LÆRDAL KOMMUNE Kultur og oppvekst: Ny forskrift om skulekrinsane/opptaksområde Vedtak av ny forskrift om skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal kommune (fastsett i kommunestyret 09.02.17 med heimel i Opplæringslova av 17. juli 1998 § 8-1. ledd, andre punkt). Skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal skal vera slik: Oppvekst Borgund: 1.-7. trinn. Krinsen omfattar området for gamle Borgund kommune, med gamle kommunegrensa som grense i vest. Lærdalsøyri skule: Oppvekst Ljøsne inngår i krinsen til Lærdalsøyri skule. Krinsen omfattar resten av kommunen. Alle elevar på ungdomssteget går på Lærdalsøyri skule. Kart i målestokk 1: 100 000 følgjer som vedlegg til forskrifta. Forskrifta tek til å gjelde frå 01.07.2017 og erstattar forskrift av 01.07.12.
© Copyright 2024