fra fjord og fjære

fra fjord og fjære
Julenummer av Kyrkjelydsbladet Helg og Yrke - Jula 2015
I dag er det fødd dykk
ein frelsar i Davids by.
Han er Messias, Herren.
Luk. 2. 11
12
8
6-7
3
fra fjord og fjære
Jula 2015
Julehelsing frå prosten
Heimelaga jul
På ein liten holme like sør for den øya eg kjem i frå,
i innseglinga til Farsund, ligg Kattland fyr. Her budde
fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje
uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma
seg til land for å skaffa det dei trong til jul. Fyrvaktaren var ein kreativ mann, han gav ikkje opp med det
fyrste. Han fann fram piassavakosten og tok til å laga
små hol i skaftet. Fann så fram piperensarar og sette dei i
desse hola. Slik tenkte han at eit heimelaga juletre kunne sjå ut.
Heimelaga julegåver
Det hender at eg får heimelaga julegåver. Det set eg stor pris på, gjerne både
resultatet og ikkje minst tanken som ligg bak. Kjekt når nokon har kreativitet, tid
og krefter til slikt.
Heimelaga juletradisjonar
Jula er for mange ei viktig høgtid i heimen. Den nye ordføraren i Etne seier i denne
utgåva av Fra Fjord og Fjære noko om kor viktig feiringa i heimen er for henne.
Når nye heimar vert danna, kjem ein til ein viktig fase der dei som no høyrer
saman skal finna ut kva dei vil leggja vekt på, kva for tradisjonar dei vel å gjera til
sine eigne.
Heimelaga julemat
Ei viktig side ved jula er mat og drikke. Eit høgdepunkt for meg i desember er å
laga julesylte i lag med gode vener. Om dei som skipar ny heim ber med seg ulike
tradisjonar, kan det vera krevjande å finna gode løysingar. Kjekt er det når ein
saman finn ut av det. I vår familie vart det for oss ei god løysing med svineribbe
eine året og fersk torsk det andre. Men no med 3 svigersøner som alle er vane
med pinnekjøt vert det justeringar. Heldigvis har ikkje folk flest problem med å
koma til butikk – som fyrvaktaren, men fleire strevar med å innfri forventningane
ein møter med omsyn til alt ein skulle ha kjøpt i desse juletider.
Jul i heimen
Eit meir vanleg problem i dag er å finna ut i kva for ein heim ein skal samlast i
denne høgtida, kven ein skal vera saman med og kven som vil vere til stades når.
Her trengs kan hende meir enn fyrvaktaren sin kreativitet for å finne dei gode
løysingane.
Heimelaga julebodskap?
Mi von er at kyrkja skal formidla den opphavlege julebodskapen friskt og levande,
slik at ikkje nokon finn grunn til å kasta den på båten og etablera ein eigen
heimesnekra julebodskap. Då gjeld det at vi går tilbake til den trygge, gode
kjelda der vi finn den ævelege julebodskapen.
Julebodskap frå himmelen
Med ynskje om ei velsigna julehøgtid!
Svein Arne Theodorsen
Kyrkjelydsbladet vert
sendt til alle heimar i
Sunnhordland
fra fjord og
fj
Julenummer
I Sunnhordland prosti har ein lange tradisjonar
for å gje ut «Helg og Yrke» med julenummeret
«Fra Fjord og Fjære.» Bladet vert sendt til alle
heimar i prostiet, opplaget er passert 23 000!
av Kyrkjelydsbla
Yrke - Jula
I dag er det
ein frelsar fødd dykk
Han er Messi Davids by.
ias, Herren.
Luk.
2. 11
Trong for gåver!
12
8
3
Mykje av arbeidet vert gjort på dugnad. Einaste
inntektsposten er gåver. Vi er svært takksame til
alle som gjev, men vi ser at vi har trong for fleire
gjevarar for framleis å gje ut bladet og senda det fritt til alle.
Vi minner om høve til å gje gåver til bladet, det ligg ved giroblankett.
Nytt om
personell i Sunnhordland
Bømlo:
- Turid Håvik Anglevik slutta som reinhaldar i Moster kyrkje 01.03.
Sara Naustbakken vikarierer
- Liv Jannikke Oldereide slutta som reinhaldar i Lykling kyrkje 01.07
- Paulos Hijab slutta som reinhaldar i Bremnes kyrkje den 01.08
- Svanhild Ersland Kvernøy er ny reinhaldar i Lykling og Bremnes frå 01.07
- Marit Dahl Hollund sluttar som klokkar i Bremnes kyrkje 31.12
Etne:
- Kyrkjelydssekretær: Maria Tøtlandsmo er vikar for Mette Tøsse Voll som har
morspermisjon. Ho starta 16.04
Fitjar:
- Jan Overweg har teke til som kantor i 65 % stilling
- Fridleif Lydersen er tilsett som kyrkjelydsprest i 100 % stilling. Han tek til 01.02.16
Kvinnherad:
- Kristine Hestad er tilsett som ny einingsleiar for trusopplæring i 80 % stilling
- Berta Haugland (som har vore einingsleiar) held fram som kyrkjelydspedagog i
20 % stilling
Stord:
- Jan Overweg, kantor i Stord, er innvilga permisjon i 65 % i eit år frå 01.08. Overweg
arbeider framleis i 35 % der han har ansvaret for IKT og organistteneste i gravferder
- Ole Jørgen Furdal, Sveio er tilsett i vikariat som kantor i 65 % stilling
- Kianoosh Jebelli er tilsett i 100 % vikarstilling som fagarbeidar på gravplassen frå
01.08 til 31.03.2016
Prostiet:
- Jan Ove Anders Høines Totland vart innsett som sokneprest i Fjelberg og Eid sokn
11.01.15
- Kjetil Kringlebotten vart innsett som sokneprest i Kvinnherad, Hatlestrand, Ølve,
Varaldsøy, Ænes og Åkra sokn 21.06.15
- Bjørgvin bispedømeråd har tilsett sjømannsprest Reidar Ådnanes som sokneprest i
Husnes og Holmedal sokn. Han vert innsett i tenesta 29.05.16 i Husnes kyrkje
ProsteGodkjenning av klokketårn
Nyleg vigsla prosten kyrkjetårnet og klokkene i
Etne kyrkje. Biskopen skal godkjenna kyrkjeklokker
og tårn. Prosten kunne melde at biskopen vil godkjenne, men formelt brev låg ikkje føre til vigslinga.
Biskop Halvor Nordhaug helsa kyrkjelyden slik:
«De kan gå sju gonger rundt tårnet og blesa i horn.
Dersom tårnet blir ståande, er det godkjent.»
Redaksjon:
Send di gåve til:
Sats og trykk:
Svein Arne Theodorsen
Hamnegata 48
5411 STORD
Tlf. 53 40 34 30
Helg og Yrke
v/ Helge Ottesen
Eldøyvegen 100
5411 STORD
Kontonr. 8420 05 25328
Bladet Sunnhordland
STORD
[email protected]
ære
det Helg og
HJØRNET
Det var Guds englar som fyrst kom med julebodskapen, den formidla dei til gjetarane – dei som var mellom dei lågaste på den sosiale rangstigen. I jula er det
rikeleg høve til å bli kjende med julebodskapen frå Gud og erfara kor aktuell den
er i dag, for deg og. I år vert det i Sunnhordland mellom anna 46 gudstenester
julaftan i kyrkja vår. Sjølv skal eg til Hatlestrand og Ølve, det gled eg meg til.
Fra Fjord og Fjære
6-7
2
Opplag: 23 000
Layout:
Jan-Ove Fagerheim
Neste nummer kjem i juni. Frist for innlevering av stoff er 1. mai 2016. Minner om høve til å gje gåver, ein kan nytta vedlagte giro.
2015
fra fjord og fjære
3
Jula 2015
EIN
AVGRENSA
GUD
På døra til ei mellomalderkyrkje i Köln finst eit bilete
som viser Jesusbarnet i krubba. Bak ser vi oksen og
eselet og over det heile Betlehemsstjerna. På kvar
si side av krubba sit Maria og Josef. Dette motivet
finst i ulike versjonar over heile jorda. Det spesielle
ved akkurat dette biletet er innskrifta som står på sida:
HIC ARTATUR DEUS = Her blir Gud avgrensa.
Fyrste gongen eg møtte denne setninga slo den
umiddelbart inn i meg: Det er jo dette som er jula
sin løyndom. Her blir Gud avgrensa. Ingen kan
utøve avgrensinga sin kunst slik som Gud, for ingen
har så mykje å miste.
Jesus, som kom frå Gud, søkte seg nedover til ei
krubbe i småbyen Betlehem. Martin Luther seier
det slik: «Han som all verden er for trang, Her ligger
Han på moders fang».
Det er naturleg å tenkje at dersom Gud er til, så er
han så stor at vi ikkje kan fatte han. Men juleevangeliet seier: Han lèt seg fatte i krubba!
Mange trur at dersom Gud er å finne nokon stad, så
må det vere ute i det uavgrensa rommet, i naturen.
Men kva finn vi eigentleg der? Vi kan vel saktens
ane Gud, men heller ikkje meir. For her er ingen ord,
ikkje noko ansikt og ingen tydeleg vilje.
Dersom vi ikkje kjenner Gud i krubba, så blir den
Gud vi finn ute i naturen forma som ei forstørring
av våre eigne tankar, kjensler og draumar. Naturopplevinga blir ei stadfesting av det tankegodset
vi har med oss allereie. Men jula sitt evangelium
seier noko vi ikkje kunne ha tenkt ut på førehand:
«Ordet blei menneske og tok bustad iblant oss»
(Johannesevangeliet 1, 14).
Jesus, Ordet frå Gud, gjekk rundt blant oss i Nasaret, Kapernaum, Betania og Jerusalem. Han vandra
omkring og hadde heile himmelen med seg. Ikkje
rart mykje skjedde. Ikkje rart at folk undra seg og sa:
Alt han gjer er godt!
Kvar finn vi Gud? Her i Jesus er Gud i avgrensa
utgåve som menneske - men likevel heilt og fullt til
stades. Paulus skriv ein stad: «For i han ville Gud la
heile sin fylde bu».
Her blir Gud avgrensa – det betyr at Gud finst over
alt, men han lèt seg ikkje møte overalt. Gud er for
stor for oss. Han er for rein, for heilag, for lysande til
at vi med vårt øydelagde og sjølvsentrerte perspektiv kan finne han.
Men i barnet i Betlehem, som blei til mannen Jesus,
der er Gud. Denne jula møter vi han igjen i kyrkja,
i Bibelen og i bønna. Det er avgrensa møteplassar,
men der er den grenselause Gud alltid å møte, heilt
og fullt. Og det er ingen ting han heller vil enn å
møte oss.
Halvor Nordhaug
Biskop i Bjørgvin
Onarheim kulturkyrkje
Den offisielle opninga av Kystsogevekene 2015
vart markert laurdag 8. august på Onarheim på
Tysnes med mange flotte arrangement. I Onarheim kyrkje var mange samla på ettermiddagen.
Her stod prost Svein Arne Theodorsen for den
offisielle opninga av Onarheim kulturkyrkje.
Kulturkyrkje
I fjor kunne ein feira 10 – års jubileum for Valestrand
kulturkyrkje. Her har ein kombinert gudstenester
og kyrkjelege handlingar med eit særleg fokus på
varierte kulturtiltak. På Tysnes har ein drøfta korleis ein best mogeleg kan skapa ein god og variert
bruk av dei ulike kyrkjebygga. Ein har mellom anna
komen til at ein vil vidareutvikla Onarheim kyrkje
som kulturkyrkje. I si opning av Onarheim kulturkyrkje gav prosten heilhjarta støtte til ei slik satsing
og meinte det var mykje som låg godt til rette for
ei vellukka løysing her. Han synte både til historia,
sjølve kyrkjebygget og det lokale engasjementet.
No er eit styre godt i gong med å laga retningsliner
for kulturkyrkja.
Heggland
I Valestrand kulturkyrkje har ein ulike arrangement
som knyt til den viktige lokale komponisten Fartein Valen. Theodorsen nemnde dette i si helsing
og peika på at ein i Onarheim gjerne kunne ha ein
tilsvarande relasjon til Johannes Heggland. Dette
kom fint til uttrykk i Onarheim kyrkje denne laurdagen.
Anna Gyria
Johannes Heggland har skrive ein firebandsterk
romansyklus: Brødet frå havet. Anne Gyria er gjennomgangsfiguren i Heggland sin romanserie om
folket her vest. Johanne Øvstebø Tvedten fekk ei
nær fullsett Onarheim kyrkje til å sitja som fjetra
Foto: Lars Mæland
og lytta til den sterke historia om Anna Gyria. Ein
kraftprøve for kunstnaren og ei flott oppleving for
tilhøyrarane som høvde særs godt ved opninga av
Onarheim kulturkyrkje.
fra fjord og fjære
Jula 2015
4
Sakkeus
skundar seg
ned frå treet.
Sakkeus deler ut pengar.
TEMA:
Jesus – verdas lys
Skribent:
Hilde Joy Vestøl
VEKSE
SAMAN
– AKTIVITETAR DU KAN GJERE
SAMAN MED FAMILIEN DIN,
ELLER ANDRE DU ER GLAD I :-)
Sett eit kryss ved det du har lese!
1. Mørkredd?
Les Salme 27,1
2. Gjekk ein tur på stien
Les Sal 119,105
3. Levande lys
Les Luk 8,16
Korleis likar du å gå ute åleine i mørDå Bibelen vart skriven, fantes det
kret? Mange synest det er skummelt. ikkje gatelykter. Lommelykter hadde
Trea langs vegen ser annleis ut når
dei heller ikkje. Når folk gjekk ute i
det er mørkt, og vi blir og meir merkmørkret, kom lyset enten frå månen
same på lydar. Vi veit at det ikkje er
eller frå brennande faklar som dei bar
noko å vere redd for, men går gjerne
med seg. Når vi les i Bibelen, vil Gud
litt fortare likevel. Hugs at Gud ser
vise oss korleis vi skal leve. Det Gud
like godt enten Skribent:
det er mørkt eller lyst. seier, kan samanliknast med lys som
Hilde Joy Vestøl
Det er trygt å vite at han passar på
gjer at vi ser vegen vidare. Å leve
Sett eit kryss ved det du har lese!
oss. Lær deg verset du las utanåt, så utan Guds Ord blir som å gå i skogen
kan du tenkje på desse
ordaein
neste
utan lys. Då
kan du lett
1. Mørkredd?
2. Gjekk
tur på stien
3. Levande
lys trå feil.
Les Salme gong
27,1 du er ute og går.
Les Sal 119,105
Les Luk 8,16
TEMA:
Jesus – verdas lys
Korleis likar du å gå ute åleine i mørDå Bibelen vart skriven, fantes det
Somme elskar levande lys, og har
kret? Mange synest det er skummelt. ikkje gatelykter. Lommelykter hadde
stakar og lykter over alt i huset. Og
Trea langs vegen ser annleis ut når
dei heller ikkje. Når folk gjekk ute i
lys finst i alle slags fasongar og
det er mørkt, og vi blir og meir merkmørkret, kom lyset enten frå månen
fargar. Slår vi av alle lampene, er det
same på lydar. Vi veit at det ikkje er
eller frå brennande faklar som dei bar ikkje tvil om kvar stearinlyset står.
noko å vere redd for, men går gjerne
med seg. Når vi les i Bibelen, vil Gud Når du gjer noko fint for andre, er du
litt fortare likevel. Hugs at Gud ser
vise oss korleis vi skal leve. Det Gud
som eit tent stearinlys som skin i eit
Kjenner
du eller
smålyst.
bornseier,
som
at det medMørkegøymsle
er gøy!
Dudukan
like godt enten
det er mørkt
kantrur
samanliknast
lys som
mørkt rom.
Då liknar
på Jesus, og
Det er trygt åer
vitenissen
at han passar
gjer at julegåvene?
vi ser vegen vidare. Å
leve
du temmeleg
er eit levende lys
i verda.
har
som på
kjem med
gøyme
deg
nær
denMen
som
oss. Lær deg verset du las utanåt, så utan Guds Ord blir som å gå i skogen du sett nokon tenne lys og gøyme
Du veit jo at det er foreldra
dine som
leitar, utandetå under
bli oppdaga.
Hugsar
kan du tenkje på desse orda neste
utan lys. Då kan du lett trå feil.
ei bøtte? Korleis kan du
kjøper
du kva Adam
oglyset
Eva
gjorde
dåserdei
gong du er ute
og går. dei. Gud skapte foreldra dine.
gøyme
i deg
så ingen
det?
4. Kor kjem gåvene frå?
Les Jak 1,17
5. Mørkegøymsel
Les 1 Joh 1,5-7
Gåvene du får til jul, er laga av menhadde vore ulydige mot Gud? Det var
neske, eller av maskinar som er laga
kveld, og dei gøymde seg i hagen.
4. Kor kjem gåvene frå?
5. Mørkegøymsel
6. Lat lyset stå på
av menneske. Desse menneska er
Men det går
ikkje an å leike gøymsle
Les Jak 1,17
Les 1 Joh 1,5-7
Les 1 Joh 2,9
og skapte av Gud. Han har jo skapt
med Gud. Han veit jo kvar vi er heile
Kjenner du små
som trurdet
at det
Mørkegøymsle
gøy! Du kan
«Pass
for trappa!»
«Kva for ei
alt.born
Kanskje
eigentleg
kunneerstått
tida. Og kva
erdeg
eigentlig
poenget
er nissen som kjem med julegåvene? gøyme deg temmeleg nær den som
trapp-app-app-app…» Det er lettare
«Frå Gud» på alle gåvelappane?
med å gøyme
seg? Når du innrømDu veit jo at det er foreldra dine som
leitar, utan å bli oppdaga. Hugsar
å snuble når straumen har gått. Då
Hugsar
du å takke
forAdam
at han
det dumåhar
gjortpå
gale,
Gud
kjøper dei. Gud
skapte foreldra
dine. Gud
du kva
og Eva gjordemer
då dei
du passe
så dutilgir
ikkje bommar
Gåvene du får
til jul,deg
er laga
av menvore ulydige
Detfør
var dupårekk
øvsteåtrinn
i trappa,
gjev
gåver
kvar hadde
dag heile
året?mot Gud?
deg
telje
til to.og det kan
neske, eller av maskinar som er laga
av menneske. Desse menneska er
og skapte av Gud. Han har jo skapt
alt. Kanskje det eigentleg kunne stått
«Frå Gud» på alle gåvelappane?
Hugsar du å takke Gud for at han
gjev deg gåver kvar dag heile året?
kveld, og dei gøymde seg i hagen.
Men det går ikkje an å leike gøymsle
med Gud. Han veit jo kvar vi er heile
tida. Og kva er eigentlig poenget
med å gøyme seg? Når du innrømmer det du har gjort gale, tilgir Gud
deg før du rekk å telje til to.
D? ha gjort
WaWviJlle Jesus
?
Somme elskar levande lys, og har
stakar og lykter over alt i huset. Og
lys finst i alle slags fasongar og
fargar. Slår vi av alle lampene, er det
ikkje tvil om kvar stearinlyset står.
Når du gjer noko fint for andre, er du
som eit tent stearinlys som skin i eit
mørkt rom. Då liknar du på Jesus, og
du er eit levende lys i verda. Men har
du sett nokon tenne lys og gøyme
det under ei bøtte? Korleis kan du
gøyme lyset i deg så ingen ser det?
6. Lat lyset stå på
Les 1 Joh 2,9
«Pass deg for trappa!» «Kva for ei
trapp-app-app-app…» Det er lettare
å snuble når straumen har gått. Då
må du passe på så du ikkje bommar
på øvste trinn i trappa, og det kan
hende du dunkar borti ei hylle når du
går forbi. Alt er så mykje enklare med
lyset på. Kva kan du gjere for å leve i
lyset? Du kan vise kjærleik til menneska du møter.
hende du dunkar borti ei hylle når du
går forbi. Alt er så mykje enklare med
lyset på. Kva kan du gjere for å leve i
lyset? Du kan vise kjærleik til menneska du møter.
Ugly
Det
dennår
mørkaste
Hva er
skjer
alle
på året, og
tenner
ertida
egoistiske
ogvibare
fleire lys enn elles. I songen «This littpå seg selv? Blir det koselig
rt? le light oftenker
mine», syng vi i eit av versa at freistaren
D? ha gjåovære
13 a) Kven
Det
er
den
mørkaste
sammen
da?
Alle
ikke få
viljen
sin vil
Hva
skjer
når
alle kan
ut lyset.
Djevelen
ynskjer
å sløkkje
trua
di. Han
WaWviJlle Jesus vil blåse
tida
på
året,
og
vi
tenner
er
egoistiske
og
bare
kjem dei
på
en
gang,
det
går
bare
ikke!
Det
fører
stort
sett
bare
til
Kv
ikkje at du skalfleire
vere
ei verd
full
lys eit
enn vitne
elles. I isongen
«This
litt- av vondskap. Jesus er mykje
tenker på
segvi selv?
Blir det
koselig
le light
syng
i eitber
av
at freistaren
sterkare
enn
djevelen!
Om
duversa
brukar
tid med
Jesus,vår
får neste
ikkje
djevelen
krangel
ogof mine»,
bråk.
Jesus
oss
derfor
å elske
som
13
a)
Kven
fullkomne gåvene ifrå?
å
være
sammen
da?
Alle
kan
ikke
få
viljen
sin
vil blåse ut lyset. Djevelen ynskjer å sløkkje trua di. Han vil
sjans
tilvitne
ådet
blåse
utsifull
lyset
ditt.
Jesus
eit lys i verda. Nofør
vil vi
han
lyse
dei
på enatgang,
det
går
ikke!
Det
fører
stort
sett
bare
til
oss
selv,
atavvi
prøver
åvar
tenke
tenikkje
du skal
vere
eitbare
i eivil
verd
vondskap.
Jesus
er
mykje på de andrekjem
13 b) Kva er det som er «eit
sterkare
djevelen!
Omdeg.
du brukar
tid med
Jesus,vår
får neste
ikkje djevelen
krangelenn
og gjennom
bråk.
Jesus
ber
oss
derfor
å
elske
som
fullkomne
gåvene
ifrå?
ker på oss selv. Da blir det fint å være sammen.
sjans til å blåse ut lyset ditt. Jesus var eit lys i verda. No vil han lyse
lys på din sti»?
Kv
oss selv, det vil si at vi prøver å tenke på de andre før vi tenker på oss selv. Da blir det fint å være sammen.
gjennom deg.
44 44
44 44
Ugly
TA VARE PÅ LYSET
LYS I MØRKRET
Del inn i to lag som sit på kvar si side av bordet.
Kvart lag har eit tent lys foran seg (bruk stødige
stakar så det ikkje vert brannfarleg, og legg avispapir under så det ikkje kjem stearin på bordet).
Laga skal prøve å passe på sitt eige lys, og blese
ut dei andres. Vert lyset slokt, skal de prøve å
tenne det att.
Jesus kom som lys til verda, og vi skal
òg vere lys. Når vi ber for menneske, er
vi med på å spreie lys frå Gud.
Lyset er et bilete på trua vår.
Har de opplevd at noko eller nokon har prøvd å
dra dykk bort frå trua på Jesus?
Korleis kan de verne om trua?
Korleis kan de hjelpe kvarandre å ta vare på trua?
Ha eit brett som de fyller med utente
telys, og sett eit tent kubbelys midt på
brettet. Ta ei bønestund, der de ber og
tenner lys for dei menneska de vil be for.
Start gjerne med at alle ber
stille kvar for seg, men det er fint å
avslute med å høgt be saman.
KRYSSORD
1.Var ikkje far, med var likevel viktig
2. Då Maria fekk vite at ho skulle bli
mor, fekk ho besøk av ein…
3. Englane på himmelen lova Gud og
4. Då Maria vart gravid skjedde eit…
5. Fødselen fann stad i ein…
Bibelvers for veka:
Sal 119,105:
«Ditt ord er ei lykt for min fot
og eit lys for min stig»
(Henta frå Bibel 2011)
LAG EIT BILETE!
Du treng ei litt stiv pappskive, lim, tørka bønner (dei finst i ulike
fargar), ris, makaroni og anna tørka pasta o.l
Skriv bibelverset med store bokstavar på pappen, og lim tørka
bønner på bokstavane. Dekorer rundt med ris, makaroni og det
du har, og lag bordar og fine mønster.
13 b) Kva er det som er «eit
lys på din sti»?
45
fra fjord og fjære
5
Jula 2015
Uteteater for å finna spor etter Jesus
Ein flott laurdag i september var
24 ni- og tiåringar «På sporet av
Jesus», saman med nokre foreldre
og andre interesserte.
I Førde kyrkje førebudde barna seg
med å laga bilde og materiell som
dei skulle ha med seg til møte med
forteljarane langs løypa frå kyrkja til
Prestegardsstranda. I kyrkja fekk dei
eit møte med øvstepresten Kaifas og
den romerske landshovdingen Pilatus, som diskuterte om det var rett
å dømma Jesus til døden, og Maria
Magdalena som kom fram som vitne
om den oppstadne Jesus. Deretter
blei barna sende ut gruppevis for å
finna ut meir om kven Jesus er.
I vakkert seinsommarver vandra dei
langs turstiane mot stranda for å
møta andre personar frå bibelhistoria.
Med stor innleving fortalde dei om
sitt møte med Jesus. Nedst i prestegardshagen var Jeriko, der Sakkeus
sat godt plassert i eit stort, gammalt
tre og fortalde si historie. Vidare i
løypa kom dei til Kapernaum, der den
lamme som hadde blitt lækt av Jesus
og søstera hans, fortalde. Maria Magdalena og Maria, søster til Lasarus, fortalde levande om sine erfaringar med
Jesus. Ved stranda fekk barna møta
vertshuseigarane i Betlehem. Med
god hjelp av bilde barna hadde laga,
hugsa dei tilbake til natta då Maria og
Josef kom og Jesus blei fødd. I Nasaret fekk dei møta rabbien i synagoga
og lengst ute på stranda var Peter,
sitjande med garnet ved Gennesaretsjøen. Først når barna viste fisken dei
hadde laga, ville Peter fortelja om sine
opplevingar med Jesus.
I verstshuset i Betlehem
Gjennom forteljarane si engasjerte og
kreative formidling av sine møte med
Jesus, fekk barna eit godt bilete av
kven Jesus er.
Arrangementet slutta i eit festpynta
Førde bedehus med fest hos Sakkeus
og fruen, med god mat og til slutt
gullpengar som Sakkeus delte ut til
«dei fattige».
Barna var samstemte i at dei hadde
hatt ein god dag. Ein spurde om det
var den einaste gongen dei får vera
med på dette. Som gode ambassadørar vil dei få ny sjanse neste år,
saman med dei som nå er 8 år. Dei har
noko å gle seg til!
Utan alle dei frivillige som har gjort ein
stor innsats, hadde ikkje «På sporet av
Jesus» vore mogleg å gjennomføra.
Me er takksame for dei som har lagt
ned mange timar i sying
av kostymer, skjering av
namneskilt til forteljarplassane, baka pizzahorn, laga til gele, ordna
til fin fest på bedehuset.
Takk og til dei som gav
rekvisita og kulisser
som garn og garnkasse,
seglduk-stoff og skinn.
Takk til alle forteljarane for engasjert og
levande forteljing. Det
vil bli hugsa!
Tekst:
Haldis Rolfsnes Stueland
Lengst ute på stra
nda var Peter, sit
jande med garnet
ved Gennesaretsjø
en.
Pilatus, Kaifas og Maria Magdalena
i diskusjon.
Prøver båra hos den lamme.
fra fjord og fjære
Jula 2015
6
I Sunnhordland er det mange kyrkjelydar som har LysVaken - arrangement som ein del
av trusopplæringa. Tidspunktet kan variera noko. Opplegget går frå laurdag ettermiddag til sundag etter gudstenesta, med overnatting i kyrkja. I «Fra Fjord og Fjære» i år
har vi fått bilete frå fleire stader der dei nyleg har hatt LysVaken: Nysæter, Skånevik,
Husnes, Kvinnherad, Hatlestrand og kyrkjene på Bømlo.
Nysæter
Det er 8. året på rad Nysæter kyrkje feirar nyttår ved å
invitere 11-åringar til LysVaken. Også i år var det ein flott
gjeng som samlast i kyrkja laurdag ettermiddag. Me
leika, blei betre kjent med kvarandre og med kyrkja. Ute
i våpenhuset hadde me konkurransar og leikar. Alle var
med og gjorde ein skikkeleg innsats for laget sitt. Det tar
på å leike, og me kan bli veldig svoltne av det. Då var det
godt med kvelds. Taco er alltid like godt!
Utpå kvelden kom presten vår på besøk for å snakke om
nattverd og øve til gudstenesta. Det var mange som ville
vere med å ha oppgåver i gudstenesta. Det vart og tid til
ulike aktivitetar i kjellaren. Der var det playstation, kortlaging og lys dekorering. Høgdepunktet er, som alltid, å
ta på pysjen i kyrkja og finne seg ein plass å sove inne i
kyrkjerommet. Etter å ha høyrt historia om Jesus som 12
år i tempelet, var det tid for å finne roen. Og roen fant dei.
Søndag morgon vakne dei til lukta av nysteikte rundstykkar. LysVaken vart avslutta med ei flott gudsteneste,
der 11-åringane deltok gjennom heile gudstenesta på
mange ulike vis. Tusen takk for ei flott helg til alle som
var med av 11- åringar, vaksne og ungdomar. Eg ynskje
dykk alle ei god adventstid, der de kan rydde litt plass
til Jesus!
Randi Lønning Matre
Skånevik
Husnes
Dei fekk sett seg omkring både i kyrkja og på kyrkjegarden. På kyrkjegarden fann dei ord som: «Takk for alt.»,
«Kjært er minnet.», «Ingen er gløymt av Gud.». Dei fann
at ein kan pynta med blomar, englar, fuglar og lys. I kyrkjetårnet fann dei to kyrkjeklokker, og staden der flaggermusa er innom.
Etterpå hadde vi øving på dramastykke om Jesus som 12åring i tempelet, for dette skulle framførast på gudstenesta sundagen. Dette gjekk veldig fint, og då vart det
betre tid til å ha ulike leikar!
Laurdag 28. og søndag 29. november var det igjen 24
ungar frå heile Etne som overnatta i Skånevik kyrkje,
saman med 4 konfirmantar og 3 vaksne. På det meste
var vi 26 + fleire frivillige.
Pizza, og frukost var populært. LysVaken songen og
dansen vart ein slager. Fin gjeng og god stemning.
Søndag avslutta vi helga med gudstenesta vi hadde
førebudd, med deltaking av barnekoret og speidarane,
og dåp. Avslutninga med song og dans av LysVakengjengen.
Trusopplærar Astrid Askeland hadde organisert og lagt
til rette. Fleire frivillige stilte opp. Ungane koste seg.
Varige verdiar vart understreka og delt.
Glede var noko av det ein fin gjeng delte rikeleg.
Stein Ove Skadal
Frå laurdag til sundag 1. helga i advent var 28 tiåringar
frå Husnes tenesteområde (Husnes, Valen, Holmedal,
Herøysund og Uskedal) med på Lys Vaken i Valen kyrkje.
Vi byrja laurdag kl.18 00, der prest Pål Dale var med og
fortalde om kyrkja. Etterpå stod pizzaen ganske fort på
bordet, og vi fekk eta oss gode og mette.
Både fingerbingo og fruktsalat var populære aktivitetar.
«Mesterens mester»-løype vart gjennomført ute i silande
regnver. Ikkje noko å sei på innsatsen!
Etter å ha sove i kyrkja, var det klart for frukost, øving
til gudstenesta og –gudsteneste. Det var 3 born som
skulle døypast, så det var ei fullsett Valen kyrkje denne
sundagen. Deltakarane på Lys Vaken deltok både med
inngongsprosesjon, medhjelparar ved dåpen og drama
under gudstenesta.
Tidlegare om åra har både 10- og 11-åringane fått
invitasjon til å vera med på Lys Vaken, som er ein del av
trusopplæringstiltaka i kyrkja. Dei siste åra har det vore
så stor pågang, så vi bestemte at berre 10-åringane vart
inviterte dette året.
Kyrkja i Kvinnherad vil takka alle foreldre og andre som
var med og hjelpte til på Lys Vaken denne helga! For å
få avvikla ei slik helg, er vi avhengige av både nokon
som er med og gjennomfører programmet , nokon som
lagar til mat og nokon som er nattevakter. Tusen takk for
lånet av kjekke born, og tusen takk for alle som er viljuge
å hjelpa til!
Berta Haugland
fra fjord og fjære
7
Jula 2015
Bømlo
6 av 10 inviterte elleveåringar deltok på årets LysVaken i
si lokale kyrkje. For tredje året på rad vart det arrangert
LysVaken for alle 11 åringane i alle dei fire kyrkjene på Bømlo.
LysVaken er eit av arrangementa i det store trusopplæringsløpet som alle døypte og tilhøyrande barn i Den
Norske Kyrkja skal få mogelegheita til å vera med på
frå dei er null til atten år. Kyrkjene på Bømlo har saman
utarbeida ein plan som inneheld mange kjekke tiltak.
Nokre tiltak er nasjonalt kjende, medan andre er meir
lokalt tilpassa. Målet er at det skal koma på plass minst
eitt tiltak for kvart årstrinn frå null til atten, noko som
krev mykje organisering og ein stor innsats frå engasjerte frivillige. Nokre av tiltaka, slik som utdeling av 4og 6- årsbok, er små tiltak som har vore ein del av kyrkja
lenge, og som er godt innarbeidd. Andre tiltak, slik som
LysVaken, Dåpsjubileum og Tårnagent er nye tiltak som
er meir omfattande. Men det er fantastisk kjekt å no sjå
at mange av dei meir omfattande tiltaka også begynnar
å få gode røter i den store planen.
Seinare på kvelden er det pizza. Somme stader er det
foreldre som kjem med heimelaga pizza og andre stader
er det bestilt. Uansett; pizza høyrer med! I alle kyrkjene
er det også lagt opp til undretur der elleveåringane er
innom ulike stasjonar for å læra meir om kyrkja og kyrkjelege handlingar. I tre av kyrkjene var også LysVaken
knytt til gudstenesta på søndagen, slik at øving til deltaking i gudstenesta også var ein del av programmet. Før
overnattinga vart det lese «God-natt»-forteljingar, og så
var det å finne soveposen.
Det er veldig kjekt å sjå elleveåringar som koser seg i
kyrkja og har det gøy, men for at fleire trusopplæringstiltak skal koma på plass og rotfesta seg er ein heilt
avhengige av positive friviljuge som kan vera med å
skape arrangement for borna knytt til si lokale kyrkje.
Kunne du tenke deg å vera med å arrangere eit av trusopplæringstiltaka i di lokale kyrkje så ikkje nøl med å ta
kontakt.
God oppslutnad på LysVaken
«- Skal me vera oppe heile natta?» Er ofte eit spørsmål
som dukkar tidlig opp i LysVaken samanheng. Spente
elleveåringar stiller opp i kyrkja med sovepose, puter og
liggeunderlag til eit opplegg dei kanskje ikkje heilt veit
kva går ut på. Men ein ting har dei store forhåpningar
om, og det er at dei skal ha det gøy. LysVaken er ikkje
å vera oppe heile natta, men det handlar om å vera lys
vakne for folk rundt oss, og for det Gud ynskjer å gi oss.
Trygve Leigland
Arrangementet starta med at ein må bli litt betre kjent.
Mange kjenner kvarandre godt frå før, medan det for
nokon er mange nye. Dette er litt avhengig av kvar ein
er med på LysVaken og kvar ein er frå. Menneskebingo
er uansett ein slager! Då er det om å gjere å samle autografar frå dei andre som stemmer med dei ulike rutene
på bingobrettet. «Er det nokon her som har katt?», «Likar
du sommar betre enn vinter?», «Har du vore i USA?» Slik
og mange andre spørsmål vert stilte i kampen om å få
sitt bingobrett fyrst utfylt.
Pilegrimstur
Laurdag 8. august var 30 pilegrimar frå ulike kantar av Bømlo, Bergen, Oslo og
Stavanger samla i Stødle kyrkje i Etne for pilegrimstur, med kanskje 30 ulike
forventningar til å vera på med på pilegrimstur.
I Stødle kyrkje starta me med ei samling
med song, tekstlesing, bøn og historia om
Stødle kyrkje. Malen for samlingane me
hadde på pilegrimsturen står i den norske
salmeboka frå 2013. Vidare gjekk turen
langs den gamle postvegen frå Etne til Skånevik med fleire stopp/samlingar og stilla
undervegs - i strålande solskin! Det høgaste
punktet på postvegen ligg 620 moh. Nokre
fant turen lett heile vegen, andre hadde
utfordingar på veg opp eller på veg ned til
Skånevik, men alle meistra turen og kom
seg til Skånevik.
Vel framme i Skånevik vart me møtt av
Aksel Røksund, Arild Selle med mannskap
og Ingunn og John Magne Sørensen. Dei
frakta oss vidare på turen med båtane sine.
Det var godt å setja seg i båtane, i roleg
sjø, til neste mål for turen, Fjelberg gamle
prestegard.
På Fjelberg vart me tatt godt i mot av Truls
Grung, som me og fekk ei engasjert omvising
av. Etter omvisinga var det innkvartering
og middag. Det smakte godt etter ein heil
dag i frisk luft. Seinare hadde me ei samling
i ei av dei ærverdige gamle stovene på
prestegarden. På denne samlinga var me
så heldige å få besøk av prost Svein Arne
Theodorsen og song og trekkspelmusikk
av Ingunn og John Magne Sørensen. Så
var det å gå kvar til seg, eller to og to, åtte,
fem og nokre kvar for seg, for å få seg nokre
timar på puta.
Søndag starta me med frukost før me samla
oss til salmesong, tekstlesing og bøn før
avreise. No tok båtane oss med til Halsnøy
kloster. Der fekk me omvising av ein guide
med glimt i auga, me fekk noko for ganen,
hadde ei kort samling og gjekk i kulturløypa på sida av klosteret.
Etter besøket på Halsnøy førte båtfolket
oss videre til Moster Amfi. Om nokre hadde
utfordringar med å komma seg frå Etne til
Skånevik var det kanskje andre som fekk
det litt utfordrande på turen til Moster, då
det no hadde blese opp og sjøen ikkje var
heilt flat lenger. På Moster vart me tekne i
mot med flott song i gamle Moster kyrkje.
Her hadde me ei lita gudsteneste med nattverd forretta av Berit Andersen og Gunnar
Farsund som begge var med på turen.
Turen vart avslutta med felles middag –
vikingsodd - i Moster Amfi. Det gjorde godt
med noko varmt etter turen på sjøen og
opphaldet i Moster gamle kyrkje.
Sissel Johanne Fylkesnes Våge
Me håpar pilegrimsturen har vore ei reise for fellesskap, for
kultur og natur, for å oppleva sterke og svake sider med seg
sjølv, og «der den ytre vandringa kan vera eit symbol på den
indre vandringa mot Gud» (Norsk Salmebok 2013).
8
fra fjord og fjære
Jula 2015
Trygve Totland fekk Frivilligprisen
Mali Smemo Hjemdal, leiar i Prostirådet, gjorde greie for
Prostirådet si grunngjeving for tildelinga. Ho sa m.a:
Prisvinner i 2014 er en person med sjelden omfattende
og trofast tjeneste over mange år.
Vedkommende har en svært lang CV over variert frivillig
tjeneste fra midt på 70 – tallet og er fortsatt svært aktiv
både innen bedehus, kirke og institusjoner.
Prostirådet vil spesielt trekke frem
- arbeid for barn og ungdom
- varierte tjenester innen sang og musikk
- leder ved mange ulike møter og tilstelninger
- andaktsholder
- frivillig medarbeider i mange lag og organisasjoner
- omfattende styre- og rådsarbeid
I tillegg har prisvinneren lang erfaring fra politisk virksomhet i utvalg, kommunestyre og formannskap.
Prisvinneren viser stå-på-vilje og engasjement og blir
omtalt som et sjeldent ja – menneske.
Foto: Magne Fitjar
I samband med Prosten i Sunnhordland si nyårsmottaking, vart Frivilligprisen i Sunnhordland prosti for
2014 delt ut til Trygve Totland. Dette er tolvte året
denne prisen vert delt ut til frivillige medarbeidarar
for trufast, kreativ og nyskapande teneste.
Det var representanter fra Bømlo menighet som kom
med forslaget til prisvinner.
Prisen er eit diplom laga av Per Flatøy og eit bilete, i år
laga av Magne Kjellesvik.
Prostirådsleiaren bad biskop Halvor Nordhaug og Odd
Harald Hovland, ordførar på Bømlo ta del i utdelinga, dei
fekk og koma med helsing. Tildelinga av frivilligprisen
kom tydeleg overraskande på prisvinnaren, han takka
og kom med helsing.
På mottakinga var det mange som gledde seg over tildelinga og ville gratulere prisvinnaren, og slekt og vener
som var komen til mottakinga utan at prisvinnaren
visste det.
Frivilligprisen frå Sunnhordland prosti gjekk i år til Trygve
Totland frå Bømlo, for hans mangeårige innsats i lokalpolitikk,
kyrkje og bedehus. Ikkje minst ungdomsarbeidet vart framheva. På biletet f.v. biskop Halvor Nordhaug, Trygve Totland,
ordførar i Bømlo Odd Harald Hovland og prostirådsleiar Mali
Smemo Hjemdal. Frivilligprisen blir i år markert med eit tresnitt av Magne Kjellesvik, og som i vel ti år no, sidan 2003,
eit diplom laga av Per Flatøy.
Triveleg treffpunkt på Gjøvåg
VELLUKKA GUDSTENESTE: Marit I. Espedalen (t.v.) var godt
nøgd med arrangementet. Einar Frøyseth og Martha Aasheim
henta fram stemningsfulle låtar frå registeret sitt.
JOVIAL GJENG: F.v. Rune Kroken, Aasta Tufteland Kroken,
Lillian Brun Heldal og Bertil Heldal.
HYGGJELEG STEMNING: Mange blei igjen etter gudstenesta for å ta ein koseleg prat over kaffien.
Det vart ei triveleg gudsteneste i uformelle
rammer då Harald og Anny Gjøvåg ynskte alle
velkomen til ein flott dag på Gjøvåg. 55 personar møtte fram for å ta del i den folkelege
gudstenesta. Seinare vart det gjort klart mat
og drikke til dei frammøtte, og det vart ei koseleg stemning i den gamle løa.
Veldig flott
Sokneprest Marit Isaksen Espedalen var på plass
for å leia gudstenesta. Ho hadde førebudd ein fin
seremoni, og var i godt humør etter arrangementet.
Ho var mellom anna nøgd med å sjå at det var så
mange frammøtte.
– Det var veldig flott, og veldig mange folk, seier
ho oppglødd.
Ho hadde nyleg òg «jazzgudsteneste» på Tysnesfest, og fortel at ho trivst godt med variasjon
og skifting av tempo.
– Eg tykkjer det er veldig kjekt.
Stemningsfull musikk
Einar Frøyseth og Martha Aasheim stod for dei
musikalske innslaga. Til vanleg spelar dei i festlege
og meir uformelle høve, men dei kunne fortelja at
det å spela i ei gudsteneste var ei kjekk oppleving.
– Det var ei veldig fin stund, seier dei.
Dei spelte stemningsfull musikk for dei frammøtte,
og sette pris på å få lov til å hjelpa Marit.
– Ho er eit strålande menneskje.
Godt motteken
Gudstenesta vart godt motteken av dei frammøtte.
Blant dei som hadde møtt opp var Anna Sofie
Epland.
– Gudstenesta var veldig fin, seier ho.
Ho var òg på plass i fjor, og er ein av mange som er
godt nøgde med det arrangørane får til på Gjøvåg.
– Det er kjekt å vera her, fortel ho.
Jovial gjeng
Etter gudstenesta samla dei frammøtte seg rundt
borda i løa. Då var det tid for mat og drikke i lystig
lag. Her stod mellom anna rømmegraut, kaker og
kaffi på menyen.
– Maten smakar nydeleg, seier Aasta Tufteland
Kroken og Lillian Brun Heldal samstemd.
Dei sit saman med Rune Kroken og Bertil Heldal.
Alle fire er på vitjing frå Bergen, og er svært positive til arrangementet. Dei fortel at heile dagen har
vore veldig kjekk, og at dei er takksame for innsatsen
som vert lagt ned i dei landlege omgjevnadane på
Gjøvåg.
– Det er veldig flott at nokon vil arrangera noko slikt.
Det er noko me gjerne støttar, seier den humørfylte
gjengen. Det er ikkje fyrste gong dei vitjar Gjøvåg,
og det vert truleg heller ikkje den siste.
– Me kjem tilbake viss dei vil ha oss, ler dei.
Energisk person
Medan dei fleste kosar seg med smakfull mat og
godt selskap, kan ein observera ein svært energisk
person i løa som steller og styrer.
– Flott at du kjem, seier Anny Gjøvåg hjartevarmt
medan ho kostar litt. Ho har hatt det travelt før
arrangementet, mellom anna med kakebakst og
pynting, men tar like fullt imot gjestane
med sprudlande humør.
– Det er kjekt å sjå at det kjem så mykje folk, smiler
ho.
Nok ein gong har ho stått på for å laga eit koseleg
treffpunkt der alle er velkomne. Dette er noko ho
trivst godt med.
– Det er gjevande for meg å halda på med dette.
Eg likar å omgåast folk, seier ho, før ho rosar både
gudstenesta til Marit og dei musikalske innslaga til
Einar og Martha.
Sverre Frugård
[email protected]
fra fjord og fjære
9
Jula 2015
Nye sokneråd i Sunnhordland prosti
I september var det val til sokneråd. I Sunnhordland prosti er det 23 sokn. Sokneråda har eit stort ansvar og viktige oppgåver i vår kyrkje. Medlemene av sokneråda
har vore på kurs og dei har konstituert seg. Her kjem ein oversikt over medlemene og vara-medlemene i sokneråda. Vi har tatt med kven som er nestleiar og leiar,
for leiarane er det og med eit bilete. I kvart sokneråd er det ein sokneprest, namna på sokneprestane er og med.
Bømlo
Bremnes:
Berit Marianne Hallaråker - leiar
Odd Kåre Sakseid – nestleiar
Lene Fylkesnes Nesse
Jarle Havn
Per Nygård
Anne Berit Thorset Hope
Marie Habbestad
Anne Lie Steinsbø
Varamedlemer:
1. John Olav Habbestad
2. Leif Røyrøy
3. Iren Torget
4. Solveig Ingebjørg Habbestad
5. Åsmund Håvik
Prest: Asbjørn Gundersen
Fitjar
Fitjar:
Helga Olsen Aadland – leiar
Sigrid Marie Fangel - nestleiar
Sindre Aarbø
Gunnvald Aarbø
Rasmus Fitjar
Terje Havro
Mette Elisabeth Lambach
Bodil Nesse
Varamedlemer:
1. Peder Rygg Drønen
2. Arne Prestbø
3. Solbjørg Larsen Tverderøy
4. Tove Helen Løland Aarskog
5. Aase Rygg Nøttveit
Prest: Olav Johannes Oma
Bømlo:
Solfrid Kjellaug Lønning – leiar
Margrethe J. Eide – nestleiar
Olga Ingjerd Kårbø
Odd Ingvar Nilssen
Lauritz Eidesvik
Trygve Sveinung Totland
Varamedlemer:
1. Bertha Marie Eidesvik
2. Elin Vold
3. Dagnor Engenes
4. Laila Bauge
Prest: Roald Drønen
Kvinnherad
Fjelberg og Eid:
Heidi E. Thomassen Sjo - leiar
Olav Svalland - nestleiar
Mette Eide Hvidevold
Aud Dale Landa
Johannes Solheim
Varamedlemer:
1. Karianne Bjørnstad
2. Anne Berit Øvrevik
3. Ester Cecilie Isdal
4. Trond Vegard Strand
Prest: Jan Ove Totland
Lykling:
Torunn Tveita – leiar
Roald Magne Stautland – nestleiar
Sissel Steinsland Gåsland
Elisabeth Diane H. Bjørnevik
Margunn Ersland
Leif-Steinar Sakseide
Varamedlemer:
1. Hildegunn Sortland Våge
2. Alfhild Olaug Hestenes
Prest: Roald Drønen
Husnes og Holmedal:
Torstein Aarthun - leiar
Ståle Schille- nestleiar
Einar Oppedal
Kjersti Løseth
Marit Alfarnes Bergseth
Cort Holtermann
Hilde Karin Egset Teigen
Åse Gjerde Røssland
Varamedlemer:
1. Kari Marie Thorkildsen
2. Laila E. Bjelland Broks
3. Kristi M. Stråbø
4. Leiv Håkon Kaldestad
5. Selma Andrea Ynnesdal
Prest: Reidar Ådnanes.
Moster:
Elin Taranger - leiar
Gunnvald Bjotveit - nestleiar
Mona Ingvaldsen Hodne
Per Harald Gjerde
Rune Sivertsen
Inger Marie Gjerde
Varamedlemer:
1. Sigurd Totland
2. Magnhild Nøstbakken
3. Berit Landmark
4. Bente Røyrvik
5. Roy Steve Fimland
Prest: Aksel Lygre
Etne
Etne:
Karl Arnold Solheim - leiar
Liv Sørheim - nestleiar
Jørgen Hopland
Reidun Vae Holmen
Grethe Tesdal
Anne Jorunn Lindevik
Astrid Ø Harboe
Solgun Dalseid Vaa
Varamedlemer:
1. Grethe Haaland Hjelmtveit
2. Knut Ole Matre
3. Einar Kasper Sævareid
4. Tore Einar Harboe
5. Tanja Therese H Wiland
Prest: Per Hjemdal
Skånevik:
Eli Synnøve S. Garvik - leiar
Ingebjørg Rullestad - nestleiar
Reidar Leknes
Jostein Lygre
Inger Mari Melkeraaen
Silje Malene Garvik
Varamedlemer:
1. Siri Elisabeth Eikemo
2. Magny Lygre
3. Torleif Bjerkreim
4. Ragnvald Larsen
5. Ågoth Winterthun
Prest: Stein Ove Skadal
(Jørgen Knudsen til Ådnanes tek til.)
Uskedal:
Svanhild Haugland - leiar
Møyfrid Petra E. Kristoffersen - nestleiar
Thor Inge Døssland
Sigmund Myklebust
Kristian Bringedal
Ove Magne Myhre
Varamedlemer:
1. Eli Roseth Eik
2. Hans Reidar Kjærland
3. Kåre Magnus Rød
4. Kjell Yri
5. Inger Lise Voll
Prest: Lina Håland
Åkra:
Oddrun Berge - leiar
Åse Farestveit - nestleiar
Erik Johan Furdal
Magnhild S. Eide Furdal
Varamedlemer:
1. Gunnbjørg Vågen
2. Lars Emil Berge
3. Sunniva Brekke
4. Gunnhild V. Jegteberg
5. Bodil Hjøllo Solheim
Prest : Kjetil Kringlebotten
Kvinnherad:
Ann Merethe Jakobsen - leiar
Solfrid H. Siqveland - nestleiar
Lars Johan Næs
Bjørg Tveitnes Waage
Ingo Bewer
Svein Hjelmeland
Gunn Berit S. Fosse
Arne M. Guddal Husby
Varamedlemer:
1. Liv Signe Ulvestadbakken
2. Helga Fossheim
3. Eldrid H. Molland
4. Ester Falk
5. Linda Sundal Utne
Prest: Kjetil Kringlebotten
Ænes:
Aud Irene Flatebø - leiar
Sunniva Tveito - nestleiar
Gunnhild Enæs
Olav Nerhus Hatteberg
Endre Øyre
Hildur Kroka
Varamedlemer:
1. Gunnar Enæs
2. Tørres Jarle Aarsand
3. Bjørg Unni Bondhus
4. Solveig M. Fredheim
5. Kari Huse Aarsand
Prest: Kjetil Kringlebotten
Hatlestrand:
Linda Raa Alvheim - leiar
Lillian Eikeland - nestleiar
Tone Boland Johansen
Karin Rabben Vangdal
Anne Britt Hovland
Olaug Marie Hjortås
Varamedlemer:
1. Dagny I. Berge Ljostveit
2. Jarle Jacobsen
3. Alice Tuften
4. Ole Bjørn Stokke
5. Olav Stølen
Prest: Kjetil Kringlebotten
Ølve:
Grethe Marian Revne - leiar
Henrik Sverre Barthel - nestleiar
Grethe Ljostveit
Kjell Ingemar Sundfjord
Norun H.T. Teigen
Airin Helen Zimmer
Varamedlemer:
1. Marit Synnøve B Lyhammer
2. Åshild Malkenes Revne
3. Veronica K. Hellestveit
4. Inger Lise-Hammerhaug
5. Kari Kristin Ljostveit
Prest: Kjetil Kringlebotten
Varaldsøy:
Ann Kristin Næss - leiar
Torbjørg Øye - nestleiar
Haktor P. Aakre
Kjell Lutro
Randi Haukenes
Marianne Skjelnes
Varamedlemer:
1. Bodil Våge
2. Henny Svindland Skjelnes
3. Hans Gerhard Gjuvsland
4. Olga Helene Ask
Prest: Kjetil Kringlebotten
Stord
Stord:
Åsa Rygg - leiar
Anders Grov Nilsen - nestleiar
Kjellaug Stautland Eide
Nils Dale Elde
Anne Brandvik Nilsen
Jakob Saghaug
Daniel Kjellevold Steinsland
Liv Jorunn Alvsåker
Varamedlemer:
1. Gerny Fredrikke Gandrud
2. Jostein Grimsbø
3. Elfrid Johanne Kartveit
4. Oddlin Dagmar Stave Aadland
5. Målfrid Lønning
Prest: Eirik Aadland Tappel
Nysæter:
Hildegunn Sæbø Heimro - leiar
Marit Stalheim Grimstad - nestleiar
Lovise Sæbø Heimro
Lars Heine Kaldefoss
Odd Naustdal
Helga Thorsen Stautland
Oddbjørg Kringlebotten Løkling
Elisabeth Vatland Fauskanger
Varamedlemer:
1. Reidun Alma Hagenes
2. Tove Volden Nygård
3. Mats-Mikal Nordhaug Langøy
4. Solveig Frida Færevaag Nome
5. Ingebjørg Råheim Grønsdal
Prest: Arnt Johan Vistnes
Sveio
Sveio:
Bent Rune Sinnes, leiar
Ragnhild Elise Lysen, nestleiar
Olav Haugen
Hildur Larsen
Haldis J. Økland Lier
Runar Larsen
Anne Vierdal
Leiv Rossehaug
Varamedlemer:
1. Tone B. Steinsvåg
2. Elise De Winter
3. Anne Gunn Bjørnevik
4. Else Berit Bøe
5. Tor Ingolf Hunsbedt
Prest: Gisle Sørhus
Valestrand og Førde:
Tor Helge Hardeland, leiar
Astrid Farestveit Gane, nestleiar
Eirik S. Eriksen
Alice K. Enerstvedt
Martin Strømøy
Otto Inge Molvær
Monica Nyland Jacobsen
Monica Sakkestad
Varamedlemer:
1. Hans Petter Storesund
2. Marit Annlaug Stokkenes
3. Ragnhild Elise Sæverhagen
4. Bente Natvik Storesund
Prest: Arild Steinsland
Tysnes
Onarheim:
Grethe Barmen - leiar
Leiv Magne Hovland - nestleiar
Magne Storesætre
Åshild Matre
Anders Hundeide Magnussen
Åshild Langeland
Varamedlemmer:
1. Kjell Arild Lien
2. Anne Britt Onarheim
3. Bjørg Haukanes Meland
4. Elin Meland
5. Oddvar Helland
6. Astrid Bakkane
Prest: Marit Isaksen Espedalen
Tysnes:
Arne Leite - leiar
Åse Enes - nestleiar
Helga Kristine Haaland
Johanne Dalland
Guro Fjeldet Lunde
Arvid Økland
Varamedlemer:
1. Olav Teigland
2. Magne Hauge Skartveit
3. Ragnhild Elisabeth Haaland Malkenes
4. Inger Teigland
5. Birgit Nødland Austvik
6. Natalija Berg
Prest: Marit Isaksen Espedalen Uggdal og Reksteren:
Erna Amanda Bergliot Drange - leiar
Endre O. Epland - nestleiar
Annlaug Tvedt Flornes
Kari Elin Brandt
Elisabeth Sandven
Tine-Sofie Stensland
Varamedlemer:
1. Jan Økland
2. Harald Selmer Gjøvåg
3. Helge Hauge
Prest: Marit Isaksen Espedalen
10
Jula 2015
fra fjord og fjære
Fleire steg nærare byggjestart for nytt soknehus i Sveio
Fredag 6. november blei ein viktig milepæl for det nye soknehuset nådd - sameiget Sveio soknehus vart formelt stifta ved
at soknerådsleiarane i Valestrand og Førde sokn og Sveio sokn
underteikna stiftingspapira. Dei to sokna blir eigarane av det nye
soknehuset.
I 2014 hadde ein i Sunnhordland
prosti dette fokus: «Saman i kyrkja
i tenlege lokale.» I Sveio har ein
arbeidd med ideen om nytt soknehus sidan bispevisitasen ved
biskop Halvor Nordhaug i 2010. I
tillegg til teikningar ved arkitekt
Thomas Brekke, Arkitektkontoret
Brekke Helgeland Brekke, har ein
arbeidd med å skaffa økonomi
– ikkje minst ved å etablera gjenbruksbutikk i 2014.
Illustrasjon: Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke
Det er no sendt ut nabovarsel for
soknehuset og byggemelding vil
fylgja deretter. Ein vil innhenta
tilbod på hovudentreprise for
bygget i løpet av desember.
Frå venstre: Bent Rune Sinnes, soknerådsleiar i Sveio sokn, Tor Helge Hardeland, soknerådsleiar i Valestrand og Førde sokn og Per-Bjørn Habbestad, leiar i Sveio soknehus
Sveio kommune er bedne om å
kjøpa om lag 30 prosent i huset
som skal husa kommunale oppgåver i samband med drifta av kyrkja.
Dei kommunale oppgåvene er reiskapsbod og kapell med kjølerom
til gravplassen og kontor til kyrkja
sine medarbeidarar.
Resten av huset blir finansiert gjennom innsamla eigenkapital, gåver,
gjevarteneste og ved inntekter frå
sal i Gjenbruksløa i Førde. Planane
no er byggjestart til våren under
føresetnad av at kommunen går
inn med garantiar for kjøp av sin
del i det ferdigstilte soknehuset.
Dette kjem truleg opp til politisk
behandling i Sveio kommunestyre
i starten av 2016.
Det nye soknehuset vert plassert
ved Sveio kyrkje og skal i tillegg til
kommunale oppgåver husa rom
for ungdomsarbeid og møteverksemd av ulik art. Sveio bedehus
blir ein del av soknehuset og skal
bruka huset til sine aktivitetar.
Salane i huset kan og leigast til
dåps- og konfirmasjonsfestar, minnesamvær og andre samkomer.
Arild Steinsland
Vigsling av klokketårn og kyrkjeklokker i Etne
2. sundag i advent var ei nær fullsett Etne kyrkje med på vigsling av kyrkjeklokker og klokketårn.
Det var prost Svein Arne Theodorsen som stod for vigslinga.
Kyrkjeklokkene er viktige
I si helsing peika prosten på kva for
viktige funksjonar kyrkjeklokkene
har. Dei skal
- Forkynna Guds ære
- Samla oss til gudsteneste
- Kalla oss til takk og bøn
- Minna oss om vårt evige mål hos Gud
Klokketårnet og kyrkjeklokkene
vart vigsla, innvia og helga ved
Guds ord og bøn.
Helsing frå biskopen
På kyrkjekaffien vart dei firma som
har utført arbeidet med klokketårne – Byggmeisterfirma Haakull
& Ersland og Ølen betong – takka,
og dei som har utført viktig dugnadsarbeid med graving og heller.
Biskopen skal godkjenna kyrkjeklokker og tårn. Prosten kunne
melde at biskopen godkjenner,
men formelt brev låg ikkje føre til
vigslinga. Biskop Halvor Nordhaug
helste kyrkjelyden slik: «De kan gå
sju gonger rundt tårnet og blesa i
horn. Dersom tårnet blir ståande,
er det godkjent.»
Nytt kyrkjekontor
Under kyrkjekaffien hadde ein
og fokus på det nye flotte kyrkjekontoret i underetasjen i Enge
bedehus. Prosten skrytte av det
arbeidet som er gjort og kyrkjeverje Aud Jorunn Baustad heldt
ein fin tala der ho på vegne av Etne
kyrkjelege fellesråd takka for kontora og overrekte blomehelsing til
leiaren for dugnadsgjengen, Kjetil
Flokketvedt.
Foto: Per Hjemdal
fra fjord og fjære
11
Jula 2015
Gospelkonsert i Uskedal kyrkje
I desember er det tid for julekonserter av ymse
slag i kyrkjene våre. I Uskedal kyrkje fekk ei fullsett kyrkje ei «formidabel oppleving» slik ein av
tilhøyrarane ordla seg.
Gospelkoret Abraham frå Sandnes gledde mange
i Kvinnherad med sin flotte song då dei var her
i august i fjor i samband med at Lina Håland vart
ordinert til prest av biskop Halvor Nordhaug. Lina
Håland er sokneprest i Uskedalen, no hadde ho og
soknerådet invitert koret til å ha konsert i kyrkja.
Det vart ei heilt spesiell stund. Koret formidla song
og musikk på eit høgt nivå. Mange vart imponert
og gledde seg over det dei fekk oppleva.
Koret har som mål å skapa musikalsk glede for både
medlemer og tilhøyrarar. Det målet vart til fulle
nådd i Uskedal kyrkje. Koret sprudla og synte stort
engasjement i det dei gav vidare. Her var mange
høgdepunkt i flotte harmoniar med kor, duett og
fleire solistar, mellom anna ein sterk versjon av «The
Prayer» framført av Eirik Normann og June Katrine
Kolnes. Mange gledde seg særleg over å høyra deira
eigen sokneprest Lina i eit flott solistinnslag.
Foto: Mari Mehl, Grenda
Gospelkoret Abraham sprudla og synte stort engasjement i det dei gav vidare under konserten i Uskedal kyrkje.
Gudstenester i Sunnhordland prosti i jul og nyttår 2015
Velkomen til kyrkje jule- og nyårshelg. Julaftan er det i Sunnhordland prosti 46 gudstenester, det er ny rekord!
2. Juledag
Øvrebygda bedehus
kl. 11.00
Lykling kyrkje
Bømlo:
23.12
Bømlo kl. 12.30
Bremnes 14.00
Julaftan
Lykling kl.14.30
Espevær 14.30
Moster 14.30, 16.00
Bremnes 15.00, 16.15
Bømlo 16.00
1. Juledag
Moster kl. 12.00
Lykling 11.00
2. Juledag
Bremnes kl. 11.00
Bømlo kl. 11.00
28.12
Bremnes kl. 20.00
Romjulsgospel
med Bømlo Gospel
31.12
Moster kl. 23.00
Nyårsdag
Bremnes kl. 12.00
Etne:
4. søndag i advent
Grindheim kl. 11.00
Julaftan
Frette kl. 13.00
Fjæra 13.30
Etne 14.30, 16.00
Skånevik 16.00
1. Juledag
Stødle kl. 12.00
Skånevik 12.00
Romjulssøndag
Etne kl. 19.00
Nyårsaftan
Skånevik kl. 17.00
Nyårsdag
Stødle kl. 12.00
Fitjar:
Julaftan
Fitjar kl. 14.30, 16.00
1. Juledag
Fitjar kl. 12.00
Nyårsdag
Fitjar kl. 12.00
Hatlestrand 13.30
Ølve 14.45
Kvinnherad 16.00
Varaldsøy 16.00
Ænes 16.00
Fjelberg og Eid:
Julaftan
Halsnøytunet kl. 12.00
Fjelberg 14.00
Eid 14.30, 16.00
1. Juledag
Kvinnherad kl. 11.00
Ølve 15.00
2. Juledag
Varaldsøy kl. 11.00
1. Juledag
Eid kl. 12.00
Nyårsaftan
Minnegudstenester
Ølve kl. 13.00
Kvinnherad 16.00
Nyårsaftan
Eid kl. 16.00
Husnes:
Julaftan
Husnes kl. 15.00, 16.15
Holmedal 15.00
Valen 16.00
1. Juledag
Husnes kl. 12.00
2. Juledag
Holmedal kl. 11.00
Stord:
4. søndag i advent
Stord kl. 11.00
Nysæter 11.00
Sveio:
Julaftan
Sveio Omsorgssenter
kl. 11.00
Valestrand 14.30
Førde 15.30,
Eikeland 16.30
Sveio 14.30, 16.00
1. Juledag
Sveio kl. 12.00
Nyårsaftan
Sveio kl. 23.15
Tysnes:
4. søndag i advent
Tysnes Sjukeheim
kl. 11.00
Julaftan
Reksteren kl. 14.00
Onarheim 14.00
Uggdal 16.00
Tysnes 16.00
1. Juledag
Tysnes kl. 12.00
Nyårsdag
Onarheim kl. 11.00
Nyårsdag
Valen kl. 18.00
Julaftan
Stord kl. 13.30, 14.45,
16.15
Huglo 14.45
Nysæter 14.30, 16.00
Nyårsaftan
Valen kl. 16.00
1. Juledag
Stord kl. 12.00
Nysæter 12.00
Nyårsdag
Husnes kl. 12.00
2. Juledag
Stord kl. 11.00
Uskedal:
Julaftan
Uskedal kl. 14.00
27.12
Minnegudstenester
Stord kl. 11.00
Nysæter 19.00
Kvinnherad:
Julaftan
Rosendalstunet kl. 11.00
Åkra 13.30
Nyårsdag
Nysæter kl. 12.00
Huglo 11.00
Nyårsaftan
Stord kl. 23.15
Foto: Gunnar Langeland
Kvinnherad kyrkje
12
Jula 2015
fra fjord og fjære
Julefeiring
Siri Klokkerstuen er nyvalt ordførar
i Etne. Ho har lang politisk erfaring
både i Etne kommune og i fylkestinget
i Hordaland. Ho har og vore varaordførar i Etne i to periodar: 2003 - 2007
og 2011 – 2015.
Siri er utdanna lærar, ho gjekk
musikklinja på Lærarhøgskulen på
Landås i Bergen frå 1980 – 1983 og
har vore lærar i 32 år.
Siri svara kjapt ja då ho vart spurt om
å dela minne og erfaringar rundt julefeiringa i «Fra Fjord og Fjære». Ho tok
bladet sin utsendte varmt i mot med
smil, kaffi og rund kake.
Juleminne
Eg vaks opp i eit fleirgenerasjons hus frå 1700 –
talet på Rygg i Etne. Mamma og pappa, søskena
mine og eg budde i lag med farmor. Det var
farmor som laga til jul, mest heilt til hennar siste
dag. I farmor si spisestove var me samla, alltid
sju til bords. Det var oss fem, farmor og ei tante
som kom på besøk frå Oslo. Dette var familien
vår, me hadde ikkje meir familie her. Eg hadde
høge forventningar til julaftan, for meg var det
felles bordsetet viktigast. Eg minnest at bordet
var så fint pynta. Den nystrokne duken, det
kjende serviset, det fine dekketøyet – alt var på
plass, og det var så fint. Det lukta så godt, det
lukta jul. Best var den gode eimen av pinnekjøt.
Julemenyen stod ikkje til diskusjon, den var fast
og tradisjonell. Alt skulle vere likt frå år til år, tradisjonane tok me vare på. Me song for maten og
me leste juleevangeliet. Og julematen smakte
ekstra godt, berre betre og betre for kvart år.
Etter det fine og gode bordsetet med familien
var det tid for oppvask. Far var humoristisk, kvart
år kom same meldinga etter middagen: det var
lenge til dei skulle opna pakkane, fyrst måtte dei
vaske opp og kan hende kvile litt etter det.
Når eg ser tilbake, så vart mest presangane ein
parentes. Eg har ingen heilt spesielle minner
knytt til julegåver, men det var kjekt med pakkane – og her følgde me dei kjende tradisjonane.
Til mine gode minner frå julaftan høyrer gong
rundt juletreet. Me som var så få måtte ha med
oss bamsar og dokker for å få heil ring rundt
treet. Så song me julesongane, mamma kom frå
ein musikalsk familie, det var kjekt å vere i lag
om dette og.
Siri understrekar at for henne er minna frå
julaftan som barn gode, ho seier: «Det var veldig
koselig.»
Kyrkjegong
Siri Klokkerstuen fortel at dei gjekk i kyrkja på
høgtidsgudstenesta juledagen. «For meg er
kyrkja Stødle kyrkje, denne vakre historiske
kyrkja på høgda med god utsikt over Etnebygda. Eg minnest julegudstenestene med
sokneprest Olav Øystese med glede. I kyrkja fekk
me og synga dei fine julesongane. I mange år
hadde eg gleda av å vere med å spela på julegudstenesta.»
Siri har god og lang erfaring med å spela i korps,
fyrst kornett i skulekorpset og så alt-saksofon i
musikklaget. Ho gjekk musikklinja ved Lundehaugen vidaregåande skule i Sandnes.
Julemusikk og julesongar
«Julesongane er viktige,» seier Siri. «Dei har eg
vokse opp med, det er eg takksam for, kjende
og kjære tonar og tekstar. Eg saknar å ikkje vere
på skulen i advent og juletida. På skulen lever
dei med i årshjulet, får med seg dei ulike tradisjonane, syng dei songane som høyrer med. Eg
tenker at skulen har ei særs viktig oppgåve som
kulturberar.»
Jul i heimen i dag
Siri seier at ho elskar jul. Ho omtalar seg som
ei ambisiøs mor og husmor, ho gled seg over
å kunne stella til jul i heimen. Dei bur på same
staden som Siri budde som barn, dei har bygd
eige hus der. Her tek dei vare på tradisjonane.
«Våre tre barn har feira jul mest på same måten
som eg. Det er den nære familien som samlast
julekvelden. Me feirar jul i lag med søstera mi og
hennar familie, anten hos oss eller systera mi.»
Barn og barnebarn
I år gled eg meg særleg til å feira jul i lag med to
barnebarn, kanskje dette vert det mest spennande på julaftan? Me har to barn som studerer
i Bergen, eg kjenner at eg gled meg til at dei
skal koma heim. I familien har me stor glede av
kvarandre. Det er godt for meg at studentane
gled seg til å koma heim.
Familie med matkultur
For oss er det faste, gode tradisjonar
knytt til mat. Innfor julehøgtida gjer
vi mykje forskjellig, i vår familie er
me på høggir med tradisjonsmat.
Eg er glad i å laga mat, saltmat
er prioritert. Sild høyrer med,
sursild lagar eg. Lutefisk er
me ekstremt gode på takka
vera mannen min som fiskar
ferdatorsken sjølv i Åkrafjorden, turkar og lutar
i desse dagar. Eg er gift
med ein som har lyfta
opp sine mattradisjonar.
Røykefisk, sylteflesk
og rull høyrer med.
Smalahove er og blitt
tradisjon om hausten.
Framleis er det pinnekjøt på julaftan.
Det må vera frå
Åkrafjorden. Godt
og tradisjonsrikt
i vår familie.
Kyrkjegarden
«Julaftan pyntar
me på gravene, det
er og tradisjon, og
dette er viktig for
oss i vår familie.»
Pynten er heimelaga. Siri fortel at ho
likar å laga kransar
og dekorasjonar, ho
trivast som blomsterdekoratør. Her er det og
mange tradisjonar, det er så mange sider ved jula.
Ho funderer over om nokon av dei som har
kome til Etne med andre kulturelle og religiøse
tradisjonar kunne ha lyst til å læra litt om kransar
og juledekorasjonar. Ser vi konturane av eit
spennande prosjekt med Siri som engasjert
lærar og kulturformidlar?
Eit godt fellesskap i jula
Vi ser og høyrer at Siri Klokkerstuen gled seg til
julefeiringa. Ho verdset dei gode tradisjonane
rundt jul i heimen og har eit håp om at dei igjen
skal få oppleva eit godt fellesskap i familien i
jula. Samtidig tenkjer ho på dei som kan hende
ikkje gled seg til jul. I ettertanke seier ho at ho
kjennar at dei som familie er ekstremt heldige,
trygge heimar med rikeleg høve til å feira
familiejul med kjende, gode tradisjonar.
«Kan me klara å inkludera andre i vår julefeiring?» Siri vert ettertenksam. «Det skulle eg
ynskja at me kunne,» seier ho.
Ho har eit stort ynskje om at alle må få oppleva
gode, trygge, varme, inkluderande fellesskap –
spesielt i jula.
Den nye ordføraren i Etne helser god jul til
alle lesarane av det tradisjonsrike julebladet
«Fra Fjord og Fjære.»