Eksperiment frå Spire grøn under temaet «Snø».

Snø
Eksperiment frå Spire grøn under temaet «Snø».
Denne stemningsrapporten har vi fått
fra en skole på Vestlandet.
1. klasse her har jobbet med temaet «snø».
Lærer Ruth Marit Igland skriver:
På Vestlandet har vi hatt svært lite snø, både
på før og etter jul.
Ein dag det snøa, faktisk, forklarte eg om
det spesielle ved snøkrystallar
(s. 10 i heftet):
Ingen snøkrystallar som dalar ned frå
himmelen er like, men alle har seks armar.
Det var elevane storleg overraskaa over. Samanlikna snøkrystallar med oss
menneske, der ingen av oss er like.
Her er de flotte snøkrystallene 1.klasse har laget!
Ute i friminuttet skulle elevane «fange» snøkrystallar og
studere dei på mørke kle.
Elevane fortalde at snøkrystallane dei studerte var svært fine.
Dei gjorde så oppgåva s. 10 i heftet: Finn fem feil!
Nærbilde i vinduet.
Seinare laga vi snøkrystallar i papir. Vi brukte kopi frå lærarrettleiinga til «Spire» grøn. Det var enkelt å brette, med litt
hjelp, men litt vanskelegare å klippe, sidan arket var bretta
fleire gonger saman.
Krystallane i Spire grøn var meir naturtru og kjempefine!
1. klasse har, så vidt, fått utført eksperimentet på s. 11 i boka «Spire» grøn som
handlar om å måle temperaturen i snø og deretter i varmt vatn.
Elevane fekk med seg ein bolle ut for å «plukke» snø. Inne i klasserommet att viste
lærar elevane kva eit termometer er, og dei øvde på å seie ordet «termometer».
Så målte vi temperaturen i snøen i bollen ved å stikke eit langt, smalt termometer nedi.
Alle fekk sjå at den raude fargen i termometeret stansa på 0˚C.
Deretter fylte lærar ein annan bolle med varmt vatn, og termometeret vart sett nedi
vatnet rett etter målinga av snøen.
Den raude fargen i termometeret steig og stoppa på ca. 40 ˚C.
Fekk samtidig forklare at kroppen vår held ein temperatur på 37˚C, og viss vi har
feber vil han stige, bli 38, 39 eller 40˚C.
Elevane har også fått gjort «Kva kan du bruke snø til?»
Her vart det både teikning og skriving inne i ruta. No er vi klare for våren...