Selja katalog 2013.indd

2013
KATALOG
selja forlag
Kjære lesar
Selja Forlag har sidan starten i 1996 gitt ut 180 bøker. Alle
med forankring på Vestlandet. Den første boka handla om
klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på
Vestlandskysten, og i nyare tid gav forlaget namn. Selja Forlag
prøver å famne om heile Vestlandet og har ein klar nynorskog sakprosaprofil.
Vi er opptekne av å fortelje gode og viktige historier, særleg
frå det verkelege liv. Viktige stikkord for oss er historie, kultur,
natur, folk, reise, mat og kyst, og vi legg stor vekt på at bøkene
skal ha høg kvalitet, både på tekst, foto og utforming.
Selja Forlag har tre tilsette på heiltid og kontor i Førde med
eige lager, sal og distribusjon. Dei siste åra har vi gjeve ut 1215 nye bøker kvart år.
Vi håpar du finn bøker av interesse i katalogen vår, som
inneheld både nye bøker frå 2013 og andre titlar som framleis
er i sal. God lesnad!
Beste helsing
Torkjell Djupedal
FORLEGGJAR
selja forlag
NY BOK 2013
Jens Brekke og Ola Bremnes:
Destillert tyleskap
… til å le av
Er du på leit etter ei vitsebok har du feil bok i neven. Dette er ei
samling rotekte folkelivsskildringar med humoren som drivkraft.
Her er meir enn 100 destillerte vestlandsstubbar. Dei er skapte, utvikla
og foredla på villaste Vestlandet, bratt, spinnande vilt og hakkande
gale. Syn varsemd!
ISBN: 9788282400718 – 128 s – utgitt 2013 – kr 268,-
TIDLEGARE BOK I SAME SERIE:
Jens Brekke:
Dei seie so...
om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen
Er sogningane hakkande galne, sunnfjordingane tilsvarande trege
og nordfjordingane midt i mellom?
ISBN: 9788282400268 – 112 s – utgitt 2010 – kr 268,-
Om forfattarane:
Jens Brekke (f. 1951) frå Vik i Sogn er kulturarbeidar,
og har skrive eller medverka til mange bøker, mellom
anna «Dei seie so… om sogningen, sunnfjordingen
og nordfjordingen».
Ola Bremnes (f. 1955), frå Kvæfjord i Troms er
musikar og har gitt ut ei rekkje plater, mellom anna
«I det blå» som kom ut i 2013. Bremnes er også
forfattar og illustratør, mellom anna til dei fleste
bøkene i bokserien «Illustrert tyleskap».
1
NY BOK 2013
Christer Lundberg Nes:
Skikompis
Snøskred og trygg ferdsel
SKIKOMPIS er boka som viser deg korleis du kan
ferdast tryggare i vinterfjellet. Lær deg å forstå
terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege
situasjonar. Boka gir også rettleiing i effektiv
kameratredning, om uhellet er ute.
Boka fortel òg korleis du skal forstå og nytte
skredvarsel. SKIKOMPIS handlar om å vere minst
to personar på tur. Ferdselsråd, køyremønster og
redning heng direkte saman med terrenget og kor
mange som går i lag. Boka er svært praktisk og har
eit vell av kunnskap og gode råd.
SKIKOMPIS er boka for alle som likar seg utanfor
oppkøyrde løyper, driv fjellskiløping, går toppturar
eller køyrer offpiste. Boka er nominert av DNT til
«Årets fjellbok 2013».
Kunsten er å finne den tryggaste linja – med den
beste snøen!
ISBN: 9788282400633 - 192 s – utgitt 2013
kr 378,-
Om forfattaren:
Christer Lundberg Nes (f.1970) frå Volda er
tilsett i Friluftsrådet for Ålesund og omland, med
ansvar for skredkurs og opplæring i trygg ferdsel
i vinterfjellet. Han er mellom anna godkjend
tindevegleder, UIAGM/IVBV/IFMGA mountain guide,
og fekk Røde Kors sin fjellskikkpris 2013.
2
NY BOK 2013
Knut Langeland og Helge Sunde:
Sjelebot
33 tur- og naturperler
i Hordaland og Sogn og Fjordane
SJELEBOT er ei turbok som kan fortelja deg kvar
du bør dra. Men aller mest er det ei turbok som
ønskjer å formidla at du må dra. At du ikkje må
sitja stille i livet og la høvet gå frå deg. Det er ei
turbok som spreier kunnskapen om det nære,
som løfter fram Vestlandet og dei vestlandske
kvalitetane, og som hjelper deg å finna fram
til naturperlene i nabolaget. Dei som vi så
lett gløymer og overser når verda blir lita og
turmåla helst skal vera fjerne.
SJELEBOT viser veg til desse plassane, til desse
turane. Somme kjende, somme ukjende og
bortgøymde. Med sin særeigne forteljarstil
maler Knut Langeland bilete og formidlar
stemningar. Saman med naturfotografen Helge
Sunde viser han kor snublande nær oss det
eksotiske kan liggja.
Boka inneheld 33 turar, fordelt året rundt, til fots, på ski eller med kajakk. Dei
fleste turane er frå fjellheimen bergensarane likar: Stølsheimen, Vossefjella,
Kvamfjella, Bergsdalsfjella og Byfjellene, men vi blir også med til Skåla i
Nordfjord i nord og til Folgefonna i Hardanger i sør.
ISBN: 9788282400725 – 192 s – utgitt 2013 – kr 398,-
Om forfattarane:
Knut Langeland (f. 1958) har vore
journalist sidan 1985, sidan 1987 i Bergens
Tidende, med sport og friluftsliv som
spesialfelt. Han har skrive fleire bøker om
fjell og friluftsliv, seinast OPPTUR Bergen
(Selja Forlag 2012).
Helge Sunde (f. 1951) har vore fotograf
i Dagbladet og Bergens Tidende. Han har
teke bilete til ei lang rekke bøker særleg
om natur, samferdsle og lokalhistorie.
3
NY BOK 2013
Thor Warberg:
Anders Askevold
Vestlandsmålaren
Anders Askevold (1834–1900) er eit velkjent
namn i norsk kunsthistorie. Han voks opp i Askvoll
i Sunnfjord, kom til Bergen som 13-åring og til
Düsseldorf som 21-åring, der han var elev av
H.F. Gude. Seinare budde han i Paris, Bergen og
Düsseldorf. Han var den fyrste store kunstnar frå
Sogn og Fjordane, og den fyrste som reiste ut.
Askevold henta alle motiva sine frå Vestlandet og
tok med seg gjetarane, husdyra, naturen og det
vestlandske kulturlandskapet inn i kunsten som
ingen annan har gjort. Fjordlandskap og kyr var
Askevolds spesialitetar.
Denne boka inneheld ei verkliste på over 950
måleri, og er rikt illustrert med kring 90 kunstverk
og over 70 foto og andre illustrasjonar. Boka er
den første samla framstillinga av Anders Askevold
og livsverket hans.
Bilettekstar og samandrag også på engelsk.
ISBN: 9788282400688 – 168 s – utgitt 2013
kr 348,-
Om forfattaren:
Thor Warberg (f. 1952) er forfattar og bonde
frå Ål. Han har skrive gards- og slektssoge for
heimbygda, og «Bergslien-målarane», 2008.
4
KUNST
Reidar Storaas:
Vestlandskunstnaren Mons Breidvik
Den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881–
1950), ein markant vestlandskunstnar som held på å verta gløymd.
ISBN: 9788282400404 – 144 s – utgitt 2011 – kr 298,-
Oddmund Hus:
Hardanger i kunsten
66 kunstnarar gjennom to hundre år
Om alle dei store kunstnarane som
har vore i Hardanger, både J.C. Dahl,
Adolph Tiedmand, Hans Gude, Eilif
Peterssen, Amaldus Nielsen, Frits
Thaulow, Gerhard Munthe, Anders
Askevold, ja, Henrik Ibsen er også med,
han var på målarferder i Hardanger
kring 1860.
ISBN: 9788282400121 – 208 s
utgitt 2009 – kr 348,-
Thor Warberg:
Bergslien-målarane
Folkeliv i fargar
Knud Bergslien (1827-1908) og nevøen
Nils Bergslien (1853-1928) var to av
dei mest fargerike vestlandsmålarane
sist på 1800-talet. Boka er rikt illustrert
med over 110 kunstverk og vel 20 foto.
Norsk og engelsk tekst
ISBN: 9788291722894 – 144 s
utgitt 2008 – kr 298,-
Kåre Ragnar Lien:
Sabben
Kunstbok av Kåre Ragnar Lien
ISBN: 9788291722986 – 96 s
utgitt 2008
kr 100,-
5
OPPTUR
OPPTUR-serien består av 6 bøker som har fyldige turomtalar
og alle ruter teikna inn på flyfoto av til saman 1000 turar i det
flottaste landskapet Noreg har å by på.
Anne Rudsengen og Finn Loftesnes:
OPPTUR Sogn og Fjordane
267 fotturar
OPPTUR Sogn og Fjordane viser deg det makelause turfylket
Sogn og Fjordane på ein ny måte, har turar frå alle 26 kommunane.
ISBN: 9788291722474 – 648 s – utgitt 2005 (6. opplag 2013)
kr 448,-
Finn Loftesnes og Tom Dybwad:
OPPTUR Nærøyfjorden
88 turar kring verdsarvfjordane
OPPTUR Nærøyfjorden tek deg med på 88 turar i verdsarvområdet
i indre Sogn, frå Vik i vest til Lærdal i aust, frå Sognefjorden i nord til
Voss i sør, og er delt inn i 4 kapittel: 1. Undredalshalvøya,
2. Nærøydalen – Fresvikbreen, 3. Aust for Aurlandsfjorden,
4. Flåmsdalen – Aurlandsdalen
ISBN: 9788282400411 – 272 s – utgitt 2011
kr 398,-
Merete L. Rønneberg og Finn Loftesnes:
OPPTUR Geirangerfjorden
93 fotturar kring verdsarvfjordar
OPPTUR Geirangerfjorden tek deg med på 93 fotturar kring dei tre
verdsarvfjordane Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden,
og dekker såleis store delar av dei makelause turområda på indre
Sunnmøre. Boka er delt inn i fem kapittel: 1. Stranda – Sunnylven,
2. Geiranger, 3. Eidsdal – Norddal, 4. Tafjord – Fjørå – Valldal,
5. Liabygda – Stordal.
ISBN: 9788282400039 (no/eng) – 360 s – utgitt 2009
kr 398,-
6
OPPTUR
Knut Langeland og Finn Loftesnes:
OPPTUR Bergen
151 fotturar i 10 kommunar
OPPTUR Bergen viser deg alt det beste av turopplevingar du
kan få i og rundt hovudstaden på Vestlandet, og er delt inn i 10
kapittel: 1. Bergen, 2. Bergen Vest, 3. Sotra og Øygarden,
4. Askøy, 5. Åsane, 6. Nordhordland, 7. Osterøy, 8. Arna,
9. Fana, 10. Os
ISBN: 9788282400565 – 368 s – utgitt 2012
kr 398,-
Anne Rudsengen og Finn Loftesnes:
OPPTUR Hordaland
276 fotturar
OPPTUR Hordaland tek deg med på 276 fotturar frå
Hardangervidda i søraust til Fedje i nordvest, og har turar
frå alle dei 33 kommunane.
ISBN: 9788291722757 – 672 s – utgitt 2007 (4. opplag 2011)
kr 448,-
Finn Loftesnes:
OPPTUR Jotunheimen
125 fotturar
OPPTUR Jotunheimen tek deg med på ei unik reise gjennom
125 turar kring om i heile Jotunheimen. Dei dekkjer område
frå Vangsmjøse i sør, Sognefjellet i vest, Vågåvatnet i nord til
Valdresflya i aust, og er delt inn i 7 kapittel: 1. Hurrungane,
2. Sognefjellet, 3. Leirvassbu – Galdhøpiggen, 4. Lom – Sjodalen,
5. Gjende, 6. Bygdin – Vangsmjøse, 7. Tyin – Utladalen
ISBN: 9788282400060 (no) – 304 s - utgitt 2009 (2. opplag 2011)
ISBN: 9788282400091 (eng) – 304 s – utgitt 2009
kr 398,-
7
NY BOK 2013
Kjell Askeland:
Folk før II
Tjuefem historier frå Nordfjord
«Hadde eg berre snakka meir med han far, han besten,
spurt han meir. No er det for seint!» Slike hjartesukk har
Kjell Askeland prøvd å kome i forkjøpet. Gjennom mange
år har han sete seg ned og prata med eldre folk i Nordfjord,
teke seg tid, lytta, kome tilbake fleire gonger. Tekstane her
er ikkje kryssjekka historie. Det er augnevitne som fortel
om det opplevde livet. Subjektivt, fylt med kjensler, fantasi,
og draumar, og for den del, sløkte draumar. Fylt med deira
tankar og vurderingar.
I 2008 kom Folk før – femti historier frå Nordfjord. I Folk før II
møter vi tjuefem personar til, frå heile Nordfjord: Bremanger,
Gloppen, Stryn, Hornindal, Eid, Vågsøy og Selje. Menneska vi
møter er fødde i åra 1886-1933. Dei fleste lever, og tre av dei
er over 100 år gamle. Ingeborg Holm på 108 år er når boka
kjem ut mellom dei eldste menneska i landet.
Folket mellom fjella i Nordfjord er fasinerande å lytte til. Når
dei berre vert gamle nok.
ISBN: 9788282400732 – 248 s – utgitt 2013
kr 448,TIdlegAre boK I sAme serIe:
Kjell Askeland:
Folk før
Femti historier frå Nordfjord
Sterke og nære møte med slitarane som bygde landet.
Her møter vi personar fødde i tidsrommet 1887-1937.
ISBN: 9788291722948 – 192 s – utgitt 2008
kr 368, Om forfattaren:
Kjell Askeland (f. 1943) frå Askeland
i Bremanger, pensjonert lærar og
frilansjournalist.
8
NYE BØKER 2013
Paul O. Tomasgard:
Draumen om framtidslandet
Utvandringa frå Hornindal til Amerika
I løpet av 60 år forlet om lag 760 honndøler heimbygda for å søkje lykka i Amerika.
Dei slo seg ned i Midtvesten som farmarar eller innbyggarar i småbyane. Dei drog
vestover til Stillehavskysten, oppover til gullgravarbyane i Alaska og til prærieområda i
Canada. Etter kvart enda mange i store byar som Minneapolis, New York, Seattle og San
Francisco. Boka fortel om tilhøva i Hornindal kring midten av 1800-talet, om oppbrotet
frå heimegrendene, reisa over havet og om det nye livet i Amerika. Boka inneheld
korte biografiske opplysningar om storparten av dei utvandra, samt oversikt over alle
dei som kom tilbake og overtok gardsbruk. Illustrert med om lag 300 bilete, kart og
teikningar. ISBN: 9788282400664 – 208 s – utgitt 2013 – kr 378,-
Om forfattaren:
Paul O. Tomasgard (f. 1941) Hornindal, er utdanna lærar med norsk og historie som tilleggsfag ved
NLHT og HiSF. Han er redaktør av Hornindal historielag sitt lokalhistoriske årsskrift frå 1985, har skrive
ny utgåve av Ættebok for Hornindal (1989), jubileumsbøkene til L/L Hornindal Kraftlag (1999) og
Hornindal idrettslag (2010).
Sverre Stokke:
Å kome til, og fare frå
- kulturhistoriske glimt frå Hennøystranda
Stilla rår grunnen. Alle husa står her mest som før, men ingen menneske
viser seg. Ingen tek i døra og vil ut. Berre éin lever att her, sommar som
vinter, haust og vår…
«Å kome til, og fare frå» er ei reise i tid gjennom tekst og bilete. Det
er eit møte med dei nære, personlege historiene frå den vesle bygda
Hennøystranda i Ytre Nordfjord. Men mange av forteljingane er
allmenne, og kan stå som representant for dei mange kystbygdene
som ein gong var. Forteljingane byrjar på 1800-talet, då jord og hav
var gull, og fram til notid.
ISBN: 9788282400671 – 176 s – utgitt 2013 – kr 348,-
Om forfattaren:
Sverre Stokke (f.1949) er høgskulelektor i kunst og handverk ved NLA-Høgskolen i Bergen. Han hadde
separatutstillingar av kunstfoto, «Spor i metall» i 2011 og «Spor» i 2013.
9
NY BOK 2013
Therese Alvik:
Familien Steinfeld
Da byen gråt
Denne boka handler om den lille jødiske familien
Steinfeld fra Ålesund: Mor Lea, far Israel og
barna Reidun og Morten. Israel var en dyktig
forretningsmann som drev flere forretninger i Ålesund.
Boka forteller om hverdagsgleder og livet før krigen,
om angsten og uroen som fulgte med den tyske
okkupasjonen, arrestasjonene, og til slutt døden i tysk
fangenskap i Auschwitz i 1943. Therese Alvik har gjennom samtaler og søk i utallige
arkiv og bøker funnet mye nytt stoff om hva som
skjedde med familien Steinfeld og andre jøder som
hadde tilknyting til Sunnmøre både før og under
krigen. Bestemor til forfatteren var i tjeneste hos
familien Steinfeld. «Min bestemors opplevelser som
ung, resulterer nå i en bok med svar på mange av
hennes spørsmål. Jeg skulle ønske at hun kunne tatt
del i denne «reisen», skriver Therese Alvik.
Boka er rikt illustrert. Mange av fotografiene har ikke
blitt publisert tidligere.
ISBN: 9788282400749 – 192 s – utgitt 2013
kr 348,-
Om forfattaren
Therese Alvik (f. 1969) fra Ålesund er utdannet
lektor og underviser i norsk som andrespråk.
Dette er den første boka hennes.
10
NYE BØKER 2013
Audun Systad (red):
Tjugum kyrkje i Balestrand 150 år
Lys over fjord
Tjugum kyrkje ligg vakkert til ved Sognefjorden, med utsyn over
Esefjorden til Holmen, kommunesenteret i Balestrand. Det særmerkte,
åttekanta kyrkjebygget ligg lunt til mellom høge, vakre tre.
Biletkunstnarar og fotografar har blitt fascinerte av lyset over fjorden.
Lyset er også eit bilete på gudstru og folkeopplysning i Balestrand.
Denne jubileumsboka har eit svært variert innhald, både når det gjeld
historia til kyrkjene på Tjugum og det pulserande kyrkjelydsarbeidet i
Balestrand heilt fram til vår tid. Boka er rikt utstyrt med over 300 gamle
og nye foto og andre illustrasjonar.
ISBN: 9788282400701 – 272 s – utgitt 2013 – kr 398,-
Terje Skaug (red.)
Lesja
prestegard
Prestegarden gjennom 200 år
Denne boka forteller både historien om Lesja prestegard og
om prestegarden i dag. Boka inngår i en serie på fem bøker
om historisk viktige prestegarder som Opplysningsvesenets
fond har ansvar for.
ISBN: 9788282400657 – 56 s – utgitt 2013 – kr 200,-
Terje Skaug (red.)
Nesset prestegard
Prestegarden gjennom 200 år
ISBN: 9788282400756 – 56 s – utgitt 2013 – kr 200,-
Andre bøker i serien i 2014:
Meldal prestegard, Verdal prestegard, Selje prestegard.
11
ÅRBOKA
Torbjørn Rørvik (red):
Årboka for
Sogn og Fjordane 2012
Årboka for Sogn og Fjordane 2012 er ei jubileumsutgåve.
Dette er den 20. utgåva i serien som presenterer stort
og smått, som har gått føre seg i Sogn og Fjordane.
Utgangspunktet for boka er ein stad oppunder 50 000
avissider, som vi har saumfare på jakt etter dei store
nyhenda, varme småsaker og det gode fotografiet.
Vansken er ikkje i å finne, men å avgrense.
Årboka 2012 tek mellom anna pulsen på næringsliv,
samferdsle, kultur, sport, vêr og uvêr. Boka går også inn
i dramatiske hendingar som fekk store konsekvensar for
einskildmenneske. Men vi er også med der hendingar
skapar positivitet og glede med tanke på åra som kjem.
Boka har også ein omfattande statistikkdel: folketal,
politikk, drikkevanar, tippevanar, reisevanar og kva bilar
vi kjøper. Og ikkje minst vêret. Alle snakkar om det, men
her kan du få kunnskap om korleis vêret verkeleg var i
fylket i 2012. Også i år inneheld boka eit register over
namna på nærare 1 000 personar som er omtalte i denne
utgåva.
ISBN: 9788282400640 – 270 s – utgitt 2013 – kr 468,-
TIDLEGARE ÅRBøKER:
Om forfattaren:
Torbjørn Rørvik (f. 1959) bur på Kaupanger og har
tidlegare vore journalist og redaktør.
12
Årboka for Sogn og Fjordane har komme ut kvart år
sidan 1993. Alle årgangar t.o.m. 2010 (minus 2006) kan
kjøpast enkeltvis til kr 98,- pr stk eller samla for kr 990,-.
Årboka for 2011 kostar kr 458,-. Dersom du ønskjer å
abonnere på Årboka, så betaler du for 2012, og får 2011
med på kjøpet.
SOGN OG FJORDANE
Ove Eide og Finn Egil Eide:
Kjerringa, Askeladden og kongen sjølv
Eventyr frå Sogn og Fjordane
30 eventyr frå Sogn og Fjordane, nokre publisert for første gong. Vi møter
Askeladden og prinsessa, reven og bjørnen, kjerringar og troll – og sjølvsagt
også sunnfjordingen og kongen. Alle rikt illustrert.
ISBN: 9788282400572 – 128 s – utgitt 2012 – kr 198,-
Ove Eide og Finn Egil Eide:
Huldra, draugen og fanden sjølv
Segner frå Sogn og Fjordane
Dette er første gongen det blir gjeve ut ei samling segner der
alle kommunane i fylket er representerte. Til saman 77 segner i
alle sjangrar, frå ytst i Fjordane til inst i Sogn. Alle rikt illustrert.
ISBN: 9788282400459 – 128 s – utgitt 2011 – kr 198,-
Magne V. Kristiansen:
Den gong ei reise var ei reise
Ein hesteskyss over Strynefjellet i 1900
Om reisa den nyvalde stortingsrepresentanten
Rasmus P. Sindre og kona Gyda hadde frå Stryn til
Kristiania og Stortinget. Illustrert med teikningar.
ISBN: 9788282400282 – 64 s – utgitt 2010
kr 248,-
13
SOGN OG FJORDANE
Stig Roger Eide og Inge Fænn:
Skåla
- fjellet og folket
I 120 år har Skåla og Skålatårnet i Stryn vore eit eineståande turmål, og alle som
har streva seg opp Nord-Europas lengste motbakke, 1848 moh, får med seg minne
for livet. Praktbok.
ISBN: 9788282400381 – 208 s – utgitt 2011 – kr 398,-
Thomas Bickhardt og øystein Rakkenes
Panorama Nordfjord
Ei reise i praktfulle bilete og underfundige tekstar gjennom heile Nordfjord.
Praktbok om sju kommunar: Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn, Gloppen og
Bremanger.
ISBN: 9788282400138 – 216 s – utgitt 2009 – kr 398,-
Jorunn Liv Kleiven:
Gå sjøl
Familieturar i Sunnfjord
Omtale av 94 familieturar i heile Sunnfjord, både til fots,
på sykkel, med ski og akebrett. Kommunar som er med:
Jølster, Førde, Naustdal,
Flora, Askvoll, Fjaler og
Gaular.
ISBN: 9788282400114
216 s – utgitt 2009
kr 98,-
14
Gry Hammer og
Thomas Bickhardt:
Storm
ved Stad
Praktbok om stormen
ved Stad. Om natur
og folk, om livet ved
kanten av storhavet.
ISBN: 9788291722832
192 s – utgitt 2007
kr 398,-
SOGN OG FJORDANE
Gaute Losnegård:
Historia om Flora
Før byen kom. Bind 1 – Tida fram til 1860
Bysamfunnet Florø i Flora kommune er den eldste byen i Sogn og Fjordane,
grunnlagd 1860. Bind 1 i dette historieverket tek lesaren på ei reise frå dei eldste
tider og fram til byen kom.
Historia om Flora er rikt illustrert og gjev eit vidt innblikk i korleis forfedrane våre
levde, både om levekår og næringsvegar. Livet på kysten av Sunnfjord har vore
prega av både stagnasjon og framsteg, uår og velstandsår, krig og fred.
Utgitt i samarbeid med Flora kommune. Bind 2 kjem i 2016.
ISBN: 9788282400589 – 496 s – utgitt 2012 – kr 498,-
Kristin Ese:
På god veg
Veghistorie i Sogn og Fjordane
Historia om alle vegane i fylket, frå dei eldste til dei
nyaste, frå grendevegar til stamvegar. Om Dalsfjordbrua,
Fatlaberget, Lærdalstunnelen, Rallarvegen,
Naustdaltunnelen og Nordsjøportvegen. Veghistorie for
kvar av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane.
ISBN: 9788291722702
359 s – utgitt 2007 – kr 398,-
Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal,
Finn Borgen Førsund og Sigurd Vengen:
På kyrkjeferd i Sogn
og Fjordane
Bind 2: Sogn
Omtale av alle dei 54 kyrkjene i Sogn, frå Solund til
Årdal. Om arkitektur, kunst og inventar.
Katrine Sele og
Oddleiv Apneseth:
Herifrå
Ei alternativ reise i det
moderne Sogn og Fjordane.
ISBN: 9788291722696 – 175 s
utgitt 2006 – kr 198,-
ISBN: 9788291722146 – 304 s – utgitt 2000 – kr 248,-
15
MAT
Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal:
Fjordamat
Vil du gjerne lage tradisjonsrike matrettar og bruke gode, lokale
råvarer? Vil du helst lage maten frå grunnen av, og vite kva han er
laga av? Og vil du at matarven skal gå vidare til nye generasjonar?
Fjordamat er standardboka for alle med interesse for mat og
matskikkar på Vestlandet, og bestseljar heilt frå første utgåva i 1999.
Over 340 oppskrifter krydra med over 270 appetittvekkande bilete.
ISBN: 9788291722917 – 264 s – utgitt 2008 (2. opplag 2012)
kr 398,-
Åse Kongsvik, Kari Støfringsdal
og Heidi Brunstad-øyehaug:
Ta kaka
Frå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre
dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon når noko skal feirast på
Vestlandet.
Ta kaka er ei norsk kakebok der kakene vert sette inn i ein større
kulturhistorisk og geografisk samanheng. Boka inneheld 200
oppskrifter frå heile Vestlandet, frå Egersund til Kristiansund. Rikt
illustrert.
ISBN: 9788291722566 – 223 s – utgitt 2005 (4. opplag 2013)
kr 368,-
16
MAT
Per Momrak og øystein Vegge:
Mat i det fri
Boka for deg som er glad i naturen og alt den har å by på.
Den viser hvordan du kan lage de beste middagsretter,
herlige konfekter og godluktende bakevarer uten gass eller
elektrisk grill. Inneholder 80 oppskrifter på enkle og lekre
matretter, alle med lett tilgjengelige råvarer.
ISBN: 9788282400206 – 143 s – utgitt 2010 (2. opplag 2011)
kr 248,-
Reidunn Otterdal, Anne Britt Sårheim,
Ann-Iren Ulvedal:
Klare sjøl
Kokkar små med kopp og skei. Includes english glossary
Barnekokeboka som er like populær no som då ho kom ut
første gongen i 2002. Passar for barn i alderen 3-12 år. Boka
følgjer årstidene og inneheld kring 100 oppskrifter, der måla
er oppgitt i kopp og skei.
ISBN: 9788282400176 – 122 s – utgitt 2002 (6. opplag 2012)
kr 248,-
17
BARN
Per Sivle:
Berre ein hund
«Berre ein hund» er ein av Per Sivle sine beste og mest kjende tekstar.
Historia vart først trykt i «Sogor», 1887, og er ei gripande forteljing
om venskapen mellom guten Per og hunden Hall. Forteljinga kjem
her i ny utgåve for born, litt innkorta og omskriven av Jens Brekke.
Brekke har også skrive barneforteljinga «Han Per», som følgjer Sivle
frå barndommen i Aurland og på Vossestrand og fram til vaksen alder.
Per Sivle (1857-1904) var fødd i Aurland, voks opp på Vossestrand.
Knapt nokon annan norsk forfattar har nådd lengre inn i den norske
folkesjela enn Sivle har gjort med «Den fyrste song». Han skreiv dikt,
noveller og ein roman, og var avismann i Drammen og Oslo.
ISBN: 9788291722412 – 56 s – utgitt 2004 (2. opplag 2013)
kr 198,-
Kurt Rutledal:
Alfred Bamse på sjukehus
Det starta med ei flis i poten og enda med eit langt og lærerikt sjukehusopphald. Bli
med når bamsen Alfred forskar på korleis eit sjukehus fungerer.
ISBN: 9788282400435 – 144 s – utgitt 2011 – kr 198,-
Kurt Rutledal:
Alfred offshore
Kva vil det eigentleg seie å jobbe offshore? Kva gjer dei på der ute? Korleis kjem
dei seg dit? Og korleis er arbeidsdagen? Bli med Alfred Bamse og oppdag den
spennande verda der ute.
ISBN: 9788282400251 – 120 s - utgitt 2010 (2. opplag 2012) – kr 248,-
18
SKJØNNLITTERATUR
Ottar Løvoll:
Stikkvegar
Inneheld 67 dikt. Dei fleste av dei med mennesket
i sentrum, men det er mange stikkvegar ut til
handlingsrommet der dikt blir til i «samspelet»
mellom menneske, natur og religion.
ISBN: 9788282400695 – 78 s – utgitt 2013 – kr 200,-
Om forfattaren:
Ottar Løvoll (f. 1941) er fødd og oppvaksen
på garden Løvoll i Eidsdal på Sunnmøre. I sitt
vaksne liv har han budd i Ørsta, der han har
vore lærar ved den vidaregåande skulen.
Dette er den andre diktsamlinga hans.
Hans Sande:
Henrik Skorven:
Nynorsk lyrikk
25 diktarar - 220 dikt
Boka inneheld høgdepunkt
frå den nynorske diktinga
gjennom over hundre år.
Dikt og korte biografiar
om dei største nynorske
diktarane frå Ivar Aasen til
Olav H. Hauge.
ISBN: 9788282400107
344 s – utgitt 2009
kr 298,-
I dag såg eg to spadar
Skjønnlitterær kunstbok. Dikt
og fotografi av skulpturar i tre
og jarn. Hans Sande har lagt
alle talenta sine saman og
skapt ei kunstbok utanom det
vanlege. Inspirert av Olav H.
Hauge sine tingdikt om ljåen
og saga, har Sande gitt nytt liv
til gamle og rustne slitarar av
alle slag.
ISBN: 9788282400534
112 s – utgitt 2012
kr 198,-
19
SKJØNNLITTERATUR
Bjarte Sindre:
Odins smykke 1–4 kr 98,- pr stk
Spennande romanserie frå vikingtida om Asgeir Åsason
som er utan slekt og freistar finne ut kven faren er.
Asgeir Åsason
Asgeir Åsason er fødd i år 907 og veks opp på øya Bru i Sunnfjord.
Ingen veit kven far hans er. Dette er ei stor skam, så medan
jamaldringane får reise i viking, lyt Asgeir vere heime og gjere
«kvinnfolkarbeid». Vismannen Tormod Frode tek seg av han i løynd,
fortel at han er etterkommar av guden Odin, og lærer han både språk
og idrettar. Men dette må han halde for seg for seg sjølv til tida er inne.
ISBN: 9788282400305 – 223 s – utgitt 2010
Berserken
Året er 923. Skosveinen Asgeir Åsason får vere med kong Eirik
Blodøks på ferda til Bjarmeland for å utvide kongemakta si nordover.
Lite veit dei om at kong Halvdan Svarte i Nidaros hyrer berserken
og kvinnerøvaren Steinar Grimsson til å ta livet av halvbroren Eirik
Blodøks, som skal bli overkonge i landet.
ISBN: 9788282400329 – 223 s – utgitt 2011
Trollbøn
Skosveinen Asgeir Åsason er blitt ein viktig mann for kong Eirik
Blodøks etter slaget mot berserken Steinar Grimsson på Eidet på Senja.
Men seidmannen Sote Ramn kom seg unna slaget, og har stygge
planar for kongen og mennene hans. Både handelsferda til Bjarmeland
og heimferda sørover til Hålogaland byr på fare, svik og ære for Asgeir.
ISBN: 9788282400343 – 223 s – utgitt 2011
Møyfrid
Det er mange som ønskjer livet av Asgeir Åsason, ein av kong Eirik
Blodøks sine viktigaste menn.Spesielt etter drapet på den fremste
seidmannen i Norveg, Sote Ramn, ønskjer seidfolket hemn. Og det er
gamlekjærasten til Sote, Bergljot, som får i oppdrag å drepe Asgeir og
dei han held av.
ISBN: 9788282400367 – 223 s – utgitt 2011
20
SKJØNNLITTERATUR
Johan Fjellby:
På blå resept
Ord til ettertanke av Johan Fjellby
På blå resept er ei samling sorgmuntre visdomsord. Korte og presise sitat
som gjer at du stoppar opp og ser på livet og kvardagen med nye auge og
med nytt mot. Han Johan får deg også til å sjå det komiske i mykje av det
som skjer rundt oss.
ISBN: 9788291722573 – 64 s – utgitt 2005 (3. opplag 2013) – kr 79,-
Rune Timberlid:
Priseld
Fleire av Nikolai Astrups mest kjende
måleri blir rana under dramatiske
omstende under transport til Astruptunet
i Jølster. Politimannen Rolf Randen leiar
jakta på dei verdfulle kunstverka, og det
fører han inn i ei komplisert sak der drap,
lyssky barnepornografi og illegal handel
med kunst blir ein del av kvardagen...
ISBN: 9788291722375 – 253 s – utgitt
2004 – kr 98,-
Jon Tolaas:
Dønningar
Johan Fjellby:
Diktsamlinga var Jon
Tolaas (1939-2012)
si tolvte og siste
skjønnlitterære bok sidan
debuten i 1967.
Han Johan
ISBN: 9788282400022
71 s – utgitt 2009
kr 98,-
ISBN: 9788291722740
63 s – utgitt 2007
kr 79,-
Både djupsindige
og lettsindige ord til
ettertanke.
21
SUNNMØRE
Turid Karlsbakk:
Gripen av Grønland
I spora til far 63 år etter
Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten ”Hird” frå land i Ålesund med
seks fangstmenn om bord. Dei var klare for å erobre ukjende jaktområde på
Nordaust-Grønland og få oppfylt draumane sine om rikdom. Ein av desse var
Jonas Karlsbakk, far til Turid, som 63 år seinare er med eventyraren Ragnar
Thorseth til Grønland i spora etter dei gamle fangstmennene.
ISBN: 9788282400558 – 104 s – utgitt 2012 – kr 298,-
Jon Tvinnereim og Jørgen Amdam:
Eiksundsambandet
Visjonen som vart verkeleg
Eiksundsambandet er det ferjefrie sambandet mellom øyane på ytre Søre
Sunnmøre og fastlandet i Ørsta/Volda. Boka fortel om den seige kampen for å få
gjennomført prosjektet og om den suksessen det har blitt.
ISBN: 9788282400602 – 272 s – utgitt 2012 – kr 398,-
Einar Landmark:
Vendepunktet
Henrik Ibsen på Sunnmøre 1962
Sommaren 1862 reiste Henrik Ibsen på samlarferd til Sunnmøre, for å samle segner
og lokalhistorisk stoff. Her fann han også tema og rollemodellar som han seinare
brukte i stykka sine, og fekk inspirasjon til diktarvegen vidare. Sjølv ivrige lesarar av
Ibsenbiografiar vil finne nye opplysningar om Ibsen i denne boka.
ISBN: 9788282400541 – 256 s – utgitt 2012 – kr 348,-
22
BIOGRAFI
Bjarte Sindre:
Flypioneren Thor Solberg
Thor Solberg (1893-1967) frå Florø er ein av dei store i norsk luftfartshistorie, og
var den første flygaren som klarte å fly frå USA til Noreg. Solberg sitt livsverk var
knytt til luftfarten, og han innførte mellom anna Cessna til Skandinavia. Dette
er første biografien om han.
ISBN: 9788282400596 – 160 s – utgitt 2012 – kr 328,-
Greta Hekneby:
Nikka Vonen
Folkeminnesamlar, skulestyrar
og målkvinne
Biografi om Nikka Vonen
(1836–1933), den vidgjetne og
viktige kulturpersonen frå Fjaler,
som dreiv ein av dei fremste
privatskulane i landet.
ISBN: 9788282400237 – 288 s
utgitt 2010 – kr 98,-
Egil Russøy:
Møtet med Hans Nielsen Hauge
Historia om Anna frå Voss og Bertel frå Naustdal
Anna og Bertel fekk liva sine endra i møtet med lekpredikanten Hans Nielsen
Hauge, og historia deira viser også korleis haugianarane utvikla seg frå å vere
ei forfølgd gruppe til å bli viktige aktørar i samfunnsutviklinga i Noreg på
1800-talet.
ISBN: 9788282400619 – 160 s – utgitt 2012 – kr 328,-
23
HISTORIE
Yngve Nedrebø (red):
Lorentz M. Irgens,
Yngve Nedrebø,
Sigurd Sandmo
og Arne Skivenes:
Fattigfolk
i Bergens stift 1755-2005
Dette er ei bok om utgrupper i bygd
og by på Vestlandet gjennom 250 år,
om dei som ikkje kunne eller ikkje
ville syte for seg sjølve.
Lepra
Terje Eggum:
I 1873 fann
bergensaren Gerhard
Henrik Armauer
Hansen leprabasillen
og kunne ved
hjelp av denne
oppdaginga forklare
spreiinga av sjukdomen. Tallet på nye tilfelle vart
fort redusert, og sjukdomen var under kontroll! Det
er dette denne boka handlar om.
Avisene i Sogn og Fjordane
1874–2009
ISBN: 9788291722610 (norsk) – 96 s – utgitt 2006
ISBN: 9788291722627 (engelsk) – 96 s – utgitt 2006
kr 98,
ISBN: 9788291722542
160 s – utgitt 2005
kr 98,-
På trykk
Om avisfylket Sogn og Fjordane
gjennom 135 år. Det er ei spennande
soge som famnar 16 utgjevarstader,
meir enn 50 aviser, innpå 200
redaktørar og dei fleste sidene ved
partipolitikken.
ISBN: 9788282400046 – 265 s
utgitt 2009 – kr 98,-
Draum og tullskap
Festskrift til Rasmus Løland 150 år
Rasmus Løland (1861-1907) var den første nynorske barnebokforfattaren.
Denne boka handlar om å bli lesen for, ho handlar om kvifor Løland var ein
pioner og ho handlar om arven etter han i den nynorske barnelitteraturen.
ISBN: 9788282400350 – 115 s – utgitt 2011 – kr 248,-
24
HISTORIE
Berit Gjerland, Frode Hervik
og Yngve Nedrebø:
Dronning Ingerid
og bisp Nikolas
Praktbok om Ingerid Ragnvaldsdotter, som var
svensk prinsesse og gift fire gonger med danske
og norske stormenn. Ho spelte ei viktig rolle i den
kaotiske borgarkrigstida i Noreg på 1100-talet.
ISBN: 9788291722689 – 176 s – utgitt 2006
kr 198,-
Finn B. Førsund:
Jón Viðar Sigurðsson, Berit Gjerland
og Gaute Losnegård:
Ingólfr
Norsk-islandsk hopehav 870-1536
Praktbok om Ingólfr Arnarson, som er rekna som
den første landsnåmsmannen på Island. Boka
fortel om den felles historia Noreg og Island har frå
landnåmstida til nyare tid.
ISBN:9788291722504 – 256 s – utgitt 2005
kr 198,-
Skulen på Mo
1858–2008
Historia til ein av landets
eldste jordbruksskular, på
Mo i Førde. Register med
namn på alle lærarar og
elevar fram til 2008.
ISBN: 9788291722924 – 167 s
utgitt 2008 – Kr 98,-
Reidar Djupedal:
Gamle Selje
Kulturhistoriske tekstar i utval ved Ove Eide
Eit utval tekstar med lokalhistorisk stoff frå Selje. Her er kloster og kyrkje,
song og dans, rim og reglar, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir.
ISBN: 9788282400299 – 272s – utgitt 2010 – kr 348,-
25
KRIGEN
Egil Ulateig:
To levende og to døde
Hva skjedde med Brenning?
Noen drama fra krigen gjør sterkere inntrykk enn andre. Denne boka handler
om et slikt menneskelig drama. Her er både kjærlighet og svik, løgn og bedrag,
liv og død og en gåte som ennå ikke er løst.
ISBN: 9788282400398 – 144 s – utgitt 2011
kr 239,-
Leif Koehler:
Fanget av krigen
Norsk ungdom, tysk soldat og russisk
krigsfange
Den utrolige historien om hvordan en uheldig
ungdom fra Bergen ble kasteball i storkrigens
Europa, men mot alle odds overlevde.
ISBN: 9788282400077
240 s – utgitt 2009
kr 98,-
Gerd de Mautort:
Fransk flyktning
Krigsår i Eksingedalen, – de beste år av mitt liv
Gerd de Mautorts personlige fortelling fra krigen, da hun og to små barn måtte
rømme fra Bergen og havnet i Eksingedalen.
ISBN: 9788291722054
128 s – utgitt 1998
kr 98,-
26
KRIGEN
Malvin Toft m. fl:
Krigsseglarar
38 sterke historier om krigsseglarar. Dei fleste var om bord i den
norske handelsflåten, men fleire var også marinesoldatar.
ISBN: 9788291722955 – 120 s
utgitt 2008 – kr 149,-
Grethe Eithun, Kjell Ragnar Berge
og Hermund Kleppa:
Krigsår
Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940–1945
«Krigsår» inneheld krigshistorie frå alle dei 26 kommunane i Sogn
og Fjordane, fordelt i 125 artiklar. Boka inneheld komplett oversyn
over alle dei 296 falne frå fylket (omtale og bilete), alle dei 540 som
sat i fangenskap (omtale), og alle krigsminnesmerke og krigsgraver
(omtale og bilete).
ISBN: 9788291722467 – 479 s – utgitt 2005 – kr 448,-
27
KYST
I serien ”Båtar med sjel” får vi eit kjekt gjensyn med trauste slitarar frå Stavanger i sør til Kristiansund i nord.
Omtale og faktaopplysningar om kvar enkelt båt, skildringar om livet om bord og dei som arbeidde om der.
Mange unike foto.
Malvin Toft og Hans H. Steinsund:
Båtar med sjel II
67 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane
ISBN: 9788291722818 – 184 s – utgitt 2007
kr 348,-
Hans H. Steinsund, Malvin Toft, Johan
Ottesen, Magnus H. Torvanger, øystein
Sandøy, Per Kåre Nybakk, Harald Leite og
Kjell Askeland:
Båtar med sjel III
71 fiske- og fraktebåtar frå Vestlandet
ISBN:9788282400152 – 215 s – utgitt 2009
kr 348,-
Magnus Helge Torvanger m.fl:
M/S Atløy
Historia om ein fjordabåt
Boka om «M/S Atløy», ein av dei flottaste veteranbåtane i landet. «Atløy» er bygd i
Bergen i 1931 og gjorde i over 40 år teneste i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.
ISBN: 9788291722238 – 104 s – utgitt 2001
kr 198,-
28
KYST
Magnus Helge Torvanger:
Frå dampskip til gassferjer
Fjord1 Fylkesbaatane 150 år 1858-2008
Historia om ferjefarten og båtrutene i eit fylke med lange fjordar og mange
øyar, der sjøen har vore den viktigaste ferdsleåra. Og om reiarlaget som først
vart kalla «Amtsbaatene», så «Fylkesbaatane» og no Fjord1.
ISBN: 9788291722931 – 184 s – utgitt 2008
kr 398,-
Harald Elling Ulvestad:
Fyrbyggeren
Fyrformann Elling Ulvestads
fortelling 1909-1954
På grunnlag av dagbøker, rapporter, håndskrivne manuskript og bilder
presenterer Harald Elling Ulvestad i denne boka det omfattende arbeidet
til faren Elling Ulvestad, som var fyrarbeider, fyrformann og oppsynsmann
i Fyrvesenet gjennom 45 år.
ISBN: 9788291722962 – 142 s
utgitt 2008
kr 368,-
Heidi Eikremsvik og Thomas Bickhardt:
Fyrfolk
Ei reise i tekst og bilete til 14 fyr på Vestlandet, frå Grip i nord til Obrestad
i sør. Boka inneheld også fakta om alle dei 83 fyra som er eller har vore på
Vestlandet.
ISBN: 9788291722672 – 144 s – utgitt 2006
kr 198,-
29
KULTURGAIDAR
Harald J. Stavang:
Flora
Kulturhistorisk vegvisar
Vandring i Florø
sentrum og bydelane
på Florelandet, og til dei
kulturhistoriske perlene
Kinn og Svanøy. I tillegg
finn du omtale av ei rad
andre kulturminne i
Flora kommune.
Gulatinget
Kulturhistorisk vegvisar
for Gulatinget i Gulen,
tusenårsstad i Sogn og
Fjordane. Gulatingslova er
det eldste norske lovverket
og forløparen til den
moderne norske rettsstaten.
ISBN: 9788291722078
288 s – utgitt 1999
kr 248,-
ISBN: 9788282400466 (no)
104 s – Utgitt 2011
ISBN: 9788282400510 (eng)
104 s – utgitt 2012
kr 268,-
Torkjell Djupedal:
Torkjell Djupedal:
Førde
Selja
Kulturhistorisk vegvisar
Om den heilage øya, som
var det første pilegrimsmålet
i landet, og hadde det første
bispesetet og det første
klosteret. Og i dag har
landets største ruinanlegg
frå mellomalderen.
Vandring i Førde med
grundig kulturhistorisk
omtale. Ingen by i landet
har vokse raskare enn
Førde etter 1960.
ISBN: 9788291722023
210 s – utgitt 1998
kr 248,-
30
Siri Ingvaldsen:
ISBN: 9788291722603 (no)
32 s – Utgitt 2006
(2. opplag 2011)
ISBN: 9788282400527 (eng)
32 s – utgitt 2012
kr 98,-
KULTURGAIDAR
Hans Jakob Reite:
Hilde Mauritzen:
Vandring i Førde. Om
historia og byen i dag.
Vandring i Fjærland, frå
fjord til bre, frå bokby til
bremuseum.
Førde
ISBN: 9788291722764
32 s – utgitt 2007
kr 98,-
Erik Solheim:
Jostedalsbreen
Kulturhistoria kring
Nord-Europas største
fastlandsbre.
ISBN: 9788291722795
40 s – utgitt 2007
kr 98,-
Fjærland
ISBN: 9788291722788
40 s – utgitt 2007
kr 98,-
Solveig Berg Lofnes:
Astrup
Nikolai Astrup og Jølster
Nikolai Astrup (1880-1925)
er rekna som ein av dei
største og mest folkekjære
norske kunstnarane.
ISBN: 9788291722771
40 s – utgitt 2007
kr 98,-
31
VESTLANDET
Audhild Rude:
Retro
Hugsar du tilbake til 1950- og 60-talet? Då mange enno ikkje hadde innlagt
vatn eller straum, men boka «Vi som koker elektrisk» var ein salsvinnar?
Retro er ei minnebok om dagleglivets kulturminne før og no med bilete av
ting som var i dei fleste heimar: Vakkert handarbeid, koppar og kar, møblar
og interiør. Høgtid og kvardag.
ISBN: 9788282400275 – 168 s – utgitt 2010
kr 98,-
Atle Skjelde:
Jakt og fiske på Vestlandet
Vestlandet byr på fantastisk natur og rikt dyreliv. I denne boka tek vi deg med
på ei reise gjennom dette landskapet med fokus på jakt og fiske i dei fire
årstidene. Hjortejakt i Måren, harejakt i Gloppen, revejakt på Voss, gåsejakt på
Karmøy, laksefiske i Lærdal og seljakt i Sognefjorden er nokre av opplevingane
vi får vere med på. Rikt illustrerte
reportasjar, fyldige faktaboksar, nyttige tips,
statistikkar og rekordar.
ISBN: 9788282400244 – 208 s – utgitt 2010
kr 98,-
Juleglimt
God nynorsk julestemning mellom to permar: Her finn du 20 juleforteljingar og
surrealistiske juleeventyr av 20 kjende vestlandsforfatttarar: May Grethe Lerum,
Berge Furre, Vidar Nupen, Finn Tokvam, Ingvild Bryn, Arild Hoksnes, Fridtjov Urdal,
Einar Økland, Astrid Overaa, Trude Teige, Sylfest Lomheim, Selma Lønning Aarø,
Thore Helland, Erna Osland, Halvor Folgerø, Jens Brekke, Geir Kvam, Bjørn M. Toft,
Valgerd Svarstad Haugland, Ragnar Hovland.
ISBN: 9788291722979 – 160 s – utgitt 2008 – kr 98,-
32
OPPSLAG
Ottar Starheim:
Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Bind 1–4
Eineståande bokverk i fire bind med 3200 boksider, og inneheld mellom anna 3120 biografiar, 12 000 foto
og eit register med 12 291 oppslagsord. Verket er ordna kommunevis. På mange måtar er dette ei «minibygdebok»
for kvar einaste kommune i Sogn og Fjordane. Alt du nokon gong kunne tenkje deg å vite om Sogn og Fjordane,
og meir til.
ISBN: 9788281783300
3200 s
utgitt 2009
kr 990,-
selja forlag
Selja Forlag as, Postboks 151, 6801 Førde – Besøksadresse: Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon 57 83 22 20 – Telefaks 57 83 22 21
Heimeside: www.selja.no – E-post: [email protected]