Saksbehandla r: Avdeling for vurdering Skoleeigarar 1 og private vidaregåande Vår dato: 1 7.10.2013 Dykkar dato: skolar som deltek i karakterforsøket Informasjon om karakterforsøket i norsk studieførebuande utdanningsprogram Dette brevet gir informasjon norsk. Vår referanse: 2013/6096 Dykkar referanse: i norsk på Vg1 og Vg2 , om forsøket med færre karakterar i undervegsvurderinga i Forsøket er heimla i opplæringslova § 1- 4 og privatskolelova § 2- 5. Det er eit tidsavgrensa pedagogisk forsøk som går over to år for elevane. Formålet er å få erfaring med og kunnskap om korleis endringar i undervegsvurderinga i norskfaget kan påverke opplæringa. Innhaldet i forsøket Forsøket dreier seg om å endre karaktersystemet endringar i kva elevane skal lære. i norskfaget dei første to åra. Det er ingen Norsk er eit stort fag. Det går over tre år, med fire veketimar på Vg1 og Vg2, og seks veketimar på Vg3. Elevane skal ha tre standpunktkarakterar på vitnemålet etter Vg3 som uttrykk for den fagkompetansen dei har oppnådd etter dei tre åra. Dette er elevens sluttvurdering , som ikkje er påverka av forsøket. Karakterane på Vg1 og Vg2 er undervegsvurdering . Undervegsvurderinga har som formål å fremje elevens læring og skal brukast som ein reiskap i læringsprosessen . 1 Elevane har krav på undervegsvurdering både med og utan karakter . Med tre karakter ar i undervegsvurderinga arbeider elevane he ile tid a parallelt med norsk hov udmål, no rsk sidemål og norsk mun nleg . Forsøket opnar for større lokal fridom til å organisere arbeidet med læreplanen slik skolen finn det formålstenleg. Elevane får opplæring i alle kompetansemåla, men det kan variere i løpet av skoleåret kva som blir mest vektla gt. Dei skolane som deltek, skal ha ein fagleg plan for korleis forsøket kan gi betre læring for elevane. 2 Meir informasjon om læringsfremjande vurdering finst på denne nettsida: http://www.udir.no/Vurdering/Vurdering - for - laring/ . Erfaringane frå to skolar som har hatt tilsvarande forsøk, finst i denne rapporten: http://www.udir.no/Tilstand/Forskning/Rapporter/Nordlandsforskning/Forsok - med - en karakter - i- norsk - viser - gode - resultater/ 1 Jf. Forskrift til opplæringslova §3 - 2 : Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven, lærlingen eller lærekandidaten aukar kompetansen sin i fag. 2 Sjå rundskriv Udir - 3- 2013 om forsøk etter opplæringslova § 1- 4. Postadresse: Telefon: E- post: Bankgiro: Postboks 9359 Grønland, 0135 OSLO +47 23 30 12 00 [email protected] Besøksadresser: Telefaks: Internett: Schweigaards gate 15 B, Oslo Britveien 4, Molde Parkgata 36, Hamar +47 23 30 12 99 www.utdanningsdirektoratet.no 7694 05 10879 IBAN: NO8876940510879 BIC/SWIFT DNBANOKK Org.nr.: NO 970 018 131 Side 2 av 3 Innhaldet i karakterane på Vg1 og Vg2 I undervegsvurderinga på Vg1 og Vg2 skal forsøksskolane gi halvårsvurdering med éin karakter som omfattar både norsk munnleg og skriftleg sidemål og hovudmål, eller med to karakterar: ein i norsk munnleg , og ein felles karakter i norsk skriftleg som omfa ttar hovudmål og sidemål. Det er viktig å merke seg at forsøket ikkje betyr fritak frå nokon del av opplæringa. Elevane skal ha opplæring i samsvar med dei samla kompetansemåla i faget, og undervegsvurderinga med og utan karakter skal til saman gi dekkand e informasjon om den faglege utviklinga. For å oppnå god karakter ved slutten av skoleåret må elevane vise god kompetanse i alle delane av faget. Skoleeigar ane kan gi faglege føringar Det er ikkje knytt metodiske føringar til forsøket frå sentralt hald . Dei skolane som har valt å delta i forsøket, skal lage ein plan som viser korleis forsøket kan bidra til betre norsk opplæring for elevane. Skoleeigar ane kan kombinere forsøket med lokalt utviklingsarbeid. Når det gjeld dei offentlege vidaregåande skolan e som er med i forsøket, føreset Utdanningsdirektoratet at skoleeigar ane aktivt vur derer om dei vil gi felles fagle ge føringar for korleis forsøket skal nyttast til å utvikle undervisninga, eller om det skal vere opp til skolane sjølve. Skoleeigar ane skal også ta stilling til korleis dei vil dokumentere erfaringane frå forsøket med tanke på lokal læring. Informasjon til elevar og føresette Skoleeigar ane har plikt til å informere elevar og foreldre om innhaldet i forsøket og om konsekvensa ne ved å delta. For private skol ar ligg denne plikta på kvar enkelt skole . Det skal vere frivillig å delta i forsøket. Forsøket har ingen konsekvensar for kva elevane skal lære. Det har heller ikkje konsekvensar for vitnemålet etter Vg3. Derimot kan det påverke karakter snittet på kompetansebeviset etter Vg1 og Vg2. Kompetansebeviset er dokumentasjon på ikkje fullført opplæring og blir erstatta av vitnemål når opplæringa er fullført. Det ligg til grunn for opptak på Vg2 og Vg3 og er viktig for elevar som konkurrerer om skoleplassar på desse årstrinna. Med tre karakterar tel norskfaget meir enn andre fag. Gode karakterar i norsk kan bidra til å trekke gjennomsnittet opp, og mindre gode karakterar kan bidra til å trekke ned. Med ein eller to norskkarakterar blir denne effek ten redusert. Dersom enkeltelevar reserverer seg mot deltaking i forsøket, skal skolen legge til rette slik at dei kan få halvårsvurdering med tre karakterar. Føring av karakterar og fagmerknad på kompetansebevis Halvårsvurderingane etter Vg1 og Vg2 skal førast slik på kompetansebeviset: Éin felles karakter Elevane får halvårsvurdering med éin karakter som eit felles uttrykk for kompetansen i norsk munnleg, skriftleg sidemål og skriftleg hovudmål. Som ei teknisk løysing skal ein føre inn karakteren i rubrikken for norsk hovudmål , med «Delteke» i rubrikkane for sidemål og norsk munnleg. Side 3 av 3 Ein munnleg karakter og ein felles skriftleg karakter Elevane får halvårsvurdering med éin karakter i norsk skriftleg som eit felles uttrykk for kompetansen i sidem ål og hovudmål. Som ei teknisk løysing skal ein føre inn karakteren i rubrikken for norsk hovudmål , med «Delteke» i rubrikken for sidemål. I begge tilfella skal poengsummen reknast ut etter forskrift fagmerknad FAM32. Sjå sk rivet for føring av vitnemål. 3 til oppl.l. § 6- 34 pkt. a, med Evaluering Forsøket skal evaluerast av Utdanningsdirektoratet. Evalueringa vil mellom anna ta sikte på å avdekke på kva for måte skolane har nytta forsøket til å endre praksis innanfor norskfaget, og kva grunnar dei har ha tt for desse endringane. Deltaking i forsøket føreset at skolane stiller seg til disposisjon for forskarane som skal evaluere forsøket. Vi understrekar samtidig at evalueringa i regi av direktoratet ikkje nødvendigvis vil inkludere alle skolane som delte k. Det er derfor viktig at skoleeigarane, slik vi har peika på over, har ein eigen plan for korleis dei vil samle og nytte erfaringane frå forsøket. Vennle g he lsing Sissel Skillinghaug avdelingsdirektør Dok umentet er elektronisk 3 Tone Vindegg seniorrådgivar godkjent http://www.ud ir.no/Regelverk/Vitnemal - og - kompetansebevis/Artikler_vitnemal/Foring kompetansebevis - for - videregaende - opplaring - i- Kunnskapsloftet - 2013/ - av - vitnemal - og -
© Copyright 2024