Sogndal kyrkjelydsblad

Nr. 3 I oktober 2013 I 41. årgang
God haust!
Utgjeve av Sogndal og
Leikanger Kyrkjelege
fellesråd
Redaktør: Magny Ugulsvik Bukholm
Bankgiro: 3720 30 15063
Postadresse:
Sogndal kyrkjelydsblad,
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal.
Besøksadresse:
Kyrkjekontoret
Stedjetunet, 2. etasje
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
Telefon kyrkjekontoret:
57 67 99 85,
e-post: [email protected]
Heimeside:
www.sogndal.kyrkja.no
Grafisk:
skrivargarden.no
Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle
heimane i Sogndal kommune. Det
er også mogleg å tinga bladet
for dei som bur utanfor kommunen.
Neste blad kjem ut i veke 49.
Stoff kan sendast til
[email protected]
innan 5. november 2013.
Bladnemnda samla til møte 29. august. Ester Nordheim, Gunn Fondenes, Alvhild Fodnes
og Kirsten Anny Amledal representerer kvart sitt sokn. Dei gjer ein flott innsats med å
skaffe stoff til bladet, tenkje ut nye vinklingar og artikkelseriar. Ta kontakt med ein av dei
om du som lesar har idear, ros eller ris.
Leiar:
Endringar
Kyrkja i Sogndal og Leikanger ynskjer
å vere ein viktig ressurs for å skape eit
godt lokalsamfunn prega av nærleik,
omsorg, identitet og kultur. Kyrkja
skal vere ein sentral bidragsytar for
at enkeltmenneske skal fatte mot
og meining, tru og engasjement. Ei
livskraftig kyrkje gjer bygdene våre til
ein betre stad å bu.
Dette er ei viktig målsetjing for
arbeidet i fellesrådet, sokneråda og
for dei tilsette i kyrkja. For å oppnå
dette må ein vere villig til å vere med på
endringar. Samfunnet vårt er i stadig
utvikling, og kyrkja som organisasjon
må tilpasse seg og utvikle seg for
ikkje å hamne på sidelinja. Me
har fått ny gudstenesteordning
med fokus på å involvere fleire i
gudstenesta. Konfirmantane har ei
viktig rolle i gudstenestene, saman
med frivillige og tilsette. Gudstenesta
er ikkje lenger ”presten si”. Me
Indre sogn, beredskapsteneste:
Ved akutte behov kveld/natt og
helg kan prest nåast på telefon
95 48 33 74.
Bladpengar: kr. 300,- pr. år,
kr. 400,– for abonnentar.
2
nr. 3-13
Foto på framsida:
Frå Superlaurdag. Foto: E. Askvik
Gudsteneste v/Skrikivatnet. Foto: M.S.Teigen
Pangstartleiren. Foto: N.E. Berget
Gudsteneste på Jamnaflaten. Foto: H.F. Askvik
Sogndalkyrkjelydsblad
har trusopplæringsreforma som
skal medverke til ei systematisk og
samanhengjande trusopplæring for
dei unge, sidan dette ikkje lenger
blir gitt i skulen slik som tidlegare.
Salmeboka er også revidert og kan
takast i bruk frå 1.søndag i advent.
Det er den enkelte kyrkjelyd som
bestemmer om ein vil innføre ny
salmebok, så dette blir nok eit tema
i tida framover.
Her lokalt opplever me i haust
også endringar i staben. Me har
fått ny prost og ny trusopplærar
og får forhåpentlegvis etterkvart
ny sokneprest. Me ynskjer dei nye
hjarteleg velkomne og lukke til
vidare til dei som no tek til på nye
utfordringar!
Magny Ugulsvik Bukholm
REDAKTØR
Helsing frå kyrkjeverja
No er hausten her. Skyene er litt
mørkare og tunge, og skogen
gulnar. Dette er ytre teikn på at
vinteren nærmar seg. Nokon tykkjer det er tungt når det går mot
mørkare tider, men det kan vere
mange ting ein kan glede seg over
då også. Det er bognande tre med
frukt, og skog og vidder er fulle
av søte bær. Hausten har jo og så
fine fargar, og mange stader går
naturen heilt i gull. Sola varmar
og på ein eigen måte i denne tida.
Den er ikkje så intens, men den
utfordrar deg likevel på å kaste
jakka. Det er som om den smiler
og kilar deg på kjaken. Sjølv regnet kan vere fint om du ser godt
etter, og innimellom kan du oppdage regnbogen. Den skiftande
naturen dannar ein syklus som
gjer at alt heng saman. Det eine
er avhengig av det andre for at
ringen skal bli slutta, og me skal
få ein ny vår. Slik er det med oss
menneske og. Ingen kan klare
seg heilt åleine. Me er alle avhengige av noko og/eller nokon for å
fungere. Samtidig er det litt godt
å tenkje på – for slik er me ikkje
åleine. Alle har me ein funksjon!
Endringar i staben
Som det er endringar i naturen, er
det også endringar i staben vår i
haust. Vår kjære sokneprest Bård
Haukedal skal byrje i ny jobb etter 24 år her i Sogndal. Han tek til
som personalprest ved Bjørgvin
Bispedømekontor 1. oktober, og
flytter dermed til Bergen. Med
sin lune veremåte og gode smil
har han stilt opp for mange i ulike
fasar av livet. Han har døypt, konfirmert, gifta og gravlagt mange i
løpet av desse åra. Han har stilt
opp i mange ulike situasjonar, og
han var alltid ein ein kunne stola
på. Han har vore ein kjær prest og
ein god kollega som kjem til å bli
sakna av mange. Me vil ynskje han
lukka til i sin nye jobb, og håpar
han vil trivast i Bergen.
Bård var i tillegg til sokneprest
ogso dei siste 2,5 åra fungerande
prost etter at Jermod Hausberg
slutta våren 2011. No er ny prost
på plass, og me ynskjer Kjetil
Netland velkomen. Han kjem frå
stillinga som sokneprest i Stryn,
og har mellom anna ogso vore
sokneprest i Lærdal tidlegare. Han
slektar frå Balestrand, og vil vere
busett der. Tidlegare var prostestillinga knytt opp til soknepreststillinga i Sogndal. Sjølv om
Sogndal framleis er prostesete,
finn ein ikkje denne koplinga mellom stillingane lenger. No i dag
er prosten prost men ogso prest i
den forstand at han skal vikariere
for dei andre prestane i prostiet
ved behov. Sjølv om Kjetil vil vere
busett i Balestrand, vil han ha fast
kontorstad her i Sogndal. Han blir
difor ein del av staben her og det
er me glade for. Kjetil er ein kjekk
kar, og me gledar oss til å bli betre kjent med han.
Trusopplærar Guri Høstaker Nordheim har permisjon frå stillinga
si fram til neste sommar. I den
perioden har me vore heldige å få
Nils Einar Berget som vikar. Nokon kjenner han også som kyrkjetenar i Norum. Han er ein allsidig kar som likar bratte bakkar og
fysiske utfordringar. Han er ofte å
sjå på eit sykkelsete ute i eit terreng der fleire av oss aldri hadde
tenkt at det var mogleg å sykle.
Samtidig er han veldig kreativ
og har eit godt lag med ungar og
ungdom. Han er nyutdanna med
master i kristendom i tillegg til
pedagogisk utdanning, og me ser
fram til ei spanande tid med Nils
Einar som trusopplærar.
Oppstart av aktivitetar
Hausten er også oppstartstid for
aktivitetar. Mellom anna er konfirmantåret allereie godt i gang.
Laurdag 31. august var over 100
konfirmantar + leiarar samla i
Stedje kyrkje til 1. samling. Me
kalla det Superlaurdag og samla konfirmantane frå alle sokna
i Sogndal + Leikanger til felles
oppstart med bli-kjent-aktivitetar
og eit stort felles måltid. Mange
pizzabollar vart fortært den
dagen. Slike storsamlingar krev
mykje planlegging og mykje hjelp
frå frivillige for å kunne gjennomføre. Eg vil her rette ei stor takk til
alle for innsatsen dei la ned denne
helga! Utan dykkar innsats kunne
dette ikkje gått!
Presentasjonsgudstenester
for
konfirmantane er også gjennomført i alle kyrkjene. Vidare
i haust skal konfirmantane ha
fleire samlingar, og mellom anna
skal det gjennomførast 5 gruppeturar fram til Kyrkjelydshytta i
Sogndalsdalen. Me ynskjer konfirmantane lukke til med konfirmantåret, og håpar dei vil få ei
kjekk tid!
I dette haustnummeret av
kyrkjelydsbladet finn du mykje å
lese, mellom anna om restaureringsprosjektet for kyrkjeorgelet
i Stedje kyrkje. Diverre er orgelet
i dårleg forfatning, og det trengs
mykje pengar for at det kan bli
sett i god stand. I samband med
det er det også sett i gang ei kronerulling. Har du lyst å ta del der
vil det bli sett stor pris på!
God lesnad og god haust!
Jorunn Merete
Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
3
- OG EG ER MED!
Pangstartleiren 2013
12.-16. august var 11-13 åringar samla til aktive
dagar på Lyngmo. Tema for leiren var “I fyr og
flamme”.
4
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
E-post intervju med Kari Eggum
Har du vore på leir tidlegare?
Ja, to gonger.
Kva var annleis med denne leiren enn med andre leirar?
Det kjem eg ikkje på. Men me gjorde masse morosame aktivitetar og leikar.
Kva gjorde de på då?
Me sykla til Solvorn og rappellerte, me padla i kano og hadde
Lyngmoiaden der to lag utførte forskjellige spel og aktivitetar
for å få flest poeng.
Kva var kjekkast? Fortell!
Det kjekkaste var nok fritida når me kunne bada og padla i
kano, eg likte óg leirkvelden og “naturstien”
Var det noko som overraska deg? Kva?
Ja, at det kunne vere så kjekt å møte nye menneske og å vere
saman og lære om Gud og Jesus. Eg ante aldri at det kunne bli
så morosamt!
Vil du koma igjen?
Ja, helst så fort eg får sjansen.
Kan du anbefale andre å reise på leir?
Ja, sjølvsagt
Kven meinar du leiren passar spesielt for?
8 - 12 åringar, men det er nok kjekt for dei som er litt eldre óg.
Foto: Nils Einar Berget
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
5
Første samling for konfirmantane i Sogndal og Leikanger. Foto: EA.
Konfirmantar 2014
Laurdag den 31. august var
alle 111 nye konfirmantar
frå samtlige sokn i Sogndal
og Leikanger inviterte til
Superlaurdag i Stedje kyrkje, og
ein fantastisk gjeng med flotte
ungdomar møtte fram! Leiarar,
både tilsette og frivillege gjorde
sitt beste for å ta godt imot ein
slik gjeng, men jammen tok
ungdomane godt i mot leiarane
òg.
Konfirmantåret er ein viktig del
av trusopplæringa for born og
unge i Sogndal og Leikanger,
”Størst av alt – og eg er
med”. Så høyrer alt dette inn
i trusopplæringa i den norske
kyrkja, den som heiter ”Gud
gir – vi deler”. Eg er sikker
på at dei beste samlingane i
eit konfirmantår, det er dei
samlingane der alle får vera
med å bidra, og det er plass til å
koma fram med sitt.
Presentasjonsgudsteneste i Stedje. Foto: MUB.
6
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Sjølve superlaurdagen inneheldt
eit ”bli kjent”-program, og eit
”bli kjent i kyrkja”-program.
Konfirmantane i Norum. Foto: Nils Einar Berget.
I tillegg feira me at året var i
gang, og det gjekk med tett
oppunder 500 pizzabollar og
bollar, nesten 30 liter eplejuice,
i tillegg til saft og kaffi. For
feiring, det høyrer med når så
mykje godtfolk er samla!
Eit nytt konfirmantår er altså
godt i gang, og eg vil nytte høve
til å takke leiarar, foreldre og
støttespelarar som la ned ein
innsats for at oppstartsdagen
vart mogleg. Samstundes har
eg lyst å takke konfirmantane
for at dei så tydeleg viser at
dei har lyst å få noko kjekt
ut av dette året, og eg både
trur og håpar at det skal me
få til saman. Velkomne som
konfirmantar, og lukke til med
konfirmantåret!
Kjell Olav Høstaker
Nordheim
Konfirmantansvarleg
Presentasjonsgudsteneste i
Fjærland
Sundag 8. september vart den
eine konfirmanten i Fjærland
dette året presentert for
kyrkjelyden. Vegard Skeide
vart intervjua av Kjell prest
om fritidsinteresser og
forventningar til konfirmanttida.
Kyrkjelyden er glad for at har vil
konfirmera seg her i Fjærland.
Nils Skeide
Tekst og foto
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
7
Kyrkjelydstur til Framfjorden
Postkort frå Sognafoto.
Laurdag 17. august vart det arrangert sommar- og
kyrkjelydstur til Framfjorden. Det var turdeltakarar
med frå alle sokna i kommunen, og været var akkurat
passe fint turvêr.
Då alle var komne vel på plass i
bussen vart me ønska velkomne
av turleiarane våre, Karstein
Bergheim og Gitte Th.Torstad.
Dei orienterte litt om turen og
Gitte bad ei god bøn for turen
og deltakarane. Bussjåfør Vidar
Lægreid var også guide og
kjentmann på turen. Han er fødd
og oppvoksen i Framfjorden.
På turen til Vik hadde Gitte nokre
gåter til oss der den logiske
tankegangen vart sett på prøve.
Ikkje alltid like enkelt nei! Frå
Vik og mot Framfjorden passerte
me små plassar og gardar, som
Limmesand, Tistel m.fl, og med
utsikt mot bl.a. Otterskred og
Geithus.
Talkummølla i Framfjorden
Første stopp var Framfjorden.
Her vart det servert kaffi og
nydelege kaker i den store
hagen bak den lokale butikken,
8
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
og det var tid for ein triveleg
prat med kvarandre. Me slapp
sjølvsagt ikkje heilt unna regnet
heller, men kaffi og kaker var
unnagjort, så ”historietimen”
om Framfjorden fekk me
inne i bussen. Vidar fortalde
oss historia til den gamle
talkummølla som pr. i dag er
freda. Didric Blaauw starta
opp med talkumindustri i 1908.
Talkumen vart ført til utlandet
i store båtar, og mølla gav
mange arbeidsplassar. Det kom
til og med folk over fjellet frå
Eksingedalen og Modalen for å
jobbe her. Mølla vart totalskadd
i brann i 1924, og Blaauw gjekk
konkurs. I 1927 vart mølla bygd
opp att og Jacob Kjøde frå Bergen
tok over. Han haldt på til 1957.
Då overtok Sognekraft til mølla
vart lagt ned i 2002. Mange flytta
ut etter at mølla vart lagt ned,
og det vart mange tomme hus.
Mange har og opp gjennom
åra utvandra til Amerika. No er
det jordbruk og sauehald som
er største næringa. Og mange
pendlar til Vik. No er det 120-125
personar busette i Framfjorden.
Ved skulestart i år var det 19
elevar i skulen. Her var også to
butikkar eingong, men den eine
vart avvikla på 1970-talet.
Indrefjorden og Arnafjord
Så gjekk turen vidare til
Indrefjorden. Her ligg
settefiskanlegget på Tenne
som vart starta i 1986. Og
her er ein stor fellesfjøs,
Arnafjord samdrift. Den er
også ”vigsla”. Ein av eigarane
kom og fortalde oss om drifta,
vakt- og arbeidsordningane
og robotmelking. Han fortalde
også at han er ivrig Sogndalsupporter!
I Indrefjorden såg vi og nokre
gamle tufter. Her fekk me høyre
ei tragisk historie om Lars og
Turi Bungum. Eit strevsamt liv
der 12 ungar kom til verden, men
fem døydde mens dei var små.
Ein dag i 1855 drog Lars ut på
ein av sine mange jaktturar. Dei
trengde mat for å overleve. Men i
kveldinga då han skulle heimatt
vart han teken av eit snøskred.
Han vart funnen omkommen av
naboane og frakta heim på ei
båre, laga i skogen. Tre dagar
etter fødde Turi det tolvte barnet
altfor tidleg, ei jente som fekk
namnet Eli. Sjokket som Turi
fekk då mannen omkom hadde
framskunda fødselen. I tillegg
fekk Turi barselfeber og døydde
berre få dagar etter fødselen.
På ei veke mista dei sju borna
både mor og far. Den eldste var
23 år, den yngste seks dagar. Eit
strevsamt liv vart det for dei sju
borna, men etter kvart klarte dei
å samle saman så mykje peng
at dei kunne kjøpa Amerikabillett og stiga om bord i båten
som førte dei til Amerika. Dei
ville vekk frå heimlandet der dei
hadde opplevd så mykje sorg og
sakn.
Turen vår gjekk vidare til
Arnafjord. Her fekk me høyre om
endå ei tragisk rasulukke. Om
raset på Nese i 1811, som tok
45 menneskeliv. Berre 14 av dei
45 som omkom vart funne att og
vart gravlagde i ei massegrav.
Den 28.september i 2008 vart eit
minnesmerke avduka på Nese. Ei
”skredstove” vart bygd i 2009.
Me var også på besøk i Arnafjord
kyrkje, kyrkja på Nese. Vidar
fortalde oss litt om den enkle og
fine kyrkja frå 1880. Gitte heldt
ein liten andakt og me song
nokre salmar.
God mat, prat og latter – og meir
historie
Etter kvart gjekk turen tilbake
til Vik. Me hadde ein taletrengt
Helge Torstad med på turen, og
han hadde ein del gode historier
å fortelje. Ja, lattermusklane
fekk i alle fall trimma seg☺
I Kyrkjestova i Vik vart me ønskt
velkommen før me fekk servert
nydeleg gryterett med kaffi og
blautkake til dessert. Her vart
og litt historie frå Vik, og litt
song. Etterpå fekk me omvising
i Hopperstad stavkyrkje med ei
grundig orientering frå guiden
Kari Sunde.
Det vart ein lang dag med mange
inntrykk då me vel fornøgde tok
til på heimturen. Men – etter
at ferjeturen Vangsnes-Hella
var unnagjort fekk me vita at
dei hadde ei overrasking til
oss. På Leikanger stod Kjell
Sæter å venta på oss. Der
fekk me ein ”historietime” i
Leikanger kyrkje, og etterpå
besøk i prestegardshagen.
Her er det mange eksotiske
treslag, bl.a. tempeltre, ekte
kastanje, valnøttre og ikkje minst
”apenes skrekk”. Til og med
prestegardskatten var i godlune
og tok nokre akrobatiske øvingar
i trea.
Ja det var verkeleg ein hendingsrik dag, reine studieturen for
oss godt vaksne. Og alle let vel!
Hjarteleg tusen takk!
Kirsten Anny Amledal
Sogndalkyrkjelydsblad
Tekst og foto
nr. 3-13
9
Vitusmesse i Kaupanger
stavkyrkje
Sankt Vitusdag
Vitusmessa
i
Kaupanger
stavkyrkje vart markert 16.
juni i år. Sankt Vitusdag, 15.
juni, er ein katolsk og ortodoks
helgendag. Sankt Vitus, frå
ca 290 – 303, var ein kristen
helgen som leid martyrdøden,
som følgje av keisar Diocletians
forfølging av kristne. Han var
ein av naudhjelparane og skulle
vera særleg god til å hjelpa
barn og unge med epilepsi og
kramper. Pga. dette, og samt
den seinmiddelalderske tyske
skikken å dansa framfor statuen
av Sankt Vitus, har nervelidelsen
Sanktvejtsdans namn etter han.
Kjelde: Wikipedia
Felles gudsteneste
I Kaupanger blir dagen markert
fordi den gamle stavkyrkja vart
forsøkt påtent og brannskada
av kong Sverre og hans menn i
1184, natta til Sankt Vitusdag.
Gudstenesta er felles for heile
kommunen.
Bok til 6-åringane og aktivitet
på kyrkjebakken
I denne gudstenesta handla
dagens tekst om vennskap, om
at Gud har skapt oss og kva han
har skapt oss med. To små gutar
vart døypte, Sigurd og Heine.
Og for første gong vart det delt
ut nye bøker til 6-åringane i
Kaupanger. Dei heiter Nora,
Ronja, Linus, Emil, Sander,
Jenny Linn, Nikoai, Halvard og
Andreas. Dagens tekstlesar,
Tone Sætre Systad, fortalde litt
om den nye boka. 6-åringane
tente lys i lysgloben under
forbøna. Etter gudstenesta vart
det servert pøler og brød, brus,
kaffi og kaker på kyrkjebakken.
Og det vart arrangert leikar
for borna. Elles så var dei
inngjerda geitene og killingane
eit interessant skue for dei små.
Heldigvis var været ”på vår side”
under kyrkjekaffien, så alle såg
ut til å ha ei triveleg stund ute på
kyrkjebakken.
Kirsten Anny Amledal
Tekst og foto
10
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Dikt:
Natta og eg
Natta og eg er tvillingborn
Og mørkret det er vår mor.
Men natta fekk stjerner på
himlen sin, det fekk ikkje eg,
hennar bror.
Natta ho fekk ei gåve til
Som ikkje vart gjeven meg:
Ho spelar ein tone
– som ingen kan – når stilt
gjennom rømda ho dreg.
Elles er eg og natta eitt
og heitare meir og meir,
til dess vi omsider all rømda
rår og slepp ottast dagane
fleir.
Henta frå novellesamlinga
Natta og eg ved Haldis Moren
Vesaas. Samlaget 1967
Diktet er skrive av
Sogndalsdiktaren/ -forfattaren
Sigurd Kvåle
Frå bursdagsfesten i Norum kyrkje. Foto: Dorthea Høstaker Nordheim.
Kyrkjejubileet i Norum
Helga 8.-9. juni var det storstila jubileum for Norum
kyrkje.
Både jubileumsnemnda og soknerådet var svært fornøgde med
arrangementa. Tenk å engasjera så mange i bygda, ha ein fantastisk
flott konsert laurdagskvelden og jubileumsgudsteneste der også
mange tidlegare prestar tok del! Både gudstenesta og samlinga
etter gjekk som planlagt. Stort! – melder leiar i soknerådet.
Redaksjonen
Tekst og foto
Foto: GHN.
Jubileumskoret med musikarar, solist og komponist.
Foto: Odd Stubhaug
Sverre Volle hadde komponert
tingingsverket til jubileumskonserten. “Ei
perle vakkert skin.” Foto: Odd Stubhaug
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
11
Intervju med Arild Slinde
Arild har vore tilsett som organist/kantor i Sogndal sidan 1977. Han kjenner orgelet
i Stedje betre enn nokon. Han kan fortelje at orgelet er frå 1967, har 30 stemmer,
tre manualar og pedal. No er det eit stort behov for ei større restaurering av orgelet.
Kan du seie noko om tilstanden til orgelet? Dei fleste
av oss klarar kanskje ikkje høyre at det er noko gale
sidan du lokkar fram dei finaste tonar uansett. Er
det fare for at det plutseleg blir stille?
Eg kan ikkje seie at orgelet kjem til å bryte samen,
men det firma som har vedlikehaldet på orgelet
har stoppa stemminga fordi det vil øydeleggje
orgelpipene. Ein skade på lufttilføringssystemet
i orgelet vart oppdaga under årleg vedlikehald i
august 2010. Etter den tid er ikkje orgelet blitt
stemt, og det kan merkast. Før dette hende var det
på planen å endre nokre av stemmene i orgelet.
Sjølve pipematerialet er godt og det er naturleg
at ein intonerer orgelet med jamne mellomrom.
Intonering vil seie at ein får orgelpipene til å
klinge godt saman i kyrkjerommet.
Kva er status og planen vidare?
Pr. i dag har fellesrådet om lag kr. 500.000
disponibelt til orgelrestaureringa. Dette er
investeringsmidlar og gåver frå private, lag
og organisasjonar. I sommar mottok me svar
på søknad hjå Leighs legat der dei gav tilsegn
om at legatet i samband med 105-årsjubileet
gir kr.105.000 til orgelet i jubileumsgåve. Dette
er veldig gledeleg og gir eit skikkeleg løft til
innsamlingsaksjonen. Utover hausten blir det
fokus på innsamling til orgelet. I dette nummer
av bladet ligg det ein giro som me håpar mange
vil nytte. Og det er planlagt å ha ein konsert eller
samling i kyrkja kvart semester der ein også
samlar inn pengar til orgelet. Den første samlinga
blir 27. oktober kl.19:30 i Stedje kyrkje.
Orgelet nærmar seg 50 år og brytarane på
spelepulten er av plast. Nokre av desse er knekte
og ein får ikkje tak i nye. Ein ynskjer difor ein ny
spelepult. Oppgraderinga vil medføre at orgelet
teknisk framstår som nytt. Til samanlikning kan
ein seie at kostnaden med eit nytt orgel ville
blitt om lag dobbelt så dyrt. Me har avtale med
ein godkjent orgelkonsulent som hjelper oss i
prosessen, både med kva som bør gjerast med
orgelet og krav i forhold til anbodsprosessen.
Magny Ugulsvik Bukholm
I tillegg er orgelet vanskeleg tilgjengeleg for
vedlikehald. Det er stemmer ein pr. i dag ikkje
kjem til. Ei ombygging av orgelhuset vil medføre
færre timar med vedlikehald.
Orgelreparasjonen/restaureringa er altså i tre
hovuddeler:
•Reparere lufttilføring, nye pipestokkar
•Ny spelepult
•Ombygging av orgelhuset og intonering av
orgelet
Har ein ei oversikt over kor mykje dette vi koste?
Mellom 1,5 og 2 millionar, der om lag halvparten
er reparasjon, resten er oppgradering og
restaurering.
12
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Tekst og foto
Blomstergudsteneste og jonsokbryllaup
Etter kvart har det vorte tradisjon
med blomstergudsteneste sundagen etter boknatti. Det var det
i år og. Borni samlast i kyrkja ein
time før gudstenestestart for å
gå gjennom det som skulle skje i
kyrkja denne dagen.
Så plukka borni blomster og
møttest på ferjekaien for so etter
kvart og samla seg til oppmarsj,
med jonsokbrudeparet, som
denne gong var Ida Susanne og
Yrjan, til kyrkja . Nokre vaksne
var og med i fylgje. Ved kyrkja
venta dåpsfylgje, med Andrine
Nesse Bøyum som skulle berast
til dåpen denne dagen. Heile
fylgje gjekk so inn i kyrkja til
Frå venstre: Amund Mundal, Ida Susanne Supphellen, Yrjan Tufte, Sjur Wilhelm Mundal.
Elias Øygard kunne ikkje møta.
songen «Dine hender er fulle av
blomar». Alle blomsterbukettane
vart hengde opp på krossen som
tidlegare er laga til dette høve.
Kjell Olav var prest og han hadde
lagt opp innhaldet i gudstenesta
slik at det var lett for borni å fylja
med. Teksten i dag handla om
Johannes Døyparen.
Trusopplæraren vår, Guri, ilag
med kyrkjeverten, Sølvi, delte så
ut bok til 6-åringane. Det var 5
born som skulle få den, og det
såg ut til at dei vart glade og
spente for boki.
Jonsokbrudefylgje med 5 medlemer frå korpset i fremste
rekkje, spelte marsj på veg til
Hotel Mundal. Der var planen
at det skulle vera tilstelling på
plenen, men på grunn av regnet
som akkurat då plaska ned fekk
alle lov å koma inn for å få saft,
bollar og kaffi. Takk til Hotel
Mundal. Etter ei kjekk stund i
kyrkja og på hotellet reiste alle
heim kvar til sitt.
Nils Skeide
Tekst og foto
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
13
S ID E
Prikk til prikk
Fargelegg
Adam og Eva
i Edens hage!
Tegn en strek fra
1 til 2 og så videre.
Hva skjuler seg her?
Fargelegg
Tegning: Asbjørn Tønnesen
Finn fem feil
De to bildene er nesten like. Finner du de fem feilene på bildet til høyre?
Tegning: Asbjørn Tønnesen
nett SPRELL
.no
– Musikkvideoer
– Tegnefilmer
– BARNAS-konkurranser
Søndagsskolens !
nettside for barn
14
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
14 blader + DVD + CD
= kun 365,nr.7
Oppdrag: Umulig?
(privatabonnement
hjem i posten)
Gruppeabonnement
kun 189,- pr barn
Manus:
Odd Ketil
02 Himmel
Sæbø
Forteller:
Ålesund
livet
Solister: Soul Children
Astrid
Walderhaug
Myren
og Kristian
T/M: Runar
Musikkprod Bang
uksjon/arr./m
Henning
Kalvøy,
iks: Dag
Vokalprodu
1/0 Studios,
Trommer: ksjon: Runar
Oslo
Børre
Bang
SØNDAGS
Flyen
over
Harald
Jakten
stille på
stemmden
en
Stoltenberg
10 God
tid
Anita
N.
StangelanGjerlaug,
Rebecca
Fjalsett, d Kaufman,
Mathias
T: Karin Karin K.
Manvik
M: Karin K. Manvik og
K. Manvik Merete
O: Hildegunn
F. Arnevåg
En
Bestill
-CD
Paradisbukta
barneblade
SKOLEN
Gitarer,
Garnes Jesus og Tomas,med tårnagente
2
t
side
produksjon Reigstad
NORGE
på www.sond nes BARNAS
04 Herren
side 4-5
2011 Kristian Kvalvaag, bibelserien
og arr.
klubbavis
Bratsj:
Vetle
agsskolen.n
er min
Basement av komp:
Tarjei
Kleveland
hyrde
Dagens
ord:
o
Miks: Espen Nysted
T: Asle
Studio
Bjorvatn og
Gjelstad
M: PhatBack
Tekniker
Sammen
med Gud(SalmeHanna Muren Audiopol Studio
Gundersen
Tekniker
Fra CD-en
Antonsen, voice: Håvard
selv om
vi ikke ser ham 23)
,
15. april • 2012
(vokal):
Sanden
06 Kom
Propell
Media
2011
08 Skattesk
Tore
rin
Thomasse
T/M: Tore
n
Fra CD-enThomassen
Skatteskrin
Lynor
as 2005
PostproduStudio StaffeldtsGressum
ksjon/ferd
Vegard
Schow,
Illustratør
Make igstilling:
: Kanako Music AS
Grafisk
& Yuzuru
design:
CD trykk:
Camilla
Produsen Dicentia
Hoholm
t: Odd
Ketil Sæbø
© og
NORGE SØNDAGS
SKOLEN
www.sond2012
agsskolen.n
o
Make
Vegard
Music
Schow,
SØNDAGSAS
SKOLEN
NORGE
2012
Jentegrup til meg
pa
Solist:
Mathea Seven
T: Britt-Venke Celine
Løver
M: Melinda
Oldebråten
Fra CD-en E. Løver
Det er
Seven
gull
Song Productions
12 Aria
Liv-Bened(utdrag)
icte
Fiolin:
Hallvard Bjørneboe
M: Liv-Benedic Bjørneboe
fra CD-en
te BjørneboeSæbø
Aria
Liv-Benedic
te Bjørneboe
2009
14 Tomas
Elias
sang
Songe
T/M: Hans
og barn
ProgrammeInge Fagervik fra Tromøya
ring/teknike
Rasmus
Solem
r:
Bass/keyboa
rd: Rasmus
Gitar:
Hans
SØNDAGSInge FagervikSolem
SKOLEN
2011
NORGE
Jakten
stille på
stemmden
en
Den gode
LUKAS
Bli en
ekte tårnagen
www.tarn
agentene t på
Få agentbev
hemmeli is og .no
ge oppdrag!
Jakte
stille n på
stem den
men
2012
SUKAI
LINNEA
MARTIN
Bestill på [email protected]
eller på telefon 22 08 71 00
gode
De n e re n
jet
g
20 tegnefilmfo
liv.
fra Jesu
DVD-trykk
ing:
Dicentia
Tønnesen,
Asbjørn
Chris Murphy,
Vera Tataro, Jansen,
Rikke Fjeld
Gaustadnes,
Raymond
Erik Ødegaard
gj
innlesing:
Produsent Arnevåg
Føyen
Merete
Harald Stoltenberg
Tegnere:
Christoffer
rtellinger
Forteller:
Den god
e
g j e te re n
:
Film
Animasjon
Alve, CirkA
-DVD
En
gode
De n e r e n
et
Tegneseriem
anus/produs
Runar Bang
En
-DVD
ent:
fra
nd 2011
Søndagsskoleforbu
og © Norsk
0606 OSLO
Etterstad,
PB 6552
av DVD:
Bestilling
gsskole.no
butikk@sonda
t på
Bli abonnen
i posten.
lens barneblad
rett hjem .no
+ bok
Søndagssko
ndagsskole
+ DVD
14 blader på barnas@so
Bestill
En
NSSF
-DVD fra
S0211
© 2011
SØNDAGSSKOLEN
NORGE
S0112 © 2012
tarnagentene.no
Tårnagentenes
eget nettsted!
Sommaren i Fjærland
Den 22. juni var det konsert med Olaug Mundal og
Linn Ellise Hovland.
Opptakten til denne konserten vart gjort av
aktørane sjølve. Linn Ellise sang og Olaug spela
piano og song. Tema var Stemningar frå Norden.
Dei skriv i innleiinga til programmet sitt:
Dei fleste forbind norsk og nordisk musikk med
komponistar frå den romantiske tidsepoken, slik
som Grieg og Sibelius, men det nordiske musikalske
landskapet har mykje meir å by på. Tekstane skildrar
ofte stemningar i nordisk natur, og tonespråk har
eit klart og reint uttrykk som gjenspeglar seg i den
nordiske folkesjela.
Det tek for mykje plass å referere alle titlar,
forfattarar og komponistar.
Gabriellas song og Killingdans frå Haugtussa for å
nemna to.
Ei flott stund i kyrkja. Tusen takk til dei. Skal me
vona på ein reprise til sommaren?
Sigrid Moldestad med musikantar vitja Fjærland
3. august. Den konserten var det Fjærland
Fjordstove Hotell som ordna med. Det var full
trøkk frå start til slutt. Ca 140 tilhøyrarar møtte
fram. Kunne sikkert vore ein god del fleire. Det
var sagt at berre tilfeldigheit gjorde at folk hadde
fått vita om konserten. Det var i alle fall alle tiders
å høyra på.
Kyrkjelyden frå Lom var også på besøk i kyrkja.
Dei hadde med seg i fylje både soknepresten og
organisten sin. Åge Mundal, som tidlegare har
vore prest i Lom, var kontaktperson. Han leia, og
hadde andakten i kyrkja. Det var solosong ved
Synneva Heggeim (presten). Lom kyrkjelyd har
tidlegare vore på besøk i Fjærland. Det er kjekt at
slike turar gjentek seg.
Takk for meg !
Alt har si tid, heiter det, og vi veit at det er sånn
- anten vi likar det eller ikkje. Og no er tida kome
for å takka for meg og avslutte tenesta mi som
prest i Sogndal og Indre Sogn. Det er heile 24 år
sidan eg kom her – saman med Kjersti og to små
born. Og når vi no fer vidare har vi 4 vaksne born
og to borneborn som har reist i førevegen.
I tida vi har vore her har vi blitt glade i både
menneska og staden, og eg kjenne at det er eit
heilt stykke arbeid å bryte opp og dra vidare til ein
ny stad og eit nytt arbeid.
Eg byrjar 1. oktober som personalprest i Bjørgvin
bispedøme. Tanken er at eg skal vera ein god
samtalepartnar og medvandrar for alle prestane
i Bjørgvin. Hus og heim vil vi ha i ein stor gammal
prestebustad i Indre Arna.
Så no er det tid for å takke! Takke for oss og takke
for meg!
Takk til alle eg har møtt på så ulike dagar i livet
og i så mange ulike samanhengar. Takk for det vi
fekk dele. De har lært meg mykje om livet, om
trua og gjort meg til eit rikare menneske! Sogndal
og Indre Sogn vil alltid ha ein stor plass i hjarta
mitt!
Lukke til vidare alle saman!
”Stao no pao!”
Hugs at Gud er glad i dykk,
og at de har ein heim i kyrkja.
Gud velsigne dykk
alle!
Beste helsing
Fjærlandskyrkja må vera ein populær stad å
inngå ekteskap. Denne sommaren har 4 ektepar
vorte vigde her. Dette er flott, sjølv om dei ikkje
vert verande i bygda.
Bård m/fylgje
Nils Skeide
Tekst
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
15
Kunngjeringar
og smånytt
OKTOBER
3. Knøttekor og torsdagsklubb
4.-7. Leir for 5.- 7. klasse
10. Småbarnstreff
10-13 Leir for 8.-10 klasse
17. Knøttekor og torsd.klubb
24. Småbarnstreff
25. Haustbasar
31. Knøttekor og torsd.klubb
NOVEMBER
7. Småbarnstreff
8.-10. Leir for 16 - 30år
14. Knøttekor og torsd.klubb
21. Småbarnstreff
22. – 24. Barnas Songleir 2.- 7.klasse
28. Knøttekor og torsd.klubb
30. Juleverkstad 4år-12år
DESEMBER
5. Småbarnstreff
6. Julemiddag for voksne
12. Småbarnstreff
21. Julemiddag for Ungdom
31- 1. jan. Nyttårsfeiring
Julegåvetips
Jubileumsskrift i samband
med Norum kyrkje sitt 150 års
jubileum.
Norum sokneråd og
jubileumsnemnda har fått laga eit
flott jubileumsskrift. Her finn du
både faktastoff og folk sine minne
frå kyrkja. Heftet skal vere delt ut
til alle husstandar i Norum sokn,
men om du ikkje har fått bladet,
ynskjer fleire hefter eller bur ein
annan stad og ynskjer heftet, kan
du ta kontakt med Rønnaug Dahl
97986526. Heftet kostar kr.150,-
Konfirmantjubileum i Stedje, Kaupanger og Norum sokn
2. juni var 50-års konfirmantane
i desse sokna inviterte til
gudsteneste med påfølgjande
festsamvær på Hofslund Hotell.
Jubilantane melder tilbake at
det er hyggeleg at kyrkja ved
kyrkjekontoret tek initiativ til ei
slik markering. Jubilantane vil
også rette ei takk til dei som tok
initiativ til eit opplegg dagen før
og.
Foto: Fotograf Sviggum
Selskap
Lyngmo har flotte lokale til
konfirmasjonar, minnestunder og
andre selskap.
Ta gjerne kontakt for informasjon og
tilbod
Mail: [email protected] eller
tlf: 57684366
16
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Konfirmantjubileum i Fjærland
8. september var det og jubileum for dei som var konfirmerte for 51 og
50 år sidan.
I desse kulla var totalt 23 jenter og gutar. Som normalt passar det
ikkje for alle å møta. I 51-års kullet mangla det fire. Det er: Jostein
Teigen, Halfrid Sofie Bjåstad Berge og Kristi Anny Romøyri Bergheim.
Den fjerde, Solveig Ramsfjell er død.
I 50-års kullet var det fem som mangla. Det er: Kåre Berge, Jarle
Distad, Grete Helene Høisæther og Ingebjørg Margrete Turøy. Her var
det og ein som er død, Svein Arne Supphellen.
Gudstenesta hadde og innslag med song ved fylkesmusikar Elin
Grytting.
Ho hadde og ein liten konsert straks etter gudstenesta.
Konfirmantjubilantane avslutta dagen med middag på Fjærland
Fjordstove Hotell, med god mat og mimring.
Ein fin søndag med flott sommarvêr.
Tekst og foto: Nils Skeide
1-2-3 Småtrolltrall
i Stedje kapell
hausten 2013
Dette er ei samling i Stedje kapell
for foreldre med 1-3 åringar, i
ettermiddagstid frå 17.00-18.15, og er
ei naturleg vidareføring av babysong.
Samlinga er litt meir leikprega, men
framleis står songar og morosame
regler i fokus.
Det vert servert kaffi/te og saft, gratis.
Samlingane er sjølvsagt for alle sokna
i Sogndal kommune, sjølv om dei finn
stad i Sogndal!
Ta gjerne med kveldsmat-nistepakke!
Her er datoar for resterande
tysdagssamlingar denne hausten:
29. oktober, 12. november,
26. november og 10. desember.
Lysekruna
som er gjeven av ekteparet
Anne Karin og Leif Arne Bakke i
samband med 100 års jubileet til
Fjærland bedehus.
51-årsjubilantane. Frå venstre: Harald Frækaland, Ester Thue Nordheim, Jorunn Sofie
Halland Skeide, Reidun Vangsnes og Arvid Mundal.
Den er montert av brørne Svein
Arne og Tor Magnar Bøyum.
Tusen takk alle saman.
50-års kullet. Frå venstre: Kari Bøyum, Hans Haugen, Nils Lidal, Johannes Reinen,
Karsten Skeide, Konrad Aksnes, Audun Olav Eidsnes, Kari Maria Rutle Fjærestad,
Steinar Distad.
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
17
Gjenbruk til nytte og glede
I gamle Åbergebygget i Fjørevegen ligg bruktbutikken
til NMS (Det norske misjonsselskap). Den har no
vore driven i over ti år og er populær som aldri før.
Hit kjem folk med alle slags bruksgjenstandar,
koppar og kar, lamper, klede og møblar som me
kan selja vidare til ein rimeleg pris. Me som jobbar
i butikken tykker det er kjekt å sjå at ting som er
for gode til å kasta, kan koma til nytte og glede
for andre, t. d. studentar, innvandrarar og mange
andre interesserte. Her kan dei finna fine servise,
gode klede og sko, ein og annan antikvitet eller
supplement til noko dei har heime. Mange turistar
finn også ting dei vil kjøpa med seg heim. Det kan
vera ting av kopar, tinn, messing eller keramikk.
Dette året har me også satsa meir på sal av møblar.
Møblane blir lagra i gamle Bedehuset, som no har
stått tomt ei stund. Her kan dei finna sofagrupper,
bord og stolar, senger, hyller, kommodar o.l. De
som vil kjøpa eller sjå på møblar, må ta kontakt med
oss i butikken. Dette gjeld også for dei av dykk som
vil levera møblar.
Me er ein gjeng damer som jobbar friviljug, og tek
18
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
ein og annan dag i butikken. Det kan vera travelt,
men me tykkjer også det er sosialt og svært kjekt.
Me tek gjerne imot fleire medhjelparar!
Mange tunge tak kan det bli, særleg med møblane.
Difor ønskjer me fleire friviljuge menn som kan
hjelpa oss. På grunn av den store tilstrøyminga
av varer, har me bestemt at me ikkje lenger tek
imot elektriske varer, utanom lamper. Og me ber
innstendig om at folk berre leverer ting og klede som
kan seljast vidare. Elles vert det mykje ekstra arbeid
for oss med sortering og kasting.
Kjekt at det er ”in” med gjenbruk!
Ingrid og Marit
Tekst og foto
Opningstider:
Mandag – onsdag + laurdag: 10 - 15
Torsdag og fredag: 10 - 16
Trimbingo og
gudsteneste
Ny prost
Søndag 25. august arrangerte Norane idrettslag
saman med Norum sokn fellestur med trimbingo
og gudstenesta på Skriksvatnet. Me starta på
Raunehaugen med sal av bingoblokker, langs stien
var bingotala hengt opp på ulike postar. Vel oppe på
Skriksvatnet heldt Egon Askvik preik til dei 32 ivrige
trimbingo deltakarane.
25. august vart Kjetil Netland
innsett som prost i Indre Sogn av
biskop Halvor Nordhaug.
Kjetil er 55 år og kjem frå
stillinga som sokneprest i Stryn.
Han har tidlegare vore prest i
Lærdal.
MUB
Foto
Mai Sigrid Teigen
Tekst og foto
Bård Haukedal er tilsett
som personalprest i Bjørgvin
bispedøme. Han tok til i
stillinga 1. oktober. I tillegg til
å vere sokneprest i Sogndal
og Kaupanger har han vore
fungerande prost i Indre Sogn i
2 ½ år.
Vikar for
trusopplærar
Nils Einar Berget er tilsett
som
vikar
i
trusopplærarstillinga i Sogndal og
Leikanger. Nils Einar er 29 år,
nyutdanna med mastergrad i
kristendomskunnskap frå NLA
Bergen.
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
19
Støttespelarane våre:
Hagalandet, 6851 Sogndal • tlf 57 67 16 22
6801 Førde • tlf 57 83 70 90
maskinsenteret.as • [email protected]
www.lerum.no
RØYRLEGGJAR
Arild Johannes Sandvik
6848 FJÆRLAND
Telefon 97 03 08 67
Tømrar
Jostein Øygard
nybygg • tilbygg • rehab • flis • våtrom
- Liftutleige Parkveien 5, 6856 Sogndal • Tlf. 57 62 88 50 • e-post: post@advokat-tollefsen
Telefon 97 09 79 82
Optiker
Kjell M. Talleraas
Telefon 90 11 67 83
6856 Sogndal • tlf. 920 94 145 • nettbriller.com
Byggmester
Ingmar Stenehjem
mob. 90 58 10 21 • tlf. 57 67 29 52
www.stenehjembygg.no
Sogn Synssenter
Synsprøve • Briller • Kontaktlinser
Tlf: 57 67 50 50
ME SJÅAST
Med topp moderne synsprøveutstyr og fokus på augehelse, tek me
synsprøve, trykkmåling og bilete av auga.
Ved behov for briller på dagen, har me lager på einstyrkeglas (+/- 4, cyl. 2)
20
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Postboks 25, 6851 Sogndal
Annonseplass
Her har din organisasjon, bedrift eller foreining,
høve til å kjøpe annonseplass.
På den måten får du støtte kyrkja sitt positive arbeid for barn,
unge og vaksne i alle aldrar. Samstundes gjer du di verksemd kjend.
Velkomen til å ta kontakt!!
Fossetunet 4, 6856 Sogndal
Tlf.
57 68 144,776856 Sogndal
Fossetunet
Tlf. 57 68 Lærdal
14 77
Avdeling
Tønjum,
Lærdal
Avdeling6887
Lærdal
Tlf.
57
66
86
60
Tønjum,
6887
Lærdal
Fossetunet 4, 6856 Sogndal
66 86 60
Tlf. 57 Tlf.
68 57
14 77
Telefon heile døgnet:
Telefon
57 68 14heile
77 døgnet:
57
14 77
Kjell68Grønli
Kjell Grønli
Anne
Kristin Gunvordal
Anne
Kristin
Gunvordal
[email protected]
Telefon heile
døgnet:
57 [email protected]
14 77
Avdeling Lærdal
Tønjum, 6887 Lærdal
Tlf. 57 66 86 60
Kjell Grønli
Anne Kristin Gunvordal
[email protected]
Telefon: 57 67 18 85
Opplæring klasse
A1-A-B-BE-T-M146
Trafikalt grunnkurs
E-post:
[email protected]
www.sognekraft.no - P.b. 3, 6891 Vik i Sogn - [email protected]
SLINDESENTERET • MARINA • TRANSPORTØR
www.skrivargarden.no
Epost: [email protected]
Sentralbord: 57 66 23 60
Bank: 3705.17.34204
Orgnr.:974 900 580 MVA
å r d a l : Storevegen 13,
6884 Øvre Årdal
s o g n d a l : Tess-bygget (2. etg.),
Nestangen, 6856 Sogndal
Slinde, 6856 SOGNDAL - Tel. 57 67 65 00
www.slindetransport.no
Aut. rekneskapsførar
N-6848 Fjærland
Telefon: 913 63 327
E-post: [email protected]
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
21
Ætti i glede og sorg
DØYPTE
VIGDE
DØDE
FJÆRLAND:
FJÆRLAND:
KAUPANGER:
23.06.13 Andrine Nesse Bøyum
01.06.13
Ingrid Vaage og
Sondre Mundal Eikeland
Ingebjørg
Sviggum 03.02.1919 – 29.07.2013
Kaupanger:
29.06.13
Silje Bøyum og
Håvard Thøgersen
06.07.13
Sunniva Petersen Johansen og
Per Inge Hove
03.08.13
Marianne Bøyum Løken og
James Thomas Winter
14.04.13
02.06.13
16.06.13
15.09.13
Pompimol Ketthim
Marius Sva Ramstad
Casper Servold Wåseth
Tobias Orrestad Matre
Maren Håvardstun Eide
Sigurd Helleve Orkelbog
Heine Vedvik
Sjur Vebostad
Mathias Ness
Ola Kristiansen
Malin Sønsthagen Nornes
Olav Bjørkum
Norum:
Hildur Fimreite
22.06.13
Henriette Engan og
Thomas Løvik
03.08.13
Monica Særsten Rolfsnes og
Idar Nyland
28.02.1923 – 04.08.2013
stedje:
Johan Vikane
KAUPANGER:
24.06.1930 – 02.09.2013
29.03.1935 – 03.06.2013
Ingrid Ragna Færestrand
07.07.1933 – 09.08.2013
Kåre Øydal
11.10.1926 – 16.08.2013
NORUM:
07.07.13
28.07.13
Atle Gustavsen Fimreite
Sofie Løkø Ylvisåker
Martine Slinde Skodvin
Hans Nicolas Hovden-Fernandes
Jacob Holvik Evjen
STEDJE:
22.06.13
Anita Lavik Foss og
Roar Midlang
29.06.13
Kristin Espeland og
Vegar Myklebust
Stedje:
21.04.13
02.06.13
23.06.13
30.06.13
14.07.13
04.08.13
11.08.13
18.08.13
08.09.13
Leon Lukas Tvedt Aakre
Alvilde Strøm-Sire
Sara Røysi Hovland
Celine Wolff Bolseth
Henrik Mo Mundal
Linnea Haukås Tonheim
Marie Eikevik
Viktoria Høgi
Live Holen Loven
Marius Skartun
(døypt på Tungestølen, Veitastrond)
Elise Kaldestad
Marcus Hjelmeseter Molland
Jonas Hålien-Skahjem
Benjamin Barsnes Frøyd
(døypt i Tjølling kyrkje)
Malene Henjum-Reppen
Ella Eggum Talleraas
Arianne Hjorthaug Åsebø
Linnea Hodlekve
22
nr. 3-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Ta kontakt med kyrkjekontoret om
moglege datoar for dåp og vigsel.
Telefon 57679985.
Velkomen til
gudsteneste
Med atterhald om endringar.
Sjå Gudstenesteliste i Sogn Avis eller på www.sogndal.kyrkja.no
OKTOBER
6. oktober
13. oktober
20. oktober
27. oktober
Stedje kl.19.30: Kveldsgudsteneste
Leikanger kl.17.00: Hausttakkefest. Utdeling av bok til 4-åringane
Kaupanger kl.11.00: Høgmesse
Stedje kl.11.00: Hausttakkefest
Fjærland kl.11.00: Familiegudsteneste. Utdeling av bok til 4-åringane
Leikanger kl.19.00: Gudsteneste
Stedje kl.11.00: Høgmesse
Stedje kl.19.30: Salmekveld
NOVEMBER
3. november
10. november
17. november
24. november
Kaupanger kl.11.00: Helgemesse
Leikanger kl.11.00: Helgemesse
Norum kl.16.00: Helgemesse
Stedje kl.18.00: Gudsteneste med nattverd
Stedje kl.11.00: Høgmesse
Fjærland kl.11.00: Høgmesse
Stedje kl.11.00: Sprell-levande gudsteneste. Utdeling av bok til 4-åringane
Kaupanger kl.11.00: Familiegudsteneste. Utdeling av bok til 4-åringane
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste for store og små
Stedje kl.11.00: Høgmesse
Leikanger kl.19.30: Jazz i vintermørket
DESEMBER
1. desember
8. desember
15. desember
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste
Stedje kl.19.30: Lysmesse
Norum kl.16.00: Lysmesse
Kaupanger kl.17.00: Lysmesse
Leikanger kl.20.00: Lysmesse
Fjærland kl.15.00: Julekonsert
Kaupanger kl.16.00: Julekonsert
Norum kl.16.00: Julekonsert
Leikanger kl.18.00: Julekonsert
Stedje kl.19.00: Julekonsert
Salmekveldar i Stedje kyrkje
Det er plan om å ha ein serie med salmekveldar i Stedje kyrkje.
Første samling er 27. oktober kl.19.30. Soknerådet inviterer ulike personar som kan fortelje om ein
salmediktar sitt liv og bakgrunn for salmane. Kyrkjelyden er med og syng salmar. Etter kvart kan
det også vere aktuelt å gå gjennom salmar i den nye salmeboka. På desse kveldane blir det også
høve til å gje ei gåve til orgelinnsamlinga.
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 3-13
23
INFORMASJON
Den grøne perla
Av Kjell Olav Høstaker Nordheim
”Alt gjorde han vakkert, kvar ting til si
tid.” (Fork. 3,11a)
Kvar haust lagar dei nye konfirmantane sin eigen perlekrans, som
noko av det første dei gjer. Det er
ein bønekrans som passar godt på
handleddet eller i lomma. Den er lett
å ta med overalt. Kransen høver også
godt til å henge på rommet, ein plass
på veggen der dei lett ser han.
Saman brukar me kransen for å
utforske draumen; at me alle kan oppdaga at Gud inviterer oss til å høyre
heime hjå seg. At Jesus fortel oss at
det finst ein skatt; Guds rike. Og at i
denne skatten er kvar konfirmant, ja
kvart menneske som ei verdifull og
umisteleg perle.
Me treng ei verd å høyra til i, ei verd
som lever og som gir liv. Ei verd som
ikkje er vår, men Gud si. Ei verd som
han har bedt oss om å ta vare på.
Stjernene lyser fremdeles i mørket,
solen gjør natten til morgen og dag,
stjerner og sol sender lysende drømmer
over vår sårede, blødende jord.
Ofte er det slik at det som er oss aller
nærast, gløymer vi lettast. Me får
leva i ei verd der marka gjev grøde,
der me finn det me og andre treng
for å overleva, leva og utviklast. Ei
god verd. Derfor er eg glad for at den
grøne perla er komen med i kransen.
Ennå er håpet en levende flamme,
lyset er tent i den mørkeste natt,
ennå kan sårene leges og heles,
vi kan forsones med jorden, vår mor.
”Alt gjorde han vakkert”, slik var det
i byrjinga. Profeten Jesaja, han ser
fram mot den dagen då Gud er vorten
alt i alle, og ingen skal skada eller
øydelegga noko lenger, fordi ” landet
er fylt av kjennskap til Herren, slik
vatnet dekkjer havsens botn.” (Jes.
11,9) Det høyrest svært ut, å kjenna
Gud. Korleis ser det ut, når nokon
kjenner Gud og er kjent av han, kan
me forestilla oss det? Eg trur alle forteljingane om Jesus er som vindauge
der me kan sjå kva dette inneber. Og
Jesus, han gir menneska håp, midt i
den verda vi lever i.
Drømmen og håpet skal bo i vårt hjerte!
Se, nå er skapelsens åttende dag!
Vi skal erkjenne i gledesfylt undring:
Alt som er skapt er vår søster og bror.
Vi skal få tro på en fremtid på jorden;
avmakt må vike og dag følge natt,
se, våre søsken i skapningens mangfold
venter på handling fra hjerter som tror.
Skapningens sukk skal forvandles til
lovsang, sangen skal fylle vår jordiske dag;
alt vil vi bære i bønn til vår skaper,
vi som er barn av hans rike på jord.
(Salmar 97 nr 123, Svein Ellingsen
1991)
Perlene har ulike fasong, ulik størrelse og ulik farge. Kvar på sin måte
kan dei opna opp og peika utover seg
sjølv.
I år har ei ny perle funne vegen til
kransen – den grøne perla. Ho har
fått sitt eige namn: Skapingsperla.
Perla som minnar oss om at det ikkje
er sjølvsagt at me menneske finst.
Bilete: Kjell Olav Høstaker Nordheim.
“Alt gjorde han vakkert!”