Mat til 9 milliardar menneske?

Mat til
9 milliardar
menneske?
Eit diskusjonsnotat frå Utviklingsfondet
2
Innhald
Mat til
ni milliardar
menneske?
1. Befolkningsutviklinga side 2
Utgitt av Utviklingsfondet
2011
3. Ein milliard utan nok mat side 9
Forfatter: Olav Randen
Olav Randen, fødd 1948, er
utdanna sosiolog frå Universitetet i Oslo. Han arbeider
som småbrukar med geit i
Hallingdal og som skribent.
Han driv også forlaget
Boksmia.
«Mat til ni milliardar
menneske?» er et diskusjonsnotat utgitt av Utviklingsfondet
med et mål om å skape debatt
rundt matforsyning og
befolkningsvekst. Utviklingsfondet er enige i hovedtrekkene i forfatterens analyse,
men deler ikke nødvendigvis
alle synspunkter.
Layout og ombrekk:
Anna Maria Pirolt, Brød&tekst
Utviklingsfondet er en
uavhengig miljø- og utviklingsorganisasjon. Vi støtter fattige
mennesker i deres eget arbeid
for å kunne fø seg selv, komme
seg ut av fattigdommen og
sikre miljøet. Utviklingsfondet
har over tretti års erfaring
med å kombinere miljø- og
utviklingstiltak i konkrete
selvhjelpsprosjekter.
www.utviklingsfondet.no
Rapporten er gitt ut med
støtte frå Norad
ISBN 978-82-91923-30-7 (nett)
ISBN 978-82-91923-31-4 (trykk)
2. Matproduksjon og ressursgrunnlag side 6
4. Nedgangsfaktorar og miljøproblem side 11
5. Framtidas matbehov side 14
6. Tolv tiltakside 15
7. Konklusjon: Ni enkle ord side 22
3
To minuttar etter midnatt 12. oktober 1999 kom ein gut til
verda i Sarajevo i Bosnia. Den vesle vart døypt Adnan og hadde
etternamnet Nevic. Gjennom eit FN-vedtak noko seinare vart
Adnan peika ut som verdas innbyggjar nummer seks milliardar.1 Sjølvsagt er det eit reint slumpetreff om han var det.
For folketalet i mange land er såpass usikkert at det for kloden
kan vere mange millionar feil.
Rundt komande årsskifte (2011/2012) vil truleg FN finne
ein ny Adnan, ein nyfødd gut eller jente som blir brukt for
å symbolisere overgangen frå seks til sju milliardar innbyggjarar på kloden. Og me vil få ein intensivert debatt om kor
mange innbyggjarar Tellus har plass til. Skal me ønskje den
nye Adnan og alle dei andre velkommen, eller skal me seie at
kloden er full og at nye innbyggjarar difor øydelegg for alle?
Det er spørsmålet Utviklingsfondet har bede meg prøve å gi
eit svar på.
Sjølvsagt handlar det store spørsmålet om framtida for
menneskeheita om meir enn mat. Det handlar om klimautslepp og global oppvarming, om artsutrydding, om at tilgangen
på fossil energi minkar, om øydelagd natur som må reparerast,
om fattigdom som ikkje berre trugar dei fattige, men alle
menneske, om krigar og konfliktar, ulikskap og analfabetisme.
Men dette notatet avgrensar seg til å drøfte spørsmål som gjeld
mat og mattilgang.
1) The Economist, 22.11.2010.
1. Befolkningsutviklinga
4
Då dyrearten homo sapiens hadde eksistert i omtrent 250.000
år, passerte talet på eksemplar ein milliard. Det skjedde truleg
stutt tid før år 1800. Så skulle det gå vel eit hundreår til før
folketalet i nådde 2 milliardar. Det skjedde i 1927. Etter 33 nye
år, i 1960, var me 3 milliardar til å dele plassen på kloden. Så gjekk
det 14, 13 og 12 år, altså til i 1974, 1987 og 1999, før milliard
nummer 4, 5 og 6 vart passert. Når dette blir skrive tidleg i april
2011, viser teljaren ved det USA-baserte Population Reference
Bureau eit globalt innbyggjartal på 6.955.229.775 innbyggjarar,
og det veks med rundt 79 millionar i året eller 150 personar i
minuttet.2 Det inneber at me har att snautt 7 månader til me
passerer det runde talet. FNs befolkningsdivisjon opererer
med eit eit litt anna talgrunnlag og difor eit lite grann lågare
tal. (se tabell 1)
Går me attende til midt på 1800-talet i vårt eige land, fødde
kvinnene i gjennomsnitt om lag 4,5 barn. Gjennomsnittsalder
for inngåing av ekteskap var 27 år for kvinner og 29 for menn.
Frå dei gifte seg og så lenge dei var fruktbare, hadde dei fleste
kvinner barnefødslar med to-tre års mellomrom. Dette låg nær
eit europeisk gjennomsnitt og nær snittet i mange utviklingsland i dag. I land med høgare barnetal per kvinne er kvinnene
vanlegvis yngre når dei får sitt første barn. Talet på dødfødde,
spedbarn og småbarn som døydde, var høgt. Frå sist på
1800-talet og frametter gjekk barnetalet per kvinne sakte
nedover, til at det dei siste tiåra har lege på i underkant av 2.
Utan innflyttingsoverskot ville me ha hatt eit nokså stabilt
folketal no.
Dette synest vere ein global normalsituasjon. Først får landet
ein vekstfase. Betre sjukdomsbekjemping, meir effektive
medisinar, betre hygiene, meir allsidig kosthald og betre
eldreomsorg gjer at levealderen i eit land går opp, mest fordi
færre spedbarn døyr. Men framleis er barnetalet per kvinne
høgt i landa, slik at folketalet i denne vekstfasen aukar snøgt.
Så går landet gjennom ein stabiliseringsfase, der barnetalet
per kvinne nærmar seg reproduksjonsnivået (på noko under
2,1). I denne perioden aukar framleis folketalet, dels fordi landet
har overvekt av yngre innbyggjarar som føder barn og dels
fordi levealderen stig. Frå stabiliseringsfasen går landet over i
ein stabilitetsfase, der eit barnetal på om lag 2 per kvinne gjer
at folketalet vil halde seg nokolunde stabilt, føresett same levealderen og balanse mellom inn- og utflytting. (se tabell 2)
Ein reduksjon i barnetalet per kvinne ned mot reproduksjonstalet har altså skjedd og skjer i stadig fleire land. Demografane meiner dette er ei universell utvikling. På denne bakgrunnen medfører den befolkningsprognosen FN-ekspertane
vanlegvis legg til grunn, eit globalt folketal på 9,15 milliardar
i 2050. Medan folketalet no altså veks med om lag 79 millionar i året, vil det då vekse med 30 millionar, og det vil stabilisere seg på noko under 10 milliardar menneske. Dette er
sjølvsagt ein svært usikker spådom, men likevel den minst
usikre me har.
Malthus tok feil
Briten Thomas Robert Malthus (1766-1834), som tok steget
frå landsens prest til professor i økonomi, er framleis sentral når
det gjeld tenking om folketalsutvikling. Han gav ut sitt hovudverk, An Essay on the Principle of Population, i 1798. Menneskes
ønske om sex og forplanting gjer at folketalet vil vekse eksponensielt og difor snøggare enn det matproduksjonen kan
auke, skreiv han. Når krafta i folkeveksten er større enn naturens
potensial for å produsere mat, er hungersnaud og barn som
omkjem av svolt, ikkje til å unngå. Slik er historia, og slik blir
framtida.
Framleis møter me gong på gong malthusianisme i debatten
om befolkningsutvikling, om ikkje så ope og kynisk som hos
Malthus. Dei andre, folk i den tredje verda, ynglar og blir fleire
og fleire, og dette trugar framtida for oss alle. Demografiske
data etterlet liten tvil om at Malthus tok feil. Vekstperioden er
snart over.
Overbefolka område og land?
I vår del av verda blir det ofte hevda at fattige land, særleg i
Asia og Afrika, er overbefolka, medan vår del av verda har eit
folketal tilpassa naturgrunnlaget. Det er grunnar for å vurdere
kor stort folketal ein region eller eit land kan ha, men la oss sjå
på nokre spørsmål som ofte blir underkommuniserte i denne
debatten:
Den verdsdelen som først fekk stor folketalsvekst, Europa,
har gjennom mange hundre års maktdominans eksportert delar
av sitt befolkningsoverskot til andre delar av verda og samtidig
ta i bruk naturressursar der. Våre europeiske forfedrar trengde
vekk andre i Amerika, Afrika, Australia og delar av Asia, og
dei henta ut verdiar derifrå.
Eit land som Nederland er sjølvforsynt med landbruksvarer
og eksporterer i tillegg mykje. Men dei hentar krøtterfôr og
gjødsel i andre land. Det blir hevda at Nederland legg beslag
på fem gonger eige landbruksareal.
Me kan jamføre Italia og Angola. Angola er utan særleg
tvil det mest ressursrike av dei to landa. Angola har fire gonger
så stort areal, rike naturressursar som dyrkbar jord, fossefall,
Tabell 1. Globalt folketal 1950-2050, folketal og prognosar.
FN-tala blir ofte endra, desse er frå 10.2.2011. 3
År
1950
1960
1970
1980
1990
2000
2010
2015
2020
2025
2030
2035
2040
2045
2050
mill
2529
3023
3686
4438
5290
6115
6909
7302
7674
2012
8309
8571
8801
8996
9150
2) Population Reference Bureau, heimesider, besøkt 10.2.2011 kl. 1300.
3) United Nations Population Division: World Population Prospects: The 2008 Revision Population Database.
Tabell 2. Døme på land i ulike fasar for barnetal/befolkning 4
Barnetal per kvinne
1975-1980
Barnetal per kvinne
2005-2010
Norge
1,81
1,89
Frankrike
1,86
1,89
Italia
1,94
1,38
Sverige
1,66
1,87
USA
1,79
2,04
Bangladesh
6,63
2,36
Iran
6,50
1,83
Tunisia
5,69
1,86
Sør-Afrika
5,00
2,55
Brasil
4,31
1,90
Afghanistan
7,70
6,63
Etiopia
6,76
5,87
Dem.republikk Kongo
6,46
6,07
Land
Døme på land i
stabilitetsfasen
Døme på land i
stabiliseringsfasen
Døme på land som
enno er i vekstfasen
fisk, olje og jernmalm. Angola har 10 innbyggjarar per kvadratkilometer, Italia 193. Viss noko av desse landa skal kunne seiast
å vere overbefolka, må det vere Italia.
Det er Europa og USA som står for dei store klimautsleppa
og skaper dei største avfallsproblema. USA med mindre enn 5
prosent av verdas innbyggjarar har såleis nesten fjerdeparten
av verdas oljeforbruk.
Befolkningsregulering?
Kvifor føder kvinner i dei fleste land færre barn no enn nokre
tiår sidan? Det er uråd å gi heile svaret, men råd å gi mange
delsvar:
• Dersom kvinner har utdanning og eige arbeid/inntekt, vel
dei oftast å få færre barn. Ei rekkje undersøkingar viser
såleis at det på makronivå er nær samanheng mellom
kvinners utdanningsnivå og barnetalet deira.
• Uro og uvisse på grunn av krig og/eller naturkatastrofar i
eit land fører vanlegvis til høgt barnetal. Døme er
Afghanistan (6,63), Irak (4,15), Jemen (5,3) og Somalia
(6,4). I slike situasjonar vel par å få mange barn for å sikre
seg etterkommarar også om dødstala blant barn og yngre
vaksne skulle bli høge. Det same ser me i land der aids har
sterkt fotfeste.
• Sosiale tiltak for eldre fører til nedgang i barnetal. For
fattigfolk i mange land er barn den beste eller einaste
måten eit par kan sikre eigen alderdom på. Der dei kan
føle seg sikre på at samfunnet tek vare på dei eldre,
vil denne sikringsmetoden bli unødvendig.
• Tilgangen på prevensjon, hjelp til familieplanlegging,
tilbod om sterilisering og liknande tiltak reduserer
barnetalet.
Iran utgjer eit døme på vellykka befolkningsregulering. I
krigen mot Irak rundt 1980 var tanken at landet ville ha nytte
av store familiar og mange soldatar, styresmaktene oppmoda
til høge barnetal, og fødselstalet låg i fleire år mellom 7 og 8.
Rundt 1990 såg styresmaktene problema dei høge fødselstala
medførde, overbefolkning, økologisk forfall, arbeidsløyse og
dyrt helsestell og undervisning. Dei innførde då ei systematisk
familieplanlegging med pålagd familierådgiving for nye par,
bygging av helsestasjonar, gratis prevensjon, leseopplæring for
kvinner og kampanjar i fjernsyn og aviser for lågare barnetal.
Fødselstalet gjekk dramatisk ned og er no på 1,83, noko lågare
enn i Norge.
Det er, slik eg ser det, gode grunnar til at det globale samfunnet bør arbeide for redusert fødselstal. Den langsiktige
målsetjinga bør vere to barn per familie i alle land. Metodane
for å fremje dette målet bør vere å styrkje dei faktorane som
fremjar lågare barnetal, unngå uro og krigar, bekjempe sjukdommar som aids, hindre svolt, byggje ut helsestasjonar, drive
leseopplæring, leggje forholda til rette for at ungdommar og
spesielt jenter skal få utdanning og kome i arbeid og arbeide
for at folk skal få ein betre alderdom.
Når folketalet stabiliserer seg
Me går altså truleg inn i ei framtid med eit relativt stabilt
folketal. Det skil framtida frå fortid og notid, og det gjer at det
vil bli langt lettare å planleggje og fordele, også når det gjeld
mat. Medan det overordna målet for vårt samfunn er vekst, vil
det overordna målet for framtidssamfunnet bli stabilitet. Ikkje
slik at utvikling og endring ikkje vil finne stad, men det vil
finne stad innanfor kjende rammer. Våre 9-10 milliardar
etterkommarar vil ha ei avgrensa mengd åker- og hagejord,
jord for grasdyrking, fiskedammar, beitemarker, havområde
og ferskvatn som kan gi dei mat. Med eit stabilt folketal blir
det langt enklare enn i dagens labile samfunn å forvalte og
utnytte desse ressursane best råd, finne det berekraftige uttaket
og å forklare innbyggjarar og politikarar kvifor dette må
leggjast til grunn for mattilgangen.
4) Det meste av befolkningsopplysningane er henta frå United Nations: World Population Prospects, The 2008 Revision, Highlights, New York 2009.
5
2. Matproduksjon og ressursgrunnlag
Tabell 3. Verdas kornproduksjon 1961-2010. 2009- og 2010-tala er førebels 5
1961
6
1970
1980
1990
2000
2005
2006
2007
2008
2009
2010
Kornprod mill tonn
805
1087
1418
1779
1861
2049
2239
2351
2287
2263
2216
Kilo per innb
261
293
319
337
306
318
342
356
342
335
324
Sidan ulike kornsortar vart kulturplanter ved overgangen
frå eldre til yngre steinalder, har folk i dei fleste land anten
dyrka korn, kveite, ris, mais, durra, hirse, teff og nokre slag
til, på dei beste jordbruksareala, eller dei har drive hagebruk
der med frukt og grønsaker. Kornet gav grunnlag for eit langt
høgare innbyggjartal og førde, saman med husdyrhaldet, til at
fleirtalet av klodens innbyggjarar vart bufaste. Korn har stor
næringsverdi, er lett i vekt og difor lett å frakte, og det kan
lagrast, ofte i mange år. Om lag halvdelen av verdas kaloriforbruk i mat kjem frå korn. Det å oppretthalde og auke verdas
kornproduksjon er avgjerande for at framtidas innbyggjarar
skal få nok mat. Det finst mange kornsortar, men stadig meir
av kornavlingane er av nokre få sortar av dei dominerande artane kveite, ris og mais.
Fram til om lag 1950 auka den globale kornproduksjonen
først og fremst når nye åkermarker vart rydda og sådde. Då
var det meste av verdas kornmarker tekne i bruk. Dei siste
tiåra har kornarealet vore om lag 7 milliardar dekar og i ein
ørliten nedgang. Etter 1950 har kornavlingane per arealeining
vorte nesten tredobla, frå 106 kilo per dekar i 1950 og til 315
kilo i 2009. På desse seksti åra har endringane vore større enn i
dei 9000 åra sidan den neolittiske revolusjonen. Dei viktigaste
forklaringane er bruk av kunstgjødsel, jordbruksvatning og
meir høgtytande artar. (se tabell 4)
Dette er ein veldig framgang i verdas matforsyning. Tabell 4
tyder likevel på at veksttempoet har flata ut. Dei enkle grepa,
meir vatning, kunstgjødsel og nye artar, er tekne, og det synest
vanskeleg å auke produksjonen meir. Til dømes passerte Japans risproduksjon 400 kilo per dekar i 1967, og dei har enno
ikkje nådd 500 kilo.7 Når tilgangen på vatningsvatn mange
stader tek slutt, det blir mindre fosfor til kunstgjødsel og jord
armast ut eller blir bygd ned, ser me døme på at avlingane går
ned i staden.
Veksten i samla matproduksjon har heller ikkje vore så
stor som tabellen over tyder på. Medan bønder i mange land
før dreiv med mange plante- og dyreslag og samla fekk ein
stor matproduksjon, har framveksten av monokulturar skjedd
samtidig med veksten i kornavlingar. Det tydelegaste dømet
er Den grøne revolusjonen i Mellom-Amerika og sørlege
Asia, der Norman Borlaug (1914-2009) var viktig drivkraft.
Han utvikla kveitesortar tilpassa vekstforholda i landa i desse
regionane, der ein større del av plantane var frø og mindre var
halm. Det førde til ein langt høgare kornproduksjon, samtidig
som mykje av det fungerande sjølvforsyningslandbruket vart
erstatta av eit handelslandbruk. (se tabell 5)
Kloden har no om lag 1 dekar åkerland per innbyggjar. Med
veksande innbyggjartal og nedbygging/øydelegging av ein del
Tabell 4. Kilo korn per dekar, verdsgjennomsnitt 6
1950
1960
1970
1980
1990
2000
2005
2006
2007
2008
2009
106
129
163
198
254
277
300
298
307
321
315
“Dei enkle grepa, meir vatning, kunstgjødsel
og nye artar, er tekne, og det synest vanskeleg å auke
produksjonen meir.
5) FAOSTAT database. 6) Earth Policy Institute, database til Lester R. Brown: World on the Edge, New York 2011. 7) FAOSTAT database
Tabell 5. Kornareal per innbyggjar i nokre land
og verda, 1950, 2000 og prognose for 2050. 8
Kornareal per innbyggjar
1950
Australia
2000
2050
7,3
9
6
14,2
5,9
4,1
USA
5,1
2
1,4
Nigeria
2,6
1,4
0,6
India
2,2
1
0, 6
Kina
1,7
0,7
0,6
Verdsgjennomsnitt
2,3
1,1
0,7
Canada
“Samla sett har verdas
kjøtproduksjon vorte
firedobla dei siste 50 åra”
Gris og fjørfe er altetande og ikkje drøvtyggjarar. Sidan yngre
steinalder har grisen i mange kulturar vore nytta som renovatør og kosttilskot og fôra med skyller, ofte med at familiane har hatt ein eller to grisar. I dagens moderne samfunn er
dette stoppa med grunngiving at bruk av skyller som ikkje
er godt nok kokte, kan spreie dyresjukdommar. I staden blir
svine- og fjørfekjøt produsert i fabrikkliknande einingar og
fôra med korn. Dei store svine- og kyllinganlegga gir grobotn
for ei anna type sjukdomsspreiing, såleis svine- og fugleinfluensa og nipah-virus. Den omfattande bruken av antibiotika
i denne typen dyrehald fører til at stadig fleire typar mikrobar blir resistente mot ulike typar antibiotika og kan vanskeleggjere sjukdomsbekjemping også hos menneske i framtida.
Samla sett har verdas kjøtproduksjon vorte firedobla dei
siste 50 åra. Veksten i kjøtforbruk held tritt med veksten i
innbyggjartal. Som vist seinare, er fordelinga av kjøtforbruket
svært skeiv, frå 5-6 kilo i India og til over 120 kilo i USA. Den
store auken har kome med grise- og fjørfekjøt, som no utgjer
39 og 30 prosent av kjøtmengdene. (Se tabell 7)
Globalt går rundt 40 prosent av kornavlingane og bortimot 80 prosent av soyabønne-avlingane til dyrefôr.11 Isolert
sett er gris og kylling dei mest effektive dyra til å omdanne
korn til kjøt. Dei treng 3 til 5 kaloriar korn for at dei skal
produsere ein kalori kjøt. Drøvtyggjarar treng meir mat inn i
høve til det dei produserer. Men medan kornet alternativt kan
vere menneskemat og er ei global knappheitsvare, er graset
drøvtyggjarane et, overflodsprodukt i store delar av verda.
jord vil åkerarealet i 2050 truleg vere redusert med 1/3, til 0,7
dekar per innbyggjar.
Husdyr og grasproduksjon
Med sitt kompliserte fordøyingssystem kan drøvtyggjarar
omdanne gras, som menneske ikkje kan ete og som finst i
overflod mange stader på kloden, til mjølk og kjøt. Dei gir
også fibrar, huder og skinn, og dei utgjer trekkraft i landbruk,
anna næringsliv og persontransport. Fordi dei både haustar
av planter og fører næringsstoff tilbake gjennom eige avfall,
stimulerer dei mange stader planteveksten og bidreg til å
binde meir CO2 i jorda. I CO2-reknestykket høyrer også det
negative med, at dei slepper ut drivhuseffekten metan. Ei rekkje undersøkingar viser at det er mogeleg, men krevjande, å
drive husdyrhald med drøvtyggjarar slik at dei samla sett har
ein positiv verknad på klimabalansen.
India viser verdien av husdyrhald i matforsyninga. India
er no verdas største mjølkeprodusent, med nesten ein liter
mjølk om dagen per innbyggjar, med 75 millionar mjølkeprodusentar og ein gjennomsnittleg buskapsstorleik på 1,5 kyr.10
Kyr beiter over alt, såleis på vegskråningar, plenar og parkar.
Dei siste femti åra har mjølkemengda auka frå eit halvt til eit
glas per indar. Ikkje minst bidreg mjølka til å dempe svolten
blant barn og gi dei næringsstoff som kan halde mangelsjukdommar unna. Kueigarane sel overskotsmjølka til lokale
meieri, bygde etter ein samvirkemodell, og dei får difor både
kontantar og mat.
Tabell 6. Verdas drøvtyggjande husdyr, millionar 9
1961
1970
1980
1990
2000
2007
2008
Storfe
942
1082
1217
1299
1316
1357
1382
Sauer
994
1063
1099
1210
1060
1087
1071
Geiter
349
378
464
590
745
830
868
2285
2523
2780
3098
3121
3274
3321
I alt
8) Sjå førre merknad. 9) FAOSTAT database 10) FAO 2010: Status and Prospcts for Smallholder Milk Production. A Global Perspective, side 40 ff.
11) Danielle Nierenberg: «Meat Production Continues to Rise», Worldwatch: Vital Signs 2010, side 60.
7
Tabell 7. Verdas kjøtforbruk i millionar tonn og kilo per innbyggjar. 2009- og 2010-tala er førebels.
Kjøtprod mill tonn
Kilo per innb.
1961
1970
1980
1990
71
100
136
180
23,1
27,1
30,7
34,1
2000
38,4
Fisk
8
2005
2006
2007
2008
2009
2010
269
276
275
280
284
286
41,9
43
42
42
42
42
5000 dyrka potetsortar og i tillegg 1500 villtypar.14 Som eg
kjem attende til, skjer oftast den mest effektive og minst sårbare matproduksjonen i høve til ressursgrunnlaget i multikulturar, der mest mogeleg av produksjonsgrunnlaget blir nytta.
Når til dømes delar av Europa etter alt å dømme var meir prega
av svolt i mellomalderen enn asiatiske land, endå dei hadde
eit like gunstig klima og større areal matjord, er ei sentral
forklaring at mange stader i Europa henta dei ut éi kornavling
i året, medan asiatiske bønder dreit ein langt meir mangsidig
landbruk, eit hagebruk utan blomar, som historikaren David
Arnold skriv.15
Verdas fiskefangstar nådde ein topp rundt år 2000. Etter den
tid har fangstane gått noko ned. I høve til innbyggjartalet har
nedgangen vore sterk. Den viktigaste forklaringa er overuttak
med langt meir effektive fiskebåtar enn i tidlegare tider. Øydelegging av korallrev og næringsgrunnlag er også forklaringar.
Eit skremmande døme er torskefisket utanfor Newfoundland.
Det braut saman tidleg på 1990-talet, og det er uvisst om det i
det heile vil ta seg opp att. (Se tabell 8)
Medan havfisket går nedover, har fiskeoppdrett auka. No
blir det produsert 65-70 millionar tonn fisk i akvakultur. Om
fiskeoppdrett veks og havfisket går attende slik det har skjedd
dei siste åra, vil matmengdene snart bli større frå oppdrett enn
frå hav.
Oppdrett av rovfisk som laks og ørret, slik det går føre
seg i vårt land, krev store mengder verdifullt fiskefôr. Det går
med rundt 3 kilo villfisk i fôret for å produsere 1 kilo laks,
vanlegvis som fiskemjøl, og like mykje korn eller andre jordbruksprodukt.13 Men stordelen av verdas akvakultur er med
planteetande artar, som karpe i Kina og India, mallar i USA og
tilapia i mange land. Mykje av kinesisk akvakultur skjer i små
dammar i tilknyting til landbruket og på måtar som gir store
proteinmengder i høve til det fôret som går med.
Bønder og kunnskapar
– den viktigaste matkjelda
Sidan første halvdel av 1800-talet har økonomar hevda at talet
på bønder og særleg småbrukarar går ned. Tabell 9 viser at
på verdsbasis har det ikkje gått slik. Også dei siste tiåra har
landbruksbefolkninga vakse, frå 1980 såleis med meir enn 400
millionar menneske. Truleg er desse tala for låge, for i mange
land kjem deltidsbonden og særleg den kvinnelege deltidsbonden ikkje med i statistikken.
Veksten gjeld ikkje berre fattige land. I USA auka talet på
gardar i drift med 4 prosent mellom 2002 og 2007, ein hundre
års nedgang snudde.17 Dei fleste nye bruka er små, og mange
blir drivne av kvinner.
Verdas (minst) 2,6 milliardar bønder utgjer det viktigaste
ressursgrunnlaget for framtidas matproduksjon. Fordi naturressursar, klima og produksjonsmåtar er så mangfaldige, er
deira kunnskapar og arbeidserfaringar avgjerande for mattilgangen, viktigare enn både jord, plantesortar og husdyr.
Dei mange matkjeldene
Det føregåande har handla om nokre få matslag. Men verdas
matmeny handlar om ei veldig mengd matslag, poteter, rotfrukter, frukter, grønsaker, soppar, andre etande planter, vilt
av svært ulike slag, krypdyr, insekt osv. Berre for å illustrere
mangfaldet: Det internasjonale potetsenteret i Peru har samla
Tabell 8. Verdas fangstar av villfisk i millionar tonn og kilo per innbyggjar. 12
1961
1970
1980
1990
2000
2005
2006
2007
2008
Fisk prod mill tonn
35
64
68
86
97
92
90
90
90
Kilo per innb
12
17,3
15,3
16,3
16,4
14,3
13,8
13,6
13,4
Tabell 9. Samla befolkning og landbruksbefolkning i millionar og prosent landbruksbefolkning i
verda på ulike tidspunkt. 16
1980
1985
1990
1995
2000
2005
2010
Samla befolkning
4435
5263
5674
5715
6115
6512
6900
Landbruksbefolkning
2192
2314
2439
2520
2571
2604
2624
49
44
43
44
42
40
38
Landbruksbefolkning i prosent
12) FAOSTAT, Worldwatch: Vital Signs 2010- 13) Friederike Ziegler: «Värms jordklotet upp av fisken på din tallrik?», Formas: Klimatfrågan på bordet, Stockholm 2008.
14) Ola M. Heide: «Poteten og den grøne revolusjon», Norsk Landbruksmuseum årbok 2008: Det var en gang en potet …, side 13. 15) David Arnold: Famine. Social Crisis
and Historical Change, Oxford 1988. 16) FAO: Statistical Yearbook 2009, FAOSTAT. 2010-tala byggjer på prognosar 17) Lester R. Brown: Plan B 4.0, side 240
3. Ein milliard utan nok mat
Tabell 10. Underernærte menneske på ulike tidspunkt, millionar.18
År
1969-71
Millionar
Prosent
1979-81
1990-92
1995-97
2000-02
2005-07
2008
2009
2010
878,0
853,0
845,0
825,0
857,0
873,0
915,0
1017,0
925,0
24,0
19,0
16,0
14,0
14,0
13,8
13,6
15,0
13,5
Som tabell 10 viser, heldt talet på underernærte seg nokså
stabilt på i underkant av ein milliard menneske frå dei første
globale målingane rundt 1970 og til nokre år sidan. Det store
framsteget var Kina, der talet på underernærte gjekk ned frå
210 millionar i 1990-92 til 130 i 2005-07. Aldri i menneskas
historie har framstega vore så store på så stutt tid som i Kina
dei siste tiåra.
Under finanskrisa i 2007-08 steig talet på menneske under
sveltegrensa til det høgast registrerte nokosinne, over ein million, for så å gå noko ned att. Det siste oppgitte talet frå FAO er
925 millionar. FNs tusenårsmål om å halvere andelen svoltne
innan 2015 blir fjernare for kvart år som går. (Se tabell 11)
Det er to store svoltområde, Afrika sør for Sahara og det sørlege Asia, særleg India. I desse områda har tilbakegangane
vore sterkare enn framgangane dei siste åra. India, med nesten
240 millionar menneske, 21 prosent, under sveltegrensa, er på
mange måtar det svoltområdet som er vanskelegast å skjøne.
India var kjernelandet og det framståande dømet i Den grøne
revolusjon med stor vekst i risavlingar, det har store dyrkingsområde, eit demokratisk styresett, ein økonomi i framgang og
på mange område vitskaplege miljø i verdstoppen. India har
altså følgt oppskrifta, men oppskrifta har ikkje verka. I Latin-
Amerika og Karibia, og like eins i Nord-Afrika og Midtausten,
har svolten gått ned det siste tiåret, men svært ujamt. I Den
demokratiske republikken Kongo, Burundi, Eritrea og Haiti
rammar svolten meir enn halve befolkninga.
Somme tenkjer at svolt gjeld dei fattigaste landa og berre
dei. Dei siste tiåra har talet på underernærte menneske auka i
tidlegare sovjetrepublikkar og like eins i USA. I USA blir ikkje
svolt registrert, men mattryggleik. I nesten 6 prosent av familiane fekk medlemmer for lite mat i periodar, fordi dei mangla
mat eller pengar til mat. Det var det høgaste registrerte talet
sidan målingane byrja i 1995.20
Registreringane av svolt har vanlegvis vist større omfang i
landsbygder enn i byar. Endå om tala er usikre, synest det vere
ein tendens til at dette endrar seg. For første gong i historia har
mennesket vorte ein urban art, frå 2008 budde fleire i byar enn
bygder. Innbyggjarane i byar, særleg fattigfolk og slumbuarar,
er ekstra sårbare når arbeidet sviktar eller matprisane stig.
Kva vil dei neste tala frå FAO vise? Dei siste månadene har
matprisane stige att. Prisen på kveite og mange andre matvarer
nærmar seg nivået i 2008.21 Nylege rapportar om at lite nedbør
og tomme grunnvassbasseng rammar kinesisk kornproduksjon
og om at Kina ikkje lenger er sjølvforsynt med kveite, gir grunn
til å frykte at den prisveksten me har sett, berre er starten.22
Tabell 11. Underernæring fordelt
på regionar, 2010.19
Gruppe land eller region
“FNs tusenårsmål om å
halvere andelen svoltne
innan 2015 blir fjernare
for kvart år som går”
Underernærte
innbyggjarar 2010
Utviklingsland
906
Asia og Stillehavslanda
578
Latin-Amerika og Karibia
53
Midtausten og Nord-Afrika
37
Afrika sør for Sahara
Utvikla land
Verda
239
19
925
18) FAO. The State om Food Insecurity in the World, 2010 og tidlegare rapportar i serien. 19) FAO. The State om Food Insecurity in the World, 2010 20)World Hunger Education Service:
Hunger Notes Online, 10.2.2011. 21) FAO: «World food prices reach new historic peak», pressemelding 3.2.2011. 22) FAO: «A severe winter drought in the North China Plain may put
wheat production at risk.» Special alert 8.2.2011.
9
“Mangel på A-vitaminar, jern,
sink og jodd rammar om lag ein
milliard menneske, og igjen flest
i Afrika sør for Sahara og sørlege
Asia og igjen kvinner meir enn
menn og barn meir enn både
kvinner og menn”
10
Også den andre faktoren som verkar inn, folks inntekter, går i
negativ lei. I svært mange land, både utviklingsland og industriland, veks arbeidsløysa, og underklassen får mindre og
mindre å rutte med. Desse to momenta i lag gjer at om me
føreset stabilitet i mattilgangen, er det sannsynleg at dei neste
tala frå FAO vil vise ny vekst i talet på underernærte menneske. Avlingsnivåa i 2011 blir avgjerande, også fordi verda no
har svært lite mat lagra.
FAOs tal gjeld underernæring, dvs tal på innbyggjarar
som må nøye seg med ei vesentleg lågare kalorimengd enn det
minimumet som blir sett opp for landet. Men feilernæring i
form av mangel på vesentlege næringsstoff er eit nesten like
stort problem. Mangel på A-vitaminar, jern, sink og jodd rammar om lag ein milliard menneske, og igjen flest i Afrika sør
for Sahara og sørlege Asia og igjen kvinner meir enn menn og
barn meir enn både kvinner og menn. Det fører til veksthemming, set barn tilbake mentalt, gjer at dei ikkje er i stand til å
utnytte skolegangen og belastar familiars budsjett og offentlege
helsebudsjett. I Vest- og Sentral-Afrika rammar såleis mangel
på A-vitaminar meir enn 17 millionar menneske, av dei ein
halv million barn under skolealder. Vitaminmangelen kan
gjere menneske blinde, og det kan svekke immunsystemet og
gjere dei mindre motstandsdyktige mot lungesjukdommar,
meslingar og diaré.23 Tilsetjing av mikronæringsstoff i maten
eller tilførsel av slike stoff er den akutte løysinga, eit meir allsidig kosthald med lokale grønsaker er den varige løysinga.
Eg har i det føregåande brukt talmateriale frå FAO. USAs
landbruksdepartement opererer med tal frå 70 land og litt anna
talgrunnlag, og Verdsbanken offentleggjer tal på menneske
som har under 1,25 dollar dagen å leve for. Alle desse tala
er upresise. Til dømes er mangel på mat for mange
ein pinleg situasjon som dei gjerne underkommuniserer. I motsett lei finn me hagebruk og urbant landbruk, som ofte ikkje blir
registrert. Det brukte talmaterialet må takast
for det det er, omtrentlege tal som framstiller
omfang og utviklingstrekk nokolunde rett, men
heller ikkje meir.
23) Abdou Tenkouano: «The Nutritional and Economic Potential of Vegetables», Worldwatch: State of the World 2011, side 27 ff.
4. Nedgangsfaktorar og miljøproblem
Verdas innbyggjarar anno 2011 står ikkje overfor eitt eller to
miljøproblem, men ei rekkje problem som verkar samtidig og
som kan ramme samtidig. Det er også slik at svært mange
samanhengar i naturen enno er ukjende for menneska. Me
veit til dømes lite om mikrobelivet og om den artsutryddinga
som foregår i hava og under jordflata. Me har berre grunne
tankar om kva følgjer artsutryddinga får for sjukdommar på
planter, dyr og menneske. Desse sidene gir seg ikkje ut for å
vere meir enn ein liten inngang til spørsmåla.
Klimaet blir varmare
For dei fleste av verdas mest nytta matplanter er temperaturar
på under eller rundt 20 grader det optimale. Om temperaturen i periodar eller over lang tid kjem over det, går avlingane
ned. Blir det altfor varmt, til dømes med ei heitebølgje som i
Mellom-Europa i 2003 eller i Russland i 2010, kan avlingane gå
dramatisk nedover. Ein tommelfingerregel, stadfesta i mange
undersøkingar, er at for kvar grad temperaturen stig over 20,
går avlingane ned med 10 prosent. Den mest sårbare perioden
for plantene er sjølvsagt pollineringa. Aller mest utsett av dei
dominerande planteartane er mais og ris.
Med mange sjukdomsfremjande organismar er det annleis.
Planter og dyrkingsmetodar er tilpassa det relativt stabile klimaet me har hatt sidan yngre steinalder, og dei endrar seg sakte
og har vanskar med å tilpasse seg klimaendringane. Mikrobar
av ulike slag er derimot i stand til å endre seg raskt og ofte å
flytte seg raskt. Dei har den fordelen framfor plantene at dei
formeirar seg svært snøgt. På eitt einaste døgn med gunstige
vilkår kan éin bakterie bli til hundretusentals bakteriar. I nye
miljø er dei ofte utan naturlege fiendar, og dei kan finne seg
godt til rette i eit varmare og fuktigare klima.
Brear smeltar
I vår del av verda har me nokolunde jamn fordeling av nedbør
gjennom årstidene. Nærare ekvator har dei regntider og tørketider. I høgfjellet, som Himalaya og Tibet-platået i Asia, samlar snø seg i isbreane. Om somrane smeltar snø og is og renn
mot havet i dei store elvane. Langs elvane blir vatn henta ut og
tilført tørre åkrar og rismarker, ofte med hjelp av avanserte
vatningssystem. Somme av desse er like gamle som landbruket, frå yngre steinalder. Dei tidlege sivilisasjonane ved dei
store, asiatiske elvedeltaa er baserte på vatning frå elvane, Den
gule flod, Yangtze, Indus, Ganges, Brahmaputra, Salween,
Mekong og fleire.24
Høgare temperaturar fører til at det no smeltar meir snø
og is frå dei fleste breane enn det blir tilført nytt. Ingen stader
trugar snøsmeltinga matforsyninga som i Asia, der verdas to
folkerikaste land, Kina og India, har basert mykje av si ris- og
kveitedyrking, aller mest i elvedelta, på smeltevatn frå høgfjellsbreane. I ein stutt periode medan prosessen pågår, stig
vassmengdene i elvane og gir ein falsk tryggleik. Men om eller
når breane smeltar bort, vil vatningsvatnet i tørketida også bli
24) Sjå til dømes Terje Tvedt: En reise i vannets fremtid. Oslo 2007.
borte, og konsekvensane vil bli dramatiske for det meste av det
sørlege Asia.
Til no har fokuset vorte retta mot denne delen av Asia,
men prosessen med at høgfjellsbrear minkar og forsvinn, går
føre seg mange stader, i Andesfjella i Sør-Amerika, i Rocky
Mountains i Nord-Amerika, i Afrika der Kilimanjaro kan vere
snøfri om nokre år og Mount Kenya har mista 7 av sine 18
brear, i Alpane og Pyreneane i Europa, i Snowy Mountains i
Australia, i sentralasiatiske land som Kasakhstan, Kirgisistan
og Afghanistan som får vatn frå fjellkjedene Hindu Kush,
Pamir og Tien Shan og i Iran som får vatn frå Elborzfjella. Om
nokre tiår kan ikkje berre risdyrkinga i elvedeltaa i Sør-Asia
bli sett dramatisk attende, men også grønsakdyrkinga i Central
Valley i California, potet- og kveitedyrkinga i Peru og Bolivia,
fruktdyrkinga langs dei spanske elvane og korndyrkinga i
Sentral-Asia.
Hava stig
Om alle verdas isbrear skulle smelte, vil det berre føre til nokre
desimeter havstigning. Men om is på Grønland og i Antarktis
blir borte, kan hava stige raskt og mykje. Om Grønlandsisen
blir heilt borte, vil havnivået stige med nesten 8 meter. Isen i
Vest-Antarktis, som er den mest sårbare fastlandsisen i sør, vil
føre til havstigning på vel 5 meter. Sjølvsagt er issmelting ein
langvarig prosess, men prosessen er i gang, og temperaturstigninga er langt større rundt polane enn nærare ekvator.
Lenge såg forskarar på issmelting som ein lineær prosess,
at smeltinga er like stor i åra som kjem som i åra me har bak oss.
I det siste har dei fokusert meir og meir på sjølvforsterkande
trekk i smeltinga. Når lys is smeltar, råkar solstrålane mørkt
vatn eller nake fjell i staden, og dette absorberer langt meir av
varmen i sola. Og når smeltande is blir til elvar nede i landjorda under isen, «smør» det rennande vatnet fjellet og gjer at
isglidinga ut i havet skyt fart. Observasjonar av issmelting dei
siste åra tyder på at prosessen kan gå langt snøggare enn det
klimapanelet føresåg i sine mest ytterleggåande scenario.
“Om temeraturen i
periodar eller over lang
tid kjem over 20 grader,
går avlingane ned”
11
Havstigning vil gjere landjorda mindre. Om me tenkjer oss ei
stigning på 1-2 meter, vil ei rekkje av verdas store byar kome
under vatn, og me kan få økologiske masseflukter i eit omfang
som set alle folkevandringar til no i skuggen. Like viktig er det
at vilkåra for matproduksjon blir svekka, om dei fruktbare og
godt oppdyrka elvedeltaa og låglandsslettene, blir dekte av
saltvatn.
Aller mest dramatisk er det i Bangladesh, der stordelen av
dei 155 millionane innbyggjarane er samla på den svært fruktbare elvesletta rundt verdas største delta, forma av Ganges og,
Brahmaputra. Innbyggjarane får 70 prosent av sine kaloriar
frå ris.25 Om monsunen og flaumen blir svekka eit år, blir dei
ramma. Om flaumen blir for stor, blir dei ramma. Og oppvarminga vil både føre til havstigning som øydelegg matproduksjon og til smelting av isbrear som øydelegg matproduksjon. Den norske vasseksperten Terje Tvedt siterer
vassministeren: «Jeg håper Gud vil redde oss. Viss det internasjonale samfunnet ikkje kommer opp med noe. Vi overlater
det til Gud. Allah vil redde oss. Det er hva vi føler.»26
Vatnet blir brukt opp
12
«Det har i senere år vært satset betydelig på forbedret kunstvanning og dreneringssystemer og kontroll av vandrende
sanddyner, og jordbruksproduksjonen økte i 1985-94 med
over 6 % årlig.» Dette står å lese om Saudi Arabia i mi utgåve
av Store Norske leksikon, som er frå 1998. Styresmaktene i
oljerike og landbruksfattige Saudi Arabia, som no har 30 millionar innbyggjarar, innsåg på syttitalet kor hjelpelause dei
ville bli viss dei vart ramma av importforbod for korn. Dei
satsa difor mykje på å byggje opp eige landbruk. Vatn vart
stundom frå akviferar som ligg tusen meter eller meir under
jordflata. I Saudi Arabias granneland Jemen søkk grunnvatnet
med nesten to meter i året. I India tappar dei meir vatn enn
det blir tilført nytt. I Kina tømmest det grunne bassenget under
Den nordkinesiske sletta, og dei må hente vatningsvatn frå det
djuptliggjande bassenget. Men dette bassenget er i hovudsak
fossilt med lite vasstilførsel. Når det er tømt, må dei nøye seg
med den vesle vasstilgangen regnet gir. I USA tappar dei langt
meir enn tilførselen frå det enorme Ogallalah-bassenget under
Midtvesten. Og i land etter land må brønnar gravast djupare
eller vatnet hentast frå basseng eller vassdrag lengre og lengre
unna. I land etter land oppstår også konfliktar mellom bønder,
som treng vatnet til si plantedyrking, og bybuarar som treng
vatnet til drikke, hushald og avlaup.
Normalsituasjonen er at pengesvake bønder, som treng
veldige vassmengder, minst eit tonn per kilo korn, taper for
urbane behov. Med då er det ikkje berre bøndene som taper,
det er også matproduksjonen. Slik er den globale handelen
med korn like mykje ein handel med vatn. Og slik går me inn
i ei framtid der det knappe vatnet vil bli eit av klodens største
konflikttema. For endå mindre enn ledig jord er det ledig,
ubrukt vatn å finne på vår vesle klode.
Matjord blir øydelagd
Ei bok som har sett djupe spor etter seg, er den amerikanske
forfattaren John Steinbecks Grapes of Wrath (Vredens druer).
Før og etter førre hundreårsskifte pløgde settlarar opp mykje
av Dei store slettene i USA, mest for å dyrke kveite. Dei, eller
generasjonen før dei, kom frå europeiske forhold med lite sårbar jord. På 1930-talet kom enorme sandstormar, som raserte
jorda og gjorde at innbyggjarar,
som Steinbecks romanpersonar
frå Oklahoma, leid mykje vondt
og måtte forlate gardsbruk og
heimstader og gi seg ut på farefulle reiser i von om å byggje ei ny
framtid vest i California. Dei var
blant trettitalets økologiske flyktningar.
Styresmaktene i USA vedtok krisetiltak for Dei store slettene med
treplanting og stripedyrking, og dei har lykkast i å stabilisere
mykje av jorda att. Men mange har ikkje lært, eller dei er i ein
situasjon der kortsiktig overleving må prioriterast framfor
langsiktig planlegging. Dei av oss som har levd ei stund, minnest dei enorme dyrkingstiltaka i Sovjetunionen frå midt på
femtitalet og frametter, med ny kveite- og bomullsdyrking
med sentrum i Kasakhstan og tiltak også i landa omkring. No
er 40 prosent av jorda teken ut or produksjon, og avlingane på
resten har skrumpa inn.
Sahara spreier seg både inn i Sahel-landa i sør og til nordafrikanske land. FAO-tala for arealfordeling i dei 12 Sahellanda viser at dei taper stadig meir jordbruksjord til ørken.
“Saudi Arabia er det første landet som
på ope og planlagd vis avviklar eigen
matproduksjon”
pumpa opp frå grunnvassbassenget som ligg under delar av
landet, og me kunne lese reportasjar om saudiane si nye, hypermoderne landbruksdrift. I 2008 kom kontra-meldingane.
Grunnvassbassenget er snart tomt for vatn. Saudiske styresmakter har avgjort at kveitedyrkinga skal reduserast med ein
åttandepart i året inntil 2016. Då er perioden med åkerbruk
over og landet på nytt avhengig av å importere mat, kanskje
også av å importere hushaldsvatn.
Saudi Arabia er det første landet som på ope og planlagd
vis avviklar eigen matproduksjon. Men faresignal når det gjeld
vatnet kjem mange stader frå, no når menneska har vorte i
stand til å hente opp store mengder vatn opp frå grunnen,
25) FAO: Food Insecurity 2009. 26) Terje Tvedt: En reise i vannets fremtid, side 99
Særleg hardt ramma blir gjetarfolk. Ørkenliknande landskap i
land som Italia og Spania har fått forskarar til å hevde at
Sahara også har kryssa Middelhavet. Me ser liknande ørkenspreiing i mange land og dei fleste verdsdelar. Og sandstormar
med enorme mengder sand og jord som kryssar grenser mellom land og verdsdelar.
Årsakene er fleire, overbeiting som fjernar grasdekke, hogst
av ved og tømmer som fjernar trea som bitt jorda, pløying som
gjer jorda meir utsett for vind, rydding av skog med same
resultat, tapping av elvevatn og grunnvatn som fører til at
jorda blir tørrare og meir sårbar, og klimaendringar som gjer
at nedbør kjem meir konsentrert og at tørkeperiodar blir
lengre og meir intense. Samla sett fører erosjon og ørkenspreiing til at verdas matjord skrumpar inn.
Oljen tek slutt
Mykje av matproduksjonen, særleg i industrilanda, er basert
på olje og andre fossile brensler, til drivkraft for traktorar og
andre landbruksreiskapar, til transport av varer og dyr inn i
lager og fjøs og ut att til foredlingsbedrifter og forbrukarar,
kanskje i andre verdsdelar, til produksjon av kunstgjødsel, til
transport av vatn til dyrka mark og spreiing av vatnet, til jordarbeiding, til kjøling av varer og koking av mat og mykje mykje
meir. Så lenge olje fanst i rikelege mengder og var billig, var
det lett å auke matproduksjonen.
Det sårbare i dette gjeld to spørsmål, at toppen i den
globale oljeproduksjonen, peak oil, er eller snart blir passert
og at forbruket av olje og andre fossile brensler driv opp den
globale temperaturen og difor må reduserast. Framtidas matproduksjon må basere seg på at olje blir ei kostbar vare og ei
knappheitsvare og på langt mindre oljeforbruk enn dagens.
Krava om å redusere utsleppa av fossile brensler med kanskje
80 eller 90 prosent vil ikkje minst bli krav til landbruket.
Tilgjengeleg fosfor tek slutt
Når planter blir hausta, blir det fosforet plantene har teke opp,
fjerna frå jorda. Jorda må difor få tilført fosfor om ho skal gi ny
plantevekst. Fosfor er uerstatteleg, ikkje noko anna stoff kan
kome i staden.
Fosfor finst i store mengder i jorda, men i utvinnbare førekomstar i fosforsteingruver berre i Vest-Sahara, som no er
okkupert av Marokko, i Kina og USA. Dei som gjekk på landbruksskole nokre tiår sidan, lærde at fosforlagera vil halde til
mange hundre års bruk, og at innan dei var tømde, ville verda
truleg ha funne andre måtar å gjenbruke fosfor på. I det siste
er tidshorisonten vesentleg redusert. Gruvene tek til å bli tømde. Me har nådd og truleg passert peak fosfor, for å bruke uttrykket som har slått gjennom når det gjeld oljeproduksjon.
No meiner mange at med det forbruket me kan vente framover, har me tilgjengeleg fosfor berre i 20-30 år. Tidshorisonten
kan forlengjast med meir sparsam bruk av fosfor til plantevekst og med resirkulering, til dømes av urin frå menneske,
men det blir kostbart og arbeidsamt.
13
5. Framtidas matbehov
14
Dokumentet How to Feed the World in 2050, utarbeidd av
FAO til ekspertkonferanse i Roma i oktober 2009, viser korleis
organisasjonen vurderer framtidas matbehov. I 2050 vil
kloden ha ein tredel fleire innbyggjarar, 9,1 milliardar. 70
prosent av dei vil bu i byar, og dei vil vere rikare enn i dag og
difor forlange og ha råd til eit meir mangsidig kosthald med
meir kjøtvarer. For å skaffe nok mat til desse må matproduksjonen auke med 70 prosent. Produksjonen av korn må auke
frå 2,1 milliardar tonn i dag og til 3 milliardar, og kjøtproduksjonen må auke frå 270 millionar tonn til 470 millionar. Det
meste av veksten må kome i utviklingsland, 20 prosent med at
meir jord blir dyrka og 80 prosent med at landbruket blir
drive meir intensivt. Fordi produksjonsveksten når det gjeld
korn nesten har teke slutt, trengst store investeringar i teknologi
som kan få ny fart i han att. Land vil bli meir og meir avhengige av internasjonal handel med matvarer. Utviklingslanda
vil såleis måtte meir enn doble sin kornimport. Difor trengst
eit internasjonalt handelsregime som er rettferdig og byggjer
på fri handel.27
Den norske regjeringa hevdar at veksten må bli endå
større. I statsbudsjett og ymse dokument frå landbruksdepartementet har regjeringa sagt at verdas landbruksproduksjon må
doblast.
Etter mitt skjøn er dette urealistisk av tre grunnar. For det
første er det meste av det tynne matjordlaget som finst her og
der på kloden, alt teke i bruk til matproduksjon. Det finst unytta,
dyrkbar jord, og noko av denne bør takast i bruk til matproduksjon, men fordi jorddyrking vanlegvis medfører store
klimautslepp og ofte artsutrydding, bør nydyrking skje med
størst mogeleg varsemd. For det andre når biologiske produksjonar tak. Med kunstig vatning, bruk av kunstgjødsel og dei
mest effektive artane har avlingane auka mykje. Planteveksten
blir vesentleg større om ein bruker 30 kilo kunstgjødsel på eit
dekar gras- eller åkermark enn om ein ikkje bruker noko. Og
planteveksten kan bli vesentleg større om ein vatnar i område
med lite eller ujamn nedbør enn om ein ikkje gjer det. Men om
ein aukar kunstgjødselmengda frå 30 til 100 kilo eller doblar
tilførde vassmengder, blir planteveksten minimal. For taket, den
biomassen arealet kan produsere med hjelp av fotosyntesen og
tilførde innsatsmiddel, er nådd. For det tredje rammar miljøøydeleggingane mykje av matproduksjonen (sjå sidene før
denne). Det gjer at i delar av verda kan oppretthalding av
dagens produksjonsnivå, og ikkje auke, vere den realistiske
målsetjinga.
Etter mitt skjøn er også måla om 70 eller 100 prosent vekst
i matproduksjonen unødvendige. Det er mogeleg å skaffe
tilstrekkeleg mat til alle med ein langt mindre vekst i matproduksjonen, dersom me erstattar den snevre tanken om
vekst med ei allsidig tilnærming til spørsmålet, der me ser på
kvar vekst kan gjennomførast på skånsamt vis, på fordeling,
tiltak mot sløsing og aktuelle endringar i kosthald. Det krev at
me også må analysere bruken av menneskemat (til mat for
menneske, dyrefôr og drivstoff for bilar) i den rike verda, og at
me må sjå betre fordelingsordningar som innanfor menneska
si rekkjevidde.
I tillegg til at måla om 70 eller 100 prosent vekst i matproduksjon er urealistiske og unødvendige, er dei, slik denne
skribenten ser det, politisk skadelege. Resultatet kan bli at
menneske tenkjer på kynisk vis: Når problema ikkje kan løysast,
må me ignorere dei, la svolten herje, la vere å utvikle medisinar
mot aids og andre sjukdommar, la krigane gå sin gang, stutt
skrive la dei svoltne og fattige segle sin eigen sjø. Eller at for å
løyse problema må me vere villige til å spele hasard med naturen
og klamre oss til at klimaforskarar og miljøvernarar tek feil.
“Fordi produksjonsveksten når det gjeld korn nesten har teke slutt,
trengst store investeringar i teknologi som kan få ny fart i han att.
Land vil bli meir og meir avhengige av internasjonal handel med
matvarer”
27) FAO: How to Feed the World in 2050, september 2009.
6 . Tolv tiltak
Eg prioriterer ikkje mellom dei 12 framlegga til tiltak som
følgjer, bortsett frå det første, som etter mitt skjøn er nøkkeltiltaket. Dei foreslåtte tiltaka er ikkje meint som eit utfyllande
oversyn over kva som bør gjerast. Det må til langt meir enn
dette, formålet med denne skissa er avgrensa til å peike ut ein
veg framover.
Landbruksbefolkninga på 2,6 milliardar menneske er den
viktigaste ressursen for verdas framtidige matforsyning. Fordi
matproduksjon i eitt land ikkje er lik matproduksjon i eit anna
land, produksjon på ein gard ikkje er lik produksjon på nabogarden og produksjon eitt år ikkje er lik produksjonen neste år
med endringar i klima og veksttilhøve, treng bonden ustanseleg
nye kunnskapar, og arbeidsdagen hennar må medføre stadige
eksperiment og stadig nytenking. Mange av dei fagkunnskapane
og arbeidsteknikkane ho har, har ingen annan.
I utforminga av framtidas landbrukspolitikk er det også
nødvendig å ha i tankane at den rådande landbrukspolitikken
har mislykkast. Dei fleste tusenårsmåla FN vedtok i 1999, nærmar
seg oppfylling, men målet om å halvere svolten gjer det ikkje.
Og matproduksjonen slik han foregår no, bidreg meir og meir
til å bryte ned miljøet på kloden. Det er også grunn til å tenkje
gjennom at resultata er minimale i det store satsingsområdet
for transnasjonale selskap innan agroindustrien dei siste tiåra,
genendringar.
Flytte fokuset til dei små
Hovudtanken bak dei tiltaka eg tek til orde for, er at fokuset
må flyttast, frå stordrift og agroindustri og til smådrift og familiedrift. Det handlar om statlege overføringar, som i dag i all
hovudsak kjem til dei største. Det handlar om forsking og rettleiingsarbeid og teknologiutvikling. Det er innanfor smådrifta
me har det store vekstpotensialet i berekraftig landbruk.
Mange i vår kultur har høyrt om kor mislykka dei sovjetiske
kollektivbruka var. Om bonden fekk behalde ein hage- eller
åkerflekk for seg sjølv ved sida av arbeidet på kollektivet, gav
denne jordflekken mange gonger så mykje mat i høve til arealet
som det storgodset produserte. Og dette er ei viktig røynsle.
Men me høyrer mindre om at situasjonen ofte liknar når det
gjeld vår tids industribruk i ulike land. Dei kan nok ha høge
avlingar av enkeltprodukt, men på småbruket i nærleiken med
nokre dekar dårlegare jord produserer dei – i høve til arealet
og i høve til tilførde innsatsfaktorar som diesel og kunstgjødsel
– fleire gonger så mykje mat, fordi dei har mange vekstar, utnyttar vekståret maksimalt og har husdyr i tillegg til plantene
for å bruke til dømes halm og lauv, produsere naturgjødsel
som stimulerer planteveksten og nytte den maten husdyra gir.
Stundom er skilnadene enorme. Ein analyse av tyrkisk
landbruk nokre år sidan konkluderte med at bønder med
mindre enn 10 dekar er 20 gonger så produktive som bønder
med meir enn 200 dekar jord.28 Om skilnadene vanlegvis er
mindre enn dette, er hovudtrekket det same, at småbruksdrift
“I utforminga av framtidas
landbrukspolitikk er det også
nødvendig å ha i tankane at den
rådande landbrukspolitikken
har mislykkast”
gir høgare produktivitet i høve til jordareal enn stordrift, at det
blir brukt mindre kunstgjødsel, medisinar, drivstoff og andre
innsatsfaktorar utanfrå i høve til produsert matmengd og at
husdyrgjødsla og andre restprodukt blir tilbakeført til jorda på
småbruk og blir unytta og ofte problemavfall ved stordrift. Det
er, har mange forskarar vist, eit omvendt forhold mellom arealstorleik og utbytte. Til større garden eller godset er, til mindre
er matproduksjonen per arealeining.
Kvifor er det slik? Småbrukarane har høve til å bruke
større arbeidsinnsats for å få mat av jord og dyr, rett og slett
fordi arbeidsinnsats for dei er overflodsvare. Når det trengst,
kan dei også dra nytte av familiens arbeidsinnsats. Småbonden
og familiebonden har engasjement i framtidas drift på sin
jordflekk. Aller mest om eigne barn eller andre i nær slekt skal
ta over, viser dei interesse for å forvalte jorda slik at overtaking
blir mogleggjort. Småbrukaren har, langt meir enn gardsarbeidaren på storgodset som mottek si løn i alle fall, interesse
av å eksperimentere, finne nye og meir produktive planteslag,
kombinere ulike planter, redusere bruken av plantegifter mest
råd både av omsyn til natur og eigen økonomi, kort skrive nytte
ressursane maksimalt. Difor er det også den globale småbruksdrifta som opprettheld stordelen av biodiversiteten i
landbruket.
I dei fleste samfunn har bønder dei siste tiåra vorte møtt
med liten respekt. Småbønder har vore oppfatta som ei yrkesgruppe som produserer lite for fellesskapet og som er på veg
vekk, til fordel for stordrift og agroindustri i matproduksjonen,
industri og servicenæringar. «Småbrukarar blir avskydde av
både kapitalistar og kommunistar,» skriv den britiske samfunnskommentatoren George Monbiot.29 Medan stordrift og
eksportlandbruk i mange land får mykje offentleg støtte, har
dei som driv i det små, fått lite eller ingen ting. Når internasjonale køyrereglar gjennom WTO og andre frihandelsorganisasjonar blir utforma for dei transnasjonale selskapa, rammar dei
ofte dei små.
28) Fatma Gül Ünal: Small is Beautiful, Evidence of Inverse Size Yield Relationship in rural Turkey. http://www.policyinnovations.org/ideas/policy_library/data/01382.
29) George Monbiot: «Small is Bountiful», Guardian 10.6.2008
15
Dette svekkjer ikkje berre økonomien, men også sjølvtilliten og
pågangsmotet hos mange bønder. Om samfunnet gir tydeleg
uttrykk for at bøndene, også dei minste, ikkje lenger skal
behandlast og stemplast som taparar for utviklinga, men tvert
om er viktige og nødvendige yrkesutøvarar, vil det fremje deira
nysatsing og eigenrekruttering. For den unge småbrukardottera i Nepal eller Nigeria eller Norge vil det vere eit signal om
at ho kan finne ei framtid innan matproduksjon og at eit slikt
yrkesval vil akseptert og omtykt av samfunn og styresmakter.
Ny teknologi – for dei små
16
Malede Abreha i Tigray i Etiopia har 5 dekar tørr jord. Grannane lo av han då han byrja å grave i den tørre, steinete jorda
nær bustaden, Men 12 meter under grasdekket fann han vatn.
Så konstruerte han ei pumpe for å få opp vatnet. I dag får familien grønsaker, frukt og endåtil kaffi frå jordlappen rundt
huset. Malede har delt kunnskapane sine med andre småbønder,
og no grev dei brønner. Han brukte åtte månader på å utvikle
pumpa, men då ein granne bad om hjelp til ei liknande pumpe,
var arbeidet gjort på ei veke. Det er Worldwatch som fortel om
Malede i siste State of the World.30 Forteljinga blir følgd av eit
bilete av mannen, brønnen med eit kumlokk over og pumpa
med handtak av ein trestokk og ei tom plastkanne for å styre
vatnet ned i ein stor kjele.
For oss er svarte sekker av plast først og fremst knytte til
avfall og søppel. For det urbane landbruket i mange land er
dei eit stort framsteg. For i svarte plastsekker kan dei samle
matjord og lagre på verandaen, hustaket eller jordflekken utanfor inngangsdøra. Sekkene absorberer mykje solvarme, og i
jorda i sekkene kan dei plante grønsaker og samtidig halde
ugraset unna.
Ein småskalaversjon av dryppvatning i hagar og på små
jordflekker tek til å kome i bruk mange stader, særleg i grønsak- og frukthagar. Det enklaste er ei bøtte med vatn og mjuke,
perforerte slangar som leier vatnet til plantene. Systemet gir
effektiv vatning utan sløsing med vatnet, og det kan setje ny
fart i hagebruk og smålandbruk i tørre område.31
Etter andre verdskrig tok norske landbruksmaskinfabrikkar til å lage ein hjulreiskap dei kalla småbrukarrive. Mange
småbrukarar hadde denne tida trillebår med gummihjul på.
Når slåtten byrja, flytte dei hjulet over til riva med 6-8 tindar
og handtak. Denne kunne dei skuve innunder høyet, løfte det
opp og såleis flytte høy på ein langt raskare måte enn med
høygaffel eller rive, særleg der det var bratt.
Både styresmakter, landbrukshøgskolar, fabrikantar av
landbruksmaskinar og utstyr og storselskap innan næringa
rettar fokuset mot det utstyret og den teknologien der det er
mest pengar å hente, og då vanlegvis det store og dyre, bilar og
helst dyre bilar framfor dei enkle og billige syklane, stadig
større og tyngre traktorar og maskinar, innreiing til storfjøs,
såfrø frå nokre få artar såkalla kulturplanter og opplæring av
nye bønder til arbeid innanfor stordrift. FAO, statar, utdanningsinstitusjonar og internasjonale hjelpeorganisasjonar bør
arbeide aktivt for eit anna fokus, på dei mange og oftast mindre
tiltaka og reiskapane og teknikkane og kunnskapane som kan
gjere arbeidet litt enklare og avlingane litt større.
Frå bonde til bonde – via rådgivar, skole, høgskole
«Trass i alle bevis på bønders evne til å eksperimentere og
skape nytt, held dei fleste landbruksforskarar fram med å forske på vegner av bønder heller enn saman med bønder.»32
Denne utsegna frå ei gruppe forskarar gjeld afrikanske land,
men det er ei vurdering bønder verda over kjenner seg att i.
Rett nok ikkje alltid, eg som skriv, har tidlegare samla stoff om
norsk bureising og fått historier om agronomar med 150-200
årlege reisedagar med buss, sykkel og til fots for å gi av sine
erfaringar og få nye kunnskapar til nytte for dei som skulle
reise nye heimar og arbeidsplassar i skogen eller myra.33 Slike
forteljingar finst også frå mange land.
I ein matproduksjon der oppgåva er å hente mest mogeleg
menneskeføde ut av ein natur som er knapp i omfang, men
uendeleg rik på variasjon, er ingen utlærd. I dette arbeidet er
det ikkje slik at ein storleik passar for alle. Det er i staden slik
at alle aktørar har kunnskapar av verdi, og at desse ustanseleg
må oppsummerast og vidareutviklast. Difor er det avgjerande
at forskarar, rådgivarar, landbruksskolar, universitet, administratorar og politikarar legg vekt på tovegs kommunikasjon. I
forordet til siste State of the World skriv president i Worldwatch Christopher Flavin: «Sjølv om me ofte tenkjer på innovasjon som den nyaste søkjemotoren eller videospelet, demonstrerer fattige afrikanske bønder at innovasjonar også finn stad
i av verdas fattigaste samfunn, og at desse kan ha meir å seie
for menneske og for vår planet enn dei mest høgteknologiske.
... Om berre ein brøkdel av dei ressursane som no blir nytta på
fabrikkgardar i USA og soyabønne-plantasjar i Brasil hadde
vorte investert for å hjelpe fram innovative småbrukarar, hadde
me fått langt større framgang i arbeidet med å realisere FNmålet om å halvere svolten innan 2015.»
I Ullensvang i Hardanger har bonde- og småbrukarlaget i
mange år arrangert hagevandringar hos fruktbønder. Bøndene
utvekslar erfaringar og lærer av kvarandre. I landsbyen Takalafiya
i Niger har dei «bondens opne dagar» for å presentere og diskutere eksperiment med å bruke hirse som dekke og gjødsel
for cassava-vekstar.34
Ny teknikk gir nye moglegheiter, med lokale mobiltelefonar kan telefonkonferansar arrangerast, med datamaskinar
“Om samfunnet gir tydeleg uttrykk for at bøndene,
vil det fremje deira nysatsing og eigenrekruttering”
30) Worldwatch: State of the World 2011, side 56. 31)Sandra Postel et al., «Drip Irrigation for Small Farmers: A New Initiative to Alleviate Hunger and Poverty,» ,
Worldwatch Magazine 2001, side 3–13. 32) Brigid Letty, Qureish Noordin. Saidou Magagi og Ann Waters-Bayer « Farmers Take the Lead in Research and Development»,
Worldwatch: State of the World 2011, side 52 33)Olav Randen: Brøyte seg rydning. Bureisingstid og bureisarliv. Boksmia 2003 34)Letty med fleire, side 54, sjå fotnote.
kan Powerpoint-presentasjonar lagast og filmar visast. Også
verdas meir enn 800 millionar analfabetar kan dra nytte av ny
teknologi. Det afrikanske rissenteret AfricaRice har produsert
ei rekkje videoar om risdyrking, som blir spreidde frå bonde
til bonde og frå land til land i Asia og Afrika. Videoane viser
ulike rissortar, dyrkingsmetodar og arbeidsteknikkar i dei
mange landa. I samarbeid med Farm Radio International (FRI)
blir videoane også nytta som grunnlag for radioprogam, sendt
gjennom fleire hundre nærradioar. 35
Urban matproduksjon
I Montevideo i Uruguay var ein av reaksjonane på finanskrisa
at matproduksjon i og nær byen skaut fart. No er arbeidsløysa
mindre att, men byfolk har framleis sine veranda- eller garasjehusdyr og sine minihagar, for dei vil ha kortreist, rein og kontrollerbar mat. Innbyggjarane i Hanoi i Vietnam produserer
eigne grønsaker, svine- og fjørfekjøt og ferskvassfisk. Dei
gjødslar matjord og fiskedammar med avfall frå menneske og
dyr. I slumstroket Kibera i Nairobi driv kvinnene det dei kallar
vertikalt hagebruk. Dei samlar matjord i store sekker, stikk hol
på og dyrkar grønsaker for eige bruk og sal. I byar i dei fleste
land, fattige og rike, skjer liknande ting. Innbyggjarar bruker
bakhagar, verandaar, hustak, plenar, ledige jordflekker ved
søppelfyllingar, vegskråningar og jamvel midtrabattar til
planteproduksjon og beiteområde for husdyr. Innflyttarar frå
landsbygder tek med seg stiklingar og såfrø og setjepoteter og
stundom kje eller kalvar eller smågrisar til byen, og dei tek
med seg kunnskapar om matproduksjon. Barneskolar driv
skolehagar, og somme har skolehusdyr.36
Samstundes med dette synest bynært landbruk å ha ein
oppsving i mange land. I USA auka talet på gardsbruk i drift
med 4 % mellom jordbruksteljingane i 2002 og 2007, det meste
av denne auken var bynært landbruk, svært ofte drive av kvinner.37 Like eins ser me ein rask vekst i Bondens marknad i
mange land. Kundane føler at dei handlar tryggare og får
ferskare mat med lokale matprodusentar enn på supermarknaden. Medan agroindustrien har som mål at kundar
skal få ferske, flyfrakta varer, til dømes jordbær, året rundt,
lærer folk gjennom dette at mattilgang handlar om å utnytte
sesongvariasjonar. Over tid gir dette ein meir lokal og stabil
matproduksjon med mindre sløsing.
I ein gjennomgang av urban matproduksjon kjem FAO til at
denne forsyner om lag 700 millionar menneske med mat.38
Det urbane landbruket sikrar dei mat på ein lite sårbar og
“Veksten i det urbane landbruket
er eit av dei mest positive trekka
i matforsyninga i vår tid”
oftast miljøvennleg måte, det gjer at organisk materiale som
elles ville bli avfall og problem, blir resirkulert i matproduksjonen, det aukar folks kunnskapar om mat og matproduksjon
og om samanhengane i naturen, og det byggjer ned skilnadene
mellom by og land. Veksten i det urbane landbruket er eit av
dei mest positive trekka i matforsyninga i vår tid.
Prinsippet om lik arbeidsbetaling
I del fleste land får bøndene betalt på to ulike måtar, for
varene dei sel og med offentlege tilskot. Også fattige land gir,
så langt dei evnar, tilskot til eigen landbruksproduksjon, Ghana til sukker, Mexico til mais, India til ris osv. Statlege overføringar har ofte som eit viktig formål å bidra til rasjonalisering innan landbruket. Eller skrive på ein annan måte: Bønder
får pengar av staten fordi dei produserer mykje, fordi dei har
store og lettdrivne gardar, fordi dei bruker legale og illegale
hormonpreparat og antibiotika i dyr og fôr og plantegifter til
frukt og grønsaker, fordi dei bruker mykje kunstgjødsel eller
fordi dei fôrar dyra med mykje kraftfôr som elles kunne ha
vorte brukt til matkorn. Gir staten i staden tilskota til areal,
inneber det at den bonden som har mykje matjord å fare over
med traktoren, får mest, same om han produserer mykje eller
lite mat på dette arealet. Den bonden som tener best i
marknaden, får altså også mest av subsidiane.
Men om målet er mat til alle, trengst også den marginale,
tungdrivne matproduksjonen, potetdyrkinga 4000 meter over
havet i Andesfjella til dømes, med stor arbeidsinnsats og avlingar på sparsame 100 kilo per dekar. Difor bør offentlege
tilskot leggjast om, slik at dei først og fremst blir nytta til å
kompensere for ekstraarbeidet dei med små, tungdrivne og
avsidesliggjande bruk har. Dei bør for det andre nyttast til dei
som tek vare på jord, dyr og naturmangfald på ein slik måte at
det er tilgjengeleg også for generasjonane etter oss.
Tabellen under skisserer korleis det kan gjerast. Det kan
skje med eit poengsystem, der offentlege tilskot blir gitt til a)
bønder med driftsulemper av ulike slag, og b) bønder som
forvaltar jord, dyr og gard vel.
Tabell 12. Framlegg til tilskotssystem innanfor det globale landbruket.
stort/lite bruk
flatt/
brattlendt
sentralt/
avsides
mykje/ikkje
kunstgjødsel
monokultur/
mangsidig drift
tiltak mot
erosjon
Lågaste vekttal
0
0
0
0
0
0
Høgste vekttal
10
10
10
10
10
10
35) Matt Styslinger. «What Works: From One Farmer to Another», Worldwatch nettsider besøkt febr. 2011. 36) Hovudkjelde: Heimesidene til RUAF Foundation, Resource
centres on urban agriculture & food security, med deira magasin Urban Agriculture. 37) Lester R. Brown: Plan B 4.0, side 240. 38) FAO Newsroom, 3. juni 2005: «Farming
in Urban Areas Can Boost Food Security»
17
5000
Avling som kan etast, + 4600
Kilokaloriar per person per dag
Tap etter hausting: - 600
4000
Dyrefór: - 1700
3000
2800
2000
Tap og sløsing i distribusjon og
hushaldingar: - 800
Netto tilgjengeleg
for eting: + 2000
1000
18
Kjøt- og
mjølkeprodukt:
+ 500
Åker
Unngå sløsing/øydelegging
Figuren over er henta frå ein rapport frå Stockholm International Water Institute (SIWI) og framstiller forholdet mellom
matproduksjon og -forbruk.39 Samla matmengd som blir hausta
på vår klode, utgjer 4600 kilokaloriar per person per dag. Av
dette går 600 kilokaloriar tapt etter hausting. 1700 kilokaloriar
går til dyrefôr, som gir igjen 500 kilokaloriar kjøt og mjølkeprodukt. Tap og sløsing i distribusjon og hushaldningar utgjer
800 kilokaloriar, slik at netto tilgjengeleg kalorimengd for forbruk blir 2000 kaloriar.
I boka Waste – Uncovering the Global Food Scandal40 gir
Tristram Stuart mange døme på korleis matproduksjon, særleg i industriland, fører til at store mengder mat blir kasta. Det
skjer på åkrar og dyrkingsfelt, der til dømes poteter som er for
store eller for små eller ikkje trill runde, blir sorterte vekk. Eller eple eller tomatar med liknande skavankar. Det gjeld i
hava, der fisk i trålposen utanfor storleikskrava eller av feil
sort blir dumpa, og der det går like eins med fangstar ut over
dei tillatne. Det gjeld i matbutikkane, der ein grunntanke er at
folk handlar meir om hyllene er fulle enn om dei er nesten
tomme, og der dei i land etter land går vekk frå å selje til
dømes daggammalt brød til redusert pris, fordi dette salet kan
redusere salet av nytt brød. Ein annan grunntanke er at kundane skal ha eit størst mogeleg varetilbod året rundt, til dømes
allslags frukt og grønsaker frå andre verdsdelar til årstider når
det ikkje mognast her. I mellomeuropeiske daglegvarebutikkar
kan kunden velje mellom meir enn hundre typar yoghurt.
Store mengder varer må takast inn, og mykje av det kastast når
haldbarheita eller stempla dato er ute. Kasting av store mat-
BORD
mengder skjer også i hushalda, der tilgjengelege pakker med
ferdigmat ofte er større enn det kjøparen et, der det er eit
kulturtrekk at det skal liggje att store matmengder når selskapet
er over, og der den gamle tanken i mange kulturar om at barn
skal lærast opp til å ete opp maten, no er i ferd med å bli borte.
Også i fattige land blir mykje mat kasta og øydelagd, men
då oftare på grunn av dårlege lagringstilhøve. Mellom firedelen
og femdelen av verdas innbyggjarar manglar elektrisitet, og
difor også høve til å fryse eller kjøle ned mat og like eins ofte
høve til å koke mat for å stogge bakterieutvikling. Mange
manglar kornsiloar og tørre og sikre lagerplassar.
Mykje kan gjerast for at mindre mat blir kasta. Eit enkelt
tiltak ville vere påbod til matindustri, forretningar og restaurantar om å registrere varemengd som kjem inn, varer som
blir selde og varer som blir kasta. Det ville fremje ein kultur
for å ta vare på maten med konkurranse mellom føretaka. Viss
råvareprisane hadde vore høgare og avansen mindre, ville det
bli lønsamt å utnytte maten best råd. Om me tek utgangspunkt
i det talet som ofte blir brukt, at sløsinga utgjer 40 prosent av
den maten som blir nytta, og set som mål at sløsinga kan
halverast, vil det gi tilstrekkeleg mat til over ein milliard
menneske.
Redusert kjøtforbruk i rike land
Av verdas kornproduksjon på vel 2 milliardar tonn går årleg
minst tredelen og truleg så mykje som 40 prosent til dyrefôr. I
tillegg blir det meste av soyabønne-avlingane nytta til dyrefôr.
Når gjennomsnittsinnbyggjaren i USA årleg bruker 800 kilo
korn, meir enn to kilo om dagen, og i India 200 kilo, ein halv
39) Lundqvist, J., C. de Fraiture and D. Molden. Saving Water: From Field to Fork – Curbing Losses and Wastage in the Food Chain. SIWI Policy Brief. SIWI, 2008.
40) Tristram Stuart: Waste, Uncovering the Global Food Scandal, London 2009
kilo om dagen, er det ikkje fordi folk i USA et fire gonger så
mykje, men fordi mykje av deira kosthald, kjøt, flesk, mjølk og
egg, er produsert ved at korn har gått gjennom dyremagar. Eit
land som Italia ligg midt imellom, med 400 kilo kornforbruk i
året.41
Kjøt produsert på korn er effektivt på det viset at menneskes arbeidsinnsats i produksjonen blir liten. Så om korn er
overflodsvare og arbeidskraft mangelvare, er det ei fornuftig
ordning. Men i vårt globale samfunn er korn mangelvare og
arbeidskraft overflodsvare, og då blir reknestykket annleis.
Kva då med ønsket om og behovet for eit mangsidig kosthald. Ein indikator er levealder. Av dei tre nemnde landa har
Italia, med eit årleg kornforbruk på 400 kilo, den klart høgaste
levealderen. Innbyggjarane i India har utan særleg tvil behov
for eit kosthald med meir dyreproteinar, men innbyggjarane
i USA og dei fleste industriland ville dra store fordelar av eit
mindre kjøtbasert kosthald.
Altså bør me attende til eit landbruk der det meste av
kjøtet og andre husdyrprodukt blir produsert på gras, og det
kornet som har kvalitet til å bli menneskeføde, blir nytta til
det. Det inneber at kjøtforbruket i rike land bør ned mot
verdsgjennomsnittet på 40 kilo. Om halvdelen av kornet til
dyrefôr, 400 millionar tonn, i staden blir menneskeføde, kan
det gi basismat til nesten like mange som i dag lever under
sveltegrensa.
Forbod mot menneskemat til drivstoff
I ein situasjon der rundt ein milliard menneske lever under
sveltegrensa og der kornprisane avgjer om dei fleste av dei skal
ete seg mette, har omdanninga av korn, mais og noko kveite,
til etanol skote fart, særleg i USA. I Brasil lager dei bildrivstoff
av sukker, og i Europa er hovudfokuset på biodiesel, laga av
jord, det meste i fattige land, for å produsere det biodrivstoffet
som blir blanda i diesel i Norge, minimum 3,5 %.44 Slik er
behovet umetteleg.
Verdsbank-økonom Donald Mitchell har analysert veksten
i kornprisar fram til sommaren 2008, den veksten som var
hovudårsaka til matkrisa som kasta 100 millionar fleire menneske ut i svolt.45 Han hevdar at 70-75 % av prisveksten kjem
av den nye marknaden for drivstoff produsert av korn.
Meir og meir blir kornprisen på verdsmarknaden knytt til
oljeprisen. Viss oljeprisen stig, vil kornprisen stige tilsvarande.
Lønner det seg betre for kornselskapa å omdanne mais og
kveite til olje enn å selje den til mat, vil dei gjere det. Me har
altså fått ein heilt ny global situasjon, der verdas milliardar
fattige må konkurrere om maten med verdas 910 millionar
pengesterke bileigarar.
Det er vanskeleg å sjå andre måtar å stoppe dette på enn ved
at det internasjonale samfunnet grip inn med a) eit moratorium
(mellombels forbod) mot omdanning av mat til biodrivstoff,
og b) eit sterkare arbeid for å utvikle drivstoffsparsame køyretøy
og transportmetodar.
Eit første steg ville vere å stogge subsidieringa av biodrivstoff. I USA subsidierer styresmaktene bioetanol med mellom
30 cent og 1 dollar per liter.46
Forbod mot landgrabbing
Observatørar har jamført den veksten i kjøp og leige av matjord som går føre seg i mange fattige land no, med gullrushet
på 1800-talet. På få år har ei rekkje land, Saudi Arabia, SørKorea, Kina, Kuwait, Libya, Egypt, India, Qatar og fleire,
inngått avtalar om kjøp eller langsiktig leige av jord i andre
land. Liknande avtalar har internasjonale storselskap som koreanske Daewoo, kinesiske ZTE International og den saudiske
Binladin-gruppa inngått. Leigeavtalane er ofte på 50 eller 100 år. Dei
fleste av landa som leiger ut eller
sel jord, som Etiopia, Madagaskar,
Sudan, Den demokratiske republikken Kongo, Kasakhstan og
Filippinane, er fattige land. I mange
av dei er bøndene utan papir på
jorda dei driv. Ved forhandlingsbordet er det styresmakter og pengefolk som sit og ikkje jordbrukarane,
og jordbrukarane blir pressa vekk når avtalane blir sette ut i
livet. Avtalane inneber ofte at regnskog blir rydda og verdifulle artar fjerna, og at kjøparar eller leigetakarar får hand om
verdifulle vassressursar, til dømes at landgrabbarar kan tappe
vatn frå øvre delar av Nilen i Etiopia, med det resultatet at
tørkeproblema i Egypt tiltek.
Ordbruken varierer. Dei landa og selskapa som leiger eller
kjøper jord, kallar det helst jordleige. Dei som mister jorda si,
kallar det jordgrabbing. I ein artikkel i the Observer siterer
den kjende reporteren John Vidal etiopiske Nyikaw Ochalla
frå Gambella: «Dei utanlandske storselskapa kjem i stort tal
“Meir og meir blir kornprisen på
verdsmarknaden knytt til oljeprisen”
raps eller palmeolje importert frå Indonesia og Malaysia, der
regnskog blir rydda for plantasjar med oljepalmer. I USA i
2009 gjekk såleis om lag 119 millionar tonn av kornavlinga på
416 millionar tonn, til bioetanol. Det er meir enn kornavlingane
i Australia og Canada til saman.42
Rundt rekna går det med 2 kilo korn for å produsere ein
liter bioetanol. Det inneber at kornmengdene som skal til for
å fylle ein 100 liters SUV-tank ein gong, tilsvarar basismat for
ein person i eitt år. Eller at om heile USAs kornavling skulle bli
omdanna til etanol, ville det dekkje drivstoffbehovet for 18
prosent av bilparken.43 Det trengst 1,4 millionar dekar mat-
41) Lester R. Brown: Plan B 3.0, side 243 42) Lester R. Brown: World on the Edge, New York 2011, side 61. 43) Same kjelde som føregåande merknad. 44) Nationen
15.2.2011 med Klima- og forureiningsdirektoratet som kjelde. 45) Donald Mitchell: A Note on Rising Food Prices, Verdsbanken juli 2008 46) Julian Cribb: The coming
famine, Berkeley 2010, side 124.
19
og tek frå folk jord dei har brukt i hundreår. Dei spør ikkje dei
som bur der. Avtalene blir inngått i hemmelegheit. Det einaste
lokale innbyggjarar ser, er menneske som kjem med mengder
med traktorar for å invadere deira land.»47
Omfanget av landgrabbinga er vanskeleg å vurdere.
Forhandlarar, leigarar og utleigarar held ofte korta tett til
brystet. Endåtil Verdsbanken må bruke presseklipp for å få
opplysningar om omfanget. Av ein rapport dei publiserte i
september 2010, går det fram at dei frå oktober 2008 til august
2009 registrerte 464 slike jordavtalar. Det arealet som har
vorte selt eller leigd ut på langsiktige kontraktar til andre land
eller selskap i perioden 2004-2008, utgjer til dømes 40 millionar dekar (4 gonger det norske dyrka arealet) i Sudan, 27 millionar dekar i Mosambik, 16 millionar i Liberia og 12 mil-
20
ei minst like naturleg oppgåve for det internasjonale samfunnet som dei overnemnde oppgåvene.
Mat som menneskerett
Retten til å leve den viktigaste av alle menneskerettar og føresetnaden for at kampen mot diskriminering, for ytringsfridom og alle dei andre menneskerettane skal lykkast. I artikkel
25 i menneskerettserklæringa er det formulert slik:
«Enhver har rett til en levestandard som er tilstrekkelig for
hans og hans families helse og velvære, og som omfatter mat,
klær, bolig og helseomsorg og nødvendige sosiale ytelser, og rett
til trygghet i tilfelle av arbeidsløshet, sykdom, arbeidsuførhet,
enkestand, alderdom eller annen mangel på eksistensmuligheter
som skyldes forhold han ikke er herre over.»
Likevel er fokuset på retten til
mat ikkje sentralt i vår debatt om
menneskerettar. Noko av forklaringa er at dette er ei litt bortgøymd
formulering, altså i den 25. av 30
paragrafar. I kampen mot svolt
bør fokuset på mat styrkast.
Ein metode for å få til det ville
vere om FN-medlemmer tok initiativ til ein eigen FN-konvensjon
for retten til mat, på same viset
som me har konvensjonar mot etnisk diskriminering, for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar,
mot diskriminering av kvinner og
for barns rettar, for å nemne
nokre.
Eit tiltak som har vore ein del diskutert, er eitt garantert måltid
om dagen til alle menneske. Eit tiltak i noko mindre målestokk,
men med stor effekt, er skolelunsj, slik Verdas matvareprogram no tilbyr somme stader. Når jenter i dei fattigaste landa
får eitt måltid på skolen, vil fleire gå på skole, skoletida vil bli
lengre, utbyttet av undervisninga bli betre, fleire vil finne seg
arbeid etterpå, færre jenter gifter seg som tenåringar og
risikoen blir mindre for at vaksne kvinner og barna deira skal
få helseproblem. Endå ein gevinst er at skolemat gir inntekter
til lokale bønder. Det er rekna ut at gratis skulelunsj i dei 44
landa med lågast inntekter ville koste verdssamfunnet 6 milliardar dollar, 35 milliardar kroner, i året i tillegg til det Verdas
matvareprogram no bruker.49 Det er eit tiltak som eit land som
Norge, med eit oljefond på 3000 milliardar kroner, kunne finansiere. Eit slikt tiltak ville vere ei lita bør for dette velstandslandet og eit lyft for verdssamfunnet.
“Når jenter i dei fattigaste landa får eitt måltid
på skolen, vil fleire gå på skole, skoletida vil
bli lengre, utbyttet av undervisninga bli betre,
fleire vil finne seg arbeid etterpå, færre jenter
gifter seg som tenåringar og risikoen blir
mindre for at vaksne kvinner og barna deira
skal få helseproblem”
lionar i Etiopia.48 Verdsbanken har saman med FAO og
andre organisasjonar utforma eit sett køyrereglar for jordkjøp.
Men så lenge dei er utan mekanismar for å reagere viss reglane
blir brotne, kanskje også utan vilje til å reagere, er køyrereglane utan stor verdi.
Dette jordrushet viser to ting, for det første at land og
storindustri tek konsekvensen av at matjord har vorte nasjonal mangelvare og er i ferd med å bli global mangelvare, og for
det andre at dei prioriterer og får høve til å prioritere eigne
interesser framfor interessene til dei svoltne og mest utsette av
våre medmenneske. Det er vanskeleg å sjå andre måtar å
stogge jordgrabbinga på enn ved internasjonale køyrereglar
baserte på ei anna prioritering.
Somme vil innvende mot dette og førre delkapittel at den
typen reguleringar og forbod eg skisserer, ligg langt frå måten
det internasjonale samfunnet fungerer på. Men det internasjonale samfunnet regulerer valutastraumar og valutatiltak
gjennom Verdsbanken. Det regulerer handelen gjennom Verdas handelsorganisasjon WTO. Det samordnar helsetiltak
gjennom Verdas helseorganisasjon WHO. Det å finne ordningar for verdssamfunnet som hindrar svolt og feilernæring, er
Kortreist mathjelp
Uttrykket kortreist mat har slått gjennom i vår heimlege matdebatt dei siste åra. Mathjelp via det internasjonale samfunnet, hjelpesendingane til tsunamien i Sør-Asia, jordskjelvet på
47) Sitert frå Lester R. Brown: World on the Edge, New York 2011, side 67. 48) The World Bank: Rising Global Interest in Farmland, rapport 7. september 2010. 49) Lester R.
Brown. Plan B 4.0, side 181. 50) Same kjelde som førre merknad.
Haiti, flaumen i Pakistan, er oftast langreiste, til dømes frå
kornlager i Mellom-Europa og USA. Slik må det ofte vere ved
akutte krisar, men den mest effektive, varige hjelpa er ofte den
kortreiste, viss bønder innanfor eller nær det ramma området
får hjelp til å auke produksjonen, og viss det landet eller
den organisasjonen som vil yte hjelp, kjøper mat frå desse til
dei svoltramma.
Dessverre har det gått motsett lei. Dei siste åra har landbruket spelt ei stadig mindre rolle i internasjonalt bistandsarbeid,
frå 16 prosent av global bistand i 1980 og til 4 prosent no.50 Ei
av følgjene av at matprisane eksploderte i 2007-08, var at
hjelpesendingane til fattige land vart mindre. Givarane hadde
budsjett å halde seg innanfor, og med høgare matprisar fekk
dei kjøpt mindre matmengder innan sine budsjett. Problema
vart forsterka av at finanskrisa også ramma tradisjonelle givarland. Bistandsdepartementet i USA reduserte såleis mathjelpa
med 15 prosent frå 2008 til 2009.51 Slik blir situasjonen for
mottakarane endå usikrare.
Det høge målet: Svolten skal ta slutt
Når framtidas historikarar skal analysere den tida me lever i
og skrive sine bøker om denne tida, vil det spørsmålet som
kjem til å oppta dei meir enn noko anna, vere kløfta mellom
det menneska i denne tida fekk til og det me ikkje fekk til. Me
meistra oppgåver som kunne synast umogelege å løyse, som å
sende folk til månen, utvikla raske og effektive metodar for
persontransport kloden over og å sende digitale bilete verda
rundt på sekundar. Men menneska denne tida greidde ikkje å
løyse oppgåver som i ettertid vil sjå langt enklare ut, som å
sikre at ein milliard innbyggjarar fekk nok mat av eit matfat
som var stort nok til alle, eller å drive ein matproduksjon som
ikkje øydela naturens funksjonsmåtar. Truleg vil dei også undrast over den moderate innsatsen og dei varsame målsetjingane. Dei vil spørje kvifor FN ved tusenårsskiftet avgrensa seg
til eit mål om å halvere andelen underernærte innan 2015, og
kvifor dei ikkje gjekk inn meir aktivt med tiltak då dette målet
vart fjernare og fjernare.
Slik eg ser det, bør verdssamfunnet setje høgare mål. Dersom me er samde om at kloden har tilstrekkeleg med naturressursar for at alle skal få mat, og at me har dei kunnskapane
og den teknologien som skal til for å nå dette, må målet vere at
svolten skal ta slutt. Med dette langsiktige målet for auga kan
konkrete tiltak og delmål formulerast.
51) State of the World 2011, side 5
21
«Enhver har rett til en
levestandard som er
tilstrekkelig for hans
og hans families helse
og velvære, og som
omfatter mat, klær,
bolig og helse-omsorg
og nødvendige sosiale
ytelser, og rett til
trygghet i tilfelle av
arbeidsløshet, sykdom,
arbeidsuførhet, enkestand, alderdom eller
annen mangel på
eksistensmuligheter
som skyldes forhold
han ikke er herre
over.»
7. Konklusjon: Ni enkle ord
22
Dette notatet opna med omtalen av ein gut som no er i sitt
tolvte år, Adnan Nevic i Sarajevo i Bosnia, fødd 12. oktober
1999 og gjort verdskjend fordi FN utpeika han til verdsborgar
nummer 6.000.000.000. Spørsmålet var om det er grunn til å
ønskje verdsborgar nummer 7.000.000.000, som truleg ser
dagens lys tidleg i 2012, velkommen. Svaret eg gir, er ja,
kloden er stor nok og har tilstrekkeleg med matressursar for
henne eller han og også for dei vel 9 milliardane som truleg
kjem til å befolke Tellus om 40 år saman med denne snart nyfødde. Men det krev mobilisering av alle menneskelege ressursar som er tilgjengelege, og det krev at hindera for slik mobilisering, først og fremst prioritering av interessene til eit
fåtal på kostnad av dei mange, blir rydda av vegen.
Konkret handlar dette om ni enkle ord, skriv briten Colin
Tudge:52 Rikeleg av planter, ikkje mykje kjøt og maksimalt
mangfald. Me kunne føye til tre ord: Minst mogeleg sløsing.
Dette er oppskrifta for å produsere nok mat, for kombinasjonen av planter og dyr gjer at jorda kastar mest av seg. Det er
oppskrifta for å produsere næringsrik, velsmakande og variert
mat.
Det kan også skrivast meir generelt: Matproduksjon gjeld
ein kombinasjon av tre grunnfaktorar, jord, arbeidskraft og
kapital (i form av tilførd gjødsel, drivstoff, såfrø, maskinar etc).
I den modellen for matproduksjon som har fått gjennomslag i
vår del av verda og no blir prøvd gjort universell, er grunntankane at kapital er rikeleg, jord er tilstrekkeleg og arbeidskraft
er mangelvare. Av dette følgjer at alle land bør redusere
arbeidsomfanget i landbruket til eit nivå som til dømes USA
og Storbritannia, der det no er i underkant av 1 prosent bønder
(og i USA fleire fengselsfangar enn heiltids bønder). Men
globalt og i dei fleste land er arbeidskraft overskotsvare. Om
talet på bønder i India, no om lag 60 prosent av dei yrkesaktive,
skulle bli redusert til USAs nivå, vil nye 59 prosent av den arbeidsføre befolkninga bli utan arbeid. Korkje India eller verda
utanom har anna sysselsetjing å tilby dei. Matjord er ei knappheitsvare, som det gjeld å ta mest mogeleg vare på, og tilført
kapital er ofte ein måte å bryte ned denne jorda på. Difor må
framtidas landbruk baserast på eit anna forhold mellom dei
tre grunnfaktorane, tilstrekkeleg arbeidskraft, nøktern kapitalbruk og respekt for jorda. Gjer me det, vil den neste Adnan
Nevic og alle dei andre gå ei lys framtid i møte.
52) Colin Tudge: Feeding People is Easy. London 2007.
Rikeleg
av
planter,
ikkje
mykje
kjøt
og
maksimalt
mangfald
... og minst mogeleg sløsing
23
Utviklingsfondet er en uavhengig miljø- og utviklingsorganisasjon.
Vi støtter fattige mennesker i deres eget arbeid for å kunne fø seg selv,
komme seg ut av fattigdommen og sikre miljøet. Utviklingsfondet har
over tretti års erfaring med å kombinere miljø- og utviklingstiltak i
konkrete selvhjelpsprosjekter.
www.utviklingsfondet.no