På vandring i historisk landskap BREIBORG— STORDALSNIBBÅ Gradering: Blå (Breiborg), Rød (Stordalsnibba) Stad: Røldal Turkart: Statens Kartverk ”Røldal” 1 : 50 000 eller Friluftskart Odda Start- og sluttpunkt: Frå Røldal sentrum følg E134 mot Odda og ta til venstre ved R520 Sauda. Det er parkering 50m frå avkjørselen. Frå Hordatun, gå opp gamlevegen og videre oppover inn på E134 nokre hundre meter. Frå Røldal Alpingrend gå gjennom hyttefeltet og nedover inn på E134 nokre hundre meter. Kollektivtransport til start-/sluttpunkt: Haukeliekspressen stopper ved Hordatun ca. 1km frå startpunktet. Det går også lokalbuss til Odda som stopper ved Hordatun. Merking: Startpunkt er merket med starttavle ved Saudabrua, stien er merket med grøne skilt & røde R’er. Høgdeskilnad: 519m Startpunkt: 603 m.o.h. Lengde: xx km Tidsbruk: 4t Gode råd: Gode sko er nødvendig, nokre blaute parti og småelvar som skal passerast. Sesong: Juli & August (mulig å gå siste halvdel i Juni/første halvdel av september – men fare for at deler av turen er dekket av snø). Turomtale: Turen startar på 603 m.o.h. Turen opp til stølen Breiborg har en høgdeskilnad på 162m og tar ca. 30 min. Utsikten mot bygda er fantastisk og vel verdt denne korte turen. Ynskjer du å fortsette turen til Stordalsnibba vil du bli beløna med ein enda bedre utsikt, i tillegg til bygda ser du også til tre fylke herifrå. I nordvest kvelvar Folgefonna; Noregs 3. største isbre seg. Austover ser du Røldal skisenter, Røldal med Valldalen og Middalsnuten. Breifonn, den sørlegaste breen i landet ligg i søraust og til høgre for den stikk Monsaskukken opp. Stordalsnibba er eit av Noregs beste fjell for frikjøyring vinterstid, og turen hit frå toppen av skisenteret tek om lag 45min. Det er ekstraordinært skiterreng nordover, austover og sørover frå toppen. Nokre av rutene frå toppen er rasutsett, så leig ein guide eller høyr med lokalkjente før du set utfor desse fjella vinterstid. Snøen ligg oftast frå midten av november til midten av Mai. © Røldal Reiselivslag © Røldal Reiselivslag
© Copyright 2024