Sats fornybart på Svalbard!

Sats fornybart pa Svalbard!
Kol er den mest forureinande av dei fossile energikjeldene vi har. FN sin klimaskjef uttalt at Noreg
bør stenge kolgruvene på Svalbard. KrFU er einig, og meiner det er på tide at kolgruvene erstattast
med ei stor fornybarsatsing på Svalbard.
Truverdigheit og prinsipp
Trass i at Noreg elles er ein forkjempar for miljøvennleg og fornybar energi har staten brukt millionar
kvart einaste år på å subsidiere utvinning av kol på Svalbard. Etter at dei raudgrøne opna ei ny
kolgruve er det i dag tre gruver på Svalbard. Drifta, som blir utført av Store Norske, er verken
klimamessig eller økonomisk berekraftig, og selskapet har mottatt millionar i driftsstøtte. I Noreg er
så godt som alle parti einige om at vi skal nå 2-gradersmålet. Dersom vi skal gjere det må 2/3 av dei
kjende fossile energikjeldene bli liggande under bakken, og spesielt viktig er det at så mykje kol som
mogleg vert liggjande.
Å avslutte kolgruvedrifta vil vise at Noreg tar klimaproblema på alvor, noko som vil gje Noreg ei
sterkare røyst i det internasjonale klimaarbeidet og i relasjon til statar med større utslepp frå
gruvedrift. Det vil òg gje ei meir prinsipiell tilnærming til det føreståande uttrekket av Oljefondet frå
selskap som driv med kol og anna fossil energi.
Fornybarsatsing
Dersom Noreg og i framtida skal ha eit legitimt krav på å utvinne ressursane på Svalbard er ein nøydd
til å gjere dette på ein måte som er berekraftig. Alle veit at Norge ikkje kan halde fram med utvinning
av kol på Svalbard i all framtid. Derfor er det òg strategisk lurt å starte ei økonomisk berekraftig
omstilling allereie no. Svalbard representerer i dag tunge bidrag innan klimaforsking, i tillegg til at
havområda kring øygruppa er rike på fornybare ressursar. På Svalbard ligg det godt til rette for
vindkraft, solkraft og andre typar fornybar energiproduksjon. Kolgruvene bør erstattast med ei
satsing på fornybar energi på Svalbard.
Suverenitetskravet på Svalbard kan ikkje baserast på ein solnedgangsindustri. Vi må basere
suverenitetskravet på morgondagens løysingar.