Leikanger KYRKJELYDS BLAD Nr. 1 - 2013 Årgang 67 Pilegrimsvandring med Bjørg Sterke inntrykk for konfirmantane Lys vaken trusopplæring Egil Hovland lever Kyrkjeringane i Leikanger feirar førti Sogn og Fjordane fyller 250 - lokal markering i Leikanger Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 1 Oversikt over tilsette, kontaktadresser og telefonar: Administrasjon Leikanger OG Sogndal kyrkjekontor Besøks-/postadresse: Kyrkjevegen 6, Stedjetunet, 6856 Sogndal Tlf sentralbord: 57 67 99 85, faks: 57 62 98 91 Kyrkjeverje: Jorunn Merete Haukås-Eide Telefon mobil: 404 76 682 E-post: [email protected] [email protected] Kontortid kvar dag unnateke onsdag. Soknepresten i Leikanger og Norum: Egon Askvik [email protected] Tlf. 907 63 554 Treffetid etter avtale - måndag fri. Kyrkjetenar/klokkar/ reinhaldar: Sandra Pearce [email protected] Tlf. 951 60 890 Fredag fri Organist: Diccon Pearce [email protected] Tlf. 57654157/974 35 982 Kontor i bustad - fredag fri Soknerådsleiar: Anne Kristin England [email protected], Tlf: 950 46 062 Leiar i Leikanger og Sogndal fellesråd: Marit Lunde Mundal Kommunal representant for Leikanger i fellesrådet: Ole Simen Nesdal Leige av kyrkjelydshuset: Kirsti Svangstu [email protected] Tlf:915 82 293 www.facebook.com/leikangerkyrkja www.kyrkja.no Kyrja sentralt sin nettstad www.kyrkja.no/bjorgvin Bjørgvin bispedømme sine heimesider www.leikanger.kommune.no/kyrkja Informasjon om Leikanger kyrkje, tilsette og gudstenesteliste http://www.sogndal.kyrkja.no Informasjon om kyrkja i Leikanger og Sogndal Leikanger kyrkjelydsblad organ for Leikanger sokneråd Redaktør: Egon Askvik Redaksjonsnemnd: Signe Eikenes og Kirsti Svangstu Kasserar for bladet: Reidar Tjønn Layout: Elianne Eggum Trykk Husabø prenteverk Neste nummer kjem i september. Frist for innsendt stoff er 20. august. 2 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Ei tid for å dansa Har du sett sola dansa? Rart spørsmål synest du kanskje. For ho gjer jo ikkje det. Sola ho skin, strålar, varmar og gjer godt, men dansa gjer ho no ikkje. Eg har nok ikkje sett sola dansa, men no må eg innrømma at eg ikkje har sett så godt etter heller. Kanskje eg skal gjera det i påska? Det er nemleg då det blir påstått at sola gjer det. Ikkje kvar dag, men ein heilt bestemt. Fyrste påskedag om morgon då dansar sola. Det var i middelalderen dei oppdaga dette forunderlege fenomenet, og fleire stader i landet vårt har det vore tradisjon å dra til fjells grytidleg om morgonen 1.påskedag. Dei ville sjå sola stå opp. Dei ville oppleve henne dansa over fjelltoppane. Eg veit ikkje kva du tenkjer om dette fenomenet ? Kan vera dei tok litt sterkt i dei som påstod dette ? Eg er ikkje så sikker på om dei ville støtta teorien på meteorologisk institutt, eller kva den engasjerte astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard ville sagt. Men det får vera. Det er ikkje så nøye. Det er forklaringa eg synest er så flott. Kva det var som gjorde at ein meinte at sola dansa akkurat denne dagen. Og kva var det då? Jau, ho dansa i glede over at Jesus stod opp frå grava. Ho jubla over Jesus sin seier over døden. Ho kunne ikkje halde seg i ro i glede over morgonen som kom med lyset og livet, og som planta håp midt på vår jord. Så er det mogeleg dei tok litt sterkt i dei som meinte sola dansa, men det som hendte 1.påskedag er grunn god nok for både den eine og den andre til å bevega litt på seg. Påskeforteljinga inneheld sterke kontrastar. Her er sorg og glede, nederlag og sigrar, sjokk og trøyst, fortviling og håp. Slik kan vi òg oppleve livet. Dagane kan vera så ulike, men påska vil minne oss om at det finst ein soloppgang. Det finst ein kjærleik som er sterkare enn døden, og eit håp som står som fjellet fast. Det gjer ikkje livet enkelt. Han har så rett Forkynnaren i Gamle testamentet som seier at alt har si tid. ” Ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å syrgja og ei til å dansa” Men når tida for å dansa er der, så kan ein kanskje - saman med sola – våga seg frampå og ta nokre trinn. Den gode bodskapen 1. påskedag møter oss med, er i alle fall ein god grunn til å gjera det . Bård Haukedal er fungerande prost i det nye prostiet: Sogn prosti God påske ! Ei annleis påske Bjørg Sæter var på pilegrimsvandring i Spania og fortel her om møte med andre påsketradisjonar enn dei me er vane med. Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 3 Glade menneske tek imot prosesjonen med Maria 1. påskedag D et er palmesøndag kveld, mørkt og stappfullt av folk i gatene i den spanske byen Zafra. Vi ventar på prosesjonen. Folk er glade. Dei pratar og ler – og ventar. Ei dame prøver å forklare meg det meste om spansk påske i eit rivande tempo på spansk. Eg fangar nokre bitar eg forstår her og der og set det saman med dei bitane eg har fanga tidlegare. Eg held på å få eit bilete av Så går kyrkjedørene opp. Flåten med den lidande Jesus kjem til syne. Den er fleire hundre år gamal. Sakte – i fleire timar – skal den berast gjennom gatene. Flåten med den sørjande Maria føljer. Det er masse lys, brokadeklede med gulltrådar og baldakinar med duskar som ”dansar” når dei femti berarane gjer tinga sine rett. Folk klappar og jublar. Eg er på veg aleine til fots opp regner. Månader med førebuing er forgjeves. Langfredag ser vi vaksne menneske som gret av glede på TV fordi det slutta å regne og den store prosesjonen i Sevilla kunne gå som planlagt. Eg forstår at dette er alvor. Eg ser store prosesjonar og små prosesjonar. Natt til langfredag får eg og vere med i ein stille prosesjon sjølv, og er i seng klokka tre om natta. Flåtane med Maria og Jesus møtest på Plaza Major i Cáceres kva spansk påske er. Den er førebudd lenge. Folk har jobba i komitear, øvd i korps, trena på å bere, sydd klede, pussa messing og sølv, kjøpt inn lys og blomar og bygd opp flåtane som skal berast gjennom gatene. No har dei unge kome heim frå studiestadene og familiane samlas. 4 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 gjennom Spania frå Cadiz ved havet i sør til havet oppe i nordvest. Det skal ta meg to månader. Dermed får eg med meg påska ”på langs” – ei svært annleis påske enn eg er van med heime. Regnet kjem. Vi ser gråtande barn i kostymene sine på TV. Prosesjonane kan ikkje gå når det Maria held den døde Jesus. Blomar omgir dei på alle kantar. Eg er på messe i kyrkja i Valdesalor - ein bitte liten flekk av ein landsby på jorda. Det er påskeaftan og midnattsmesse. Kyrkja er påskepynta. I morgon skal dei bære sine to små flåtar gjennom byen. Tjue damer, ein mann (dei andre spelar kort på baren), ein gut, fem pilegrimar og presten går ut av kyrkja og tenner det store påskelyset frå fatet med eld utanfor døra. Så inn, og alle tenner sine små lys frå det store. Det er akkurat som heime! Langfredag. Her var det 60 personar som bar flåten. Dei les tekstane for denne spesielle kvelden - akkurat dei same tekstane som heime. Eg kjenner at eg høyrer til i ein verdsvid kristen fellesskap. Ein liten flekk på jorda - små flekkar over heile jorda - akkurat det same - akkurat denne spesielle kvelden. "Eg er lyset for verda." "Kristus er oppstaden." "Ja, han er sannelig oppstaden!" - Over heile verda akkurat no - også i Valdesalor... Påskemorgon. Bekmørkt. Eg er grytidleg på vegen etter ei natt på ei treningsmatte i garderobeanlegget på idrettsplassen i Valdesalor. Vil så gjerne nå påskedagsprosesjonen i Cáceres. Det er bitande kaldt, men sakte, sakte kjem lyset og varmen – og sola – ei skikkeleg påskesol! Eg når fram i tide. På Plaza Major i Cáceres sig det på med folk. Det må vere fleire tusen etter kvart. Vi ventar. Så høyrer vi musikkorpsa og ser flåten med Maria kome inn på plassen. Ho er kledd i kvit kjole, fargen for glede. Frå motsett side kjem flåten med den oppstadne Jesus. Også han er kledd i kvitt. Midt på plassen møtest dei. Folk er heilt stille. Så bøyer Maria seg for sonen sin! Hundrevis av ballongar går til vers mot ein knallblå himmel. Folk jublar og klappar. Musikkorpsa spelar opp ein glad melodi og så ”dansar” flåtane med Maria og Jesus på Plaza Major i Cáceres, og fleire tusen menneske nynnar og svingar med! Noko slikt har vi ikkje i Norge… Barn er barn! Dei kjedar seg litt, rullar opp hettene og leikar med lysa. Så er eg på vegen att. Det er framleis første påskedag. I handa har eg Norsk salmebok. Den har eg bore på i tre veker for denne dagen. Eg går og går og syng og syng alle dei vakre, kjende, kjære påskesalmane våre. For noko slikt har dei ikkje i Spania… Langfredag. Maria kledd i svart og gull sørgjer over sonen sin. Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 5 Den januarkvelden me aldri gløymer M e hadde om Eg-perla i Kristuskransen. Den perla som fortel av me er verdfulle. Difor vart me noko overraska då gjesten denne kvelden opna med desse orda: ”Eg heiter Rita Kalstad og eg er ingen ting”. Frå då av hadde ho over 100 konfirmantar, og leiarar, sin fulle konsentrasjon. Her var dei samla frå frå Sogndal, Fjærland, Kaupanger, Norum og Leikanger. Ho fortalde korleis ho for fire år sidan på dramatisk vis so å seia mista livet to gonger. Ho vart fortald at ho aldri kunne gå meir. Men då dei sette inn rullestolen til henne for at ho skulle venna seg til synet, ba ho dei ta han ut. ”Eg skal aldri oppi den”, sa ho. Rita fortalde korleis ho hadde mista så mykje. Helsa si og jobben sin som ho var så glad i. Rita var diakon i Sogndal og var med i konfirmantarbeidet her i fleire år. For to år sida miste ho også mannen sin. Det vart det største tapet. ”Eg kjenner meg so svak og eg veit ikkje om eg greier sjå på meg sjølv som verdfull, sjølv om eg veit at eg er det”, sa Rita, som også hadde med seg dotter si, Maria, denne kvelden. Me sat likevel att med inntrykket av ein ”fightar” som nekta gje seg, sjølv om ho kjende både på tvil og avmakt og var sint på Gud. Ei av konfirmantane sette ord på det. Framfor heile forsamlinga reiste ho seg og sa ”Du må ikkje seia at du ikkje er noko. For du er noko her i kveld. Med det du har fortald”. Maria hadde også ordet og minna mor si på kor betydningsfull ho var for familien, henne og barnebarnet ho hadde fått. Rita uttrykte stor takksemnd til konfirmantane for den respektfulle og lyttande måten dei hadde møtt henne på. ”Eg må innrømma at eg kvidde meg voldsomt til å møta dåke, men det var heilt unødvendig” smilte ho. Rita var likevel tvilande til i kor stor grad ho ville orka å gjera dette framfor andre forsamlingar. Det var krevjande. For oss som var der, var det som å ha fått ei stor gåve. Det sette i gong så mange tankar og refleksjonar om kva livet er og om kva me er verd når me ikkje kan vera ”nyttige”. Mange hadde spørsmål og ville snakka vidare med Rita etter foredraget. 6 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Tekst/foto: Egon Askvik Frå konfirmanttur i Sogndalsdalen. Kva farge har Gud? Maleskrinet må fram på kyrkjelydshytta Konfirmantnatt i Sognahallen. Dårleg vèr la ingen dempar på turen Pugging Det var fotballcup gjennom natta. Her er laget med heiagjeng. Olaug og Vikeke frå 10.klasse var med som hjelpeleiarar gjennom natta. På konfirmantkvelden i februar skulle dei ti boda lærast utenat. Ingrid Fredheim prøver seg, medan Aleksander Langeteig ser litt skeptisk ut. Til saman 200 konfirmantar var saman i Sognahallen natta mellom 8. og 9.mars. Her var det eit variert og spennande program gjennom heile natta. Dei som var med frå Leikanger gav uttrykk for at dei koste seg. Munnleg eksamen, men sokneprest Kjell Sæter som sensor. Dette ser ut til å gå bra! Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 7 T Gud gir – vi deler Om trusopplæringa i Leikanger rusopplæringa i Leikanger jobbar mot eit mål: At barn og unge, gjennom å dele tru og undring, skal lære å kjenne den treeinige Gud og vekse i trua på Han. At barn og unge kjenner seg heime i kyrkjelyden, og erfarer eit raust og godt fellesskap der. Vi ynskjer å bidra til at foreldre ser seg sjølv som viktige medarbeidarar i trusopplæringa, og å leggje til rette for eit godt samarbeid med dei. I kyrkjelyden fins det allereide godt innarbeidde tiltak som dreg oss mot dette målet: Dåpssamtalar, Babysong (0-1 år), Borna sin påskefest med utdeling av bøker til 6 åringar, Hausttakkefest med utdeling av bøker til 4 åringar, Lys vaken med Bibelutdeling (11 år) og konfirmasjons-opplæring (14-15 år). Av nye tiltak, pr.idag, har vi eigne samlingar for 4 og 6 åringar i samband med utdeling av bøker. I tillegg får 6 åringane invitasjon til Skulestartmarkering, dagen før 1.skuledag. Spennande fellestiltak med andre sokn er òg i gong; Tårnagenthelg (9 år) i Stedje kyrkje, og PANGSTART-LEIR (11 -13 år), i veka før skulestart, på Lyngmo. 8 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Kyrkja har alltid drive trusopplæringsarbeid, og det fekk fornya fokus då Leikanger sokn fekk trusopplæringsmidlar, saman med sokna i Sogndal i 2010. Dette var i tråd med trusopplæringsreforma som stortinget vedtok i 2004, og som hadde som mål å gje alle barn og unge mellom 0-18 år ei systematisk og samanhengande trusopplæring. Trusopplæring er å forstå synonymt med dåpsopplæring, og skal leggje til rette for at barn og unge kan utrustast til å leve i dåpen og si kristne tru. Ein føresetnad for midlane ein fekk var at det skulle utarbeidast ein lokal plan for Leikanger sokn. Planen fekk form og innhald gjennom aktiv utprøving av tiltak. I utgangen av 2012 vart han sendt inn til biskop Halvor Nordhaug. Der vart han godkjend, og biskopen omtalte planen som svært god. Ynskjer du å vite meir om desse tiltaka og planen for Leikanger sokn? Har du lyst å vere med som frivillig medarbeidar i dette viktige arbeidet? Ta kontakt med Egon Askvik (sokneprest; 90763554) eller Guri Høstaker Nordheim (trusopplærar; 466 37 889). Vi ser fram til å snakke med deg! Guri H. Nordheim D et er alltid spennande om årets 11 åringar vil vere med på ”Lys vaken” i kyrkja. Det ville dei! 25 elleveåringar var klare, og det heile starta i kyrkja med ei fellessamling før vi gjekk på dei ulike stasjonane. Det var fire svært ulike stasjonar; ein i tårnet der vi studerte inskripsjonar og laga ”tårnmusikk” med klokkene. Ein stasjon var i prestegarden, der dei møtte ein bibelsk person. Her møtte dei ”Peter”, som fortalde om det han hadde opplevd saman med Jesus. På ein stasjon skulle dei leite etter ord i ei mørklagt kyrkje. Det hjalp å bruke lommelykt og refleksar, og orda vart til saman eit bibelvers. Den siste stasjonen var i Kyrkjelydshuset der dei skulle lære bøna” Vår Far”, gjennom ulike oppgåver. Så var det tid for pizza i kyrkjelydshuset, og vidare jobbing i grupper. No var det gudstenesta neste dag som skulle førebuast og alle elleveåringane var i sving med ulike oppgåver til seint på kveld. Etter dette tok vi alle kvelden- heime, før vi møtte kvarandre att til frukost, søndagmorgon. Nokre av elleveåringane skulle vidare på handball-turnering i Aurland, medan resten av gjengen gjorde seg klar til gudsteneste. Dei hadde fått utdelt ulike ansvarsoppgåver som dei meistra på ein svært god måte. Det vart ei fin gudsteneste, der det òg vart markert at alle elleveåringane no var heldige eigarar av sin eigen Bibel. Takk for laget, elleveåringar! Takk for innsatsen konfirmantar, ungdomsleiarar og vaksne leiarar, som gjorde ein kjempejobb denne helga! Guri H. Nordheim Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 9 Jonsok i kyrkja J onsokafta fell dette året på ein sundag. Me vil difor markera dagen i kyrkja med ei ettermiddaggudsteneste kl.16. Det vert ei skikkeleg sommargudsteneste der me pyntar med blomar og fyller kyrkja med song og musikk. Og etterpå er det bål ! Konfirmantane våren 2013 Konfirmasjonsdagen er pinsedag 19.mai Kl.11 Halvard Fossheim Ingrid Fredheim Olav Henjum Eirik Husabø Amanda Asphaug Husum Magdalena Røysum Langeteig Aleksander Langeteig Aurora Nes Beate Fondenes Vangsnes Kl.13 Kristin Molvær Tord Magnus Næss Sander Thorsnes Talle Hanna Vangsnes Torbjørn Hamre Tommy Bäckström Vikdal Gjermund Elias Yndesdal Hans Bulling Johansen STØTT Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013 Støtt Kirkens Nødhjelp og skap forandring. Saman med andre. For andre. For kvarandre. KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON SAMAN FORANDRE 17.-19. mars 2013 Send GAVE på sms til 2468 (200 kr) eller eller ring 820 44 088 (200 kr) eller benytt kontonummer 1594 22 87493 10 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Takk gode Gud for alle ting! Takk gode Gud for alle ting, først for bror Sol så lys og fin. Han vekker oss hvert morgengry og er ditt tegn for oss i sky. Halleluja, halleluja. Takk for alle dine under! D ette er første verset av salme 281 i Norsk Salmebok, ein av dei mange salmane Egil Hovland har tonesett. Egil Hovland gjekk bort 5.februar i år, over 90 år gamal. Med han er ein av dei største og mest allsidige komponistane det siste hundreåret borte. Hovland utdanna seg til organist og starta si gjerning i Glemmen kyrkje i Fredrikstad i 1949. På 50-talet studerte han komposisjon hjå dyktige komponistar i inn- og utland. Og resultata kom i form av orkesterverk, store vokalverk, kammermusikkverk, messer, kantater, motettar, kyrkjespel og orgelverk. Har du sunge i kor eller spelt i orkester er det stor sjanse for at du har framført ein eller fleire av Hovland sine komposisjonar. Som komponist utfordra Hovland vante reglar i musikken. Han ynskte å kome menneske i møte med musikken ved å gjere den enklare, meir venleg og kanskje også meir romantisk. På 70-talet utvikla han sin personlege stil. Tilbake til salmeboka. Hovland har med sine 51 melodiar flest ulike salmetonar i salmeboka, mens Lindemann sine melodiar er nytta til flest salmar (ein del salmar har same melodi). Egil Hovland har skrive musikk til alle samanhengar: frå dåp til gravferd, frå pasjon til høgtid. I siste del av salmeboka finn vi motettar til kyrkjeåret, og fleire av desse er skrivne av Hovland. Dette er tonesette bibeltekstar, og fleire av dei er inspirerte av gregoriansk song. Egil Hovland har samarbeidd med både norske og svenske diktarar. Ei av dei er svenske Britt G Hallquist. Vi finn fleire av hennar salmar i salmeboka vår, og den mest kjende av desse er Måne og sol på nr. 943. Denne tonen kom til gjennom ein draum Hovland hadde. I draumen stod han i studioet sitt der det hang bilde av dei kappekleddde borna i barnekoret hans i Glemmen kyrkje. Plutseleg «løsna» dei unge songarane som englar frå biletet: ”Jeg sto med et noteark i hånden, og var mest forundret over synet, forteller han. Etter hvert "landet" de små engelene som noter på arket, og der de falt ned, sto melodien til "Måne og sol" notert. Det var bare for meg å renskrive det.» PS: I juni feirar Vereide kyrkje sitt 900-års jubileum. Då framfører kyrkjekoret «Dette er dagen som Herren har gjort» frå Signingsmusikken (Nidarosdomen 1991). Tekst: Signe Eikenes Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 11 Norgesturne! The Alleluia Ringers The Alleluia Ringers of Concordia University Wisconsin, of Concordia University Wisconsin USA USA Dr. John Behnke, Director Dr. John Behnke, Director 21. maiNorway Nittedal Tour 2013 22. mai Sandefjord 24. mai Lillehammer 21. Mai Nittedal 26. mai Valldal 22. Sandefjord 27. Mai mai Leikanger 24. Lillehammer 29. Mai mai Markus Kirke, Oslo 26. Mai Valldal “Alleluia Ringers” frå Concordia University Wiscponsin, USA, vitjar Leikanger og har konsert i kyrkja 27. Mai Leikanger måndag 27.mai kl.1930. Markus Dei har29. voreMai på turné i Noreg to gonger føprKirke, (1995 ogOslo 2003) Orkester består av 14 studentar, dirigenten Dr. John Behnke og støtteapparat. Dei spelar handklokker, noko som er sjeldant å høyre hjå oss. Konserten er gratis, men det vert teke opp kollekt. Kyrkjelyden har teke på seg å skaffa dei privat overnatting. Kan du ta imot to eller fleire til overnatting måndag 27. – tysdag 28. mai? Gje melding til Diccon [email protected] 12 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Kyrkjeringane fyller førti K yrkjeringane hadde fellesmøte fyrste torsdag i advent. Det vert kalla adventsmøte. Ute var kvelden blåkald, men inne i Kyrkjelydshuset lunt, varmt og godt. Ettersom det i 2012 var 40 år sidan kyrkjeringane kom i gang, ville me markere dette, men på ein enkel måte. Nokre historiske sider leita me fram. Kanskje er det mange som ikkje veit så mykje om kyrkjeringane, og kva dei står for? Her er litt om oss: Frå 1965 – 1975 var Oddmund Hjermann presten vår. Hjermann hadde eit varmt ynskje om å få skipe til eit støttelag som kunne samle inn pengar til inventar og bruksting til kyrkja. På møtet i Leikanger sokneråd 21. oktober 1971, valde soknerådet ei nemnd som skulle prøve å få i gang kyrkjeringar. Desse vart med i nemnda: Eldbjørg Åm, Anne Lise Lie, Else Husabø og Oddmund Hjermann. Som me skjønar, var dette ei svært effektiv nemnd, for i januar 1972 var opplegget for kyrkjeringane klart. Tre ringar skulle det vere, ein i ytre-, ein i midtre- og ein i indrebygda. Møtedagen skulle vere andre måndag i månaden, og gå på omgang i heimane. Det skulle vere enkel servering slik at ingen såg vanske med å ha desse møta. Likeeins vart det bestemt at det skulle vere to fellesmøte i året, eit om våren og eit før jul. På fellesmøta skulle me ha utlodding, men på måndagsmøta samlar me inn pengar. Fellesmøte er det høgste organ. Her vert det løyvd pengar til ymse føremål etter ynskje frå soknerådet. I 40 år har det vore slik! Me i ringane har koselege møte både i heimane og i Kyrkjelydshuset. Kyrkjeringane har samla inn 532.517 kroner i desse 40 åra. Noko av det me har løyvd pengar til desse åra er: Lysekrone, messehaklar, piano, gåve til bårehus, benkeputer, preikestolteppe, flomlys m.m. I 2012 har me gjeve 80 000 kroner til lesepultklede og projektor – der me får tekstar, salmar og liturgi på veggen framme i kyrkja. Er det nokon som har lyst å vere med i kyrkjeringane, er de hjarteleg velkomne. Me treng fleire. Kom med strikkety, snakkety og pengepung! Helsing indre kyrkjering. Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 13 Helsing frå nyvald soknerådsleiar F yrst ei stor takk til Dagny Ugulsvik Alvik for arbeidet ho har gjort som leiar i Leikanger sokneråd i 2012. Eg har overteke leiarvervet etter Dagny. Eg er født og oppvaksen i Leikanger. Leikanger Kyrkje er ”mi” kyrkje, der dei 3 barna mine er døypte og konfirmerte og dei 2 barnebarna er døypte. Det siste året har eg hatt arbeidsplassen min i Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Eg vart valt inn i soknerådet hausten 2011. Sakene i 2012 var til dels krevjande, men og interessante , spesielt kan nemnast den nye liturgien som vart vedteken hausten 2012. Vi som er i soknerådet arbeidar godt saman og deler oppgåvene mellom oss. Dette gjer at ein som leiar opplever å har god støtte i dei andre. Eg håpar de vil ta kontakt med meg for eventuelle spørsmål eller med gode råd og innspel til oss som sit i soknerådet. Eg ynskjer alle ei god påske. helsing Anne Kristin Aarskog England Praksisstudentar i Leikanger kyrkjelyd I tida 12.mars-6.april skal teologistudentane Ingrid Øygard og Ingrid Synnevaag har praksis i Leikanger kyrkjelyd. Det betyr at dei skal vera med på gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre aktivitetar i kyrkjelyden. Du vil møta dei på babysong, tysdagstreff, konfirmanttime, kyrkjeringane og på sjukeheimen. Begge er 22 år går 6.semester på teologi på Menighetsfakulttet i Oslo. Ingrid Synnevåg (t.v.) er frå Stavanger og her har ho også jobba eitt år med born, ungdom og kor før ho starta på studiet. Ho synes det er litt skummelt å skulla verta prest, men at det kjennest veldig riktig. – Å forkynne Guds rike er en herlig tanke, seier ho Ingrid Øygard er frå Vatne på Sunnmøre, Ho synes det å vera på veg mot å bli prest er ein spanande prossess. Ho ser fram til å kunna sjå endå meir av kva Gud kan bruka henne til. Begge er oppvaksne i kyrkja og ser veldig fram til no å koma ut i praksis og møta folk. – Det kjennes litt på tide, seier dei. Biskopen bed oss om å ta vel imot studentane. 14 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 SOGN OG FJORDANE 250 ÅR I 2013 skal det feirast at fylket vårt er 250 år! Den 19.september 1763 vart Bergenhus Amt delt i to, og Joachim de Knagenhjelm vart fyrste amtmann i Nordre Bergenhus amt. Dei fyrste hundre år låg hovudsete på Kaupanger, og nokre av amtmennene føretrakk til og med å bu i Bergen. Men i 1861 vart amtmennene trufast buande på Leikanger – noko som ga grunnlaget for rolla Leikanger spelar i fylket i dag. Hovudmarkeringa av jubileet i Leikanger finn stad den 19.september i år. Dette vil bli ein flott dag med mange ulike typar arrangement og aktivitetar, og sjølv om programmet ikkje er spikra ennå, kan vi love noko for einkvar smak. Amtskontoret på Fylkesmannsgarden vil vere ferdig restaurert og vere open heile dagen, slik at folk kan få omvising i bygget. Elles vil det bli arrangert folketog, «torgdag» utanfor Saften og flotte arrangement i hallen vår både på dagtid og kveldstid. For ungdommar er det kanskje særleg ungdomskonserten på Verdas lengste eplekake. No skal Sogn og Fjordane feirast. Foto: Ørjan Talle kvelden som vil trekke. Hovudarrangementet til fylket i Leikangerhallen kl.14 kan vere vel verdt å få med seg for alle! Elles skjer det mykje i fylket i jubileumsåret. Forutan at Sogn og Fjordane teater og riksteateret set opp produksjonar med lokal tilknyting, vil det vere skrivekonkurranse for ungdom, musikkarrangement, kåring av årets gründer med meir. I tillegg er det ynskjeleg at alle i fylket som arrangerer noko som kan knytast opp til jubileumsåret registrerer dette på fylkeskommunen si side: www.sfj.no Då får fleire vite om kva som blir arrangert i denne regionen! Godt jubileumsår- og set av 19 september! Tekst: Anne Britt Lauvsnes Joachim de Knagenhielm Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 15 Frå kyrkjeverja LAUSE GRAVSTEINAR år det vårast vil få i gang eit prosjekt med sikring av gravsteinar. Då vil me gå over alle gravsteinane og sjekke tilstanden. Når me veit kor mange gravsteinar dette gjeld, vil me innhente pris frå firma som tek på seg slikt arbeid, og avtale når, korleis og til kva pris arbeidet skal bli gjort. Dei som har lause gravsteinar vil få tilsendt eit brev som seier kva det vil koste å få sikra steinen. Dei som ynskjer å gjere dette på eiga hand, vil få ein frist på når det skal vere gjort. N KYRKJA Mange har nok også sett at kyrkja er veldig målingssliten og treng sårt til kalking. Det er merker på veggen etter vatn som har kome frå taket. Det er løyvt midlar på kommunebudsjettet som skal gå til vedlikehald av kyrkja. Først vil ein gå opp med lift for å sjå på skadane på taket, og så vil ein etter det sjå kva dette vil koste og kor mykje det er høve til å få gjort i år. Førsteprioritet er å få reparert lekkasjeskaden, og så kjem måling og tjørebreiing av kyrkja som nummer to. Jorunn Merete Haukås-Eide kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Påske i Leikanger Skjærtorsdag Kl.19 Gudsteneste med nattverdmåltidet og fotvaskinga i sentrum. Joh.13,1-17 Predikant: Stud teol. Ingrid Synnevaag. Langfredag Kl.11 Gudsteneste med nattverd på Leikanger sjukeheim Kl.19 Pasjonsgudsteneste. Vandregudsteneste der me høyrer lidingssoga frå evangelisten Lukas 22,39-23,46 Påskedag (sommartid – hugs å stille klokka !) Kl.11 Høgtidsgudsteneste. Kristus er sanneleg oppstaden! Glede og jubel pregar gudstenesta. Stud.teol. Ingrid Synnevåg er liturg. Dåp. Takkoffer til Normisjon. Sundag 7.april Kl.11 Borna sin påskefest. Konfirmantane legg opp og leier denne gudstenesta saman med presten Egon Askvik og kyrkjelydspedagog Guri H. Norheim. 6-åringane særleg innbedne. Eige opplegg for dei også kl.1015. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet 16 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 Glede og sorg Vigde: 25.12.12 Døypte: 02.12.2012 25.12.2012 13.01.2013 27.01.2013 10.02.2013 Gravlagde: 21.12.2012 28.12.2012 04.01.2013 16.01.2013 18.01.2013 18.01.2013 25.01.2013 01.02.2013 22.02.2013 Henrik Røyseth og Irene Røneid Astrid Husum Håkon Røyseth Lilly Solbakken Isak Wold England Dennis Synnevåg Kåsa Anne Lise Lie Sara Øvrebø Thora Gjerland Knut Skjånes Brita Synneve Støyva Borgny Eithun Gunhild Fagerheim Olav Hamarsnes Sigrun Brekke f.1921 f.1926 f.1922 f.1928 f.1939 f.1917 f.1915 (bisetting) f.1922 f.1925 Dåp og vigsel juledag: Frå venstre: Egon, gudmor og fadder Inghild Røyseth, dåpsbarnet Håkon Røyseth, fadder Per Inge Seime, mor og brud Irene Røneid Røyseth, far og brudgom Henrik Røyseth, Fadder Else Marie Huuse og Fadder Øystein Røneid (foto: Gry Hilde Verlo) Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 17 Støtt våre Støtt våre støttespelarar støttespelarar, dei auto Leikanger Telefon 576 53 100 - dei støttar [email protected] oss! støttar oss! www.leikangerauto.no Tlf: 57 65 11 00 Aarskog Sognefjordvegen 130 Tlf 57 65 34 77 www.sognefrukt.no 6863 Leikanger Faks 57 65 40 05 [email protected] Fylkets største pakkeri av frukt Alt innan plantevern, gjødsel, kraftfôr, beskjeringsutstyr, tre og planter Opningstider: mån-fredag 1030-1800 laurdag 1030-1630 sundag 1200-1800 Tlf: 57 65 36 22 18 Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 bakeri og konditori AS Telefon 576 422 Tlf: 53 57 67 10 37 Tlf 57 82 97 00 www.ssf.no Tipping - RiksToTo 9-21 (20) Opningstider: mån, tys, tors og fredag 09-1630 onsdag 15-20 laurdag etter avtale Tlf: 57 65 35 70 ! a l v a t s g Oppsla uset ONGEN i kyrkjelydsh l og BABYS g ti torsda å fram er kvar 13 og held p 1r frå kl.1 dag 9.mai. henna g s r o o e t c r d me Pea r Sandra jelpara Det er ktiske medh n i ra ge gode p for babyson post: r e å t som s r. Sandra har r mob e lle g Leikan gningen.no e so holli@ 90 8 0 6 951 nytt TI tta eit S e r O p R p P o NYTT t ned t det ars var prosti er lag m m . 6 å r F gn ello Ytre So delt m prosti. ike sokna for d og Indre ul an og dei d, Nordhordl or Sunnfj n Sogn. er Sog ss heit na i o å j h k et også so e prosti Det ny omfattar no g Balestrand o og mune prosti Vik kom ne. u komm N GARDE E J K R Y K på AD PÅ DUGN ge dugnaden dag rs e l o r t Den å er i år n e d r a kyrkjeg il. 25.apr med ontakt Knut k e n r or Ta gje ansvarleg 2 938 f s 1 d a 1 n 5 g 9 du tlf Grinde nformasjon. r mei i REFF DAGST S Y T E SIST I VÅR og 2.april g a d s Ty il 16.apr tysdag 4 i -1 kl.1130 shuset. yd kyrkjel n! e Velkom PÅ EMENT ABONN DSBLADET LY gode KYRKJE ldig mange ve Me får eldingar på m e attend sbladet. yd kyrkjel iro i yttar g 00 n k l o f t 2 d om a inst kr. Me be det og gir m e. tt la dette b nement + stø er me n et for abo ir mykje og d g Mange for. e m a takks ? ÅR I ÅR men på 6 U D FYLLER særleg velko pril. u .a Då er d sta sundag 7 ne gudste bok. du Då får l.11, yrjar k reldre b a t s e fo n Gudste 015 er du og ng. Og li .1 men kl n til 6-årssam på skulen e r m sta ta ar i velko u skal d kk r ø f skulese d dagen e m t me samlas kyrkja. Frivillig kontigent/gåve Minner om kontonummer for fast gjevarteneste. Konto til kyrkjelydshuset er: 3781.07.30189 Konto til Leikanger kyrkjelyd er: 3705.17.74427 ÅR IFEST I ar vedteke å A M 7 IKKJE 1 r sokneråd h st i kyrkjefe ge Leikan a til 17-maip i k . s t før ikkje e åre et dett er i år dagen s u h s d ly gen . lovsda Grunn konfirmasjon g pinse o Konto til Leikanger kyrkjelydsblad er: 3781.07.30316 Takk til dei som er faste givarar. Me treng fleire. Ta kontakt med banken og bed om eit månadleg trekk frå privat konto til kyrkjelyden sin konto 3705.1774427. Leikanger kyrkjelydsblad nr 1 2013 19 Kyrkjekalender mars-august 2013 Mars Sundag 17. mars Maria bodskapsdag Luk.1,39-45 Kl.19.00 Marimesse. Ung messe med konfirmantane, stud.teol. Ingrid Øygard og sokneprest Egon Askvik. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Etter gudstenesta vert det enkel kyrkjekaffi Skjærtorsdag 28.mars Joh.13,1-17 kl.19.00 Kveldsgudsteneste. Stud.teol. Ingrid Synnevåg og sokneprest Egon Askvik. Langfredag 29.mars Luk.22,39-23,46 kl.19.00 Pasjonsgudsteneste. Vandregudsteneste. Påskedag 31.mars Joh.20,1-10 Kl.11.00 Høgtidsgudsteneste. Stud.teol. Ingrid Synnevåg og sokneprest Egon Askvik. Takkoffer til Normisjon. Dåp. April Sundag 7. april 2. s. i påsketida Joh.20,24-31 kl.11.00 Borna sin påskefest. Konfirmantane leier gudstenesta. Kyrkjelydspedagog Guri H Nordheim og sokneprest Egon Askvik. 6-åringane får bok. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi/saft Det vert også ei samling for 6-åringane/foreldra kl.1015. Sundag 21.april 4. s. i påsketida kl.19.00 Keltisk songkveld. Mai Sundag 5.mai 6. s. i påsketida Matt.6,7-13 Kl.11.00 Gudsteneste. Fung. prost Bård Haukedal. Takkoffer til Kirkens Bymisjon, Bergen Fredag 17.mai Grunnlovsdag Luk.17,11-19 kl.10.15 Festgudsteneste. Takkoffer til Sjømannskirken - Norsk kyrkje i utlandet. Sundag 19.mai Pinsedag Joh.14,23-29 kl.11.00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet kl.13.00 Konfirmasjon. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet Juni Sundag 2.juni 2.sundag i treeiningstida Joh.3,1-13 kl.11.00 Gudsteneste. Takkoffer til Redd Barna. Sundag 23.juni Jonsokafta Joh.1,1-8 kl.16.00 (merk tida) Blomstergudsteneste i kyrkja. Song- og musikkinnslag. Takkoffer til Barneheim Melås i SørAfrika. Juli/August Sundag 7.juli kl.11.00 Gudsteneste. Takkoffer til foreningen LEVE, etterlatte etter selvmord Sundag 21.juli kl.11.00 Gudsteneste. Takkoffer til Kirkens bymisjon Bergen Sundag 4.august kl.11.00 Gudsteneste Sjå oppdaterte gudstenestelister på http://www.leikanger.kommune.no/kyrkjekalender.4850977-172067.html
© Copyright 2024