OSTERØY KOMMUNE Innkalling av Plan- og kommunalteknisk utval Møtedato: Møtestad: Møtetid: 29.01.2014 Heradsstyresalen 13:00 Forfall skal meldast til administrasjonen, tlf. 56192136 eller 56192122. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Sakliste Saknr Tittel 01/14 Godkjenning av innkalling og sakliste 02/14 Godkjenning av møtebok. 03/14 110/84 - Raknes nedre - Søknad om dispensasjon til oppføring av tilbygg til fritidsbustad - garasje - klage 04/14 1/43 - Loftås - Søknad om løyve til tiltak - oppføring av 12-mannsbustad/terrasseblokk dispensasjon 05/14 4/136 - Hauge - Søknad om rammeløyve til etablering av ny gjenvinningsstasjon på Hauge - handsaming av klager 06/14 149/37 og 40 - Søknad om konsesjon for erverv av eigedom ETTERSENDE SAKER 07/14 Delingssak gbnr 74/1 – Grønås – søknad om deling av grunneigedom 08/14 Delingssak gbnr 71/1 – Haugstvedt – søknad om deling av grunneigedom 09/14 Gbnr 94/3 og 94/9 – Søknad om konsesjon for kjøp av landbrukseigedom 10/14 58/3 og 58/18 – Søknad om deling av driftseining Synfaring: Sakene 07 og 08/14 vart i møtet 04.12.13 utsette for synfaring. Frammøte v/rådhuset kl. 11.20 Gnr. 74/1 - Grønås ca. kl. 11:40 Retur til Hatland Gnr. 71/1 - Haugstvedt: ca. kl. 12.15 Retur til Hatland Lonevåg, 27.01.14 Bente Skjerping utvalssekretær Osterøy kommune Saksframlegg Sakshandsamar: Avgjerslemynde: Forvaltning Arkivnr.: 14/487 Sture Helle Klassering: 07/14 Delingssak gbnr 74/1 - Grønås - søknad om deling av grunneigedom Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Jordlova: Med heimel i jordlova § 12 vert det gjeve løyve til frådeling av ein parsell på om lag 1 daa til bustadføremål frå gnr 74, bnr 1. Det vert sett som krav at den frådelte parsellen får gjerdeplikt mot avgjevareigedomen. Det vert og gjeve løyve til naudsynt infrastruktur som veg, vatn og avlaup. Plan og bygningslova: Med heimel i pbl § 19-2 vert det gjeve dispensasjon for frådeling av ein parsell til bustadføremål på om lag 1 daa på gnr 74, bnr 1. Det vert og gjeve dispensasjon til bygging av bustad med naudsynt infrastruktur som veg, vatn og avlaup. Det vert med heimel i same lova § 20-1-m gjeve løyve til deling, jf. § 26-1 Det vert sett som vilkår at saka vert handsama på ny ved negative nabomerknader.» Saksopplysningar: Bakgrunn Sjå vedlegg – utsett sak frå møte 04.12.13. Vurdering Konklusjon Rådmannen har ikkje nytt forslag. Ikkje vedlagte saksdokument: Doknr Type Dato Doknr Type Dato Tittel på saksdokumentet Tittel på journalpost Osterøy kommune Saksframlegg Sakshandsamar: Avgjerslemynde: Forvaltning Arkivnr.: 14/488 Sture Helle Klassering: 08/14 Delingssak GBNR 71/1 - Haugstvedt - søknad om deling av grunneigedom Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Med heimel i jordlova §§ 9 og 12 vert det gjeve løyve til omdisponering og frådeling av ein parsell på om lag 1,5 daa til bustadhus frå gnr 71, bnr 1. Det vert sett som krav at den frådelte parsellen får gjerdeplikt mot avgjevareigedomen. Det vert og gjeve løyve til naudsynt infrastruktur som veg, vatn og avlaup. Plan og bygningslova: Med heimel i pbl § 19-2 vert det gjeve dispensasjon for frådeling av ein parsell til bustadhus på om lag 1,5 daa på gnr 71, bnr 1. Det vert og gjeve dispensasjon til bustad med naudsynt infrastruktur som veg, vatn og avlaup. Det vert med heimel i same lova § 20-1-m gjeve løyve til deling, jf. § 26-1» Saksopplysningar: Bakgrunn Sjå vedlegg – utsett sak frå møte 04.12.13. Vurdering Konklusjon Rådmannen gjev ikkje nytt framlegg. Ikkje vedlagte saksdokument: Doknr Type Dato Doknr Type Dato Tittel på saksdokumentet Tittel på journalpost Osterøy kommune Saksframlegg Sakshandsamar: Avgjerslemynde: Forvaltning Arkivnr.: Lars Johan Fjelde Klassering: 14/502 09/14 94/3 og 94/9 - Søknad om konsesjon for kjøp av landbrukseigedom Søkjar: Roald Sletteland, Falsensvei 50, 5063 Bergen Overdragar: Kjetil Eikefet, v/ advokat Rune Stavenes, Postboks 271, 5804 Bergen Søknaden registrert: 02.07.2013 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: «1. Osterøy Kommune gjev med heimel i i §§ 2, 9 i konsesjonslova av 28. november 2003 konsesjon til Roald Sletteland til å erverve gnr. 94 bnr. 3 og 9 i Osterøy kommune. 2. Det blir sett vilkår om 5 år buplikt, jf. § 11. 3. Driveplikta må oppfyllast ved bortleige av jordbruksareala til eit bruk som Osterøy kommune kan godkjenne, jf. konsesjonslova § 11. Kontrakten må vere skriftleg og på minst 10 år, jf. jordlova § 8.» Saksopplysningar: Bakgrunn Roald Sletteland (heretter kalla konsesjonssøkjar) søkjer konsesjon for overtaking av gnr. 94 bnr. 3 og 9. (heretter kalla konsesjonsbruket) som sjølvstendig bruk. Søkjaren har oppgjeve at formålet med overtakinga er å ”bu på garden og drive den slik det er mogleg m.a ut frå dei føringane som er gitt i skogbruksplanen”. SKILDRING AV KONSESJONSBRUKET GNR. 94 BNR. 3 og 9 Areal jf. Arealressurskart M5 (AR5) Fulldyrka jord Overfl. dyrka Innmarks-beite Produktiv skog 6 0,5 9,5 H 8,9 M 70,1 Anna areal Sum areal *) 128,7 223,6 *) 13,5 daa skog låg bonitet, 22,5 daa uproduktiv skog, 8,3 daa myr og 83,2 daa grunnlendt mark og fjell i dagen. Skog Det er utarbeid skogbruksplan for eigedomen, som er utarbeid for eigedomen. I følgje denne planen er det på eigedomen registrert 70 daa produktivt skogareal med eit ståande kubikkmasse på 849 kbm. Produksjonsevna er utrekna til 61 m3 /år og 0,87 m3/daa. EIGEDOMEN SINE BYGNINGAR, 94/3: Osterøy kommune Saksframlegg Sakshandsamar: Avgjerslemynde: Forvaltning Arkivnr.: 14/75 Lars Johan Fjelde Klassering: 10/14 58/3 og 58/18 - Søknad om deling av driftseining Søkjar: Margun Vatle Gløsen m.fl. Hagan, Valestrand, 5281 Valestrandsfossen Kjøpar: Geir Kristoffer Vassdal, Hølbekken 134, 5262 Arnatveit Søknad registrert: 18.12.2013 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: "1. Osterøy Kommune gjev etter § 12 i jordlova løyve til frådeling av 58/18 i frå driftseininga gnr. 60 bnr. 16 og gnr. 58 bnr. 18 i Osterøy kommune for sal som tilleggsjord til gnr. 58 bnr. 1. 2. Det blir sett vilkår at 58/18 skal samanføyast med 58/1 som ei driftseining." Saksopplysningar: Bakgrunn Driftseininga gnr. 60 bnr. 16 og gnr. 58 bnr. 18 i Osterøy Kommune er ein landbrukseigedom som består av landbrukseigedomen 60/16 og 58/18 som er kjøpt som tilleggsareal i frå 58/1 (Brekkegarden). Driftseininga er på 17,2 daa dyrka jord, 18,7 daa innmarksbeite og 25,9 daa produktiv skog. Arealfordelinga fordelt på gard og arealkategori før deling er synt i tabellen under. Gnr. / Bnr. Jordbruksareal Skog Anna areal Totalt 60/16 58/18 SUM Fulldyrka 17,1 0,1 17,2 Overflated. 0,0 0,0 0,0 Beite 18,7 0,0 18,7 produktiv 20,2 5,7 25,9 ikkje prod. 0 0 0 2,5 0,2 2,7 58,5 6 64,5 Landbrukseigedomen 60/16 og 58/18 er under konsesjonsgrensa og ei frådeling som omsøkt vil ikkje påverke dette vesentleg. Grunnen til søknaden om deling av landbrukseigedomen 60/16 58/18 er at etter jordlova §12 fjerde ledd så er å rekna som ei driftseining og 58/18 kan ikkje seljast frå driftseininga utan samtykke frå kommunen. Etter jordlova § 12 , fjerde ledd: ”Føresegnene gjeld utan omsyn til om ein eigedom har fleire registernemningar når eigedomen eller ideell del av han er på same eigarhand og etter departementet sitt skjønn må reknast som ei driftseining”. 58/18 blei frådelt kjøparbruket som tilleggsjord til 60/16 i 1968. Vurdering Av jordlova § 12 går det fram at eigedom som er eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, ikkje kan delast utan løyve. Slikt løyve kan berre gjevast dersom ei deling enten er forsvarleg ut frå omsynet til den avkasting eigedomen kan gje, eller dersom samfunnsinteresser av stor vekt talar for at areal vert frådelt. Sjølv i dei tilfelle der eit av desse vilkåra er oppfylt, har ein ikkje krav på delingsløyve dersom t.d. ei frådeling vil kunne innebere drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det skal blant anna takast omsyn til kulturlandskapet. Om føremålet med delingsforbodet heiter det i rundskrivet M-4/2003: ”Delingsforbudet er et viktig virkemiddel. Det bidrar til en tjenlig bruksstruktur. Formålet med delingsforbudet er å sikre og samle ressursene på bruket for nåværende og framtidige eiere.” Ei frådeling som omsøkt vil ikkje i særleg grad redusere arealressursane på avgjevareigedomen. Ein finn det difor at det vil vere forsvarleg av omsyn til eigedomen sitt avkastingspotensiale om søknaden vert imøtekomen. Kjøpar av gnr. 58 bnr. 18 ynskjer å kjøpe arealet som tilleggsareal til sin eigedom gnr. 58 bnr. 1. Jordlova sitt føremål om å leggja til rette for driftsmessige gode løysingar eller dei landbrukspolitiske mål om større og meir robuste bruk Det er svak drift på begge bruka, og begge bruka har lite jordbruksareal. Samla sett så vil det ikkje ha nokon særleg landbruksmessig betyding om frådelinga i frå 1968 no blir reversert. Konklusjon Med bakgrunn i at saka gjeld eit marginalt areal og at ulempen ved frådelinga for avgjevareigedomen i stor grad blir oppvegd ved føremonane for kjøpareigedomen vil frådelinga vere drifsøkonomisk forsvarleg. Såleis er eit av to vilkår i jordlova som eventuelt kan opne for frådeling oppfylt i saka. Vedlagte saksdokument: Konsesjonskart for 60/16 og 58/18 60/16 og 58/18 - Søknad om deling av driftseining 715 717 14.01.2014 14.01.2014 Bygningstype Våningshus Løe Uthus/flor Verkstad (94/9) Byggeår 1800 1900 ? 1950 Grunnflate, m 2 80 60 15 30 Etasjar 1 1/2 2 1 2 Teknisk tilstand Middels Dårleg Dårleg Middels I søknaden er det oppgjeve at innmarka vert slått av ein nabo og at eit areal på om lag 15 daa blir utleigd til juletreproduksjon. Kjøpesum er oppgjeven til kr. 1.300.000 for den faste eigedomen. Det blei i 2009 laga ein verdivurdering av skogen på eigedomen, som gjev ein samla verdi for grunnen / venteverdi for skogen på kr. 314.866,-. Diskontert til 2009 verdi utgjorde det knapt kr. 119.000,-. Våningshuset er i middels god stand. Driftsbygningen er i god stand, men heller gamaldags og har mindre bruksverdi for moderne landbruksdrift. Drift på eigedomen: Eigedomen har i lengre tid vore leigd bort til nabobruk (Arvid Hopsdal). Drift i området: Landbrukseigedomen ligg i eit godt landbruksområde med heller dårlege vilkår for jordbruksdrift der det er drift med husdyrhald på tilgrensande bruk blant anna på 93/1. Vurdering Formålsparagrafen til konsesjonslova lyder slik. Loven har til formål å regulere og kontrollere omsetningen av fast eiendom for å oppnå et effektivt vern om landbrukets produksjonsarealer og slike eier- og bruksforhold som er mest gagnlige for samfunnet bl. a for å tilgodese: 1. framtidige generasjoners behov. 2. landbruksnæringen. 3. behov for utbyggingsgrunn. 4. hensynet til miljøet, allmenne naturverninteresser og friluftsinteresser. 5. hensynet til bosettingen. Ein skal her ta stilling til om konsesjonssøkjaren oppfyller krava til konsesjonslovas intensjon og gje slike eigar og brukstilhøve som er mest gagnleg for samfunnet. Rådmannen vurderer saka slik at konsesjonssøkjar sine planar for eigedomen sett i samanheng med samfunnet sine interesser knyta til ein forsvarleg utnytting av eigedomen er i tråd med føremålet om å få effektivt vern av landbruket sine produksjonsareal og gagnlege eigar- og brukstilhøve, jf. § 1. Dette medfører at det blant anna skal leggast vekt på å skape ressurssterke bruk. KONSESJONSSØKJAREN: I §9 (Særlege forhold for landbrukseiendommer). Ved avgjørelsen av søknaden om konsesjon for erverv av eiendom som skal nyttes til landbruksformål, skal det legges særlig vekt på: 1. 2. 3. 4. 5. om den avtalte prisen tilgodeser en samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling, om ervervaren vil ivareta hensynet til bosetting i området, om ervervet innebær en driftsmessig god løsning, om ervervaren anses skikket til å drive eiendommen. om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet. Ved avgjer på søknaden om konsesjon for erverv av eigedom som skal nyttast til landbruksføremål skal det og leggast vekt på føremålet med jordlova, jf § 1 i jordlova. - Søkjar har i søknaden oppgjeve at drifta fortsatt skal leigast bort til Arvid Hopsdal. I søknaden står det at konsesjonssøkjaren ynskjer å busetje seg på garden og drive den. Prisen Det er avtalt ein pris for eigedomen på kr. 1.300.000,-. Prisen som er avtalt for eigedomen er under grensa for kva eigedomar som skal prisvurderast. Busetnaden i området Søkjaren ynskjer å busetje seg på eigedomen og leige bort jorda. Dette vil styrkje busetnaden i området. Rådmannen meiner då at omsynet til busetjing i området er i ivareteke, jf. §9 pkt. 2. Driftsmessig god løysing Bruket er basert på driftsøkonomiske kriteria liten til at det er rasjonelt å oppretthalde bruket som sjølvstendig bruk. Det er usikkert om ei eventuell produksjon vil gje særleg overskot til å gje særleg bidrag til ”familieinntekta”. Bortleige som kommunen kan godkjenne kan vera akseptabel. Kvalifikasjonar/kompetanse Søkjarane har ikkje lagt fram opplysningar om kvalifikasjonar. Med bakgrunn i bruket er ressurssvakt så har ikkje Rådmannen merknadar med omsyn til kvalifikasjonar jf. pkt. 4 i §9 slik det er presisert i rundskriv M-5/2003. Bu- og driveplikt Ut frå eigedomen sin storleik og karakter finn ein det riktig at det er naturleg med bu- og driveplikt. Kommunen har i tillegg innført "generell buplikt" for bebygd eigedom som er eller har vore brukt som heilårs bustad. Søkjar har opplyst at han skal busetje seg på garden og drive garden i tråd med skogbruksplanen. Driveplikta kan oppfyllast ved bortleige dersom leigekontrakten Konklusjon. Ein i Osterøy kommune, for mindre landbrukseigedomar, lagt stor vekt på omsynet til busetjing. Seljar og kjøpar av konsesjonsbruket har inngått ein frivillig avtale som det skal tungtvegande grunnar til for å gripe inn i. Rådmannen vil etter ein samla vurdering og ut i frå tidlegare praksis i kommunen tilrå konsesjon. Vedlagte saksdokument: 94/3 og 9 - SØKNAD OM KONSESJONS VED OVERTAKING AV FAST EIGEDOM 94_3_og 9 _gardskart 1193 20.01.2014 1194 20.01.2014
© Copyright 2024