Intervju-av

32
Torsdag 26. februar 2015
Gründerar. Petter Karlsrud (f. v.), Marius Undrum og Per Harald Løveseter er gründerar av Smartkit, studentbedrift som sel utstyr til Triatlon.
Smartkit for sprekingar
Fyrste laurdag i mai går
Bøsprinten, sesongens
fyrste triatlon, av stabelen i Bø. Gründerane Per
Harald, Peer og Marius
håpar deltakarane vil konkurrere i deira utstyr.
Gro Birgie Røiland
[email protected]
Studentbedrift inngår i bacheloren til dei tre studentane på Innovasjon og entreprenørskap ved
Høgskolen i Telemark, avdeling
Bø. I løpet av eit år skal dei starte og avvikle ei bedrift, med alt
det omfattar av praktisk arbeid.
Marius Undrum har dei siste par åra drive med triatlon, ei
idrettsgrein der utøvarane både
skal symje, sykle og springe.
Marius fekk lokka med seg
Per Harald Løveseter og Petter
Karlsrud på ideen om å selje triatlon-utstyr. Dei to studentane
hadde inga erfaring med triatlon, men dei hadde tru på forretningsideen.
Grundig forarbeid
Som utøvar har Marius erfart at
han må hente utstyret han treng
fleire stader. Ideen er å sette saman ei utstyrspakke, eit såkalla
smartkit for triatlon. Dei tre studentane har gått grundig til verks
i forarbeidet.
– Me har jobba med dette
sidan august i fjor, og lagt stor
vekt på å bli kjent med marknaden og leverandørar, seier Per
Harald.
Gutane har blant anna hatt
marknadsundersøking og sjekka
interessa for utstyrspakke hos
40 av dei 144 triatlonklubbane i
landet. Dei har også hatt grundige intervju med utøvarar.
Pakka som i desse dagar
er klar til sal gjennom nettbutikken dei har oppretta, inneheld mellom anna symjehette,
skoovertrekk, sportsnæring i
ymse former, sportsvaselin,
elastiske skolisser, øyrepluggar,
naseklype, multiverktøy for sykkel og lim til våtdrakt. Ein triatlonguide med tips, reglar, løp og
klubboversikt fylgjer også med.
Debuterer i Bøsprinten
Over 60 prosent av dei spurte
klubbane var positive til triatlonpakka, opplyser gutane. Nå er
100 pakker klare, og studentane
skal få sjå om dette faktisk er
god butikk.
Blir det overskot, kjem det
investorane til gode. Som gründerar av studentbedrift kan dei
nemleg ikkje skyte inn all kapital sjølve, men må skaffe investorar. Bedrifta skal også avviklast i løpet av vårsemesteret.
Blir smartkiten ein suksess, kan
det hende dei startar opp att med
nytt firma.
Før det skal Per Harald og
Petter teste eigne produkt. På
Smartkit. Pakka dei tre studentane har sett saman.
Diskotek ved Lundevegen?
For 25 år sidan
22. februar 1990
Planane om diskotek i Librislokala til Vertshuset i Bøgata er etter det me veit, lagde på
is til så lenge. Teknisk utval var skeptiske til
trafikkproblema.
Det problemet har utvalet ikkje når det
gjeld den ferske søknaden frå Helge Solberg
og Jan Einar Stølan om å innreie halvdelen
av bilsenteret, tidlegare BM-sentret og Kjetils Agentur, ved Lundevegen til diskotek tre
dagar i veka.
Teknisk utval hadde saka oppe i går ettermiddag. Helse- og sosialutvalet skal 27.
Bøsprinten fyrste laurdag i mai
debuterer dei i triatlon. Da skal
dei symje 750 meter i Gullbring,
sykle tjue kilometer på Lundevegen og springe fem kilometer i
Bø sentrum.
– Me gler oss til å prøve, seier
Per Harald og Petter.
Største industiarbeidsplassen
februar uttale seg om skjenkeløyve til same
formål.
Dei to ønskjer å innreie den tidlegare
utstillingshallen og delelageret til dans og
diskotekverksemd. Torsdagar tek dei sikte
på å ha diskotek og samlingskveld for studentar og lokalbefolkninga, fredag satsar
dei på levande musikk (orkester) for dans og
swing, og laurdag er sett av til diskotek. Dei
lovar bra vakthald og å stengje av området
for å unngå rundkjøring.
Sagbruket til S. D. Cappelen på Roteberg
er blitt den største industriarbeidsplassen i
Bøbygda, nå med 38 tilsette - vel halvparten
bøheringar. Her omdannar dei på moderne
vis skurtømmer til trelast.
Knapt 15 år etter at han tok gymnaset i
Bø, styrer junior, Carl Diderik Cappelen, nå
sagbruket, ein av pilarane i konsernet med
base på Ulefoss. Som plasskommandant har
han stadig den røynde driftsstyraren Kjell
Ellingsen.