Masfjordingen Masfjordingen - Masfjorden kyrkjelege fellesråd

Masfjordingen
Nr.2 - 2015
Påskenummer
Meldingsblad for Masfjorden kommune og Frøyset, Sandnes og Solheim sokn
Det er ingen tvil lenger :
Våren er komen, og snart er det påske.
Velkomen til påskekonsert...
... i Sandnes kyrkje søndag 29.mars kl. 19.00 med
Marina Kan Selvik, piano
Marina bur i Brekke og har etablert ein spanande
karriere som profesjonell pianist.
Ho vert sett på som ein av dei mest lovande unge
pianistane i Skandinavia og har vunne ei rekkje store
prisar for sitt eminente pianospel.
Velkommen til ei stor musikkoppleving!
Entre 150. Born i grunnskulealder gratis
Side 1
Gudstenester
Sjå også www.masfjorden.kyrkja.no
26.april 4.søndag i påsketida.
Jes 43,16-21
Frøyset kyrkje 11.00:
Konfirmasjonsgudsteneste v/
Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til
kyrkjelydsarbeidet. (Kyrkjeskyss.)
25.mai 2.pinsedag.
Joh 7,37-39
Stølsmesse 12.00 ved Knut Fr.
Sørheim.
9.mars Palmesøndag. Matt 26,6-13
31.mai Treeiningssøndagen.
Granneheimen 11.00: Gudsteneste v/
Luk 10,21-24
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer 3.mai 5.søndag i påsketida.
Fjon Fjellkyrkje 11.00: Gudsteneste
til Den norske Israelsmisjon.
Luk 13,18–21
v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer
Sandnes kyrkje 11.00:
til Nordhordland Indremisjon. I
2.april Skjærtorsdag. Luk 22,14-23
Konfirmasjonsgudsteneste v/ Knut
samband med helgeleir for Haugsvær
Fjon Fjellkyrkje 16.30: Gudsteneste v/
Fr. Sørheim. Takkoffer til Fjon
Yngres.
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer
Fjellkyrkje. (Kyrkjeskyss.)
Granneheimen 17.00: Gudsteneste
til Fjon Fjellkyrkje
v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til
10.mai 6.søndag i påsketida.
Kirkens Bymisjon.
3.april Langfredag.
Matt 7,7–12
Matt 26,30-27,50
Solheim kyrkje 11.00:
7.juni 2.søndag i treeiningstida.
Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste v/
Konfirmasjonsgudsteneste v/
Salme 67,2-6
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer
Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til
Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste v/
til Den norske Israelsmisjon.
kyrkjelydsarbeidet. (Kyrkjeskyss.)
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer
(Kyrkjeskyss.)
til Kristen Idrettskontakt (KRIK).
14.mai Kristi himmelfartsdag.
(Kyrkjeskyss.)
5.april Påskedag Matt 28,1-10
Luk 24,46-53
Sandnes kyrkje 11.00: Gudsteneste v/
Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste v/
21.juni 4.søndag i treeiningstida.
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer
Matt 16,24-27
til Nordhordland Indremisjon.
til Fjon Fjellkyrkje. (Kyrkjeskyss.)
Solheim kyrkje 11.00: Gudsteneste v/
(Kyrkjeskyss.)
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer
17.mai Grunnlovsdag. Matt 22,17-22
til Fjon Fjellkyrkje. (Kyrkjeskyss.)
6.april 2.påskedag Joh 20,11-18
Masfjorden sjukeheim 10.30:
Solheim kyrkje 11.00: Gudsteneste v/
Festsamling. Takkoffer til
Kyrkjeskyss
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer
Frelsesarméen
til Kristen Idrettskontakt (KRIK).
Solheim kyrkje 10.00: Festgudsteneste
Når ei gudsteneste i lista er merka
(Kyrkjeskyss.)
v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til
med ’(Kyrkjeskyss)’, er det mogeleg å
Redd Barna.
tinga skyss. For å tinga skyss, må ein
19.april 3.søndag i påsketida.
Sandnes kyrkje 11.45: Festgudsteneste seinast (laur)dagen før ringa tlf som er
Mark 6,30-44
v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Det oppgjeven for kvart sokn. Prisen er kr
Solheim kyrkje 11.00: Gudsteneste v/
Norske Bibelselskap – Bibelmisjon
50,- tur/retur.
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer
Sandnes sokn: Ring Harald
til Children at Risk Foundation.
24.mai Pinsedag
Mjanger Tlf 56 36 55 49 / 478 88 857
(Kyrkjeskyss.)
Joh 14,15-21
eller Magne Andvik Tlf 56 36 51 13 /
Sandnes kyrkje 17.30: Gudsteneste v/
Sandnes kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ 908 97 721
Knut Fr. Sørheim. Temagudsteneste
Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer
Solheim sokn: Ring Lise
ved konfirmantane. Takkoffer til
til kyrkjelydsarbeidet. (Kyrkjeskyss.)
Dyrhovden Tlf 56 36 72 57
fasteinnsamlinga/Kirkens nødhjelp.
Frøyset kyrkje: Ring Harald / Olga
Birkeland Tlf 56 36 71 10.
Døypte :
11.01 Ivar Elias Kvingedal
Gry Helen Hope Kvingedal og Roald Kvingedal
Fadrar: Eli Marie Kjelstad, Kjerst Andvik, Merethe
Engelsen, Morten Higdem
18.01 Marita Birkeland Smelvær
Heidi Jorunn Birkeland og Øyvind Smelvær
Fadrar: Terje Birkeland, Lillian Smelvær Olstad
15.03 Ingeborg Sleire
Tine Solberg Kristiansen og Morten Sleire
Side 2
Fadrar: Mary Anne Solberg, Sander Sleire Daae, Aina
Sleire, Robert Kristiansen.
15.03 Bertin Rye Borge
Ingelin Charlotte Rye Borge og Thomas Borge
Fadrar: Inge Borge, Robert Borge, Daniel Borge, Vivian
Våge, Odd Rune Våge.
Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja har de fått del
i eit heilagt ansvar: Å visa omsorg for borna, be for dei, læra dei
sjølve å be og hjelpa dei å bruka Guds ord og delta i den heilage
nattverden, så dei kan leva og veksa i den kristne trua.
Påske
Påskepynt, påskegodt, påskeegg,
påskeferie, – kanskje sol og snø? Dette
kosar vi oss med i påska. Men påske er
meir. Jesus er hovudpersonen. Vi feirar
påske for å minnast det Jesus gjorde for
å frelsa oss menneske. Minnast hans
lidelse, død og oppstode.
Julenatta fekk gjetarane på
Betlehemsmarka englebesøk som
fortalde gledesbodet om Frelsaren som
var fødd. Jesus, Frelsaren, som Gud
hadde lova å senda. No var han komen.
Jesus visste at hans viktigaste
oppgåve her på jorda var å frelsa oss
menneske frå syndene våre. Han visste
tidspunktet og måten det skulle skje på,
han visste at han måtte dø på korset.
Han var villig å gjera dette for oss.
Den påskehelga som då nærma seg,
sa Jesus til læresveinane sine: ”Sjå vi går
opp til Jerusalem og alt som profetane
har skrive om menneskesonen skal verta
oppfylt.”
sin.
Gud hadde fortalt om frelsesplanen
Langfredag døde Jesus på korset
på Golgata. Han blei lagt i ei grav. Men
det skjedde meir. Påskemorgon stod
han opp igjen. ”korset er tomt, grava er
tom. Jesus stod opp og han lever.”
Gud er glad i alle menneske. Det
viste han ved å senda Jesus til oss. ”I
dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska
Gud, men at han har elska oss og sendt
sonen sin til soning for syndene våre.”
Det er eit songvers, faktisk eit
julevers, som eg er ekstra glad i. Eg les
det for meg sjølv og andre heile året:
”Fra krybben til korset gikk veien
for deg, slik åpnet du porten til himlen
for meg.
Velsign oss, vær med oss, gi lys på
vår vei, så alle kan samles i himlen hos
deg.”
Eg ynskjer alle ei velsigna
påskehelg.
Reidun Skurtveit
Påskesalmen:
Guds kyrkje, syng kring vide jord
Påskesalmen vi har valgt, er skriven
av ein av dei store salmediktarane på
reformasjonstida, Michael Weisse (14881534). I 1531 gav Weisse ut den første
tyskspråklege salmeboka, der han sjølv
hadde skrive eller omarbeidd 137 av dei
157 salmane.
Berre ein har nådd heilt fram til vår
nyaste salmebok, og står på nr 169 – ein
majestetisk salme med oppmoding om å
syngje ut den veldige bodskapen om Jesu
Avlidne
13.12
31.12
18.01
30.01
Einå Helmut Lahti
Hans Henrik Daae
Norlaug Trodal
Liv Alvhilda Kvinge
Reidun Skurtveit, som har skrive
påskeandakten, er tilsett i Nordhordland
Indremisjon. Me takkar Reidun for
påskeandakten til oss i Masfjordingen.
f.1918
f.1942
f.1938
f.1931
Eg er oppstoda og livet, seier Herren.
Den som trur på meg, skal leva om han så
døyr. Og kvar den som trur på meg, skal i
all æva ikkje døy.
siger og oppstode. Salmen er omsett
til nynorsk av Alfred Hauge etter først
å ha blitt bearbeida av den engelske
salmediktaren, forfattar og prest, Cyril
A. Alington (1872-1955).
Melodien er skriven av ein av dei
store musikarar som levde rundt hundre
år seinare enn Weisse, Melchior Vulpius
(ca 1560-1615), den same som også har
skrive melodien vi nyttar til ‘Fagert er
landet’
Guds kyrkje, syng kring vide jord:
Sjå, siger vann vår konge stor.
Gled dykk ved dette signa ord!
Halleluja, halleluja, halleluja!
Mot livsens helt, som ris or grav,
vår lovsong stig som brus av hav:
Pris han som evig fridom gav!
Halleluja, halleluja, halleluja!
I jubel hjarto takkar han
som sleit med velde Satans band
og vart oss liv i dødens land:
Halleluja, halleluja, halleluja!
Til samstemt kvad vi strengen slår:
Deg vere ære, Frelsar vår!
Mot paradis di heimferd går.
Halleluja, halleluja, halleluja!
Vårfest på Fjon fjellkyrkje
I mange år har Indremisjonen i
Masfjorden arrangert vårfest første
søndag etter påske. I år vert vårfesta
søndag 12.april kl. 17.00.
Lars Arne Markus som i mange
år var lærar på folkehøgskulen på
Frekhaug, vert med som talar og eit kor
frå Meland vert med og syng.
Det vert servert ettermiddagskaffi
og kaker.
Alle er sjølvsagt velkomne til å vera
med på vårfesta 12.april.
Side 3
Måtte Jesus døy?
Om det verkeleg er slik som vi
trur – at Jesus var Guds Son, komen frå
Gud – slik vi jo faktisk trur – så var det
ikkje slik at Jesus måtte døy. Som Guds
Son og menneske utan synd, kunne han
venda attende til himmelen utan å døy.
Men Jesus hadde fått eit oppdrag – å fri
oss menneske frå døden si makt. Difor
måtte han døy. Hans oppdrag var å gå
inn under vår død, og døy vår død.
Om vi tek Jesu ord på alvor, ser vi
dette fleire gonger, og nemner to. Då
Jesus ba i Getsemanehagen natta før han
vart arrestert, ba han i angst om å sleppe
det som venta han – om det var mogeleg
– men – likevel ikkje som han ville, men
som Gud ville. Med andre ord: Når han
ikkje kunne sleppe, var det fordi Gud
ville det akkurat slik: Han måtte bere
døden. Og berre nokre dagar før dette,
sto Jesus saman med mange menneske
på tempelplassen i Jerusalem då han sa
desse orda: Sanneleg, sanneleg, eg seier
dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og
døyr, blir det verande berre eitt korn.
Men døyr det, gjev det stor grøde …
No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg
så seia: Far, frels meg frå denne timen?
Nei, til denne timen skulle eg koma. Joh
12,24 og 27
Kvifor måtte Jesus døy? Korleis
kan hans død vere til berging for oss
menneske? Eg vil prøve å nytte eit
enkelt bilde.
Vi har – som mange andre – flytta
frå bustad til bustad ein rekke gonger.
Kvar gong har det vore slik at det siste vi
måtte gjere før vi forlet bustaden der vi
hadde budd, var å gjere skikkeleg reint,
slik at det var klart for nye bebuarar.
Slik er det på eit vis med oss, med
livet og med himmelen også. Dersom
vi skal leve eit liv nær Gud, no og ein
gong i hans fullkomne himmel, må våre
liv gjerast reine, slik at Gud kan bu i
oss. Utan at vi er gjort reine, er våre liv
fylte av vår eiga synd. Framtida for all
synd, er døden. Då Jesus døydde bar
han, den syndfrie, - han som har gjeve
oss alle liv, all vår synd i døden for oss.
Slik har han gjort det mogeleg for oss å
få våre liv reinsa ved hans tilgjeving, slik
at Gud ved Den Heilage Ande kan bu i
våre liv. No og for evig. Denne reinsinga,
tilgjevinga, gjev han til kva den som trur
dette, og kjem med sitt eige liv og alle
nederlag og bed om hans reinsing. Det
er påske.
Bibel- og feriedagar
Mange spør korleis det vert med «Bibel og feriedagar» til hausten. Dei som
har vore med på desse samlingane, gjev uttrykk for at det har vore kjekt og ynskjer
at det må verta «Bibel- og feriedagar» også denne hausten, sjølv om staben på
kyrkjekontoret skiftar.
Me vil invitera til samling på Fjellkyrkja 1. – 4. september.
Det er viktig å koma saman med andre og ha god tid til prat samstundes som
me får dela tankar frå Bibel og kristenliv.
Du vert altså med dette invitert til å vera med på Ferie- og Bibeldagar på Fjon
Fjellkyrkje tysdag 1.sept. – fredag 4.sept.
Knut Sørheim har lova å vera med, no som pensjonist, men framleis leiar.Me får
med ein talar frå Nordhordland Indremisjon og Gunvor Fyllingsnes vert med.
Heile opphaldet med hus og mat kostar 1000 kr. Det går sjølvsagt an å berre
eta dei måltida du ynskjer på Fjon.
Det er lurt å sikra seg plass tidleg dersom du har tankar om å vera med.
Bibel- og feriedagane kjem til å verta kunngjort vidare i år enn berre
Masfjorden. Det gjer at det kan verta fortare fullt.
Vi ynskjer vel møtt til fine dagar i eit tidleg haustfjell i eit kristent fellesskap.
Har du spørsmål eller ynskjer å melda deg på, ring til: Gunvor Fyllingsnes tlf.
950 41037.
Side 4
Frivilligsentralen i Masfjorden
når du på tlf. 56 16 62 62 / 950 41037.
Dagleg leiar: Gunvor Fyllingsnes
Adressa er:
Frivilligsentralen i Masfjorden,
5981 Masfjordnes
eller e-post:
[email protected]
Korleis har du det…
EIGENTLEG?
Krisetelefon 815 33 300
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
«Dei tre bukkane Bruse» på bytur
-Kjekkaste skuledagen me har
hatt, er omkvedet etter at småskulen
på Sandnes hadde via ein heil
skuledag til animasjonsfilm.
«Kva skjedde så? » er
arbeidstittelen på kursdagen som
Ingvill Kvinge og Svanhild Utne
frå Livlaga animasjon har for dei
ivrige småskuleelevane. Gjennom
ein heil skuledag skal elevane
laga animasjonsfilm av kva dei Tre
bukkane Bruse gjorde etter at trollet
var stanga i elva og dei var komne til
seters.
-Bukkane vart skremde av eit
tohoda troll då dei kom til seters, så
dei la på sprang til Bergen by, fortel
ivrige elevar.- Og veit du ka? Trollet
følgde etter, men så bæsja den
største bukken, trollet sklei i bæsjen
og landa rett i hamnebassenget. Og
snipp, snapp snute… Elevane ler, vel
nøgde med historia si.
Den andre gruppa lagar
regnbogebru som bukkane sprett
over, og i staden for grønt gras et
bukkane like godt opp skyene. Ei
solskinshistorie, med andre ord.
No skal historia bli film. Det vert
laga fargerike figurar og bakgrunnar
fortløpande. Bukkar, troll, bru, skyer,
Fisketorg og mykje meir. Teikning,
klipping og fargelegging. Figurane
får ei fleksibel utforming, dvs at
armar, bein og hovud kan flyttast
på.
– Me set figurane saman med
«lærartyggis», smart, sant?
Etter kvart er det klart for sjølve
animeringa. Animering tyder å
gje liv, og det er det papirfigurane
no skal få- liv. For å få det til må
det takast mengder av bilete der
posisjonar på figurane vert justert
litt frå bilete til bilete i tråd med
handlinga.
-Jammen er det mange bilete
som skal til berre for å få nokre
sekund med film!
Men elevane er uthaldande
og tålmodige, og blir oppglødde
etter kvart som instruktørane
viser resultatet på skjermen. Det
er ikkje plass til så mange elevar
rundt kvar animeringsstasjon,
så dei andre nyttar tida til andre
animeringsaktivitetar som flipbøker
og «snurreteikningar», teknikkar som
gir illusjon av rørsle.
Heilt på slutten av dagen viser ein
dei to versjonane som har blitt laga i
løpet av seks hektiske timar. Elevar og
lærarar er nøgde. Dei ler når dei ser
filmane. Elevane er krye. Veldig krye.
-De har vore kjempeflinke, seier
Ingvill. No tek me filmane med oss
, og så legg me på litt musikk og
lydeffektar. Og om nokre dagar
sender me filmane tilbake til dykk,
fiks ferdige!
Tekst og foto: Frank Kvinge
Elevane går til oppgåva med
liv og lyst, og det manglar verken
på kreativitet, samarbeid eller gode
opplevingar av meistring undervegs.
Dagen startar med
inspirasjonsøkt. Elevane får sjå nokre
små animasjonsfilmar. Deretter får
dei både i teori og praksis læra om
teknikkane dei skal nytta; cut-out,
stop-motion og pixelasjon.
Svanhild og Ingvill er rolege, og
flinke til å forklara.
Resten av dagen jobbar elevane
i to grupper med å laga framhald av
eventyret. Først må dei bli samde om
innhaldet.
Side 5
Markering av barnehagedagen i Sandnes barnehage
10. mars vart Barnehagedagen
markert i barnehagar over heile
landet, denne gongen i natur- og
friluftslivet sitt teikn. Med nøkkelorda
«Vi vil ut!» og «tøffe turtips» frå
barna seier me eit tydeleg «ja» til
natur og friluftsliv. Bakteppet for
temaet er Friluftslivets år.
Synleggjere barnehagen sitt arbeid
Formålet med Barnehagedagen
er å synleggjera det barna
opplever, erfarer og lærer i
barnehagen. Det første frivillige
steget i barna si utdanning skjer i
barnehagen, og det er her barna
får opplevingar og erfaringar frå
tidleg alder som er viktig for dei
no og i den vidare utdanninga
deira. Som initiativtakarar står
Utdanningsforbundet, Fagforbundet
og Foreldreutvalet for barnehagar
(FUB), som alle representerer viktige
aktørar i barnehagekvardagen.
Friluftsliv sentralt i barnehagen sitt
arbeid
Å vere ute er ein del av
barnehagen si pedagogiske
verksemd. Kunnskap om barn og
om kor viktig natur og friluftsliv er
for utviklinga og trivselen deira er
grunnleggjande.
Barnehagen sin formålsparagraf
slår fast at respekt for naturen er ein
av fleire grunnleggjande verdiar som
barnehagen skal bygge på. Barna
skal lære å ta vare på seg sjølve,
kvarandre og naturen.
Dette arbeidet er knytt til to
ulike fagområde i Rammeplan for
barnehagen: Kropp, rørsle og helse
og natur, miljø og teknikk. Her er
det mål om kva barna skal oppleve,
erfare og lære gjennom arbeidet
med desse fagområda, og korleis
personalet skal arbeide for å nå
måla. Men kjernen, og kanskje det
viktigaste, er at barna lærer å like
naturen og å ferdast der.
Ei kjekk markering i barnehagen
vår
Alle avdelingane har fast
turdag ein dag i veka der me
opplever naturen saman gjennom
observasjon, undring og forsking.
Som ein del av førebuinga til
Barnehagedagen har me i Sandnes
barnehage hatt fleire aktivitetar og
opplevingar ute i det fri. Det har
mellom anna resultert i plakatar
med kreative turtips frå barna som
heng synleg i barnehagen og som
me ofte minna kvarandre på. To
av dei viktigaste turtipsa frå barna
i Sandnes barnehage er å hugsa
refleksvest og å gå på den kvite
stripa langs vegen 
Sjølve dagen markerte me
saman alle 3 avdelingane, fokuset
var felles opplevingar med leik
og aktivitetar på barnehagen sitt
uteområdet. Med regn og sterk
vind var ikkje veret på vår side om
føremiddagen. Planen om å lage
lapskaus på bål måtte endrast og
komfyren vart teke i bruk. Men
ettermiddagen gav nye moglegheiter
og me hadde fleire gode timar
med feiring av Barnehagedagen.
Sidan satsingsområdet i år er
drama valde me å opna markeringa
med ei dramatisering av det
kjente eventyret «dei 3 bukkane
Bruse». I hovudrollane starta dei 3
pedagogiske leiarane som bukkar,
ekstra moro var det med trollet
Jenny. Det gjekk ikkje lang tid før
borna ville ta over scena, dei fekk
låne kostymer og tok rolla si svært
seriøst. Her deltok skodespelarar
i alderen 1 ½ til 5 år. Amfiet kom
verkeleg til sin rett!
Me haldt fram markeringa med
aktivitetar for både store og små, t.d
eggeløp, kimsleik og mini-røris var
populære aktivitetar. Sistnemnte er
eit gym-program for barnehagebarn
med musikk og bevegelsar saman i
gruppe. Kjempemoro når dei yngste
barna tok etter dei eldste og eit godt
fellesskap vart etablert. Markeringa
av Barnehagedagen vart avslutta
med eit ekte festmåltid rundt bålet.
Med banan varma i folie og nydelege
skogsbær rett frå gryta, hadde me ei
fin avslutning på ein viktig dag!
For aller viktigast er
Barnehagedagen barnas dag!
Gratulerer med Barnehagedagen!
Tekst: Åshild Skuggedal
Foto: Lene Kvinge Hjelmtveit
Side 6
”Vi vil ut” også i Nordbygda barnehage
Barnehagane i Masfjorden har
alle uteliv som eit av satsingsområda
sine, og vi lever eit rikt uteliv i alle 3
barnehagane.
I vinter har foreldra i Nordbygda
barnehage bygd ny grillhytte på
uteplassen. Denne hytta gjer at vi no
får tak over hovudet når vi er ute ,
og vi kan være meir ute uavhengig
av været. Den er allereie teken i
bruk, men på Barnehagedagen 2015
tysdag 10. mars, hadde vi offisiell
opning med inviterte gjester, fanfare,
snorklipping og fiskeburgere på
menyen.
Arbeidsleiar for prosjektet har
vore Frode Molland, far til ein av
dei eldste gutane i barnehagen,
og sonen Iver fekk æra av å klippe
snora. Frode har hatt med seg
mange andre foreldre i barnehagen
på dugnad før hytta stod ferdig. Dei
har gjort ein kjempeinnsats !
No er den offisielt opna, og vi
har fått eit fantastisk hus, som gir
oss muligheten til å leve utelivet i
barnehagen på ein ny måte. Der
er plass til ca 20 barn og der vert
mange varme gode samlingar
framover.
Tusen takk til foreldra som har
stilt opp !
Foreldre, syskjen,
besteforeldre, ordførar og
leiar i Utdanningsforbundet
Masfjorden Ørjan Valestrand
deltok. Barnehagane i Masfjorden
fekk stormkjøkken i gåve frå
Utdanningsforbundet i anledning
Friluftslivets år og Barnehagedagen
2015.
Ørjan Valestrand - leiar i
Utdanningsforbundet Masfjorden
overrekte stormkjøkken i gåve.
Ordførar Karstein Totland til ventre
Hugs at søknadsfrist til
Kulturskulen for 2015/2016
er 7. april.
Søknadsskjema og informasjon om dei ulike kurstilboda finn ein
ved å gå inn på heimesida til kommunen på denne adressa : http://
www.masfjorden.kommune.no/masfjorden-kulturskule.294103.
nn.html
Her ligg det peikarar til ein informasjonsfaldar om Kulturskulen
sine kurstilbod, og til det elektroniske skjemaet som ein skal nytte
ved inn- og utmelding.
Side 7
Vi veit at...
Masfjorden kyrkjelyd
Kyrkje- og prestekontor i kommunehuset:................................................ 56 16 62 00
Direktenummer:
Kyrkjeverja:................................................................................................ 56 16 62 61
Diakoni- og undervisningsleiar:................................................................ 56 16 62 62
Sokneprest:................................................................................................ 56 16 62 63
Kyrkjegardsarbeidar:.................................................................................. 56 16 62 66
Bustadtelefon / mobiltelefon / e-post:
Sokneprest Knut Fr. Sørheim:.............................................. 56 35 60 29 / 996 42 575
E-post: [email protected]
Kyrkjeverje Svein Kvamsdal:...................................................................... 945 06 949
E-post: [email protected]
Organist Anne Merethe Reknes:............................................................... 474 13 141
E-post: [email protected]
Diakoni- og underv.leiar Gunvor Fyllingsnes:..................... 56 35 32 55 / 950 41 037
E-post: [email protected]
Kyrkjegardsarbeidar Kolbjørn Reknes:................................. 56 36 71 59 / 990 27 121
E-post: [email protected]
Kyrkjeleg fellesråd:
Fellesrådsleiar: Arne J. Riisnes.................................................................... 913 62 788
E-post: [email protected]
Sandnes sokn:
Soknerådsleiar: Ragnhild Skuggedal:................................... 56 36 50 56 / 906 13 181
Klokkar/kyrkjetenar Sandnes kyrkje , kontaktperson: Vebjørn Aasgard:.... 976 06 840
Klokkar/kyrkjetenar Granneheimen Eldbjørg Mjanger:...... 56 36 55 50 / 908 00 160
Solheim sokn:
Soknerådsleiar: Lise Dyrhovden:............................................................... 56 36 72 57
Klokkar: Mary Truwerk Kvamsdal............................................................. 414 86 090
Kyrkjetenar, kontaktperson: Marit Steinestø........................ 56 36 61 70 / 959 43 709
Frøyset sokn:
Soknerådsleiar: Terje Myrvang............................................. 56 36 71 26 / 934 52 085
Klokkar Lovise Matre:............................................................................... 915 29 766
Kyrkjetenar Kolbjørn Reknes:.............................................. 56 36 71 59 / 990 27 121
“Masfjordingen” er eit meldingsblad for Masfjorden kommune og Frøyset,
Sandnes og Solheim sokn. Bladet vert gjeve ut av sokna i samarbeid med
kommunen. Redaksjonsnemnd for bladet er Gunvor Fyllingsnes, Frode VeeHaugen og sokneprest Knut Fr. Sørheim. Formgjeving er ved Rune Garmann.
Adressa til bladet er
Masfjordingen,
Masfjorden kommune,
5981 Masfjordnes.
Bankgiro 3635.71.04216
Side 8
... mannskapet på kabelferja er
ein gjeng trivelege og serviceinnstilte
personar. Difor var det hyggeleg men inga overrasking - å sjå blomen
som er avbilda nedunder stå og
pryde bordet i salongen på ferja.
Den stod der som ein takk
frå tilsette i Firda billag og ei lita
anerkjenning av den flotte innsatsen
som vart gjort då E39 var stengt og
ferja over Fensfjorden ikkje akkurat
var i rute til eikvar tid.
Men kabelferja gjekk trufast i
skytteltrafikk, med eit belegg om
lag seks gongar større enn normalt.
Og folk vart hjulpne av blide folk i
styrehus og på dekk.
Så nyt blomen de som jobbar på
ferja - de er han vel fortent !