ÅRSMELDING NORDDAL KYRKJELYD 2013

ÅRSMELDING
NORDDAL
KYRKJELYD
2013
ÅRSMELDING FOR NORDDAL KYRKJELYD 2013
Innleling:
2013 har vore eitjamt arbeidsår med 150-års jubileet for Sylte kyrkje som årets høgdepunkt med
konsert, jubileumsgudsteneste ogjubileumskveld. Det har vore val på halvparten av soknerådet, og
olsokarrangementet og andre arrangement har gått som planlagt.
Soknerådet:
Soknerådet hadde denne samansetjinga i 2013:
Kjell Rødven, Validal
leiar
Jan Kåre Eide, Norddal
nestleiar
Jan Fredrik øvrevoll, Validal
Inger Anne Aarset, Eidsdal
Ingvild Hansen Nystad, Norddai
Nina Pernille R Grønningsæter, Norddal
Varamedlemer:
Geir Henriksen, Unn Linge Valdal, Harald Fossheim og Lillian Almstad.
Etter vaiet i september er desse i soknerådet frå I. november:
Tone Løvoll Kleiva, Eidsdal
leiar
Jan Kåre Eide, Norddal
nestleiar
Kjell Rødven, Validal
Tnger Anne Aarset, Eidsdal
Evy Henriksen, Fjørå
Gerd Austad Relling, Norddal
Varamedlemer: Elisabeth Grønningsæter, Harald Fossheim, Frank Rødven, Paul Fredriksen,
Lillian Almstad
Magne Eivind Glomnes er sakshandsamar og sekretær for soknerådet.
Soknerådet hadde 6 møter i 2013 med 33 saker. Itillegg har det vore eit felles møte med andre
sokneråd i fellesrådsområdet om trusopplæring.
Representantar i Storfj orden kyrkj elege fellesråd.
Kjell Rødven er Norddal sokneråd sin representant i Storfjorden kyrkjelege fellesråd.
Jan Kåre Eide er vararepresentant.
Berit Fredriksen har vore Norddal kommune sin representant i fellesrådet. Egil Berge er vara.
John Tnge Smoge er gått inn som kommunal representant frå hausten 2013.
Utval og kontaktpersonar:
Kontaktperson for Kirkens SOS er Jan Fredrik Øvrevoll.
Kontaktperson for Kirkens nødhjelp er Inger Anne Aarset og Kjell Rødven.
Kontaktperson for Amathea er Ingvild Hansen Nystad.
Diakoniutval: Tnger Anne Aarset, Lillian Almstad og soknepresten.
Gudrun er sekretær.Gudrun har vore i kontakt med medlemmane igjennom året, men utvalet har
ikkje hatt møte i 2013.
Undervisningsutval: Gunhild Lillebostad, Kenneth Hovden, Inger Anne Aarset og soknepresten.
Gudrun er sekretær. Utvalet har ikkjc hatt møte i 2013.
Gudstenesteutval:
Jan Fredrik Ovrevoll, Unn Linge ValdaI, Ililde Hcsthaug, lngvild I lansen Nystad, Carolin Eide og
Morten Gravdal. Utvalet har hall eiti mote i 2013.
Tilsette
Folgjandc tilsette har hovudarbeidsplass knytt til Norddal sokn:
Magne Eivind Glomnes
rådgjevar/adm.leiar
Gudrun Solvag Uri
ungdoms- og diakoniarbeidar
John Inge Smoge
kyrLjetcnar/kyrkjegardsarbeidar
Dan Hoglund
kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar
Carolin Eide
kantor/organist
100%
50%
100% (slutta mai 2013)
I 00% (fra juli 2013)
80% (Stranda og Norddal)
I tillegg er Martin Kristoffersen tilsett i trusopplæringsstilling 100% (Stranda ogNorddal)
Sokiiepres(
Morten Gravdal har vore sokneprest i Norddal i 100% stilling sidan hausten 2006. Han har kontor
saman med resten av staben på kyrkjekontoret på rådhuset. Soknepresten i Norddal er knytt til
samarbeidsområde med sokna i Stranda kommune.
Friviljnge medarbeidarar
Evy 1-lenriksen og Liv Bersås har sarnan med Gudrun vore med på Arnigoskiubben.
Takk til frivillige som deltek på “Ung fredag” og i samband med andre arrangement.
Det blir også drive anna kristent arbeid utanom soknerådet sin regi:
Sundagsskulen på Eide bedehus er driven av Gunhild Lillebostad, Hilde Hesthaug og Carolin Eide
Fjellrosa barneforening på Eide bedehus vert driven av Dagny Lovise Eide og Margaret
Eide/Gunnh ild Lillebostad. Sondagssku len på Sylte bedehus vert driven av Marit øvrevoll og
Monica Rodven. Vi takkar også dei som trufast stiller opp og steiker vafier og hjelper til på
plantedagane og andre samkome i soknet.
Soknerådct vil takke alle som driv frivillig kristent arbeid og som står på i tenesta år etter r.
Også dette året har friviljuge medarbeidarar ivareteke bl.a. klokkarjobben i gudstenestene. Det er
sett opp ei turnusliste mellom fleire friviljuge, og dette fungerer bra. Vi vil takke alle som velvillig
har stilt opp fleire sondagar siste året. Det vil vere behov for Ileire medhjelparar i gudstenestene.
Takk også til lag, organisasjonar og einskildmcnneske som har stilt opp med kaffi og kaker til
kyrkjekaffi.
Kyrkjene og kyrkjegardane
I 2013 er endeleg Norddal kyrkje blitt måla. Vi lëkk midlar frå Norddal kommune etter søknad om
tilleggsløyving for sommaren, og jobben vart for del meste gjort med eiga arbeidskraft innanfor
fel lesrådet.
Ordninga med opne kyrkjer vart vidareført i begge kyrkjene. l)ei var opne frå kl. 10 til 16 alle dagar
frå 1 5.juni til 15. august. Fleire personar var med og tok ansvar for låsinga i kyrkjene, og vi vil
takke dci for den jobben. Særleg Norddal kyrkje er godt besøkt, men vi ser lite igjen av auka
inntekter på dette og vil vurdere om ordninga kan oppretthaldast dersom organiserte grupper ikkje
legg igjen pengar etter seg. Det blir no vurdert tiltak som tvingar større grupper til å betale for seg
dersom ordninga skal fortsetje.
Aktiviteten på kyrkjegardane går sin gang som tidlegaie. Det var 26 gravlèrder i 2013. og det er om
lag som gjennomsnittet del siste 10 åra. Reiskapshus ved Sylte kyrkjegard ser dessverre ikkje ut til å
bli bygd i denne omgang, og kommunen har no også irekt inn lidlegare innvilga beløp.
økon om len
Økonomien til Norddal sokneråd har i 2013 gått med eit underskot på om lag kr. 6.000.
Kyrkjekonserten med Sondre Bratland og Annbjorg Lien og 150-års jubileet For Sylte kyrkje vart
dessverre eit større underskot enn lbrventa. Dette kan enno betre seg dersom Ileire kjøper
jubileurnshetlet, men ved årsskiFtet var det berre seld i underkant av 100 heFter.
Dersom ein ser på rekneskapen utanorn kyrkjejubileet er økonomien langt betre trass i at soknerådet
overforer om lag kr. 40.000 til fellesrådet til del finansiering av ungdoms og diakoniarbeidar.
På grunn av kraftig kutt i loyvinga Frå Norddal kommune til fellesrådet vil soknerådet måtte auke
inntektene i 2014 forå bidra meir inn i denne stillinga
Statistikk
Årsstatisikken viser at det er små endritigar i dci Lilike tala Frå år til år, men talet på døyple har vore
svært lagt i 2013. Når det gjeld deltaking ved gudstenestene har det vore ein liten nedgang i 2013 i
høve til tidlegare. Sjå kyrkjelydens årsstatistikk lenger bak for detaljar.
Kyrkj ebladet
I 2013 har vi produsert 4 nummer med eige kyrkjeblad. Det er særleg Grete Hoel og Morten
Gravdal som har gjort hovudtyngda av arbeidet med bladet. Inntektene har dekka kostnadane i 2013.
Norddal sokneråd takkar for gåvene som har kome inn til bladet siste aret. Desse gavene skal bidra
til at kyrkjebladet finansierer seg sjølv. Bladet vert distribuert av frivillige og vi vil takke dei som
hjelper til med denne jobben. I tillegg til distribusjon til alle husstandar blir bladet også lagt ut på
heimesida samstundes som det blir sendt til trykking. Det er såleis mogleg å lese bladet før det kjern
i postkassen. Minner om adressa på heimesida www.norddajjjkino
KYRKJELYDSARBEIDET
Arbeidet i kyrkjelyden har også dette året gått sin gang mcd jamn fordeling av gudstenester og
kyrkjelege handlingar på begge sider av fjorden. Talet på gudstenester går litt ned i høve til tidlegare
etter at biskopen har gjennomført ny forordning av gudstenester. Det er stort sett gudsteneste
annankvar gong i Norddal kyrkje og Sylte kyrkje. Totalt er det nokre få gudstenester meir i Valldal.
I tillegg har det vore ei friluftsgudsteneste på Alstad, I gLidsteneste på Eide bedehus på nyåret, og ei
i Tafjord palmesondag. I adventstida var det skulegudsteneste i Norddal kyrkje og Sylte kyrkje som
vanleg. Samarbeidet mcd skulane er bra.
Hausttakkefcstane i begge kyrkjene gjekk som vanleg med deltaking frå barnehagane og utdeling av
“mi kyrkjebok” til 4-åringane. Det har vore utdeling av Biblar til 5. klassingane med påfølgjande
bibelkurs med ei samling.6. klassingane med foreldre vart utfordra til å hjelpe til i gudstenesta
(6.klassingane) og med kyrkjekaffien (Foreldra) Nokre hjelpte til med dette, og det var veldig fint.
Ung fredag er eit tilbod til unge på ungdomstrinnet. Dette er eit lågterskeltilbod i samarbeid med
kommunen nokre fredagar på samfunnshuset i Valldal. Vi har også hatt nokre samlingar på Røde
kors-huset i Eidsdal. Tiltaket har samla gjennomsnittleg 30-40 ungdomar. Her er ungdomane med
på mange forskjellige aktivitetar. Vi har også eit “ord for dagen” i løpet av kvelden.
12013 var det ikkje anna barnekor enn nokre øvingar i forkant avjulaftan på Sylte. Carolin Eide har
permisjon og det har såleis ikkje lukkast å lå til noko tilbod denne hausten.
Amigosklubben har vore i drift heile 2013. Det har vore gjennomsnittleg 12 jenter og gutar frå 2.—
7. klasse som har delteke.
Første veka i november2013 var det 150-års jubileum For Sylte kyrkje. Det heile tjuvstarta 10.
oktober då Annbjorg Lien og Sondre I3ratland hadde konsert i kyrkja. Del vart seld 112 billettar,
men det var dessverre om lag 50 For lite i høve til å li ballanse.
Fredag I. november korn JoyFuI Frå I lellesylt og hadde konsert sarnan med kulturskulen her. Det
vart ein flott konsert. Etterpå gjekk tingdomane opp på samfunnshuset på Ung fredag.
Biskop lngeborg Midtomme og nokre av dci tidlegare sokneprestane deltok på
jubileurnsgudstenesta søndag 3. november etterFolgd av kyrkjekaFfi på rådhuset. Soknerådet mottok
20 eksemplar av den nye salrneboka Frå Norddal kommune. Inviterte gjestar avslutta dagen med
middag på jordbærstova. Jubileet vart avslutta på sjolve jubileurnsdagen tysdag 5. november med
jubileumskveld. Då Førte Eystein 1-Ijelrne og Astor Furseth oss gjennom eit historisk tilbakeblikk på
sjølve kyrkjebvgget. Alle etterkornarane til dci som var med å byggje kyrkja var invitert gjennom
Stortjordnytt, og mange av desse var tilstades. Etterpå var det brennsnut og kaker på rådhuset og vi
kan sjå tilbake på eit vellukkajubileum.
Eldreinstitusjonane i Eidsdal og Sylle + Murilunel har hall Faste besøk med andaklar annankvar
veke. Kvar tredje gong med 6 vekers mellomrom er det ei nattverdsgudsteneste på
ornsorgsbustaden i ValIdal.
—
-
I vår vart I 7 kontirmerte i Sylte kyrkje og I I i Norddal kyrkje. I fastetida gjekk konfirmantane frå
dør til dør over heile bygda og samla inn mykje pengar til Kirkens Nødhjelp.
I haust byia eit nytt kull med konfirmantar. 13 soknar til Sylte kyrkje og 7 til Norddal kyrkje.
I ValIdal er konfirmantane samla på Sylle bedehus og i Eidsdal på omsorgsbustadane.
Konfirmantane var med på leir på Orreneset i november.
Det vart gjennomført to kveldssamlingar i Sylte kyrkje tilrettelagt for utanlandske arbeidarar. Her
har den Katolske kyrkja sagt at dci vil vere meir involvert i desse samlingane.
Det har vorte ein tradisjon med olsokfeiring på Alstad siste søndagen ijuli. Også i år vart
gudstenesta og kyrkjekaffien halde på Alstadhaugen. I år vart det mindre deltaking frå andre
kyrkjesamfunn delvis på grunn av mindre økonomisk støtte til arrangementet.
Det har vore mange konsertar i kyrkjene våre også det siste året, og vi er glade for at kyrkjene blir
brukt til ulike konsertar. Halvparten av inntektene for leige av kyrkja til konsertar går til soknerådet.
Vi hadde to besøk av James Lee i 2013. Jarnes Lee er ein koreansk evangelist som bur i USA. Han
besøkte oss i Norddal kommune både i april og i oktober. [lan hadde møter både på Eide og Sylte
bedehus. Han talte også på gudsijenester i Sylte begge gongane. 1-lan ba blant anna for sjuke, og
fleire personar vart friske.
Det har vore faste bønesamlingar kvar onsdag på Sylte bedehus.
Trusopplæring:
Norddal sokn har i mange år venta på lenge etterlengta trusopplæringsmidlar frå staten som kan
styrke arbeidet og utvide tilbodet for bom og unge. Frå mai 2013 har også vårt prosti fått midlar frå
staten til dette arbeidet. Dette inneber at også vårt sokn no 1r nytte godt av midlane som blir tildelt
via fellesrådet. Tildelinga er utrekna med kr. 330 pr. doypte mellom 0 og 18 år pr. år. Dette er ikkje
nok til å drive noko omfattande arbeid, men med noko tilleggsmidlar fr kyrkjelyden vil dette kunne
bidra til å styrke arbeidet med trusopplæring. Norddal og Stranda er eit samarbeidsområde og det er
no tilsett ein medarbeidar i 100% stilling. Han heiter Martin Kristofièrsen og skal ha som
primærøppgåve å starte nye tilbød for bom og unge i vårt område. Dette skal sjolvsagt vere i nært
samarbeid med sokneråda, stabane og frivillige lokalt.
Diakoniarbeidet
Det er ikkje noko organisert besoksteneste. Gudrun eller Morten besøker dci
år, og dci som har mist nokon av sine kjære.
som er
85, 90, 95, 100
I mai var det tradisjonen tru plantedagar på begge kyrkjegardane. Diakonutvalet og trufaste frivillige
silte opp med vaflèlrore og kaffi, og Folk kosa seg etter plantinga. Også i år selde Linge gartneri
plantar.
KyrkjekafTi: Vi ynskjer å ha faste lag/organisasjonar som ha ansvaret for kyrkjekaffi ein til to
gongar i året, gjerne til Faste gudstenester. Takk til Santalforeninga, Veslegreina, ValIdal
bygdekvinnelag. staben og Morten som har hatt kyrkjekaffi etter gudsteneste i Sylte kyrkje, og
gudstenesteutvalet, Norddal Helselag/Nordal bygdekvinnelag og staben som har hatt kyrkjekaffi
etter gudsteneste i Norddal kyrkje.
AVSLUTNING
Soknerådet synest at det har vore positivt at vi har fått til samarbeid om fellesråd i vårt
samarbeidsområde ( Skodje, ørskog, Stordal, Norddal, Stranda). Det er godt å kunne dra veklsar på
kvarandre og styrke samarbeidet mellom dci ulike sokna.
Vi synest det er ekstra positivt at Norddal no har fått trusopplæringsmidlar og kan sette ekstra fokus
på dette arbeidet i tida framover. Vi ser fram til eit godt samarbeid med Martin Kristoffersen, som
er tilsett i Stranda og Norddal, for særleg åjobbe opp mot barn og unge.
Soknerådet vil takke alle del som bidrog til å gjere 150-års jubileet for Sylte kyrkje til eit så
vellukka arrangement. Trass litt svakt frammote på konserten med Annbjørg Lien og Sondre
Bratland, må ein seie at jubileet hadde mange og fine arrangement. Det var også godt å ha besøk av
biskop Ingeborg Midttomme. Soknerådet takkar også Norddal kommune for gåva på 20 nye
salmeboker i høve jubileet.
Soknerådet set stor pris på det frivillige kristne arbeidet som vert drive blant barn og unge i
kommunen. Vi takkar dci som brukar mykje av fritida si til dette viktige arbeidet, dci gjer ein
uvurderleg jobb! Det er godt å vite at ein har slike dyktige og positive hjelparar rundt i kommunen.
Vi vil ôg rette ein stor takk til staben, Morten Gravdal, Magne Eivind Glomnes, Gudrun Uri, John
Inge Smoge, Dan I loglund og Carolin Eide. Det er godt å ha ein slik dyktig og positiv stab å støtte
seg til. Soknerådet takkar for det gode samarbeidet dci har hatt med del tilsette.
ficn
Tone Løvoll Kleiva
Leiar i soknerådet
GQdDL
,
QQ
udrun S. Uri
ungd- og diakoniarb.
Morten Gravdal
sokneprest
Glomnes
kyrkjevcrje
ÅRSSTATISTIKK 2009 2013
-
2013
2012
2011
2010
2009
DØYPTE
14
20
22
24
31
KONFIRMERTE
28
18
27
25
21
8
10
6
4
9
GRAVLAGDE
26
18
21
24
23
ORDINÆRE GUDSTENESTER
49
50
49
54
52
2803
3396
3203
3110
3001
GJ.SNITT FRAMMØTE
57
68
65
57
57
HOVUDGUDSTENESTER M/NATTVERD
21
19
22
23
23
NATTVERDGJESTER GUDSTENESTER
291
292
238
288
367
14
15
11
13
16
6
3
4
4
14
788
263
543
297
1120
104138
96100
100069
93458
90573
VIGSLAR
DELTAKARAR VED GUDSTENESTER
GJ.SNITTNATTVERDGJESTAR
ANDRE GUDSTENESTER
DELTAKARAR ANDRE
GUDSTENESTER
OFFERIKYRKJA