Bestandsplan for hjort i Nordheimsdalen 2013 – 2016 Innleiing: Planområde: Valdet sitt planområde er avgrensa til tidlegare godkjente vald 1421V0013 og 1421V0014. Frå Merkesgrovi på grensa til Lærdal/ Frønningen til elva Kotningen i sør, med teljande areal opp til 1000 meter over havet. Teljande areal for valdet er 26628 dekar. Medlemar: Aurland fjellstyre (Aurland gbr 57/2) og noverande rettigheitshavar på Breisnes (Aurland gbr 57/1) Planperiode: Lovverket legg opp til at ein kan laga fleirårige bestandsplanar for hjortevilt. Nordheimsdalen hjortevald legg opp til ein fireårig plan for perioden 2013 til og med 2016. Planen skal reviderast innan utgangen av februar 2017. Hovedmål og delmål: Valdet har som overordna mål å forvalte hjortestamma på ein slik måte at ein sikrar optimal og vedvarande produksjon og avkastning, sunne og friske dyr, god kjønns og aldersfordeling, og med passe stammestorleik i forhald til leveområdet si bæreevne. For inneverande planperiode har ein delmål som fylgjer: -Stabilisera stamma på dagens nivå -Auke slaktevekter og produksjon Status og vurderingar: Valdet sin plassering gjer at det er få konfliktar i forhald til påkøyrslar, og beiteskadar lokalt. Tildelte og felte dyr i Nordheimsdalen 2004-2012 Alders og kjønnsfordeling felte dyr Nordheimsdalen 2004-2012 År 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 Sum Bukk 1 4 3 2 4 4 6 4 4 32 År Kolle 2 2 3 2 4 3 2 2 3 23 1,5 bukk 1 2 1 1 1 1 1,5 kolle 2 1 0 1 0 0 1 1 9 4 Bukkekalv 0 1 0 2 1 1 1 1 1 8 Sett hjort skjema 2008-2012 2008 2009 2010 Antal registrerte jegerdagsverk 14 66 99 Spissbukk 0 2 6 Bukk 9 16 10 Kolle 6 19 29 Kalv 3 8 12 Ukjent 0 2 2 Sum sette hjort 18 47 59 # stor usikkerheit i korleis skjema blir førte spesielt dei fyrste åra. Sett kolle pr. bukk: Sett kolle pr. bukk 2008 2009 2010 0,6 1,2 2,9 # stor usikkerheit i korleis skjema blir førte spesielt dei fyrste åra. Sett hjort pr. jegerdag: 2008 2009 2010 2011 1,28 0,71 0,59 0,66 # stor usikkerheit i korleis skjema blir førte spesielt dei fyrste åra. Slaktevekter utifrå gjennomsnitt siste 20 åra. Vaksen bukk - 80 kg. Koller - 55 kg Spissbukk - 50 kg 1,5 kolle - 45 kg Kalv - 22 kg 2011 1,3 2012 0,56 Kollekalv 1 1 2 0 1 2 1 1 1 10 Sum 7 11 9 8 11 11 10 9 10 86 2011 2012 68 3 10 13 7 12 45 121 8 15 32 12 1 68 2012 2,1 Tiltak: Avskyting. Valdet er stort med stor utskifting av dyr i heile jaktperioden. Valdet ligg i trekkruta mellom Frønningen og jaktvalda innover mot Aurland. Det ideelle hadde vore å laga bestandsplan for større område med ein gong, men me lyt starte i ein ende og så får me sjå kor mange som blir med etter kvart. Mengde hjort i terrenget er nokonlunde stabil frå år til år, så me meiner det uttaket me har lege på i mange år (11 dyr) er nokonlunde ideelt. Kanskje ein kan legge inn ein liten auke utan at det går ut over fellingsprosenten. Me har som mål å ha ein fellingsprosent på minimum 80%. Når me legg inn eit mål om å auke vektene på dyra, er det to ting me fyrst å fremst tenkjer på som verkemiddel. Auke uttaket av unge dyr for å spare på storbukk og vaksne koller, og uttak av skrapdyr. Fordelinga av fellingsløyva skal gjerast etter fylgjande alders og kjønsfordeling: Minimum 25 % kalv Minimum 30 % ungdyr 1,5 år Maksimum 20 % vaksne koller Maksimum 25 % vaksen bukk Kjevane frå felte dyr skal leverast inn til valdansvarleg i lag med vekt og fellingsstad. Fylgjande grenser for skrapdyr gjeld: Kalv under 20 kg Spissbukk under 42 kg 1,5 års kolle under 40 kg Valdansvarleg administrerer skrapdyrkvota, i utgangspunktet skal den gå på flytting av fellingsløyve frå eit år til neste år. Felte skrapdyr blir erstatta av nytt fellingsløyve utan grunnavgift. Alle felte skrapdyr må kontrollvegast av representant frå Aurland fjellstyre snarast etter felling. Sett hjort skjema: Me byrja så vidt med sett hjort skjema i 2008 dette må fylgjast opp, det er den einaste kjende måten i tillegg til fellingsresultat, me kan fylgje med på stammeutviklinga. Viktig at sett hjort skjema blir førde nøyaktigt og med full oppslutning av alle i jaktlaga. Jaktlagsleiar er ansvarleg for at skjema blir førde etter kvar jaktdag. Avskytingsplan for Nordheimsdalen hjortevald 2013-2016: Aurland fjellstyre og Aurland kommune inngår bindane avtale om avskyting av hjort i Nordheimsdalen hjortevald, frå 2013-2016. -Aurland fjellstyre får tildelt samla kvote på 60 dyr for dei 4 åra planen gjeld, dette gjev ein kvote på 15 dyr pr. år. -Fellingsresultat etter dei 4 avtaleåra skal etter jaktsesongen 2016 vera slik at 55% av dyra er kalv og ungdyr av begge kjønn og andelen eldre dyr skal ikkje overstiga 45%. Dette kan fråvikast det enkelte år det er sluttsummen som skal gjelda. -Alle fellingsløyve blir tildelte som frie dyr. Elles gjeld dei same plikter om jakt og rapportering som viltlova med forskrifter stille krav om. Aurland ………………….. Aurland …………… For Aurland fjellstyre For Aurland kommune ………………………………………. ……………………………………..
© Copyright 2024