NORDDAL KOMMUNE - EI GRØN KOMMUNE?

NORDDAL KOMMUNE
- EI GRØN KOMMUNE?
«Framtida høyrer borna
til, vår oppgåve er å
leggje grunnlaget for at
den blir god»
Foto: Alfred Nilsen, Storfjordnytt
Elin Tafjord Skoge
Elin Tafjord Skoge, 1. kandidat
like sjansar
Kommunevalet 2011
Våre hovudsaker i valkampen:
• Utvikle kommunen som grøn kommune
• Sikre god kvalitet i offentlege tenester
• Legge til rette for tilflytting, trivsel og bulyst
Vårt mål er ei berekraftig
kommune!
Miljøpolitikken må vere overordna alle andre politiske område, og omsynet til
miljøet må inngå i vurderinga av alle konkrete, politiske saker.
Folk frå heile verda kjem hit for å oppleve
naturen og kulturlandskapet vårt. Sjølv
pustar vi rein luft, dyrkar og et rein mat, og
produserar fornybar energi. Dette er kvalitetar vi må ta vare på. Vi ynskjer difor å
utvikle kommunen som grøn kommune.
Det er mange tiltak som kan bidra til dette,
men å styrke kunnskapen og det globale
perspektivet i skulen er ein god stad å
starte.
Eit anna konkret tiltak er t.d. fleire gang- og
sykkelvegar. Biltrafikken er både ei fare for
miljøet og for kvar enkelt av oss i det daglege. Med fleire gang- og sykkelvegar kan
vi alle, ikkje minst borna, ferdast trygt og
vere fysisk aktive.
Det er likevel ikkje mogleg at vi alle kan bu
ein plass som dette utan bil. Då gjeld det å
gjere biltrafikken mest mogleg miljøvenleg.
Vi vil difor etablere ladepunkt for elbilar, og
vi meiner at kommunen bør vere eit godt
føredøme og ha nokre el-bilar blant tenestebilane.
Bevaring av kulturlandskapet og villaksstammene våre er også på Norddal SV sitt
program
Vi har sjølvsagt fleire forslag og tiltak. Les
meir på www.sv.no/norddal. Send oss også
gjerne ein e-post med dine synspunkt, gode
miljøidéar eller ris og ros, på [email protected]
Di røyst avgjer -Røyst SV 12. september!
www.sv.no
Meld deg inn i SV!
Send SMS med
«innmelding» til 2090
Norddal SV
Leiar: Dagrun Vikesland
Tlf:98645493
www.sv.no/norddal
[email protected]