Ulike syn på August Strindberg

Ulike syn
på August Strindberg
Ny biografi av Sue Prideaux: Strindberg - A Life. 352 s. Yale University Press 2012.
.
© Universitetsbiblioteket i Bergen, www.uib.no/ub
Tekst: Jan Olav Gatland, Bibliotek for humaniora
Formgjeving: Pedro Vásquez, Manuskript- og librarsamlingane
Katalogen er også tilgjengeleg på UBs heimeside.
Ulike syn på August Strindberg
1849 - 1912
Ein utstillingskatalog
Bergen 2012
August Strindberg – død i 100 år
Brev til Bolette Pavels Larsen
Det er i år 100 år sidan (Johan) August Strindberg døydde 63 år gammal. Strindberg
(1849-1912) var ein allsidig forfattar, men det er som dramatikar han er mest kjend.
På linje med Henrik Ibsen, Nordens andre store dramatikar, blir Strindbergs drama
stadig oppførte på scener over heile verda.
Strindberg har ein omfattande produksjon, og hans Samlade verk er utgitt i 72
bind, eksklusive brev. Dette er ei vitskapleg kommentarutgåve som byrja å komme i
1981 og som vil vere ferdig i år, sjå strind.su.se. Verket er òg tilgjengeleg elektronisk i
Litteraturbanken.se, der ein kan søkje på ord i teksten osv. På den offisielle
heimesida for Sveriges omfattande 100-årsmarkering av Strindbergs død,
strindberg2012.se, finn ein informasjon om alt som har skjedd, og alt som skal skje
gjennom året.
Sveriges største diktar var ein ivrig brevskrivar, og breva frå han er tidlegare utgitt i
22 store bind. Blant desse er òg to brev til Bergens Tidendes høgt respekterte
hovudkritikar, Bolette Pavels Larsen (1847-1904). Originalane til dei to Strindbegbreva gjekk inn i den testamentatariske gåva som Bolettes ektemann, bankfullmektig
Ole J. Larsen, overlet til Bergens Museum, no ved Universitetsbiblioteket.
Bolette P. Larsen var ein aktiv skribent og brevveksla med fleire nordiske
forfattarar. Ofte skreiv forfattaren for å takke eller kommentere bokmeldinga ho
hadde skrive i avisa, men i tilfellet Strindberg veit vi ikkje kven som skreiv først.
Seinhaustes 1880 har i alle fall Bolette bedt om å få omsetje noko av det Strindberg
hadde skrive, for 20. desember svarer han:
Högtärade!
Till svar på Eders ärade skrifvelse kan jag endast svara att jag tänker ingen
öfversättning af mina arbeten kan komma tillstånd utan förläggare, och någon
Norsk sådan (eller Dansk) eger jag ej. Dock håller Cammermeyer på att
fundera öfver Röda Rummet, men till detsamma har en Herr Gunnar Heiberg
skaffat sig rätten att öfversätta. [På norsk først i 1995 ved Per Qvale.] Hvad
åter I Vårbrytningen beträffas är den icke värd att öfversättas, ty det är en
samling af dåliga ungdomsarbeten på vers och prosa.
Deremot skulle jag vara mycket glad om Ni ville på egen risk öfversätta
mitt teaterstycke Gillets Hemlighet som i våras gafs på Kungliga Teatern
[3.5.1880], och om Ni kunde få det läst vid Eder och Danska Teatern. Det
fins utgifvet i bokhandeln och är det som jag mest håller på af hvad jag
skrifvit.
Med utmärkt högaktning
August Strindberg
c.o. Amanuens vid Kongl. Biblioteket Stockholm.
1886. Kungliga Biblioteket, Stockholm.
Bolette omsette Gillets Hemlighet til norsk, men ho lykkast ikkje å få stykket oppført
på nokon teater. Deretter spør ho Strindberg om ho kan få trykkje skodespelet i
Bergens Tidende, og han svarer 13. februar 1883:
Högtärade Fru Larsen!
Eder anhållan att få trycka Gillets Hemlighet i Bergens Tidende beviljar jag med
nöje, men måste förbehålla mig pjesens utgifvande i bokform emedan jag har
förhoppningar om en förläggare i framtiden.
Tackande för deras vänliga helsning beder jag få vara innesluten.
Skodespel som føljetong i BT
Som mange andre aviser trykte òg BT føljetongar som «kjellarar» i avisa, men det var
som oftast noveller og romanar. Eit heilt teaterstykke som føljetong var ikkje vanleg
kost. Men frå 1. mars 1883 og i heile mars månad gjekk Strindbergs stykke Gillets
Hemlighet som føljetong i BT, omsett til norsk av Bolette Pavels Larsen (i avisa B. L.)
under tittelen Gildets hemmelighed. Det er ein komedie i fire akter med handling frå
1402 om bygginga av Uppsala domkyrkje. Det mest oppsiktsvekkande er kan hende
at medan heile resten av avisa var trykt i gotisk skrift, var skodespelet trykt med
dagens latinske bokstavar.
Med utmärkt högaktning
August Strindberg.
Innleiingsavis står det ein lengre usignert artikkel om Strindberg der Bolette
skriv: «Med August Strindbergs Tilladelse paabegynder vort Blad i dag en
Oversættelse af hans Skuespil Gillets Hemlighet, og i den Anledning forudskikkes
følgende Oplysninger om denne vort Broderlands mest populære og moderne
Forfatter, tagne af P. Staaff’s Bok: Det nya riket og dess författare.»
Gillets Hemlighet blei utgitt på dansk i 1889
Så vidt eg veit har stykket berre vore oppført ein gong i Norge, ved Det Norske
Teatret i 1919. Ttittelen var då «Løysingsordet», omsett av forfattaren Olav
Hoprekstad som òg var kritikar i BT. Han kjende truleg til Bolettes tidlegare norske
versjon.
Strindberg på DNS
Amalie Skram om Strindberg
I Bergen blei Strindberg først spelt i 1909 då Den Nationale Scene sette opp «Påske»
som norsk urpremiere, ei slags scenisk påskepreik om menneskeleg ulykke, sjukdom
og sorg. Stykket trakk lite folk, og det blei fire tynne hus. Nationaltheatret spelte
Paaske først i 1919, men var dei første som sette opp Strindberg i Norge med det
historiske dramaet Erik XIV i 1903. Det gjekk lengre tid før Strindberg fekk innpass
i Norge med dei stykka som han i dag er mest kjend for. Faderen blei oppført ved
DNS i 1925 og gjekk åtte kveldar. «Frøken Julie» blei først sett opp på DNS i 1952
(året etter Det Norske Teatret) med til saman 18 oppsetjingar, medan Eit draumspel
ikkje kom opp før i 1977 (12 år etter DNT) og fekk 22 framføringar, altså ein liten
suksess.
Året etter at Strindberg fekk sitt første stykke opp i Bergen, debuterte den tre år
eldre bergenske forfattaren Amalie Skram som dramatikar med stykket Agnete (1910).
Det gjekk fem kveldar på DNS. Skram var nysgjerrig på den svenske dramatikaren.
Då «Strindbergs forsøgsteater» spelte i København i mars 1889 (Kreditorar, Paria og
Den sterkaste) skreiv Amalie Skram til Sophus Schandorph at det sikkert ville bli ein
fiasko, ikkje minst på grunn av Siri von Essen, Strindbergs hustru:
… fru Strindberg, som er snart 50 og som efter sigende, hverken har ‘bug eller
bag’ skal gi en varmblodig ung dejlighed. Selve stykkerne er heller ikkje til at
holde ud. Det er snart nok nu med disse vanvittig ensidige skildringer af
fruentimmervampyrer dær eder op sine ægtemager med hud og hår efter ½
års ægteskab og er udrustet med bare luciferlige egenskaber. (9.3.1889)
To år før såg Amalie Skram Strindbergs Faderen i København, og det var storarta,
skriv ho til Schandorph. Men før stykket hadde Strindberg ei opplesing:
Strindberg, den stakkel!, det var et aldeles uutholdeligt trist syn at se ham stå
på scenen i Kasino og læse op noget rimet svensk af en bog med en lav,
monoton aldeles uhørlig stemme, stiv som en støtte, uden én eneste gang at
forandre stilling, med øjnene plantet i bladene som om han var hypnotiseret
til at se der, bare der. Og så forsulten og forkommet og forskræmt han så ud!
Og så at vide at hans økonomiske stilling er så fortvilet at han stod der ene og
alene for at tjene de lumpne 50 kr eller måske lidt mere, som [teaterdirektør]
Hunderup gav ham. Jeg forsikrer jeg var grædefærdig – det var dog Strindberg
og han tog sig ud ringere end den første den bedste skolegut, som har øvet sig
i smug på at deklamere. (4.12.1887)
F.v. Ingrid Thulin, Allan Edwall og Ingmar Bergman frå prøve på Ett Drömspel, 1963.
Stiftelsen Ingmar Bergman.
«Det är synd om människorna»
Som dramatikar er Strindberg ofte meir moderne enn Ibsen, vanskelegare å forstå og
meir irrasjonell. Samtidig er han meir nysgjerrig på menneska og deira gåtefulle natur,
og er særleg opptatt av styrkeforholdet mellom mann og kvinne, av kjønn og
seksualitet, også homoseksualitet. Hans mange sjølvbiografiske skildringar gjev eit
klart bilete av dette, i tillegg til brev og dagbøker. I februar 1893 fortel han i eit brev
at han har tilbrakt ei satans natt på ein forferdeleg plass der han møtte ei verd utan
namn. Denne hendinga kjem att som «fiktiv» skildring i romanen Klostret (1898, først
trykt 1926), der ein politimann tek med seg den mannlege hovudpersonen på eit
«Wienerbal», eit ball for homoseksuelle der menn dansa med menn og kvinner med
kvinner. Det var det verste han hadde opplevd, eit slags helvete, som verken patologi
eller psykiatri kunne forklare.
Ja, det er synd på menneska, ville Strindberg truleg sagt. Det er nettopp det
yttrykket svært mange assosierer med Strindberg. I skodespelet Eit draumspel legg han
det i munnen på Agnes, dottera til guden Indras, som stig ned til jorda der ho lever
blant menneska. Eit draumspel frå 1901 viser Strindberg som ein teaterevolusjonær.
Det er eit svært utfordrande scenisk verk, av mange rekna som eit modernistisk
nybrottsverk, og var langt forut si samtid, sjølv for det modernistiske Paris-teatret.
Stykket blei ikkje oppført i Paris før teaterguruen Artaud gjorde det i 1928, enda
Strindberg sjølv for lengst hadde omsett stykket til fransk og tilrettelagt den franske
versjonen scenisk ved å dele den inn i ei rekkje ulike tablå.
Amanuensis e. o. ved Kungliga Bibliotek
På det første brevet til Bolette P. Larsen signerte Strindberg med tittelen Amanuens
ved Kungliga Biblioteket i Stockholm. Etter studenteksamen i 1867, studerte han
humanistiske fag litt til og frå ved Uppsala universitet, utan å ta ein einaste eksamen.
Likevel søkte han 8. august 1874 departementet om å få bli amaunensis «extra
ordinarie»:
Undertecknad, som under sju år under strid med ekonomiska svårigheter, för
vinnande af intråde i Kongl. Biblioteket, sökt absolvera den filosofiska graden,
men nu omsider måst uppgifva tanken paa att fullborda densamma,
framlägger härmed sin ödmjuka ansökan att så som extra ordinarie amanuens
varda i Kongl. Biblioteket anställd.
Att stödja denna min ödmjuka anhållan på nogra kunskapsbevis kan jag
tyvärr ej, utan endast framhålla som ursäkt för min djerfhetatt sålunda söka
varda från kompetensbevis befriad, dels, att jag …
Deretter reknar han opp fleire fag og emne han har vore innom, viser til
attestar frå fleire hald og ber om at han i nåde kan bli tilsett. Strindberg fekk
bibliotekjobben der han var fram til 1881, og først og fremst interesserte seg
for sinologi, dvs kinesisk språk og kultur. I 1889 har han planar om å søkje ei
stiling som landsarkivar og treng å utarbeide eit oversyn over alle sine
«merittar», det vil seie attestar og forskingsaktivitetar. Han utarbeider derfor ei
ni siders Meritförteckning med handskrive tittelblad og trykkjer det som
manuskript i eit svært avgrensa opplag. Eitt eksemplar av desse finst ved
Spesialsamlingane ved UB i Bergen. Gåve frå konsul Einar Nielsen.
Edvard Munch, Munchmuseet.
Strindberg likte dårleg dette grafiske trykket Munch laga i 1896. Det verste var Munchs
feilstaving av namnet hans, og deretter den symbolske ramma med den nakne "kvinna i livets
straum".
Edvard Munch, Munchmuseet.
Strindberg skal ha trua Munch med ein revolver. Kort tid etter var namnet retta opp og
kvinna borte.
Ibsen om Strindberg: Djevelske auge
Jonas Lie om Strindberg: Lekpredikant og Mefisto
Henrik Ibsen kjøpte Christian Krohgs ekspressive maleri av Strindberg frå
1893 og hengte det opp på veggen i arbeidsrommet. Han hevda at han
måtte ha dette gale menneskt med dei djevelske auga inne hos seg når han
skreiv. Han kalla portrettet «Det frembrydende vanvid».
«Det var et smukt, fint, mimoseagtig sensibelt Ansigt, og jeg forstod det saa godt, at
han sagde, at han ikke taalte Vognrummelen i Gaderne og derfor foreslog os at gaa
ut i Boulogneskoven. Det var ikke norske Nerver det; med dem kan man skrive i en
Smedje, – saa fremt man ikke spiller Piano paa den den anden Side! Det var Nerver,
der led under Indtrykkene og dirrede som Buestrænge af de Ord, de skød du, og et
Ansigt, ja hvad var det for et Udtryk? – Panden, hvis virkelig magnifike Form og
Højde skjultes under Haarkrøller, der endnu ligesom ringlede sig klamme og
feberfugtige efter den vaagne Nat ved Skrivebordet, og Træk skiftende,
urgelmæssige… Ved Munden saa meget Udtryk, og et saa eget smukt undertiden!
Der var et skjult glimtende Liv i det som over den hele slanke, spændstige, ‘vige’
Skikkelse, der mindede om hans Stil…
Hvad laa der dog i det Ansigt? – Der er enkelte Fysiognomier, som sætter én i
grublerier, fordi de halvt vækker éns indre, om man vil, clairvoyante Syn. Og
Strindbergs var et af dem. Det blev mere og mere under vore senere Samvær som et
Spejl med en Rand midt over, hvori man ser to Ansigter, to Udtryk. [---] Men begge
de to, Lægpredikanten og Mefisto, brydes i hans Natur, influerer og farver hans
Digtning, rives om denne rastløse Sjæl, dette urolige, rabalske, ‘förbannade hjert’,
som nu en gang er Digteren August Strindberg.» (Jonas Lie, En bok om Strindberg.
1894)
Hamsun om Strindberg: Natur kontra kultur
"Det er nu mindst fjerde Gang, jeg skriver om Strindberg. Jeg vender altid med
Glæde tilbage til ham; han har sysselsat mig mer end nogen anden og lært mig mer
end de fleste. For mig er han sit Lands, maaske sin Tids mærkeligste
Forfatterskikkelse: et overlegent Talent, en Hjærne tilhest, ridende sine egne Veje og
efterladende de fleste andre langt bag sig. [---] Det er ikke først og fremst Strindbergs
Trang til at modsige alle engang etablerede Anskuelser, som har imponeret mig, ...
Christian Krohg
Og han har en Kraft og en Lidenskab, som man overmandes af. Saaledes kan kun
skrive, som virklig føler det bagvendte i Livet under de nuværende Forholde. Man
tvivler ikke længer paa Oprigtigheden af hans Følelser, naar man læser Bind paa Bind
af hans Arbejder, som allesammen paa de forskelligste Maader, men altid med
samme Inderlighed varierer Temaet: Natur kontra Kultur. En anden Sag er det, at
man ikke deler hans Meninger. Som literært Fænomen er han ialfald overordentlig
interessant at iagttage. Trods hans hyppige Brug af Overdrivelsen, af Massemidlerne,
faar man Tro paa hans gode Hensigt. Han er nu engang ikke den fineste Formens
Mand.» (Knut Hamsun, En bok om Strindberg. 1894
Arne Garborg om Strindberg: Subjektivist
«August Strindberg vil sent blive populær; han gir ikke Publikum Tid nok til at
indhente sig. [---]
Motiverne er forresten det andenrangs; en Digter kan gi os hvad han skal under de
forskjelligste Paaskud. Men hvad han skal gi, er Mennesket, Mennesket som det er
og vorder, eller for at bruge det nyeste Udtryk: han skal give seg selv. Og først og
fremst dette er det, Strindberg har gjort og gjør; han er Nordens suveræneste
Subjektivist, og det vil mer end noget andet bli regnet ham til Retfærdighed, at han
fæstede i Ord og Form et varigt Billede af den eiendommeligste og rigest bevægede
moderne Aand, Norden paa længe har frembragt: August Strindberg.» (Arne
Garborg, En bok om Strindberg (1894)
Strindberg vurderer menneskene etter deira intelligensutvikling. I romanen I
hafsbandet (1890) har han ei karakteristisk inndeling av menneska i fire grupper, her
sitert etter Arne Garborg (1894):
1) Fraadsere, Drankere, Gjerrige,
2) Sexuelle eller Kjønsnydere,
3) de Affektive eller Følelsesmenneskene, og
4) de intellectuelle eller tænkende, ‘som staar høiest’.
En anden Inddeling er ligesaa betegnende; efter den falder Menneskene i tre
Klasser:
1) de ubevidste (Børn; de fleste Forbrydere; de fleste Kvinder; en Del Idioter);
2) Selvbedragerne (Religiøse; hypnotiske Medier; Profeter, Partichefer, Politici,
Filantroper, ‘Atheister’); og
3) de bevidste.
Bjørnson i brev til Strindberg
Jeg takker Dem hjærteligt for den tilsendte bog, Herr Bengts hustru, som jeg nætop har
læst.
Ænskønt den er det eneste skuespil af Dem, som jeg har læst, kan jeg som gammel
teaterleder forsikre, at De nætop er dramatiker.
Her må De altså bli ved! Sælv om nu dette stykke gør liden lykke, såsom De har
lagt for meget på én figur, hvilket i længden blir trættende, - så bryd Dem ikke det
minste om det. Men bliv ved!
Hvorfor tar De ikke modeller af vort eget liv? De har jo et hærligt middelaldersk
kostüme; men det forekommer mig, at nutidstankerne anstrænger det "over ævne".
Dog - De ejer haven og ved bedst, hvad som vokser i den.
Af denne ene bog er jeg siker i min sag: De vil komme til at levere en rig dramatisk
literatur. (27.11.1882)
Du kære Augustus allegoricus fra Strinden!
[---] Dette er det eneste, som interesserer mig. Det at få din kolossale kunst-ævne,
og da navnlig din dramatiske i jævnt, soigneret arbejde er det eneste jeg længes æfter
dig angående for tiden. Det eneste. [---] Nej, tag dig sammen; kom med mæsterværkerne og lad dem gå ut over værden. Bliv den store svænske Europæer, sæt ikke
før foten på svænsk grun! Slip øjeblikkenes nervøse liv, tag årenes, bliv stor! For du
kan bli det. (3.6.1884)
Øverland om Strindberg: Magisk kraft
Arnulf Øverland las Strindbergs Röda Rummet som student. Det forandra livet hans:
"Dermed var det slutt på mine studier. Strindberg avbrøt dem. Et helt år brukte jeg
bare på å lese Strindberg. Siden var jeg avsporet. Det var ikke mulig å finne veien
tilbake til filologien. [---]
Det ble klart for meg at det var to slags diktere i verden: Strindberg - og de andre.
Alle de andre lignet hverandre, særlig på ett punkt: de torde ikke skrive! - ikke hva de
selv mente, ikke med egen penn. De visste jo det var straffbart. De gikk i skole hos
hverandre, de sang i kor. [---]
Hvorfor virket Strindbergs aggressive selvforsvar så sterkt på meg? - Svaret er
opplagt: Han tok også meg i forsvar! [---]
Det er en magisk kraft i hans ord, de er levende! Ingensinne har det strømmet slike
krefter ut av språket! Og dette er kriteriet for dikterisk geni. " (Arnulf Øverland,
kronikk i Verdens Gang 22.1.1949)
Edvard Munch: Strindberg på sjukehus i Paris , januar 1895. Munchmuseet.
Tore Ørjasæter om Strindberg som genialt galen
«Vi er kanskje alle meir eller mindre galne – særleg i denne tid. Men det er få eller
ingen av oss som er galne på den rette måten, so genialt som Strindberg er det. Ein
må rekne med denne genialitet i positiv galskap, når ein skal skyne korleis hans mest
dramatiske replikkar er komne til. [---]
Ibsen tenkjer ein seg vera ein pynteleg, nitid herre ved skrivebordet, med sine
ordenar og medaljor umsynsfullt lagra i låsfast skåp og sine tankeproblem i ‘hjernen
og hjærtets hvælv’. Strindberg meir som ein ur-okse på arenaen, stungen av kvasse
spjot, så blodet renn ned i den heite sanden. Ein natur, valdsam og primitivt viril i si
kraft, men samstundes med ei lidingsfull legering av noko hugsårt og nervenake. Ein
farleg og eksplosiv konstellasjon.
Merkar ein seg ymse fotobilæte av Strindberg, ser ein at han har ein mykje
kvinneleg munn, litt av ein kyssetrut, hadde eg nær sagt. Kunne kanskje det
også gjeva oss litt av forklåring til hans kvinnehat. Kvinne mot kvinne i
særslilde psykologiske situasjonar, veit vi går ikkje bra. Hudsårt barnekjær,
noko nær overkvinneleg hysterisk i si farskjensle, og intenst ulykkeleg
heimkjær. Ein mannshug med så eksplosivt innhald kunne nok stå inne for
sine piskeslag av replikkar, ikkje minst når det galdt heimen og samlivet
millom mann og kvinne.» (Tore Ørjasæter, Vinduet 1949)
Tore Ørjasæter har lært av Strindbergs dramatikk. I Christophoros er det tydeleg
at Strindberg har vore med og utløyst hans dramatiske talent. (Rolv Thesen,
Vinduet 1949)
Om kunstnaren
Mindre kjend er Strindberg som malar, og han fekk sitt gjennombrott først etter sin
død. Bileta hans er ofte kraftfulle og ekspresjonistiske. Også her var han modernist:
”man skulle måla sitt inre och icke gå och rita av stockar och stenar, som ju voro
betydelselösa i sig själva och endast genom att passera det förnimmande och
kännande subjektets smältugn kunde få någon form. Därför studerades ej ute, utan
man målade hemma ur minnet och med fantasien”. Han var spesielt oppteken av
havet som motiv. Flere av maleria finst i Strindbergsmuseet i Stockholm
August Strindberg: ”The wave VII” (1901). Musée d’Orsay, Paris.
Strindberg 100 år i 1949
Strindberg om Norge
På 100-årsdagen til Strindberg, 22. januar 1949, var det dåverande kulturavis,
Verdens Gang, som gjorde mest stas på han i Norge. Dei spanderte ei heilside og to
spaltar, samt ein kronikk. Kulturredaktør og seinare teatersjef Hans Heiberg ser på
dramatikaren Strindberg som ein nyskapar og banebrytar med eit liv prega av angst
og skuldkjensle: «En hudløs, nervøs følsomhet, så fintmerkende som seismografen»
med ein stadig like ukueleg trang til kjærleik, lykke og fred.
«Bare en ting ble han aldri: Lykkelig. Ikke i sine standpunkter, ikke i sine
kunstneriske triumfer, ikke i sitt eget liv. Stadig flakket han videre fra
erkjennelse til erkjennelse, fra holdepunkt til holdepunkt, alltid like
mistroisk, like sannhetskjærlig higende, og alltid like bittert skuffet på vei mot
nye mål. Han fortsatte alltid å være barnet som leter forgjeves etter trygghet.»
Som ung mann meinte Strindberg at Norge var eit undertrykt land, og at Sverige
gjorde Norge urett. Bjørnson var den store norske helten som skulle hjelpe til med å
frigjere Norge frå unionen med Sverige. Strindbergs kritikk av Sverige og
motstanden hans mot unionen hadde tidlegare fått uttrykk i fleire bøker, men det var
først i unionens siste år at han for alvor tok opp emnet. I fem avisartiklar presenterte
han standpunkta sine. Desse blei samla, omsette til tysk og utgitt i heftet Ein freies
Norwegen (Berlin, 1905) saman med diktet om "Kristiania" og eit par andre artiklar.
Brödrafolk äro vi, lika gamla, kanskje tvillingar, ty vi börja båda i sagorna, lika
avsigkomna som nationer, lika ofarliga för utlänningen, numera lika farliga för
varandra. Frihet älska vi båda; därför skall icke den ena vara den andras herre, ty
då är ofrid nära. Men i Unionen, som skulle skänka likställighet åt båda, är den
ena brodern i vissa punkter den andres herre, och där är mannamån skedd. [---]
Unionens upplösning allså! för Norges väl, och för Sveriges! (Nationaltidende
7.2.1905)
Diktet om Kristiania byggjer på inntrykk Strindberg gjorde på ei reise til Paris i
oktober 1876. Han reiste via Kristiania og vidare med båt til Le Havre og tog til
Paris. Diktet inngår i suiten "Landsflykt" og var opprinneleg utan tittel. I den tyske
pamfletten, Ein freies Norwegen frå 1905, har diktet fått tittelen "Norwegen aus der
Vogelschau" (=Norge i eit fugleperspektiv). Sjå følgjande sider:
Kristiania
På Frognersæterns vinglande utkik
ser jag ut över dig,
stolta Norge.
Jag ser dina fjäll
som retade vildgaltsryggar
där granskogen reser borst,
borst över sekelgamla kränkningar
och hälftenbrukskonstitutioner,
borst över familjekonventioner
och fideikommissföreställningar,
och jag ser i en bergsskreva
nere vid fjorden
det trogna folkets polisvaktkontor,
statens och kyrkans kronomagasin,
det ortodoxala Kristiania.
Jag ser din mörka Aula
och dina latinförgiftade väggmålningar,
ämbetsmanna-stuteri.
Där langöriga Marcellusfysionomier
studera jus
och öva injurier
på allmän bekostnad.
Jag ser det kungliga hotellet
för resemonarken
och den kungliga reseregeringen,
och mitt skarpa öga upptäcker även dig,
lilla löjliga lusthusfästning
Oscarshall,
där en fri konung bland ett fritt folk
stängt sig inne
i Guds fria natur.
Och jag ser dina gråa väggar,
stortingshus,
där stora ting äro i görningen,
tung som en Dovrekyrka
där ennu naturens röster
tala uförstått språk
till kulturens snöpingar
till kulturens snöpingar
som glømt sitt modersmål.
jag ser också dig,
Akershusfästning,
där kruppska kanoner
försvarar regalierna
mot din frihet, Norge,
som du försvarar själv,
du, och dina fjäll!
Jag ser på gatorna
dina uppstudsiga drängar,
norska folk,
jag ser lagvrängare och lakejer
ta upp trottoarerna
medan du, husbonden,
får trampa i modd
på gatans kullerstenar,
men jag ser icke dina stora män
som fått gå i landsflykt,
män, så stora att de räckte till
även för oss ofantliga svenskar,
och räcka än!
Men jag hör deras röster
så som jag hört dem från ungdomen,
och när de ropa från fastland
då mulnar det över fjorden
och Gaustafjäll tindrar
och ger eko,
betäck då ditt huvud, gamle brons-kung,
ty det haglar på din hjässa,
giv hästen tyglar och låt honom löpa,
ty skredet kommer
och sätter dig på hasorna;
då må lakejerna skria
sitt latinska veto,
det hörs ej för böndarnas rop
när de ropa sitt "Gud förbjude!"
Edvard Munch: «August Strindberg» 1892.
Tilh. Spesialsamlingane ved UBB. Gåve frå konsul Einar Nielsen, også kortet på neste side.