Tilsynsutvalet i Hordaland Møtedato: Møtestad: Møtetid: 17.10.2013 Heradshuset i Kinsarvik Kl. 17:00 Til orientering: Melding 18 og 19: Fylkesmannen ynskjer ei tilbakemelding frå utvalet, vedkommande søknaden frå Xreid Hardangervidda om auke i antall deltakarar for 2014 -2015. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 53 67 15 00 slik at varamedlem kan kallast inn. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Sakliste Sak nr. Saktittel 016/13 Godkjenning av møteboka 11. juni 2013 017/13 Meldingar 018/13 Uttale til riving av eksisterande og oppføring av ny hytte på Nykkjesøy, Hardangervidda Nasjonalpark. Tiltakshavar: Margaret Hus Tilsynsutvalet i Hordaland, 10.10.2013 Trygve Sæbø leiar Side 1 av1 Tilsynsutvalet i Hordaland Sakspapir Styre, utval, del. vedtaksmynde. Tilsynsutvalet i Hordaland Avgjerd av: Tilsynsutvalet i Hordaland Saksansv.: Eir Skeie Sandstå SAKSGANG Møtedato 17.10.2013 Saksnr 016/13 Arkiv: NObjekt: J.post id. 13/9820 GODKJENNING AV MØTEBOKA 11. JUNI 2013 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteboka frå møtet den 11. juni 2013, vert godkjent slik ho ligg føre. Sakshands. ESSA Arkivsaknr 13/1119 - 1 Tilsynsutvalet i Hordaland Sakspapir Styre, utval, del. vedtaksmynde. Tilsynsutvalet i Hordaland Avgjerd av: Tilsynsutvalet i Hordaland Saksansv .: Eir Skeie Sandstå SAKSGANG Møtedato 17.10.2013 Saksnr 017/13 Arkiv: N- J.post id. 13/9819 Sakshands. ESSA Arkivsaknr 13/1118 - 1 MELDINGAR Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 13/6851 I 24.06.2013 Fylkesmannen i Hordaland v/Øistein Aasland 2 13/7009 I 01.07.2013 Miljødirektoratet 3 13/7124 I 20.06.2013 SNO v/Knut Nylend 4 13/7141 I 02.07.2013 Fylkesmannen i Hordaland v/Øistein Aasland 5 13/7234 I 03.07.2013 Fylkesmannen i Hordaland v/Øistein Aasland 6 13/8050 I 13.08.2013 Fylkesmannen i Hordaland v/Øistein Aasland 7 13/7966 I 07.08.2013 Fylkesmannen i Hordalnad v/Øistein Søknad - Hardangervidda Nasjonalpark - Eidfjord Fjerning av store steinar og vekkleiing av vatn langs slepa mellom Byen og Stigstuv Orientering om opprettelsen av Miljødirektoratet Rapportering motorferdsle vinter 2013. Løyve til istandsetting av gamal setinbu på gnr. 9, bnr. 8 og 9 - Steinstølen - søkjar Anved Myklatun Løyve om bruk av rotenon i Hætjørn- og Stigstuvområdet for å hindre spreiing av ørekyte. samt løyve til å senke vasstanden i Hætjørn. Skaupsjøen/hardangerjøkule n landskapsvernområde og hardnagervidda nasjonalpark Vedtak om bruk av rotenon i Hætjørn- og Stigstuvområdet for å hindre spreiing av ørekyte. Søknad om løyve til å bruke meir rotenon i Hætjørnområdet. Søknad - Hardangervidda Nasjonalpark - Innhenting av 8 13/8114 I 13.08.2013 9 13/8115 U 16.08.2013 10 13/8187 I 20.08.2013 11 13/8239 I 16.08.2013 Aasland Fylkesmannen i Hordaland v/Stein Byrkjeland Fylkesmannen i Hordaland v/Stein Byrkjeland DNT Oslo v/Thomas With Håkon Kvammen 12 13/8545 U 30.08.2013 Håkon Kvammen 13 13/8776 I 05.09.2013 Ullensvang herad 14 13/8777 U 06.09.2013 Ullensvang herad 15 13/8983 I 16.09.2013 Ullensvang herad 16 13/9015 U 16.09.2013 Ullensvang herad 17 13/7922 I 26.07.2013 18 13/9588 I 04.09.2013 19 13/9592 I 13.09.2013 20 13/8011 I 07.08.2013 Xreid Hardangervidda Xreid Hardangervidda v/Fredrik Mandt Fylkesmannen i Hordaland v/Øistein Aasland Eidfjord kommune 21 13/9580 I 03.10.2013 Fylkesmannen i Hordaland v/Øistein Aasland geologiske bergartsprøver Helikopterfotografering Løyve til lågtflyging Brokefoss 4. juli Søknad om legging av torvtak på steinbu ved Viersla gnr. 15 bnr. 1 Eidfjord kommune Vedtak: Torvtak på Steinbu i Vierslaet Søknad om landing på Hardangervidda i samband med taksering og innføring av eigedomskatt Landingsløyve på Hardangervidda i samband med taksering Søknad om landingsløyve i samband med taksering av hytter i Kvennadalen og Bjørnadalen i Hardangervidda nasjonalpark Landingsløyve i samband med taksering av hytter i Kvennadalen og Bjørnadalen i Hardangervidda nasjonalpark Rapport fra Xreid Hardangervidda Kopi av søknad om løyve Xreid Hardangervidda 2014 2015 SV: Søknad om løyve Xreid Hardangervidda 2014 - 2015 Søknad om utviding av verstasjon på Sandhaug gnr. 33 bnr. 2, feste nr. 3 Eidfjord kommune. Tiltakshavar: Meteorologisk institiuttt Vedtak - Hardangervidda Nasjonalpark - Gnr 33 bnr 2 - Feste nr 3 - Eidfjord Statsallmenning - Utviding av verstasjon Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. Tilsynsutvalet i Hordaland Sakspapir Styre, utval, del. vedtaksmynde. Tilsynsutvalet i Hordaland SAKSGANG Møtedato 17.10.2013 Endeleg vedtak i: Fylkesmannen i Hordaland Saksansv .: Eir Skeie Sandstå Saksnr 018/13 Arkiv: N-511, GBNR-139/3 Objekt: J.post id. 13/9236 Sakshands. ESSA Arkivsaknr 13/1027 - 4 UTTALE TIL RIVING AV EKSISTERANDE OG OPPFØRING AV NY HYTTE PÅ NYKKJESØY, HARDANGERVIDDA NASJONALPARK. TILTAKSHAVAR: MARGARET HUS Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar 1 I 05.09.2013 Ullensvang herad 2 I 16.09.2013 Fylkesmannen i Hordaland v/Øistein Aasland I 19.09.2013 Eivind Gregersen 3 Tittel Gnr. 139 bnr. 3 - Nykkjesøy. Søknad om riving av eksisterande og oppføring av ny hytte. Tiltakshavar: Margaret Hus Uttale vedrørende byggesak på 139/3 Nykkjesøy i Ullensvang herad - Hardangervidda nasjonalpark. Uttale vedrørende byggesak på 139/3 Nykkjesøy i Ullensvang herad - Hardangervidda nasjonalpark. Vedlegg: Dok.: 1-3 Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Forskrift om vern av Hardangervidda nasjonalpark av 31. mai 2002 Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark av januar 2011 Saksutgreiing: Me har fått oversendt byggjesøknad frå Ullensvang herad den 5. september 2013, om uttale til riving av eksisterande og oppføring av ny hytte på Nykkjesøy, Hardangervidda nasjonalpark. Tiltakshavar er Margaret Hus. Eksisterande hytte er ei trehytte på 17m2 som er bygd tidleg på 1950-talet. Hytta inneheld i dag opphaldsrom, 1 soverom og gang. Hytta er i særs dårleg forfatning, med dårleg kledning, vasskader i tak. Hytta står på steinstøtter og fundamentet er av stokkar, som har råteskader. Den nye hytta har eit bebygd areal på 28m2 og skal innehalda opphladsrom, 1 soverom og gang, i tillegg til hems.Hytta er teikna med ringmur, liggjande kledning og shingeltak. Takvinkel er på 300. Det er ikkje teikna inn toalett i den vedlagte planteikninga. Det er eit felles toalett på stølsbolet Nykkjesøy som dei nyttar. Tilsynsutvalet i Hordaland kjem med uttale i saka, det er Fylkesmannen i Hordaland som fattar vedtak etter verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark. Vurdering: Hytta ligg på Nykkjesøy som er privat grunn i Ullensvang herad i teig 4 i Veigedalen – Kinso, som er definert som brukssone ifg. Forvaltningsplanen for Hardangervidda. Teigen er særs rik på kulturminne og kulturmiljø etter stølinga og inneheld mange nye og gamle bygningar, m.a. fleire verneverdige stølsanlegg. Eit viktig føremål med eigen er bevaring av kulturminn, kulturmiljø og kulturlandskap, og det kan opnast for ei varsam utvikling for jakt, fiske friluftsliv og småskala turisme basert på natur- og kulturopplevingar knytt til eksisterande bygningar. Søkjar driv eit gardsbruk i Kinsarvik og har 48 vinterfora sauer. Sommarbeite er i området Nykkjesøy/Grøndalsområdet ilag med 2 andre besetningar. Hytta vert bruk i høve med med sanking/jakt/fiske. Etter samtale med søkjar har han informert om at eksisterande hytte er i særs dårleg forfatning. Søkjar ynskjer å riva den gamle hytta og setja opp den nye på same plass. Den nye hytta er teikna 11m2 større, og vert totalt 28m2. I beskriving til pkt. 4.1.3c Riving av gamle bygningar og oppføring av nye med same storleik for same bruk. står det: ”I særskilte tilfelle kan det gjevast løyve til å rive gammal bygning heilt eller delvis og til å føre opp nytt bygg med same storleik og for same bruk, når tilstanden til bygget er så dårleg at det ikkje er formålstenleg å setje det i stand eller når det vil gje ei vesentleg betre heilskapleg løysing i høve til bruk og verneverdiar. Ved slik søknad skal det vurderast om det er formålstenleg å setje opp nytt bygg på ei ny tomt. Ved søknad om å rive gamal bygning for oppføring av ny med utvida areal inntil 10m², kan heimlane 4.1.3b og 4.1.3c nyttast saman. Å auke arealet med meir enn 10m² krev nybyggingsheimel, pkt. 4.1.3e/4.1.3h i verneforskrifta for nasjonalparken/landskapsvernområda.” Då den nye hytta får eit auka areal på meir enn 10 m² må søknaden såleis handsamast etter pkt. 4.1.3e (nasjonalparken) Nybygg og større tilbygg til eksisterande bygningar. ”Forvaltningstyresmakta kan gje løyve til nybygg eller større tilbygg i særskilde tilfelle i samband med landbruksutnytting, utnytting av statsallmenning eller drift av turisthytte. Ved oppføring av ny bygning i tilknyting til eksisterande bygning(ar) skal ein sjå til at det blir ein god balanse mellom estetiske verdiar og dei føremål nybygget skal tene, t.d. eventuell sikringsfunksjon. Utdjuping av formåla for nybygg og større tilbygg: Landbruk. Gjeldande definisjon av landbruk i verneområda følgjer av rettleiaren Kommuneplanens arealdel T-1225 pr. 01.11.01 revidert utgåve, T 1382, som gjaldt ved siste endring av verneforskrifta 31. mai 2002: ”Begrepet stedbunden næring er knyttet til bygninger/anlegg som det hensyn til driften av primærnæringen er nødvendig å plassere på stedet. For at stedbunden næring skal være aktuelt, må det være tale om en reell og inntektsgivende næringsvirksomhet av noe omfang. Øvrige aktiviteter som for eksempel jakt, fiske, bærplukking og lignende som har preg av frilufts- eller fritidsaktivitet, eller som utgjør et naturaltilskudd til egen husholdning, vil falle utenfor begrepet stedbunden næring.” Ved vurdering av søknad om byggetiltak for landbrukseigedom skal moglegheit for å hauste ressursane på eigedomen innanfor omgrepet stadbunden næring leggjast til grunn. Det må gjerast ei individuell og heilskapleg vurdering i kvart enkelt tilfelle. Det skal leggjast fram driftsplan eller annan dokumentasjon på drifta og grunnlaget for behov for nybygg eller større tilbygg. Byggetiltaket må følgje definisjonen av landbrukstiltak slik dette var definert ved siste revisjon av verneforskrifta og tiltaket må grunngjevast økonomisk som eit landbrukstiltak. I tillegg skal forvaltninga ved vurdering av løyve legge eit minimum av ressursgrunnlag til grunn for at det skal vere grunnlag for nybygg eller større tilbygg. Ressurskravet er: Minimum 20.000 daa jaktterreng, ein årleg normalfangst på meir enn 250 kg fisk, beite for 50 vinterfora sau eller 10 storfe. Ved ein kombinasjon av desse kan ressurskravet vere mindre. Forvaltingsstyresmakta bør krevje framlagd driftsplan eller budsjett/rekneskap som dokumenterer driftsomfang.” Dei innsendte teikningane viser at det er tenkt ein hems på hytta over gangen og soveromet, og av den grunn er takvinkelen 30º. Vidare er innvendig vegghøgd på 220 cm. I rettleiaren for bygg innan nasjonalparken står det mellom anna at takvinkel bør vera mellom 22º og 28º og takutstikk skal følgje den lokale byggjetradisjonen i fjellet. Innvendig vegghøgde bør ikkje vera over 200 cm. Grunnmur bør vera lågast mogeleg og helst av naturstein. Det må gjevast særskilt løyve til uttak av stein til blending av grunnmur. Motorferdsle i samband med byggjearbeida må avklarast med Tilsynsutvalet i Hordaland. Framlegg til tilråding til Fylkesmannen i Hordaland: Med bakgrunn i saksutgreiinga tilrår Tilsynsutvalet i Hordaland at søkjar får løyve som omsøkt, med fylgjande endringar: o Takvinkelen vert justert til 28 Innvendig takhøgd vert justert til 200cm Kledningen skal beisast med ein nøytral farge. Reint trevirke kan kappast opp og brukast som ved. Anna byggningsavfall må leverast til godkjent mottak. Elektronisk post - Ullensvang herad Arkiv: Vår ref.: J.nr.: 1-N-511; 13/1027 - 3 13/9226 Dato: 19.09.2013 2-GBNR-139/3 Frå: Eivind Gregersen Re: Uttale vedrørende byggesak på 139/3 Nykkjesøy i Ullensvang herad Hardangervidda nasjonalpark. Hei Viser til telefonsamtale om ressurskravet, og sender deg en oversikt: 1. Jakt / beite / fjellterreng : 24 000 daa 2. Jakt / hjort / skogsterreng: ca 7 000 daa 3. Vinterfora sau pr dags dato: 45 sau og 3 værer Informasjon vedr. pkt 1 og 2 er innhentet i samtale med landbrukskontoret i Ullensvang Herad. Ta kontakt dersom det skulle være behov for flere opplysninger. Hilsen Eivind Gregersen Sendt fra min iPad
© Copyright 2024