Lærdal SV - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Side 1 av 2
Fylkesarkivet
i Sogn og Fjordane
Sakshandsamar:
Per Olav Bøyum
E- post: Per. Olav. [email protected]
Tlf . : 57638134
Vår ref.
Sak nr.: 17 / 78 - 1
Gje alltid opp vår ref. ved kontakt
Bente Øien Hauge
Internt
l.nr.
359 / 17
Dykkar
ref.
Dato
LEIKANGER , 04.01.2017
Lærdal
SV
Hei
Som avtalt sender eg dei første spora eg fann om Lærdal SV. Kanskje er det meir rett å tale om
dei første spora av lærdøler i SV, for nøyaktig kor tid lokallaget vart skipa har eg ikkje funne ut av.
Inter im s styret og pressemeldinga du nemner kan eg ikkje sjå ligg arkivert i materialet frå Sogn og
Fjordane SV. Anne Sofie Ljøsne fann eg derimot fleire dokument på. Det tidlegaste sporet
er frå ei liste til fylkestingsvalet
i 1979 (sjå vedlegg « Fylkestingsvalet
1979.pdf ») .
Opplysingane om kor tid eit lokall ag i Lærdal var i gang ser ikkje ut til å vere heilt
samstemt e . I ei medlemsmelding frå november 1985 står det følgjande: «Anne Sofie
Ljøsne dreiv valkamp med utsending av materiell og partimarkering
i Lærdal utan å ha
noko organisert lokallag i ryggen» (s jå vedlegg « Medlemsmelding 1985.pdf ») . Det var i
samband med stortingsvalet i 1985.
I 1984 vert det opplyst i eit rund skriv at Lærdal er utan lokallag, og året etter er Lærdal
ført opp som eit « laglaust strok » (sjå vedlegg « Oversikt 1985.pdf » ) .
Konklusj onen burde då bli at det ikkje fanst eit lokallag av SV i bygda i åra 1984 - 85,
men i eit landsoversyn står likevel Lærdal oppført med eit lokallag i 1984 (sjå vedlegg
« Medlemsverving 1984.pdf »). I eit anna dokument, som rett nok ikkje er datert, men
som lå g arkivert ilag med skriv frå 1985, er òg Lærdal oppført med eit lokallag (sjå
vedlegg « Liste over lokallag 1985.pdf »).
No må eg vedgå at eg såg raskt gjennom materialet, så eg kan ha oversett noko. Arkivet frå Sogn
og Fjordane SV er etter måten stort. Vedlegga får du tilsendt på Filemail.
Med helsing
Per Olav Bøyum
Arkivar - privatarkiv
Brevet er elektronisk
godkje nt og er utan underskrift
Vedlegg:
Besøk sadresse :
Postadresse :
Fylkeshuset
Askedalen 2
6863 LEIKANGER
E- post:
[email protected]
Heimeside:
www.fylkesarkiv.no
Telefon:
57638000
Bankgiro:
4212 02 02000
Org.nr :
NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 2
Mottakar (ar)
Bente Øien Hauge
Kopi til: