MØTEBOK 1 Soknerådet i Vereide Saksnummer 1- 7 Møtestad: Sandane kyrkje Dato 14.01.2015 Til stades: Elin Villung, Lars- Bjarte Osland, Solgunn Førde Oppheim, Liv Djupegot, Magni Evebø Sand, Anna Karin W. Hansen, Thor Horntvedt , Jorunn Kvernevik, Robert Nyemah, Paul-Rune Daviknes, sokneprest Vidar Bjotveit Opning/andakt : Lars Bjarte Kaffi : Magni Møteleiar : Thor Sak 15/1 Godkjenning av referat og innkalling. Godkjent. Sak 15/2 ORIENTERINGSSAKER / kva skjer ? - Evaluere gudstenestene i jula/nyttår. Ingen anmerkningar er komne inn i fht. parkering. Soknerådet ynskjer gjerne å ha gudstenesta 1.juledag og 1. nyttårsdag kl 12.00. God kyrkjesøking, god variasjon preg og innhald. - Julegryta 2014 Det kom inn 14 000 kroner!! - Paul Rune - Ny gudstenesteliste med medliturgar ligg i dropbox - Møte i Gudstenesteutvalet : Torsdag 5. febr. kl 18.00 Anna Karin og Elin stiller - Tårnagent-samling i Vereide kyrkje 24 og 25. januar. v/ Magni. Boka «Skatten i Liljedal»delast ut. Planarbeid i gode gjenge og nok mannskap. - 5-årsfesten : laurdag 28. februar kl 11 – 13 Ein felles fest for alle som har fått 4-års bok. Uklart kor langt planarbeidet er kome. v/ Magni Nytt møte i Tru: 4.februar - Årsmøte/soknemøte : søndag 1. mars - Nordmisj. planlegg turnè med elevar frå Bibelskulen i Grimstad / opphald på Folkeh.sk. Truleg konsert m. dei og Arnold Børud i Vereide k. enten fred. 10. eller 17. april ! (Kont. : Per Ståle Husevåg) Sak 15/3 Planlegge soknemøtet : søndag 25. januar i Vereide kyrkje etter gudstenesta/ kyrkjekaffi: Tema : Samanslåing av Vereide og Gimmestad sokn og sokneråd ? Innleiing v. Aase Ryssdal, leiar i Gimmestad s.r. Velkomne : Elin Ordstyrar: Thor Referent : Anna Karin Viktige spørsmål vi må innom : Kyrkjelyden skal få uttale seg. Kvifor ? (Vil dette føre til nedskjeringar ? –tal gudstenester /stillingar) Kva skal soknet heite ? (Biskopen avgjer, men vi kan meine noko!) Kor mange medlemar skal det nye soknerådet ha ? Forslag 10, minst 3 frå Gimmestad + vara Saksgang: (Soknemøtet er rådgjevande for soknerådet. S.r. gjer endeleg vedtak. – Soknerådet tek kort samling etter soknemøtet Soknerådet gjer vedtak. Søknad om samanslåing sendast til Biskopen) . Annonse er sett inn i Firda Tidend, Vedtaksforslaget er lagt inn på heimesida til Gloppenkyrkja: Framlegget vert kopierer opp til Gudstenesta, og kan lesast i tida som går mellom gudstenesta og soknemøtestart på kyrkjekaffien. Kyrkjekaffien : Alle i soknerådet tek med kvar sine 2 kanner med kaffi ! Ordne med bord : Paul Rune? Kjeks, kaffifløyte, saft, koppar : Liv 1 MØTEBOK 1 Soknerådet i Vereide Saksnummer 1- 7 Møtestad: Sandane kyrkje Dato 14.01.2015 Sak 15/4 Planlegge medliturgsamlinga torsdag 12. februar kl 19.00 i Sandane kyrkje. Tema : Evaluering av gudstenesteordinga vår. Innleiing v. Anders Rinde ? Prat rundt småbord. Oppsummering. Ordstyrar : Olav Søreide ? Kvelds : 1 fat mat frå kvar medlit.…………………… Rydde til bord og stolar + kaffi/ te :Liv, Solgunn og Anna Karin Jorunn referent. Vidar har avslutning i kyrkjerommet. Sak 15/5 Valnemd for nytt sokneråd (val h-15): Vi tenkjer at vi skal ha felles nominasjonsnemd/ felles nominasjonsliste med Gimmestad sokn, sidan vi trur utfallet av saka om samanslåing av sokna blir positivt.I motsatt fall blir Vereide sokn si nominasjonsnemd på 4 medl. Vedtak: Vi tenkjer 5 medl. i felles nominasjonsnemda, 3 frå Vereide sokn og 2 frå Gimmestad sokn. Anna Karin stiller i nemnda og tek ansvar for framdrifta av nominasjonsarbeidet for Vereide sokn og felles nemnd og felles liste. Namn på andre medl i nominasjonsnemda må vere klar innan 1 mnd. Nominasjonsarbeidet skal vere i gong i perioden 1. mars- 30.april. Sak 15/6 Det er etterspurt teiknebrett eller leikar til borna når det er gudsteneste i Sandane kyrkje. Det finst leikar i ein kasse der søndagsskulen er. Vedtak: Vi kan sørge for teiknesaker/ og evt nokre av teiknebretta frå Vereide kyrkje kan flyttast inn til Sandane kyrkje. Om nødvendig kan TRU kjøpe inn litt barnebøker. Kanskje nokon vil gje barnebøker frå «heimebiblioteka» sine? Sak 15/7 Eventuelt Marius Økland ynskjer å stille som kandidat til Bispedømmerådsvalget. Vedtak: Soknerådet går for han, og melder han inn som kandidat. SAKER TIL NESTE / SEINARE MØTE : Fasteaksjonen Planlegge årsmøtet 1. mars. Ha klar rekneskap og årsmelding til godkjenning i møtet. Revidering av Handboka for medliturgane / ein kortversjon Dialog med Søndagsamling -aprilmøtet? Neste soknerådsmøte : onsdag 11. februar 19.30 i Sandane kyrkje. Opning : Robert Kaffi : Jorunn Vidare møteplan for soknerådet Vår 2015 : 11. februar (20.00), 18. mars, 15. april, 20. mai (20.00), 10. juni. ------------------------- -------Sign -------------------------------sign -------------------------------sign 2
© Copyright 2024