Brosjyre Herand 29.09.10.pdf

Herand kraftverk
Informasjonsbrosjyre
September 2010
INNLEIING
Herand Kraft AS har søkt om konsesjon til å bygge og drive eit kraftverk
som utnyttar fallet i Storelvi, Jondal kommune. Det er utarbeidd ein
utfyllande konsesjonssøknad med tilhøyrande konsekvensutgreiing for
prosjektet, og denne brosjyren gjev ein kortfatta presentasjon av
utbyggingsplanane, moglege konsekvensar og aktuelle avbøtande tiltak.
Herand, september 2010
Herand Kraft AS
v/styreleiar Kjell Olav Samland
PRESENTASJON AV TILTAKSHAVAR
Herand Kraft AS er eit selskap som er eigd 100% av grunneigarane med
grunn- og fallrettar langs den aktuelle elvestrekninga.
BAKGRUNN FOR SØKNADEN
Ei utbygging av alternativ 1 vil gje 78,6 GWh ny fornybar og miljøvenleg
energi som vil sikre både lokal-, regional og nasjonal kraftforsyning.
Utbyggingsprisen er utrekna til 2,5 kr/kWh (alternativ 1).
Konsekvensutgreiinga som er gjennomført, syner at utbygginga kan
gjennomførast utan store negative konsekvensar for miljø, naturressursar
og samfunn. Utbyggar er av den oppfatning at negative konsekvensar for
mellom anna landskap og biologisk mangfald kan avbøtast gjennom tiltak
som tek omsyn til desse verdiane.
Herand Vassverk, som sørgjer for vassforsyninga for bortimot alle
innbyggarane i Herand, vil med ei eventuell utbygging av Storelvi, verte
oppgradert med nytt vassreinseanlegg. Herand Kraft AS vil kostnadsfritt
stille lokale til disposisjon for reinseanlegget i kraftstasjonsbygget, halde
straum til drifta samt leggje til rette for eit inntak som gjev Herand
Vassverk best mogleg råvasskvalitet.
Jondal kommune har så langt vist ei positiv haldning til kraftutbygging
generelt, sidan dette vil kunne betre kommuneøkonomien og skape
arbeidsplassar og vekstvilkår i kommunen. Kraftproduksjonen vil og kunne
bli ei viktig attåtnæring for fleire av grunneigarane i bygda Herand, noko
som vil bidra til å styrkje inntektsgrunnlaget på gardsbruka og sikre
busetnaden i bygda.
Figur 1. Oversiktskart som syner dei ulike utbyggingsforslaga
OM UTBYGGINGSPLANANE
Det ligg føre fire alternative utbyggingsløysingar for å utnytte vasskrafta i
Storelvi. Alternativ 1-3 utnyttar fallet mellom Fodnastølsvatnet (kote
560) og Trå kraftstasjon (ca kote 90), 470 m brutto fall. Fodnastølsvatnet
vert utnytta innanfor den naturlege vasstandsvariasjonen. Skilnaden
mellom desse tre alternativa er variasjon i plassering av inntak og ulik
utforming av vassveg. I alternativ 1 vil vassvegen totalt vere 2900 m i
hovudsak nedgreve røyr, men med ein 200 m lang tunnel nærast
inntaket. I alternativ 2 vil vassvegen totalt vere 2730 m tunnel og
nedgreve røyr. I alternativ 3 vil heile vassvegen gå i fjell, med totalt 3000
m bora sjakt, tunnel og røyr i tunnel. Alternativ 4 utnyttar fallet mellom
inntak i Storelvi nedstraums Fodnastølsfossen (kote 527) og Trå
kraftstasjon, totalt 437 m brutto fall. Kraftstasjon og utlaup er som ved
dei andre alternativa planlagd ved Trå, ca 150 m aust for riksveg 550.
Stasjonen vert utstyrt med to vertikale fleirstrålars Peltonaggregat med
turbinsenter. I alternativ 1, 2 og 4 er kraftstasjon planlagt i dagen. I
alternativ 3 er både kraftstasjon i dagen og i fjell aktuelt. Arkitekturen på
stasjonsbygning i dagen vert tilpassa lokal byggeskikk og landskapet.
Alle alternativa vil ha tilkomst frå riksveg 550. Eksisterande veg til
planlagd kraftstasjon vert oppgradert frå traktorveg til permanent bilveg.
Med unntak av denne er det ikkje foreslått nye permanente bilvegar.
Eksisterande traktorvegar vert nytta og oppgradert ved behov. Helikopter
vert nytta til etablering av inntak i alternativ 1, 2 og 3.
Det er sett av sju aktuelle område som kan egne seg for deponering av
massar frå tunneldrift . Av desse er det lokalitet 1, som ligg på Samland eit
stykkje opp for Herandsvatnet, som primært er ønskjeleg å nytte til
massedeponi. Det er og sett av tre område som kan egne seg som
riggområde.
Figur 2. Fodnastølsvatnet
År
2010
Kvartal
3 4 1 2 3 4 1 2 3 4 1 2 3 4 1 2 3 4
Søknadsfase
Konsesjonssøknad med KU til
NVE
Handsaming søknad og KU i
NVE inkl. høyring
Handsaming av søknad og KU i
OED
Byggefasen
For alle alternativ er det lagt til grunn ei tilkopling til eksisterande 22 kV
nett via ein 0,5 km lang jordkabel. Hovudnettet må oppgraderast, men
dette vil netteigar vere ansvarleg for og er difor ikkje vurdert i samband
med utbyggingsplanane. Dette vil såleis ikkje føra til auka nettleige for
brukarane av nettet.
Detaljplanlegging, anbud og
investeringsavgjerd
Bygging
Driftsfasen
Drift
Figur 3. Framdriftsplan
2011
2012
2013
2014
Alt. 1
Alt. 2
Alt. 3
Alt. 4
Nedbørfelt til inntak
km2
31,1
31,1
31,1
31,4
Restfelt mellom inntak og krst.
l/s/km²
6,0
6,0
6,0
5,7
Middelvassføring
m3/s
2,80
2,80
2,80
2,82
Årleg tilsig til inntak
mill. m³
88,3
88,3
88,3
88,9
Alminneleg lågvassføring
m3/s
0,22
0,22
0,22
0,22
m3/s
0,39
0,39
0,39
0,39
m3/s
0,45
0,45
0,45
0,39
m3/s
0,22
0,22
0,22
0,22
moh.
560
560
560
527
Minstevassføring i perioden
1/5-30/6 og 16/8-30/9
Minstevassføring i perioden
1/7-15/8
Minstevassføring i perioden
1/10-30/4
Inntaksnivå
Utlaup kraftstasjon
moh.
90
90
90
90
Fallhøgde, midlere brutto
m
470
470
470
437
Midlere energiekvivalent
kWh/m3
1,08
1,09
1,10
0,98
Slukeevne, maks
m3/s
6,3
6,3
6,3
6,35
Vassveg, samla lengde
m
2900
2730
3000
2600
Installert effekt, maks
MW
25,0
25,2
25,3
23,7
Produksjon (1/10 – 30/4)
GWh
19,2
19,3
19,3
18,1
Produksjon (1/5 – 30/9)
GWh
59,4
59,7
59,9
56,0
Produksjon, år
GWh
78,6
79,0
79,2
74,1
Byggetid
År
2
2
2
2
196
204
214
187
2,5
2,6
2,7
2,5
Utbyggingskostnad
Utbyggingspris
mill.
NOK
NOK/
kWh
Figur 4. Nøkkeltal for det planlagde prosjektet i Storelvi
EKSISTERANDE TILHØVE I VASSDRAGET
Fodnastølsvatnet, som Storelvi renn ut frå, ligg i eit lågfjellsområde med
noko beitemark og stølsbyggnader/fritidsbustader. Storelvi renn vidare
ned mot fjorden gjennom eit terreng som er rimeleg utilgjengeleg og
urøyrd, men med skogsvegar av ulik standard på båe sider. Frå Trå renn
elva gjennom eit kulturlandskap prega av tradisjonell jordbruksaktivitet.
TILHØVE TIL SAMLA PLAN, VERNEPLAN FOR VASSDRAG OG ANDRE
VERNEPLANAR
Storelvi er tidlegare handsama i samla plan (SP). Utbygginga som er
handsama i SP, gjeld ei overføring av vassdraget til Jondalselva med
kraftstasjon ved Svåsand og avløp til Hardangerfjorden. Prosjektet vart
då plassert i kategori II. NVE gav i 2003 fritak frå samla plan for ei
utbygging av Trå kraftverk, som den gongen omfatta 1-1,5 m regulering
av Fodnastølsvatnet. Storelvi er ikkje omfatta av Verneplan for vassdrag.
Som del av Ytre Samlafjorden, er Storelvi verdsett med stor verdi i
Hordaland fylkeskommune sin Fylkesdelplan for småkraftverk. I planen
er Storelvi ikkje definert som del av det sårbare høgfjellsområdet mot
Folgefonna, medan fjellpartia kring Fodnastølsvatnet er verdsett til
middels verdi. Friluftsområda kring vassdraget er gitt noko verdi.
Figur 5. Fodnastølsfossen med stor og liten vassføring (foto: Sweco)
MOGLEGE KONSEKVENSAR AV EI UTBYGGING
Hydrologiske tilhøve (vassføring)
Ei utbygging vil naturleg nok redusere vassføringa i elva på strekninga
mellom inntaket og utløpet frå kraftstasjonen. Årleg middelvassføring ved
utløpet av Fodnastølsvatnet er på 2,8 m3/s, og litt høgare nedstrøms
Fodnastølsfossen. På årsbasis vil om lag 80 % av vassmengda utnyttast til
kraftproduksjon. Ca 20% av vassføringa vil passere inntaket på grunn av
minstevassføring (forbislepping) og flaum. Frå utbyggar si side er det lagt
opp til ei minstevassføring lik 0,22 m3/s i perioden 1/10-30/4, lik 0,39
m3/s i perioden 1/5-31/6 og 15/8-30/09. I perioden 01/07-14/08 er
vassføringa sett lik 0,45 m3/s for alternativa 1, 2 og 3. For alternativ 4 vil
minstevassføringa vere lik 0,39 m3/s frå 1/5-30/9. I tillegg kjem noko
restvassføring , som gradvis vil auke nedstraums i vassdraget.
Figur 6. Fodnastølsfossen med vassføring 463 l/s. Dette illustrerer korleis minstevassføinga i
perioden 1/7-14/08, vil sjå ut
Figur 7. Vassføring i Storelvi i eit middels år, før og etter utbygging .
Istilhøve og vasstemperatur
Det er forventa at vasstemperaturen vil verte noko endra både på
sommartid og vinterstid, men utan at det vil vere direkte skadeleg for fisk
og ferskvassorganismar. Redusert vassføring i elva om vinteren kan føre
med seg noko tidlegare isleggjing. I Fodnastølsvatnet vil det vere mindre
variasjon i vasstandsendringane, noko som vil kunne gje meir stabil is på
vatnet. Opne råk og utrygg is som det normalt er kring utløpet, vil verte
redusert. I staden er det forventa at dette skjer kring inntaket.
Lokalklima
Då prosjektet ikkje har reguleringsmagasin, er det forventa ubetydelege
endringar for frostrøyk og tåke. Redusert vassføring kan føre til lågare
temperatur i periodar med kaldt ver og føre til større risiko for at det legg
seg is og for innfrysing i Storelvi. Redusert vassføring gjer og at
lufttemperatur og grunnvasstilsig har større innverknad på
vasstemperaturen enn i dagens situasjon, noko som gjev ubetydeleg
høgare temperatur i elva om sommaren.
Samla vil tiltaket ha ubetydeleg-liten negativ verknad for is- og
vasstemperatur.
Utbygginga er vurdert å ha liten negativ-ubetydeleg verknad for
grunnvatn.
Grunnvatn
Basert på eksisterande kunnskap vil tiltaket ikkje gje vesentlege endringar
for grunnvatn. Ein kan tenkje seg lokale grunnvassenkingar der røyrgata
går gjennom lausmassar og noko drenering ved tunneldrift. Utover dette
vil ikkje tiltaket gje vesentlege endringar i grunnvasstanden.
Samla vil tiltaket ha liten negativ-ubetydeleg verknad for grunnvatn.
Sedimenttransport og erosjon
Under anleggsperioden må spylevatn frå tunnelarbeid, avrenningsvatn frå
anleggsområdet generelt og massedeponi sedimenterast før det går til
vassdraget. Vanlegvis vil dei største partiklane la seg sedimentere
noksåraskt, medan dei minste partiklane, som vert sedimentert langsamt,
vil verte tilførd vassdraget og farge vatnet nedstrøms i anleggsperioden.
Desse medfører likevel ingen alvorlig fare for livet i vassdraget eller for
bruken av drikkevatnet.
Utbygginga er vurdert å ha ubetydeleg-liten negativ verknad for
sedimenttransport og erosjon.
Skred
Ettersom det i dagens situasjon ikkje ligg føre noko risiko for skred eller
steinsprang, er det vurdert som lite sannsynleg at slik fare skal auke i
samband med det omtalte tiltaket.
Utbygginga er vurdert å ha ubetydeleg verknad.
Figur 8. Visualisering av dam nedstraums Fodnastølsfossen i alternativ 4
Landskap
I øvre del av vassdraget, like nedstrøms inntaket i Fodnastølsvatnet, ligg
Fodnastølsfossen. I denne fossen vil vassføringa, trass minstevassføring,
verte vesentleg redusert etter utbygging av alternativ 1-3 og fossen vil
tape ein del av kvaliteten sin som eit viktig landskapselement. Med
alternativ 4 vil ein unngå reduksjon av vassføringa i Fodnastølsfossen,
men lokalt vil alternativa endre landskapet med etablering av ein dam og
eit vasspegel nedstrøms fossen. Vidare nedover vassdraget renn vatnet
gjennom eit trongt gjel med ein mindre og to større fossar (Rogjelsfossen,
Drivfoss og Kalvafossen). Verknaden av utbygginga vil ikkje vere like stor
på denne strekninga då desse fossane ikkje er så tilgjengeleg og
restvassføringa gjev større vassmengde jo lengre ned i vassdraget ein
kjem.
Utbygging av alternativ 4 er vurdert å ha liten-middels negativ verknad
for landskapet.
Terrenginngrep i samband med bygging av inntak, kraftstasjon,
anleggsvegar og deponering av tunnelmassar vil føre til lokal påverknad
på landskapet både i anleggs- og driftsfasen. Å unngå unødige
terrengskadar ved kjøring og transport og tilpassing av vegar, deponi og
andre inngrep i landskapet vert viktige avbøtande tiltak.
Utbygging av alternativ 3 er vurdert å ha middels-stor negativ verknad
på naturmiljø og biologisk mangfald. Alternativ 1 og 2 er vurdert å ha
stor-middels negativ verknad, medan alternativ 4 er vurdert å ha stor
negativ verknad på naturmiljø og biologisk mangfald. Trass i at
Fodnastølsfossen vert urørt med dette alternativet, vil lågare
minstevassføring gjere at dette alternativet gjev størst negativ verknad
for naturmiljø og biologisk mangfald, samanlikna med dei tre andre.
Utbygging av alternativ 1-3 er vurdert å ha middels-stor negativ verknad.
Figur 9. Visualisering av terskel ved utløpet av Fodnastølsvatnet
Naturmiljø og biologisk mangfald
Ei utbygging vil i første rekkje påverke trivielle vegetasjonstypar og artar
langs vassdraget og dei areala som vert påverka reint fysisk av
arealbeslag. I tillegg vil utbygginga, gjennom redusert vassføring og
arealbeslag, verke inn på to verdivurderte lokalitetar (viktig og lokalt
viktig). Som avbøtande tiltak er foreslått tilstrekkeleg minstevassføring
for å bevare fosse-engene i nedre del halvdel av elvestrekninga, at ein
unngår øydelegging av ei verdifull ospeskog ved bygging av
anleggsvegar, samt at det etter utbygging vert sett opp hekkekassar for
fossekall på stader langs vassdraget.
Inngrepsfrie naturområde (INON)
Ingen av tiltaka knytt til utbygging av Herand kraftverk vil medføre
reduksjon av INON.
Fisk og ferskvassbiologi
Redusert vassføring vil få størst verknad for vassdekninga i elva. Saman
med nokre ubetydelege endringar i vasstemperatur og vasskvalitet er det
difor å vente at produksjonsarealet for auren som sporadisk finns i
Storelvi, vil verte noko redusert. Det kan vidare ventast noko lågare
biologisk produksjon for den typiske botndyrfaunaen som er påvist i
vassdraget. Avbøtande tiltak gjeld først og fremst anleggsfasen. For
vassdragsnære steintippar, både midlertidige og permanente, bør det
etablerast avskjeringsgrøft for oppsamling av avrenningsvatn og
sedimenteringsbasseng. Med dette tiltaket vil ein unngå at
konsentrasjonar av nitrogen, som kan vere giftig for fisk, vert ”lufta” før
det vert slept ut i vassdraget.
Både for anleggs- og driftsfasen vil verknaden vere mellom ubetydeleg og
liten negativ for fisk og ferskvassbiologi. For driftsfasen er prioriteringa
som følgjer: alternativ 4 er betre enn alternativ 1 - 3.
Kulturminne og kulturmiljø
Med unnatak av dammen og vasspegelet i alternativ 4 vil ingen
registrerte automatisk freda, vedtaksfreda eller nyare tids kulturminne
verte fysisk påverka av ei utbygging av Storelvi. Dammen og vasspegelet i
alternativ 4 vil demme ned eit parti av ei gamal buferdsveg og
Galtasetebrui. I jordkabeltraséen frå kraftstasjonen på Trå fram til
nettilkoplinga ved Herandsvatnet og på areala som er sett av til
massedeponi og riggområda, er det vurdert å vere potensial for funn av
ikkje-kjente automatisk freda kulturminne.
For alternativ 4 er utbygginga er vurdert å ha liten-middels negativ
verknad for kulturminne og kulturmiljø. For dei andre tre alternativa er
verknaden vurdert til ubetydeleg-liten negativ verknad.
Figur 10. Kalvafossen (midt i bildet)
er synleg frå bygda, men utgjer eit
lite synleg element i det skogkledde
draget opp mot høgfjellsområda.
Her sett frå riksvegen (foto: Sweco)
Jord og skogbruk
Plantefeltet i nedste del av tiltaksområdet kan verte påverka i
anleggsfasen ved at trasé for trykkrøret vert lagt gjennom dette.
I driftsfasen kan arealet igjen disponerast, men med eit atterhald om at
det ikkje kan byggast noko over røyret. Utbygging og forbetring av skogsog anleggsvegar vil og kunne redusere dei eksisterande skogsareala.
vert det føresett tiltak på relevante plassar. Dette vert teke hand om i
detaljplanlegginga. Etter utbygginga vert det vesentleg mindre vatn til
dagens drikkevassinntaket og kvaliteten er forventa å verta noko
dårlegare. Det er difor føresett at vassverket vil få vasstilføring direkte frå
vassvegen til kraftverket. I stasjonen vert det sett av plass til eit
oppgradert vassreinseanlegg. Truleg vil dette gjere at både råvasstilgang
og kvalitet vert betre.
Utbygginga er vurdert å ha liten negativ verknad på jord- og skogbruk.
Utbygginga er vurdert å ha positiv verknad på ferskvassressursane.
Ferskvassressursar
Vasskvaliteten vert noko surare øvst i vassdraget, der vatnet renn
gjennom harde bergartar. Lengre nede , der bergartane er meir lett
forvitrelege, vert pH i vatnet auka. Reduserte vårflaumar i samband med
snøsmeltinga vil truleg føre med seg at pH ikkje når dei låge verdiane som
i dagens situasjon. Det kan oppstå kortare periodar med noko dårlegare
vasskvalitet i anleggsperioden. For å førebygge uheldege konsekvensar
Mineral- og masseforekomstar
Tiltaket vil ikkje komme i konflikt med masseuttak og det er ikkje kjende
mineralar i nærleiken.
Næringsliv, sysselsetting, tenestetilbod og kommunal økonomi
Ei utbygging som omtala i søknaden, vil kunne gje ei positiv effekt for
fleire. Spesielt vil lokalt busette grunneigarar i prosjektet kunne få dette
som ei viktig tilleggsnæring til tradisjonell gardsdrift. Dette vil kunne
stimulere til vidare drift og framleis oppretthalding av det veldrivne
kullturlandskapet i Herand. Det vil også være positivt for sysselsetting og
lokalt næringsliv i anleggsfasen p.g.a. auka etterspørsel etter varer og
tenester. Ein del av årsverka i anleggsfasen vil sannsynlegvis kome
regionen til gode gjennom bruk av lokale og regionale
underentreprenørar. Under driftsfasen vil det også vere behov for noko
ettersyn av inntaksdam og kraftstasjon. Dette arbeidet kan handterast av
grunneigarane lokalt.
Den kommunale økonomien i Jondal kommunen vil få eit positivt bidrag i
form av bl.a. auka skatteinngong i anleggsfasen, auka inntektsskatt frå
fallrettshavarane i driftsfasen, samt eigedomsskatt, naturressursskatt og
konsesjonsavgift. Utrekningar viser at desse til saman vil utgjere
ca 2 185 000 kr f.o.m. det 7. driftsåret.
Utbygginga er vurdert å ha positiv verknad for kommuneøkonomien og
lokalsamfunnet i Herand.
Figur 11. Utsyn over Herandsbygda
Friluftsliv og reiseliv
I anleggsfasen kan barrierar og stengsler i forbindelse med anleggsarbeid
redusere tilgangen til og opplevinga av friluftskvalitetane i området. I
driftsfasen kan dei utbetra vegane gjere området lettare tilgjengeleg for
friluftsliv. Det er den reduserte vassføringa i vassdraget, og då særleg i
Fodnastølsfossen, som vil ha størst negativ verknad for friluftsliv.
Avbøtande tiltak vil vere å unngå midlertidige barrierar som bryter dei
eksisterande bevegelsesmønstra. Utbyggjingsalternativ 1, 2 og 3 gjev ei
meir stabil vannstand i Fodnastølsvatnet ved at vasstanden vert justert
innan normal vasstandsvariasjon. Dette vil kunne betre båttilhøva i dei
grunne partia av Fodnastølsvatnet
Utbygginga er vurdert å ha liten-middels negativ verknad for friluftsliv og
reiseliv for alle fire alternativa. Alternativ 4 med inntak nedstraums fossen
er rangert som beste alternativ.
Figur 12. Stiane mot Fodnastølsvatnet er skilta
Figur 13. Visualisering av kraftstasjon på Trå. Foto syner eit døme på korleis kraftstasjon
med vasskraftverk kan sjå ut.
VIDARE SAKSGONG
Søknaden med tilhøyrande konsekvensutgreiing er oversendt til Olje- og
energidepartementet (OED) v/ NVE. Konsesjonssøknaden vil bli handsama
etter særskilte reglar. Konsesjonssøknaden med tilhøyrande
konsekvensutgreiing vil bli sendt på høyring til lokale, regionale og
nasjonale styresmakter og ulike organisasjonar, og den vil bli lagt ut til
offentleg ettersyn i kommunen. Det vil òg bli arrangert eit ope møte på
Herand. Etter høyringsrunden vil NVE utarbeide ei innstilling i saka og
oversende denne til OED. Det er Kongen i statsråd som tek den endelege
avgjersla i saka. Store eller spesielt konfliktfylte saker blir lagt fram for
Stortinget. I konsesjonen kan styresmaktene setje vilkår for drifta av
kraftverket og det kan gjevast pålegg om tiltak for å unngå eller redusere
skadar og ulemper.
EIGNE NOTATER
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
................................................................................
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………
Høyringsfråsegner og spørsmål om sakshandsaminga kan rettast til
NVE
v/Magne G. Verlo
E-post: [email protected]
Telefon: 22 95 95 95 eller direkte: 57 83 36 70 / 950 80 350
Internett: www.nve.no
Spørsmål om utbyggingsplanane kan rettast til Herand Kraft AS
v/Kjell Olav Samland
E-post: kjell.olav.samland@
kvamnet.no
Telefon: 91394477
Internett: www.herandkraft.no