Dyrskun Håndverkstevling

SELJORDUTSTILLINGA
144 ÅR
HUSFLIDSTEVLINGA
10. – 12. SEPTEMBER
Husflidstevlinga Dyrsku’n speglar dei rike husflids- og handverkstradisjonane rundt om i landet. Du er med dette invitera til å
sende inn arbeid til tevlinga 2010.
MÅL
Husflidstevlinga Dyrsku’n skal ta vare på:
•
Tradisjon
•
Nyskaping
•
Kvalitet
•
Breidde og mangfald
FORM
Husflidstevlinga Dyrsku’n er ei open tevling
der alle kan ta del. Her er både dei som har
det som hobby og dei som driv profesjonelt velkomne til å delta.
KLASSER
Klasseinndeling innan tekstil, tre, sylv
- Handverk:
Utøvarar som sender inn arbeid i handverksklassa vil få ei vurdering av dei
handverksmessige kvalitetane til arbeidet. I denne klassa er det ikkje sett krav
til at utøvaren skal ha komponert mønsteret til arbeidet sjølv.
- Formgjeving:
I formgjevingsklassa må utøvaren ha
vore med i arbeidsprosessen frå ide til
ferdig arbeid. Det er mogleg å melde på
arbeid der fleire har arbeidd saman.
.
Klasseinndeling rosemåling
- elite
- rekrutt
Kniv og smiing har ingen klasseinndeling.
KATEGORIAR med undergrupper
• TRE
- Treskjering
- Dreiing
- Møbel
- Andre teknikkar som sveiping, lagging,
neverarbeid o.l.
- Eksperimentell form
• TEKSTIL
- Maskearbeid
- Toving
- Brodering
- Vev
- Saum
- Bunad
- Eksperimentell form
• KNIV
- Brukskniv
- Staskniv
- Eksperimentell form
• SMIING
- Eggverktøy/verktøy
- Kunstsmiing
- Eksperimentell form
• SYLV
- Filigransarbeid
- Gravering
- Smiing/korpus
- Smykke
- Eksperimentell form
• ROSEMÅLING
w w w . d y r s k u n . n o
SELJORDUTSTILLINGA
144 ÅR
REGLAR
• Kvar deltakar kan sende inn maksimum tre arbeid i kvar kategori.
• Dei innsende arbeida må vera innanfor dei kategoriane og undergruppene det
vert tevla i.
• Dei innsende arbeida må vera laga/gjorde ferdige i 2008-10.
• Ein kan ikkje ta del i tevlinga med arbeid som har vore stilte ut på premierte
tevlingar tidlegare.
• Alle arbeida må vera arrangøren i hende innan innleveringsfristen.
• Tevlinga har deltakaravgift på kr 200. Denne blir fakturera etter påmelding.
• Ein kan ikkje melde same arbeid på i begge klassene (handverk og formgjeving).
• Dei beste arbeida vert premierte.
• Husflidsutstillinga Dyrsku’n viser dei beste arbeida frå tevlinga.
• Dyrsku’n Arrangement AS føreheld seg rett til å bruke bilde av produkt til
marknadsføring.
FORSIKRING
Arbeid som vert sende inn til tevlinga er forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS.
Dette gjeld frå produkta er mottekne av oss, til produktet vert levert/sendt attende til
eigar. Postgangen er ikkje forsikra.
NYSKAPINGSPRISEN
Det vert også i år delt ut ein Nyskapingspris med mottoet ”Nye skot frå gamle røter”.
STIMULERINGSPRISEN
Prisen vert dela ut til ein handverkar som utmerkar seg med godt arbeid.
Sponsor for prisen er Seljord Sparebank.
SÆRUTSTILLING
Maskedesigen – strikking og hekling - av Tine Solheim. Ein fargerik designar som har
levera kreasjonar til kjendisar og kongehus. Ho har og utgitt to bøkar innanfor feltet.
GONGESTOGO
Her viser Vest-Telemark museum i år ei særutstilling om dåp og dåpsutstyr.
PÅMELDINGS- OG INNLEVERINGSFRIST 23. AUGUST
Påmeldingsskjema ligg ute på www.dyrskun.no, send det på e-post eller pr. post i eigen
konvolutt – ikkje saman med produktet.
HENTING AV ARBEID:
I hall B: kl. 17.00 til 20.00 dyrsku-sundagen og måndag og tysdag i veka etter.
SPØRSMÅL kan rettast til: Dyrsku’n Arrangement AS v/ Marit Mæland,
tlf. 35 06 57 73 / 917 51 390 e-post: [email protected]
Velkomen som deltakar på Husflidstevlinga!
DYRSKU’N ARRANGEMENT AS
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
telefon 35 06 57 70 – telefaks 35 06 57 84
e-post: [email protected]
Nye opningstider : 09.00 – 20.00 (18.00)
w w w. d y r s k u n . n o
Fotograf: David T. Fjågesund, Øystein Køhn og Leif Jamtveit ::: Grafisk design: DECOsign as ::: Trykk: Erik Tanche Nilssen
10. – 12. SEPTEMBER