Masfjordingen 2015_Nr. 5 - Masfjorden kyrkjelege fellesråd

Masfjordingen
Nr.5 - 2015
September
Meldingsblad for Masfjorden kommune og Frøyset, Sandnes og Solheim sokn
Oversyn over aktivitetar for vaksne i Masfjorden kommune
Her skulle det vere noko for dei fleste. Det som allereie er tidfesta for denne hausten er:
Kva
Kvar
Når TidTilkipar
Korsong
Matre/Nordbygda skular
Tysdagar
18.30/18.00 Songkoret Spleis
Dansekveld
Gymsalen på Sandnes
Tysdagar 17.00-19.15
Fjon seniordans
Andakt og song
Sjukeheimen
Tysdagane i oddeltasveker 16.45 Kyrkja i Masfjorden
Bok og strikkekafe
Biblioteket på Hosteland
Tysdagar 22.09 20.10 17.11 01.12
17.00-1900
Bibiotekar og frivillige
Tirsdagstreff
Sleire grendahus/skulehuset 15.09, 29.09, 13.10, 27.10, 10.11, 24.11, 08.12
11.00-14.30
Frivillige og ?? helselag
Damesymjing
Symjebassenget på Matre
Onsdagar
20.00-21.30
Idrettslaget Bjørn Vest
Onsdagstur
Masfjorden
Onsdagar haust og vår 18.00
Norh.turlag og idrettslag
Zumba for damer
Symjebassenget på Matre
Enkelte onsdagar, kontakt Anny Bente 47758588
20.00-21.30
Helselaga i Indrefjorden
Framhald på siste side
Side 1
Gudstenester
4.okt. 19.søndag i treeingstida.
Joh 7,14-17
Sjå også www.masfjorden.kyrkja.no
Sandnes kyrkje 11.00: Gudsteneste
v/ Jens Linde. Nattverd. Takkoffer.
30.aug. Vingardssøndagen 1 Kor 3,4-11
Innsetjing av Jens Linde som ny
Sandnes kyrkje 11.00: Avskilsgudsteneste
prest i Masfjorden. (Kyrkjeskyss)
v/ Knut Fr. Sørheim. Nattverd.
Takkoffer til Kristen Idrettskontakt
11.okt. 20.søndag i treeingstida.
(KRIK). (Kyrkjeskyss.)
Mark 10,2-9
Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste
6.sept. 15.søndag i treeingstida.
v/ Magne Bjørndal. Nattverd.
Luk 10,38-42
Takkoffer. (Kyrkjeskyss)
Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste
v/ Magne Bjørndal.
18.okt. 21.søndag i treeingstida.
Konfirmantpresentasjon – utdeling
Luk 16,19-31
av Bibel til 5.klassingane. Takkoffer
Fjon fjellkyrkje 12.00: Gudsteneste
til kyrkjelydsarbeidet. (Kyrkjeskyss.)
v/ Jens Linde. Takkoffer til Fjon
Fjellkyrkje. Konfirmantleir.
13.sept. 16.søndag i treeingstida.
Matt 5,10-12
1.nov. Helgemessesøndag. Matt 5,13-16
Solheim kyrkje 11.00:
Sandnes kyrkje 17.00: Gudsteneste v/
Gudsteneste v/Vilhelm Overå.
Jens Linde. Takkoffer. (Kyrkjeskyss.)
Konfirmantpresentasjon – utdeling
av Bibel til 5.klassingane. Takkoffer
8.nov. 24.søndag i treeingstida.
til kyrkjelydsarbeidet. (Kyrkjeskyss.)
Kol 1, 24-29
Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste
20.sept. 17.søndag i treeingstida.
v/ Jens Linde. Nattverd.
Luk 7,11-17
Takkoffer. (Kyrkjeskyss.)
Sandnes kyrkje 11.00: Gudsteneste
22.nov. Kristi kongedag /
v/ Odd Sverre Hove.
Domssøndag. Matt 25,1-13
Konfirmantpresentasjon – utdeling
Solheim kyrkje 11.00: Gudsteneste
av Bibel til 5.klassingane. Takkoffer
v/ Geir Sørebø. Nattverd.
til kyrkjelydsarbeidet. (Kyrkjeskyss.)
Takkoffer. (Kyrkjeskyss.)
Døypte
29.nov. 1.søndag i adventstida.
Matt 21,10–17
Sandnes kyrkje 11.00: Gudsteneste
v/ Jens Linde. Nattverd.
Takkoffer. (Kyrkjeskyss.)
6.des. 2.søndag i adventstida.
Joh 16,21–24
Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste
v/ Jens Linde. Nattverd.
Takkoffer. (Kyrkjeskyss)
Kyrkjeskyss
Når ei gudsteneste i lista er
merka med ’(Kyrkjeskyss)’, er det
mogeleg å tinga skyss. For å tinga
skyss, må ein seinast (laur)dagen før
ringa tlf som er oppgjeven for kvart
sokn. Prisen er kr 50,- tur/retur.
Sandnes sokn: Ring Harald Mjanger Tlf
56 36 55 49 / 478 88 857 eller Magne
Andvik Tlf 56 36 51 13 / 908 97 721
Solheim sokn: Ring Lise
Dyrhovden Tlf 56 36 72 57
Frøyset kyrkje: Ring Harald / Olga
Birkeland Tlf 56 36 71 10.
Avlidne
21.06 Erik Furebotn
Laila Furebotn og Remi Kallekleiv
Fadrar: Britt Bjørkhaug, Arne Kallekleiv,
Mai Lill Kallekleiv Pedersen, Ole Kristian Reknes
12.06
Magne Trædalf.1925
26.06 Liv Jorun Nordland
f.1943
27.07
Anfinn Haugsdalf.1935
30.07
Ivar Ø. Ynnesdalf.1928
21.06 Stine-Emilie Høydal Duesund
Tone Høydal Duesund og Jostein Kvamme Duesund
Fadrar: Anders Duesund, Sandra Høydal,
Per Inge Kalstad, Svein Jarle Høydal Løseth
Eg er oppstoda og livet, seier Herren. Den som
trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar
den som trur på meg, skal i all æva ikkje døy.
02.08 Alfred Fanebust-Fjellby
Tina Korsøen Fjellby og Ricard Fanebust
Fadrar: Gro Anette Fanebust, Vilde Korsøen
Fjellby, Ester Korsøen, Claus Sellevoll
Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja har de fått del
i eit heilagt ansvar: Å visa omsorg for borna, be for dei, læra
dei sjølve å be og hjelpa dei å bruka Guds ord og delta i den
heilage nattverden, så dei kan leva og veksa i den kristne trua.
Korleis har du det…
EIGENTLEG?
Krisetelefon 815 33 300
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
Side 2
Tankar om tru og viten
Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen,
var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom.
«Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det
trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans
og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla,
og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var
stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med
dykk.» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå
her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida
mi. Og ver ikkje vantru, men truande!» «Min Herre og min
Gud!» sa Tomas. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg,
trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.» Joh.20.24 – 29
Å tru er å halde noko for sant, utan å kunne bevise det.
Å vite er å halde noko for sant, som kan bevisast.
Men om noko verkeleg er sant eller ikkje, er uavhengig
av kva vi måtte tru eller vite. Eg lurte på kva avstanden
mellom jorda og månen er, og leitte etter eit svar på internett.
Der fann eg ein artikkel, henta frå Store norske leksikon,
som ga meg svaret. Så no veit eg at gjennomsnittleg
avstand mellom jorda og månen er 384.405 km, men
at avstanden varierer frå 406.700 km til 356.400.
Eller veit eg det? Kva høve har eg til å kontrollere
at tala i artikkelen verkeleg er rette? Eg kan sjølvsagt
sjekke andre kjelder, men korleis skal eg kunne avgjere
om desse andre kjeldene er rette? Det er vel eigentleg
slik at mykje av det eg «veit», er indirekte kunnskap
som eg har henta andre stader frå, og som eg stolar på
er rett. Med andre ord : Eg trur på kjeldene mine.
Etter kvart som den samla kunnskapsmengda i
verda aukar, vil truleg meir og meir av det vi trur vi veit,
vere indirekte kunnskap basert på tillit til kjeldene.
Førehandsrøysting:
”Tomas tvilaren”, av Hendrick ter Brugghen, c. 1622.
Og uansett kva eg måtte tru eller meine
å vite – den rette og sanne avstanden mellom
jorda og månen er heilt uavhengig av det.
I dag ser ein ofte at folk si tru vert stilt opp mot folk sin
viten. «I vår opplyste tidsepoke vet vi at religion er overtro
satt i system,» skreiv ei dame i eit lesarinnlegg i BT i januar.
I debatten som fylgde var det svært mange som støtta henne
i den utsegna, av di dei har ei oppfatning av at tru er noko
ein legg av seg etter kvart som ein vert meir opplyst.
Det er ikkje uvanleg at tru og viten vert stilt
opp mot kvarandre på den måten. Og rett skal vere
rett: Når ein veit noko, sluttar ein å tru det.
Men det kan då vise seg at det ein no veit,
er det same som ein trudde før. Det at ein trur
noko, er ikkje det same som at ein tek feil.
Det å seie at ein trur på noko, er soleis ikkje naudsynlegvis
eit teikn på at ein erkjenner mangel på kunnskap. Det
kan like gjerne vere uttrykk for at ein vil være ærleg.
Rune Garmann
Røysting valdagen
14. september:
Tenestetorget, Kommunehuset:
Kvar arbeidsdag fram til 11. september Masfjordnes:
mellom klokka 0900 og 1500.
Kommunehuset, Austfjordvegen 2724,
frå kl.1100 til kl. 1800
Masfjorden sjukeheim:
Frivilligsentralen i Masfjorden
Tysdag 01.09. frå kl.1600 til 1800
Nordbygda:
når du på tlf. 56 16 62 62.
Nordbygda skule,
Dagleg leiar: Helga Ekehaug
Jokerbutikken på Haugsvær:
Fensfjordvegen 494 Laurdag 05.09. frå kl. 1000 til 1500
Frå kl. 1100 til kl. 1800
Adressa er:
Frivilligsentralen i Masfjorden,
Biblioteket på Hosteland:
Matredal:
Austfjordvegen 2724,
Tysdag 08.09. Frå kl.1300 til 1900
Matre skule, 5984 Matredal.
5981 Masfjordnes
Frå kl. 1100 til kl. 1800
eller e-post:
Biblioteket på Matre skule:
[email protected]
Torsdag 10.09. Frå kl. 1300 til 1800
Side 3
Kurs i slektsgransking for nybegynnarar
Har du lyst til å vita meir om di
eiga slekt, men ikkje veit kvar eller
korleis du skal begynna? På dette
kurset får du læra meir om dei ulike
kjeldene me kan nytta når me skal
driva slektsgransking og me skal
læra å bruka dei mest vanlege
kjeldene ein kan finna på internett.
Kurset blir halde på datarommet,
Nordbygda skule, startar tysdag
13. oktober kl.18.00 -20.00 og
kostar kr. 300. Kurset går over 3
kveldar med ein kurskveld pr veke.
Kurshaldar er Alf Strand. Påmelding
til biblioteksjefen tlf 56166420
innan 1. oktober. Datarommet
har berre plass til 10 personar,
så meld deg på så fort du kan.
Nytt frå biblioteket
Ferien er over og
biblioteket har opna att!
«Bokhausten» er ikkje komen
skikkeleg i gong enno, men her kjem
stadig godbitar . I krimsjangeren
har Jørn Lier Horst kome med ny
bok. «Blindgang» er tittelen på den.
Den nyaste boka til Jon Nesbø
er innkjøpt til alle tre biblioteka.
Om du likar krim, kjem det fleire
godbitar utover hausten . Liza
Marklund avsluttar serien med
Annika Bengtzon med tittelen
«Jernblod». I Anne Holt sin nye
roman er Hanne Wilhelmsen tilbake.
Så har det vore omstridt i Sverige
at forfattaren David Lagercrantz har
skriv den fjerde boka i Millenniumserien. Men no i slutten av august
skal det vera «verdslansering» med
ny bok om Lisbeth Salander.
Her er og mykje for dei som
ikkje likar krim. Jojo Moyes kjem
med oppfølgjar til «Et helt halvt
år». «Etter deg» er tittelen. Lucinda
Riley og Sarah Lark kjem med nye
titlar. Guillou gjev ut femte boka i
sin serie. Jon Michelet har hatt stor
suksess med krigsseglar-serien sin. I
haust kjem fjerde bind i serien. Siste
boka til Britt Karin Larsen sin serie
om livet på Finnskogen er allereie
komen. Av andre historiske romanar
kan nemnast at Roy Jacobsen har
skrive ein oppfølgjar til «De usynlige»
. Trude Teige som har skrive flest
krimromanar, gjev og ut ein historisk
roman i haust. Det er altså mykje
å gle deg til. Ta deg ein tur inn om
biblioteket. Er ikkje boka inne, kan ho
reserverast. Medan du ventar, kan du
låna ei anna bok, ei lydbok, ein film
eller kanskje eit tidsskrift. Hugs òg at
biblioteket kan hjelpa til med å skaffa
pensumlitteratur og at du kan låna
e-bøker via www.elanhordalan.no
Tekst : Kjellaug Bolset Strand
Kunngjering om godkjent reguleringsplan for fylkesveg 570
Kommunestyret i Masfjorden har i møte den 18. juni
2015, sak 056/15 godkjent reguleringsplan for fylkesveg
570 Einestrand til Nordre Kvinge, plan-id:1266-20130003.
Det vert vist til plankart med føresegner og
saksutgreiing, sjå vedlegg. Grunneigarar og naboar
til planområdet vil verta tilskrivne med eigne brev.
Hovudføremålet med reguleringsplanen er utbetring
Side 4
og breiddeutviding av fylkesvegen som går gjennom
planområdet. Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn
frå 04.08.2015 til 05.09.2015 i ekspedisjonen på
kommunehuset på Masfjordnes. Planen med vedlegg
vil frå rundt 17. august også verte å finne på braPLAN.
Søk då på plan-id 126620130003 under dokumenter.
Kurs om
livsstilsendring
og meistring
av eiga helse
Nordhordlandskommunane
tilbyr i fellesskap eit interkommunalt
kurstilbod over tre månadar for deg
som har eller står i fare for å utvikle
livsstilssjukdom som diabetes type
2, overvekt eller hjarte-/karsjukdom.
Påmelding innan 1. september
Kurset går over fem dagar frå kl.
09.30-14.00. Datoane for kurset er :
• 8. september
• 15. september
• 6. oktober
• 27. oktober
• 1. desember
Kurset vert leia av helsepersonell
og brukarrepresentant.
Tema vert smart mat for betre
helse, aktivitet, gode verktøy for å
lukkast med endring av livsstil og leve
godt med eigne helseutfordringar.
Kvar kursdag vil det vera ein
teoridel, lunsj og fysisk aktivitet.
Kursavgift kr 500,- Dette
inkluderer lunsj og kursmateriell.
Fastlegen kan også tilvise deg .
Påmelding innan 1. september til:
På e-post: [email protected]
Tlf: 40910488 mellom
kl 09.30-13.30
Førehandsrøysting ved kommunevalet 2015
Valstyret godkjente i sak 08/2015 den 30.04.2015 at førehandsrøyting ved kommunevalet 2015 vert lagt opp slik:
Kommunehuset
10. aug. – 11. sept. (mandag - fredag). kl. 09:00 – 15.00
Butikken på Kvingo
laurdag 5. sept. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . kl. 10:00 – 15:00
Butikken på Haugsvær
laurdag 5. sept. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . kl. 10:00 - 15:00
Sjukeheimen
laurdag 5. sept. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . kl. 10:00 - 15:00
Biblioteket på Hosteland
tysdag 8. sept.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . kl. 13:00 – 19:00
Kommunehuset
onsdag 9. sept. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . kl. 09:00 – 19:30
Biblioteket på Matre
torsdag 10. sept. . . . . . . . . . . . . . . . . . . kl. 13:00 – 18:00
Tilbod om ambulerande røysting vert gjeve i veke 36.
0 Einestrand til Nordre Kvinge
Om klage og verknad av plan
Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av
den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf
plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen
er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne
kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal
stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen
2724, 5981 Masfjordnes, eller til
[email protected] ,
innan 05.09.2015.
Dersom de har spørsmål i saka
kontakt ass. rådmann Sveinung Toft
Side 5
God oppslutnad om informasjonsmøte på Matre
Om lag 60 personar hadde
møtt fram i kinosalen på Matre for
å få informasjon om busetjing av
flyktningar i kommunen vår. Dei
fekk mykje god informasjon.
Varaordførar Marit Steinestø
innleidde med å ynskje velkomen,
og deretter orienterte ho om den
politiske prosessen som hadde
ført til at kommunen no gjer seg
klar til å ta imot flyktningar:
Side 6
I oktober 2014 vedtok
kommunestyret at ein i løpet av 2015
skulle ta imot inntil 10 flyktningar, og
at kommunestyret i løpet av dette året
skulle gjere vedtak om kommunen
sitt framtidige engasjement.
Det vart bestemt å leggje
til rette for dette ved å tilsetje
flyktningekonsulent, og ved å
løyve midlar til dette arbeidet.
18. juni vedtok kommunestyret
å oppretthalde tidlegare vedtak,
med den endringa at ein kunne
opne for inntil 17 flyktningar i
2015, 14 i 2016 og 10 i 2017.
Rådgjevar for helse, pleie
og omsorg i kommunen, Helga
Ellingsen orienterte deretter om
det førebuande arbeidet. Det vart
nedsett ei tverrfagleg arbeidsgruppe
som skulle planleggje og leggje til
rette for det førebuande arbeidet.
Gruppa har i løpet av dei månadane
ho har vore i sving, gjort eit stort og
omfattande arbeid saman med den
nytilsette flyktningekonsulenten,
Kristoffer André Grindheim.
Deretter fekk Kristoffer ordet. Han
kunne fortelje at han arbeider i 50%
stilling i Masfjorden. I tillegg har han
ei 50% stilling i Bergen kommune,
der han har ansvar for tiltak retta mot
einslege mindreårige asylsøkjarar.
Han kunne fortelje litt om
dei flyktningane som Masfjorden
kommune no skal ta imot. Det er
to familiar. Den eine familien er på
fem personar. Foreldra er i slutten
av tjueåra, og borna – to jenter
og ein gut –er 2, 4 og 6 år. Dei
kjem direkte frå ein flyktningeleir i
Libanon. Desse kjem 7. september.
Den andre familien, som kjem litt
seinare, er ein familie på 7 personar.
Foreldra er 39 og 47 år, og borna
– fire jenter og ein gut – er 3, 6,
9, 11 og 12 år. Desse bur i dag
på eit asylmottak i Haugesund.
Han fortalde også litt generelt
om landet dei har flykta frå. Syria var
fram til 2011 ein stat med ein rimeleg
god infrastruktur, med eit skulevesen
ikkje ulikt det norske, der alle hadde
tilbod om niårig grunnskule og
høve til påbygging til vidaregåande
teoretisk eller praktisk opplæring, og
med fleire universitet. Helsevesenet
var også godt utbygd, sjølv om
kvaliteten kunne vere variande.
Men landet er eit diktatur, og
då ein del ungdomar protesterte
mot regimet, vart dette slege
hardt ned på. Konflikten utvida
seg til ein borgarkrig, og i dag
er situasjonen fylgjande :
Av dei om lag 22 millionane
menneske som har budd i Syria, har
4 millionar menneske flykta frå landet,
6 – 8 millionar menneske er internt
fordrivne og er altså flyktningar i sitt
eige land. Infrastrukturen er heilt
øydelagt, og ein reknar at om lag 2/3
av alle menneske i Syria har trong
for akutt naudhjelp. Situasjonen i
Syria er ei av dei største humanitære
katastofene etter andre verdskrigen.
Kristoffer orienterte også litt om
kva opplegg som er lagt til rette
for familiane som no kjem. Borna
skal gå i skule og barnehage,
og får sitt integreringstilbod der.
For dei vaksne er det laga til eit
introduksjonstilbod som mellom
anna består av språkopplæring,
samfunnsfag og språktrening.
Dette er eit heildagstilbod som er å
betrakte som ei slags jobbtrening.
Det betyr mellom anna at dei får
løn for å delta – og avkorting på
løna i den grad dei ikkje deltek.
I tillegg til integrasjonsarbeidet
som skjer i regi av kommunen, er
det viktig at lokalsamfunnet tek
del i integrasjonsprosessen ved å
inkludere dei nyankomne i felles
aktivitetar, til dømes i regi av lokale
lag og foreiningar. Helga Ellingsen
formulerte dette slik : «Vi treng lokalt
engasjement når nokon kjem til
oss.» Og så la ho til : «Men dette
gjeld alle, ikkje berre flyktningar som
kjem.» Eit tiltak som vart nemnt, var
å danne faddergrupper, grupper av
vaksne som var tilgjengelege og
som flyktningane kunne spørje om
råd dersom det var noko dei lurte
på eller hadde problem med. Dette
treng ikkje vere dei mest kompliserte
tinga, men til dømes hjelp til å få
kontakt med lag og organisasjonar,
transporthjelp og hjelp til andre
praktiske ting i kvardagen, kontakt
med skule, korleis ein ordnar seg
når ungane har fødselsdag.
På møtet var også to
representantar for MIKS, ein frivilig
organisasjon som i ei årrekkje har
arbeidd med flyktningar i Noreg.
Representanten Anita Bakken
tok for seg ein del utfordringar
som innflyttarane opplever i
møte med lokalmiljøet, og som
lokalmiljøet vil stå ovanfor i møte
med flyktningane. Ofte er MIKS
med på å gi råd i planleggingsog tilretteleggingsprosessen.
«Men jeg lurer på hvorfor vi
egentlig er her,» sa ho, «for her i
Masfjorden er det allerede gjort et
imponerende forarbeid. Jeg kan knapt
huske å ha vært i en annen kommune
som har fått på plass så mye på
forhånd som dere har fått til her.»
Den andre representanten,
Asbjørn Hellesøy, kunne berre
seie seg samd i dette. Fokus for
innlegget hans var elles den meir
menneskelege sida ved dette å vere
flyktning. Utgangspunktet hans var
at vi alle har forventningar om eit
livslaup basert på dei tilhøva vi lever
under. Men nokre gongar skjer det
dramatiske endringar i livslaupet vårt:
Vi kan verte utsette for ulukker, få
alvorlege sjukdomar, oppleve sosiale
kriser. Alt dette kan påverke oss i den
grad at det slår beina under oss.
Flyktningane som kjem,
har opplevd svært dramatiske
hendingar, og heile tilværet både
til dei sjølve og til deira næraste
er totalt endra. Det dei treng, er
hjelp til å klare å få ein samanheng
mellom tida «før» og tida «etter»,
få attende ei oppleving av kontroll
over og kontinuitet i sitt eige liv.
Kva dei treng, vil vere ulikt.
Korleis dei klarar å forhalde seg
til eigen situasjon, vil vere ulik.
Erfaringsmessig slit mange med
søvnproblem, dei kan ha vanskar
med matinntak, dei kan ha eit for
lågt eller for høgt aktivitetsnivå. Og
for dei som står rundt dei , kan det
vere vanskeleg å forstå reaksjonane
deira og bakgrunnen for dei.
Men det viktige er kan
hende ikkje at omgjevnadane
forstår. Viktigare er det at dei
bryr seg, og synleggjer dette.
Marit Steinestø avslutta møtet
med å takke dei frammøtte, og
ikkje minst arbeidsgruppa som
gjennom eit svært solid arbeidd
har lagt eit godt grunnlag for
at flyktingane skal få ei god tid
saman med oss, og vi med dei.
Side 7
Aktivitetar for vaksne, framhald frå fyrste side
Kva
Kvar
Når TidTilkipar
Vaksenkafe
Bua på Haugsvær
Onsdagane i oddetalsveker 26.08-02.12
11.00-14.00
Helselaga i Indrefjorden
Bygdekino
Solheim grendahus
Onsdagane: 16.09., 14.10., 11.11., 09.12.
18.00 og 20.00
Føremiddagstreff
Skulehuset på Kvingo
Onsdagane: 16.09., 14.10., 11.11., 09.12.
11.00-14.00
Frivillige og Kvinge helselag
Kafe på sjukeheimen
Arbeidsstova på sjukeheimenOnsdagane: 16.09., 07.10., 04.11., 02.12.
15.30 – Frivillige
Seniortreff
Sandnes kafe eller bakeri
Onsdagane: 09.09., 07.10., 28.10., 25.11
11.00-14.15
Frivillige og heimetenesta
Masfjordspretten
Kinosalen på Matre
Torsdagar
17.00-19.00
Trekkspel song og dans Arbeidsstova på sjukeheimen1. torsdagen i mnd. 17.45-18.30
Masfjorden trekkspelklubb
Medlemsmøte
Kinosalen på Matre
1. fredagen i mnd.1
1.00-14.00 Indre Masfj. pensjonistlag
Mannebading
Isbading i Halsvik
Ondag og fredag 1. nov – langfredag
21.00
Halsvikvågen isbadarlaug
Masfjorden kyrkjelyd
Flott konsert på
Kvamsdals fargeri
Kyrkje- og prestekontor i kommunehuset:................................................ 56 16 62 00
Direktenummer:
Kyrkjeverja:................................................................................................ 56 16 62 61
Diakoni- og undervisningsleiar:................................................................ 56 16 62 62
Sokneprest:................................................................................................ 56 16 62 63
Kyrkjegardsarbeidar:.................................................................................. 56 16 62 66
Bustadtelefon / mobiltelefon / e-post:
Alle mailadressene har etter @, om der ikkje står noko anna:
......................................................................................... masfjorden.kommune.no
Kyrjekontoret:..........................................................kyrkja@masfjorden.kommune.no
Svein Kvamsdal, kyrkjeverje:......................................... 945 06 949 - svein.kvamsdal@
Anne Merethe Reknes, organist:......................... 474 13 141 - anne.merethe.reknes@
Helga Ekehaug, diakoni- og undervisningsleiar............ 911 93 612 - helga.ekehaug@
Kolbjørn Reknes, kyrkjegardsarbeidar......................... 990 27 121 - kolbjorn.reknes@
Sokneråd / Kyrkjeleg fellesråd
Arne J. Riisnes, fellesrådsleiar.............. 913 62 788 - [email protected]
Ragnhild Skuggedal, leiar Sandnes........................906 13 181 - ragnhild.skuggedal@
Lie Dyrhovden, leiar Solheim......................................... 468 96 147 - [email protected]
Terje Myrvang, leiar Frøyset....................................................................... 934 52 085
“Masfjordingen” er eit meldingsblad for Masfjorden kommune og Frøyset,
Sandnes og Solheim sokn. Bladet vert gjeve ut av sokna i samarbeid med
kommunen. Redaksjonsnemnd for bladet er Gunvor Fyllingsnes, Frode VeeHaugen og sokneprest Knut Fr. Sørheim. Formgjeving er ved Rune Garmann.
Adressa til bladet er
Masfjordingen,
Masfjorden kommune,
5981 Masfjordnes.
Bankgiro 3635.71.04216
Side 8
Det var ikkje mange som
hadde funne vegen til Kvamsdals
fargeri søndag 16. august. Men dei
som kom, angra neppe på det.
Her fekk dei oppleve musikk
av høg kvalitet. Dei to svenske
folkemusikarane Esbjörn Hazelius
og Johan Hedin heldt ein variert og
innhaldsrik konsert. Reportoaret
spende frå mellomalderballader og
tradisjonelle danseslåttar til irske
viser og nyskrivne låtar av dei sjølve.
Med seg hadde dei fleire ulike slags
strengeinstrument - fele og gitar,
og cittern og nyckelharper - som
dei trakterte i ulike kombinasjonar
både som tonefylgje til song og
i reine instrumentalinnslag.
Det var tydeleg at publikum
sette stor pris på det dei fekk høyre,
og då folk vart inviterte til allsong
i ekstranummeret, var dei ikkje
vanskelege å be. Då konserten
var over, ga publikum uttrykk for
at det hadde vore ei fin oppleving.
Og musikarane kvitterte med å
seie seg hjartans enige i det.