Det går en pilegrimssti gjennom hvert menneskesinn” Erik Bye

ARTPILOT
Bli med på pilegrimsvandring
frå Hovden til Røldal
75 km
HOVDEN - RØLDAL
Vandring: 1. til 5. juli
Pilegrimsprest: Birte Løvåsen
24 km
KALDEVATN - RØLDAL
Vandring: 4. til 5. juli
Sokneprest: Arne Skare
75 km
HOVDEN - RØLDAL
Vandring: 29. juli til 2. aug.
Prostidiakon: Per Emanuelsen
PROGRAM
Hovden - Røldal 1.-5.juli 2008
Hovden - Røldal 29. juli.-2.aug.
Prisen er kr 2.900.Dag 1: Hovden Fjellstoge kl.20.00
Ein pilegrim søker eit herberge.
Meny:
Setesdalssuppe servert med spekemat og
Breivebrød.
Ope arrangement. Stempling av
pilegrimspass.
Dag 2: Hovden Fjellstoge - Sloaros
Ein pilegrim treng både lykke og hell, og
søker velsigninga.
Klokka 09.30:
Vandrargudsteneste i Fjellgardane
kyrkje
med nattverd og utsending.
Kaffimat på kyrkjebakken. Stempling av
pilegrimspass.
Skyss til Breive.
Ca klokka 11.00:
Vandringa frå Breive til Sloaros startar.
Ein pilegrim har ein veg å gå, og eit mål å
håpe på.
Pilegrimens første utfordring, Breivelia, er
den brattaste og tyngste delen av turen. Vi
tar den tida vi treng.
Ein pilegrim treng mat for både
kropp og sjel. Kvar dag vil det vere ei form
for refleksjon i samband med matpausen.
Når vi begynner vandringa att,vil det vere
ein stille time, der pilegrimen kan gå i eigne
tankar, eller som det og vert sagt: ”Noen
gonger går eg og tenker, andre gonger
berre går eg.”
Overnatting.
Vi overnattar inne på hytta til
Turistforeninga. Den eldste søv inne og vel
seng først – så går det vidare etter alder.
Når hytta er full, må resten ligge i telt. Prisen
inkluderer overnatting. Kvar enkelt betaler
for mat. Hyttene har diverse matvarer, og
kanskje noen vil lage mat saman?
Dag 3: Sloaros - Holmevassbu
Ein pilegrim er ein framand som er open for
nye inntrykk.
Mat, pause og middag
Dagen har mykje fint og spennande å by
på. Vi går i eit kalkrikt område med ein
uvanleg rik fjellflora. I løpet av vandringa
vil vi passere hellerar der pilegrimar
og andre har søkt ly og kvile på turen
over fjellet til Røldal. Ein slik heller er
måla i boka ”Underet i Breive” av Bjarne
Tveiten (tekst) og Egil Torin Næsheim
(illustrasjonar). Med Holmevatn ventar ei ny
hytte (Holmevassbu), ein ny leirstad og nye
samtalar.
Dag 4: Holmevatn - Kaldevatn
Mat, pause og middag
Kaldevatn - Røldalgruppa blir kopla på.
Sekken er tung, men er ryggstøtte i pausen.
Å vere pilegrim er å legge merke til det som
smertar, og møte det med gode ord og
handling. Snart er det fest og glede!
Med Kaldevatn blir vi møtte med
pilegrimsmiddag, laga av lokale råvarer,
ferskt brød og kanskje nytt frå bygda.
Denne siste natta overnattar vi alle i telt
eller lavvo.
Kaldevatn - Røldal 5.juli 2008
Prisen er kr 450.Dag 5: Kaldevatn - Røldal.
Frukost, pause og niste
”Erarum humanum est.” Pilegrimen veit
at ”..det er menneskeleg å feile”. Denne
dagen når vi pilegrimsmålet. Høgtid og
førebuing. Besøk på stølen til Olav A. Tveita
før nedstiginga til Røldal.
Servering av rømmegraut.
Røldalsvatnet
380
Grytdalen
Votna
1020
Biabergnuten
1584
Breidfonn
1605
Kaldevatn
1205
Finnabuvatnet
Kaldevass
rustene
Kisteinuten
1647
Kvanndalen
Isvatnet
1295
Vassdalseggi
1658
Holmevass
hytta
Sandvatnet
Spenninga stig.
Pilegrimar som kjem den 5. juli kan delta på
krossvandring frå foten av Austmannlia og
pålølgande midnattsmesse.
Felles for alle vandringane er at pilegrimane
er velkomne til kyrkja
og bygda. (Eige program for
pilegrimstreffet lørdag og søndag.)
Pilegrimsstemnet avsluttes med felles
frukost søndag.
Røldal
Holmavatnet
1058
Skyvassnuten
1421
Skyvatn
1090
Langt innpå ville heii
Syni
1322
Sloaros
øvre
Førsvatn
Storenut
Breive
Hovdenuten
1119
Hartevatnet
Hovden Fjellstoge
Hovden
PÅMELDING:
Hovden Fjellstoge 37 93 95 43
www.hovdenfjellstoge.no
[email protected]
Kontonr: 28011697358
På hyttene til turistforeningen, gjer kvar
pilegrim opp for kost.
Gi beskjed om du har behov for skyss
tilbake frå Røldal til Hovden.
I Røldal er det fleire alternativ til
overnatting og mat:
www. roldal.com
”Det går en pilegrimssti gjennom
hvert menneskesinn”
Erik Bye
Arr: Agder Bispedømeråd
og Hovden Fjellstoge
Langt innpå ville heii i kalde ver og vind
Der gjekk den ville sauen visste korkje ut hell inn.
Han gjekk og sveiv og dreiv der åleine att og fram
Me` storm og uver rasa, og lite mat han fann.
Men hyrdingen han sakna den sau som borte var
Og utpå leiting for han i fjell og dal og skar.
Te` sist så fann han sauen forkommen, trøytt og
arm
Og la han oppå herdi med kjærleik mild og varm.
Og no va` sauen frelst ifrå kulde naud og natt
Og hyrdingen seg gledde fø`det han fann han att.
Han kalla saman vener, dei gledde seg i lag
Fordi den ville sauen va` komen heim i dag.
Ja, eg va` denne sauen som gjekk på ville veg
Og Jesus va` den hyrdingen som leita etter meg.
Han frelste meg frå syndi og ga` meg hjartefred
Og difor vil eg lova han i tid og evighet.
I himlen vert det glede når ein syndar vender om
Ifrå den ville vegen som er så kald og skum.
Høyr hyrdingrøysti kallar: kom heim frå ville veg
Så vert du frelst frå syndi som ned mot myrkret
dreg.
Tekst: Ukjent, Telemark.
Brukt i Setesdal av mellom anna Tallak Hoslemo