Les meir.. - Kyrkja i Sogndal og Leikanger

Nr. 4 I desember 2012 I 40. årgang
God Jul!
Utgjeve av Sogndal og
Leikanger Kyrkjelege
fellesråd
Redaktør: Magny Ugulsvik Bukholm
Kasserar: Arne Flatland
Bankgiro: 3720 30 15063
Postgiro: 0806 341 1915
Postadresse:
Sogndal kyrkjelydsblad,
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal.
Besøksadresse:
Kyrkjekontoret
Stedjetunet, 2. etasje
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
Telefon kyrkjekontoret:
57 67 99 85,
e-post: [email protected]
Heimeside:
www.sogndal.kyrkja.no
Grafisk:
skrivargarden.no
Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle
heimane i Sogndal kommune. Det
er også mogleg å tinga bladet
for dei som bur utanfor kommunen.
Neste blad kjem ut til påske.
Stoff kan sendast til
[email protected]
innan 18. februar 2013.
Indre sogn, beredskapsteneste:
Ved akutte behov kveld/natt og
helg kan prest nåast på telefon
95 48 33 74.
Bladpengar: kr. 200,- pr. år,
kr. 300,– for abonnentar.
2
nr. 4-12
Frå samling i Jordal - Livets skattekiste. Ester hadde funne gamle leikar som var veldig
populære.
Leiar:
Snart jul…!
Julehøgtida nærmar seg og me skal
på nytt få høyra bodskapen om at
Gud vart menneske gjennom son sin,
Jesus Kristus. Juleevangeliet fortel
oss at Han kom som eit menneske.
Gud vart ein av oss, født som eit barn.
Du sit med eit nytt nummer av
kyrkjelydsbladet. Her får du oversikt
over gudstenester, konsertar og
andre arrangement som du kan
delta på. Kyrkjelydsbladet skal også
gje deg som lesar eit innblikk i det
som har skjedd i sokna våre. Livets
skattekiste er eit spennande tiltak
innanfor trusopplæringa, der vaksne
deler av si tid og si trushistorie med
dei yngre. Denne gongen kan me lese
om samlinga i Fjærland.
Me håpar at bladet kan inspirere
deg og gje deg ord til ettertanke. I
andakten blir me oppfordra til å gje
kvarandre kjærleg merksemd og
venleg omtanke denne jula. Det er
diakoni i praksis, som me kan lese
meir om i diakonihjørna.
I haust vart det arrangert kurs i
Gudsrikeleiken. Dei som deltok på
kurset fortel at dei fekk inspirasjon
til å formidle bibelforteljingane på ein
ny måte.
I tillegg til å dele av si tid og sitt
engasjement er det óg mange som
deler av sine midlar. I Fjærland samla
kyrkjelyden inn over kr.100.000 til nytt
elektrisk ringeanlegg. I Sogndal har
mange teke utfordringa på å gje ein
meter med teppe til Stedje kyrkje,
og om lag kr. 50.000 er gitt i gåver til
dette. Og medlemane i kyrkjeringen
gir både omtanke, tid og pengar til
kyrkja. Heilt fantastisk! Og det aller
beste som kjem ut av dette er kanskje
at endå fleire får eit eigarforhold til
kyrkja si.
Då vil redaksjonen få ynskje alle
lesarane ei riktig god julehøgtid og
eit godt nytt år!
Magny Ugulsvik Bukholm
REDAKTØR
Illustrasjonsfoto frå Morguefile.
Foto på framsida:
Frå Sprell levande gudsteneste i Stedje 11. november. Barnegospelen.
Illustrasjonsfoto frå Morguefile.
Sogndalkyrkjelydsblad
Helsing frå kyrkjeverja
første dagen i desember. Prestane har det travelt med å førebu
alle gudstenestene i jule- og nyttårshelga.
Når det er mykje som skjer, håpar
me sjølvsagt på at mange vil delta.
Alle er de hjarteleg velkomne til
kyrkje!
du eit smil til eit anna menneske
du møter - gir du dei ei gåve. Kanskje får du ogso same gåva att?
Då lysnar kvardagen lite grann, og
nettopp du blir eit lys.
Jesus er lyset for verda, han vil
ogso vere ditt lys. Lar du det få
skine?
God jul og godt nytt år!
No er snøen komen og vinteren
bankar på. Sjølv om det er mørkt
ute går me ei lys-tid i møte. Tenk
på advent og adventsstake, lysmesse og alle konfirmantane med
levande lys i kyrkja, juletrelys og
kanskje stjerneklåre netter. Eg
er av dei som er storforbrukar
av stearinlys på denne tida av
året. Dei gir eit så varmt og lunt
lys, samtidig som dei er med på å
skape ein god stemning i rommet.
I tillegg minnar dei oss om at Jesus skal koma, han som er lyset
for verda.
Lys i adventstida
Levande lys er mykje brukt i advents- og juletida. Ogso på kyrkjegarden vert det kveikt mykje lys
no. Dette er ofte eit flott syn å sjå
når ein kjem til kyrkje på kveldstid. Me må likevel minne om brannfaren ved bruk av open eld. Me
anbefalar at de helst nyttar gravlykter eller gravlys på gravene.
Nokre stader set dei ut opne
fakkelboksar, og dei er me meir
skeptiske til. Dei gir oftare ein
større flamme, og er heller ikkje
sikra med hette over flammen.
Dei kan velte eller fare med vinden og setje fyr andre stader. Me
ber dykk difor vise varsemd ved
bruk av levande lys, og unngå å
bruke faklar på gravene.
Mykje skjer i kyrkja i tida framover
Desember er ei travel tid for oss
som arbeider i kyrkja. Det er den
nok for alle andre ogso, for den
del. Ikkje berre skal det vere reint
i kvar ein krok, men alle julegåver
skal vere ordna og alle julekort
skrivne.
I kyrkja er det mange tradisjonar
knytt til denne tida. Lysmesser
og julekonsertar, og for ikkje å
gløyme høgtidsgudstenestene i
sjølve juleveka. Mange skal ta del,
særleg på dei lokale julekonsertane, og mange øver flittig i desse
dagar. Det er alltid flott å sjå og
høyre kva våre lokale heltar klarar
å framføre kvart år. Konfirmantane har det ogso ekstra travelt.
Dei skal førebu lysmessa, og skal
samlast til konfirmantdag den
God jul og godt nytt år
Til slutt har eg lyst å ynskje dykk
alle ei god jul og eit godt nytt år!
Samtidig vil eg og takke for alle
gode opplevingar saman med
dykk i året som har gått.
Kyrkja treng dykk, og eg trur
mange treng kyrkja. Lat oss difor
vere frimodige i mørketida og vere
eit lys for kvarandre. Alle treng
me nokon, og alle er det bruk for.
Alle kan me vere noko for andre.
Ikkje alle trur det om seg sjølv,
men eg er overbevist om at inni
oss alle fins det noko som kan
hjelpe og bety noko for både oss
sjølve og andre. Nokon treng meir
hjelp enn andre til å finne dette,
men det er der.
Smil til verden og verden smiler til
deg, heiter det. Men det er vel ikkje alltid det kjennest slik. Men gir
Jorunn Merete
Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger
Ny kyrkjetenar i
Norum sokn
Etter ei tid med vikarar har me
endeleg fått på plass ein fast
kyrkjetenar i Norum sokn. Me
vil difor ynskje Nils Einar Berget
velkomen som ny medarbeidar i
kyrkja. Nils Einar byrja i stillinga 5.
juni i år, og har forsøkt seg på både
gudstenester, vigsler og gravferder
på denne tida. Nils Einar er busett
i Sogndal men kjem opphavleg frå
Møre. Han er gift og har eitt barn
på 2 år. Stillinga som kyrkjetenar
løyser han ved sida av at han tek
mastergrad i kristendom, ved NLA
i Bergen. Me håpar Nils Einar vil
trivast i jobben!
Kyrkjeskyss i Norane
Dei som ynskjer å ta del i
gudstenester i Norane og manglar
skyss, kan ta kontakt med Sveinung
Brusegard, tlf. 41530855.
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-12
3
Eldredagen
FN`s eldredag, 1. oktober er
felles for heile verda. I Sogndal
kommune vart dagen markert søndag 30. september, på
Sogndal Omsorgssenter. Dette
er det 22. året at dagen vert
feira. Arrangementet vart delt
mellom Sogndal Eldreråd, Lions
Club Sogndal og Sogndal Frivilligsentral. Leiar i Sogndal Eldreråd, Arne Bjelde, ønskte oss
velkommen og leia oss gjennom
programmet saman med leiar i
Sogndal Lions, Einar Skeie.
Soneleiaren i Lions, Ulf Menes,
fortalte oss litt om Lions sitt
arbeid. Ulf har vore i Afrika i
år, i Obia i Uganda, der han var
med å opne Sogndalsbrønnen,
noko han er svært stolt av. Det
er stor mangel på reint drikkevatn mange stader i Afrika. Han
viste oss lysbilete og fortalde om
turen. Me fekk og sjå lysbilete
frå slummen i Kampala, og frå
ein augeklinikk som er finansiert
av Lions.
Elles var ordføraren, Jarle
Aarvoll, på besøk og sa nokre
ord. Karen Dalaker frå Pensjonistlaget las ein gamal historie
om ein gut som skulle pugge
eit stykke frå Katekisma til ein
skuledag. Men - dessverre –
han hadde gløymt 3 viktige ord
i katekismeleksa si, og det var
sjølvsagt ikkje veldig populært
hjå læraren. Dei som var til
stades fekk jo høyra korleis det
gjekk.
Einar Skeie las nokre korte
”stubbar” frå Hardanger. Litt allsong vart det òg, av gamle kjære
songar. Sverre Volle piano. Og
innimellom alt dette fekk me
servert kaffi og nydeleg bløtkake. Ja, dei som var til stades såg
ut til å storkosa seg og ”let vel”
over arrangementet. Tusen takk
for ei kjekke stund.
Kirsten Anny Amledal
4
nr. 4-12
Sogndalkyrkjelydsblad
Diakonihjørna:
Praksis
Diakoni i praksis kan vere svært mange ting.
Diakoni kan bli uttrykt i ein kyrkjelyd på veldig
varierte måtar, og her i “hjørnet “ vil eg denne
gong trekkje fram “Kyrkjeringen” i Stedje.
I andre kyrkjelydar er det tilsvarande “ringar”
der menneske gjennom praksis ynskjer å
hjelpe til i kyrkjelyden sitt arbeid på ulike vis.
Fire - fem gonger i løpet av eit år er det nokre ivrige menneske,
til no berre kvinner, som kjem saman i Stedje sokn, fortrinnsvis
for å samle inn pengar, slik at kyrkjelyden kan kjøpe dåpsklutar
til dåpsbarna i Stedje. Dei har også samla inn nok pengar til at
kyrkja og kapellet i Stedje har teke i bruk tenlege bord. Borda er
lette og enkle å slå opp og ned, så det er greitt for dei fleste av oss
å flytta på dei mellom kapellet og kyrkja.
Eg har vore med på samlingane deira eit par gonger, og høyrer ut
frå det dei diskuterer, at dei bryr seg om kyrkja!
Det vert diskutert kva som føregår i kyrkja i dei ulike
aldersgruppene, om kyrkja treng oppussing eller grundig vask,
eller er det andre ting som trengst gjerast kan hende?
I botn ligg det altså ein kjærleik til kyrkja og til det som føregår
der - og det som er flott er at dei ser at dei kan bidra inn i
fellesskapen på ein måte som er konkret og direkte.
Kyrkja er i følgje Paulus som ein kropp med mange lemmer, og
alle lemmene er det bruk for!
Som du skjønar, diakoni skal ikkje vere ord åleine, men handling diakoni er evangeliet i handling!
Det kan vere uheldig å trekkje fram noko spesielt fordi det kan
setje anna i skyggen, men det er sjølvsagt ikkje meininga.
Men av og til treng vi konkrete eksempel eller “knaggar” for å
oppdage kva til dømes diakoni kan handle om.
Viss du er av dei som har lyst å vere med i kyrkjeleg arbeid på
ein direkte og konkret måte, er ein kyrkjering eit fint og godt
alternativ.
Om ikkje dette passar deg, men du har lyst å vere med i det
kyrkjelege arbeidet på ein praktisk måte, må du gjerne ta kontakt.
Stedje kyrkjering skal ha
samlingar desse datoane neste år:
14/2, 11/4, 26/9 og 14/11.
Soknediakon Gitte Th. Torstad
Folkemusikk, i heilage rom
Laurdag, 1. september 2012, var
det stavkyrkjekonsert i Kaupanger
Stavkyrkje, arrangert av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane. Gyda Grøndalen Hoffmann
og Ole og Knut Aastad Bråten,
alle brødrene frå Valdres, presenterte folkemusikk, med spor frå
alle tider, slik den har utvikla seg
gjennom hundrevis av år.
Repertoaret var vidt, frå skjemteviser og riddarballadar til eldre og
nyare religiøse sangar. Alt akkompagnert av langeleik, lyre eller
kantele. Alle tre har sitt daglege
virke innanfor kultur, sang og
musikk.
- Stabat Mater Dolorosa, frå 1200-talet. Teksten formidlar smerta og sorga til Jomfru Maria etter at Jesus vart korsfesta.
- Smedalslåtten. Klokkelåt frå Valdres. Historia bak er at då
den gamle stavkyrkja på Filefjell vart riven i 1808, vart kyrkjeklokkene frakta ned til soknekyrkja i Øye. Men på vegen ned frå fjellet mista dei den eine klokka i
Smedalsvatnet, der den sokk i vatnet. Kvar gang det vart kalla inn til messe i Øye kyrkje, kunne ein høyre ein sorgfull klokkeklang frå
systerklokka i Smedalsvatnet.
- Ridder feller jomfruens syv brødre. Ballade skriven på 1500-talet i Danmark av
Anders Sørensen Vedal.
- Næmingen (læregut), ned teikna i 1848 av Ludvig M. Lindemann.
- Ramundvise. Visa handlar om Ramund, ein modig mann, som i likskap med
Næmingen ynskjer å gjera mykje godt, men med meir eller mindre harde metodar.
- Kappseglingsvise, eller ”Hellige Oluf og Troldene”, handlar om Heilag Olav, som frå båten sin ”Oksen”, møter trolla i havet utanfor
Hornelen.
- Herre Gud, ditt dyre navn og æra, salme etter presten og diktaren Petter Dass, skrive i 1698.
- Jesus din søte forening at smake. Religiøs folketone.
Dei avslutta konserten med,
- Jerusalem, Guds
helgestad. Teksten er
henta frå ”Hjemlandstonar” eller Sions Frydesange på veien til den nye Jerusalem.
Ja det var eit vidtspennande repertoar, og veldig flott å høyre på.
Tusen takk.
Kirsten Anny Amledal
Tekst
Den fagraste songen
Den fagraste songen som lyder på jord
er songen om Jesus, vår Frelsar, vår bror.
Den klåraste tonen skal lyde for han
som livet for evig, for alle, oss vann.
Eg elskar deg Jesus, eg elskar ditt namn.
Og Ordet oss fører til himmelens hamn.
For visst kan vi vita at Ordet frå Deg
er sanninga, livet, og lys på vår veg.
Ein dag vil vår livsferd ta slutt her på jord.
Då samlast dei frelste ved Faderens bord.
Ein kjempestor skare som hyller vår Gud.
Ein endelaus skare - Frelsarens brud.
Den fagraste songen vi song her på jord,
Vil klårare tona i himmelens hær.
I glede og takksemd til Gud, vår Far,
Og Jesus, vår Frelsar, som syndene bar.
Ja, glad kan eg kvila hos Jesus ein gong
og syngja for Herren min takkesong.
Då jublar eg ut: Eg er frelst, eg er fri!
Eg lever med Jesus til æveleg tid.
Ingeborg Eggum Mundal
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-12
5
- OG EG ER MED!
Skulehuset i Jordal.
Formingsaktivitet - laga bokrull.
Livets skattekiste i Fjærland
Laurdag 13. oktober var borna
frå 11-13 år inviterte til samling
kring Livets skattekiste i Fjærland. Sidan dette var siste helga
i haustferien, var det ein del
av borna som ikkje kunne vera
med. Ungane vart plukka opp på
ferjekaien og bilte til Jordal. Der
hadde Ester og Leif Arne Nordheim ordna til i den gamle skulestova. Ester fortalde om skulen,
der ho hadde vore skulejente. Eit
par salmar vart sunge, til tonar
frå eit gamalt og stilig trøorgel,
som var plassert der. Det var
Leif Arne som var spelemann.
Ester fortalde så om då Jesus
som 12 åring vart verande att i
tempelet, og foreldra måtte til å
leita etter han. Den gong var det
Jesus sa litt skuffa til foreldra:
Visste de ikkje at eg var i huset til
Far min.
Brita, Thomas og Grete.
6
nr. 4-12
Så fekk ungane i oppgåve å laga
kvar sin bokrull. Ester hadde fått
skrive songen, Heveinu shalom
aleichem, på store ark, og denne
Sogndalkyrkjelydsblad
skulle kvar unge laga bokrull
av. Arbeidet gjekk unna med liv
og lyst. I eit skåp stod det gamle
modellar som var brukt i fysikktimane på skulen. Desse fekk
ungane studera på, men ikkje
røra.
Etter arbeidstimen vart det
servert pølser og brød. Trusopplærar, Guri, var kokke og hadde
med yngste guten sin, som gjekk
fint i lag med Fjærlandsungane.
Så var det klart for friminutt og
leikar på skuleplassen. Ester var
leiksjef. Der fekk alle høve til å
spretta pinn og slå keil.
Geir Martin prøver trøorgelet.
Samlinga i Jordal vart avslutta
med ein ispinne til alle, både
liten og stor.
Den opphavlege planen var at det
skulle brukast båt frå Jordal og
inn til kyrkja, slik som i gamledagar. Ein del vind på fjorden
gjorde at det vart nytta bil i
staden.
I kyrkja vart det fortalt om bilete
som er der og om motivet på
altertavla. Motivet er Emmaus
vandrarane og Nils fortalde den
historia til dei lydhøyre ungane.
Knut spela til salmane, og ungane fekk høyra den gamle klokkarbøna og var med å be Herrens bøn i den nye oversetjinga..
Namna på dei som var med:
Geir Martin, Grethe, Brita,
Thomas, Mikal, Ester, Leif Arne,
Åge, Knut, Nils og Guri.
Foto: Egon Askvik.
Bak frå v.: Elisabeth Nornes, sokneprest Egon Askvik med dåpsbarnet Kasper Bondevik
Nornes, Celina Fredriksen Fimreite og Stine Gustavsen Fimreite.
Framme frå v.: Sigurd Løkø Ylvisåker, Nicolai Robøle og Theo Ruud Westgård.
Dåp og 4-åringar i Norum
Ettermeldingar er at ungane
hadde hatt det øye kjekt.
Nils Skeide
Tekst og foto
Sprell levande
gudsteneste i Stedje kyrkje
11.11.12. med utdeling av bok
til 4-åringane.
Foto: M. U. Bukholm.
Foto: Egon Askvik.
Foto: M. U. Bukholm.
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-12
7
Gudsrikeleiken
Dagane 22.-24. oktober var det kurs på Stedjetunet og kyrkjelydsbladet fekk snakka litt med ein
av kurshaldarane, Rune Øystese.
parten av læringa ved at me opplever
forteljinga saman, og så snakkar me
om kva som skjer i gruppa når me
fortel på denne måten. Når me spør
undringsspørsmåla på den måten
som me gjer, og kva kan me lære av
dette.
Kva er det som skjer på Stedjetunet
desse dagane?
Desse dagane har me kurs i det som
blir kalla Gudsrikeleiken. Dette er
ein metode å fortelje bibelforteljingane på. Me har også liturgiske
forteljingar, som er kyrkja sine
forteljingar. Dette blir fortalt på ein
måte som er ganske annleis enn
me er vant til. Forteljingsmåten er
prega av langsemd, stille og undring. Me bruker 3 dagar på å lære
denne måten å fortelje på ved hjelp
av materiell. Kvar forteljing har sitt
materiell.
Det er populære kurs forstår eg!
Dei aller fleste som har vore på kurs
uttrykkjer at dei er begeistra. Dei
lærer noko dei kan bruke vidare. Og
nokre seier at det forandrar tenesta
deira heilt.
Det er maks 12 på kvart kurs. Det er
for at alle skal få lov til å fortelja si
forteljing. Og vi har 15 forteljingar i
løpet av kurset. Kurshaldarane fortel
3 eksempelforteljingar. Me har 3
typar forteljingar; heilage forteljingar frå Gamle testamentet – Abraham, skapinga, Noah, Moses. I dag
har me likningane som er ein eigen
sjanger. I morgon skal me fortelje
dei liturgiske forteljingane der me
presenterer kyrkja sin liturgi gjennom forteljingar slik at me får eit
møte med dei, kva dei gjer med oss,
kva dei betyr for oss. Me presenterer
liturgien som kyrkja si forteljing.
Du kjem frå NLA?
Kurset er arrangert frå NLA. Det er
dei som administrerer desse kursa.
Kurset kjem opphavleg frå Italia, og
det er Montessori pedagogikk. Det
blei utvikla ein metode i Italia som
blei kalla “Den gode hyrdekatekese”.
Så var det ein amerikanar som heiter
Jerome Berryman, som tok det med
til USA og kalla det “Godly Play”. Og
det er det me har teke til Noreg, og
kalla “Gudsrikeleiken”.
Er det eit opplegg som du må velje å
bruke over ein periode?
Det slit me litt med i norsk samanheng. Mange av dei som er på kurs
er opptekne med trusopplæring og
trusopplæringa er veldig mykje lagt
opp til fasar. Men skal du ta ut all
gevinsten som ligg i metoden, så er
det prosessen som er viktig. Den får
du ikkje fullt utnytta om du brukar
den berre på ein samling i året.
Får ikkje utnytta potensiale i Gudsrikeleiken.
Eg forstår at det er lange og intense
dagar, - deltakarane må vere aktive?
Ja, vi held på frå ni til ni. Her lagar
me kurs saman. Det er veldig lite av
at ein står og snakkar og dei andre
sit og høyrer på. Her skjer meste-
Ideelt sett er dette eit opplegg for
barnegrupper?
For barnegrupper og søndagsskular,
og i forbindelse med gudstenesta.
Me brukar det for konfirmantar ein
del, og for utviklingshemma konfir-
8
nr. 4-12
Sogndalkyrkjelydsblad
Bilete av Rune Øystese henta frå
kirken.no/bjorgvin
mantar. Me har god erfaring med at
vaksne tek det inn i bibelgruppene
sine. Nokre tek deler av opplegget
inn i gudstenesta. Det blir også brukt
blant gamle og demente med godt
utbytte. Så sjølv om det i utgangspunktet er laga for 3-12 åringar, så
er denne måten å jobbe på så sterk
også for vaksne at det fungerer for
alle aldersgrupper. Og om du spør
deltakarane om dei er blitt gripne i
løpet av samlinga, så trur eg dei vil
seie: ja, eg har opplevd forteljinga på
ein ny måte. Den fortalte meg noko,
og har gitt meg noko.
Ein brukar alle sansane sine?
Dette er ein måte å fortelja og jobbe
på, der du skal møte teksten, og teksten skal tale inn i ditt liv. Det skal bli
eit eksistensielt møte med teksten.
Og det er noko som skjer når du lar
det gå langsamt, du lar stillheita
vere ein del av måten å fortelje på.
Magny Ugulsvik Bukholm
Tekst og foto
Malla Moe - Til minne
Den 16. september 2012 blir
ståande som ein merkedag
i Hafslo-bygda og for Hafslo
Bedehus. Då vart minnesteinen
over Malla Moe, ”Afrika-Malla”,
avduka.
Malla vart fødd i Hafslo 12.
september 1863, og døydde 16.
oktober 1953 i Swaziland, der ho
òg er gravlagt.
Ho levde sine barndoms- og
ungdomsår på Hafslo, men etter
at begge foreldra etterkvart
vart borte, reiste Malla og
veslesystera over til Amerika.
Malla fekk misjonskall og
opplæring i misjonering, og vart
etterkvart utsendt til Swaziland,
som misjonær. I løpet av alle
desse åra var ho heime i Hafslo
på ferie 2 gonger. Siste gongen
var i 1922/1923. Då var ho
opphavet til, og med å bygde opp
Hafslo bedehus, som feirar 90års jubileum i 2013.
Under minnemarkeringa, som
vart leia av Anders Alme, var
det minnetale av bl.a. Kurt
Urhaug, som er redaktør i bladet
Evangelisten. Han fortalde om
Malla Moe sitt liv og virke. Tale og
avduking av minnestein var ved
ordføraren i Luster kommune,
Ivar Kvalen.
Malla Moe, ”Afrika-Malla”, har
endeleg fått det minnesmerket
ho fortener i heimbygda si.
Kirsten Anny Amledal
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-12
9
- Me kunne ikkje slutte no!
I lesande stund har Stedje kyrkje igjen tre gonger blitt fylt opp av godtfolk som
vil få med seg Desembernatt-opplevinga, mange for femte gong. Årets konsertar er nemleg dei femte i rekka. Terje Vatlestad har på mange måtar vore
den drivande krafta bak Desembernatt, og kyrkjelydsbladet fekk ein prat med
han i forkant av jubileumskonsertane.
Tekst: K.O.H.Nordheim (Foto: privat)
Desembernatt for femte gong! Då du
tok til å tenke på den første konserten i 2008, såg du alt då for deg
jubileumskonsert?
No hadde nok fleire av oss tenkt
på dette alt før 2008. Men det var
mange grunnar til at den første
konserten kom nett då. Det eine
var at Sogndal musikkforum trengte pengar for å kunne halde fram å
drifte gratis øvingslokale i Sogndal
til ungdom som driv med musikk.
Nett på denne tida var det også
mange talent som gjekk her, og
som fortente ein slik arena som ein
lokal, profesjonell konsertproduksjon å prøve seg på. Ein tredje grunn
var at eg gjennom kontakt med
etablerte artistar med bakgrunn
frå Sogndal visste at dei for sin del
ynskte moglegheiten til å få gje
noko til bygda på denne måten. Så
når eg tok kontakt med dei, var det
ingen betenkningstid - dette var
noko dei ville, og dei ville gjere det
heime. På den måten var tanken
om Desembernatt ein mogen tanke
hjå fleire enn meg.
For eigen del hadde eg hatt ideen
lenge, men meinte at skulle me
laga julekonsert i Sogndal, så
måtte det vera noko som var så
spesielt at du ikkje kunne oppleva
det andre stader. Eit kjempeviktig
spørsmål då var korleis musikken
skulle formast, og kven som skulle
gjere dette. Då tida var klar viste
det seg at fann denne hjelpa i kjellaren i eige hus.
Men du spør om eg såg for meg
jubileum? Nei, tanken var at dette
var noko me skulle gjere ein gong,
me hadde jo eit mål om å kunne
hjelpe ungdom med blant anna
øvingsklokale, instrument og alt
10
nr. 4-12
som trengst. Etter at den første
konserten var ferdig andre søndag
i advent i 2008, var me godt nøgde,
og meinte at me hadde fått til det
som var målet.
Men det blei meir?
Det blei meir, det blei som eit krav
frå dei som hadde vore på konserten at dette må de gjere fleire
gonger! Og ikkje berre publikum,
dei involverte opplevde det på
same måte - dette var så flott og
kjekt, at me kunne ikkje slutte no!
På plakatane dei ulike åra har det
stått at Desembernatt er ein magisk,
strålande, unik og annleis julekonsert. Kva er spesielt med Desembernatt slik du ser det?
Ja, me har brukt store ord på
plakaten, og det er ikkje tilfeldig,
men vel gjennomtenkt. Det viktigaste er nok at me tek det tradisjonelle materialet og pakkar det
inn på ein slik måte at det vert lagt
merke til, men også slik at dei aller
fleste finn noko som dei kjenner
igjen som sitt. Elles handlar ikkje
Desembernatt berre om musikken
og materialet, men totalopplevinga
av heile arrangementet, i kyrkja, og
med særeigen lys- og lydproduksjon. Repertoaret kunne blitt spelt
andre stader også, men lys, lyd og
koreografi er designa for Stedje
kyrkje. Eg for min del produserer
ikkje noko for eit rom eg ikkje kjenner. Du må inn i rommet og oppleve
det, då kjem tankane om kva du
kan gjere og korleis.
Eitkvart rom er ein del av heilskapen som konserten er, og det
må takast omsyn til. Når me lagar
Desembernatt har me heile tida
Sogndalkyrkjelydsblad
med oss kva Stedje kyrkje eigentleg er bygd for, kva som er den
daglege bruken, og korleis me kan
uttrykkje respekt for dette. For å
sitere tidlegare prost Hausberg,
han meinte me kanskje hadde for
stor respekt for rommet.
Kva andre tilbakemeldingar har du
teke vare på gjennom desse åra?
Eg har drive på lenge og hatt ansvar for mange ulike oppsetningar.
Det er alltid tilbakemeldingar, men
eg har aldri møtt ein slik mengde
av einsidig positive tilbakemeldingar.
Ikkje berre frå publikum, men frå
musikarane, songarane, dei tilsette
ved kyrkjekontoret, andre som
hjelper til; alle er overstrøymande
positive og snakkar om kor moro
det har vore og kor tid me skal
begynne å planlegge neste prosjekt.
Eg treng ikkje gøyme at for alle involverte er dette mykje meir arbeid
enn det folk flest trur. Men så lenge
det er så kjekt, så merkar me ikkje
slitet. Me er eit fellesskap som har
det kjekt i lag, og det trur eg folk
merkar på Desembernatt.
Presentasjonsgudsteneste i Fjærland
den siste gudstenesta etter
den gamle liturgien. Neste
gudstenesta tek me i bruk litt ny
liturgi og etter kvart skal dette
vera klart til det nye kyrkjeåret
byrjar. Kjell heldt preike over
Jesus sitt besøk hjå systrene
Marta og Maria. Det handla om å
prioritera Gud, og høyra på han.
Du skal elska Herren din Gud av
heile ditt hjarta. Men det er ikkje
gale å tena nesten din heller.
Under presentasjon av
konfirmantane vart det samtale
mellom dei og presten om
kva forventningar dei hadde
til konfirmanttida og kva den
enkelte av dei hadde som
serskild interesse.
Bak frå venstre: Ingunn Supphellen, Kari Sunneva Waatevik, Gøril Resaland Skeide,
Andrea Senay Denkduven, Anne Mari Mundal.
Framme frå venstre: Kristian Mundal Skjelten, Odd Atle Rauboti,
Daniel Hakan Denkduven.
Under gudstenesta sundag
9. september vart dei nye
konfirmantane i Fjærland
presenterte for kyrkjelyden,
Det er lenge sidan det har vore så
mange konfirmantar her i bygda.
Serskilt kjekt var det med to
ekstra konfirmantar utanfrå.
Det har seg nemleg slik at
den eine konfirmanten vår
har to syskenbarn i Bergen,
som ville konfirmera seg her i
Fjærland. Så til våren vert det 8
kjekke ungdomar i midtgangen
i kyrkja vår. Dei to skal fylja
konfirmantundervisninga i
heimekyrkja si, som er Eidsvåg.
Konfirmantane var med under
gudstenesta som medhjelparar,
med utdeling av salmebøker,
innleiinga, bøner og tekstlesing
og andre ting som høyrer til
kyrkjevertjobben.
Kjell prest forretta og dette var
Kvar konfirmant ber eit armband
som heiter Kristuskransen. Dei
fortalde litt om kva enkelte deler i
kransen var symbol på.
Etter gudstenesta hadde
soknerådet ordna med
kyrkjekaffi, før soknemøte om
den nye liturgien. Det vert ikkje
dei store endringane. Dette skal
no til godkjenning av biskopen.
Nils Skeide
Tekst og foto
Familiegudsteneste
Sundag 21. oktober var det familiegudsteneste. Då fekk 3 born
4-årsboka, Mi kyrkjebok. Det er fyrste gongen denne nye boka vert
gjeve til 4-åringane. Det er ikkje berre ei bok, men og to cd-ar og
eit lite hefte som fylgjer med. Dei 3 borna som fekk denne boka var:
Linea Bøyum Haugen, Vebjørn Orheim Mundal, Styrk Supphellen
Solsvik.
I gudstenesta vart det brukt salmar frå 4-årsboka, og alle borna, som
var i kyrkja denne dagen, stilte opp i kortrappa og song så det ljoma.
Elles var to av konfirmantane medhjelparar under gudstenesta. Gøril
helsa velkommen og Kristian las frå Bibelen, og begge var med Kjell
prest under samlingsbøna. Det er slik at konfirmantane har kvar sin
tørn i gudstenestene denne vinteren, og dei er så flinke at det reint
er eit spik. Dei opptrer som godt scenevande utan at dei har noko
erfaringi dette arbeidet. Kjekke stunder i kyrkja!
Nils Skeide
Tekst og foto
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-12
11
Haustfesten
Den tradisjonelle ELDREFESTEN
i Fjærland, eller som ein
er gått over til å kalla den,
HAUSTFESTEN, var i år tysdag
den 16. oktober. Som vanleg er
det soknerådet som kvart år har
ansvar for programmet. Kvinneog familielaget hadde i år sut
for maten, som var smørbrød og
blautkake. Øye godt.
År om anna er reiseskildringar
hovudprogrammet, og i år
greidde soknerådet lokka laus
ein film frå ein Afrikatur.
Tre ungdommar frå bygda,
Ingvill Mundal, Jarle Mundal
og Gaute Dvergsdal Bøyum
hadde vore med på tur til toppen
av Kilimanjaro. Det er verdas
høgste frittståande fjell, 5895
meter høgt. Det var Gaute
som hadde redigert filmen og
han fortalde litt frå turen på
førehand. Jarle hadde ein del
tilleggsopplysningar. Det var
artig å fylgja med korleis dei
måtte førebu seg for å nå toppen.
At dei etter å ha nådd ei viss
høgd, måtte gå nedatt ein del
hundra meter for å betre kunne
tola den tynne lufta på toppen.
Etter matøkta og masse prat,
som er ein god del av samkoma,
hadde Kjell prest andakt. Han tok
utgangspunkt i HERRENS BØN,
serskilt den fjerde bøna: Og gjev
oss i dag vårt daglege brød.
Reidun Øygard Sørensen avslutta
festen med å lesa to dikt.
Me hadde ei fin stund, men det
hadde vore kjekt med fleire
frammøtte.
Nils Skeide
Tekst og foto
Skriven av Stine L. Hopland, Acta-barn og unge i Normisjon Sogn og Fjordane, 09.11.12
Acta satsar på kor i Sogn og Fjordane
Vi i Acta kan no hjelpe deg å starte kor på din
heimplass!
og det musikalske, det sosiale og det åndelege er
tre likestilte områder i arbeidet!
Soul Children er Acta- barn og unge i Normisjon
si kor-rørsle. Det starta som eit enkeltståande
kor i Oslo, men utvikla seg raskt til ei kor-rørsle
med arbeid for fleire aldersgrupper, eigen festival,
seminar og lokale/ regionale samlingar m.m.
Vi i Acta Sogn og Fjordane har allereie fire Soul
Children kor i fylket, men no satsar vi stort og
ynskjer å doble dette i løpet av 2013. Så dersom
du er ein musikalsk leiar/ dirigent, eller koreograf
som ynskjer å starte kor, ynskjer vi å vere med å
hjelpe!
Soul Children konseptet har mykje ferdig materiale
å arbeide ut i frå, både cdar med sing-back, notar,
dvdar med dans og rørsle til songane , samt
diverse klede og effektar. Musikken er tilpassa
aldersgruppa, og har materiale både på norsk og
engelsk!
Soul Children er nå den hurtigst voksande korrørsla i Norge, med over 80 lokale kor rundt i heile
landet. Målgruppa i Soul Children er 5.-10. klasse,
12
nr. 4-12
Sogndalkyrkjelydsblad
Vi har ein tanke om at mellom anna Sogndal, Førde
og Florø er aktuelle stadar, men ynskjer å vere
med der Du vil starte!
Kunne du tenke deg å vere med å starte Soul
Children kor? Ta kontakt med Stine, på Normisjon
og Acta sitt regionkontor på Sandane 57 86 63 49 /
48 99 23 42
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-12
13
Abrahams barn
Svein Tindberg si framsyning om jødedommen, kristendommen og islam er sett av
over 30 000 på Det Norske Teatret. Har han laga verdas beste historietime?
Svein Tindberg har hausta
stor suksess med stykka
Evangeliet etter Markus
og Apostlenes gjerninger.
Interessa for Abraham
fekk han under eit besøk
i Jerusalem. I eit intervju
med VG seier han: Eg
oppfatta Koranen som
uforståeleg og blei irritert
over kor lite eg visste om
arabarane. Kva veit vi
eigentleg? For mange er ei
Disney-utgåve av Aladdin
det næraste vi kjem. Sånn
kan vi ikkje leve. Eg ville
finne ut noko meir. Og
framfor alt ville eg lage
engasjert teater for truande
og ikkje-truande. Uansett
kva religion som ligg i botn,
så er dette historia om
14
nr. 4-12
oss sjølve, det er mytar og
legender vi må ta vare på.
Abrahams barn har
trollbunde publikum og
presse. Med stor respekt
peikar Svein Tindberg på
at alle dei tre religionane jødedomen, kristendomen
og islam - gjer krav på
Abraham som stamfaren
sin. Er det ikkje eigentleg
den same historia fortald på
tre ulike måtar?
Abrahams barn vann Heddaprisen i 2012 for årets beste
teaterframsyning.
Sogndalkyrkjelydsblad
Pressa skriv:
“Briljant” Aftenposten
“Det er drivende godt
fortalt, med humor (...)
Svein Tindberg er en
brobygger med empati” VG
(terningkast 5)
“En dannelsesreise (...)
religion, kulturhistorie og
reisereportasje, varmt,
dyktig og nakent» Dagbladet
Framsyninga skal på
ein omfattande turné.
Stykket vert vist i Sogndal
kulturhus sundag
24. februar kl. 19.00.
Kunngjeringar
og smånytt
DESEMBER
22.: Julemiddag for ungdom
31. des. – 1. jan.: Nyttårsfeiring
JANUAR
2.: Familie-julefest
10.: Torsdagsklubb og Knøttekor
12.: Misjons- og leiarsamling, NLM
17.: Småbarnstreff
24.: Torsdagsklubb og Knøttekor
31.: Småbarnstreff
FEBRUAR
1-3.: Leir for 2. - 4. klasse
7.: Torsdagsklubb og Knøttekor
14.: Småbarnstreff
15-18.: Leir for 5. – 7. klasse
21. - 24.: Leir for 7. - 10. klasse
28.: Småbarnstreff
Jubileumsnytt frå Norane
I førre nummer av kyrkjelydsbladet sto det litt om jubileumskor i samband med
kyrkjejubileet 2013.
Torsdag 15. nov. hadde vi første øvinga. Som de ser var det ein blid gjeng!
Det er plass til fleire så DU er hjarteleg velkommen! Det skal vera øving ein gong i
månaden fram mot våren. Datoane er 17.01., 14.02., 14.03. (eventuelt 21.03.) og 25.04.
Øvingane er på torsdagar klokka 19 til 21 i Nortun ungdomshus.
I Norum sokn brukar vi å ha kyrkjelydsfest i mars månad. Då er konfirmantane med
familie serskild inviterte, men dette er òg eit viktig arrangement for alle i bygda.
Neste år, i jubileumsåret, vil soknerådet likevel endre litt på det tradisjonelle
opplegget. Vi har eit sterkt ønskje om at årets konfirmantar skal delta i
jubileumsfeiringa. Difor er det bestemt at den tradisjonelle kyrkjelydsfesten i mars går ut
dette året, og at denne festen blir integrert i jubileet.
Elles går arbeidet med å førebu jubileet sin gang. Må nemna at det er utruleg kjekt å
møte så mange positive folk når vi ber om bidrag av ymse slag.
Meir om førebuingane til jubileet kjem i neste nummer av kyrkjelydsbladet, så følg
med!
Helsing frå Norum sokneråd
LOPPEMARKNAD
27. og 28. sept. 2013 vert det
loppemarknad på Lyngmo. Me tek
imot lopper heile året. Alt utanom
kvitevarer er av interesse.
Overskotet av loppemarknaden
går til drifta av senteret.
Ta kontakt for levering.
Mail: [email protected]
eller tlf: 57684366
Selskap
Lyngmo har flotte lokale til
konfirmasjonar, minnestunder og
andre selskap.
Ta gjerne kontakt for informasjon
og tilbod.
Mail: [email protected]
eller tlf: 57684366
MARS
1. - 3.: Inspirasjonshelg for kvinner
Julemiddag for
ungdom
(8. klasse og oppover)
Laurdag 22. desember
klokka 19.30. Julemiddag,
underhaldning og andakt.
Julesong i Solvorn
kyrkje
Det er det 9. JULESONG i rekka.
Musikalsk leiar: Jan Ingar Nordheim.
Dirigent: Leif Arne Nordheim .
Møteleiar: Trond Fr. Johansen.
22. desember er årets dato. Starttid
kl. 17 og 20. Siste førestilling en halv
time seinare slik at alle kjem seg frå
Solvorn før ny pulje kjem.
Det er eit allsong og konsertprogram
med jula sine mest kjente og kjære
songar. I år er allsongen enda meir
integrert i HEILE programmet.
Sal av billettar à kr. 150.-: Føl
med i lokalavisa, men iallfall på
Indremisjonskontoret i Fjøregata 10!
Velkomen!
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-12
15
Støttespelarane våre:
Hagalandet, 6851 Sogndal • tlf 57 67 16 22
6801 Førde • tlf 57 83 70 90
maskinsenteret.as • [email protected]
www.lerum.no
RØYRLEGGJAR
Arild Johannes Sandvik
6848 FJÆRLAND
Telefon 97 03 08 67
Tømrar
Jostein Øygard
nybygg • tilbygg • rehab • flis • våtrom
- Liftutleige Parkveien 5, 6856 Sogndal • Tlf. 57 62 88 50 • e-post: post@advokat-tollefsen
Telefon 97 09 79 82
Optiker
Kjell M. Talleraas
Telefon 90 11 67 83
6856 Sogndal • tlf. 920 94 145 • nettbriller.com
Byggmester
Ingmar Stenehjem
mob. 90 58 10 21 • tlf. 57 67 29 52
www.stenehjembygg.no
Sogn Synssenter
Synsprøve • Briller • Kontaktlinser
Tlf: 57 67 50 50
ME SJÅAST
Med topp moderne synsprøveutstyr og fokus på augehelse, tek me
synsprøve, trykkmåling og bilete av auga.
Ved behov for briller på dagen, har me lager på einstyrkeglas (+/- 4, cyl. 2)
16
nr. 4-12
Sogndalkyrkjelydsblad
Postboks 25, 6851 Sogndal
Kaffi og konsert
Kaupanger Bygdakor heldt konsert og serverte
kaffi og kaker på Sogndal Omsorgssenter,
søndag 23. september 2012.
Mange gamle kjende og kjære songar fekk me
høyre og delta i, bebuarar, familie, støttekontaktar og andre som var til stades. Ragnhild Wal-
Fossetunet 4, 6856 Sogndal
Tlf.
57 68 144,776856 Sogndal
Fossetunet
Tlf. 57 68 Lærdal
14 77
Avdeling
aker var dirigent, og Sverre Volle sat ved pianoet.
Innimellom song og musikk fekk me servert god
kaffi og nydelege kaker, i tillegg til ein god prat.
Ja, ei veldig kjekke stund, var alle einige i.
Tønjum,
Lærdal
Avdeling6887
Lærdal
Tlf.
57
66
86
60
Tønjum,
6887 Sogndal
Lærdal
Fossetunet
4, 6856
66 86 60
Tlf. 57 Tlf.
68 57
14 77
Telefon heile døgnet:
Telefon
57 68 14heile
77 døgnet:
57
14 77
Kjell68Grønli
Kjell Grønli
Anne
Kristin Gunvordal
Anne
Kristin
Gunvordal
[email protected]
Telefon heile
døgnet:
57 [email protected]
14 77
Avdeling Lærdal
Tønjum, 6887 Lærdal
Tlf. 57 66 86 60
Kjell Grønli
Anne Kristin Gunvordal
[email protected]
Kirsten Anny Amledal
Annonseplass
Her har din organisasjon, bedrift
eller foreining, høve til å kjøpe
annonseplass.
På den måten får du støtte kyrkja sitt
positive arbeid for barn, unge og vaksne
i alle aldrar. Samstundes gjer du di
verksemd kjend.
Velkomen til å ta kontakt!!
SLINDESENTERET • MARINA • TRANSPORTØR
Slinde, 6856 SOGNDAL - Tel. 57 67 65 00
www.slindetransport.no
www.sognekraft.no - P.b. 3, 6891 Vik i Sogn - [email protected]
www.skrivargarden.no
Epost: [email protected]
Sentralbord: 57 66 23 60
Bank: 3705.17.34204
Orgnr.:974 900 580 MVA
å r d a l : Storevegen 13,
6884 Øvre Årdal
s o g n d a l : Tess-bygget (2. etg.),
Nestangen, 6856 Sogndal
Telefon: 57 67 18 85
Opplæring klasse
A1-A-B-BE-T-M146
Trafikalt grunnkurs
E-post:
[email protected]
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-12
17
Ætti i glede og sorg
DØYPTE
VIGDE
Kaupanger:
KAUPANGER:
30.09.12 Sondre Sørli Verlo
15.09.12
Erlend Harkjerr Henden
Sunniva Haukedal Bendixen
14.10.12 Markus Loftesnes Feigum
Marianne Valeberg Nornes og
Ole-Mathias Nes
DØDE
FJÆRLAND:
Hjørdis Instefjord 23.04.1926 – 29.05.2012
Einar Horpedal
20.10.1925 - 26.07.2012
(Bisett i Eidanger kirke)
Øystein Eide Abrahamsen
Kaupanger:
Aline Takle Aardal
Else Gunn Standnes09.05.1972 -12.09.2012
21.10.12 Vebjørn Fosse Hjelmeland
(Døypt i Leikanger kyrkje)
Jens Bjørkum
07.05.1932 – 15.09.2012
Torvald Hovland
07.06.1922 – 28.09.2012
18.11.12 Elias Buene Nedrehagen
Fillip Kvammen
Norum:
Solveig Slinde
14.03.1937 – 05.09.2012
(Bisett i Bredtvet kirke)
NORUM:
14.10.12 Kasper Bondevik Nornes
stedje:
Stedje:
Kari Håre Grinde
30.06.1931 - 10.09.2012
07.10.12 Fredrik Steene-Johannessen (Døypt i Helgerud kirke, Bærum)
Johanna Natvik
20.03.1924 – 18.09.2012
Borghild Vangestad24.01.1918 – 26.09.2012
Ottar Horpedal
21.10.12 Esther Linnea Ekström Taraldsen (Døypt i Heggstad kyrkje, Inderøy)
Hanna Hollekve Holbø
(Døypt i Vågå kyrkje)
14.11.1929 – 27.09.2012
Gerd Helen Iden 10.01.1915 – 16.10.2012
28.10.12 Sander Sævereid Aardal
Vilde Hovland Flugheim
11.11.12 Aurora Hillestad
Mina Svensøy
Liam Silden-Lærum
18.11.12 Henrik Lunde-Ness
Tobias Lunde-Ness
Martin Gjerde
Ta kontakt med kyrkjekontoret om
moglege datoar for dåp og vigsel.
Telefon 57679985.
18
nr. 4-12
Sogndalkyrkjelydsblad
Velkomen til
gudsteneste
Med atterhald om endringar.
Sjå Gudstenesteliste i Sogn Avis eller på www.sogndal.kyrkja.no
DESEMBER
9. desember (3. søndag i advent)
16. desember (4. søndag i advent)
24. desember (Julafta)
25. desember (Juledag)
26. desember (2. juledag)
31. desember (Nyttårsafta)
Leikanger kl. 20.00: Lysmesse
Norum kl. 16.00: Lysmesse
Kaupanger kl. 17.00: Lysmesse
Stedje kl.19.00: Julekonsert
Norum kl. 16.00: Julekonsert
Kaupanger kl. 16.00: Julekonsert
Fjærland kl. 15.00: Julekonsert
Leikanger kl.18: Julekonsert
Leikanger kl. 14.30: Familiegudsteneste
Leikanger kl. 16.00: Familiegudsteneste
Stedje kl. 14.30: Familiegudsteneste
Stedje kl. 16.00: Familiegudsteneste
Kaupanger kl. 16.00: Familiegudsteneste
Norum kl. 14.30: Familiegudsteneste
Sogndal omsorgssenter kl. 13.30: Gudsteneste
Leikanger kl. 12.00: Høgtidsgudsteneste
Stedje kl. 12.00: Høgtidsgudsteneste
Fjærland kl. 12.00: Høgtidsgudsteneste
Norum kl. 11.00: Høgtidsgudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Høgtidsgudsteneste
Leikanger kl. 16.00: Gudsteneste
Stedje kl. 23.00: Gudsteneste
JANUAR
01. januar (Nyttårsdag)
06. januar (Kristi åpenbaringsdag)
13. januar (2.s.i.åpenbaringstida)
20. januar (3.s.i åpenbaringstida)
27. januar (Såmannssøndagen)
Fjærland kl. 12.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Høgmesse
Kaupanger kl. 11.00: Høgmesse
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Høgmesse-start ungdomsår
Kaupanger kl. 11.00: Høgmesse
Fjærland kl. 15.00: Høgmesse
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste 11-åringar
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste 11-åringar
FEBRUAR
03. februar (Kristi forklaringsdag)
10. februar (Fastelavenssøndag)
17. februar (1.sønd. i fastetida)
24. februar (2.sønd. i fastetida)
Norum kl. 11.00: Gudsteneste 11-åringar
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste
Fjærland kl. 11.00: Gudsteneste 11-åringar
Leikanger kl. 11.00: Lys vaken
Stedje kl. 11.00: Forenkla gudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Høgmesse
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste (nytt klokkeslett)
Stedje kl. 11.00: Høgmesse
Fjærland kl.15.00: Gudsteneste
MARS
03. mars (3. sønd. i fastetida)
10. mars (4. sønd. i fastetida)
17. mars (Maria budskapsdag)
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 19.30: Høgmesse
Kaupanger kl. 11.00: Høgmesse
Norum kl. 16.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Høgmesse
Leikanger kl. 19.00: Gudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Samtalegudsteneste 1
Kaupanger kl. 19.30: Kyrkjekulturkveld
Fjærland kl. 11.00: Høgmesse
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-12
19
INFORMASJON
Amen?
Av Egon Askvik - sokneprest
Eit reklamebyrå kontakta meg
for nokre år sidan før jul med
spørsmål om eg som prest
kunne stå inn for ein kampanje
for eit kjøpesenter.
Kjøpesenteret kunne då visa
til meg dersom dette vart ei
mediasak.
I kampanjen var juleevangeliet
framstilt i papirfigurar, bretta
av pengesetlar. Over kvar
figur sto det med gotisk skrift
”Amen”.
noko denne jula så er det er
eit rekordstort takkoffer til
Kirkens Nødhjelp i kyrkja
julafta.
Det er ein god ting å tenkja på
kvarandre – også ved juletider.
Gje gåver er ein fin tradisjon.
Visa at me set pris på kvarandre.
Eg takka høfleg nei.
Eg veit heller ikkje om kampanjen vart noko av.
Amen betyr sanneleg, lat det
henda og applauderer noko
som er sagt eller gjort. For
meg vart desse pengesetel figurane symbol på eit vanvittig
pengeforbruk no ved juletider.
Og overskrifta ei applaudering
av dette.
Nye kjøpesenter og butikkar
er opna i Sogndal og handelsstanden vonar også dette året
på nye salsrekordar.
Må det vera slik? Skal me seia
amen til det?
Eller skal me tenkja annleis?
Viss eg sjølv skal ynskja meg
Den beste gåva......
Våre vener frå Eritrea har observert at me har meir enn nok
av alt materielt. Det kan virka
som om me ikkje treng kvarandre. Mange er difor isolerte og
åleine.
Kanskje det kan vera
julegåvetipset denne jula?
Gje ei oppleving? Gje ein billett
til ”Abrahams barn” i Sogndal
kulturhus 24.februar eller gje
skyss til nokon eldre til ein
konsert eller ei gudsteneste i
kyrkja.
Vår gåve denne jula skal fyrst
og fremst vera kjærleg merksemd og venleg omtanke.
Amen?
Ynskjer alle ei velsigna advent
og julehøgtid.