Velkommen til Midsundfestivalen 10.-12. juli 2015! BILLETTAR KONSERTARENA Familiekonsert Kr 50 Kyrkjekonserten Kr 300 (laurdag på senteret) Hovudscena fredag Kr 500 Hovudscena laurdag Kr 500 Festivalpass (konsertane fredag og laurdag) Kr 900 Hovudscena blir rigga opp på senteret, og konsertane vil vere der både på dagtid og kveldstid Andre aktivitetar Palleløp Bruskassebygging Bodsal Underhaldningsinnslag 25 % rabatt for ungdom under 20 år SAL AV BILLETTAR VED INNGANG Eiga sluse ved inngangen for dei som har kjøpt billettar på førehand For konserten i kyrkja er det viktig å kjøpe billettar i god tid Billettar kan også kjøpast på nettet: www.hoopla.no FØREHANDSSAL v/ Best Midsund f.o.m. 1. juli. Sal av festivalpass blir avslutta onsdag 8. juli Ned kon re alde sert ane rsgrens Må fylle på kve e for 15 å ldstid: ri2 015 Festivalbuffé i restaurantteltet på laurdag og søndag kr. 250. Laurdag/søndag Biff stroganoff Omnsbakt laks Bacalao Riskrem Eigen barnemeny begge dagane Hamburgar/pølse med potet Hamburgar/pølse med brød HELGA 10. – 12. JULI ER DET KLART FOR DEN 11. MIDSUNDFESTIVALEN. Det er ikkje å stikke under ein stol at det musikalske programmet er det viktigaste for dei aller fleste som besøkjer oss denne helga. Likevel er festivalen allsidig, og som fleire av bilda i programheftet viser, er det også andre spennande aktivitetar som skapar ei triveleg ramme under festivalen. Midsundfestivalen er ein spleisefest mellom kommune, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar i kommunen. Han er drive 100% på dugnadsbasis, og vi er stolte, glade,og takknemlege for den velvilje vi møter. Utan den er det vanskeleg å gjennomføre dette store arrangementet. Alt overskot festivalen har generert gjennom åra, med unntak av bygging av ein liten eigenkapital, har vi tilbakeført til lag og organisasjoner som deltar med dugnad. Til no har vi overført over ein million kroner til desse støttespelarane. Årets festival nærmer seg. Vi føler vi har fått på plass eit allsidig musikalsk program som bør danne grunnlag for ei triveleg og minnerik helg i Midsund. God festival! Lars Jarle Jenset leiar JUBILEUMSFESTIVAL 2014 Smokie skapte kjempestemning med: Living next door to Alice Red Hot med Knut Marius Djupvik fekk ei magisk kontakt med publikum. DDE skapte kjempestemning og hadde stor allsangfaktor. Marcus og Martinus Gunnarsen fekk ungjentene til å gå av skaftet ein tidleg laurdag ettermiddag ved festivalscena. SØNDAG 5. JULI 13.00 Fjellvandring - Nord Heggdal –Opstadhornet – Heggdalshornet – Nord Heggdal FREDAG 10. JULI 17.00 Fiskeriforum på Kroa 21.00 Opning av festivalen v/ordførar Einar Øien 21.30 Rock`n Roll Adventure 24.00 Fun Fighters LAURDAG 11. JULI 10.00 Festivalområdet opnar 12.00 Palleløp i hamna 13.30 Redningsaksjon i Midsundbukta (helikopter og redningsbåt) 14.30 Familiekonsert v/lokale artistar m.m. (kr 50) 15.00 SVAL 21.00 Hellbillies 23.00 TBA SØNDAG 12. JULI 11.00 STØLEN, NORD-HEGGDAL Friluftsgudsteneste v/Kristian Finn Risung 11.00 Festivalområdet blir opna og påmelding til triatlon 13.00 Start triatlon 13.05 Start barneduatlon 15.45 Premieutdeling triatlon. 19.00 Konsert i Otrøy kyrkje med NARUM SVAL Sval Rosenløw Eeg vann Melodi Grand Prix jr i 2011 med songen «Trenger deg» som handler om vennskap. Ho har seinare m.a. gitt ut låtane «Tidsfrist» og «Plan B» HELLBILLIES Hellbillies stiller med frontfiguren Aslag Haugen, og han har med seg broren Lars Håvard på gitar, Lars Christian Narum på tangentar, Bjørn Gunnar Sando på trommer og Arne Henry Sandum på bass. Laurdag kveld får publikum lytte til klassikarar som: «Det finaste eg veit og «Råka ta ei pil» frå festivalscena på senteret. Midsund er altså staden for god musikk med stor allsangfaktor. FUN FIGHTERS «Fun Fighters» er eit showband frå Gossen, som var oppvarmingsband for »The Spirit of Pink Floyd» i 2010. Bandet består av Egil Stavik Tautra, Pål Brevik Valdal, Geir Larsen og Eyvind Andersen. «ROCK’N ROLL ADVENTURE» Åge Sten Nilsen var på Midsundfestivalen i 2012 med «The Show must go on». No kjem han tilbake med «Rock`n Roll Adventure» samen med vokalistane Erik Søfteland, Linda Kvam og Nils K. Rue og eit 8-manns orkester. Showet har fått svært gode kritikkar og presenterer dei største rockeklassikarane gjennom tidene i perioden 1964 – 1975. Desse står på scena fredag kveld. NARUM Gruppa består av søskena Benedikte Narum(vokal og gitar), Jon Anders Narum (gitar) og Lars Christian Narum. Narumsøskena har gitt ut tre kritikarroste album og fått ein spelemannspris. Narum sine låtar er ei blanding av amerikansk rootsmusikk og erkenorsk visetradisjon. Denne musikalske opplevinga får du som avslutningskonsert i Otrøy kyrkje søndag kveld. SØNDAG 12. JULI Triatlon • Fellesstart kl. 13.00 i Midsund sentrum • Løping i terreng 7371 m, sykling 23 km, symjing 200 m • Syklinga er lagt nedom Sandane og gamlevegen på Høgset – Ramberg • Sykkellevering ved start kl. 11.00 – 12.30, ha hjelm, sko o.l. i ein bag • God premiering • Startavgift kr. 250,- ved betaling på nettet på førehand. Påmeldinga på nettet blir stengt 11. juli kl. 23.00. Ved påmelding startdagen er startavgifta kr 350-. • Stafett, der ein person kan løpe, ein annan kan sykle og den tredje kan symje. Her er det inga klassedeling. Om de stiller eige herrelag, damelag eller miks, stiller de i same klasse. Startavgifta er her kr 450,- (kr 150,- pr. person). Påmelding seinast ein time før start Barneduatlon • Fellesstart kl. 13.05 i Midsund sentrum • Løypa går på sykkel til Midsund skule, så løping tilbake til mål i sentrum. • Alle deltakarar får premie. • Gratis deltaking for barn 5. – 10. klasse. • Påmelding seinast ein time før start. Sekretariatet opnar kl. 11.00 Vi ventar også i år mange deltakarar og oppfordrar publikum og trafikkantar om å vise omsyn spesielt i løypetraseen for sykkel i perioden 13.30 – 15.00 A leading high-tech pressure vessel supplier MIDSUND KOMMUNE SPAR MIDSUND Molde og Romsdal Havn IKS Best MIDSUND W Lokalavis for Midsund Midsund Kro v02_BioCare_Logo_sentrert_cmyk Røberg Bygmarked AS RETA SERVICE NYBO HOLDING AS MIDSUND SERVICE JADO LINDBAK MIDSUND TAXI PARKERING Ved Antonbua og ved Romsdal Processing Laurdag og søndag vil det vere parkeringsvakter som dirigerer Parkering for Spar: Vestsida av bankbygget (mot hovudveg) Ta omsyn til forretningsdrivande i sentrumsområdet. Parker slik at andre kjem seg fram. TRAFIKK Under festivalen vil vegen til Lyngja gå bak Senteret. Vis omsyn og køyr forsiktig. Spesielt viktig er det at trafikantane følgjer dirigering frå vaktene under triatlonkonkurransen GJESTEBRYGGJE OG BUBILPARKERING Midsundfestivalen samarbeider og i år med Midsund Marina som stiller hamna til disposisjonfor båtgjester. Det er og parkering for bubilar ved båthamna. TRANSPORT Bussen går kl. 02.15, først rundt Midøya, etterpå rundt Otrøya. Natt til laurdag og natt til søndag vert det sett opp buss etter arrangementa. Midsund Taxi samarbeider med Drosjenæringa i nabokommunane, slik at det vil vere fleire drosjerpå vegane under festivalen. DETTE SKJER OGSÅ Aktivitetar for store og små i og rundt Midsund Marina
© Copyright 2024