18.02.2014 - Kyrkja i Hå

Møtebok for Nærbø sokneråd
Møtedato:
Møtetid:
Møtested:
18.02.2014
kl. 18:00-21:00
Nærbø kyrkje (Grupperom 3 / spiserom)
Tilstede:
Tron Gudmestad, Gunvor Berge Risa, Randi Espeseth Opstad, Marie Lie Harbo, Svein Helge Harbo, Tone
Torland Aarsland og soknepresten.
Meldt forfall:
Maria Reime Birkeli, Ingrid Ljøkjel Wold, Anne Linn Midttun.
Innkallinga vart godkjent.
Meldingssaker
Sak 000005 Arbeid i kyrkjelyden
Samtala om: Gudstenestane i vår.
Sak 000006 Idemyldring til kyrkjelydsbladet
Sak 000007 Referat frå Nærbø diakoniutval 22.01.
Sak 000008 Referat frå møte i trusopplæring med mentor 28.01.
Sak 000009 Innkommen post
- mannsweekend på Himmel og Hav. 21-23. mars
- pilegrim langs Jærkysten. 30. juni-4. juli.
- regionstevne for NMS i Nærbø kyrkje. 24. mai
Sak 000010 Årsstatistikkar frå prosten.
Statestikkar for utvikling for Nærbø, Varhaug og Ogna sokn frå 2006-2013.
Sak 000011 Kommuneplan i Hå
Svein Helge Harbo orienterte om kommuneplanen
Sak 000012 Torild Egeland Reime kom kl. 19:30.
Vår nytilsette diakon, Torild Egeland Reime, informerte soknerådet om tankar og visjonar for
det diakonale arbeidet i Hå. Her er nokre av dei tiltaka ho ynskjer å ha fokus på i arbeidet sitt:
 Grupper med folk som opplever samlivsbrot
 Samlivskurs
 Vera i kontakt med folk der dei er
 Oppfylgjing av pårørande etter dødsfall (ektefeller eller foreldre av barn)
 Inspirera diakoniutvala
 Institusjonsbesøk- kontaktliste for samtale med prester og diakon
 Samhandlingsreformen – muligheter for samarbeid med kommunen som besøkstjeneste og
samtale med sjuke/døyende.
 Tiltak for utviklingshemma. Enkel gudsteneste og samling med aktivitet og servering.







Vårsonate 30. mars kl. 19:00 i Nærbø kyrkje. Ein takknemlighetskonsert med BodilArnesen
og Paal Andre Grinderud.
Morgonbøn, bøn og samtale med høve til forbøn.
Ha ein fast dag på Hå sjukeheim.
Generasjonssang – musikk inn mot de demente og eldre.
Barn med to adressa
Rusmisbrukarar
Lånebu (Bytta og låna utstyr )
Torild ynskjer å ha sterke og sjølvstendige diakoniutval i sokna som vil noko, og som gjer noko
for å få det til. Ho er tilsett i 90 % stilling (50% frå kommunen, 30% frå diakonistiftelsen som
held fram i 3 år, og 10% midlertidig frå fellesrådet).
Kyrkjemøte til våren.
Soknerådet samtala om kyrkjesituasjonen.
Sak 004/14 Søknad om støtte til orgelpiper i Nidarosdomens hovedorgel
Vedtak:
Soknerådet ønsker ikkje å gi støtte til orgelpipe i Nidarosdomens hovedorgel.
Sak 005/14 Møteplan hausten 2014
Vedtak:
Soknerådet godkjenner møteplan for hausten 2014
AU
SR
26.08.2014 kl. 18:00
02.09.2014 kl. 18:00-21:00
09.09.2014 kl. 18:00
23.09.2014 kl. 18:00-21:00
07.10.2014 kl. 18:00
21.10.2014 kl. 18:00-21:00
04.11.2014 kl. 18:00
18.11.2014 kl. 18:00-21:00
25.11.2014 kl. 18:00
09.12.2014 kl. 18:00-21:00
Sak 006/14 Søknad om offer til "BridgeBuilders".
Vedtak:
Soknerådet går inn for å gi 2 offer til prosjektet BrideBuilders. Eit offer i vår og eit offer i haust.
19. juli til 1. august 2014 skal ungdommer og voksne fra Hå sykle Norge på langs. Dette er et prosjekt i regi
av ungdomspresten og som sådan også under Hå kyrkjelege fellesråd. Formål er Israelsmisjonens prosjekt
BridgeBuilders (BB). BB er et freds- og forsoningsprosjekt for unge palestinere og israelere.
Sak 007/14 Avsetjing til fond
Vedtak:
Avsetjing og bruk av fond for 2013
- Avsetjing til fond Nærbø kyrkje, ferdigstilling og oppgradering kr. 28 754,00
- Avsetjing til fond orgel kr. 4 299,60
- Bruk av fond ungdomsarbeid kr. – 56 602,50
- Avsetjing til fond musikarstilling kr. 45 865,50
Sak 008/14 Nytt tolkeanlegg
Vedtak:
Soknerådet går inn for å kjøpa nytt tolkeanlegg til Nærbø kyrkje og ber Eivind Waldeland om å ordna
dette.
Ladekoffert for 20 mottakar
Sender
Mottakar til ladekofferten 6 stk
Sum
Kr. 10 421,00
Kr. 5 211,00
Kr. 14 436,00
Kr. 30 068,00
Sak 009/14 Medlem i KIA Rogaland
Vedtak:
Saka vart utsett.
Sak 010/14 Kyrkjelydsutvikling
Vedtak:
Saka vart utsett til eit seinare sokneråds møte.
Sak 011/14 Plan for diakoni - år 2014 og 2015
Vedtak:
Soknerådet godkjenner diakoniplanen for 2014 og 2015.
For Nærbø sokneråd
Kari Torland
Sekretær