Skogkurs 10 kl 2013.pdf

£
=8;<-*0œœ!3>52›œž
NÆRING
ÅmliAvisa
PANORAMA FRÅ HOGSTFELETET: Legg merkje til den flotte, utskorne figuren til venstre på biletet. (FOTO: OSKAR LOHNE)
«Topp» – « Bra» – «Kje
«Det er bare så flott å få
lære så mykje gjennom
praktisk erfaring».
seg på kurset, eller kursa, må ein
vel helst kalle det, da dei etter sju
dagar i skogen fekk kursbevis for
heile fire gjennomførte kurs.
Samarbeidsprosjekt
N TORE KATERAAS
Desse og mange andre positive
kommentarar fekk vi fra «skogsgjengen» i 10. klasse, som nyleg
avslutta skoleåret med eit omfattande skogbrukskurs.
Også i år fekk 10. klasse tilbod
om Aktiv Skogbrukskurs på heile
7 dagar.
Og tretten 10. klassingar meldte
Dette opplæringstiltaket i Aktivt
Skogbruk er eit samarbeid Åmli
Skule har med skogbruksetaten
i Åmli, Åmli skogeigarlag, og faghjelp Trond Saga og Helge Røed
som begge er instruktørar i Aktivt
Skogbruk.
Kurset starta i vinter med stell
og vedlikehald av motorsag. Der
lærte elevane om motorsaga mel-
lom anna ved delvis å plukke saga
frå kvarandre og sette den sammen igjen. Da fekk dei også innføring om dei ulike delane. Og så
lærte dei å file sagkjedet, noko
som er svært viktig for å arbeide
med godt utstyr. Dette skjedde
rett nok innandørs den første dagen på skolen. Men da var dei også
klare for å flytte klasserommet ut,
og starte på kurset i hogstteknikk.
Sikkerheit
For desse unge, men også for oss
vaksne, er hovudtema kanskje det
viktigaste, nemleg opplæring i sikkerhet og om sikker felle- og kvisteteknikk.
Åmliavisa møtte ungdomsskuleelevane på Sigridnes der dei
hadde felt og kvista ei mengd tre
på ei hogstflate. Trond demonstrerte korleis dei skulle få tre som
var vanskelege å få til å leggje seg
der hoggaren vil ha det, til likevel
å falle der med enkel og gjennomtenkt metode og teknikk.
Og matkvilda rundt bålet på Sigridnes blei mest som eit festmåltid, sjølv om dei nok hadde med
seg niste som vanleg, men kanskje det måtte til litt meir niste til
skikkelege «arbeidsfolk». Og nista
smaka ekstra godt ute etter ei hard
økt.
Praten gjekk livleg rundt bålet,
både mellom dei unge og med instruktørane. Diskusjonen om den
beste saga veit eg ikkje om dei blei
ferdige med. Men det var tydeleg
at Ånund hadde hatt gode argument for å velje det motorsagmerket som han førar. Mens andre
«sverga» til andre merke.
3 dagar var dei på hogstflata og
lærte seg å handtere saga og å vurdere arbeidsmetode og teknikk.
For sjølv om hogst krev styrke
og uthaldenheit, er kanskje teknikken vel så viktig. Så jentene
viste seg å vere like så gode som
karane til å felle og kviste trea.
Ungskogpleie
AKTIVT SKOGBRUK: – dette har vi nytte av! Framme, frå venstre: Nils Magne Baas, Joakim Martinsen, Oskar Lohne, Jon Aas, Are Sundstøyl Tveit. I
midten, frå venstre: Jan Sveinungsen, Theodor Øygarden, Eirik Bjørnbakk, Knut Liane Tengelsen, Anne Riisland, Gina riisland, Kim Spelten, Andreas Hillestad. Bakerst: Instruktørane Trond Saga og Helge Røed. Det veslle biletet over: Anne vurderar kolreis ”storfurua” best kan fellast.
Ungskogpleie utførte elevane på
Tverrstøyl. Der lærte dei om ryddesaga, og dei lærte å file rydde-
NÆRING
ÅmliAvisa
¤
=8;<-*0œœ!3>52›œž
! ,', '! .& .)& / .0#-
"#
empemoro»
sagbladet. Dei lærte seg skjæreteknikk, og ikkje minst lærte dei å
velje trea som bør bort for å gi gode
vekstvikår til tre som ein ønskjer
skal vokse seg store. Å finne fram
til antall tre som bør stå tilbake, er
ei viktig vurdering. Likeins kan det
vere vanskeleg å måtte «ofre» eit
litt større tre til fordel for eit mindre, men betre plassert og kanskje
meir livskraftig tre.
Etter to dagar hadde dei fått så
mykje kunnskap i ungskogpleie
at dei beherska teknikken, og kan
nok gjere gode vurderingar i arbeid som skal utførast.
"# '! (("!( .0#-
Forynging og nyplanting
Den siste dagen var temaet forynging og skogplanting. Elevane
blei bevisstgjort om mark som
treng planting, og om mark som
foryngar seg naturleg. Dei hadde
foryngelseskontroll, det vil seie
at dei telte planter på ei flate, for
å finne ut om det var ei god nok
forynging. Og dei planta ut granplanter.
Miljølære og skogens biologiske
egenskaper går som ein raud tråd
gjennom heile kurset i tillegg til
sikkerhet i skogen. Elevane lærte
å sjå dei biologiske utfordringane
i plantefelt, i god voksterskog og
i gammalskog. Og dei fekk kunnskap om kvifor samfunnet ønskjer
kantsoner og at enkelttre skal stå
igjen etter ein hogst.
Entusiasme
Det var mest påfallande kor samstemte elevane var når dei fekk
spørsmål om dei hadde likt kurset.
Dei uttrykte ein sterk entusiasme for det dei hadde lært og for
måten dei fekk læringa på.
Dei fleste, ( eg trur faktisk alle ),
meinte dei ville få bruk for det dei
hadde lært seinare i livet. Ja, nokre
vil til og med praktisere ungskogpleie allereie i sommar.
Dei lærte å arbeide i team, og
forstod sikkerhetsutfordringane
når dei arbeidde i team. Det var
bare så utruleg gildt når elevane
fortalte om kurset, om verdien av
HANDLAG: Nils Magne Baas og Are Sundstøyl Tveit har
akkurat felt ei furu og skal til å kviste.
å lære teoretiske emne gjennom
praktiske øvingar og om verdien
av å arbeide i team. Ein lærdom
det såg ut til at dei raskt både forstod og meistra.
Topp sosialt
Og sosialt hadde dei bare hatt
det topp. Både i arbeidet, og ikkje
minst i matpausa.
Kim hadde fødselsdag den nest
siste kursdagen, og ho blei feira
skikkeleg ute i skogen. Anne kom
med kjempegod kake, som sjølvsagt var til ære for Kim, men som
også gjorde stor lykke hos dei andre. Det var nok kake til alle, og ein
av instruktørane kjem neppe til å
glømme « kaka i skogen», i alle fall
virka det slik etter å ha hørt alle
lovprisingane han kom med.
Kursbeviset dei fekk, er eit skikkeleg kvalitetsbevis på kunnskap
og ferdigheiter dei har fått tileigne
seg. Det vil heilt sikkert også vere
eit viktig kursbevis når dei seinare
skal søke seg arbeid av ulik slag.
Og er det odelsgutar eller odelsjenter som ser at Åmliungdom har
dette viktige kursbeviset, så vil dei
heilt sikkert bli vurdert som spe-
"# $% " ( #
$ * %
"# "
#
sielt interessante.
10
lange
skuleår
er
slutt, og dette
kurset i skogbruk vil for
desse elevane
vere med på
**'
å gi eit ekstra
minne over ei
skuletid som
inneheldt det
meste, og som
blei avslutta med noko av det beste.
Strålande skogeigar
At dei som åtte skogen desse 13
elevane var i, var fornøgde med
innsatsen og resultatet av arbeidet dei utførte, fekk vi og bevis for.
Då vi besøkte skogkurselevane på
Tverrstøyl, sa «Tverrstølsbonden»
Bernd Spelten at han var strålande fornøgd med det arbeidet dei
hadde gjort i skogen hans, og han
ga ungdommen den beste attest
både for utført arbeid og for oppførsel i skogen. Vi fekk møte ein
usedvanleg kjekk ungdomsgjeng
(((&&" ' $ "& $ '" $ #'
&'& ! ! "& &
som lokalsamfunnet kan vere stolt
av å ha i kommunen.
Åmli skogeigarlag støtter kurset, og er spesielt opptekne av at
ungdom skal få kunnskap og erfaring om skog. Skogbruksnæringa
har forandra seg mykje. Ein ser at
det blir mindre vanleg med eigne
drifter, og det blir vanskelegare og
vanskelegare å konkurrere med
hogstmaskiner og lastberarar i
skogen.
Men kunnskap om hogst er
likevel viktig, ikkje minst for å
kunne vurdere eigne drifter. Å få
fram kvalitetstømmer trur vi vil
vere viktig i åra framover. Og både
ungskogpleie, tynning og foryngingsarbeid og planting er arbeid
som med stor fordel kan utførast
av skogeigar og skogeigars familie.
Dette kurset gir ein god stimulans
til at ungdom kan ta på seg slikt
arbeid i sommarhalvåret.
Det blir nok nye kandidatar til
Skogkurs for 10 klasse også neste
år.