Sakspapir - Fedje kommune

Fedje kommune
Innkalling
av
Formannskapet
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
17.03.2015
Slissøyna i fleirbrukshallen
17:00 - 18:30
Det vert høve til å koma med saker til "Eventuelt". Sak vert oppretta i møtet.
Eventuelle forfall må meldast til Vidar Bråthen per tlf. 56165106, sms til 46954583
eller per epost til [email protected]
Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.
Sakliste
Saknr
021/15
022/15
023/15
024/15
025/15
026/15
Tittel
Godkjenning av møteinnkalling og sakliste
Godkjenning av møtebok
Referatsaker
Delegerte saker
Delegerte saker teknikk og miljø
beredskapsarbeidet i Fedje kommune 2015 - tilsynsbesøk og planverktøy.
11. mars 2015
Kristin Handeland
møteleiar
Vidar Bråthen
sekretær
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
Evy Uthaug
Saksnr
021/15
ArkivsakID
15/134
Utvalg
Type
Dato
Formannskapet
PS
17.03.2015
Godkjenning av møteinnkalling og sakliste
Saksutgreiing:
Forslag til vedtak:
Møteinnkalling og sakliste vert godkjent.
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
Evy Uthaug
Saksnr
022/15
ArkivsakID
15/134
Utvalg
Type
Dato
Formannskapet
PS
17.03.2015
Godkjenning av møtebok
Saksutgreiing:
Forslag til vedtak:
Møtebok frå sist møte vert godkjent.
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
Evy Uthaug
Saksnr
023/15
ArkivsakID
15/134
Utvalg
Type
Dato
Formannskapet
PS
17.03.2015
Referatsaker
32T
Saksnummer
023/15.1
Tittel
Fedje kommune - budsjett 2015 og økonomiplan 2015 - 2018
Saksnummer
023/15.2
Tittel
Skatteoppkrevjarfunksjonen - kontrollrapport 2014
Saksnummer
Tittel
023/15.3
Utsending av fellingsavgifter
Saksnummer
023/15.4
Tittel
Årspremie 2015
Saksnummer
023/15.5
Tittel
Årsrapport for 2014
Fedje kommune
Saksnummer
023/15.6
Tittel
Årsrapport frå Aufera for 2014
Saksutgreiing:
Forslag til vedtak:
Referatsaker vert tekne til orientering.
Sakshandsamar, innvalstelefon
Edvard Høgestøl jr., 55 57 20 45
Vår dato
18.02.2015
Dykkar dato
29.12.2014
Vår referanse
2015/172 331.1
Dykkar referanse
Fedje kommune
Adm.bygg
5947 Fedje
Fedje kommune - budsjett 2015 og økonomiplan 2015 - 2018
Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og
økonomiplan 2015 - 2018, vedteke i kommunestyremøte 11. desember 2014.
Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova § 60.
Etter § 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret.
Etter kommunelova § 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til
offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret.
Det er lagt opp til reduksjon i skatteøyret for kommunane frå 11,4 prosent i 2014 til 11,35
prosent i 2015.
Frie inntekter
Kommunen har budsjettert med kr 14,1 mill i skatt på eige og inntekt for 2015.
I 2014 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 1,9 prosent. Det er no rekna
med ein skatteauke for kommunane frå 2014 til 2015 med 5,6 prosent.
Kommunen sitt skattenivå i 2014 var 89,7 prosent av landsgjennomsnittet.
I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med
skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2015 tilsvarande 60 prosent av differansen
mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet.
Dette trekket finansierer kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet med 60
prosent av differansen. Er skattenivået under 90 prosent av landsgjennomsnittet, får
kommunen i tillegg ein kompensasjon på 35 prosent for differansen opp mot 90 prosent.
Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna
inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr 50,67 mill.
Statens hus
Kaigaten 9, 5020 Bergen
Telefon: 55 57 20 00
Telefaks: 55 57 28 51
Fylkesmannen i Hordaland
Postboks 7310, 5020 Bergen
Org.nr: 974760665
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2015 er no oppdatert med førebelse innbyggjartal pr. 01.01.2015 og
innkomen skatt i 2014. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01.
2015. For innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga med aldersfordeling er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2014.
Kommunen sitt anslag på frie inntekter i budsjett er rimeleg på linje med siste inntektsprognose.
Eigedomsskatt
Det er budsjettert med kr 2,1 mill i eigedomsskatt for 2015. Det er det same som budsjettert i
2014 og også nivået for resterande år i økonomiplanen.
Innkomen eigedomsskatt i 2013 var kr 2,11 mill. Kommunen fekk då ein nedgang frå tidligare
år.
Eigedomsskatten for 2015 er sju promillar på verk og bruk.
Løns- og prisauke
Prisindikatoren for kommunesektoren for 2015 er i vedteke statsbudsjett 3,0 prosent. Prisindikatoren består av pårekna lønsvekst 3,3 prosent og pårekna prisvekst på varer og tenester
med 2,5 prosent.
Avdrag
I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova § 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet.
Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere
at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 prosent av lånegjelda (når
formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Fylkesmannen tilrår kommunane at
dei ordinære avdraga minst er på dette nivået.
Det er budsjettert med kr 1,- mill i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån).
Kommunen budsjetterte med høge lån i fjor. Det same gjeld i år. Budsjetterte avdrag for 2015
er svært låge, og kanskje for låge iht kommunelova (det avheng av reelt låneopptak i 2014,
tidspunkt for opplåning i 2015 og samansettinga av låneporteføljen).
Det er uansett ikkje god kommuneøkonomi på sikt å legge avdragsnivået på eit minimum.
Driftsresultat
Kommunelova § 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som
minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl.
inndekning av underskot).
Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det drifts- og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje
er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen.
2
Netto driftsoverskot i budsjettet er kr 843.000,-.
Kommunane er i tidlegare år tilrådde å ha eit netto driftsoverskot på minst tre prosent av
brutto driftsinntekter, basert på prinsippet om formuebevaring.
Frå og med 2014 blir momskompensasjonen ført direkte i investeringsrekneskapen (og utanom driftsrekneskapen). Det får negativ effekt på netto driftsresultat, og TBU (Teknisk berekningsutval for kommunal økonomi) har derfor redusert tilrådinga til 1 ¾ prosent for
kommunane generelt. Tilrådinga er no knytt til kommunekonsern, og ikkje som tidlegare til
kommunekasse.
Nivået på 1 ¾ prosent for netto driftsoverskot er eit tilrådd minstenivå frå utvalet og Fylkesmannen ser det som føremålstenleg at kommunane har eit høgare netto driftsoverskot enn 1 ¾
prosent av driftsinntektene for å ha buffer til å møte økonomiske utfordringar og til framtidige
investeringar.
Kommunen sitt netto driftsresultat har tradisjonelt vore godt over tilrådinga, med eit
gjennomsnitt på 4,56 % av brutto driftsinntekter i perioden 2009 – 2013. For 2014 vart det
budsjettert med eit svakare resultat enn tidligare. Det held altså fram i 2015 der kommunen
ligg under tilrådinga.
Investering, lånegjeld og kapitalutgifter
I 2015 er det lagt opp til investeringar på kr 9,55 mill.
Dei største investeringane er byggjefelt (kr 3,6 mill), kommunale utleiebustader (kr 2,1 mill),
skule (kr 1,25 mill) og rehabilitering av sjukeheim (kr 0,75 mill).
Investeringane vert finansierte med lån, stort kr 6,1 mill. Øvrig finansiering er fond, mvakompensasjon og overføring frå driftsrekneskapen.
Det vert i tillegg tatt opp inntil kr 1,- mill i startlån.
Framover i økonomiplanen er omsorgsbustader den største investeringa, saman med
investeringar i skule. Tilskot m.m. gjør likevel at lånetrongen er mindre enn for 2015.
Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg. Nivået må bli vurdert
som høgt. Det same gjeld Hordaland. Landsgjennomsnittet (kommunekasse - ikkje konsern)
si lånegjeld ved utgangen av 2013 var kr 60.995,- pr. innbyggjar.
Kommunen si gjeld stig kraftig. I 2009 var gjelda kr 38.135,- pr innbyggjar, og vart faktisk
redusert i 2010. Pr. 2013 var talet kr 56.064,-. Legg vi til grunn budsjettert opplåning i 2014
og 2015 og trekk frå budsjetterte avdrag desse åra, vil kommunen skylde over kr 78.000,- pr
innbyggjar ved utgangen av 2015 (basis folketalet ved utgongen av 2013). Det er svært høgt.
Gitt kommunen sine høge inntekter, er biletet litt betre om ein ser på gjeld over brutto driftsinntekter, som eit uttrykk for beteningsevne, men det er etter Fylkesmannen sin oppfatning
svært uheldig at kommunen aukar opplåninga så kraftig og samstundes reduserer avdraga så
mykje.
3
Oppsummering
Kommunen har blant dei høgaste frie inntektene i fylket, og sjølv om vi legg til eigedomsskatt
og andre kraftinntekter, er det berre Eidfjord og Modalen som har meir pr innbyggjar. Sjølv
om det er kostbart å være ein øykommune, er kommunen også kompakt. Det legg til rette for
relativt god kommuneøkonomi. Kommunen har da også levert gode resultat fram tom 2013
(siste tilgjengelege tal). No vert det lagt til grunn at økonomien er svekka, og budsjettert netto
driftsresultat for 2014 og 2015 er lågt.
Kommunen sine avdrag i 2015 er for låge. Om dei bryt med kommunelova, er vanskeleg å si
utan kjennskap til alle detaljar, men dette må kommunen sjå nærare på.
Kommunen si gjeld er høg og stig kraftig i 2015. Denne situasjonen bekymrar, og kommunen
må vise varsemd med å auka gjelda.
Kommunen har siste år betra dokumentasjonen i samband med budsjettarbeidet. Ikkje minst
gjeld dette økonomiplanen.
Med helsing
Lars Sponheim
Rune Fjeld
assisterande fylkesmann
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
Kopi til:
Nordhordland revisjonsdistrikt
Postboks 16
4
5902
Isdalstø
Fra:
Sendt:
Til:
Emne:
Kristine Skaiaa Born
27. januar 2015 13:51
Postmottak Fedje
Utsending av fellingsavgifter
Fedje kommune
Referanser:
Dykkar:
Vår: 14/899 - 15/1048
Saksbehandlar:
Kristine Skaiaa Born
[email protected]
Dato:
27.01.2015
Utsending av fellingsavgifter
Det er i jaktåret 2014 ikkje skutt hjort på Fedjes 3 vald. Det er derfor ingen fellingsavgifter å krevje inn.
Midlene frå fellingsavgifter skal forvaltas etter viltlova §43.
Med helsing
Kristine Skaiaa Born
rådgjevar landbruk
Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur.
Mottakarar:
Fedje kommune
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
Evy Uthaug
Saksnr
024/15
ArkivsakID
15/134
Utvalg
Type
Dato
Formannskapet
PS
17.03.2015
Delegerte saker
32T
Saksnummer
002/15
Tittel
Løyve til å bygga tilbygg på fritidsbustad. Gnr. 168, bnr. 506.
Saksnummer
003/15
Tittel
Premieprognose for 2015
Saksutgreiing:
Forslag til vedtak:
Delegerte saker vert tekne til orientering.
Sak 002/15. Løyve til å bygga tilbygg på fritidsbustad. Gnr. 168, bnr. 506.
Vedtak
I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13 og § 20-2 og § 214 i plan- og bygningslova, gjer teknisk sjef følgjande vedtak :
Kommunen har ingen merknader til søknaden med teikning datert 5/12-14. Bygging av tilbygg på
fritidsbustad på gnr. 168, bnr. 506, kan ta til.
Vilkår for løyvet :
Kommunen skal ha skriftleg melding når tiltaket er gjennomført. Lovheimel : § 21-10 i pbl.
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
Evy Uthaug
Saksnr
025/15
ArkivsakID
15/134
Utvalg
Type
Dato
Formannskapet
PS
17.03.2015
Delegerte saker teknikk og miljø
32T
Saksnummer
005/15
Tittel
Bunkersanlegg ved kommunal kai på Steinborg. Mindre endring av
reguleringsplan.
Saksnummer
001/15
Tittel
Løyve til deling av eigedom. Tre nausttomter.
Saksnummer
003/15
Tittel
Løyve til deling av grunneigedom
Saksnummer
Tittel
004/15
Løyve til å bygga garasje mv.
Saksnummer
Tittel
002/15
Løyve til å byggja naust.
Fedje kommune
Saksutgreiing:
Forslag til vedtak:
Delegerte saker vert tekne til orientering.
Sak 005/15. Bunkersanlegg ved kommunal kai på Steinborg. Mindre endring
av reguleringsplan.
Vedtak
I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13 og plan- og
bygningslova § 12-14, gjer teknisk sjef følgjande vedtak :
1) Når det gjeld offentleg veg, vert reguleringsplan for Steinborg endra slik at forma til
vegarealet vert i samsvar med søknaden om nytt bunkersanlegg.
2) Føremål offentleg område vert endra til føremål privat tenesteyting ( dette er same
hovudføremål som tidlegare)
I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13 og plan- og
bygningslova § 21-4, gjer teknisk sjef følgjande vedtak :
Samnøy Maskin får rammeløyve og igangsettingsløyve til å riva garasje ( gamal brannstasjon ) og til å
bygga nytt bunkersanlegg på gnr. 168, bnr. 168. Fedje fryseri AS er tiltakshavar.
Samnøy Maskin vert godkjent som ansvarleg søkjar i samsvar med § 22-3 og § 23-4 i pbl.
Søknad frå Samnøy Maskin om ansvarsrett som prosjekterande og utførande vert godkjent.
Lovheimel : §§ 21-4, 22-3, 23-3, 23-5 og 23-6 i pbl.
Alt arbeid vert godkjent som arbeid i tiltaksklasse 1.
Lovheimel : § 9-3 i byggesaksforskrifta.
Samnøy Maskin får i samsvar med § 29-4, 3. ledd punkt a, i plan- og bygningslova, løyve til å plassera
mur 0,5 m frå eigedomsgrensa.
Løyvet har følgjande vilkår :
Kommunen skal godkjenna endeleg plassering av bygget direkte i marka. Lovheimel : § 29-4 i pbl.
Horisontal toleranse på utsett plassering = +- 10 cm. Lovheimel : § 6-3 i Forskrift om byggesak.
Kommunen skal godjenna detaljteikning av mur, før arbeidet tek til.
Sak 001/15. Løyve til deling av eigedom. Tre nausttomter.
Vedtak
I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13, og plan- og
bygningslova § 20-1 punkt m, § 21-4 og § 26-1 gjer teknisk sjef følgjande vedtak :
Mona Adele Instefjord, Jan Normann Olsnes, Vigdis Olsnes Søilen, Sigrid Trygg og Anne Lura får løyve
til å frådela tre nausttomter frå gnr.169, bnr. 2 i samsvar med reguleringsplan for Torvhaugane.
Delinga gjeld område N3 etter planen.
Løyvet gjeld i 3 år. Oppmålingsforretning må rekvirerast før løyvet går ut.
Sak 003/15. Løyve til deling av grunneigedom.
Vedtak
I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13, og plan- og
bygningslova § 20-1 punkt m, § 21-4 og § 26-1 gjer teknisk sjef følgjande vedtak :
Haldis Moldøen får løyve til å frådela ein eigedom frå gnr.172, bnr. 2 i samsvar med delingsplan
datert 22. november 2014. Frådelt areal skal nyttast til tomt for bustad.
Løyvet gjeld i 3 år. Oppmålingsforretning må rekvirerast før løyvet går ut.
Sak 004/15. Løyve til å bygga garasje mv.
Vedtak
I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13 og plan- og
bygningslova § 21-4 gjer teknisk sjef følgjande vedtak :
Samnøy Maskin får rammeløyve og igangsettingsløyve slik det er søkt til å planera tomt, bygga ny
avkøyrsle, mur mot kommunal veg, mur mot felles avkøyrsle og garasje på gnr. 168, bnr. 500. Kris
Aldous er tiltakshavar.
Samnøy Maskin vert godkjent som ansvarleg søkjar i samsvar med § 22-3 og § 23-4 i pbl.
Søknad frå Samnøy Maskin om ansvarsrett som prosjekterande og utførande vert godkjent.
Lovheimel : §§ 21-4, 22-3, 23-3, 23-5 og 23-6 i pbl. Dette gjeld ikkje ansvar prosjektering og utføring
av garasjen, berre arkitektonisk utforming.
Søknad om ansvarsrett for prosjektering og bygging av garasjen vert godkjent. Kris Aldous får
personleg ansvarsrett i samsvar med § 6-8 i Forskrift om byggesak.
Alt arbeid vert godkjent som arbeid i tiltaksklasse 1.
Lovheimel : § 9-3 i byggesaksforskrifta.
Løyvet har følgjande vilkår :
Kommunen skal godkjenna endeleg plassering av bygget direkte i marka. Lovheimel : § 29-4 i pbl.
Horisontal toleranse på utsett plassering = +- 10 cm. Lovheimel : § 6-3 i Forskrift om byggesak.
Med heimel i § 29-2 i pbl, krev kommunen at den visuelle kvaliteten på steinmur skal vera på høgde
med følgjande murar : kai på Stormark ( slutt fylkesveg ), ved kontorbygget til Bukser & Berging og
ved garasje til
E. Horgen.
Sak 002/15. Løyve til å byggja naust.
Vedtak
I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13 og plan- og
bygningslova § 29-4, tredje ledd, punkt b, gjer teknisk sjef følgjande vedtak :
Kari Moldskred Sekkingstad får løyve til å plassera naust i eigedomsgrensa mot gnr. 169, bnr. 1.
I medhald av delegeringsreglement for Fedje kommune, sist revidert i k-sak 021/13 og § 20-2 og § 214 i plan- og bygningslova, gjer teknisk sjef følgjande vedtak :
Kommunen har ingen merknader til søknaden datert 1/2-15. Riving og bygging av naust på gnr. 169,
bnr. 43, kan ta til.
Vilkår for løyvet :
Kommunen skal ha skriftleg melding når tiltaket er gjennomført. Lovheimel : § 21-10 i pbl.
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
ArkivsakID
Vidar Bråthen
FA - X20, TI - &58
14/727
Saksnr
026/15
Utvalg
Type
Dato
Formannskapet
PS
17.03.2015
beredskapsarbeidet i Fedje kommune 2015 - tilsynsbesøk og planverktøy.
32T
Invitasjon til førebuande møte hjå Fylkesmannen i Hordaland 3. mars 2015 i samband med tilsyn med
samfunnstryggleiks- og beredskap (L)(7616)
Milepælsplan v2 revisjon 2015
Saksutgreiing:
Bakgrunn
Beredskapsarbeidet i Fedje kommune.
Føringar:
·
·
·
·
Lov og forskrifter.
Tilsynsbesøk.
Nasjonale og lokale hendingar.
Ramme- og planverk.
·
·
Nytt:
Beredskapsarbeidet er forankra i budsjett og økonomiplan. Positiv omlegging. Ny rutine.
·
·
·
·
Forankring lokalt:
KKL.
Beredskapsrådet.
Kommunestyret.
Øvingar, nasjonale og lokale hendingar og tilsynsbesøk avdekker «svakheter» i vårt planverktøy og
Fedje kommune
organisering. Dette inspirerer oss til nytenkning og aktiv involvering. Nyttig korrektiv.
Vurdering
ROS – analyse.
Generelt:
Det er lagt stor vekt på å byggja opp eit planverk etter same lest / mal. Positiv omlegging.
Nye aktuelle hendingar er omtalt i våre planar. Andre aktuelle hendingar er tona litt ned. Bra!
Vidare har vi forsøkt å imøtekoma merknader / innspel frå tidlegare tilsynsbesøk. Målet har vore å få
til eit ryddig og oversiktleg styrkingsverktøy. Beredskapsplanen innfrir nå minimuskrava frå
styresmaktene våre og alt av delplanar, ROS og andre plandokument er samla i eit eige vedlegg.
Forventa effekt:
Ryddig og tilgjengeleg lokalt planverk.
Kort status for beredskapsarbeidet:
Form / innhald
Investeringar:
Aggregat sjukeheimen
Installering av omnar i alle
kommunale husvære
Brannbil / transport + utstyr
Planverk
Samarbeidsaktørar
Fornuftig og ryddig omlegging ført i penn av samfunnsutviklar
og beredskapskontakt etter samtaler med KKL og
kommuneleiinga.
Gjennomført i år. Politisk initiert. Store forventningar.
Gjennomført.
Planlagt gjennomført i 2015. Utskifting nødvendig. Dette
arbeidet er forankra politisk.
Nytt planverk er ajourført i år. Brei involvering. Ny struktur.
Oppfølging.
Planarbeidet må forankrast i beredskapsrådet og K i løpet av
hausten 2015 for å få med FM sine merknader.
Ein statusrapport vert førelagt beredskapsrådet våren 2015.
Lensmannsetaten og kystverket + HV og andre organ i
forsvarets regi.
Behov:
Nye og oppdaterte samarbeidsavtaler – ikkje minst med
kystverket.
Bruk av kommandorom v/ straumstans.
Tidsplan.
Dette arbeidet bør vera gjennomført sommaren 2015.
Ansvar:
Fedje kommune
KKL
Beredskapsrådet
Kommunestyret
Even og Vidar.
Gjennomgang + nødvendige avklaringar i forkant av
tilsynsbesøket i april. Oppfølging av tilsynsrapport og
planverktøy på ettersommaren 2015. Alt av endringar må
forankrast her.
Oppfølging:
Even og Vidar.
Leggja fram ein statusrapport i første møte i
F/beredskapsmøtet.
Ansvar:
Even og Vidar.
Alt av planarbeid inkl. ROS og tilsyn må forankrast i K hausten
2015.
Dersom merknadene er omfattande, må milepelsplanen
forlengast.
Konklusjon
Saksutgreiinga viser at det er behov for å ajourføre/oppdatere våre beredskapsplanar for å kome
styresmaktene sine krav på ein offensiv og ryddig måte. Administrasjonen legg vekt på å finne gode
svar på dei merknader og utfordringar som sentrale styresmakter stiller.
Forslag til vedtak:
Fedje formannskap / beredskapsråd sluttar seg til rådmannen si oppsummering og forslag til
milepælsplan for det lokale beredskapsarbeidet.
Sakshandsamar, innvalstelefon
Alfa Merethe Sefland, 5557 2115
Vår dato
02.02.2015
Dykkar dato
Vår referanse
2014/15385 350
Dykkar referanse
Fedje kommune
Adm. bygg
5947 Fedje
Invitasjon til førebuande møte hjå Fylkesmannen i Hordaland 3. mars 2015 i
samband med tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Fedje
kommune 8. april 2015 og eventuelt dialog/synfaring 9. april 2015
Vi viser til vårt brev av 28. oktober 2014 med varsel om tilsyn og dialog/synfaring i Fedje
kommune. Temaet for dette tilsynet vil primært vere kommunen si oppfølging av §§ 14 og 15
i sivilbeskyttelseslova, nærare utdjupa i forskrift om kommunal beredskapsplikt.
Vi ønskjer no å invitere kommunen, normalt representert ved den kommunale
beredskapskontakten og/eller rådmannen, til eit førebuande møte m/lunsj i Statens hus,
Kaigaten 9 i Bergen tysdag 3. mars 2015 kl. 10:00 – 12:00.
Viss følgjande dokumentasjon ikkje allereie er sendt oss, minner vi om at kommunen
seinast to veker før det førebuande møtet må sende oss (per e-post):
-
Heilskapleg ROS-analyse
Relevante utdrag av kommuneplanen (samfunnsdel og arealdel)
Overordna krise-/beredskapsplan
Relevante utdrag frå siste utgåve av kommunens styringsdokumentasjon
(organisasjonskart, handlingsprogram, årsplanar, budsjett, årsmelding m.m.)
Annan relevant dokumentasjon
Ferdig utfylt statuskartleggingsskjema (Excel-ark som blei sendt saman med varsel
om tilsyn den 28. oktober 2014)
Underlag sendast på e-post til: [email protected]
I det førebuande møtet vil vi gå gjennom våre forventningar til kommunen innan fagområdet,
samt avklare eit opplegg for sjølve tilsynsdagen og eventuell dialog/synfaring påfølgjande
dag. Kommunens representant(ar) må vere budd på å presentere kommunens arbeid med
samfunnstryggleik og beredskap, og gjere greie for mellom anna oppbygging og struktur i
arbeidet, m.a. organisering, strategiar, målstyring osb.
Statens hus
Kaigaten 9, 5020 Bergen
Telefon: 55 57 20 00
Telefaks: 55 57 28 51
Kommunal- og samfunnsplanavdelinga
Postboks 7310, 5020 Bergen
Org.nr: 974760665
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/hordaland
Det er ønskjeleg at kommunen har med seg oversyn over namn og tittel på dei leiarane med ei
rolle i KKL som det er naturleg å ha individuelle samtalar med i samband med tilsynet.
Fylkesmannen kan likevel be om samtale med andre enn dei personane som blir foreslått.
Dette kjem vi i så fall tilbake til i det førebuande møtet.
Eventuelle spørsmål i forkant for det førebuande møtet kan rettast til Alfa Sefland på tlf.
55 57 21 15, eventuelt Fredrik Arnesen på tlf. 55 57 23 69.
Med helsing
Arve Meidell
fylkesberedskapssjef
Alfa Merethe Sefland
seniorrådgjevar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
2
Samfunnstryggleik og beredskap i Fedje kommune
Status- og milepælsplan - revisjon av beredskapsplanverket 2015
Even Vaular, beredskapskoordinator 10/3-2015
Kva?
Detaljar
Ansvar
Status
Dokumentasjon på
arbeidet med
samfunnstryggleik
og beredskap
(SS&B) i kommunen
Beredskapsplanverk,
delplanar, ROS-analyse,
dokumentasjon frå
kommunen sine
styringsverktøy m.m. sendt
fylkesmannen (FM).
Vidar/Even
Dokumentasjon 23/2-15
tilsendt
Vidar
Møte
gjennomført
Førebuande møte
hjå fylkesmannen
Statusrapport SS&B
førelagt
beredskapsrådet
(B)
Tilsyn frå FM
Oppsummerande
møte v/FM
Førebels / endeleg
tilsynsrapport frå
FM
Plan for oppfølging
av tilsyn
Statusrapport
oppfølging til FM
Beredskapsplan
Ferdig
Tysdag 3/32015
Møte i F 17/32015
Status og vegen vidare
Vidar / Even
Onsdag 8/4-2015. FM gjer
intervju med medlemmar
av kriseleiinga +
beredskapskoordinator
KKL + Even
Onsdag 8/42015
Vidar / Even
Slutten av april
Førebels tilsynsrapport ved
avvik og/eller merknadar.
Endeleg rapport kjem med
svartfrist.
Forpliktande tiltak for
Vidar / Even
oppfølging av eventuelle
avvik og/eller merknader.
Politiske vedtak om
oppfølging av evt
avvik/merknader krev det.
FM skal haldast oppdatert Vidar / Even
på framdrifta for
oppfølginga
Ferdigstilling og forankring
iB+K
Heilskapleg ROSFerdigstilling og forankring
analyse
iB+K
Øvrig
Forankring i B + K i dei
beredskapsplanverk tilfella politisk vedtak er
påkrevd.
-
Frist kjem fram
av
tilsynsrapport
Vidar / Even
Frist /
prosedyre
kjem fram av
tilsynsrapport
Hausten 2015
KKL + Even
Hausten 2015
KKL + Even
Hausten 2015