Kontraktsmal lønsmottakarar/enkeltmannsføretak

TURNE MED
I SOGN OG FJORDANE
Hei!
Starten på turneen nærmar seg, og vi er glade for at du/de er ein del av tilbodet i
Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.
Vedlagt finn du/de:




Kontrakt for oppdrag/engasjement i 2 eksemplar. Skriv under på den eine
og send den i retur til oss
Turnéplan
Skjema til reiserekning
Rammeavtale for oppdrag for Den kulturelle skulesekken
Dersom du har spørsmål, kontakt Eva Kristin svidal, tlf. 91 16 96 93, e-post:
[email protected]
Lukke til med turneen!
Med venleg helsing
Øyvind Høstaker (s)
DKS-koordinator
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga, pb. 173, 6801 FØRDE,
Sentralbord: 41 53 06 10
KONTRAKT FOR OPPDRAG/ENGASJEMENT
mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga
og
Oppdraget/engasjementet vert gjort som:
Oppdraget/engasjementet gjeld turné med:
Tidsrommet for oppdraget/engasjementet:
Gjeld i tidsrommet:
Vedlagt turneplan datert …. er ein del av kontrakten. Det er den turnéplanen som til ei kvar
tid er tilgjengeleg på http://sfj.ksys.no som skal følgjast under turné.
Fordeling av arbeidsoppgåver og ansvar:


Fylkeskommunen sender informasjon og påminning til skulane i førekant av besøket. Utøvar/gruppa har
ansvar for å vere i direkte kontakt med lokal arrangør i god tid før framsyninga om nødvendig.
Framsyninga skal gjennomførast etter avtalt turnéplan. Alle utøvarar omfatta av denne kontrakten har eit
felles ansvar overfor fylkeskommunen for gjennomføringa.
I samsvar med vedlagde turnéplan blir det betalt ut følgjande honorar:
KVA
SATS
TAL
TAL
UTØVARAR DAGAR
TOTAL SUM HONORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga, pb. 173, 6801 FØRDE,
Sentralbord: 41 53 06 10
SUM
Honorar/reise/diett/utbetaling:
Honorar vert vanlegvis utbetalt etter at turneen er avslutta.
Honorar
Reise/Diett
Utbetaling
Midlertidig tilsett/lønnsmottakar:
Som lønsmotakar må du levere skattekort.
Dersom skattekort ikkje er motteke, er fylkeskommunen pliktig til å
trekke 50% skatt.
Sjølvstendig næringsdrivande:
For sjølvstending næringsdrivande må vi ha organisasjonsnr. Manglar vi
det, må vi trekke skatt som for lønsmottakarar.
Etter avtale tingar fylkeskommunen reise til/frå Sogn og Fjordane.
Fylkeskommunen dekkar reise til/frå heimstad i samband med helg
mellom turneveker. Eventuelt dekkar fylkeskommunen overnatting på
eigna stad i fylket.
Etter behov tingar fylkeskommunen leigebil.
Etter behov tingar og betalar Fylkeskommunen overnatting for utøvarane
under turneen.
Reise og diett under turneen blir dekka etter statens reiseregulativ.
Kvar utøvar sender reiserekning på fastsett skjema (vedlagt).
Originalbillettar for eventuelle utlegg må førast på reiserekninga og
leggast ved.
Reiserekning må vere fylkeskommunen i hende før honoraret blir betalt
ut.
Fylkeskommunen har lønsutbetaling den 12. i kvar månad.
Reiserekning/skattekort m.m. må vere fylkeskommunen i hende seinast
den 23. i månaden før utbetalingsmånaden.
Ved lengre turnear kan om ønskjeleg honorar og reiseutgifter bli betalt ut
månadsvis.
Utbetaling til sjølvstendig næringsdrivande skjer ein gong i veka.
Ved fakturering må det reknast 30 dagars betalingsfrist.
Fyll ut:
PERSONALOPPLYSNINGAR FOR UTBETALING AV HONORAR –fyll ut
HONORAR
Namn på gruppe
Namn på utøvar
Fødsels- og personnr.
Adresse
Postnr. og stad
Telefon
Skattekommune
Bankkontonr.
Organisasjonsnr.
(for sjølvstendig næringsdrivande)
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga, pb. 173, 6801 FØRDE,
Sentralbord: 41 53 06 10
AVTALEVILKÅR
1. Arbeidsgjevaransvar
Vedlagt rammeavtale, Rammeavtale for oppdrag for Den kulturelle skulesekken, regulerer
hovudvilkår for gjennomføring av oppdrag.
Fylkeskommunen har arbeidsgjevaransvaret dersom utøvaren vert tilsett for den aktuelle
turneen. Utøvaren vil då har rett til feriepengar, sjukeløn og forsikring etter
Hovudtariffavtalen for kommunesektoren.
Fylkeskommunen har ikkje arbeidsgivaransvar for utøvar som er sjølvstendig
næringsdrivande, eller som vert utleigd frå annan arbeidsgivar.
2 Forsikring og løn under sjukdom
Dette punktet gjeld berre for utøvar som vert tilsett i fylkeskommunen for turneperioden.
Utøvaren er i engasjementperioden og under avtalte prøvar forsikra som arbeidstakar i
fylkeskommunen. Utøvaren må sjølv ordne med særskilt forsikring for eige instrument.
Sjukdom skal meldast til fylkeskommunen straks, sjølv om kontraktsperioden ikkje har starta.
Sjukeløn vert utbetalt med heimel i Hovudtariffavtalen for kommunesektoren. For å få
sjukeløn er det eit krav at utøvaren har ”tiltrådt stillinga.” Det vil seie at avtalte prøvar er
påbyrja eller at turnéen er påbyrja, dersom ein ikkje skal ha prøvar først. Utøvaren vil då få
sjukeløn frå første sjukedag.
Sjukdom inntil tre kalendardagar skal stadfestast snarast ved skriftleg eigenmelding. Sjukdom
utover tre kalendardagar skal stadfestast med sjukmelding frå lege.
3. Endringar i turneplanar
Dersom det blir aktuelt å endre turnéplanane etter underskriving av kontrakten, skal dette
gjerast i samråd mellom kontraktspartane. Det kan skje endringar i oppsettet av turneen
innanfor råma av talet på framsyningar, utan at det fører med seg tillegg i samla honorar.
Framsyningar ut over det som er kontraktsfesta, blir honorert etter prinsippa i denne
kontrakten. Utøvarane får ikkje redusert honorar sjølv om framsyningar blir avlyste, så framt
gruppa/utøvarar ikkje kan lastast.
4. Uføresette hendingar, oppseiing, erstatning m.v.
a) Dersom oppdraget må avlysast på grunn av force majeure eller andre tilhøve som ligg
utanfor begge partar sin kontroll, medrekna ekstraordinære hendingar hjå
fylkeskommunen eller skulane, kan denne avtalen seiast opp med 14 dagars varsel.
Det same gjeld ved sjukdom hjå andre utøvarar i gruppa.
Ingen av partane kan krevje erstatning på grunn av tilhøve som ligg utanfor
vedkomande sin kontroll.
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga, pb. 173, 6801 FØRDE,
Sentralbord: 41 53 06 10
b) Dersom ein av partane ut frå andre årsaker enn nemnt i pkt a) seier opp heile eller
delar av avtalen, kan den andre parten krevje at det direkte økonomiske tapet han/ho
vert påført som ei fylgje av oppseiinga vert dekka. Indirekte tap vert ikkje dekka.
Eventuelle utgifter til førebuing vert ikkje dekka.
Slik dekking av tap skal også gjevast til evt. andre utøvarar i tilfelle der ein turne må
avlysast som følgje av sjukdom hjå ein av utøvarane, dersom avlysing skjer mindre
enn 14 dagar før turnéstart.
c) Dersom utøvaren elles bryt kontrakten kan fylkeskommunen krevje vederlag for alle
ulemper, utgifter og økonomisk tap dette medfører.
Utøvar skriv under her
……………………………………
Dato:
For Sogn og Fjordane fylkeskommune,
Kulturavdelinga
……………………………………………
Dato:
Dei engasjerte pliktar snarast å sende eit underteikna eksemplar av denne kontrakten tilbake
til:
Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga, pb. 173, 6801 FØRDE
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga, pb. 173, 6801 FØRDE,
Sentralbord: 41 53 06 10