1 - Vik kyrkjelege fellesråd

1
ÅRGANG 67
NR.
01 APRIL. 2014
God påske
Ord til
ettertanke
VERDIFULL
Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske, kom det
ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte
ho ut over hovudet hans medan han låg til bords…. Matt 26,6-13
Kjære verdifulle!
Vi menneske er verdifulle. Slik reknar Gud.
Alle menneske er like
verdifulle. Det er godt
å vita. Og det er viktig.
Saka er at vi menneske
ikkje alltid praktiserer slik. Døme på at
menneskeverdet vert
krenka er mange og
problemet omfattande.
Fellesskapet lid under dette. Og det er
vår skuld. Det er ikkje
Guds skuld, sjølvsagt.
Born lid, kvinner lid,
fattige lid, heile folkegrupper lid, gamle og
sjuke lid. Eg veit ikkje om nokon i menneskeslekta si soge
som behandlar kvar
einskild så verdifullt
som Jesus. Det er fordi
han er Kristus, Guds
Son.
2
foreldre koplar borna
på himmelens verdiar.
Frelsesverdiane er
knyta til Jesus og det
som hende med han
i påskehelga år 30.
Dei er sentrum i soga.
Dagens bibelord tek
oss med inn i verdisentrum.
Vi er i ein familiesamanheng. Simon den
spedalske er truleg
far til Marta, Maria og
Lasarus i Betania. Dei
budde nokre kilometer
utanfor Jerusalem. Dei
er Jesu nære vener.
Simon var truleg lækt
for sin sjukdom av Jesus. Maria viser si tru
og takksemd. Ho salvar
Jesus med dyr salve.
Sløseri, seier læresveinane. Dei fattige
kunne fått pengane.
Ja, Jesus fokuserer
Til gudstenester også
på naudlidande. Og
denne påska ber favi skal snart ha årets
miliar born til Jesus.
fasteaksjon til Kirkens
Dei kjem med det mest Nødhjelp. Den er vikverdifulle dei har. Og
tig. Men å ha Jesus i
legg borna i Guds
fokus er viktigare, og
hender. Og Jesus tek
den er drivkrafta til å
imot. Borna vert sette
sjå menneskelege verinn i Guds rike. Sakra- diar. Maria har skjøna
menta dåp og nattverd noko viktig. Ho hadde
gjev Guds største verdi innsikt i verdien av
– Guds kjærleik, Guds
Jesu frelse.
tilgjeving og evig liv.
Her ligg meininga
Borna og vi skal saman med påske. Jesu død,
vandra og leva våre liv
oppstode og den tome
i Guds verdiar. Dåpsgrava er det mest ver-
difulle for oss menneske. Det er så verdifullt at vi døyper våre
born til Jesu død og
oppstode. Borna må få
del i det. Kvart menneske er så verdifullt
at ingen må gå fortapt.
Vi legg merke til at
Joh 3,16 vert lese ved
kvar dåpshandling.
Jesu død og oppstode
er kyrkja sin største
skatt! Utan påskeevangeliet er ikkje kyrkja
lenger kristen.
Bibelordet i dag sluttar
på denne måten: «Sanneleg, eg seier dykk:
Overalt i verda der
evangeliet blir forkynt,
skal det ho gjorde, bli
fortalt til minne om
henne». Det vi seia:
Den kostbare salven
symboliserer verdien
av Jesu død, gravlegging og oppstode. Me
minnest Maria som
gjekk trusvegen gripen
av Jesu kjærleik og
den uendelege verdi
han formidlar til kvar
av oss.
Gud kallar oss til ei
verdipåske. Det er ei
påskehelg med Jesus.
Du er så verdifull i
Guds auge.
Av Jostein Skutlaberg
Sokneprest i Vik i Sogn
KONFIRMASJON 2014
Vangsnes kyrkje 4.mai
Torgeir Heimdal Aase
Ivar Vassli Brekke
Andreas Førrisdahl Fosse
Emilie Halset
Marita Holen
Joakim Blomseth Skjerven
Marie Øygarden
Fresvik kyrkje 4.mai
Rita Rungnapa Bøthun
Feios kyrkje 11.mai
Andréas Fretheim Borlaug
Arnafjord kyrkje 11.mai
Ola Halset
Vik kyrkje 25.mai
Anna Engan Aamodt
Lillian Nummedal Bryn
Reidun Daltveit
Ragnar Finden
Asbjørn Grov
Margunn Helleland
Kristine Hammersland Hønsi
Alicja Pankowiecki
Eirik Markus Rinde
Sondre Bertin Skjerven
Oda Moe Sæbø
Trude Tryti
Hanne Turvoll
Eli Yun Årestrup
Sandra Holen Årevik
3
JULEFESTEN FOR ELDRE 2014
på Kyrkjestova gjekk av stabelen
onsdag 8.januar 2014 frå kl 16.00.
Kari Hess Tistel og Inger Anne Tryti
frå diakoniutvalet hadde dekka og
pynta fint. Borgny Stadheim kokte
graut. I år var det verken glattis
eller kulde, så folk strøymde til.
Borda var dekka til 60 personar, og
ein måtte finne fleire bord og dekke
til fleire. Det var ei rein glede. Det
var vel 70 frammøtte.
Gamlekarane slo til med flott
musikk, og Inger Marit spelte piano
til julesongane. Kari las ei gamal
soge om «Guten som lånte Gud ei
krone». Guten hadde fått ei krone
hjå far. Han tykte synd i ei fattig
kone, så han lånte krona ut så ho
fekk mat. Han fekk tidobbelt att.
Den «nye» soknepresten vår Jostein
Skutlaberg synte bilete frå arbeidet
i Japan. Agnes Fosse Refsdal las
dikt.
4
Maten smaka, og folk kosa seg og
praten gjekk. Det var nesten fælt
å bryta inn for å gå vidare i programmet. Gamlekarane gledde oss
med meir musikk. Så gjekk vi kring
juletreet, og i år vart det fleire ringar. Det var ikkje inngangspengar ,
men det var høve til å gje i kollekt.
Det kom inn over 4000 kroner, så
det vart ein fint overskot til vidare
kyrkjelydsarbeid. Hjarteleg takk til
Inger Anne, Borgny, Kari og Marit
som stod på for at festen skulle
verte vellukka. Utan diakoniutvalet
hadde det ikkje vorte fest.
FANTASTISK KJEKK
KYNDELSMESSEBASAR I VIK
Laurdag 1.febr. var Kyrkjestova i
Vik fullsett. Den tradisjonelle Kyndelsmessebasaren til inntekt for
Det Norske Misjonsselskap gav i år
eit fantastisk resultat kr. 44.940.brutto. Einaste utlegg vi har,
er husleiga. Elles er gevinstar og
mat gåver frå næringsliv og privatpersonar.
Ein stor takk til alle som har støtta
basaren med gevinstar, loddkjøp og
mat!!!
Etter nokre omgangar med åresal,
kom kaffien og kakene på bordet.
Vi fekk herleg song av Vik Barnekor leia av Rut Solveig N. Netland
og Turid Brekke. Dei hadde på seg
drakter frå Sør –Afrika og song afrikanske og norske songar.
Prosten, Kjetil Netland hadde
andakt med tema «Gud ser deg»
ut frå fortellinga Jesus som gav
den blindfødde synet. Gud ser kvar
enkelt av oss og bryr seg om oss.
Vidare hadde Netland litt misjonsinformasjon som viser oss at det
nyttar å hjelpe. Så var det eit par
åreomgangar igjen, etterfylgd av
hovedtrekning med 50 gevinstar.
Det var mange flotte gevinstar,
men mest spesiell og verdifull var
nok den heimesydde hardangersaumsduken. Takk for ein kjekke
ettermiddag i lag og all støtte til
misjonen!
5
FESTGUDSTENESTE
I VIK KYRKJE 23.02.2014
Mange av oss såg den nasjonale
opninga av grunnlovsjubileet på
NRK 1 den 16. februar, og tykte
det var ei flott og høveleg opning.
Kanskje tenkte vi at dei kan få det
til, hovudkomiteen som har slike
ressursar. Det vi ikkje visste var at
soknerådet og kyrkjekontoret i Vik
planla ei like flott og høveleg høgtid
den 23. februar. Som de ser av
bileta var det mange som tok imot
invitasjonen til festgudsteneste og
kyrkjekaffi.
Prins Christian Fredrik sende i byrjinga av februar 1814 brev til biskopane om at dei måtte kalla inn alle
sokn til ei ekstraordinær bededagsgudsteneste 25. februar. Der
skulle dei få høyra at prinsen var
landet sin regent, hadde overteke
styret av landet, og at folket kunne
berga fridomen sin ved å slutta opp
om han. Dei som møtte opp i Hopperstad kyrkje til den gudstenesta,
avla eid til regenten og skreiv brev
– ei adresse – til han, underskrive
av 16 utvalde menn og sendt 18.
mars. (Adressa med underskrifter
kan ein lesa i Pridlao 2/98, og kopi
av brevet finst på kommunehuset).
I 2014 ynskte Kyrkjerådet at så
mange kyrkjer som mogeleg skulle
ha festgudsteneste 23. februar.
6
Festtonen vart sett av kyrkjevertane Anne Hege Tenold og Inger
Anne Tryti.
Forfattaren Edvard Hoem fekk det
ærefulle oppdraget å skriva prolog
og bøner til festgudstenesta.
Her fylgjer samlingsbøna:
Sjå dine barn, Gud,
saman framfor ditt andlet,
for å takke og lovprise deg,
som har skapt alle ting.
Opne hjarta våre, Gud,
så vi kan kjenne den kjærleik
som du auste ut over all verda,
da du sende Son din Jesus Kristus,
så vi skulle få evig liv ved han.
Send oss din ande, Gud,
så vi ved vår kjærleik
og omtanke for våre medmenneske
kan vitne om deg
og fullende din vilje.
Takk, Gud, for at du let oss få leva
i nådens tid,
i gode år, med fred og fridom,
i eit land med tryggleik og rettferd.
Takk for det storverk
som vart utført i tru på deg,
da forfedrane våre
møttest på Eidsvoll
for å gi landet ei grunnlov.
Gi oss kraft og framtidstru, Herre,
så vi kan rette
på det som enno er skeivt,
verja dei veike og lindre smertene
for dei som lid.
Høyr, Gud, korleis all jorda lengtar
etter di velsigning.
Lær oss å telja våre dagar,
så vi kan få visdom i hjarta.
Amen.
Preiketeksta 25.02.1814, ved høgtida i 1914 og 23.02.2014 var Salme
62,8-9:
Hos Gud er mi frelse og mi ære.
Mitt mektige berg,
mi tilflukt er hos Gud.
Lit alltid på han, de folk,
aus ut dykkar hjarte for han!
Gud er vår tilflukt.
Sokneprest Jostein Skutlaberg
understreka for oss at dette er ein
verditekst som har støtta oss gjennom all vår kristne tid med ulik organisering. Det er ikkje utan grunn
at Gulatingslova seier:
«Om kristendomshaldet i landet
vårt. Me skal bøygja oss mot aust og
beda den Heilage Krist om godt år
og fred og om at me må halda landet vårt bygt og ha landsdrotten vår
lukkeleg. Han vere vår ven og me
hans og Gud ven til oss alle.»
I Vik har vi kanskje ikkje merka
så mykje til at statskyrkja langt
på veg er avvikla; vi får den same
omsorga og dei same tenestene som
før grunnlovsendringa. Men sekulariseringa av Noreg er eit faktum,
og det vert etter kvart mykje meir
opp til den einskilde å slutta seg til
eit kristent samfunn. Men soknepresten i Vik ga oss også denne dagen inspirasjon til å vedkjenna oss
og leva i trua. M.a. sa han: «Med ei
sterk Gudstru kjem preiketeksten
til oss på denne sundagen – her i
trauste Vik – som i 1814 og 1914
– uendra. Ein verditekst. Første
setninga er ei VEDKJENNING. Den
startar og sluttar med «hos Gud». Og
kva er det me har «hos Gud»? Først
FRELSE. Det er å verta fri. Gud
set menneske fri! Kva dette ordet
tyder i Bibelen veit de i Vik. Så er
vår ÆRE hos Gud. Kva tyder det?
Ære har noko med «tyngde» å gjera.
Hos Gud får kvart menneske sjå sin
verdi. Du betyr mykje for Gud og for
andre. Du ser dine oppgåver og ditt
guddommelege kall. Sløs ikkje med
livet. Lev slik Gud vil. Lat ikkje ditt
liv enda i vanære.»
(Les heile preika på kyrkja si
heimeside www.vik.kyrkja.no.)
Den norske kyrkja si programerklæring for grunnlovsjubileet er
«Fri til å tale, tru og tene».
7
8
Musikarane Robert Kvam,
Siv Settevik, Rune Wold,
Gunn Nyland Risløw og Else Hove
I den nye gudstenesteordninga er
frivilige medarbeidarar viktige; til
og med leiinga av gudstenesta skal
vera ved ein frivillig. Men denne
dagen var det prostidiakon Kjersti
Brudvik som leidde.
Dei trufaste medarbeidarane og
gode opplesarane Agnes Fosse
Refsdal og Ragnar Hove var henta
inn til å lesa Hoem sin prolog.
Soknerådsleiaren i Vik, Reidunn
Bolstad, las bøn.
Dei gode samarbeidspartnarane
Osvald Risløw frå Frelsesarmeen og
Inge Bjørnevoll frå Vik Bibelsenter
las tekstane.
Når det er fest i kyrkja er det
naurleg å venda seg til messingblåsarane i kommunen. Dei stiller
alltid velvillig opp, denne gongen
leia av Robert Kvam i samarbeid
med organist Lars Einar Bakketeig.
9
Vik sokneråd hadde stelt til vakkert
i Kyrkjestova; «det gjere seg ikkje
av seg sjølv» som soknepresten sa
da han takka dei. Soknerådsleiar
Reidunn Bolstad leia oss gjennom
eit godt og høveleg program, og den
fine, inkluderande stemninga frå
kyrkja vart vidareført. Vi starta med
å reisa oss og syngja «Ja, vi elsker».
Det kjendest verkeleg som å vera
med på noko viktig!
Ordførar Marta Finden Halset var
først ute med si helsing; ho veit å
verdsetja det kyrkja betyr for kommunen, og stiller alltid opp!! Denne
gongen såg ho 1814 og dei fylgjande 200 åra i politikarperspektiv.
Ho minte oss på at grunnlovene i
dei andre nordiske landa er svært
unge; den danske frå 1953, den
svenske frå 1974, den finske frå
2000, medan Island arbeider med
ny grunnlov no. Men så har vi til
gjengjeld hatt 287 grunnlovsendringar, og 3 av 4 paragrafar er endra
minst ein gong. Sjøl om Grunnlova
var eit viktig nasjonalt symbol i
unionstida og ein praktisk reiskap
til å handla som ein fri nasjon, er
mykje av arbeidet i regjering og
storting ikkje regulert av grunnlova.
Difor er politisk arbeid like viktig
som framfor 1814. «Grunnleggjande
verdiar som fridom, rettferd og respekt for menneskeverdet vil over
alt og til alle tide trenge årvakne og
kritiske forkjemparar. Fjernsynsskjermen og andre media syner oss
kvar dag døme på dette! Demokratiet byggjer på at makta ligg hjå
fleirtalet, men det betyr ikkje alltid
at fleirtalet har rett. «Den tilfredse
majoritet» skreiv Ibsen i En folkefiende.
10
Me skal vakta oss for dette. Alltid
vera på vakt for det me står for. Ikkje fylgja massen fordi det er mest
komfortabelt!
Våre val er viktige:
Folkestyre, rettssikkerheit og
ytringsfridom, dei viktigaste grunnelementa for ein god og trygg
nasjon.»
(Les heile helsinga på
www.vik.kyrkja.no.)
Vik sokneråd har tidlegare nytta
seg av vår eigen lokalhistorikar,
Arne Inge Sæbø. Hans foredrag
«1814 i Vik» fekk oss til å sjå for oss
gudstenesta i Hopperstad, møtet i
Lychehuset og kva som møtte utsendingane både på reisa og under
forhandlingane. Lokalhistorie er
best med litt humor, og det fekk vi!!
Sitat: «I dag er me svært opptekne
av å få heilårsveg til Voss med ein
tunnel. Slik var det ikkje tidleg på
1800-talet, dei såg nærmast på det
som eit påfunn av storfolket. Og ein
bonde på Seljadalen sa det slik då
han høyrde dei var begynt å byggja veg til Bøadalen. «Gud skje lov,
han kjem no ikkje her». Arne Inge
fekk oss til og med til å reisa oss ta
kvarandre i hendene og seia «Enige
og tro inntil Dovre faller»!
(Les heile foredraget på www.vik.
kyrkja.no.)
«Kvite damer» frå bakaren, men
kransekake frå frivillige medarbeidarar!
SN
Alle foto: Per Olav Geithus
Dersom nokon ynskjer det, kan dei
få preike, helsing og foredrag på
papir.
SUPERINSPIRERANDE DAGAR
MED PER ANDERS NORDENGEN
Måndag 31. mars
sat 90 personar på
Kyrkjestova; svært
spente på kva Per
Anders Nordengen ville
seia til oss. Temaet var
“Livsglede i livsalvoret.
Korleis gjere det beste
ut av livet slik det vart
- korleis takle livet når
endringar oppstår.
Om å møte menneske
som slit med sjukdom,
livskriser, fysisk og
psykisk slitasje”.
Det kom deltakarar frå
Årdal, Luster, Sogndal og Leikanger, men
dei fleste var frå Vik.
Psykiatrisk sjukepleiar
Øydis, kreftsjukepleiar
Aslaug og diakon Kjersti visste kva dei gjorde
når dei gav oss desse
dagane. Nordengen sa
at han ville setja sine
ord på det mange av
oss kjenner på i møte
med menneske som
ikkje har det godt. Og
det gjorde han med
stor innsikt og mykje
humor. Det kjem godt
med i kvardagen vår
vidare.
Kvelden før, søndag
30. mars, møtte om lag
40 personar til samling på Kyrkjestova
med liknande tema.
Det var for menneske
som hadde opplevd tap
og endringar i eige liv.
“Gamlekarane” innleia med glad og flott
musikk.
11
6-ÅRINGANE SIN SØNDAG I VIK KYRKJE !!!
For kyrkjelydane er det ei stor
oppleving kvar gong og sjå årets
seksåringar koma inn i kyrkja i
prosesjon med presten!
Her ser de dei som kunne vera med
denne gongen.
For ein gamal søndagsskulelærar
var det kjekt å høyra påskeevangeliet formidla først og fremst til
6-åringar og dei andre borna som
var i kyrkja denne dagen. Vi vaksne
sat og lydhøyre. Dette kan kyrkje-
12
lydspedagog Rut Solveig !!
Det er godt å veta at kyrkjene i Vik
har gode tilbod vidare og:
Kvardagsskule, kor, tårnagentar og
minikonfirmantar.
SN / FOTO: CAMILLA N. RØYRVIK
FASTE AKTIVITETAR I
KYRKJELYDANE VÅRE:
MÅNDAG:
Kvardagsskulen i Vik
Kvardagsskulen i Vangsnes
TYSDAG:
Formiddagstreff, Vik
Kyrkjestova kvar veke kl.17.00-17.45.
Kyrkja kl.17.00-18.15.
Kyrkjestova kvar veke kl.10-13.00.
Kvardagsskule, Feios
I Feios Bedehus kl. 17.30.
ONSDAG:
Flatbygdi kvinneforeningI Kyrkjestova første onsdagen i månaden Kl.15.00
eller torsdag.
Ungdomsklubb,Feios
På Skulen kl.17.00-19.00.
Ein gong i mnd.
Ungdommsklubb, Fresvik
På Bedehuset kl.19.00-21.00.
Ein gong i mnd
KyrkjeringenI Kyrkjestova
andre onsdagen i månaden kl.15.00.
TORSDAG:
Kyrkjestova misjonslag
I Kyrkjestova
tredje torsdagen i månaden Kl.19.00.
SØNDAG ER KYRKJEDAG!
SØNDAG:
Søndagsskule, Arnafjord:
I Arnafjord kyrkje kl. 11.00 – 12.00
Sjå plakat!
Søndagsskule, Fresvik:
I Fresvik barnehage kl. 10.30 – 12.00
13
Tunghøyrd
Velsignelse
Livet var lyst og dagen so lett
Alt som det dansa med kåte sprett
Og tonen du høyrde, ein fin melodi
Den nynna i hugen til kvar ei tid.
Må Gud velsigne
deg med uro
Ved for lettvinte svar,
Halve sannheter og
Overfladiske relasjoner,
Så du kan leve
med et rent hjerte.
Men livets gang den krev og noko meir
Kanskje ditt arbeid skal rekka til fleir?
Kanskje du ikkje fekk velja din veg
Men taka mot ståket den førte med seg.
Kan henda det vart både bråk og smell
Men var du så ung, du tålte litt det lell,
Me veit om du filer på same streng
Så vil den nok brotna, ja før me det treng.
Slik vart det vel ogso med tonen so fin
Kvar vart det vel av denne tonen min
No høyrde du sus og snart kom det ein dott
Og so fekk du vanskar, var det gråt eller lått.
Du prøvde og streva, for å høyre så vel
Du dreg på smilen, som om du var sæl.
Men so laut du sanna- eg høyrer so lite
Og aller verst er det, når mange der site.
So søkte du råd, og hjelp skulle få
Men endå var vanskar, med ordi å forstå
Du misser så mykje du trengde å høyra
Føler deg utestengd, på grunn av ditt øyra.
14
Men likevel , takksame er me då alle
for hjelpa me får, mot livet me kalle
Tenk alt me får sjå og oppleve av under
Då vert det nok smått, både sus og litt dunder
Må Gud velsigne
deg med vrede
over urettferdigheten,
undertrykkelse og
utnyttelse av mennesker
så du kan arbeide for
rettferd likhet og fred
Må Gud velsigne
deg med tårer
for dem som lider av
hungersnød, utstøtelse
og kri, så du kan rekke ut
din hånd for å trøst dem og
vende deres smerte til glede.
Og må Guds velsigne
deg med den
dristige tanke
at du er med på å gjøre
en forskjell i verden,
så du kan gjøre det som
andre mener er umulig.
Misjonsalliansen
Denne velsigninga vart
sendt frå Indonesia til
Kirkens Verdensråd etter
tsunamien i 2004
Eg helsar dykk alle, som er framand for meg
Men veit, me går etter den same veg
og kunne me stundom høyra tonen så fin
Den gjev gleda, lik vakraste kveldsol som skin.
Bjarne Sylvarnes, Vangsnes nov 2010
O Estrid Hesselberg
NYTT SYSTEM FOR AVFALLSHANDTERING
PÅ GRAVPLASSANE
I Vik kommune har vi heile 7 kyrkjer med kvar sin gravplass. Desse
er viktige innslag i kvardagen vår på ulike måtar, og dei fleste av oss
har ein gravplass vi kjenner som vår. No heiter kyrkjegarden offisielt
gravplass, men i dette innlegget nyttar vi den velkjende nemninga.
Kyrkjegarden er å sjå på som ein
offentleg park med stor grad av
privat stell og utforming. Ulikt
store deler av det offentlege rom
elles, er ro og fred det vi forventar
på kyrkjegarden; litt ekstra ro til å
tenkja, til å minnast.
ein eller fleire avfallsstasjonar der
du finn ein open planteavfallsbinge
til alt det som kan rotna og verta
til jord og ein plastdunk for alt det
andre. Plastdunken med brunt
lok blir altså ikkje å sjå meir. Som
planteavfall reknar vi også alle slag
kransar. Planteavfallet blir handsama lokalt og skal ikkje medføre
særleg mykje transport. Sidan
planteavfallsbingen er open vil luft
og lys gjera at avfallet kverv betre
saman, og den treng ikkje tømast
så ofte. Plastdunken blir sett fram
for tøming etter vanleg system.
Kyrkjekontoret brukar særleg i
sommarhalvåret store ressursar på
vedlikehald av kyrkjegardane, med
plenklypping og anna arbeid. Saman med privat planting og stell
kring gravminna blir dette ein stad
mange gjerne går for ei fin oppleving.
Alt arbeid på kyrkjegarden produserer avfall, og vi ser at mengda
avfall har auka monaleg siste åra.
Avfallet kan enkelt delast i to grupper: Planteavfall som kan rotna og
verta til jord.
Restavfall som plast mm som skal
leverast til SIMAS på Kaupanger.
På alle kyrkjegardane blir det no
Dette systemet har vi brukt i Arnafjord i mange år med godt resultat,
og på den nye kyrkjegarden i Feios
sidan i haust, også med godt resultat. Meininga er å få ei betre sortering av avfallet, og med det mindre
transport. Dette vil frigjere ressursar som kan brukast til andre
naudsynte oppgåver på kyrkjegardane.
Vi plasserer avfallsstasjonane ut
frå tidlegare erfaringar om kvar
det vert lagt mest avfall, og ut
frå ei heilskapsvurdering på kvar
kyrkjegard.
NK
15
Meldingar:
BLADPENGAR «HELSING FRÅ
KYRKJA»
I dette bladet finn du ein giro-blankett til innbetaling av bladpengar
for «Helsing frå kyrkja».
Kr. 150.- for innanbygds og kr.
200.- for utanbygds abonnentar.
Vi takkar for at de støttar bladet!
Vi gjer merksam på at Kyrkja i Vik
har si eiga heimeside; www.vik.
kyrkja.no. Der vil du også finne
kyrkjebladet. Vi byrja legge det på
nettsida i 2012.
Det mobile bedriftsnettet erstattar fasttelefonien på kommunehuset, og då vil vi ikkje lenger vere
tilgjengeleg på dei «gamle» fasttelefonnummera (f.eks. 57 69 82 XX).
Kyrkjekontoret får eit nytt direktenummer 41 59 19 13, og elles vil
tilsette vere å treffe på eksisterande
mobilnummer som står på heimesida til kyrkja www.vik.kyrkja.no og i
«Helsing frå kyrkja».
I følgje Geir Svendsen, leiar av IKT,
vil innføring av det mobile bedriftsnettet truleg skje i løpet av mai.
Dette blir annonsert på heimesida
til Vik kommune www.vik.kommune.no
INNFØRING AV MOBILT
BEDRIFTSNETT FOR
KYRKJEKONTORET
Vik kommune skal innføre mobilt
bedriftsnett, og det vil også gjelde
for kyrkjekontoret.
Kyrkjeverja i Vik
HELSING FRÅ KYRKJA - REKNESKAPSOVERSIKT 2013
RESULTAT
UTGIFTER
INNTEKTER
Trykking79.242,75Bladpengar96.950,00
Porto15.000,00Renteinnt.2.510,72
KPK abb. 2014
1.040,00
Betalingsgebyr
12,00
Heimeside3.981,00
Sum utgifter
99.462,75
Sum inntekter
99.460,72
Overskot 184,79
Sum99.460,72Sum99.460,72
16
BALANSE
AKTIVAPASSIVA
Bankkonto, brukskonto 53.959,11
Skuldig porto/trykk 2013 28.588,00
Bankkonto, topprente 105.793,44
Eigenkapital
Sum bankinnskot 159.752,55
01.01.2013 130.979,58
Overskot +
184,97
Eigenkapital 31.12.2013: 131.164,55
Sum 159,752,55 Sum
159.752,55
Vik i Sogn, 31122013/21022014
Sylvi Nummedal
- kasserar -
Olav Håkon Refsdal
- revisor -
Gåver:
NY SALMEBOK VIK KYRKJE
Hjarteleg takk for gåva, kr.30.000.til ny salmebok Vik kyrkje!
Årsmøtet 23.mars bestemte og
innføre den nye salmeboka, og med
denne gåva kan vi kjøpe inn 100
bøker. Vik sokneråd
VIK SOKNERÅD 2013
I tillegg til dei ovannemnde gåvene
har Vik sokneråd til saman motteke
kr.2700.- i gåver.
Takk til gjevarane!.
Vik sokneråd
Minnegåver:
BORGHILD HALRYNJO
Hjarteleg takk for minnegåvene
kr.20.000 til utbetring av
høyreanlegget i Vik kyrkje!
Vik sokneråd
OLA J. MIDLANG
Hjarteleg takk for minnegåvene
kr. 1790.- til Vik kyrkje!
Vik sokneråd
Døypte:
Feios:
12.01.14. Anna Lunde Jordalen, bustad: Vossestrand
16.03.14. Helga Hovland, bustad: Vik.
Vik:
25.12.13. Johanne Aafedt Tistel, bustad: Sandnes
26.01.14. Sigurd Tistel
Mari Tistel
09.03.14. Arielle Tenold-Refsdal
Vangsnes:
24.11.13. Mathias Fosse Skagen
Døde:
Arnafjord:
01.12.13.
Magnar Hauglum
04.01.14.
Agnes Engum
31.01.14.
Olav Valsvik
f. 1939
f. 1915
f. 1927
Feios:
22.01.14.
Marie Johanne Teigen Rinde f. 1935
Vik:
11.12.13.
Synniva Steinheim
30.12.13.
Olav Eldegard
11.02.14.
Kjell Voll
15.02.14.
Nils Arild Fedje
25.02.14.
Gudmund Arnfinn Linde
26.02.14.
Ingebjørg Nese Røyrvik
06.03.14.
Ole Morten Christensen
f. 1928
f. 1944
f. 1946
f. 1960
f. 1928
f. 1932
f. 1976
17
NAMN OG NUMMER
KYRKJELEG TILSETTE:TELEFONARKONTORTID
Kyrkjeverje
Ingvar Vangsnes
kontor 57 69 82 94
tysdag - fredag
epost: [email protected]
bustad 57 69 75 36
kl. 10.00 – 15.00 mobil 901 11 530
Sokneprest i Vik, Arnafjord og Vangsnes
Jostein Skutlaberg
kontor 57 69 82 79
epost: [email protected]
mobil 404 66 937
Sokneprest i Feios og Fresvik
Audun Systad
kontor 57 69 16 80
Balestrand på tysdag
epost: [email protected]
bustad 57 69 11 55
kl. 10.00 – 14.00
mobil 971 55 237
Diakon
Kjersti Brudvik
kontor 57 69 82 93
tysdag
epost: [email protected]
mobil 402 47 691
kl. 09.00 – 11.00
ellers etter avtale
torsdag i Balestrand
Kyrkjelydspedagog
Rut Solveig Netland
epost: [email protected]
kontor 57 69 82 91
mobil 906 32 698
Kirsti Jelle Hopperstad
kontor 57 69 82 90
epost: [email protected] 911 01 653
Hovudkyrkjetenar i alle kyrkjene
Nils Kvamme
mobil 957 30 615
Kyrkjetenar i Vik og Vangsnes
Jonathan Nahayo
Ragnar Hove
mobil 941 71 504
mobil 404 17 088
onsdag og torsdag
kl. 10.00 – 15.00
Kyrkjetenar i Arnafjord
Kyrkjetenar i Feios
Britt Inger Rinde Eikeland
mobil 908 39 156
Kyrkjetenar i Fresvik
Henk van Nierop
mobil 918 70 581
Organistar
Lars Einar Bakketeig
epost: [email protected]
Inger Marit Hove
epost: [email protected]
mobil 995 34 138
bustad 57 67 83 34
mobil 915 27 569
bustad 57 69 59 59
Stabsmøte kvar onsdag kl. 09.15 – 11.00. Kyrkjekontoret er då stengt.
Når alle er ute i oppdrag, kan resepsjonen på Kommunehuset formidla kontakt
18
ANDRE TELEFONAR
Vik: Reidunn Bolstad
Arnafjord:
Camilla Zweidorff Hove
Vangsnes:
Oddveig Fimreite
Feios:
Gyda Tveit Lunde
Fresvik:
Aud Hønsi
tlf.
tlf.
tlf.
tlf.
tlf.
VIK KYRKJELEGE FELLESRÅD:
Leiar: Ola Engum
tlf. 957 34 827
Vik kyrkje
tlf. 57 69 56 20
905
957
971
478
482
33
39
98
29
50
581
867
740
198
638
Nummedal Gravferdsbyrå v/Arnfinn Nummedal tlf. 918 85 770
Prestane sin beredskapstelefon 954 83 374 (utanom kvardagar kl.08-17)
VELKOMEN TIL KYRKJE
13.april, Palmesøndag
kl.11.00
Joh 12,12-24
Vik kyrkje
Familiegudsteneste v/ O.M. Hove
Song av Vik Barnekor. Offer.
17.april, Skjærtorsdag
kl.19.00
Matt 26,17-30
Vangsnes kyrkje
Nattverdsgudst. v/ J. Skutlaberg
18.april, Langfredag
kl.11.00
Feios kyrkje
Joh 18,1-19,42
Gudsteneste v/ A.Systad
Offer: Kyrkjelydsarbeidet
kl.11.00
Vik kyrkje
Gudsteneste v/ J. Skutlaberg
Nattverd.
20.april, 1.påskedag
kl.11.00
Vik kyrkje
Luk 24,1-9
Høgtidsgudst. v/ J. Skutlaberg
Offer.
kl.16.00
Fresvik kyrkje
Songgudsteneste v/ A. Systad
Offer: Sogn Indremisjon. Nattverd.
21.april, 2.påskedag
kl.11.00
Luk 24,13-35
Arnafjord kyrkje
Høgtidsgudst. v/ J.Skutlaberg
Offer: Det Norske Bibelselskap
25.april, Fredag
kl.19.30
Vik kyrkje
Samtalegudst. v/J. Skutlaberg
Konfirmantane tek del.
4.mai, 3.s. i påsketida
kl.11.00
Vangsnes kyrkje
Joh 10,11-18
Konfirmasjon v/ J. Skutlaberg
Offer: Kyrkjelydsarbeidet
kl.13.00
Fresvik kyrkje
Konfirmasjon v/ J. Skutlaberg
Offer.
11.mai, 4.s. i påsketida
kl.11.00
Joh 16,16-22
kl.11.00
Arnafjord kyrkje
Konfirmasjon v/ J. Skutlaberg.
Offer: KFUK/KFUM
Feios kyrkje
Konfirmasjon v/ A. Systad
Offer: Kyrkjelydsarbeidet
17.mai, Grunnlovsdag
kl.13.00
Ute i hagen
v/ Vik bygde –og sjukeheim
Festgudsteneste v/ J. Skutlaberg
25.mai, 6.s.i.påsketida
kl.11.00
Luk 18,1-8
Vik kyrkje
Konfirmasjon v/ J. Skutlaberg.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
19
INFORMASJON
UTGJEVAR :
TRYKK :
BLADSTYRER :
KASSERAR :
BLADPENGAR :
BANKGIRONR :
Sokneråda i Arnafjord, Feios, Fresvik, Vangsnes og Vik
Ingvald Husabø Prenteverk a.s, 6863 Leikanger
Kirsti Jelle Hopperstad
Sylvi Nummedal
Kr. 150,– pr. år. Utanbygds kr. 200.38003011558
VELKOMEN TIL KYRKJE
29.mai, Krst. Himmelfarts.kl. 11.00
Hopperstad stavkyrkje
Mark 16,19-20
Familiegudst. v/ J. Skutlaberg
og R.S. Netland
Utdeling av diplomar
minikonfirmantar.
1.juni, Søndag før pinse
kl.16.00
Fresvik kyrkje
Joh 15,26-27
Blomstergudsteneste v/ A.Systad
Offer.
kl.12.00
Vangsnes kyrkje
Utegudsteneste v/ J. Skutlaberg
Nattverd. Offer.
20
8.juni, 1.pinsedag
kl.11.00
Joh 20,19-23
Vik kyrkje
Høgtidsgudst. v/ J. Skutlaberg
Jubileum 50 –års konfirmantar
Nattverd. Offer.
15.juni, Treeiiningssøndag kl.11.00
Matt 28,16-20
Feios kyrkje
Blomstergudst. v/ J. Skutlaberg
Offer: Søndagsskulane
i Sogn og Fjordane.
22.juni, 2.s.i treeining
kl.11.00
Matt 3,11-12
Arnafjord kyrkje
Friluftsgudst. v/ J. Skutlaberg
23.juni, Jonsokaftan
kl.17.00
Hopperstad stavkyrkje
Jonsokmesse v/ J. Skutlaberg
29.juni, 3.s.i treeining
kl.11.00
Jes 25,6-9
Fresvik kyrkje
Gudsteneste
Heimesida: www.vik.kyrkja.no
KYRKJESKYSS:
VIK: Ring 482 27 500 seinast ein time før gudstenesta
eller Vik kyrkjekontor 57 69 82 90 (innan fredag)
VANGSNES: Ring 917 13 596, Leif Audun Sætre - dagen før gudstenesta.
FEIOS: Ring 402 90 941, Linda Nedberge Sagerøy - dagen før gudstenesta.
ARNAFJORD: Ring 975 34 827, Ola Engum - dagen før gudstenesta.
FRESVIK: Ring 997 59 706, Jardar Bøtun - dagen før gudstenesta.