ludvig eikaas eikaasgalleriet - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

1983 Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, Førde.
1986 Posthuset i Førde.
1986 Performance i samband med opninga av
Fjærlandstunnelen ved Lunde i Jølster.
1987 Musikkauditoriet ved Midtstuen skole, Oslo.
1993 NRK Sogn og Fjordane, Høyres Hus i Oslo og ­
Grieg-jubileet i Bergen.
1995 Ivar Aasen-jubileet, Ørsta / Volda.
1996 Torget i Florø: Fiskarguten, Landskappleiken i Førde.
1997 Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.
Petter Dass-­dagene i Alstadhaug.
Representasjon i offentlige
museum og samlingar :
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Lillehammer
Kunstmuseum, Oslo kommunes kunstsamlinger, Vestlandske
Kunstindustrimuseum, Trondheim Kunstmuseum, Rogaland
Kunstmuseum, Haugesund billedgalleri, Bergen Kunstmuseum,
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Eikaasgalleriet, Norsk kulturråd,
Kunst på arbeidsplassen, Kunst i skolen. Statens Museum for Kunst,
København, Brooklyn Museum of Art, New York, Georgia Museum of
Art, Georgia, Uffizi-galleriet, Firenze, Grand Palais, Paris.
Stipend, prisar, legat og utnemningar :
1953 Inger og Edvard Munchs legat.
1957 Conrad Mohrs legat.
1959 3%-fondets stipend.
1964 Statens reisestipend.
1970 Utnemnd til professor ved Statens Kunstakademi, til 1987.
1970 3-årig arbeids-stipend.
1980 Rektor ved Statens Kunstakademi til 1983.
1994 Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane.
Bibliografi:
1968 Per Arneberg: Streif omkring Ludvig Eikaas,
Haaken A. Christensens Forlag.
1981 Jahn Otto Johansen: Ludvig Eikaas, J. M. Stenersens Forlag AS.
1983 Ludvig Eikaas: Innenfor sirkelen, Gyldendal Norsk Forlag AS.
1990 Inger Tragethon (red): Portrett av Ludvig Eikaas,
Grøndahl & Søn Forlag AS.
1992 Jahn Otto Johansen: Eikaas og Ibsen – samtaler med kunstneren.
1996 Jakob Sande: Fløytelåt, Illustrasjonar.
2000 G. Danbolt m.fl: «Eikaas i 80…» Festskrift, Eikaasgalleriet og
forlaget Skald AS. Inger Eri: Hovudoppgåve.
2000 Terje Lyngstad og Eyvind Viken: Slaget om Nasjonal, Skald
2005 Ingrid Norum: «Portrettkunstnaren Eikaas»,
Skriftserien Myndir 1/05.
2009 Frode Sandvik m.fl: Ludvig Eikaas Retrospektiv,
Bergen Kunstmuseum/ Nasjonalmuseet.
LUDVIG EIKAAS
Velkomen til
EIKAASGALLERIET
Mangfaldige uttr ykk
1940 – 2000
Etablert 1994
2. april – 20. desember
•
•
•
•
Eikaas-samlinga
Kafé
Butikk
Omvising
Omvising i museet:
Skular og grupper kan tinge omvising.
Billettar:
20.05. – 20.08. NOK 50
Ope:
02.04. – 19.05. Onsdag, fredag, laurdag og søndag
20.05. – 20.08. Alle dagar
21.08. – 20.12. Onsdag, fredag, laurdag og søndag
Elles ope etter avtale.
P
11–16
11–17
11–16
Ålhus, E39 langs Jølstravatnet. Badestrand
Parkering for bussar
Rullestol
+47 57 72 67 67 / +47 99 20 26 76
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
www.sfk.museum.no
M U S E A I S O G N O G FJ O R DA N E
EIKAASGALLERIET
ÅLHUS, JØLSTER
Biografi
Mangfaldige uttrykk 1940 – 2000
På 70-årsdagen sin i 1990 donerte grafikaren, målaren,
­skulptøren og konseptkunstnaren Ludvig Eikaas 100 verk til
heimkommunen Jølster. Eikaasgalleriet opna i 1994, og frå
2004 vart det ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum. I dag
tel Eikaassamlinga nær 850 verk, hovudsakleg grafikk.
­Utstillinga er bygd opp kronologisk for å syne utviklinga i
­Eikaas sin kunstnarskap, frå tidleg 1940-tal fram til år 2000.
Ludvig Eikaas er kjend som ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri har slått seg til ro med éin teknikk og eitt bestemt
uttrykk. Denne evna til variasjon har gjeve han ein sterk posisjon i norsk kunsthistorie.
1940-talet
I studietida i Oslo arbeidde Eikaas med forenkla og tidvis
­ekspresjonistiske tresnitt i farge og svart-kvitt med motiv frå
livet i ­Jølster. Frå slutten av 40-talet og fram til om lag 1954
­arbeidde ­Eikaas, inspirert av mellom andre Miró, med non-­
figurative måleri og etsingar. Såleis vart han ein av pionerane
innanfor den ­norske modernismen. Eikaas vende relativt raskt
attende til eit figurativt uttrykk, om enn i forenkla form. Frå
midten av 40-talet måla han òg, med få og raske penselstrøk,
abstraherte, fargesterke ­portrett av kjende personar.
1950-talet
Tiåret var for Eikaas prega av mange ulike teknikkar og uttrykk.
Han måla non-figurative bilete enno ei stund, men etter kvart
vart han fascinert av landskap, interiør og stilleben. Ved Eikaasgalleriet har vi hovudsakleg tresnitt i svart-kvitt, nokre farge­
litografi og akvarellar frå perioden. Uttrykket er figurativt, men
forenkla, og motiva er mellom anna familien, landskap, dyr,
­musikk, by og interiør.
1960-talet
Eikaas arbeidde tidleg i tiåret framleis med tresnittet, men
­etter kvart vart etsinga den dominerande teknikken. Det
­urbane livet gjorde seg gjeldande i bileta, og forma vart ­laus­are
og meir ­humoristisk. Etter kvart nytta han tekstfragment som
eit eige formalt biletspråk. I siste halvdelen av 60-talet byrja
han å arbeide med skulptur og materialbilete, gjerne i uvande
materiale som plast, ­polyester, aluminium, stål og pappmasjé.
­Nokre tidlegare ­grafiske eller måla ­portrett fekk no skulpturell
form. I ettertid kan vi sjå at Eikaas var ein tidleg ­eksponent for
konseptuelle arbeidsmetodar som bruk av funne materiale,
tekstbaserte verk og aksjonar. Innanfor måleriet søkte han å gje
att eit direkte sanseinntrykk av motivet ved å nytte sterke
­fargar, store fargefelt og til tider rennande måling.
1970-talet
Frå byrjinga av 1970-talet eksperimenterte Eikaas mellom anna
med store format, objekt og readymades. Han utforska og
­utfordra kunstomgrepet og kunstnarrolla gjennom humor,
tekstfragment og iscenesetjing av seg sjølv. Han arbeidde med
nye materiale slik som pleksiglas. Innanfor grafikken nytta han
­hovudsakleg etsing og silketrykk. Inspirasjonen frå Rolf Nesch
kom til uttrykk i bruken av høg- og djuptrykk i ei og same ­plata,
for å få fram relieffverknad i papiret. Innimellom kan vi sjå
­innslag av sterke fargar. Dei få politiske verka i kunstnarskapen
stammar frå denne perioden.
1980-talet
Eikaas arbeidde på 80-talet med mange svart-kvitt-portrett av
kjende personar, framstilt med todelte andlete i grønt og
raudt. Teknikkane var mange som litografi, linosnitt, silketrykk
og trykk på bilpanser. Musikarportrettet står sterkt, og vi kan
framleis sjå innslag av tekstbaserte verk og aksjonar, som i
høve opninga av Fjærlands-tunnelen i 1986. Eikaas leverer òg
skulptur til offentleg stad, i ein forenkla stil, som Hest i vind til
­Posten, Førde.
1990-talet
På 1990-talet arbeidde Eikaas mykje med illustrasjonar. For
Den norske Bokklubben illustrerte han skodespela til Ibsen og
laga eit uttrykksfullt diktarportrett. Serien vart mellom anna
stilt ut i Oslo, Paris, Reykjavik, Torshavn og Berlin. – Vi kan sjå at
Eikaas framleis arbeidde med tekstverk, portrett og sjølviscene­
setjingar i både to og tre dimensjonar. Han nytta teknikkar som
litografi i små format, tresnitt, skulptur og omarbeiding av
­funne objekt. Sjølvportrettet og bobleslipset vert framstilt i
grafiske «strek»-skulpturar laga i metall dekt med hardplast.
Nye variantar av eldre motiv vert laga, og i eit av dei yngste
verka i samlinga, kalla Weidemann, har han vendt attende til
tresnittet.
Ingrid Norum
konservator
1920 20. desember på Eikås i Jølster
Son av Daniel og Synnøve Eikaas.
Utdanning:
1938 1942 – 46 1946 – 48 1948
Skiltmakarlære i Bergen.
Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo.
Statens Kunstakademi i Oslo.
Kunstakademiet i København.
Separatutstillingar :
1946
Debuterar som målar og grafikar på Statens Kunst­
utstilling (Høstutstillingen). Han deltek på denne årlege
mønstringa sporadisk fram til 1993.
1948 – 98 Syner om lag 90 separatutstillingar i inn- og utland.
1959 Første separatutstilling i Nasjonalgalleriet.
1969 Festspillutstillar i Bergens Kunstforening.
Kollektiv- og gruppeutstillingar:
1947
Deltek på ei offentleg norsk utstilling i København.
1951-2000 Deltek i om lag 55 slike utstillingar, mange i utlandet.
Den siste internasjonale utstillinga er «Modern
Scandinavian Prints» på British Museum, London.
I nternasjonale biennalar :
1952, 1962, 1976
1953, 1955, 1965
1954
Biennalen i Tokyo. Japan.
Biennalen i Sao Paulo, Brasil.
Carnegie biennalen i Pittsburgh, USA.
Kommisjonar og prosjekt (utsmykking):
1948 Assistent for Gunnar S. Gundersen si utsmyk king av trappe­
hallen i Norden Kjemiske Fabrikker i Oslo. (Eksisterer ikkje
lenger).
1949 Fasade Kunstnerforbundet i Oslo,
saman med Gunnar S. Gundersen.
1950sjonsarbeid for advokat E. Wilberg, Fredrikstad.
Veggfelt for Cato Tvenge, Oslo.
1960 Kartong for biletteppet vevd av Synnøve Anker Aurdal til
musikkgalleriet i Håkonshallen, Bergen (1961).
1965 Veggfelt i marmormosaikk for byggefirmaet
Haakon Johannesens nybygg, Oslo.
1970 Monumentalarbeid for skipsreiar Bjørn Braathen, Oslo.
Avslutta i 1972.
1972 Rikshospitalets kapell, altertavle.
1973 Bronseskulptur til Vegvesenets kontorbygg, Oslo.
1979 Politiskolen i Oslo.
Frise for Findus, nybygg i Oslo.
1980 Administrasjonsbygget i Longyearbyen, Svalbard.