Sjå tur i Hesjedalen her.

Storfjellet
26-06
Hesjedalen
–Storfjellet
Naturperler langs eit
verna vassdrag
Vetlevarden
Haldorhytto
Hesjedalsstølen
Øyastølen
Gavvatnet
Idlebrune
Hesjedalsnavene
Brattabrekko
Start: Øyane i Hesjedalen
Tid: 7 t
Høgd: 120–1115 moh.
Lengd: 16 km
Kartblad: Stanghelle 1216 III,
Evanger 1216 II
Turkart: Fiske- og friluftskart for
Osterfjord, Stølsheimen-Nærøyfjorden
I 2005 vart Hesjedalsvassdraget varig
verna. Då hadde det vore over 10 år
kamp, med eit stort lokalt engasjement,
for å verna vassdraget. Den flotte
Hesjedalsfossen som kastar seg ned i
Eidsfjorden rett ved rv. 569, er juvelen i
vassdraget.
For å koma opp i Hesjedalen tek ein
av frå E16 ved Dalseid og køyrer ca. 8
km på rv. 569 og tek av der det er skilta
Hesjedalen. Etter nesten 3 km tek ein av
til høgre og kjem fram til ein kommunal
p-plass. Eit kort alternativ til turen
inn Øyadalen og opp på Storfjellet, er
å gå sørover på sti, ca. 20 minutt, til
Slåttøyane. Her er det tilrettelagt med
benker, grillplass, lavvo og utedo. I elva er
det fin sandbotn, og staden høver godt til
telting og bading.
Turen til Storfjellet går nordaustover,
først på gardsveg og så sti til venstre rett
før ein kjem til tunet på den andre garden.
Stien er skilta med Gavvatnet og er tydeleg
første delen av turen. Etter ca. 300 m går
stien over i ein skogsveg som ein følgjer
inn Øyadalen. Etter ca. 10 minutt tek det
av ein sti til venstre på bru over elva.
Ved Tresvatnet ligg Bygdahytto, som
er bygd av folk i Stamnes. Det er mogleg
å leiga hytta rimeleg, og då følgjer det
med båt og kano. Det er mogleg å fiska
både i dette vatnet og dei andre vatna i
Hesjedalsvassdraget, og fiskekort kan ein
kjøpa på garden Øyo like ved starten på
turen.
554
Dalasetre
Straumsdalen
Tresvatnet
26-06
Øyadalen
Slåttøyane
Øyane
Hesjedalen
P
Vikavatnet
Inst ved vatnet ligg Dalasetre, og like
innanfor deler stien seg. Kortaste vegen
opp til toppen er på sti rett fram og opp
til Gavvatnet. Ved vatnet ligg det nokre
hytter. Dette er stølsområde som høyrer
til Stamnes. Stien går opp og forbi den
private hytta som blir kalla Haldorhytto.
Vidare oppover er det ingen sti, men det
er nokre enkle vardar/steinar som viser veg
på strekninga mot Vetlevarden. Derifrå
kan ein sjå toppen, mot aust. På sørsida av
Storevarden 1115 moh., ligg det ein boks
med ei bok i til å skriva seg inn i. Det er
storfelt utsikt over mange blånar.
På veg tilbake kan ein få med seg
Hesjedalsstølen og Hesjedalsvatnet ved å
ta av på stien som går på vestsida av elva
som renn frå Hesjedalsvatnet og ned i
Gavvatnet. Først passerer ein Øyastølen,
og Hesjedalsstølen ligg på vestsida av
vatnet. Ned til Dalasetre går det sti ned
Brattabrekko, og herifrå går ein tilbake på
same stien som i starten av turen.
Vaksdal • 26-06
26-06. Idyllisk mellom Hesjedalsstølen og
Øyastølen.
26-06. Ved Slåttøyane: Olai og Anna Langhelle
Kintel har fått fisk.
Vaksdal • 26-06
555