz litt, likevel, sidan han blei mannen til ei vi var glade i. Først fekk vi beskjed om forverring i sjukdomen frå Sølvi, og seinare såg vi annonse i avisa om at han var død heime i Interlaken i Sveits. Vi takkar for det han fekk bety for Kyrkjebladet. Vi har funne ein annan veg vidare. Men for familien er det sjølvsagt ein katastrofe. At kreftsjukdom nok ein gong kom og raserte ei framtid og ein familie med to små born, er berre sørgjeleg og ufatteleg og til å protestere mot. Måtte dei næraste få den krafta dei treng til kvar dag! Oddvar Almenning Redaktør Oddvar Almenning Tlf. 57 86 94 24 / 400 04 377 Epost: [email protected] Jostein Flølo, Breim sokn Tlf. 57 86 81 72 / 909 46 703 / 941 92 515 Epost: [email protected] Grafisk design: Snøggbakken Trykk: Druka, Klaipeda Redaksjonsnemnd: Olaf Sigurd Gundersen, sokneprest Tlf. 57 86 93 85 / 951 36 059 Epost: [email protected] Aslaug Heimset Larsen, Hyen sokn Tlf. 57 86 98 67 / 995 24 502 Epost: [email protected] Kasserar: Inger Almenning, [email protected] Bankgiro 3705 04 71307 Anders Rinde, administrasjonen Tlf. 57 86 93 06 / 997 20 238 Epost: [email protected] Distribusjonsansvarleg: Oddbjørn Almenning Tlf. 94 27 89 52 Harald Aske, Vereide sokn Tlf. 57 86 57 30 / 970 24 915 Epost: [email protected] Aase Ryssdal Sæther, korrekturlesar Tlf. 57 86 50 51 / 911 07 329 Epost: [email protected] Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 3 Stemmerett for kvinner Var kyrkja bremse eller pådrivar? Harald Aske Illustrasjon: Shutterstock V Bestemor er viktig! I heile oppveksten var bestemor ein fast gjest på gebursdagen min. Presangen var den same, eit par strikka sokkar med ein pengeseddel i den eine og ein sjokolade i den andre. Eg trur presangen var lik til alle dei 31 barnebarna hennar. Ikkje rart at ho alltid hadde strikkepinnar i hendene når ho sette seg ned. Bestemor var den som alltid var der. Ho hadde tid til ein prat, ho kunne kunsten å lytte og sjå den enkelte. Ho var glad når vi kom på vitjing, og av at til trur eg ho var glad når vi drog, for vi var som oftast mange på ein gong. Bestemor mi var ei slik som hadde beina godt planta på jorda, men som også var himmelvendt. ”Kvardagskristen” kallar Matias Orheim slike (NS 751)…. ei som hadde samklang mellom liv og læra, som kunne skape himmelsong på jord. Bestemødre av i dag er vel kanskje meir opptatt av å gå til Varden med barneborna, eller å stå på sidelinja når dei er i sving på fotballbana. Dagens bestemødre er også gode å ha når travle foreldre havnar i tidsklemma mellom mange gjeremål. Etter 20 års teneste i familievernet har eg sett mange bestemødre som har gjort ein viktig innsats for at kvardagen skulle gå i hop. I Bibelen er det ikkje mange bestemødre som er direkte omtala, men i eit av Paulus sine brev finn vi mormor til Timoteus . ”Eg tek på nytt fram den ærlege trua di, den som først budde i Lois, mormor di, og sidan i Eunike mor di. Eg er viss på at ho også bur i deg.” 2.Tim.1.5 Paulus kjende to viktige personar i Timoteus sitt liv. Han såg at Timoteus hadde gode førebilete for si tru. Trua som gjorde han til eit leiaremne for kyrkjelydane hadde gradvis vakse fram hos han i nærvær av mormor og mor. Mormor til Timoteus var ein kvardagskristen som var oppteken av dottersonen sin, ikkje berre på gebursdagane, men også på alle dei andre kvardagane i livet hans. Timoteus trudde som mormor Lois at Gud var komen heilt nær i Jesus Kristus. Lois var oppteken av å lytte til Paulus som på ein folkeleg og beintfram måte fortalde om sine opplevingar som ein Kristus-etterfølgjar. Paulus hadde også lytta og sett den levande trua hos nokre av dei 12 første apostlane. Frå mormor Lois og fram til i dag har kristentrua vorte boren av mange bestemødre. Dei har vore med i den lange stafetten som to Mariaer starta den første påskedagen. Dei sprang frå Jesus si tomme grav, og stafetten skal halde fram heilt til den siste dag. Vi er alle inviterte til å vere med i denne stafetten, også bestefedrene, som og er viktige, men denne gongen er bestemødrene i fokus. Olav Eikenæs Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 i er inne i eit jubileumsår for kvinneleg stemmeret. 11. juni 2013 var det 100 år sidan norske kvinner fekk stemmerett på lik linje med menn. Det var arrangement og utstillingar over heile landet. Det vart peika på historiske profilar som Camilla Collett, Gina Krog , Fredrikke Marie Qvam og Fernanda Nissen. I bladet Utdanning kunne ein sjå eit bilete av norske kvinner som demonstrerte for kvinneleg stemmerett for amerikanske kvinner under parolen: Kvinner i Norge stemmer. Er kvinner i New York mindre verdt?(1913). Vi var den fjerde nasjonen i verda som fekk ei slik lovgjeving og er historisk sett veldig tidleg ute. Når dette temaet er aktuelt i kyrkjebladet, er det fordi det er funne interessante opplysningar om kvinner og stemmerett i kristne organisasjonar. Det er nok rett at kyrkja slett ikkje alltid har vore pådrivar for likestilling, men tankane går også til kvinner som var svært så viktige i si samtid både i Det Gamle og Det Nye Testamentet. NMS (Det Norske Misjonsselskap) vart skipa i 1842. NMS var den første demokratisk organiserte rørsle i Norge og vart modell for dei politiske partia som vart skipa ei god stund seinare. Her fekk kvinner stemmerett før generalforsamlinga i 1904. Dette skjedde etter at leiinga i selskapet såg at kvinner stod for ¾ av inntektene til NMS, og dei såg det som naturleg at dei også fekk vere med og bestemme - ni år før nasjonen innførte stemmerett for kvinner. I tillegg til dei kvinnene som er nemnde ovanfor, kan vi ta med eit namn som hadde mykje å seie for NMS og kvinnerørsla: Bolette Gjør. Ho var redaktør for det første og største misjonsbladet på slutten av 1800-talet og var den uformelle leiaren av den største rørsla av misjonskvinner som støtta NMS. Bladet ho redigerte hadde eit opplag på 10.000. Det kom ut frå 1884, tre år før Kvinnesaksforeningens blad Nylænde med Gina Krog som redaktør. Ved århundreskiftet hadde Nylænde eit opplag på 400. Vidare kan vi nemne at Norsk Søndagsskoleforbund, som vart skipa i 1889, var pionerar med vedtaket sitt om kjønnskvotering og stemmerett for begge kjønn heilt frå starten. Norges Kristelige Ungdomsforbund, KFUK/ KFUM, var også i fremste rekkje i saka om kvinneleg stemmerett og rett til å kunne veljast. I Misjonsforbundet – eitt av landet sine eldste frikyrkjesamfunn - har kvinner og menn vore likestilte og hatt stemmerett heilt frå starten i 1884. Den Norske Sjømannsmisjon gav kvinnene stemmerett i 1895, og i Indremisjonsselskapet fekk kvinnene stemmerett i 1911. At kvinnene fekk stemmerett i desse organisasjonane kan ha hatt ein viss innverknad på at kvinneandelen i sokneråd har vore langt større enn i kommunestyra. Vårt Land skreiv i ein artikkel 20. juni om MF-lærar Kristin Norseth som for ei tid sidan peika på at særleg fråhaldsrørsla og lekmannsrørsla har hatt ein langt større innverknad med tanke på kvinner og stemmerett enn det som er kome fram i den offentlege debatten. Kristin Norseth har doktorgrad om kvinnene i dei kristne organisasjonane og prosessen fram mot formelle rettar 1889 – 1912. Det er ikkje alle kvinnene i verda som har dei same rettane og moglegheitene som kvinner i Norge. Det veit vi så altfor vel. Somme prøvar å gjere noko med det óg. NMS har eit prosjekt gåande i Etiopia: Gi dem en stemme. Måtte dei lukkast ! Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 7 6 Kyrkjebladet rettar Feil bilde med feil årstal, men rett mann! Ein av våre vakne lesarar, Elin Grytting, har gjort oss merksame på feil i det vi skreiv om diktarpresten Claus Frimann i nummer 4: Sopransolist Mathias Winther måtte stå på ein stol for å kome godt over gallerikanten. Konsert med St. Hallvard-guttene Salomos høysangere, Ugler i Moseboken og Drops Tekst og foto: Anders Rinde Drops. Mannskvartett frå Selje. Jon Inge Sigerland ved klaveret. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2013 St. Hallvard-guttene er eit gutekor med base i den katolske St. Hallvard kyrkja i Oslo. Korets første dirigent, Øystein Vogt, grunnla koret i 1962. På den tid var det tilsaman tre gutekor i Oslo, med Sølvguttene som det mest vidgjetne. Utanfor Oslo var det ikkje mange. Det fanst gutekor knytte til domkyrkjene i Stavanger, Trondheim og Tromsø. I dag er det langt fleire, også kor etter engelsk mønster, dvs at gutane syng berre sopranstemma, og vaksne menn syng altstemma i falsett. Men gutekora i Norge har stort sett følgt den kontinentale tradisjonen der gutar syng både sopran og alt. For tredje året på rad var St. Hallvard-guttene engasjerte til Seljumannamessa på Selja, første søndag i juli. I det høvet hadde dei fått i stand ein turné rundt om i Nordfjord, slik dei også hadde i fjor. I år var turen komen til Vereide kyrkje, tysdag 2. juli. Koret song Gabriel Faurês Requiem frå galleriet, til orgelakkompagnement av Jon Inge Sigerland, organist i Selje. Dirigenten hadde valt helst friske tempi til mange av satsane. Men koret let både fyldig og vakkert. Dyktige solistar hadde dei óg. Deretter følgde Dulcis Christe av Michelangelo Grancini, før koret vandra ned og fram til koropningen. Der song dei to songar; den siste, Sta. Sunnivahymne, saman med kyrkjelyden. Salomos høysangere og Ugler i moseboken har delvis utspring frå St. Hallvardguttene og deltek ofte saman med dei. Salomos høysangere er ein mannskvartett som syng musikk inspirert av amerikansk sørstatsgospel. Mykje av musikken er kjende salmar og Spirituals, arrangert av medlemane sjølve. Med seg har dei bandet Ugler i moseboken, med kapellmeister Øysten Skullerud i spissen. Denne kvelden presenterte dei både spirituals; Rock my soul, I’m gonna lay down og Deep river, og kjende salmar som Klippe, du som brast for meg, og den for mange kanskje litt ukjende engelske salmen Jerusalem. Drops er ein mannskvartett frå Selje. Dei song ei avdeling Gaither-insprirert musikk og sørstatsgospel, det meste til klaverakkompagnement av Jon Inge Sigerland, som er deira faste pianist på konsertar. Konserten avslutta med at Drops, Salomos høysangere og Ugler i moseboken framførte to songar saman, til stor jubel frå kyrkjelyden. Dirigent Hans Martin Molvik introduserer allsongen Sta. Sunniva-hymna. De har eit bilete og årstal på side 18 i siste bladet som ikkje gjeld diktarpresten Claus Frimann. Biletet er eit foto av eit måleri i Selje kyrkje, men det er farfar til diktarpresten, og dei hadde same namn: Claus Frimann d.e. levde 1667-1715, han var res.kap. i Eid med bustad i Davik, sokneprest i Selje frå 1709. Årstalet tilhøyrer bror til diktarpresten, Peder Harboe Frimann, som og var diktar ein periode, men han levde mesteparten av livet i utlandet m.a. som diplomat. Han bar same namn som faren deira. Når det gjeld opplysningar om mennene i Frimann-familien må ein ha tunga beint i munnen, her er så mange med same namn men i forskjellige generasjonar. Diktarpresten Claus Frimann levde 1746 – 1829, fødd i Selje – død i Davik. Einaste kjende avbildinga er ein silhuett laga av Hans Leganger Reusch (1800-1854) som eg legg ved her, originalen er i Bergens Billedgalleri. Dei var 7 brødre (3 av dei døydde som små), Claus var eldst og måtte hjelpe til heime då faren deira (Peder Harboe Frimann gift med Sara Cold) døydde berre 46 år gamal i 1759. Vi har bilete/måleri av både farfaren, faren og sonen til diktarpresten. Det skal ha vore eit måleri av han på Frimannslund i Davik, men det forsvann truleg i auksjonen kring 1850. Mangt er å lese i Kaare Støylen si doktoravhandling som kom ut som bok: «Claus Frimann. Almuens sanger 1746-1829». Eides forlag 1955. Og elles skjønar eg at eg må få mi bok om Frimann ferdig snart….. Redaksjonen takkar for reaksjonen, og gler seg til boka om Frimann blir ferdig. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 8 Frå Soknerådet si postkasse Eldregudsteneste i Breim 9.juni Tekst: Anni Felde Har du høyrt om Ungdomsmånaden? Det har vi - vi har fått til og med fått brev om han, frå Bjørgvin bispedømeråd. Dei minner oss på noko som mest er litt ubehageleg å ta inn over seg: Gjer vi i kyrkja nok for ungdommane? Syter vi for at dei får oppleve at dei har ein plass hos oss, og opplever dei at vi høyrer på dei og tek omsyn til deira behov og ynskje? Det er så lett å tenkje at kyrkje og diakoniarbeid – det er noko for dei gamle. Og det er sytalaust å arbeide for dei, fordi dei er så takksame for så lite; berre dei får bilskyss, kaffi og litt platekaker er det berre skryt og takk å høyre. Då er det kanskje verre med ungdommen? Vi har høyrt så mykje rart om dei, dei er visst både kravstore og utakknemlege no for tida – ikkje gjer dei som dei får beskjed om, og vi høyrer dei fører eit språk som ikkje hadde blitt akseptert i vårt oppøle. Kanskje er det fredelegast for alle om vi let dei fare sine eigne vegar; vi har no konfirmert dei, og kan sikkert ta dei att seinare når dei blir eldre og får litt meir vit? Bispedømerådet tykkjer ikkje det er nokon god tanke, og det gjer ikkje vi heller når vi får tenkt oss om. Det blir ofte sagt: Kyrkja er for alle, men det er ikkje heilt rett – vi skal heller seie Kyrkja ER alle! Kyrkja ER alle dei døypte, og vi er alle ansvarlege for at også ungdommane våre får det dei treng av næring for å vekse og bere frukt i Guds hage. Ungdom i Bjørgvin fortener å oppleva at kyrkja deira vil dei noko, skriv Bispedømerådet, og dette er det dei vil at vi skal bruke Ungdomsmånaden, november 2013, til. Dei vil at vi skal gje ungdommane høve til å finne plassen sin i kyrkja, og dei vil at vi skal forme kyrkja og kyrkjelivet vårt slik at det verkeleg ER ein plass for dei og. Dei er ikkje kyrkja si framtid – dei ER kyrkja i dag! Vi tek utfordringa! Med helsing Aase R Sæther soknerådsleiar i Gimmestad Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2013 John Oddvar Kandal deltok med fela si i samspel med organist Anders. Fullsett kyrkje Det var god stemning mellom dei frammøtte som fekk ettermiddagskaffien sin i kyrkja denne søndagen. Gudsteneste for eldre i Sandane kyrkje 16. Juni Preike til tru, kultur til trivsel, kaffimat og fellesskap for sjela. Elin Grytting innleia kyrkjekaffien med ei vise og eit bordvers. Tekst: Ola Devik D et var ein ordentleg godverssøndag. Dei eldre rundt Gloppefjorden hadde fått spesiell invitasjon til denne ettermiddagsgudstenesta. Diakoninemnda stod for det praktiske og dei hadde fått med seg Helselaget, Bygdekvinnelaget og Lions som gode medhjelparar. Dei som ønskte det fekk hjelp med bilskyss eller med å køyre rullestolen frå Gloppen Omsorgssenter til kyrkja. Det var fullsett kyrkje då Britt Randi kunne ønskje velkomen til gudsteneste. Fleire av dei eldre deltok med skriftlesing og med bønene. Olaf Sigurd Gundersen heldt preika og minna oss om at «Herren er min hyrding - det manglar meg ingenting». John Oddvar Kandal deltok med felespel og Elin Grytting song. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi. Bord var dekka og fleire vart dekka av medhjelparar som kom ilande til og tok ei hand med i det som trongst. Her var det samling rundt borda og mange å slå av ein prat med. Elin Grytting innleia kyrkjekaffien med ei vise og eit bordvers. Olaf Sigurd song viser til forsamlinga og fekk mange med seg på referenget av «Gamle dampen». Kaker av mange slag vart bydd rundt og det var god stemning mellom dei frammøtte som fekk ettermiddagskaffien sin i kyrkja denne søndagen. Dei frivillege kakebakarane hadde sytt for at det var rikeleg til alle. Ei stor takk til diakoninemnda og Britt Randi som hadde gjort mykje førearbeid for å få denne gudstenesta i stand. Og takk til alle frivillege hjelparar som har sagt JA til å gjere ein dugnadsinnsats for kyrkjelyden denne dagen. Ein fin søndag ettermiddag i juni var det igjen klart for gudsteneste i Breims-kyrkja. Soknerådet hadde, i lag med Diakoninemda, Sanitetslaget og Røde Kors omsorg, lagt til rette for ei fin stund i kyrkja; med spesiell tanke på dei eldre i kyrkjelyden. Med god transport og gode hjelparar fann alle sin plass. Kyrkjerommet var fylt av vakker musikk. Berre å sitje i ro og lytte til musikken og la tankane fare var ei god oppleving. Anders Rinde var organist den dagen, og leverte som alltid musikk som var god å høyre på. Jon Oddvar Kandal gav oss gode stemningar med felemusikken sin. Presten, Asbjørn Gjengedal, hadde som alltid reflekterte tankar og gode ord til oss. Det var høgtid over stunda i kyrkja. Det var godt for oss alle berre å vere tilstades i det kjende kyrkjerommet – sjå kjende ansikt, smile og nikke til mange vi sjeldan ser. Med det fine programmet som vi fekk del i, vart det ei veldig god stund å vere med på og minnast seinare. Til avslutning vart det servert kyrkjekaffi og mykje gode kaker. Natronkake, platekake og anna godt vart servert oss i benkane der vi sat. Det vart og tid til å snakke med folk vi sjeldan ser. Det var veldig kjekt. «Detta var kjekt. Ein fin etterniddag! Tusen takk for at de vil ha strevet med å lage til spesielt for oss som ikkje lenger klarer å kome oss av garde sjølve. Detta vil eg leve på lenge”. Slike takkens ord kom frå mange av deltakarane i gudstenesta. Det er kjekt å legge til rette når dei vi ynskjer å glede set pris på det som vert gjort! Eit godt tiltak som må verte ein tradisjon. Kyrkjebladet rettar I nr 4 av bladet hadde vi gruppebilete av alle konfirmantane våre. Der hadde dessverre namnet på fotografen falle ut på tre av dei. Britt Randi Heggheim orienterer medhjelparane. Olaf Sigurd Gundersen heldt preika og minna oss om at «Herren er min hyrding det manglar meg ingenting». Biletet frå Gimmestad var teke av Foto Almenning. Biletet frå Breim var teke av Otto Eide, og frå Vereide av Harald Aske. Vi beklagar forgløyminga! Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 9 10 11 Eg heiter Solfrid Røyrvik, gift med Odd, bonde i Røyrvika, no pensjonistar, med eldste sonen med familie på garden. Lær meg å kjenne dine veie Friluftsgudsteneste på Nesholmen søndag 28. juli 2013 Tekst: Aslaug Heimset Larsen Utekyrkja på Holmen hadde god plass, men jammen benka meir enn to hundre unge og eldre seg på stolar og svaberg! Narve Eimhjellen fekk kyrkjeklokka oppe i treet til å klinge godt utover fjord og fjell. Presten, Olaf Sigurd Gundersen, strålte om kapp med sola, og gledde seg stort over alt som var så godt tilrettelagt av Hyen sokneråd og Nesholmen, men også høgare makter. Kyrkjelyden sette stor pris på ei fin blanding av alvor og skjemt både i preika og munkesongen. Foto: Ole Matias Aa S almar og songar kan eg vel seia eg fekk inn med morsmjølka. Eg har endå ei mor som syng, i sitt femognittiande år. Dei 10 fyrste åra av mitt liv hadde vi ikkje veg, straum eller telefon til vår vesle grend, men to ting var det mykje av i vår heim, arbeid og song. Mamma kunne mykje utanboks, så ho song mykje til arbeidet. På julekvelden, når alt ståket var til ende, med mat, song, gåver og spenning, folda mamma hendene, lukka augo, og song med si klåre røyst: «Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom.» Det er mitt beste minne frå min barndoms jul. Eg kan vel seia at det ikkje alltid var like kjekt med læring av truslære og salmar, men for ein verdi å bære med seg i livet. Det er så mange songar eg kunne tenkje som min. Når vi får ein ny vår, og alt vaknar til liv, så må eg tenkja: «Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer». Den tida vert meir fantastisk til eldre eg vert. Mitt val av salme vert; «Lær meg å kjenne dine veie og gå dem trøstig skritt for skritt.» Ein bønesalme eg er veldig glad i, tekst og tone går rett til hjartet. Lær meg å kjenne dine veie og gå dem trøstig skritt for skritt! Jeg vet at hva jeg fikk i eie, er borget gods, og alt er ditt. Men vil din sterke hånd meg lede, jeg aldri feil på målet ser, og for hvert håp som dør her nede, får jeg et håp i himlen mer. Lær meg å kjenne dine tanker og øves i å tenke dem! Og når i angst mitt hjerte banker, da må du kalle motet frem. Når jeg har tenkt meg trett til døden, si så hva du har tenkt, o Gud! Da kan jeg se at morgenrøden bak tvil og vånde veller ut. Men lær meg fremfor alt å kjenne din grenseløse kjærlighet, den som kan tusen stjerner tenne når lykkens sol for meg går ned. Den tørrer tåren som den skapte og leger såret som den slo. Dens vei går gjennom det vi tapte, den gir oss mere enn den tok. Eg utfordrar Aud Kari Solheim til neste «Min salme». Også Even Hallem gledde forsamlinga med spel og song. Etter ei minnerik gudsteneste stod interessant omvisning i dei gamle Nils tunstovene på programmet, og til kyrkje kaffien serverte vestredølane svele og rømmegraut. Kanskje blei det også ein kanotur og eit svalande bad i Eimhjellevatnet denne varme søndagen. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 Bertine Aa spelte blokkfløyte saman med Sivert Aa på uteorgel. Elias Eimhjellen og Jon Egil Gjengedal deltok i tekstlesing og bøner, og las kunngjeringane. Saman med læresveinane sine sytte Jon Rønnekleiv for det velfungerande høgtalaranlegget. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 12 Diakoninemda i Breim sin eldretur til Stardalen 17.juni 2013 Mitt namn er Ragnhild Hope Birkeland. Eg er hyar, men held meg for tida i Volda. Til hausten tek eg til på mitt andre år på lærarutdanninga der, med faga norsk og engelsk for 5. til 10. årstrinn. Dette fagvalet skriv seg frå ei glede og ein kjærleik for ord og språk som har vore til stades so langt tilbake eg kan hugse. Ein god del av fritida mi går med til å ta til seg nye formuleringar, so vel som å stokke om på ord. 13 Grannar vitja grannar Tekst: Brita Sandal Bøker, musikk og film – rett heim 9 000 born får pakkar med bibel forteljingar, kveldsbøner og filmar i postkassa tre gonger i året. Hindra dei ikkje, men følg med på ferda F or vel femten år sidan byrja eg å stå opp tidleg søndags morgonane for å bli køyrt på søndagsskule. Der fekk vi små høyre om skapinga, syndefloda, israelittane i Egypt, Saul, David og Salomo, samt Jesu liv og likningar og fleirfaldige andre episodar frå bibelhistoria. I fyrstninga forsto eg truleg ikkje so mykje av det som låg bak historiene som vart fortalde, men etter kvart som åra gjekk, tok eg til å forstå kva dei handla om på fleire plan. Blant anna vart det klart at forteljingane ikkje berre fanst i bibliotekrommet der bibelsoga vart gjort levande med flanellografar og fargeleggingsark. Søndagsskulen var ikkje berre ei innføring i ein religion, men vi elevane fekk òg opplæring i eit språk som skulle gjere oss i stand til betre å møte og forstå både oss sjølve og det rundt oss. Bibelen har vore, og er framleis, ei stor kjelde til inspirasjon for tallause forfattarar og tenkjarar, og når ein frydar seg ved det skrivne ord, er det ikkje mogleg å kome vekk ifrå bibelske motiv og referansar. Dante, Dass, Dickens, Bjørnson, Tolkien og Hemingway, for å nemnde nokre få, er alle forfattarar som har gjort bøkene sine rikare ved å bruke eit bibelsk omgrepsapparat. I den vestlege litteraturen finn ein mange verk som krev kjennskap til bøkene i Det gamle og i Det nye testamentet. At ein som liten får god innføring i dette religionsgrunnlaget, er ein vesentleg del av den litterære danninga ein byggjer seg opp i vidare år. Men å kunne si bibelsoge er ikkje berre eit spørsmål om auka leseglede for spesielt interesserte. Det er eit fundament Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 som nødvendigvis må vere til stades for at ein skal kunne navigere seg gjennom og forstå dagens hav av tekstar og signal som skal kommunisere. Kristendomen er den religionen som mest har prega den vestlege verda tidlegare, og den har framleis størst innverknad. Auka sekularisering hindrar korkje politikaren, media eller Ola Nordmann i å ta flittig i bruk både metaforar og formuleringar som har sitt opphav i Bibelen. Ein kvar politikar risikerer å bli sett i ein uriaspost, og om ein blar i arkiva til landets store aviser finn ein fleirfaldige tilfelle der diverse personlegdomar lyt krype til krossen. Dessutan kan kven som helst setje sitt lys under ei skjeppe. Bibelforteljingane, både dei små og dei store, har skapt eit vokabular som vi framleis nyttar i dag. På lik linje med eit land eller eit folk, har òg religionar sine språk. Det bibelske språket kan kallast vårt religionsmorsmål, ettersom den kristne trua er den fyrste religionen vi som barn møter på og tek opp i oss. Born fangar lett opp sentrale punkt ved det kristne livet: saman med dei vaksne går dei til nattverd i kyrkja, les kveldsbøn, syng for maten og ber krossar rundt halsen. Men dette observerbare er berre eit omriss av ritar og vanar. På lik linje med eit morsmål, treng borna utdjupande forklåringar og grunngjevingar på korleis og kvifor ting er som dei er. I norsk må ein forklare kvifor det er rett å seie «køyrde», men ikkje «springde», og i bibelspråkundervisning må ein kunne seie noko om kva det vil seie å gå til nattverd. Vaksne, anten dei no er truande eller ikkje, bør derfor legge til rette for at borna får høyre historiene som utgjer den mest leste boka i verda, anten det er på sengekanten eller ved å sende dei på søndagsskule. Det er viktig at ein vidareformidlar hendingane som står nedskrivne i Bibelen på eit tidleg stadium. I språklæringsteori heiter det seg at til yngre den lærande er, dess betre skikka er vedkomande til å lytte, prøve, feile og prøve igjen. Det er ikkje utan grunn av Jesus seier «lat småborna kome til meg, og hindra dei ikkje.» Å late borna få ta til seg av den kristne kulturarven i ung alder, er ei investering i deira framtid og danning. På same måten som solide norskkunnskapar gjer det enklare å lære framande språk, gjer kunnskapar i religionsmorsmålet ein i stand til betre å kunne forstå andre trusretningar. Når sola går ned Sjølv om himm’len er grå kan det tenkjast at om vêret er vondt finst der ly, at når sola går ned vest i havet, då er ho ein annan stad ny. Om no skuggar kryp innunder huda og om verda er mørk for ei tid, snart so kjem ho attende med lyset som syner at lukka er di. Korfor skulle ‘kje eg vere lukkeleg, korfor skulle ‘kje eg vere glad? Når no sola går ned vest i havet, då renn ho til ny dag ein stad. Av Turid K. Vevatne Blir det noko underhaldning her, tru? S tardalen sommarkafe med sitt gode rykte for heimelaga mat var eit fortreffelig mål for turen. Om ikkje alle var like spreke som før, hindra det ikkje folk å ta turen. Denne generasjonen har «stål i ben og armer» og tek utfordringane, dei er ikkje «kviafulle». Over 40 stykke vart med, skikkelig imponerande. I Stardalen vart vi godt mottekne av Inger Veiteberg. Ho er ein ung og aktiv pensjonist. Solveig Seime leia turen og samkoma, ho har god erfaring og får fort opp stemninga! Middagen med sosekjøt/ kjøttkaker og sviskedessert fekk vi servert svært så kvikt, og godt var det alt saman. Kaffi og kaker fekk vi og. Kjetil Flatjord orienterte om grenda Stardalen - kva aktivitetar og leveveg dei hadde. Folketalet hadde gått litt ned, men husstandane stod ved lag. Dag Fosstvedt har framleis ei klar og flott stemme, så han underheldt med mange sangar, både lette tekstar og dei med meir ettertanke. Pensjonistane fekk tid til å pratast - ikkje kvar dag dei treffest. Så håpar vi alle hadde ein trivelig dag! Dag Fosstvedt deltok med alvor og skjemt. Det er kjekt å kome seg ut på tur! –Den viktigaste trusopplæringa, dei beste samtalane og den ærlegaste undringa skjer i heimen. Midt mellom middagsrestar, legoklossar og sofaputer. Kvar gong pakken frå Tripp Trapp kjem, er produkta med på å skape rom for tru, håp og undring heime, seier Karen Kilane, trusopplærar i Den norske kyrkje og mamma til to små jenter. Dåpsklubben Tripp Trapp er eit tilbod for alle som ønskjer at born skal få opplæring i kristen tru. Klubben tilbyr tre pakkar i året. Desse er varierte og inneheld bøker, CD-ar, DVD-ar, tøyprodukt og anna, alt tilpassa alder og utviklingsnivå til barnet. – Vi er spesielt glade i Kirkerottene og Bo og Nora, som vi har blitt kjent med gjennom klubben, seier Karen. – Vi har ledd og grått, prata om det skumle og det gode saman med desse gode figurane, seier ho. Dagleg leiar i klubben, Cecilie Holdø, seier at produkta i klubben, saman med samtalar og ritual som lystenning, kveldsbøner og liknande vil kunne styrkje fellesskapet i familien, og gi trua ein plass i kvardagen. Leve livet IKO-Forlaget, som driv klubben, ønskjer å formidle bibelforteljingar til borna, men også å presentere dei gode skjønnlitterære forteljingane til dei. Holdø meiner desse forteljingane kan vise at verda består av meir enn det vi kan ta og kjenne på. – Å hjelpe born til å leve livet og finne meininga med det – det er teologi på sitt beste, seier ho. Dåpsklubben Tripp Trapp er for born mellom 0 og 12 år. Klubben har ingen krav til minstekjøp, og som i andre bokklubbar kan ein velje å avbestilla pakkar eller å bestille ekstraprodukt med gode tilbodsprisar. Sjå www.tripptrapp-klubben.no for meir informasjon. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 14 15 Ein som trudde Gud Kart frå Volrath Vogt si Bibelsoge, 1960 Spel - Abraham på reise Gud gjev Abraham påbod om å reise vidare. Flytt fram til 20 Friluftsgudsteneste på Austrheimsstøylen Følgjet blir verande i Karan i mange år. Gå to gonger rundt bordet før du kastar ein gong til. Du har gått feil veg. Gå tilbake til 12. Viktige eigedeler vart attgløymde i Karan. Dra tilbake til 16 Tekst og foto: Gunn Hole Røvarar ligg på lur. Skund deg vidare. Gå til 12 Varmen er sterk. Slapp av i skuggen og stå over eitt kast. Abraham kom frå byen Ur. Så flytte han til Karan og budde lenge der med slektningane sine. Seinare sa Gud at han skulle dra til eit anna land. Følg Abraham på reisa medan de spelar spelet. De treng ein terning og kvar si brikke. Det er flaum i Eufrat, og reisefølgjet ditt må vente i to dagar. Stå over to kast. Det går framleis beitande hestar, kyr og sauer på støylen, men søndag 21. juli var vi tobeinte i fleirtal. Om lag 50 personar møtte fram denne vakre julidagen for å nyte naturen og ta til seg åndeleg føde. Klokkeklemt frå medbrakt kyrkjeklokke samla oss til ro, og Elin Villung innleia gudstenesta med å lese heile Salme 121, som startar slik: Dyra må kvile. Stå over eitt kast. ”Eg lyfter augo mine til fjella”, las Elin Willung. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 «Eg lyfter auga mine til fjella. Kvar kjem mi hjelp ifrå? Mi hjelp kjem frå Herren, som har skapt himmel og jord.» Songane var av det gode, gamle slaget, for eksempel «Navnet Jesus blekner aldri» og «Salige visshet». Kjell Otto Solheim hadde teke med trekkspelet til fjells og slo an tonen. Dagens tekst var Lukas 6, 36-42, som handlar om å vere miskunnsame og ikkje dømme kvarandre. Sokneprest Gundersen peika på at også gode relasjonane kan gå sunde, og at baksnakking kan bli ein måte å skade den andre på. La oss vere rause slik Gud er raus med oss. Ha eit rom i hjartet også for din tidlegare ven! Ta imot at du fullt ut er godteken av Gud, for Kristi skuld, og la dette virke til godhug overfor andre, minna presten oss på. «Å leva det er å elska», var derfor det naturlege songvalet etterpå. Dei aller fleste tok seg også tid til å delta i kyrkjekaffien. Sola heldt seg rett nok borte, men denne sommaren er vi fornøgde berre det er opplett ver. Takk til alle som la til rette for denne trivelege friluftsgudstenesta! Kjellrun Hofstad: Eg har sett fram til denne søndagen, og det har vore kjekt å vere med på å gjere alt klart. Samarbeidet med dei andre har vore godt. Det er gledeleg at folk kjem til støylen vår og deltek på gudstenesta her! Anna Henden: Vi kjem til gudstenesta også for å møte dei andre i kyrkjelyden. Det er flott å vere ute i dette fine veret. På denne støylen er det lett tilkomst, og alt har blitt så godt planlagt. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 17 16 Friluftshelga i hyen 2013 Konsertar Fredrik Hope var med på det meste. Han ynskte med glimt i auget, velkomen på vegne av Hyen Ungdomslag, til lokal konsert med meir eller mindre ungdommelege hyarar. Det nystifta blandakoret både opna og avslutta konserten med velklingande song til Marthe Aa sitt nydelege orgel- og pianoakkompagnement. Ståande applaus førte til at koret gav oss ”Gabriellas song” i reprise. Dei relativt unge mannsstemmene bak tilhøyrer f.v. Erik Utheim, Tor Larsen, Fredrik Hope, Gudmund Solheim, Kurt Djupvik og Ole Jakob Mjellem. Even Hallem tolka Bob Dylans ”Girl From The North Country” fortreffeleg. Lars Holme drog opp “Trivelege Trøndelag” på trekkspel for den trivelege kyrkjelyden. Fredrik Hope spela ”Så sød er Jesu hyrdefavn” på fele og framførte Sigrid Moldestad sin ”Eg ser inn i augo dine” på hardingfele, saman med Marthe Aa på piano og Lillian Holme som solist. Jentekoret med ”Visa vid vindens ängar” fekk òg velfortent applaus. Dei unge jentene er f.v. Lillian Holme, Heidi Eimhjellen, Irene Bakketun, Marthe Aa, Britt Kristin Mjellem, Brita Holme, Maria Solhaug og Ragnhild Hope Birkeland. Også flott musikk under himmelsk Friluftshelg. Hyen spelemannslag opna laurdagsaktivitetane på Kyrkjegranden med fantastisk panoramabakgrunn og drivande rytmer. Foto: Marit Straume og Ole Matias Aa Tekstar: Aslaug Heimset Larsen Hyarar frå fjern og nær pluss mange andre strøymde til konsert arenaen i strålande solskin. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 Kyrkjekonserten var eit kulturelt blinkskot med stappfullt hus. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2013 Konfirmantar opp klatreveggen i Buldrebu på Nordfjord folkehøgskule 18 19 GET TOGETHER Samling for ungdom i Sandane kyrkje onsdag 4. sept. kl 19:00 Kristuskransen • Presentasjon av det kristne ungdomsarbeidet. • Mykje song og musikk. Vitnesbyrd. • Tacomåltid og fellesskap. • Avslutning i kyrkjerommet. Ungdom har ansvar for mykje av programmet. Den nye barne- og ungdomsarbeidaren Jofrid Aurlien blir med. Det blir også den nye soknepresten i Breim og Gimmestad, Tore Myklebust, Actaleiar Marius Økland og mange fleire. Over: Inngangsprosesjon i Vereide Kyrkje Til venstre: Synnøve Dalheim frå Otta tykte leiren hadde vore kjekk og lærerik Enten du er ny i Gloppen, har budd her lenge eller i kortare tid, ønskjer Kyrkja deg hjarteleg velkomen til ”Get together” 4.sept.! Og alt er gratis! Helsing diakonimedarbeidaren. Nord-Gudbrandsdølar på konfirmantleir på Vereide Tekst: Harald Aske Foto: Harald Aske og Jorunn Raddum For tredje året på rad var konfirmantar og leiarar frå Sel, Nord-Fron, Skjåk, Lom, Lesja og Dovre samla til fem dagars konfirmantleir på Nordfjord Folkehøgskule. Skulen var vertskap for 170 tilreisande konfirmantar og 23 leiarar. Dette var starten for det nye konfirmantkullet med eit variert opplegg både inne og ute, på skulen, i nærområdet og i Vereide kyrkje. Kyrkjebladet fekk vere med på avslutningsgudstenesta fredag 28.06. kl.10.00. Det kom ein straum av flott ungdom rundt hjørnet på Vereidskyrkja saman med sju prestar, to organistar og mange frivillige hjelparar. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 Kristuskransen, eit perlearmband, utvikla etter ein ide av den svenske biskopen Martin Lønnebo, var sentral i undervisninga og gudstenesta dette året. Kristuskransen skulle binde saman undervisninga og aktivitetane dei fekk vere med på. Den største og finaste perla er Gudsperla, og er den einaste som sit fast. Den minner oss om at Gud omgir oss på alle sider og vil vandre saman med oss. I gudstenesta skulle alle dei sju prestane plukke ut ei perle frå kransen og seie noko på to minutt om si perle og kva den hadde å seie dei. Det kom fram at dei hadde opplevd mykje glede. For Gud er kvart menneske ei perle – alle er unike – og skapt i Guds bilete. Dei hadde berre lovord å seie om opphaldet og takka for lånet av kyrkja ! - Vi kjem frå innlandet. Her er vi ved sjøen, og staden er høveleg stor. Følkehøgskulen har takla alt på ein framifrå god måte. Ein av leirsjefane, Jorunn Raddum (prest), fortalde at opphald og reise kom på 3000 kr der kvar konfirmant betalte 2000 kr. Det kyrkjelege fellesrådet har fått trusopplæringsmidlar for 15-18- åringar og kunne dermed betale resten av opphaldet. Og viktig: Her rekrutterer dei leiarar til neste leir. Årets konfimantar kunne melde seg om dei vil vere med! I programmet for leiren fann vi: Samhandlingsløype oppe i skogen, der dei skulle lage og ete mat. Båtliv / samhandling. Lære å ro store robåtar (kyrkjebåtar). Pilegrimsvandring. Her skulle alle innom fire stasjonar i kyrkja med dåp/konfirmasjon, nattverd, vigsel og gravferd. Gud var eige tema. Frie aktivitetar: fotballturnering, kano/ kajakk, klatring,innespel, samtale eller slappe av. Elles hadde dei : Leirkveld og lokal kveldsstund. Completorium - ei samling som avslutta dagen i Vereide kyrkje kvar kveld, og så til slutt: Gudstenesta, som vart eit flott punktum på eit vellukka opphald. Leirsjefane Jorunn Raddum og Kenneth Hansen avslutta gudstenesta slik: ” Vi ønsker hverandre vel hjem og takker for vandringen sammen. Det har vært en uforglemmelig uke!” I 1995 sat biskop Martin Lönnebo fast i fleire dagar på ei gresk øy på grunn av storm. Då han såg dei greske fiskarane sitje med kombologiane sine, kom han på ideen med Kristuskransen. Først teikna han ein livsring av perler der han gav alle perlene ei bestemt tyding. Etter heimreisa til Sverige lagde han eit perleband, basert på skissene sine, og begynte å bruke kransen som ei bønehjelp. Oppfinninga spreidde seg raskt i Sverige, og etterkvart vidare til andre lutherske land. Kristuskransen er samansett av 18 ulike perler med ulik storleik, farge og form – kvar med si spesielle tyding. Dei minner oss om dei viktigaste sidene i Jesu liv og gjerning samtidig med at dei peikar på viktige sider ved det å vere menneske på jorda, skapte av Gud. Ein flytter seg frå perle til perle og er innom ulike område i livet som det er viktig å halde fram for Gud i bøn. Skjematisk er kransen slik samansett: • Gudsperla • Perla for å vere stille • Eg-perla • Dåpsperla • Perla for å vere stille • Ørkenperla • Perla for å vere stille • Gledesperla • Perla for å vere stille • To kjærleiksperler • Tre løyndomsperler (hemmelighetsperler) • Perla for natta • Perla for å vere stille • Oppstodeperla • Perla for å vere stille. Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 Arne E. Gimmestad, fødd i 1922 og son til han som fortel, har skrive denne forteljinga. Den gjev fleire blikk inn i den gamle tida, og her finn vi også eit døme på korleis gudstrua vart praktisert. Når vi ser 15-åringen sitje for seg sjølv og lese og syngje, skjønar vi at det er ei stund sidan 1894. Asbjørn Geithus har skrive forteljinga på maskin. 20 1894, det året eg fyllte 15 år Far min, Erik L. Gimmestad, fødd 23. september 1879, var ein god forteljar. Han mintest godt dagen han fylte 15 år. E tter at vi var komne frå støylen sleppte vi dyra utover heimebøen. Både sauer og kyr gjekk og beita over alt. Dette var ei triveleg tid både for folk og fe, men der var mange munnar som gnog, og etter kort tid var der ikkje meir å hente. Å setje buskapen på bås om hausten og å lite på at forlageret heldt til våren gav ei blanda kjensle. Dei visste at høystålet var ikkje større enn det trongst. Ein dag meir med beite om hausten utgjer ei heil veke om våren, vart det sagt. (Det fortel litt om korleis vi forte). Det var nødvendig å nytte alle beite så godt som mogeleg. Vart det ein godveirsbolk Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 seinhaustes, løyste vi ut att buskapen og for til skogs, enten i Langedalen, i Lia eller opp att på støylskviene. Samarbeid om gjeting var slutt for året då. Vi hadde ansvar kvar for eigen buskap. Mor vakte meg. Du må stå opp, Erke, du skal sta og gjete. Han har bestemt at vi skal jage kyrne opp på støylskviene. Det er slikt eit fint veir. Kom no! Eg vart litt sur. Eg var grådig lei all gjetinga. Og så var det sundag, og det var geburtsdagen min. Men ordre er ordre. Det var så i dei dagar – husbonden bestemde. Og min husbond var ein myndig kar. Det vart frukost i ein fart. Og så kom mor med prinsa. Eg lyt fortelje om prinsa, tuleprinsa vår. Ho er ei messe verd. Prinsa var laga av purkeskinn. Når dei slakta store gamle purker som hadde hatt mange kull, så vart dei som oftast flådde. Skinnet vart omhyggeleg barka og brukt der det var ynskjeleg med spesiell styrke, som til dømes hesteselar. Gjetar- prinsa vår var laga av purkeled. Det hadde den fordelen at det var så tjukt at det beheldt forma i alt slags veir. Ho var vasstett og lett og hadde gode selar. Eit praktstykke av godt handverk og god material. Ho var i bruk så lenge vi gjekk til støyls. No har ho fått ein heidersplass som det klenodiet ho er. Kom så skal eg vise deg, sa mor, og tok fram prinsa. Her er ein liten ambar med godt skjør, og sia det er sundag så er der litevetta røme oppi. Og her er ein pose med skarpt havrebrød og ein liten pølsebite ned på botnen. Du er no i vokstrå så du treng ei god niste. Du får ikkje vere med oss og delta i husandakta, og det likar eg dårleg, men sjå no her. Ho viste meg salmeboka og forklarte. Her er teksten for dagen, 19. søndag i treeiningstida. Og her er salmane som høyrer til. Desse skal vi syngje i dag når vi held husandakt, og det må du gjere og. Her heva ho stemma si eit hakk og såg på meg. Det var vel eit aldri så lite tilløp til ein ordre. Så pakka ho salmeboka inn i ein liten duk, han var raud med kvite prikkar, og la den på plass i prinsa. Så farr, no må du ha lukke til! Eg gjekk i fjøsen og løyste ut. Kyrne var godt opplærde. Alt gjekk greitt. Dei var svoltne og tok vegen til skogs i jamn fart. Dei visste kvar dei skulle, ut over stegane, rundt Mogarden, over brua ved fjøsane og så støylsvegen opp. Det var snaugnege over alt, ingen ting hefte dei. Det var støylskviene som var målet. Alle led stod opne. Det var fritt fram. Eg visste eg hadde føre meg ein lang og kjedeleg dag, men eg var vand med det. I dag var det i alle høve sol. Det var verre å vere tule i ruskeveir. Klokke hadde eg ikkje. Eg brukte sola. Det fekk klare seg. Eg hadde mange lange augekast mot prinsa, som stod plassert på ein flat stein, men tida kom etter kvart. Eg sette meg på hua og opna opp prinsa, braut flatbrød i rømeskjøret og rørde saman med hornskeia. Pølsebiten saman med flatbrød var ei smaksoppleving. Det heile gjekk alt for fort. Eg burde ha brukt lengre tid, fann eg ut. Så tok eg fram salmeboka. Eg las teksten for dagen og song salmane som eg var beden om. Og sia eg hadde salmeboka føre meg og masse god tid, så leitte eg opp salme etter salme og song. Røysta mi hadde fastna siste året, og ingen høyrde meg, så eg song av full hals. Då det leid på kveld, kom kyrne og stilte seg opp ved fjøsdøra. Så hadde dei ete seg mette på beite ein dag til. No ville dei i hus, men det kom ikkje på tale. Eg fekk meg ein hard kamp før eg fekk dei frå fjøsdøra og på veg heim, men då dei først var komne i veg, gjekk dei villeg. Ved støylsledet stogga eg og såg meg attende. Sola hadde gått ned, og ei kald og klår haustluft tok over. Det var vakkert. Eit snev av vemod melde seg. Vi hadde det fint på støylen om sumaren. No var det vinteren sin tur med snø og uver, med stjerneklåre netter og bitande kulde. Nokre vindkast frå Breidalen kom og lauvet fivla. Eg snudde meg og gjekk. Det var den 23. september 1894. Det året eg fylte 15. Country i Breim Kyrkje Tekst: Reidun Solbakk Foto: Jostein Flølo Norsk Countrytreff på Breim vart i år arrangert for 19. gong. Tradisjonen tru fekk vi lytte til og nyte mykje flott og stemningsfull musikk i kyrkja. Både kyrkjerom og galleri var fullsett. Og med ekstra stolrader og ståplasser, fekk ca 700 personar med seg denne hendinga. Frå byrjinga til slutt var her god stemning og mykje applaus. Sokneprest Olaf Sigurd Gundersen opna konserten. Han sa at countrymusikken høyrer til i kyrkja, og at den fremjer ein bodskap om tru, håp og kjærleik. Årets artistar spelte to songar kvar. Først ute var bandet Longhorn frå Lærdal. Dei har spelt opningssongen 18 av dei 19 gongane og har eit ynskje om å få forsette med det. Deretter følgde Bakersfield som er eit norsk band som spelar kun Buck Owens melodiar. Vidare Onkel Tuka frå Halden, Grasstowne frå USA og Rita Andersen frå Stavanger. Til slutt kom legendene Bellamy Brothers og Gene Watson. Dei spelte saman for første gong og publikum kvitterte med jubel og trampeklapp. På kyrkjebakken etterpå var det mange lovord å høyre om årets konsert og mange ser nok allereie no fram til neste års countrykonsert i Breim Kyrkje. Bakersfield Longhorn Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013 21 DÅPSBORN MED FADRAR Dåpsborn med fadrar 22 ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL M.N.A. Boks 138, 6821 Sandane Tlf. 57 88 44 00 www.gloppenadvokat.no [email protected] KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER FRÅ INNERST TIL YTTERST FOR HAN OG HENNE HYEN Økonor Gloppen Telefon: 57 86 86 00 · E-post: [email protected] TELEFON 97 03 92 28 Bolset Glass AS Elkjøp Gloppen AS Rekneskaps kontoret Gloppen AS Vereide Blomster Tannlege Øyvind Seim Coop Vest SA Leif Lothe elektriker Ryssdal Kraft AS Mardal Rør Gloppen Kommune Tystad Blomster Henden Sport AS Nordfjord Havbruk AS Kyrkjeblad Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 5, 2013 Firda Elektro LEDIG VEREIDE Breim 28.apr.13 27.01 -13 ASLAK SÅRHEIM LINA SOFIE SVARSTAD Jorunn Felde Anny Sefland Anders Felde Linda S. Berge Sonja Sårheim Geir Ove Sefland Bjørlo Gisle Sårheim Stine S. Myrvoll Monica Svarstad 21.juli.13 Trond Kongshavn TORMOD SKAADEN FELDE Rannveig Baadstø Lybeck 24.02 – 13 Stian Sætrebakke Alf RuneSYNNE Felde LANGLO GLOPPESTAD JarleBrynestad Gloppestad Knut Helge Harald Slettvoll Monica Solberg Kjersti Nyhagen Hole Asbjørn Langlo Gimmestad Karoline Madeleine Helgheim 14.07.-13 Hege Støylen Alme MARI HÅHEIM Margunn Rauset ToveBREIM Marie Rygg Merete Jordanger 09.12 – 12 Gunn Hoftuft HANNAH LOUISE VAN DUINEN GuttormBrita Håheim Austrheim Bjarne Rygg Ståle Austrheim Elin Austrheim Molvik TRIANABjarte ELAINESDATTER Molvik Ingrid Mørstad Janne Renate Jacobsen Mettenes 03.02 – 13 Helene Mettenes Zachariassen EMBLA ELINE LILLEMO EGGE Anne Grete Møll Jannike Dvergsdal Haugen Malin Åmot Jan Magne Kvellestad Vigsler 23 Vereide 22.juni.13 03.03 – 13 MarteBALDER Halse ogSTEINSON Bror MortenFØRDE Ranum Ronny Vårdal 06.juli.13 Øystein Kristian Førde Sætervik Sonja Føleide og Jørgen Solhaug GIMMESTAD Sandane kyrkje 03.03 - 13 20. juli.13. EVEN Niranen GULE og Martin Hamre Ann Kristin Bjarte Lofnes Hauge Børge Knutsen Nordal 27.juli.13 Gimmestad AnneKristianne Britt Søreide og RunarGule Ryssdal Lars Jonas Pedersen Lise Rønnevig Breim Marianne Kvame 29.juni.13 Renate Strand og Jon Magne Ryssdal HYEN Gimmestad 10.02 -13 29.juni.13 GABRIEL AA BERGE Mariann Førde og Benedikte AaRaymond Rønnekleiv Frantzen Nils Jøssang HyenKristine Knutsen-Berge 22.juni.13 Inger Marie Solheim og Arvid Jonny Akse Brita Hope og Stein Rambæk Moe Gunn Margareth Bauge Jordfeste JORDFESTE Vereide Ingebjørg Rye f.22.05.1913 d.10.06.2013 Oddrun Ragnhild Øygard f.13.03.1921 d.23.06.2013 VEREIDE Annbjørg Reinen f.16.12.1911 d.02.07.2013 Margit Rye f. 30.04.1927 Turid Anny Eide f. 25.02.1935 Brit Svangtun f. 25.04.1945 Breim Svangtun f.30.05.1920 d.11.06.2013 f. 13.10.1946 RasmusDagfinn Stensaker Erik Vereide f. 04.08.1926 Turid Henny Fløtre f.20.04.1944 d.19.06.2013 Rakel Skinlo f.04.05.1921 d.14.07.2013 Gimmestad BREIM f. 02.07.1920 OddrunMalfrid FinstadBø f.12.02.1924 d.17.06.2013 Anders Egge f.12.12.1915 Aud Evelyn Arnestad f.26.03.1925 d.24.07.2013 Hyen Aud Johanne Aasen f.21.03.1944 d.15.06.2013 GIMMESTAD Harry Johannes Gustavsen f. 04.10.1940 Synnøve Mykland f. 02.12.1933 d. 18.01.2013 d. 06.02.2013 d. 13.02.2013 d. 22.02.2013 d. 28.02.2013 d. 24.01.2013 d. 02.03.2013 d. 21.01.2013 d. 18.02.2013 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 5, 2013nr. 2, 2013 Kyrkjeblad for Gloppen Les om konfirmantane frå Gudbrandsdalen som hadde leir på Nordfjord folkehøgskule. Bilde: Samhandlingsøving for konfirmantar: Å ro i takt. Under: Completorium med lystenning i Vereide kyrkje. Foto: Jorunn Raddum
© Copyright 2024