Ref frå soknerådsmøtet 23. feb 2015. Møtet var i Vangsnes Kyrkje

Ref frå soknerådsmøtet 23. feb 2015.
Møtet var i Vangsnes Kyrkje.
Desse møtte: Sokneprest Jostein Skutlaberg, Anne Marit Grov, Britt Karin Lidal
Noss, Oliv Fosse, Leif Audun Sætre, Gro Heimdal og Oddveig Fimreite.
Ord for dagen.
Sak 9/15: På innkallinga skal sak 16/15 vera 15/15. Elles vart innkalling og ref
frå møtet 19. jan godkjende.
Sak 10/ 15: Soknerådsval. Vangsnes Sokneråd fungerer som valstyre.
Medlemane der er og nominasjonsstyre. Nominasjonsstyret skal finna
kandidatar til å stå på « vallista». På Vangsnes vil det seia 6 faste og 5 vara.
Nominasjonsstyret skal og finna 10 personar til å skriva under på kandidatlista.
Leiaren tek kontakt med Ingvar Vangsnes om vallokale, urne og andre praktiske
ting i samband med valet. Soknerådet ber og kyrkjekontoret ta på seg alt arbeid
med førehandsstemmer. Viktig å ha kontakt med Ungdomsskulen og
institusjonane .
Kandidatane er kontakta gjennom brev. I veke 10 skal soknerådsmedlemane ta
munnleg kontakt med den enkelte for å få svar på om dei ynskjer å stå på
vallista.
Sak 11/15: Årsmøtesakene. Årsmeldinga vart lesen opp. Medlemane kom med
eitt par korrigeringar som skal vera med. Vi bed kyrkjekontoret kopiera opp 30
stykk.’
Rekneskapen vart gjennomgått og forklart. Kom fram tanke om at vi kunne ha
liggjande lappar med soknerådet sitt kontonr . Ikkje alle har pengar med til
kyrkje, men har lyst å gje ei gåve. Kontonummeret kan og gjerne koma med i
«Helsing til Kyrkja».
Andre saker som skal opp på årsmøtet er: Lys på kyrkjegarden, vedlikehald/
økonomi og lokal grunnordning. Leiaren orienterte om det som blir sagt på
soknemøtet.
Sak 12/15: Fasteaksjon. Leif Audun og Oddveig får ansvar
Sak 13/15: Vårfest. Soknerådet snakka gjennom arbeidsoppgåver, fordeling
osb. Sjå og plakatar og flygeblad. Britt Karin deler ut.
Sak 14/ 15: Innkomne saker: Soknepresten orienterte om musikkgudsteneste i
Vik Kyrkje 8. mars. Musikken som vert brukt, er basert på Tore W Aas sin
musikk .
Leiaren orienterte om den nye prestestoda frå hausten.
Sak 15/15: Ref saker
Kontakt med Vik Musikklag om friluftsgudstenesta .Inga Tilbakemelding så
langt. Leiaren tek kontakt med E Stadheim att. Kom framlegg om andre vi kan
kontakta.
Neste møte er sett til 28. april. Vi må ha eitt møte om valet før den datoen.
Skrivar
Oddveig Fimreite
Vangsnes, 28.februar 2015