Nr 5 - 2013 Kyrkjeblad for Fjell

FJELL
Med ønske om ei
Nr 5. 2013
kyrkjeblad
velsigna adventstid
Innhald
No nærmar det seg! Kvart einaste år gler
meg til adventstida! Desse dagane som er
fylte av glad forventing, hemmelege
overraskingar og høgtlesing i skinet frå
levande lys medan vi kosar oss med kakao,
peparkaker og mandarinar.
Og kvart einaste år vert eg innhenta av
realitetane: Hus som skal vaskast, gåver
som skal kjøpast inn, kaker som skal bakast
og dukar som skal strykast. Med meir.
Mykje meir. Ei sjølvpålagt liste over
gjeremål som «må» fullførast før jul, og
som fører til at det likevel ikkje er dei
verdiane eg set høgast som får prege dagane mine.
Kva verdiar ønskjer du skal prege adventstida heime hjå deg? Kan fokus på verdiane
dine få konsekvensar for korleis du vil bruke
tida di eller pengane dine i tida fram mot
jul?
Kanskje det å lese om gjenbrukskveld i Fjell
kan la deg inspirere til å arrangere
I denne utgåva:
Gjenbrukskveldar
Side 4
Jul i kyrkjene
Side 6
Ein annleis adventskalender
Side 7
Impuls Experience
Side 8
KM KLUZZ i Foldnes
Side 9
Glimt frå HalloVenn
side 16
I kyrkjebladet finn
du tidspunkt for flotte konsertar, fine
gudstenester og mykje anna å delta på i lag
med nokon du er glad i.
Eg ønskjer alle god lesing og ei meiningsfull
og god adventstid!
Annlaug Børve
Nytt fra soknerådet & driftsstyret
Vurdering av soknestruktur. Fristen for å gi
uttale til høyringa vedrørande soknestrukturen
i Fjell gjekk ut 1. oktober. Soknerådet vil
handsame sak om soknestrukturen i Fjell i
møte 11. desember.
Ungdomsarbeidet og givartenesta er viktige
satsingsområde for soknerådet. I tråd med
dette gjennomførte soknerådet ein givaraksjon
til ungdomsarbeidet på soknerådsmøtet 16.
oktober. Soknerådet fekk til saman lovnad om
kr 42 000 årleg ved denne aksjonen, og sender
si varmaste takk til alle nye og ”gamle” faste
givarar til ungdomsarbeidet i Fjell.
Foldnes gravplass vart vigsla 6. oktober, og
gravplassen er teken i bruk.
Nye gravplassvedtekter er vedtekne.
Vedtektene skal godkjennast av bispedømerådet, og vil truleg tre i kraft 1.
januar 2014.
Kristina Ekerhovd-Ottersen er
tilsett som ny medarbeidarkoordinator i 50 % stilling frå
1. januar 2014.
Ho kombinerer stillinga med
informasjons- og
innsamlingsarbeidet i soknet.
Fjell sokneråd ønskjer Kristina velkomen også
som medarbeidarkoordinator i soknet.
Soknerådet har arbeidd med fleire prosjekt i
kyrkjene og på gravplassane i soknet. Store
prosjekt som er ferdigstilte er nye vindauge og
glaskarmar i Fjell kyrkje, nytt tak på
dåpssakristiet samt maling av kyrkja. I Foldnes
er arbeidet med fasaden i denne omgang
ferdigstilt. Mindre prosjekt er nye
videokanonar i Foldnes og Landro, og utviding
av teleslynga i Landro kyrkje.
Prosjekt som er i gang, og som skal vere ferdige
innan utgangen av 2013 er nytt nøkkelsystem
og trådlaust nett i alle tre kyrkjene.
Når det gjeld gravplassar, er arbeidet med
utviding av Kleivane gravplass er sett i gang.
Det er Fjell kommune som er byggherre og
prosjektleiar for utvidinga.
Kyrkjeblad for
FJELL
Utgjevar
Fjell sokneråd
Kyrkjeblad for Fjell kjem
ut 5 gonger i året og
kostar
kr 150,- pr. år.
For utanbygds:
kr 200,-.
Bankgiro, Kyrkjebladet
8580.14.09461
Bankgiro, Fjell sokneråd
8580.14.09453
Ansvarleg redaktør
Annlaug Børve
Redaktør
Kristina EkerhovdOttersen
Redaksjon dette
nummer
Annlaug Børve
Kristina EkerhovdOttersen
Grafisk design
Apelthun House Ltd.
Trykk
Bodoni AS
Forsidebilde
Kristina
Ekerhovd-Ottersen
Kyrkjekontoret
Postboks 184
5342 Straume
Telefon
55 09 74 40
Faks
55 09 74 41
Nettadresse
www.fjell-kyrkjelyd.no
www.kyrkje.com
Besøksadresse
Tytebærbrekko 2,
"Temahuset"
M
1
24
2 Fjell Kyrkjeblad Nr 5. 2013
Ø M E R KE
T
ILJ
9
Trykksak 6
9
Leiar
gjenbruks-julegåveverkstad saman
med naboar, familie
eller kollegaer?
La gjerne artikkelen
om NMS sin
gjenbruksbutikk på
Møvik vekkje
miljøengasjementet
ditt, og føre mange
brukte gåver under
treet ditt julaftan.
Du kan og få tips til
ein annleis adventskalender, der det å
gjere noko kjekt i
lag med andre står i
fokus.
Andakta
Venner for livet?
I 2013 har vi ungdomsår i Bjørgvin
bispedøme. I møta våre med ungdom
hentar vi ofte fram dette biletet som står
saman med andakten. Det passar som
hand i hanske med juleevangeliet.
Biletet viser Jesus og den egyptiske
munken Menas frå ca. år 600. Det blir
gjerne kalla «Jesus og vennen hans» og
heng i dag i Louvre i Paris.
Ofte når Jesus blir skildra i kunsten er han
tydeleg større enn menneska som omgir
han. Men i dette biletet er dei jamlike.
Jesus og munken er omtrent like høge, og
Jesus legg handa si rundt munken sine
skuldrer. Dei er venner og går vegen
saman.
Dette er eit bilete om som fell i god jord
hos ungdom, fordi det viser venner som
bryr seg om kvarandre, der den eine ikkje
gjer seg stor på den andre sin kostnad.
Jesus vil ikkje vere fjern, men nær. Jesus
vil ikkje vere eit uløyst mysterium, men
ein venn som gir seg til kjenne og vil vere
den fortrulege følgjesveinen gjennom
livet vårt.
Biletet minner oss om Jesu ord i
Johannesevangeliet: «Eg kallar dykk ikkje
tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva
herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for
eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far
min». (15,15)
Då Jesus blei fødd og
lagd i krubba, blei
noko av Gud sjølv
overgitt i hendene
våre. I Jesus kom Gud
oss så nær som det er
mogeleg. Han blei ein
av oss, ein bror og ein
venn.
Ungdom i dag, som
ungdom i går, er
opptekne av
vennskap. Mange har
nære vennar som
betyr mykje for dei,
men mange har også
opplevt at vennar
sviktar. Somme veit
kanskje ikkje om dei
har ein verkeleg
venn.
I ungdomsåret 2013 har det vore målet
vårt at ungdom, og alle andre, skal få
høyre at det her og no finst ein som alltid
og under alle forhold vil vere vennen
deira, slik han var det for munken Menas
for mange hundre år sidan. Jesus er ein
venn som ikkje sviktar og som aldri blir
klok av skade.
Kan du sjå at munken skjeglar litt med
venstre auge? Det er neppe ein glipp frå
målaren si side. Med eitt auge ser han
mot Jesus og med eitt auge ser han på
vegen som ligg framfor. Slik fortel biletet
noko om kva det er å vere ein kristen.
Speler Gud ei rolle i livet ditt? Betyr Jesus
noko for deg? Viss ikkje, er det bra at du
les dette og får sjå biletet av Jesus og
vennen hans. Jesus er vennen som aldri
gir oss opp, heller ikkje når vi går bort.
Ville det ikkje vore fint å vere vennen
hans?
Halvor Nordhaug
Biskop i Bjørgvin
Konfirmantjubileum!
Søndag 13. november var det
jubileumfest i Fjell kirke. Fem ulike
årskull 40 års jubilanter, 50 års og 60 års
jubilanter og 70års og 75 års jubilanter
feira konfirmantjubileum etter
gudstenesta, med god mat og gledelege
gjensyn.
40 års jubilanter
75års jubilanter
50 års jubilanter
60 års jubilanter
70 års jubilanter
Nr 5. 2013 Fjell Kyrkjeblad 3
Kyrkjeliv
Misjonsgudsteneste i Foldnes
Sundag 22. september feira me misjonsgudsteneste i
Foldnes kyrkje med eit ekstra fokus på misjonsprosjektet
til kyrkjelyden og gode kaker.
Foldnes kyrkjelyd støttar eit misjonsprosjekt i Mali drive av
Normisjon. Denne sundagen fekk me stor-fint besøk av
Bjørn Malvin Hisdal og Berit Bakke frå
misjonsorganisasjonen.
Bakke har budd og arbeidd i Mali og Hisdal er regionleiar
for Normisjon i Hordaland.
Foldnes har i fleire år støtta bibelskulen i Bafoulabè som
driv med leiartrening og bibelundervisning. Mykje av
tidlegare informasjon og smittande engasjement har kome
frå tidlegare kyrkjelydsprest i Foldnes, Harald Fylling, som
og har jobba som rektor på bibelskulen i Mali.
Me hadde behov for ny informasjon, oppdatering og ikkje
minst inspirasjon til vidare givarteneste og engasjement
rundt prosjektet.
Berit Bakke gav oss dette. Ho snakka med eit stort hjarte
om folket, prosjektet og landet. Ho viste oppdaterte bilete
både under kollekttalen og på kyrkjekaffien og kunne og
oppdatere oss på dei politiske tilhøva i landet.
Mali har sidan 2011 vore igjennom ein svært uroleg tid,
noko som og har påverka bibelskulen. Dei norske
misjonærane som jobba på skulen måtte etter
militærkupp i landet i 2012, evakuere til Senegal. Til alt
hell stod ein kamerunsk misjonær frå samarbeidskyrkja til
Normisjon klar til å bli rektor på bibelskulen. Han vert
omtalt som redningsmannen for skulen.
Bibelskulen treng forbøn og midlar til å drivast. Det er
fantastisk at me på Sotra får vere med på dette! Om du
ikkje alt er fast givar til prosjektet så meld deg på!
Meir informasjon om prosjektet og tilhøva i Mali, kan du
finne på www.normisjon.no og i informasjonsskriv om
gjevarteneste i kyrkjene.
Foto og tekst: Maria Wergeland
Gjenbrukskveld
- nye skatter av gammelt tøy
Ein måndag i månaden møtest ein gjeng kreative
damer i kyrkjelydshuset i Fjell kyrkje. Her tar dei
med seg blant anna symaskiner og gamle kle. Her
blir gammalt tøy til nye skattar.
Initiativtakarane bak desse kveldane er Inger
Nelly Skoge, Gerd Synnøve Lie Nygård, Linda
Lie Holgersen og Rita Lie Nese. Dei starta
gjenbrukskveldar hausten 2012, som eit tiltak for ei
grønare kyrkje og fordi dei er glade i å sy.
”Det er 2-3 andre som òg pleier å møte. Vi har det
veldig kjekt og vil gjerne ha med fleire!” seier Inger
Nelly.
Her tar ein med seg det ein sjølv vil arbeide med, og så kan
ein gje kvarandre gode idear. Ein gensar blir til skerf og pute,
og tre kjolar til ein ny gensar. Og det treng ikkje berre vere
sytøy. Ei av damene har tatt med seg nokre plankar frå ei
tønne, som blir omskapt til stilige lysestakar til veggen.
4 Fjell Kyrkjeblad Nr 5. 2013
Grøn kyrkje
NMS Gjenbruk Sotra
Har du besøkt gjenbruksbutikken på Møvik? Har du sett alt det
vakre, spanande, nyttige som finst der? Gamalt og nytt,
nostalgisk og moderne. Kjem du inn, vil du bli overraska over kor
mykje fint og verdifullt der er. Du vil finna nyttige og vakre ting i
alle kategoriar. Det kan nok henda at du ikkje finn det du er på
leit etter første gongen du kjem innom. Men då er det berre å
prøva fleire gonger!
Dersom du vil gjera ein innsats på butikken, som
butikkmedarbeidar, som ”ryddar”, som ”transportør”, eller anna,
ta kontakt med leiar i styret, Ragnhild Andersland, mob. 996
95 977.
NMS Gjenbruk Sotra har tlf. 415 93 938.
Les om NMS Gjenbruk på www.nms.no/gjenbruk og klikk deg
fram til butikken på Sotra
Korleis det har seg at det finst så mykje forskjellig?
Alt det vi har, er slikt folk gir oss. Ting dei kanskje hadde tenkt å
kasta, men så høyrde dei om gjenbruksbutikken og tenkte at det
var visst for brukbart til å kasta, kanskje dei kan ha det på
Møvik? Det kan vi, svært ofte!
Tekst og foto: Alvhild Vassel Eide
Og alle desse som er butikkmedarbeidarar på butikken, kven er
dei? Det er nok ikkje mange av dei som har lang erfaring som
butikkmedarbeidar, men dei synest dette er ein heilt flott måte å
bruka noko av tida si på. Dei likar å vera saman med folk, dei
likar gjenbruk og dei synest om gamle og brukte ting, spesielt
når dei kan koma til nytte for andre!
Kva går pengane til?
Pengane går til noko av alt det misjonsarbeidet Det Norske
Misjonsselskap (NMS) driv i mange land i verda! Tenk, det vi ville
kasta, blir til hjelp for dei som treng det aller mest! Det er flott!
Styret i NMS Gjenbruk Sotra vil takka for den varme velkomsten
butikken har fått og ønskja velkommen innom, rett som det er!
Dersom du har varer du kunne tenkja deg å levera, ta kontakt
med Sigrunn Bergsvik, mob. 948 18 938.
I løpet av kvelden har dei ei kaffepause med noko godt å
tyggje i. Og på bordet ligg det hobbybøker og gode idear.
Eg kan anbefale alle som synes likar å vere kreativ eller
som ønskjer å lære å sy, til å ta turen på desse kveldane.
Her bli ein inspirert berre av å sjå på dei flinke damene!
Dato for Gjenbrukskveldane i 2014:
20. januar, 17. februar, 17. mars, 28. april og 19.mai.
Gerd og Gunn, to av medarbeidarane i NMS Gjenbruk Sotra,
ved eit av dei flotte utstillingsborda.
Ta med deg det du har av
gamle skattar og gje dei nytt
liv på gjenbrukskveldane J
Tekst og foto:
Kristina Ekerohvd-Ottersen
Nr 5. 2013 Fjell Kyrkjeblad 5
På plakaten
Jula i kyrkjene 2013
Fjell kyrkje
Julaftan kl. 14:30 Julaftans gudsteneste
ved sokneprest Maria Tveten
Julaftan kl. 16:00 Julaftans gudsteneste
ved sokneprest Maria Tveten
Juledag kl. 12.00 Høgtidsgudsteneste
m/ nattverd ved Petter EkerhovdOttersen
2. Juledag kl. 11.00 Høgmesse m/ dåp
ved prost Erling Kopperud
Romjulsgudst. 29.12 kl 11:00 Høgmesse
m/ nattverd og dåp ved Terje Aannerød
Landro kyrkje
Julaftan kl. 14:30 Julaftans gudsteneste
ved Bjarte Nese
Julaftan kl. 16:00 Julaftans gudsteneste
ved Bjarte Nese
Juledag kl. 12.00 Høgtidsgudsteneste
m/ nattverd ved Maria Tveten
Nyårsdag kl 11:00 Høgmesse m/nattverd
ved Terje Aannerød
Foldnes kyrkje
Julaftan kl. 14:30 Julaftans gudsteneste
ved Petter Ekerhovd-Ottersen
Julaftan kl. 16:00 Julaftans gudsteneste
ved Petter Ekerhovd-Ottersen
Juledag kl. 12.00 Høgtidsgudsteneste
m/ nattverd ved Bjarte Nese
Lysmesser
med organister og
konfirmanter
Søndag 8. desember
klokken 18.30
i alle tre kyrkjene.
Hjarteleg velkomen!
JULESPEL
VELKOMEN
på julespel
Konserten er i
Fjell kyrkje
7.desember
kl 18:00
Medvirkande:
Nordre Fjell
barne- og Tweenskor,
Fjell barne- og tweenskor,
“Koret for de store” fraFoldnes,
Tensing Lukas kor + 2 Tensingband,
prosjektkor og
prosjektband
Ansvarlege:
Eline Olsen
& Endre Dåvøy
Nyårsaftan 31.12 kl 23:15 Høgmesse
ved Petter Ekerhovd-Ottersen
Turøy Bedehus
2. juledag kl 11.00 Høgmesse m/nattverd
ved Helge Unneland
Vi syng jula inn
Landro kyrkje
sundag 15. desember kl. 17.30
Med bl.a. Sotra storband
Fjell kyrkje
sundag 22. desember kl. 17.30
Organist og lokale aktørar
Foldnes kyrkje
sundag 22. desember kl. 17.30
Julefester
Det vert tradisjonelle julefestar i
dei tre kyrkjene ma. juletregong,
bevertning og underhaldning.
Landro kyrkje
laurdag 5. januar kl. 16.30
Fjell kyrkje
laurdag 5. januar kl. 16.30
Foldnes kyrkje
sundag 6. januar kl. 16.00
6 Fjell Kyrkjeblad Nr 5. 2013
Konserter:
”Evensong” etter anglikansk tradisjon
3.des i Fjell kyrkje
”Julekonsert”
17.des i Fjell kyrkje.
”Vi syng jula inn”
22.des i Fjell kyrkje.
Vil du syngje i kor?
Vi øver hver tirsdag kl.19.00-21.30
i kyrkjelyssalen Fjell kyrkje.
Styreleiar
Hans Kristian Hornnes, mob. 473 18 005
Dirigent Olav Sørheim, mob. 926 15 988
I adventstida
Ein annleis adventskalender
Her kjem eit forslag til ein annleis adventskalender,
som kan vere ei fin måte å skape ei forventningsfull og
koseleg adventstid for heile familien. I staden for ein
dyr pakkekalender eller sjokolade kvar morgon, kva
med ein aktivitetskalender der heile familien kan
førebu seg til jula saman? Her treng ikkje mor eller far
å ha alle lappane klare før 1. desember.
Adventsmånaden kan vere ein travel månad, og då
passa det kanskje best at aktiviteten for dagen vert lagt
i krukka kvelden før.
Første desember kan man for eksempel byrje med å
henge opp englar til pynt. Andre aktivitetar kan vere:
ӦӦ Bake éin eller fleire av de sju sortane.
ӦӦ Lage dorullnisse eller anna julepynt
ӦӦ Gå tur og plukke kongler, mose og pynt til
juledekorasjonar
ӦӦ Lage julekort og Til- / Frå- lapper
ӦӦ Pusse sølvtøyet og stryke juledukar
ӦӦ Lage krans til ytterdøra
ӦӦ Sjå ein julefilm saman
ӦӦ Pepperkakebaking
ӦӦ Kva med ein tur på biblioteket for å finne ei god
julebok?
ӦӦ Lære julesongar
ӦӦ Tenne adventskransen med kakao og nybakte
bollar til.
ӦӦ En bytur med litt julegåvehandel
ӦӦ Dersom det er snø; kva med å lage julelykt utanfor
vindauget?
Oppskrift på pepperkaker
Foto: Maria Helstrom Flickr.com
150 g brunt sukker
150 g mørk sirup
150 g smør
450 g mel
1/2 ts kanel
1/2 ts kardemomme
1/2 ts pepper
1/2 ts natron
2 egg
Varm sukker og sirup i en kjele. Ta av kjelen og ha i
smøret. Rør til det smelter. Rør sammen melet og
krydderet, og rør det inn i sirupen. Rør eggene inn til
slutt. Legg alt i kjøleskapet i 30 minutter,
slik at deigen setter seg.
Kjevle til 3 - 5 mm tykkelse,
og kutt ut flotte figurer med ulike former.
Stek på 180 grader i ca 20 min.
ӦӦ Bake lussekatta og gå Lucia
ӦӦ Kjøpe julenek saman og henge det opp utanfor
kjøkkenvindauget
ӦӦ Lage nokre morosame marsipanfigurar med fargar,
rosiner eller dyppa i sjokolade.
ӦӦ Lage sjokoladekaramellar, sjå oppskrifta nedanfor
ӦӦ Ha den store vaskedagen saman. Utruleg kor mykje
som vert unnagjort på ein time om alle er med!
ӦӦ Gå på ein av julekonsertane i kyrkja saman
ӦӦ Støype lys
ӦӦ Lage pepperkakehus
ӦӦ Hogge årets juletre
ӦӦ Gå på skøyter
ӦӦ Spele spel og drikke kakao
ӦӦ Pakke inn julegåver og kanskje gå på adventsbesøk
til nokon med årets julehelsingar
ӦӦ Lage julegåver: Kva med å fylle nokre dekorerte
krukker med heimelaga julegodt eller
pepperkaker?
Lappane kan for eksempel leggast i ei krukke med
et lilla juleband på eller dei kan henges opp som
nummererte lappar på ein dekorativ grein. Her er
det berre å sleppe kreativiten laus.
Ønskjer dykk alle ei minnerik og velsigna
adventstid!
Kristina Ekerhovd-Ottersen
Oppskrift på
sjokoladekarameller
ca. 40 stk
210 g sukker
210 g glukose
30 g saltet smør
3,3 dl kremfløte
90 g 70% mørk sjokolade
Kle en ildfast form med bakpapir. Finhakk sjokoladen. Bland alt bortsett fra sjokoladen, og kok det
til 116 grader mens du av og til rører i bunnen av
kjelen. Tilsett den finhakkede sjokoladen, og rør det
hele godt sammen.
Hell massen i den ildfaste formen,
slik at den blir 1 cm tykk og sett til avkjøling i
romtemperatur. Dagen etter kan den skjæres eller
klippes i biter. Pakk karamellene i cellofan,
og oppbevar dem tørt.
Nr 5. 2013 Fjell Kyrkjeblad 7
Ungdom
”Den beste dagen i mitt liv!”
guteseminaret, nokre brukte halvannen time på
leikeseminar og korleis ein konstruktivt kan bruke leik i
ungdomsarbeidet. Andre tok turen ut på friluftseminar,
medan andre fekk meir innsikt i kvifor vi brukar tid i
tilbeding eller korleis møte utfordringar vi har i
ungdomsarbeidet?
”Så dyp en kjærlighet…” lyder det frå Foldnes kyrkje når
teamet frå impuls leiar lovsong ein laurdags morgon i
oktober. Ein heil dag var om lag 100 ungdomar frå
Askøy, Fjell, Sund og Øygarden samla. Først i Foldnes
kyrkje til forkynning, aktivitetar, seminar og lovsong.
Deretter i Fjell kyrkje på kvelden, til eit møte kor vi blei
utfordra til å gje av våre ressursar til dei som treng det
meir enn oss.
På seminar kunne ein
lære meir om viktige og
aktuelle spørsmål, for
korleis ser vi jentar på
oss sjølve og på andre?
Gutane kunne sende
anonyme spørsmål til
leiaren av
Alle fekk og høve til å bli kjend med nokre nye
menneskje når det var teambuildingsaktivitetar
utandørs.
”Den beste dagen i mitt liv!”, sa ein gut etter å ha brukt
laurdagen sin på impuls experience.
Betre kan vi ikkje få det!
Tekst: Maria Tveten
Vår visjon er at unge skal bli kjend med Jesus og vekse i trua!
Helsing Ungdomsteamet: Maria Tveten, Andreas Danholt, Hanne Alfsen, Beate Sørhus og Astrid Myskja
Kontonnr: 8580.14.15607 Merk: Ungdomsarbeidet i Fjell
Adventsfesten 2013
Er det ein link mellom ungdomane i Fjell kyrkjelyd, advent og fest?
JAAAA! Tradisjonen tru vert det adventsfest i Fjell kyrkje, laurdag 14.
desember kl 1900.
Dette er for ungdomar som går på ungdomsskulen og oppover, har ein
link til kyrkja og som ønskjer ein minneverdig laurdag som vil vare langt
ut i 2014. Vi lovar festmiddag, god underhaldning, andakt og lovsong og
mogelegvis ein overrasking!
Meld deg på til ungdomsprest Maria Tveten (45063016) eller på
facebook.
Så kle deg i stasen, ta med deg noko god mat å dele med dei andre og
du er klar for ADVENTSFESTEN 2013!
8 Fjell Kyrkjeblad Nr 5. 2013
Barn & Unge
BLI MED PÅ
Annankvar tysdag ettermiddag myldrar det av liv
i og utanfor Foldnes kyrkje! Her kjem det folk frå
ulike stader i Fjell, for å ete middag i lag, leike og le,
prate og drikke kaffi. Nokre kjem ekstra tidleg for å
gjere leksene før middag.
Etter å ha ete, kan ein gå til ulike
aktivitetar; Nokre tar med seg familien og går ut
til speidargruppa. For dei minste er Knøttesong
populært, og i Gruppa for dei store (frå femte
klasse og oppover) boltrar dei seg med kreative
formingsaktivitetar. Nokre trivst best med frileik og
perling - eller prat over ein kopp kaffi.
Til slutt samlast alle, anten dei har vore
på ein aktivitet eller ikkje, til ei lita samlingsstund
inne i kyrkjerommet, der vi tenner lys, høyrer ei
bibelforteljing og avsluttar med ein song.
Det er Fjell KFUK/
KFUM og kyrkja i Fjell
som arrangerar KLUZZ.
Anten du kjem åleine
eller saman med
nokon, er du velkomen
til å bli med på KM
KLUZZ.
Middag, dessert og kaffe
er høgdepunkt på KLUZZ!
Tid: Sånn omlag
annankvar tysdag,
frå 16.30 til 18.45. Kyrkja er open frå
klokka 15.00.
Det er inga påmelding.
Pris for middag og
dessert:
Kr 20,- for barn og
40,- for vaksne.
Siste KM KLUZZ
før jul er
tysdag 19. november!
Vi byggjer legotårn for
å sjå kor mange barn og
vaksne det er på KLUZZ.
Alle som ønskjer å
vere med er hjarteleg
VELKOMEN!
Nr 5. 2013 Fjell Kyrkjeblad 9
Glimt frå T-dagar
T 4 Fireårsbok
T6 - skulestartdag
Når: 1. september
Stad: I Foldnes, Fjell og Landro kyrkje
Med: rundt 30 spente fireåringar
+ familie og fadrar
Tema: Jesus er min besteven
Når: 20., 21. og 22. august
Stad: I Foldnes, Landro
og Fjell kyrkje
Med: Rundt 50 barn og like
mange vaksne
Tema: Noah og ny start
Middag, dramaforteljing,
kortverkstad og kveldssamling.
Frukost, songstund,
familiegudsteneste, utdeling av
fireårsbok og til slutt kyrkjekaffi.
T 7 - Pilegrimsvandring
Når: Fredag 27 . september
Stad: Fjell kyrkje
Med: 27 sjuandeklassingar + Maria
Magdalena, Lukas, Sakkeus og andre
bibelske personar
Når: 15. september
Stad: Frå Morland
til Fjell kyrkje
Med: 24 andreklassingar
og mange medvandrarar
Tema: Emmausvandrarane
T 12
Tema: ”På sporet av Jesus”
Vi hadde vandring
med pilegrimsoppgåver, før ei
samling i kyrkja.
Der vart det pizza og
filmen”Kyrkjerottene”
Dagen var fylt med blant anna
dramaforteljingar, rebusløype, ringdans,
musikk, ”fest hos Sakkeus”
og kveldsavslutning.
Vi avslutta dagen
med ei
familiegudsteneste
med pilegrimspreg.
T 14 - Kick off
4.september var alle dei tre kyrkjene våre
fulle av fjortenåringar og deira foreldre. Her
fekk dei ein presentasjon av kva ein kan
vente seg som konfirmant i Fjell kyrkjelyd!
I tillegg var det andakt, drama og prat over
kaffi og skillingsbollar.
Tensing Lukas hadde ein «mini-turné» og
rakk innom alle tre kyrkjene i løpet av
kvelden. Dei imponerte stort med
framføringa si!
10 Fjell Kyrkjeblad Nr 5. 2013
Invitasjon til T-dagar
T1+
T8
Alle ettåringar (født i 2012)
og foreldre er velkomne på
julevandring i kyrkja si:
T-dag for alle dykk som går i 2. klasse,
på planleggingsdagen 7. februar.
• Foldnes 3.des
• Landro kyrkje 4.des
• Fjell kyrkje 5.des
kl 16.30 - 17.45.
Det blir servering av
kringle, saft og kaffi.
Møt gjetarane og sauane på Betlehemsmarka.
Finn vi engelen, den store stjerna og barnet i krubba?
T2
Tema: Gud skapar – vi lagar.
Med toving, maling, lego, og
song, dans og drama. Ute
vert det miljøløype i
samarbeid med FjellVAR.
Felles middag for heile
familien, og finale der
ungane viser mykje av det
dei har gjort igjennom
T8-dagen. Velkomen!
T9
Laurdag 30. november
kl. 15-17.30 i Foldnes kyrkje
Viktig melding til alle tredjeklassingar:
Velkomen til T9/Tårnagenthelg i Fjell, Foldnes og Landro
kyrkje laurdag 25. og søndag 26. januar.
Tema: ”På fanget til Jesus”.
Det blir forteljing, songar,
musikk, sanserom og ein enkel
formingsaktivitet.
Program: Mange spanande (og strengt hemmelege)
agentoppdrag (til dømes ”oppdrag tårn”),
bursdagsfest for kyrkja, agentgudsteneste og mykje
meir.
Vi serverer graut og saft,
og har ein kort avslutning i
kyrkjerommet.
Foreldra kan melde seg
som englevakter!
T3
Kontaktperson:
Sjefsagent T007
(Elisabeth M. Jung,
tlf 55 09 74 62)
Laurdag 30.nov kl 11.00-13.30
er treåringane i Fjell inviterte til
T3-dag i Foldnes kyrkje.
Bli med inn i adventstida med
aktivitetsgrupper, risgrøt og
myldregudsteneste.
T 15
Velkomen!
T15-OnSide for alle
konfirmantar
i Bildøyhallen og Fjell kyrkje
laurdag 15.februar.
T5
T5-dagen for alle som fyller 5 år 2014 blir 19. februar.
Vi startar med middag kl. 16.15.
Det vert fellessamlingar og grupper med flinke
forteljarar som lar oss
oppleve bibelhistoria om
sauen som blei borte og
funnen igjen.
Det blir kortverkstad og ei
kveldssamling til kl.18.45.
T5 er ein kjempekoseleg
T-dag. Velkomen!
Her blir det
idrettsturnering og
mange spennande
seminar som kor, dans,
drama, kunst, foto m.m.
T15-gudsteneste på
søndagen i Fjell kyrkje.
For spørsmål eller meir info: Ring 55 09 74 40
og spør etter Elisabeth, Astrid eller Rannveig
For påmelding:
www.tdagen.no
Nr 5. 2013 Fjell Kyrkjeblad 11
Velkomen til gudsteneste
Dato
Kyrkjeårsdag
KyrkjeKl.
GudstenestePrestTakkoffer
17.11
17.11
17.11
26. sundag i treenighets-
tida
Fjell kyrkje
11:00
Landro kyrkje
11:00
Skjærgardsheimen 12:00
Høgmesse / dåp
Høgmesse / dåp/nattv
Høgmesse / nattv
Aannerød
Nese
Ekerhovd-Ottersen
Krik Norge
eige arbeid
24.11
Kristi
Fjell kyrkje
11:00
Høgmesse / dåp/nattv
Jan Tommy Fosse
24.11
kongedag
Foldnes kyrkje
18:30
Ung Messe / nattv
Tveten
Steinarbeidarane i India
24.11Landro kyrkje
11:00
Høgmesse /dåp/nattv
AannerødBasecamp
01.12
1. sundag
01.12
i advent
01.12
Fjell kyrkje
Foldnes kyrkje
Landro kyrkje
11:00
11:00
11:00
Familiegudst/nattv
Familiegudst./dåp
Familiegudst./dåp
Aannerød
Ekerhovd-Ottersen
Nese
Søndagsskuleforbundet
Søndagsskuleforbundet
Søndagsskuleforbundet
08.12
2. sundag
Fjell kyrkje
11:00
Høgmesse / dåp/nattv
Aannerød
eige arbeid
08.12
i adventFjell kyrkje18:30
LysmesseAannerødeige arbeid
08.12Foldnes kyrkje
18:30
LysmesseEkerhovd-Otterseneige arbeid
08.12Landro kyrkje
18:30
LysmesseNeseeige arbeid
13.12Fjell kyrkje07:00
Morgonsong NeseRedd barna
Kulturskulens Ottesong
15.12
3. sundag
Fjell kyrkje
11:00
Høgmesse /dåp/nattv
Ekerhovd-Ottersen
Ungdom i Oppdrag
15.12
i advent
Foldnes kyrkje
11:00
Høgmesse / dåp/nattv
Aannerød
Familie og medier
15.12
Landro kyrkje
17:30
Vi syng jula inn
22.12
4. sundag
22.12
22.12
Fjell kyrkje
Foldnes kyrkje
Landro kyrkje
17:30
17:30
11:00
Vi syng jula inn
Vi syng jula inn
Høgmesse /dåp/nattv
Unneland
Den norske israelsmisjon
24.12
JulaftanFjell kyrkje14:30
JulaftanTvetenKirkens nødhjelp
24.12Fjell kyrkje16:00
JulaftanTvetenKirken Nødhjelp
24.12Foldnes kyrkje
14:30
JulaftanEkerhovd-OttersenKirkens Nødhjelp
24.12Foldnes kyrkje
16:00
JulaftanEkerhovd-OttersenKirkens Nødhjelp
24.12Landro kyrkje
14:30
JulaftanNeseKirkens Nødhjelp
24.12Landro kyrkje
16:00
JulaftanNeseKirkens Nødhjelp
25.12
Juledag
Fjell kyrkje
12:00
Høgtidsgudst. / nattv
Ekerhovd-Ottersen
Misjonspr. i Muktahan
25.12
Foldnes kyrkje
12:00
Høgtidsgudst. / nattv
Nese
Misjonspr. i Bafolobe
25.12
Landro kyrkje
12:00
Høgtidsgudst. / nattv
Tveten
Misjonspr. i Muktahan
26.12
Stefanus-dagen
Fjell kyrkje
11:00
Høgmesse / dåp
Kopperud
Norsk misjon i Øst
26.12Turøy bedehus
11:00
Høgmesse / nattvUnnelandTurøy bedehus
29.12
Romjulsgudst.
Fjell kyrkje
11:00
Høgmesse / dåp / nattv
Aannerød
eige arbeid
31.12
Nyårsaftan
Foldnes kyrkje
23:15
Høgmesse
Ekerhovd-Ottersen
01.01
Nyårsdag
Landro kyrkje
11:00
Høgmesse / nattv
Aannerød
05.01
05.01
Kristi openberringsdag
Fjell kyrkje
Foldnes kyrkje
11:00
11:00
Høgmesse / nattv
Høgmesse / dåp
Kopperud
Aannerød
12.01
2. sundag i
Fjell kyrkje
12.01
openberringstida Foldnes kyrkje
12.01
Landro kyrkje
11:00
11:00
11:00
Høgmesse / dåp / nattv
Høgmesse / nattv
Høgmesse / dåp / nattv
Nese
Ekerhovd-Ottersen
Kopperud
19.01
3. sundag i Fjell kyrkje
19.01
openberringstida Foldnes kyrkje
19.01
Landro kyrkje
11:00
11:00
11:00
Høgmesse / nattv
Høgmesse / dåp / nattv
Høgmesse / nattverd
Unneland
Aannerød
Ekerhovd-Ottersen
Kirkens Nødhjelp
26.01
4. sundag i
Fjell kyrkje
11:00
Familiegudsteneste / dåp
Aannerød
26.01
openberringstida
Foldnes11:00
FamiliegudstenesteTveten
26.01
Foldnes kyrkje
18:30
Bibel & lovsang / nattv
Ekerhovd-Ottersen
26.01
Landro kyrkje
11:00
Familiegudsteneste / dåp
Nese
02.02
5. sundag i
Fjell kyrkje
11:00
Høgmesse / nattv
Aannerød
02.02
openberringstida Foldnes kyrkje
11:00
Høgmesse / dåp / nattv
Ekerhovd-Ottersen
02.02
Landro kyrkje
11:00
Høgmesse / nattv
Nese
09.02
6. sundag i Fjell kyrkje
09.02
openberringstida Foldnes kyrkje
09.02
Landro kyrkje
11:00
11:00
11:00
Høgmesse / dåp / nattv
Høgmesse / nattv
Høgmesse / dåp / nattv
16.02
Såmannssundag
16.02
16.02
Fjell kyrkje
Foldnes kyrkje
Landro kyrkje
18:30
11:00
11:00
T15/ Ungdomsgudsteneste Tveten / Ekerhovd-Ottersen
Høgmesse / dåp / nattv
Unneland
Høgmesse / nattv
Nese
23.02
23.02
Foldnes kyrkje
Fjell kyrkje
18:30
11:00
Bibel & lovsang
Høgmesse / dåp
Kristi
forklaringsdag
Ekerhovd-Ottersen
Kopperud
Annerød
Ekerhovd-Ottersen
Nese
Med forbehold om endringar i forrettande prest.
12 Fjell Kyrkjeblad Nr 5. 2013
Livets gang
01.09.2013
Nora Elise Tellefsen
Ane Landro
Helene Dale
Sverre Gudim Skjold
Tobias Lie
Hermine Mathiassen
Marikken Sofie Andreassen
Kristian Bakke Persson
08.09.2013
Martine Kvamsdal Kristoffersen
Leah Marøy Algrøy
Oskar Storhaug
Simon Kjær
Thea Bringedal
15.09.2013
Leon Angeltveit Eilertsen
Tobias Grahl Sekkingstad
Tuva Øksnes Espedahl
Kristoffer Andre` Tønder
Malene Bjørsvik Folkestad
Ida Fjærestad Eidem
22.09.2013
Robin Stølen
Linnea Christin Schjerven
Amanda Haga Sulen
Selma Elise Fjell
Mio Brogstad Langeland
Linnea Straume
Brede Brøske
Oline Kobbeltvedt Årdal
28.09.2013
Filip Schmidt Sjursen
Liam Syljeset Sjursen
Solveig Finsås Berland
Thomas Emblem
Åshild Helleland Risdal
Sondre Juuhl Vabø
Vincent Joakim Fjell
29.09.2013
Pernille Wik-Kaasa
Amalie Angeltveit Karlsson
Aleksander Andre` Martinussen-Wollan
06.10.2013
Ulrik Blix
Frida Bertelsen-Frotjold
Ellie Landro Tøsdal
12.10.2013
Noah Wallin
13.10.2013
Julian Kårtveit Mandelid
Madelen Molland Aule
Lilly Dorthea Alden-Follestad
Tilde Haugland-Patel
20.10.2013
Liam Kristiansen
Emilie Jørgensen-Seilen
Mathias Lunde
Olivia Tomine Nordvik Hjelleseth
Ulrik Algrøy
Thea Helland-Pedersen
Matheo Enoksen Buvik
Marcus Grimseid Midtkandal
Alicia Bland Berger
27.10.2013
Linnea Vågen
Emely Dale-Wisnes
Christoffer Nordvik
Oliver Heen Mundal
Helene Misje Christiansen
Adrian Svellingen Hermansen
02.11.2013
Sebastian Thingelstad Ellefsen
Ingelin Uglem Bjørkeli
Lukas Rossgård Seter
Live Grønn-Jensen
Tage Abreham Rudjord Rubing
– Vigde –
24.08.2013
Janne Knudsen og Henning Hauge
31.08.2013
Birthe Algerøy
og Jostein Sanghold Foldnes
07.09.2013
Kari Nygård og Egil Landro
Grethe Snekkevik Olsen
og Kjell Olav Bondevik
Jill Foldnes og Michael Bach
14.09.2013
Solveig Apelthun og Knut Rikhard Føre
Linn Therese Tollefsen
og Tommy Sigvardsen
Anita Vabø og Peder Georg Helset
12.10.2013
Cecilie Bjorøy og David Farmingham
26.10.2013
Chartrine Isabella Sviggum
og Øyvind Kolltveit
Arne Gratun og Gina Angelina Haukanes
Solveig Algerøy og Bjørn Ove Hjørnevik
T1
– Døde –
Geir Lindgren
Karl Kolltveit
Magne Johan Løvtveit Olga Bergitte Gjellestad
Alf Leonard Gundgjerd
Anny Judith Vognstølen
Albert Olai Larsson
Magne Lundstad
Lars Kåre Salthella
Raymond John Eustice Bothilde Grønås Nils Sverre Fjell Synneva Elida Lie Odd Sæterlid
Martha Vindenes Anna Mari Ekren
Jon Laurvik
Ruth Valborg Røsnes Sonja Marie Ormevik
Signe Kristine Thuestad
Roar Sverre Sæle
Solveig Ingvarda Eide
Torunn Solsvik
Olga Alida Foldnes
Olav Johannes Alvær
Svenn Åge Nøkleby
Marit Midtbø Borghild Helene Mortensen
Erna Irene Fjæreide
Kristen Anny Ågotnes
Laila Ullebø
Frode Johannessen
Harald Eide f. 1973
f. 1933
f. 1938
f. 1920
f. 1927
f. 1954
f. 1925
f. 1939
f. 1937
f. 1938
f. 1923
f. 1937
f. 1919
f. 1930
f. 1918
f. 1959
f. 1937
f. 1929
f. 1950
f. 1921
f. 1928
f. 1922
f. 1946
f. 1913
f. 1947
f. 1942
f. 1943
f. 1939
f. 1933
f. 1952
f. 1931
f. 1959
f. 1922
Vår Herre Jesus Kristus
seier:"Eg er oppstoda og
livet.
Den som trur på meg,
skal leva om han så døyr.
Og kvar den som lever og
trur på meg,
skal i all æve ikkje døy."
Joh. 11,25-26
T1-dag med babysong
Velkomen til alle som er døypte dei tre siste månadene.
Vi serverer lunsj. Velg den T1-dagen som passar deg best!
Kl. 10.30 – 12.30: Bli med og syng gamle og nye barnesongar:
9. desember: Landro
13. januar: Fjell
3. februar: Landro
10. mars: Foldnes
7. april: Fjell
- dagen
trus opplæringsdagen i Fjell
DRAGEFJELLET.NO - FOTO: ANNE M. ODLAND
– Døypte –
Påmelding på www.t-dagen.no • telefon 55 09 74 62
Nr 5. 2013 Fjell Kyrkjeblad 13
Annonsar
Annonseplass?
Kyrkjeblad for Fjell
kjem i postkassa til alle i
Fjell kommune
5. gonger i året.
Bunar for menn
Herrebunader.
Vi kan levere følgende: Fana, Sotra, Hardanger, Rogaland, Samnanger, Os,
Fusa, Nordland, Sunnmøre, Hallingdal, Gudbrandsdal, Romerike, Øst/Vest
Telemark, Numedal, Østerdal.
Pakkeløsninger.
Jakke, bukse, vester, skjorter, alt bunadssølv, kniv, broderert bunadspose,
kleshenger, buksseler. Best på pris og kvalitet.
Bunadene er bygget på modeller fra 1850 tallet og er håndtverk av høy
kvalitet,
Hans 90624854 [email protected]
Nina 92243478 ( e.kl 18) [email protected]
Vi har bunadsutstilling på Sotra. - www.BunadForMenn.no
– Gravferdsannonser –
Er barna dine forsikra?
Dersom barna dine blir alvorleg eller langvarig sjuke, kan det få store
konsekvensar for både dei og familien.
Med ei barne- og ungdomsforsikring frå Sparebanken Vest kan du gjere
framtida litt tryggare for deg og dine.
Snakk med rådgivaren din i banken om forsikring, eller ta kontakt med
oss på 815 22 002.
14 Fjell Kyrkjeblad Nr 5. 2013
Dersom du vil nå breitt ut,
kan vi hjelpa deg med
annonseplass.
Ta kontakt for et tilbod.
Telefon 55097456 eller
[email protected]
Kontaktinformasjon
Kontakt med prest i Fjell
Ved behov for teneste frå prest, som ikkje kan vente (feks dødsbod,
soknebod for døyande, sjelesorg/ støtte i kritiske situasjonar),
skal ein ta kontakt med:
På dagtid
tlf. 55 09 74 40
/
m. 93 41 46 22
Beredskapstelefon i prostiet
I tidsrommet kl 17.00-08.00 på kvardagar og i helgane/høgtidene frå
kl 08.00 er det alltid ein prest i beredskap i prostiet.
Vakthavande prest på telefon:
m. 95 48 36 55
Sjelesorg og samtale
Vi har alle teieplikt, så det som vert fortald oss kjem ikkje vidare. Du må difor
med frimod ta kontakt med nokon av oss på eit av desse telefonnummera:
Sokneprest Terje Aannerød Kapellan Bjarte Nese
Kapellan Petter A. Ekerhovd-Ottersen Ungdomsprest Maria Tveten
Soknediakon Torbjørn Fjøren Ungdomsdiakon Marianne Gilje Løining
tlf. 55 09 74 51 (a)
tlf. 55 09 74 52 (a)
tlf. 55 09 74 46 (a)
tlf: 55 09 74 56 (a)
tlf. 55 09 74 47, m. 92 29 53 77
tlf. 55 09 74 58, m. 99 46 88 70
Vil du bli familiekontakt? Nytt kurs starter 13.februar!
Har du tid og lyst til å bli familiekontakt?
Det vil si at du hjelper en familie to til fire time pr uke i ca et halvt år. Kurs for frivillige
familiekontakter starter i Fjell torsdag 13. februar 2014.
Tema: Den frivilliges rolle, Den gode samtalen, Verdier og holdninger, Engasjement og
grenser, Kulturforskjeller i barneoppdragelsen, Å ha et funksjonshemmet barn og
Kommunens støttende nettverk
Kurset går torsdager kl 18.00 – 21.00
Det varierer mellom gruppearbeid og foredrag og vi får besøk av erfarne foredragsholdere
Det blir pause med mat. Kurset er gratis og gir kursbevis som Familiekontakt
Kontakt: Home-start Familiekontakten Sund og Fjell
v/Brynhild Eide eller Hilde Wergeland
Tel: 46 42 04 69 / 46 42 64 63 Mail: [email protected]
http://www.fjell-kfuk-kfum.no/hsf/
Vil du vere med
å bety noko?
Basecamp er eit Ungdomsdiakonitiltak i samarbeid mellom
Fjell sokneråd, Sartor Senter og Fjell kommune. Vi held til i nyopna lokale på
Sartor senter, rett over Burger King. Her har vi lekserom, pc-krok, kjøkken,
sofakrok og FIFA på storskjerm.
Kver tirsdag - torsdag har vi ope hus,
kor vi i snitt har 40 ungdom som kjem innom.
I dag er det eit stort behov for fleire frivillige.
Vi treng frivillige som kan vere med på mellom
anna: Ope hus, individuelle samtalar og turar.
Ta kontakt med dagleg leiar,
Marianne Gilje Løining, om du kunne tenkje deg å vere med å bidra!
epost: [email protected] eller tlf: 994 68 870
Besøksadresse: Tytebærbrekko 2, Straume
Sentralbord: 55 09 74 40
Faks: 55 09 74 41
VESTHORDLAND PROSTIKONTOR
Prost: Erling Kopperud,
55 09 74 42 - m. 90 85 89 39
epost: [email protected]
Prostiprest: Egil S. Hjortland m. 95 76 44 26
Prostesekretær: Ingjerd H. Johansen 55 09 74 43
FJELL KYRKJEKONTOR
For kontakt med prest i Fjell:
kvardagar frå kl 08.00-17.00 55 09 74 40 / m. 93 41 46 22
elles ring beredskapstelefon i prostiet: 95 48 36 55
(sjå annonse til venstre)
Administrasjon
Kyrkjeverje: Annlaug Børve 55 09 74 48
epost: [email protected]
Adm.konsulent: Borghild Hustad Berge
55 09 74 45 - m. 99 70 69 42
epost: [email protected]
Sekretær: Gerd Fjeld Andersen 55 09 74 40
Informasjonsarbeider: Kristina Ekerhovd-Ottersen
[email protected]
Prestar
Sokneprest: Terje Aannerød 55 09 74 51
epost: [email protected]
Kapellan: Bjarte Nese 55 09 74 52
Kapellan: Petter A. Ekerhovd-Ottersen 55 09 74 46
Ungdomsprest: Maria Tveten 55 09 74 60
Diakoni
Soknediakon: Torbjørn Fjøren
55 09 74 47 - m. 92 29 53 77
epost: [email protected]
Ungdomsdiakon: Marianne GIlje Løining
55 09 74 58 - m. 99 46 88 70
Undervisning
Kateket/ t-teamsleiar:
55 09 74 61
epost: @fjell.kommune.no
Kyrkjelydspedagog: Mildred Fjøren Heggernes 55 09 74 49
Kyrkjelydspedagog: Beate Sørhus 55 09 74 63
Kyrkjelydsped. / t-team: Elisabeth M. Jung 55 09 74 62
Kyrkjelydsped. / t-team: Astrid A. Myskja 55 09 74 53
Ungdomsarbeidar: Andreas Danbolt 55 09 74 56
Ungdomsarbeidar: Hanne Alfsen 55 09 74 56
Kyrkjemusikk
Kantor: Olav Sørheim 56 33 25 01
epost: [email protected]
Organist i Foldnes: Endre Dåvøy 56 32 41 90
Organist i Landro: Eline Olsen m. 90 60 53 32
Drift
Driftsleiar: Norvald Snekkevik
55 09 74 55 – m. 93 07 07 41
epost: [email protected]
Kyrkjegardsarbeidar: Torstein Vassnes m. 40 84 50 17
Kyrkjegardsarbeidar: Lorentz Andras Skumsnes
Lærling kyrkjegard: Vegard Lynglund
Kyrkjetenarar i Fjell: Ingalis A. Malmo 56 33 25 01
Kyrkjetenar i Foldnes: Ellen Ebbesvik 56 32 41 90
Kyrkjetenar i Landro: Ingjerd H. Johansen
55 09 74 43
FJELL SOKNERÅD
Soknerådsleiar: Dag Olav Bjorøy
Kyrkjelydsutvalet i Fjell:
Kontaktperson: Kari H. Mortensen m. 411 22 323
Foldnes kyrkjelydsutval:
Kjell Fyllingen m. 480 54 920
Kyrkjelydsutvalet i Nordre Fjell:
Tove Karin Lyngsmo Angeltveit m. 995 90 448
www.fjell-kyrkjelyd.no
www.kyrkje.com
www.t-dagen.no
www.basecamp-sotra.no
Nr 5. 2013 Fjell Kyrkjeblad 15
B-BLAD
Returadresse: Fjell Kyrkjelyd
Postboks 184, 5342 Straume
Glimt fra HalloVenn!
31. oktober var Ågotneshallen fylt opp av 800 forventningsfulle og
utkledde barn og foreldre. Tema var Venner på landet og her var det
både kyr, poteter og fleire supermenn. Tore Thomassen starta kvelden
med ein morosam konsert saman med lokale barnekor.
TO GODE
VITSAR
Ein fotballgalen ektemann
satt og såg på yndlingslaget
sitt spele.
- Dette er jo heilt vanvittig!
Ikkje et einaste mål! sa
mannen
- Ikkje ver så dum då, kjære.
Sjølv eg som ikkje kan
reglane ser jo at det er to
mål på bana...!”
Resten av
kvelden var
full av ulike
aktvitetar med
premiar,
godteposar og
pølser nok til at
alle blei mette.
Midt i hallen
var det eit
digert
hoppeslott
som var svært
populær blant
barna!
Esel: - Hei bil!
Lada: - Hei esel!
Då begynte eselet å gråte, og
Ladaen spurte kvifor han
gret. Eselet svara:
- Jau, då eg kalte deg bil, så
synes jeg godt du kunne kalt
meg hest.
BARNEKRYSSORD
Det var ikkje berre barna
som hadde kledd seg ut. Her
ser du ein herleg gjeng frå
staben som saman med
ein dyktig gjeng frivillege,
var med på å gjere denne
kvelden til ein
fantastisk og minnerik
allehelgenskveld for
heile familien!
Du blir med i trekninga om en stor
valgfri PEPPES PIZZA, om du
sender inn kryssordet
til Fjell kyrkjekontor, Boks 184, 5342
Straume. Merk konvolutten: "Kryssord"
Det var ei gong eit esel og
ein Lada som møttest.
Vinnar av Barnekryssord i nr. 4 – 2013:
Tony Litlekalsøy
Søre Maggevarden 23
5363 Ågotnes
VI gratulerar!
Navn:.............................................................................................
Adresse..........................................................................................
.......................................................................................................
Vannrett
1. Sønnen
7. Lampe
8. Måned
9. På innsida
10. Rekke
11. Jentenavn
14. Bergen
15. Område
Loddrett:
1. Bibelsk namn
2. Spis
3. ....Connery, 007
4. Guttenavn
5. Felles mor og far
6. Øy
8. Naboer
12. Månefase
13. Dessert