Tilsynsutvalet i Hordaland Møteinnkalling

Tilsynsutvalet i Hordaland
Møteinnkalling
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
25.04.2013
Heradshuset i Kinsarvik
Kl. 17:00
Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er,
tlf. 53 67 15 00 slik at varamedlem kan kallast inn.
Varamedlemer møter etter nærare innkalling.
Forfall meldt frå følgjande medl.
Parti
Følgjande varamedl. vert innkalla
Parti
Sakliste
Sak nr.
Saktittel
005/13
Godkjenning av møtebok
006/13
Meldingar
007/13
Gnr. 155, bnr. 1 - Belebu - Oppsetting av utedo/uthus - Tiltakshavarar:
Odda fjellstyre
008/13
Gnr. 9 bnr. 1 Låghellerbotn - Restaurering av bu. Tiltakshavar: Oddmund
Hereid
009/13
Gnr. 15 bnr. 27 Vivelid. Tilbygg på hytte. Tiltakshavar: Dagfinn
Ådnanes
Tilsynsutvalet i Hordaland, 19.04.2013
Trygve Sæbø
leiar
Side 1 av1
Tilsynsutvalet i Hordaland
Sakspapir
Styre, utval, del. vedtaksmynde.
Tilsynsutvalet i Hordaland
SAKSGANG
Møtedato
25.04.2013
Avgjerd av: Tilsynsutvalet i
Hordaland
Saksansv.: Eir Skeie Sandstå
Arkiv: NObjekt:
Saksnr
005/13
J.post id.
13/4206
GODKJENNING AV MØTEBOK
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Møteboka frå møtet den 14. februar 2013, vert godkjent slik ho ligg føre.
Sakshands.
ESSA
Arkivsaknr
13/554 - 1
Tilsynsutvalet i Hordaland
Sakspapir
Styre, utval, del. vedtaksmynde.
Tilsynsutvalet i Hordaland
Avgjerd av: Tilsynsutvalet i
Hordaland
Saksansv .: Eir Skeie Sandstå
SAKSGANG
Møtedato
25.04.2013
Arkiv: N-
Saksnr
006/13
J.post id.
13/4205
Sakshands.
ESSA
Arkivsaknr
13/553 - 1
MELDINGAR
Refererte skriv og meldingar:
Nr Dok.ID
T Dok.dato
1
13/1559
I
31.01.2013
2
13/2008
I
19.02.2013
3
13/2053
U
25.02.2013
4
13/2157
I
27.02.2013
5
13/2225
U
28.02.2013
6
13/2325
I
04.03.2013
7
13/2329
I
28.02.2013
8
13/2344
U
04.03.2013
9
13/2546
I
06.03.2013
10
13/2749
I
05.03.2013
Avsendar/Mottakar Tittel
Det kongelige
Retningslinjer om
miljøverndepartement redningstenesten sin bruk av
snøscooter i utmark og i
verneområder
Buskerud
Møteref Buskerud
Tilsynsutvalg
Tilsynsutvalg 11.02.2013
Fylkesmannen i
Uttale til høring på NY
Hordaland v/Øistein søknad om løyve til
Aasland
Amundsen Ultra Trail på
Hardangervidda SøkjarrXtremeidfjord
NRK
NRK Natur søkjer om
helikopterflyging lågare enn
minstehøgda 350 meter over
Hardangervidda
NRK
Løyve til lågt flyging over
Hardangervidda
Fylkesmannen i
Søknad - Dispensasjon Hordaland v/Øistein Hardangervidda
Aasland
Nasjonalpark - Sandhaug Arrangering av vinter C-kurs
120413 - 140413
DNT Oslo og Omegn Søknad om motorisert
v/Anders Gjermo
ferdsel på Hardangervidda
nasjonalpark
DNT Oslo og Omegn Svar på søknad om
v/Anders Gjermo
motorisert ferdsel på
Hardangervidda nasjonalpark
Hardangervidda
Årsrapport 2012
Fjelloppsyn
Hardangervidda Fjelloppsyn
Kjell S. Nordgarden Søknad om skuterløyve til
11
12
13/2750
13/3087
U
I
13.03.2013
18.03.2013
13
13/3094
I
14.03.2013
14
13/2738
I
12.03.2013
15
13/3479
I
02.04.2013
16
13/3904
I
09.04.2013
17
13/3914
I
11.04.2013
Skyttarfossen
Skuterløyve til Skyttarfossen
Søknad om løyve Hardangervidda
Nasjonalpark - Xreid 2013 Søkjar: Fredrik Mandt og
Jan-Sigurd Sørensen
Statskog
Løyve for utviding av
v/Midtmageli Kristin sikringshytta ved Besso
Asdøl
turisthytte - Eidfjord
Fylkesmannen i
Ang. Søknad om
Hordaland
tilbygg/ombygging av
sikringshytta på Besso
Fylkesmannen i
Søknad - Hardangervidda
Hordaland v/Aasland Nasjonalpark - Gnr 33 bnr 2
Øistein
- Feste nr 2 - Eidfjord
Statsallmenning - Tilbygg til
sikringshytte på Besso
Turisthytte
Odda - Hardanger
Svar på uttale til søknad om
lensmannsdistrikt
dispensasjon til å halde
v/MalaTerje
vinter C-kurs i området
Sandhaug, Hardangervidda
nasjonalpark
Xreid
Oppdatering Xreid
Hardangervidda v/
Hardangervidda
Fredrik Mandt
Kjell S. Nordgarden
Fylkesmannen i
Hordaland v/Øistein
Aasland
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre.
Tilsynsutvalet i Hordaland
Sakspapir
Styre, utval, del. vedtaksmynde.
Tilsynsutvalet i Hordaland
SAKSGANG
Møtedato
25.04.2013
Endeleg vedtak i:Fylkesmannen i
Hordaland
Saksansv .: Eir Skeie Sandstå
Arkiv: N-511
Objekt:
Saksnr
007/13
J.post id.
13/3455
Sakshands.
ESSA
Arkivsaknr
13/365 - 2
GNR. 155, BNR. 1 - BELEBU - OPPSETTING AV UTEDO/UTHUS TILTAKSHAVARAR: ODDA FJELLSTYRE
Dokumentliste:
Nr T Dok.dato
Avsendar/Mottakar
1
I 06.03.2013 Ullensvang herad
3
I 03.04.2013 Fylkesmannen i
Hordaland v/Aasland
Øistein
I 08.04.2013 Statskog v/Kristin Asdøl
Midtmageli
4
Tittel
Søknad om løyve for oppføring av utedo/uthus ved
Belebu - Belebotnen i Hardangervidda
nasjonalpark
Synfaring og plassering av utedo/uthus i Belebu
Tillatelse for oppføring av utedo/uthus ved
fjellstyrehytta Belebu - Belebotnen - Ullensvang,
GID 1231/155/1/9046
Vedlegg:
Dok.1, 3 og 4
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Forskrift om vern av Hardangervidda nasjonalpark av 31. mai 2002
Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark av januar 2011
Saksutgreiing:
Me har fått oversendt søknad datert 01.03.2013 frå Ullensvang herad om uttale til
oppføring av ein utedo/uthus ved Belebu i Ullensvang statsallmenning. Tiltakshavar er
Odda Fjellstyre.
Odda fjellstyre søkjer om ein utedo med uthus. Grunnen til søknaden er at hytta har vorte
ombyggd og antall brukarar har auka. Toalettilhøve som dei i dag har i gangen skapar
ofte tømming og luktproblemer. Det er liten lagerplass inne i hytta. Dei har også problem
med avfall som flasker, metall og plast. Avfallet vert lagra i naustet, og må flygast ut om
sommaren, fordi nasutet er nedsnøa om vinteren. Utedoen/uthuset vert på 15m2.
Tilsynsutvalet i Hordaland gjev uttale i denne saka, Fylkesmannen i Hordaland fattar
vedtak etter verneforskrifta for nasjonalparken.
Vurdering:
Fjellstyrehytta i Belebu har i dag toalett i gangen. Det er ein liten stamp som vert fort full,
og det er luktproblem både i gangen og utanfor hytta. Etter ombygging av hytta, som
omfatta ei endring frå ein til to bueiningar, har antalet burkarar auka. I samband med
dette er toalettilhøva dårlege, og mange nyttar området rundt hytta som toalett.
Behovet for lagringsplass for gass og ved har auka etter at hytta har vorte ombygd til to
bueiningar. Vidare har brennbart avfall som flasker, metall og plast vorte lagra i nasutet.
Om vinteren er naustet nedsnødd og avfallet må flygast ut om sommaren.
Etter verneforskrifta står det at uthus skal helst byggjast som tilbygg på eksisterande bygg
i tradisjonell stil. Alternativ kan frittståande uthus godkjennast dersom det høver best på
staden etter ei totalvurdering. Grunnlag for uthus kan vera lagring av ved, bensin, propan
og anna utstyr, sanitære tilhøve eller sikringsføremål.
Det var ein synfaring på plassen den 8. august i fjor. Dei som var med var Statskog
v/Kristin A. Midtmageli, Ullensvang fjellstyret v/Trine Hilstad og Fylkesmannen i
Hordaland v/Øistein Aasland. Dei såg på plassering av utedo/uthus og var eininge i at
plassen var grei og praktisk i forhold til toalettløysinga, men at bygget bør reduserast for
at det skal kunne godkjennast.
Statskog gjev i sitt brev løyve til oppsetting av utedo/uthus på tilsaman maks 15m2.
Vidare ber dei om at ein må vurdera behovet for lagerplass når toalettet er flytt ut av
fjellstyrehytta. Plasseringa, meiner dei skal, vera som avtalt ved befaringa i aug. 2012.
Gangen i fjellstyrehytta som no er nytta til toalett og lagerplass, er lang og smal. Sjølv om
toalettet vert teke ut, er ikkje gangen eit godt egna rom til lagring.
Etter innsendte teikningar er utedo/uthuset målsett til 15m2 . Innvendig viser teikningane
at toalettdelen er på mindre enn 1/3 part, og resten skal nyttast til lagring. Det vert
god/rikeleg lagringsplass. Vidare viser ikkje teikningane total høgd verken utvendig eller
innvendig. Dei viser heller ikkje kva grader takvinkelen er. Bygget virkar noko høgt i
front. Etter å ha snakka med Arne Johanson som har teikna utedo/uthuset, kunne han
informera om at høgda frå grunnmur til raftet er 2m. Total høgd frå grunnmur til møne er
3,10m. Om ein minska arealet på bygget vert det mindre estetisk fint og vil virke meir
ruvande i terenget.
Tilsynsutvalet si tilråding til fylkesmannen i Hordaland:
Tilsynsutvalet i Hordaland rår til at Odda fjellstyre får byggje utedo/uthus på maks15m2
som omsøkt ved Belebu.
Utedo/uthuset bør ha likt type tak og same farge som fjellstyrehytta.
Det vil verta gjeve løyve til motorisert ferdsel etter søknad ved innsending av godkjent
byggjeløyve frå kommunen.
Rett utskrift
Dato:
Kopi til:
Fylkesmannen i Hordaland v/Aasland Øistein
Statskog v/Kristin Asdøl Midtmageli
Ullensvang herad
Elektronisk post - Ullensvang herad
Arkiv:
Vår ref.:
J.nr.:
1-N-511
13/365 - 3
13/3542
Frå:
Dato:
03.04.2013
Fylkesmannen i Hordaland v/Aasland Øistein
Synfaring og plassering av utedo/uthus i Belebu
Hei
Vi har også fått søknaden om å bygge utedo/uthus til Fjellstyrehytta ved Belebu. Det var en
synfaring på stedet den 8. aug i fjor. De som var med var Kristin A Midtmageli, Statskog,
Trine Hilstad, Ullensvang fjellstyre + meg. Vi så på stedet (og tegningene). Vi var enige i at
plasseringen er grei (og praktisk i forhold til toalettløsningen), men at de burde redusere
bygget for at det skal kunne godkjennes.
Jeg var på et møte med fylkeskommunen rett før påske, og de også mente at utedoen/uthuset
måtte reduseres for å det kunne godkjennes.
Jeg husker ikke hvor stor selve fjellstyrehytta var, men den nærmer seg vel kanskje grensa på
45 kvm. Har du tegningen av hovedhytta liggende (i forbindelse med ombygginga)? Lurer
bare på om det er satt av noe inne i hytta til ved og utstyrslager.
Legger ved kopier av et par bilder (tatt under synfaringen i 2012) med avmerking på hvor
bygget er tenkt plassert.
Mvh
Øistein Aa
Fra: Eir Skeie Sandstå [mailto:[email protected]]
Sendt: 3. april 2013 10:57
Til: Aasland, Øistein
Emne: Utedo/uthus i Belebu
Heisan!
Har fått søknad om bygging av utedo/uthus ved Odda fjellsyte si hyte ved Belebu. Dei har hatt
ei ombygging av hytta i fjord og i år, men såg i sakspapira frå tilsynsutvalet at det skulle vera
ei synfaring for plassering av utedo sommaren 2012.Veit du om det er vorte utført ei
synfaring?
Sender med saka om ombygging av hytta.
Beste helsing
Eir
Gnr. 155, bnr. 1 – Belebu, Odda Fjellstyre
Plassering av omsøkt utedo/lager (bildene tatt 8. aug. 2012)
Tilsynsutvalet i Hordaland
Sakspapir
Styre, utval, del. vedtaksmynde.
Tilsynsutvalet i Hordaland
SAKSGANG
Møtedato
25.04.2013
Endeleg vedtak i: Tilsynsutvalet i
Hordaland
Saksansv .: Eir Skeie Sandstå
Arkiv: N-511
Objekt:
Saksnr
008/13
J.post id.
13/3543
Sakshands.
ESSA
Arkivsaknr
13/463 - 2
GNR. 9 BNR. 1 LÅGHELLERBOTN - RESTAURERING AV BU.
TILTAKSHAVAR: ODDMUND HEREID
Dokumentliste:
Nr T Dok.dato
1
Avsendar/Mottakar
I 18.03.2013 Eidfjord kommune
Tittel
Søknad om restaurering av bu ved Låghellerbotn.
Tiltakshavar: Oddmund Hereid
Vedlegg:
Dok.1
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Forskrift om vern av Hardangervidda nasjonalpark av 31. mai 2002.
Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark av januar 2011.
Saksutgreiing:
Me har fått oversendt søknad frå Eidfjord kommune datert 18.03.2013 om restaurering av
bu ved Låghellerbotn, gnr.9, bnr.1 i Eidfjord, Hardangervidda nasjonalpark. Tiltakshavar
er Oddmund Hereid.
Saka gjeld uttale til søknad om å restaurera og istandsetja ei gamal bu slik at den vert om
lag som før. Bua skal ha front med kledning, vindauge og dør. Dei andre sidene skal vera
steinmur. Det er ikkje målsette teikninar av den nye bua, men det står i søknaden at
grunnflata er på ca 9m2.
Etter avtale med Øistein Aasland hjå fylkesmannen, fattar Tilsynsutvalet i Hordaland
vedtak i saka, etter pkt. 4.1.3.a/f i verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark.
Vurdering:
Forvaltningsplanen for Hardangervidda har eit eige kapittel om byggjeverksemd. Pkt.
4.1.3 j omhandlar løyve til vedlikehald, naudsynt skjøtsel og evt. restaurering av
kulturminne og kulturmiljø. Her står det at det kan gjevast løyve for restaurering av
steinbu som kulturminne. Restaurering av steinbu bør vera vurdert gjennom ein
heilskapleg plan for restaurering av kulturminne og kulturmiljø i verneområda, og som er
utarbeid av kulturminnestyresmaktene.
Som i andre byggjesaker skal ein prøva behovet i høve til bruk og sjå til at tiltaket ikkje
strir mot verneføremålet.
Det er usikkjert kvartid bua vart sett opp, men den er av steinmurar med kledning i front.
Den er i særs dårleg forfattning. Søkjar ynskjer å setje bua i stand, slik at den vert om lag
som før. Tidlegare vart bua nytta ved jakt og fiske. Han ynskjer å ta vare på bua for
vidare slekt og nytta den ved jakt og fiske.
Bua heiter Huldrabu og ligg ved vatnet Låghellerbotnen, det er privat grunn i Eidfjord i
teig 4 i Veigedalen – Kinso, som er definert som brukssone ifg. Forvaltningsplanen for
Hardangervidda. Teigen er særs rik på kulturminne og kulturmiljø etter stølinga og
inneheld mange nye og gamle bygningar, m.a. fleire verneverdige stølsanlegg. Eit viktig
formål med teigen er bevareing av kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap, og det kan
opnast for ei varsam utvikling for jakt, fiske, friluftsliv og småskala turisme basert på
natur- og kulturopplvevingar knytt til eksisterande bygningar.
Fylkeskommunen ser positivt på at ein vil bervara kulturminne, og vil koma med ein
uttale til saka med det første.
Framlegg til vedtak:
Tilsynsutvalet i Hordaland er positive til at søkjar får løyve til å vedlikehalda
eksisterande steinbu som omsøkt.
Det bør gjennomførast synfaring på staden der alle uttalepartar deltek, før ein gjer
endeleg vedtak i saka.
Eventuelt uttak av stein og torv kan forvaltningstyresmaktene gje løyve til etter pkt. 4.4
og 4.3.2 i verneforskrifta.
Det vil verta gjeve løyve til motorisert ferdsel etter søknad ved innsending av godkjent
byggjeløyve frå kommunen.
Rett utskrift
Dato:
Kopi til:
Eidfjord kommune
Oddmund Hereid
Tilsynsutvalet i Hordaland
Sakspapir
Styre, utval, del. vedtaksmynde.
Tilsynsutvalet i Hordaland
SAKSGANG
Møtedato
25.04.2013
Endeleg vedtak i: Tilsynsutvalet i
Hordaland
Saksansv .: Eir Skeie Sandstå
Arkiv: N-511
Objekt:
Saksnr
009/13
Sakshands.
ESSA
J.post id.
13/3556
Arkivsaknr
13/462 - 2
GNR. 15 BNR. 27 VIVELID. TILBYGG PÅ HYTTE. TILTAKSHAVAR:
DAGFINN ÅDNANES
Dokumentliste:
Nr T Dok.dato
Avsendar/Mottakar
1
I 18.03.2013 Eidfjord kommune
3
I 06.04.2013 Dagfinn Aadnanes
5
4
I 09.04.2013 Dagfinn Aadnanes
I 11.04.2013 Dagfinn Aadnanes
Tittel
Søknad om løyve til tiltak. Tilbygg til hytte på gnr.
15 bnr. 27 Vivelid. Tiltakshavar: Dagfinn Ådnanes
Opplysningar til søknad om tilbygg til hytte i
Vivelid
Vinter bilder av hytta i Vivelid
Innvendig teikning av eksisterande hytte
Vedlegg:
Dok. 1, 3, 4 og 5
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Forskrift om vern av Hardangervidda nasjonalpark av 31. mai 2002.
Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark av mai 2003.
Saksutgreiing:
Me har fått oversendt melding om tiltak frå Eidfjord kommune datert 18.03.13 om
tilbygg på hytte, på gnr. 15 bnr. i Vivelid i Eidfjord kommune, Hardangervidda
nasjonalpark. Tiltakshavar er Dagfinn Ådnanes.
Eksisterande hytte er etter teikninane på 51m2 og tiltakshavar ynskjer å bygge eit tilbygg
som skal innehalde lager/bod på 7m2.
Tilsynsutvalet i Hordaland fattar vedtak etter pkt. 4.1.3.b i verneforskrifta for
Hardangervidda nasjonalpark.
Vurdering:
Det ligg felt med private hytter fleire stader innanfor verneområda. Det eine ligg ved
Vivelid i Eidfjord kommune og vart lagt ut før vernet av Hardangervidda.
Byggjesøknader knytt til dette hyttefeltet skal handsamast etter verneforskrifta av
Fylkesmannen, men fylgje retningslinjer knytt til utforming og storleik for fritidshus i
LNF-område fastset i kommune plan for Eidfjord kommune. I kommuneplanen heiter det
mellom anna at ei hytte kan vere maksimalt 60m2 (BYA) og eit uthus kan vere inntil
20m2 (BYA).
Søkjaren søkjer om å byggje eit tilbygg på 7m2 i tilknytning til hytta. Den ligg i
hyttefeltet ved Vivelid. Dei innvendige teikningane av hytta viser ingen bod/lagerplass.
Gangen som ein kjem inn i har tre dører og egnar seg lite til lagerplass. Det vil vera eit
betre alternativ med eit tilbygg enn eit frittståande uthus.
Framlegg til vedtak i Tilsynsutvalet i Hordaland:
Tilsynsutvalet vedtek at tiltakshavar, får løyve til å byggje på eit lager/bod på 7m2, i
tilknytning av eksisterande hytte, jf. pkt. 4.1.3 b i verneforskrifta for Hardangervidda
nasjonalpark.
Det vil verta gjeve løyve til motorisert ferdsel etter søknad ved innsending av godkjent
byggjeløyve frå kommunen.
Rett utskrift
Dato:
Kopi til:
Eidfjord kommune
Dagfinn Aadnanes
Elektronisk post - Ullensvang herad
Arkiv:
Vår ref.:
J.nr.:
1-N-511
13/462 - 3
13/3653
Frå:
Dato:
06.04.2013
Dagfinn Aadnanes
Opplysningar til søknad om tilbygg til hytte i Vivelid
Hei
Her kjem nokre bilete eg har leita fram frå gamle arkiv. Eg vonar bileta gjev eit godt nok
inntrykk av terrengplassering. Tilbygget kjem lengst mot høgre i enden av terrassen på bilete
–779. og lengst til venstre på –783. Viss ikkje desse bileta duger, må det venta til eg får tatt
nye bilete etter neste fjelltur (07-09.04?). Bilete av terrengplassering gjev elles ikkje eit heilt
korrekt inntrykk når det er snø på bakken slik det er no. Eg har diverre ikkje innvendige
teikningar i digital form og undrar meg litt over kvifor Tilsynsutvalet har bruk for slik
teikning. Eg har likevel leita fram ein original planteikning frå hytteleverandøren og kan koma
innom med den neste gong eg er i Kinsarvik, anten tysdag 09.04, ellers mot slutten av v 15
(ev. leggja den i posten). Sidan originalteikningane vart laga, er det, etter byggeløyve frå
Eidfjord kommune i 1996, bygd terrasse mot aust og overbygd inngangsparti mot vest (sjå
teikningar i søknaden). Eksisterande terrasse er senka ca 40 cm i høve til hytta (frå golv i hytte
til terrassegolv). Viss ønskjeleg, er det ikkje noko i vegen for å senka golv i nytt tilbygg samt
påbygg til terrasse med ca 20 cm til, med eit trappetrinn ned frå eksisterande terrasse. Som du
ser av biletet som syner fasade mot aust (langsida av hytta), kan høgdeskilnaden i så fall
kamuflerast med eit ekstra bord nedst på terrassegelenderet. Eg ser likevel helst at eg slepp
ekstraarbeid og ekstrakostnad ytterlegare senking fører med seg.
Sidan Tilsynsutvalet er vedtaksinstans, betyr vel det at det blir endeleg avgjerd i neste møte i
utvalet?
MVH
Dagfinn Ådnanes
From: Eir Skeie Sandstå <mailto:[email protected]>
Sent: Thursday, April 04, 2013 10:13 AM
To: [email protected] <mailto:[email protected]>
Subject: Vedk. tilbygg til hytte i Vivelid
Hei!
Viser til telefonsamtale.
Det hadde vore fint om me kunne få bilete om korleis hytta ligg i terenget. Har du innvendige
teikninagar av hytta, som viser rom inndeling kan eg godt få det og.
Eg kom i skade for å sei at me er høyringsinstans på byggjesaka, me det er Tilsynsutvalet i
Hordaland som er vedtaksinstans.
PS! Hvis ikkje du har digitale bilete, kan du berre koma ned her å scanna dei.
Beste helsing
Tilsynsutvalet i Hordaland
Eir Sandstå