Referat frå begge møta finn de her

Plan- og samfunn
Sakshandsamar:
Torbjørn Hasund
E-post: [email protected]
Tlf: 57 65 62 73
Vår ref.
Gje alltid opp vår ref. ved kontakt
Internt l.nr.
Dykkar ref.
Møtereferat - planforum 21.03.2012
Stad: Videomøte. Storehagen Atrium - Førde,
Fylkeshuset – Leikanger og Fiskeridirektoratet - Måløy
(telefon)
Referent:
Torbjørn Hasund
Kl. 09.00: Møte med Flora kommune, planprogram og landskapsanalyse for
utviding av næringsareal (Fjordbase). Områderegulering Florelandet Nord
Til stades: Anders Espeseth og Steinar Furnes - Flora kommune, Hanne Marie Utvær –
Fiskeridirektoratet, Heidi Sandvik - FM miljøvernavdelinga, Eline Ornes – FM
beredskapsavdelinga, Oddgeir Aardal – FM landbruksavdelinga, Toralf Otnes - NVE, Øystein
Wilkensen FK SA, Trond Sundby, Mona Steinsland og Torbjørn Hasund – FK PSA
FK kulturminne hadde ikkje representant til stades i møtet. Eige møte mellom kommunen og KA
kulturminne, Sundby har ansvaret for å leggje til rette for møte.
Espeseth presenterte planarbeidet. Han gjekk gjennom overordna landskapsanalyse for
Floralandet nord, utarbeidd av Asplan Viak. Han viste planområdet og dei to alternativa, Rota og
Grønenga som har vore aktuelle i analysearbeidet. Det er teke utgangspunkt i nytt areal på 300
mål. Utviding av eksisterande anlegg vanskeleg grunna djupne i sjøen, utanfor Fjordbasen /
Botnaneset er det for djupt.
Rota. Øy vest for Botnaneset / Fjordbasen. Øya og aktuelt areal ligg rett nord for Florø sentrum.
Aktuelt areal ligg aust på Rota og vil krevje fylling / bru frå eksisterande næringsareal og utfylling
mellom småøyar og hovudøya. Næringsarealet vil ligge skjerma frå landskapsromet byen ligg i.
Grønenga. Øy lenger inne i fjorden. Alternativet inkluderer utviding av næringsareal i
Botnastranda, og bru /fylling over til vestlegaste enden av Grønenga. Ikkje enno gjort
undersøkingar på kva konsekvensar bru/fylling over til Grønenga har for straum og andre marine
verdiar.
Sundby - industrien ønskjer Rota, det vestlegaste alternativet. Diskusjonar kring massebalanse
Espeseth - politisk ønske om bustader både på Rota og Grønenga. Administrasjonen ser ikkje
noko grunnlag for bustadbygging her. Sentrum og Brandsøy har tilstrekkeleg kapasitet for
forventa bustadbygging i mange tiår framover. Avstanden vert større til sentrum enn eksisterande
moglegheiter på fastlandet.
Utvær – planprogrammet sa at det skulle gjennomførast KU for marine verdiar, er dette
gjennomført. Espeseth – kommunen er i dialog med NIVA og Rådgjevande Biologar, der dei no
samarbeider om skisse for utgreiing.
Sandvik – naturverdiar og biomangfald, planprogrammet legg opp til meir kartlegging av
naturverdiar. Espeseth - Vegetasjonskartlegging på Rota og Grønenga gjennomført sommaren
2011. Står igjen litt arbeid på viltsida, vil bruke eksisterande databasar og lokalkunnskap. Sandvik
– på Terøy veit ein at det er hekkeområde for rovfugl, men også Grønenga må undersøkast med
tanke på vilt. KU må peike på konfliktar, og som dei vil kommentere seinare i planarbeidet.
Sandvik - Viste til motsegn tidlegare frå FM knytt til Sandvikskjera sin verdi som badeplass.
Espeseth – om dette området går med i ei utbygging vil kommunen erstatte dette gjennom
oppgradering av Leira.
Orheim - ikkje spesielle konfliktar ut frå det vi no veit, men lurte på om der var skilnad på dei to
områda med tanke på klimautslepp ved utarbeiding, og om konsekvensar for lokaltrafikken vil
vere ulik for dei to områda. Espeseth– dei tenkjer slik at aust-alternativet er best fordi
utvidingspotensialet er størst. Når det gjeld trafikk er det ikkje skilnad mellom alternativa, trafikk
til og frå begge alternativa går utanom sentrum.
Sundby – kva er framdrifta? Espeseth - må få på plass vurderingar av marinbiologi, støy, m.m.,
Målet er førsteutkast til plan i september 2012.
Sundby om tilhøvet opp mot byutvikling og sentrumsplanen - er det kopla noko mot byutvikling
i Rota? Espeseth - ikkje direkte samanheng, Rota er ikkje med i den planen. Mange har ønska å ta
med Rota i sentrumsplanen, men det vart ikkje gjort. Representantar frå industrien seier at det i
høve nytten av industriområdet ikkje er stor skilnad på dei to områda, Rota kan vere meir gunstig
fordi dei då trur dei kan få fleire til å ta rekninga, t.d. gjennom bustadutvikling. Men som
industriområde er Grønenga-alternativet like godt.
Mona om Florø og Rota. Rota er natur nær sentrum, difor bør Rota ikkje byggast ned. Mona
meiner at den asymetrien mellom natur, kultur og by må ivaretakast. Når ein skal byggje ting i eit
landskap bør arkitekturen skjerpast. At industriområde har med seg natur og kultur vil styrke det
å jobbe på områda. Tilpassing til landskap. Espeseth – vi må tenkje arealeffektivisering, og har
utfordra Statoil til å tenke innovativt på nokre av arealproblema, verte meir effektive kommunen
må ta omsyn til det store biletet og den totale arealbruken. Han er og redd for at kommunen ikkje
vil ha kontroll med utforming når ein kjem så langt som til utbygging. Bevisst på storleik og
retning og kva som skjer ved slike utbyggingar.
Espeseth - kommunen opptekne av kor stort område den endeleg planen skal dekke, dette må
takast opp også med kultur. Har valgt så stort planområde for å ha alternativ. Forundersøking
kulturminne vert på denne måten dyr. Må kanskje tenkje mindre slik at det vert billigare, dette
vert ei avveging. Trond - kvittere ut korleis vi kan løyse dette saman med kulturavdelinga
Orheim – på eit slikt industriområde vil der vere eit storulukkespotensiale, og det vil vere ein
føremun om ein ikkje gjennom plan legg opp til ei nærføring mellom hus og industri.
Utvær - for deira interesser vil ei utbygging på Grønenga truleg ha størst potensiale for konfliktar.
Sandvik - det gjeld også for biologisk mangfald.
Møteslutt 10:00
Kl. 13.00: Møte med Gulen kommune.
•
•
Framlegg 2. gongs høyring områderegulering Sløvåg
Oppstart av arbeid med kommunal planstrategi og kommuneplanens samfunnsdel
Til stades: Frank van den Ring, Magne Instefjord, Martin Kulild og Kari Brekken – Gulen
kommune, Finn Sundby – Statens Vegvesen, Toralf Otnes - NVE, Eline Orheim FM
beredskapsavdelinga, Oddgeir Aardal – FM landbruksavdelinga, Trond Sundby og Torbjørn
Hasund – FK PSA
Torbjørn Hasund – FK PSA. FK kulturminne hadde ikkje representant til stades i møtet.
Framlegg 2. gongs høyring områderegulering Sløvåg
Frank van den ring presenterte arbeidet, og gjekk gjennom politisk handsaming, og nye innspel
som no er komne inn
Orheim - meir om tilbakemelding frå DSB. Van den Ring – konklusjon at det no er 2 område
med 2 ulike buffersoner. I nord Halsvik Agregates sitt anlegg for eksplosjonslagring og i sør
Baker Oil Tools sitt anlegg, begge to med soner i 400 meters breidde der det ikkje skal vere
bygging i det heile, og 800 metersgrense med byggegrense i plankart, der det ikkje skal byggjast
skule, barnehage, samlingslokalar, eller liknande.
Sundby - er motsegn i tidlegare fase teke til følgje? Van den Ring - endring er innarbeidd
Toralf – er eksisterande kraftlinjer lagt inn som buffersoner / bandlagt område? Van den Ring ja og også konsesjonssøkt vindkraftområde, på Sandøyna.
Van den Ring viste korleis område for industri hadde utvikla seg gjennom planprosessen, etter
høyring og politisk handsaming, med buffersoner mot andre føremål. Innspel teke inn av
kommunestyre, dette er teke med i planframlegget no til 2. gongs høyring. Det har vore framlegg
til alternativ hamn i Halsvikvågen. Dette var det lokale protestar mot. Dette er teke ut i det
framlegget som no har vore i Formannskapet for utlegging.
Kulild - formannskapet har vore veldig tydeleg på at industriområdet ikkje skal utvikle seg
austover. Dei no vil stenge Steinsvågen for vidare utvikling for bustader og hytter, slik at
industriområdet kan utvikle seg nordover. Stor utvikling av industri, og det er nordover det er
utviklingspotensiale. Alexela Sløvåg og Wergeland – Halsvik AS har hand om store delar av
eksisterande område. Mongstad byrjar å bli fullt, behov for meir areal i området. Formannskapet
ønskjer å ta inn føresegner om at seinare utvikling må skje nordover.
Sundby – Steinsvågen som utfartsområdet må takast vare på. Kulild – det bør gjerast ei vurdering,
men arealet er ikkje særleg viktig for friluftsliv slik det ligg i dag.
Stedje: I Steinsvågen hadde FM motsegn mot hyttanlegg, grunngjeve med manglande KU i høve
friluft og vilt. Det vert ein annan dimensjon, no med storstilt industriutbygging. Det er verdiar og
interesser i Steinsvågen. Kulild – tydelege haldning om at næringsområdet ikkje skal utvide seg
utvikle seg austover. Lokalt og politisk tydeleg på at det no ikkje vert snakk om fritidsføremål i
Steinsvågen, det skjønner alle no er heilt uaktuelt. Opning av Steinsvågen difor aktuelt for å legge
til rette for store næringsareal.
Sundby vurderinga no vil verte sett i høve samfunnsinteresser. Stedje - er det aktuelt med
utviding kring Skipavika. Kulild – arealet avgrensa av vindkraftområdet. Og fordeling med
utviding av eksisterande område i Sløvåg i høve logistikk. Oppdeling av området fører til
logistikkutfordring, og spreiing til andre næringsområde vil føre til behov for utbetring av veg
mellom områda. Altså ønskjeleg med samlokalisering.
T. Sundby - satsing på Hovden bustadfelt; skal det utviklast nytt sentrum i Eidsbotn?. Kulild - i
samfunnsplanen ligg det fire bygdesenter, avklaring til sommaren, ikkje utvikling av nytt sentrum i
Steine/ Sløvåg, men butikk / næringsbygg fører likevel til ei utvikling mot eige sentrum men ikkje
nye offentlege tenester. Men lokale ønskjer om dette i Steinekrysset.
F. Sundby kva ligg i A02 (Steine Kryss), offentleg service? Van den Ring - i administrasjonen sitt
framlegg lagt ut til kombinert næring / kontor/ forretning men etter politisk handsaming har dei
lagt til «offentleg og privat tenesteyting» i føresegnene og i plankart blir føremål uendra som
«kombinert bygging og anlegg».
Kulild – det ligg føre felles ønskjer om interkommunalt samarbeid om idrettsanlegg mot
Masfjorden. Næringa lokalt har tilbode rentefritt lån, og det vert då eit press på politikarane om å
kome næringa i møte, i og med at dette er eit område der dei håpar å få 5-600 arbeidplassar.
Planstrategi og oppstart planprogram samfunnsdelen.
Van den Ring – ville gje munnleg informasjon om at Gulen startar med KPS. T. Sundby
orienterte om arbeidet med RPS, og at det er frå FK si side er ønskjeleg med samsordning
mellom, RPS og KPS.
Brekke - spørsmål om agenda for samordningsmøte, viktig med møte med FK om kommunal
samhandling og utvikling av planstrategi.
Sundby – fylkeskommunen legg opp til kontaktmøter med kommunane om planstrategiarbeidet
gjennom planforum. FK kjem til å ta kontakt med Gulen ved seinare høve.
Orheim - vil Gulen ha innspel på ROS? Van den Ring – utfordrande å vurdere ROS for heile
kommunen, difor vurdere delområde (5 delområde). Orheim - på k-delplan-nivå er ROS analyse
krav i potensielle fareområde. Om Gulen avgrensar seg til desse 5 områda er dette ok. Men
samstundes må kommunen kjenne til sivilbeskyttelsesloven og den beredskapsplikt som ligg der
for heile kommunen, også allereie utbygde område. Van den Ring dette har dei gjennomført i
ROS.
Otnes - For nye byggeområde vert ROS og beredskap som regel ivaretatt på god måte. Men
mykje bygging skjer i LNF-område og tidlegare regulerte område og der ein ikkje har tilstrekkeleg
forkunnskap på naturfare. Kommunen må få fram at ein i alle område med utbygging må ha eit
bevisst forhold til naturfare. Van den Ring – har i planframlegget no teke med alle noverande og
framtidige utbyggingsområde, med potensiale for skred med i omsynsområde.
Møteslutt 13:45