Handelspolitisk teknokrati pdf

6
SAMFUNN
DAG OG TID FREDAG 20. MARS 2015
SAMARBEIDER OM Å UTVIDE BRINGEBÆRSESONGEN
Bærprodusentar og Bio­
forsk samarbeider no om
å utvide bringebær­
sesongen i Noreg. I
butikkane har dei gjerne
ferske bringebær året
rundt, men den norske
sesongen er berre juli og
august. Men norske
bringebærbønder drøy­
mer om også å kunne
levere bær i mai og juni,
og dei går no saman for
å prøve ut ulike dyrke­
metodar og ulike bringe­
bærsortar for å sjå om Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix
det er mogleg å oppnå.
Når bæra skal reise kort og seljast fort, kan produsentane prioritere smak
og farge meir enn når bæra skal reise langt og seljast over ein lengre peri­
ode, derfor er kortreiste, norske bær svært populære i dei periodane av året
dei er på marknaden.
Den internasjonale fagforeininga Public Services International demonstrerrtte mot Tisa i Genève i april i fjor. Foto: PSI
Handelspolitisk teknokrati
SATSAR PÅ GOD KRUS
Tysdag denne veka starta forskings­
prosjektet KRUS. Temaet er ull frå nor­
ske sauar, og målet er å få meir kunn­
skap om norsk ull og korleis denne ulla
kan marknadsførast. Prosjektet er
kalla opp etter det forskarane sjølve
meiner er det viktigaste trekket ved
norsk ull: godt krus. KRUS er eit sam­
arbeidsprosjekt med fjorten aktørar frå
forskingsinstitusjonar, næringa sjølv
og interesseorganisasjonar i inn- og
utland, og det er leidd av Ingun Grim­
stad Kledd ved Statens institutt for for­
bruksforsking. Prosjektet skal avslut­
tast i 2018, og da skal dei ha kartlagt
alle ledda i ullproduksjonen, frå sau­
ene på garden til ullundertøy i butik­
ken.
Politiske parti og fagforbund krev meir openheit, men ikkje ein
gong då EU offentleggjorde Tisa-mandatet, ville UD gje etter.
HEIDI
LUNDEBERG
Kommentar
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
R
egjeringa offentleggjorde
denne veka det som vert
kalla norske posisjonar til
forhandlingane som går føre
seg om tenestehandelsavtala
Tisa. Utanriksdepartementet
(UD) har sidan forhandlingane
starta for to år sidan, vorte kritisert for manglande openheit
og informasjon.
Då EU offentleggjorde sitt
mandat sist veke, vart UD spurd
om norske styresmakter kunne
vere dårlegare. Departementet
la openbert ikkje si ære i å vere
like demokratiske som EU, for
dei svara i fyrste omgang at dei
ikkje ville offentleggjere mandatet. Nokon må ha funne ut
at dette var ein litt dårleg strategi, og nokre dagar etter kom
ei nettsak med tittelen «Norske
Tisa-posisjonar».
Det er ikkje fyrste gong
departementa (Tisa og WTO
ligg under UD, medan Efta-frihandelsavtaler ligg under NFD)
har halde informasjon om handelsforhandlingar som går føre
seg, tett til brystet. Handels­
politikken
er
unndregen
VIL HA UTESTENGD-REGISTER PÅ PLASS TIL HAUSTEN
Regjeringa sende denne
veka ut på høyring eit
forslag om å opprette eit
register for utestengde
studentar, døypt RUST.
Registret skal vera til­
gjengeleg for utdan­
ningsinstitusjonar, Sam­
ordna
opptak
og
Nasjonalt organ for kva­
litet
i
utdanninga
(NOKUT) ved behov. I
registret vil regjeringa at
utdanningsinstitusjonar
skal leggje inn informa­
sjon om kandidatar som
Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix
av ymse årsaker er ute­
stengde frå utdanning
ein periode, slik at andre utdanningsinstitusjonar kan unngå å ta inn desse
som studentar. I forslaget heiter det at denne informasjonen skal slettast
frå registret når karanteneperioden er over. Høyringsfristen er 11. juni, og
målet er at forskrifta skal setjast i verk frå 1. august.
[email protected]
Når fylket gjer opp
Fylkeskommunen vert stadig meir forgjelda.
STATISTIKK
JON HUSTAD
[email protected]
F
ylkeskommune... Heilt sidan
Bård Tufte Johansen agerte
kulturkonsulent i fylkeskommunen, har omgrepet hatt ein
litt datert klang, men fylkeskommunen er her enno, og han veks.
I det minste om vi måler veksten
i skuld. Gjennom dei seinaste fire
åra, fortel SSB, har gjelda gått frå
36 milliardar i 2011 til 49,5 milli-
ardar i 2014. Det seinaste året
åleine har skulda auka med
knapt 10 prosent.
Held veksten fram, vil gjelda
innan relativt kort tid overstiga
dei årlege inntektene, som i 2014
var på 68 milliardar kroner. Overskotet var ikkje nett stort, to milliardar, så noka snarleg utsikt til
gjeldsreduksjon er det ikkje, særleg med tanke på at det er ei halvering av resultatet frå 2013, som
var på fire milliardar.
Den største utgiftssektoren for
fylkeskommunen er den vidaregåande skulen; 46,5 prosent av
utgiftene gjekk dit, medan knapt
30 prosent gjekk til samferdsle.
Hadde ikkje fylkeskommunen
kunna låna til investering­ar,
hadde underskotet vore på 3,7
milliardar. Trøysta får vera at i
den store samanhengen er fylkeskommunen ein liten del av
dei offentlege utgiftene, ein så
liten del at det nok er duka for
ei avvikling litt lenger framme i
løypa.
debatt. Avtale etter avtale vert
forhandla bak lukka dører og
fyrst når heile pakka er signert,
pakka og klar, vert ho offentleggjord og send til Storting
for ei pro-forma-handsaming.
Talet frihandelsavtaler som er
inngått det siste tiåret, er for
mange til at me kan telje dei
på fingrane, men talet konsekvensutgreiingar og høyring­ar
kan teljast med to fingrar.
Folk har likevel sett seg lei
av teknokratiet. Både innanfor
og utanfor Stortinget har ordskiftet om handelspolitikken
auka tydeleg siste året. Årsaka
Om regjeringa vil
stille all uroa rundt
avtala, så er det vel
berre å leggje korta
på bordet?
er dei såkalla Tisa-forhandling­
ane og dei forhandlingane som
går føre seg om ei avtale mellom USA og EU (TTIP). Fagrørsla er uroa for den norske
velferdsstaten, for offentleg
sektor og lokalt demokrati.
Bonderørsla er svært uroa for
mat, og Forbrukarrådet fryktar kyllingar dyppa i klor (jau –
det er faktisk sant, dei gjer det
i USA). Alle krev meir openheit
og debatt om handelsavtalene.
Engasjementet gjev atterklang
på Løvebakken.
UD garanterer at ingen treng
å uroe seg, at det ikkje kjem på
tale å liberalisere offentleg sektor eller røre ved det politiske
handlingsrommet. Dersom det
er så skråsikkert, så kan det vel
heller ikkje vere problematisk
å gje informasjon om forhandlingane, eller ein skikkeleg analyse av konsekvensar Tisa vil
få i Noreg, slik me gjentekne
gong­er har bede om.
Om regjeringa vil stille all
uroa rundt avtala, så er det vel
berre å leggje korta på bordet?
For kven vert vel ikkje skeptiske til hemmelegheitskremmeri? Eit fyrste steg kan vere
å offentleggjere Tisa-mandatet, det offisielle dokumentet,
og ikkje ei fillenettsak som
gjev oss denne informasjonen:
«[Norge] skal i forhandlingene
arbeide for at våre offensive og
defensive interesser blir ivaretatt på best mulig måte.»
Heidi Lundeberg er leiar av
Handelskampanjen.