Brosjyre fra Hovden

Pilegrimsvandring Hovden-Røldal
Pilegrimsvandring Hovden—Røldal 3.-7. juli 2012
30. juni - 3. juli 2015
Pilegrimane kjem fram til Røldal
stavkyrkje i 2013. Foto: Dag Kvarstein
Vandring med fokus - i vill natur!
Ber du på ein lengt etter ein
vandretur som gjev deg nye
perspektiv og møte?
Er du klar for lange dagsetappar i krevjande fjellterreng
og alle "årstider" på ein dag?
Då kan fire dagars pilegrimsvandring over Haukeli frå Hovden
til Røldal vere noko for deg!
Påmelding / info: [email protected]
Pris: Kr. 3100
Arrangørar: Bykle sokneråd og
Agder og Telemark bispedøme.
Også høve til dagsvandring
- sjå neste side.
Røldal stavkyrkje med tradisjonen rundt
det undergjerande krusifikset har vore
eit pilegrimsmål sidan mellomalderen.
”Da er det ingenting som er bedre enn å gå; komme seg fram ved hjelp
av egne krefter, plassere den ene foten fremfor den andre og gå inn i en
slags glemsel som samtidig er et forsterket nærvær..”
Tomas Espedal
Foto: Else Lunden Mørland
Forfattaren Bjarne Tveiten si bok om pilegrimsvandringane til
Røldal
vore viktig for at vandringsleia er teken i bruk att.
Foto:
Daghar
A. Kvarstein
Hovden-Røldal 2015, langtur
Måndag 29. juni:
kl. 1900, Hovden Fjellstoge: Pilegrimskveld med middag og overnatting.
Tysdag 30. juni:
Vandring Hovden Fjellstoge-Sloaros
Overnatting og mat på turisthytta.
Onsdag 1. juli:
Vandring Sloaros-Holmevassbu.
Overnatting og mat på turisthytta.
Torsdag 2. juli:
Holmevassbu-Haukelifjell
Overnatting i lavvo (telt), middag.
Fredag 3. juli:
Haukelifjell-Røldal stavkyrkje.
Laurd. 4 - sund. 5. juli:
Deltaking på Røldalsstevnet med bl.a.
pilegrimskonsert fredag og breidt
program laurdag (meir info v/påmeld.)
for dei som har høve til det.
Sundag 5. juli kl. 10: Heimreise.
OBS: Deltakarane betaler sjølve mat på
turisthyttene. Overnatting under sjølve
vandringa er inkludert i deltakaravgifta.
Dagsvandring Kaldevatn-Røldal
Turleiarar
Fredag 3.juli kl 08.00: Oppmøte
ved Hovden Fjellstoge/
Haukeliseter. (Nærare informasjon ved påmelding).
Anna Heggland:
Pilegrimsleiar. Anna er
prostidiakon i Otredal.
Ho er ein røynd turgåar
og omsorgsperson.
Vi går saman med langturpilegrimane ned til Røldal (17 km)
der vi kan delta på Røldalsstemnet
saman med pilegrimar frå ulike
stader.
Pris for dagstur: Kr. 650
(inkl. lunsj, middag og transport).
Høve til å overnatte på Hovden
Fjellstoge frå 3. juli.
Vidar Ydse: Fjellførar.
Vidar er profesjonell
kartteiknar og tidlegare noregsmeister i
orientering. Har fleire
turar Hovden-Røldal
bak seg.
Åse Gullsmedmoen:
Idrettsutøvar og helsefagleg ressursperson.
Viktig informasjon!
Krevjande: Vandringa går i eit krevjande fjellterreng opp til
1300 moh.
Dagsetappane er på nær to mil, d.v.s. 5-8 timars effektiv
gange.
Fysisk form: Du må vere i god fysisk form og vand med
lange fjellturar.
Sekk: Ikkje ber tung sekk, men ha med lett regntøy og
varme klede.