Sakspapir med vedtak møte Plan og utvikling

AURLAND KOMMUNE
Sakspapir
Saksnr.
039/15
Utval
Plan og utvikling
Møtedato
18.06.2015
Arkivsaknr.:
Arkiv
Sakshandsamar
Dato
15/390 - 15/4364
K2 - K46, K3 - &30
Øi Knut Fredrik 93059637
08.06.2015
Søknad om godkjenning av Aurland Bestandsplanområde og bestandsplan for
hjort 2015-2017
Kort samandrag
Aurland hjorteutval søkjer om etablering av Aurland bestandsplanområde og bestandsplan
for hjort i perioden 2015-2017, samt støtte til drift av bestandsplanområdet. Søknaden er eit
resultat av deltaking i Prosjekt forvaltning av hjortebestand. Begrepet bestandsplanområde
er nytt av 2012 og opnar for samarbeid mellom vald som har ein felles bestand av hjort.
Bestandsplanområdet er avgrensa av Aurland kommune sine grensar, med unntak av valda
på nordsida av Nærøyfjorden. Bestandsplanen har ein svak auke (om lag 10%) i
hjortebestanden som hovudmål i planperioden.
Totalt 41 vald (av 53 i omsøkt område), med ein samla andel av teljande areal i planområdet
på 82%, har signert samarbeidsavtala og vil ved godkjenning av planen få tildelt løyva sine
samla for planperioden. Signering av avtala opnar for samarbeid mellom medlemsvald. Dei
valda som ikkje har signert avtala kan kvart år melda seg inn. Dei valda som ikkje har signert
vil få løyva sine årleg frå kommunen (som før), men med utgangspunkt i
avskytningsmodellen i bestandsplanen.
Rådmannen si tilråding:
I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, § 12, godkjenner Aurland
kommune føreliggjande bestandsplanområde for hjort.
I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, § 19, godkjenner Aurland
kommune omsøkt bestandsplan for hjort i perioden 2015-2017.
I medhald av Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift
for elg og hjort og Aurland kommune – retningsliner for bruk av viltfondet godkjenner
Aurland kommune søknad om 25 000 kr årleg i planperioden 2015-2017 til drift av
Aurland bestandsplanområde for hjort. Midlane skal dekkast av Aurland kommune
1
sitt viltfond, og vert utbetalt når det ligg føre årsrapport med rekneskap.
Godkjenninga av bestandsplan for Liahovden hjortevald i perioden 2014-16, vert trekt
attende. Valdet vert dekka av ny bestandsplan.
Tiltaket er vurdert etter Naturmangfaldlova §§ 8-12.
18.06.2015 Plan og utvikling
PUT-039/15 Vedtak:
I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, § 12, godkjenner Aurland
kommune føreliggjande bestandsplanområde for hjort.
I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, § 19, godkjenner Aurland
kommune omsøkt bestandsplan for hjort i perioden 2015-2017.
I medhald av Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift
for elg og hjort og Aurland kommune – retningsliner for bruk av viltfondet godkjenner
Aurland kommune søknad om 25 000 kr årleg i planperioden 2015-2017 til drift av
Aurland bestandsplanområde for hjort. Midlane skal dekkast av Aurland kommune
sitt viltfond, og vert utbetalt når det ligg føre årsrapport med rekneskap.
Godkjenninga av bestandsplan for Liahovden hjortevald i perioden 2014-16, vert trekt
attende. Valdet vert dekka av ny bestandsplan.
Tiltaket er vurdert etter Naturmangfaldlova§§ 8-12.
Samrøystes.
Vedlegg:
Søknad om godkjenning av Aurland Bestandsplanområde for Hjort 2015-2017
Bestandplan
Vedtekter for Aurland bestandsplanområde
Fordeling planperioden 2015-2017
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.
·
·
·
·
·
Forskrift om forvaltning av hjortevilt (heretter Hjorteviltforskriften)
Avtale om Felles landbrukskontor
Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg
og hjort
Aurland kommune – retningsliner for bruk av viltfondet
Naturmangfoldloven – (heretter NML)
Saksopplysningar og vurdering
Aurland hjorteutval v/Sigurd Vikesland søkjer Aurland kommune om følgjande:
1. Oppretting av Aurland Bestandsplanområde for hjort
2
2. Godkjenning av bestandsplan for hjort 2015-2017
3. Støtte frå det kommunale viltfondet til drift av bestandsplanområdet, 25 000
kr årleg i planperioden, totalt 75 000 kr.
Innleiing
Dette er ein omfattande søknad. Difor vert saksutgreiing og vurdering gjort saman. Dei tre
ulike søknadspunkta vert handsama punktvis og konkludert med tilråding.
Det er sentrale målsetjingar at forvaltninga av hjort skal vera kunnskapsbasert, målbar og
grunneigarstyrt. Alt vilt bør forvaltast etter ein plan. Kommunen skal setja overordna
målsetjingar som òg tek omsyn til dei andre samfunnsinteressane (landbruk, trafikk, biologisk
mangfald m.m.).
Aurland kommune har delteke i Hordahjort-prosjektet for å skapa kunnskap om hjortens
arealbruk. Som eit produkt av dette er det utarbeidd forslag til avgrensing av område i
Hordaland og sørsida av Sognefjorden som ein på fagleg grunnlag kan forsvara at inneheld
ein bestand av hjort. Med ein bestand av hjort meinar me ei gruppe hjort som man ved ein
gitt avskytning vil kunna styra mot ein gitt målsetjing knytt til storleik og demografi. Vidare har
Aurland kommune/Aurland hjorteutval delteke i Prosjekt forvaltning av hjortebestand som har
hatt som formål å etablera bestandsplanområde og laga bestandsplan for dette. Søknaden
frå Aurland hjorteutval om etablering av bestandsplanområde og godkjenning av
bestandsplan er eit produkt av desse prosessane som har gått føre seg no i nokre år.
Parallelt med dette har forvaltninga i lag med jaktrettshavarane jobba for å heva
beslutningsgrunnlaget slik at det eksisterer truverdige parametere som er målbare og som
kan nyttast til å styra bestandsutviklinga (til dømes tettleiksmål, strukturmål, kondisjon- og
aldersmål). Det er no også god oversikt over trafikkproblematikken. Kunnskapsgrunnlaget
knytt til søknaden kan difor vurderast til å vera godt, jamfør NML § 8 og det vert difor ikkje
relevant å nytta § 9 i NML, føre-var-prinsippet.
1. Aurland bestandsplanområde
Hjorteviltforskriftens §§ 14-15 stiller krav til bestandsplanområde og søknad om dette. Dei
formelle krava er tilfredsstilt. Avgrensninga som er omsøkt følgjer kommunegrensa, med
unntak av valda på nordsida av Nærøyfjorden (Bakka/Tufte vest og Dyrdal) som ein meinar
har ein meir naturleg tilknytning til Vik. Innafor den omsøkte geografiske avgrensinga for
hjortebestand i Aurland er det 41 vald som har signert på søknaden om bestandsplanområde
og bestandsplan. Dette er ei god oppslutning og utgjer 82 % av teljande areal i det omsøkte
bestandsplanområdet. Søkjar skriv at viss ny kunnskap syner at grensa er feil sett, vil dei
vurdera å endra grensa. Hjorteviltforskriftens §15 set som vilkår at alle jaktrettshavarar i
bestandsplanområdet har gjeve sin tilslutning til søknaden. Jamfør Rundskriv 2012 Viltloven–
forvaltning av hjortevilt §11 punkt e, skal søkjar kunna dokumentera at underskriftene
representerar eigedommane på lovleg vis. Viss det syner seg at heimelshavarar ikkje har
signert, vil det aktuelle valdet kunna trekkjast ut frå bestandsplanområdet.
Konklusjon
Rådmannen tilrår å godkjenna omsøkt bestandsplanområde for hjort i Aurland. I vedlegg
”Fordeling planperioden 2015-2017” ligg liste over dei valda som har signert
samarbeidsavtala og som vert medlemmar av Aurland bestandsplanområde pr. 2015. Nye
vald kan melda seg inn kvart år, jamfør vedtektene til bestandsplanområdet. Søknad om
dette skal leverast kommunen samla frå styret i bestandsplanområdet seinast 1. mai
gjeldande år. Det er to godkjende hjortevald (Nordheimsdalen og Tunshelle) som parallelt
søkjer om endring av sitt areal. Dette vert handsama seinare og ligg føre ved
3
løyveutsendinga.
2. Bestandsplan
Aurland bestandsplanområde (Aurland hjorteutval) har som hovudmål i planperioden å auka
bestanden om lag 10%, målt i sett-hjort pr jegertime. Delmåla er som følgjande:
·
·
·
·
Halda på det gode kjønnsforholdet i bestanden (ikkje over 1,4 kolle/bukk i sett-hjortmaterialet).
Leggja til rette for lokale tilpassingar.
Auka alderen på dyra.
Betre avgjerslegrunnlaget i forvaltninga (100% oppslutning om sett-hjort-metoden).
Avskytningsmodellen som det argumenterast for, legg opp til felling av minimum 60%
kalv/ungdyr og maksimum 40% vaksne dyr. Kjønnsfordelinga i uttaket er planlagt å vera 60%
hanndyr og 40% hodyr i planperioden.
Hjorteviltforskriftens § 19 omhandlar sjølve bestandsplanen. For at kommunen skal
godkjenna ein bestandsplan, skal den vera i samsvar med kommunens overordna
målsetjingar for hjortebestanden. Gjeldande forvaltningsplan for hjortevilt i ÅLA har følgjande
målsetjing:
"Årdal, Lærdal og Aurland har som mål å ha ein bestand av hjortevilt som er tilpassa naturleg
næringstilgong, har god kondisjon og som skal føra til minimal skade på jord, skog og andre
samfunnsinteresser. Hjorteviltbestanden skal vere til nytte og glede for grunneigarar, jegerar
og ålmenta"
Spørsmålet er difor om hjortebestanden i dag er innafor dei kommunale målsetjingene og
korleis den omsøkte avskytning- og samarbeidsmodellen vil påverka situasjonen. Aurland
kommune har årleg om lag 2-5 hjortepåkøyrsler. Det er ikkje godt å seia om det er ein
aukande trend, men i alle høve er ikkje dette noko som tydar på for stor samfunnsbelastning.
Felles landbrukskontor ÅLA hadde i 2014 ei spørjeundersøking som vart sendt på e-post til
alle gardsbruka me hadde adresse til. Dette med tanke på å kartleggja kva fordelar og
ulempar landbruket opplevde knytt til hjorten. Til slutt i undersøkinga vart dei respektive bedt
om å konkludera med eit ønskje om bestandsutvikling. Me fekk 22 svar, spredt rundt om i
kommunen. Låg svarprosenten gjer at me ikkje kan konkludera. Det gir likevel ei pekepinn på
kva grunneigarane meinar. Langt på veg dei fleste oppgir eit ønskje om uendra
bestandsstorleik, eller svak reduksjon eller auke. Nokre få ønskjer ei betydeleg auke. Dette
bilete samsvarer godt med oppfatninga til viltforvaltninga om belastningsnivå og ønskje om
utvikling. Opninga for å flytte fellingsløyve mellom vald i eit bestandsplanområde vil kunna
bidra til auka felling der kor det er ønskjeleg å redusera opplevd skadebelastning.
I Aurland kommune har avskytninga vorte vridd mot meir beskatning av tilvekst (kalv/ungdyr).
Dette gir ein vinterbestand (etter jakt) med fleir produksjonsdyr, og ein kan anta at dette vil gi
ein auka tilvekst. Samstundes har andelen felte dyr vorte vridd frå ein beskatning med
overvekt på hanndyr til meir kjønnsbalanse i uttaket, noko som truleg bremser veksten i
bestanden. Den omsøkte avskytningsmodellen argumenterar for å skyta 60 % hanndyr og
40% hodyr, grunngjeve med historisk avskytning og det man registrerer i dag gjennom setthjort-metoden. Ein forutset altså ei netto innvandring av hanndyr til bestanden. Det vil verta
sentralt å følgja med på utviklinga gjennom planperioden for å sjå korleis utviklinga vert som
følgje av avskytningsmodellen. Bestanden i Aurland i dag verker å vera rimeleg under
kontroll. Det er viktig at me no er parat til å auka kvotene når me ser at bestanden vert meir
produktiv som følgje av endra samansetjing og storleik. Det er denne dynamikken som
mange kommunar har vorte klar over i seinaste laget.
4
Konklusjon
Rådmannen ser positivt på samarbeidet som Aurland hjorteutval har skipa og trur dette er
vegen til ein effektiv, rettmessig og forutsigbar hjorteforvaltning. Rådmannen tilrår å
godkjenna omsøkt bestandsplan for hjort i perioden 2015-2017. Fellingsløyva vert gjeve som
frie dyr for heile planperioden til dei valda som har signert søknaden. Det vert forutsett at
fellinga gjerast i tråd med avskytningsmodellen. Dei valda som ikkje har signert, får løyva
årleg frå kommunen etter § 21 – målretta tildeling. Desse løyva vert gitt i tråd med den
omsøkte planen sine målsetjingar om uttak.
Liahovden hjortevald har godkjent bestandsplan for hjort til og med 2016. Godkjenninga av
denne vert ved godkjenning av heilskapeleg bestandsplan for omsøkt planområde, trekt
attende.
3. Søknad om støtte til drift av bestandsplanområdet
Aurland hjorteutval søkjer om å få utbetalt 25 000 kr årleg i planperioden til drift. I dette er
kjeveinnsamling kvar annen planperiode inkludert. Saldo på det kommunale viltfondet er pr.
07.05.2015 om lag 150 000 kr. Viltfondet får årleg inn om lag 50 000 kr gjennom innkreving
av fellingsavgift for elg og hjort. Saldo på viltfondet har vore aukande dei siste åra.
I Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort og
Aurland kommune – retningsliner for bruk av viltfondet er bestandsplanlegging- og
organisering eit sentralt tema som fondet kan nyttast til.
Konklusjon
Rådmannen tilrår å løyva 25 000 kr årleg frå det kommunale viltfondet til drift av
bestandsplanområdet i planperioden 2015-17, totalt 75 000 kr. Summen vert utbetalt etter at
godkjend rekneskap.
5