Haustens bøker frå Samlaget 2012

Haustens bøker frå Samlaget 2012
SKJØNNLITTERATUR:
ATLE BERGE: STOCKHOLMSYNDROMET
Stockholmsyndromet er ein roman om to sjelevenner frå kvar sin
kant av universet: Planten Mju har flykta frå det gamle livet sitt
på ein komet, og enda opp på jorda. Der bur Helene Alsterqvist,
norsklektor, også ho kjenner seg fanga i den meiningslause
kvardagen. Alsterqvist får ansvar for språkopplæringa til Mju, og
dei endar snart opp som venner.
Då Atle Berge debuterte med Muntergang i 2010, skreiv ein
indignert bokmeldar at forlaget «har lete forfattaren lage
lapskaus av indrefilet, russiske erter og andre
luksusingrediensar». No har vi gjort det igjen!
Stokcholmsyndromet er ein roman om høgverdige emne som
språk og einsemd, med ein tivolikomet, ei mistrantropisk
stemme og to dystre romvesen i hovudrollene.
Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han
debuterte med romanen Muntergang i 2010. Han står også bak
barnebokserien om Barcelona-gjengen.
ROMAN | Pris ca kr. 359,- | ISBN: 9788252181869 | I sal
1
MARIT KALDHOL: DARWINS SPORVAR
Intenst om mor og dotter
I eit rom med vindauge mot havet ligg ei kvinne for døden.
Dottera Sally vaker over henne. Medan ho ventar på at døden
skal kome og hente henne, minnest Sally då mora reiste frå stad
til stad med teaterframsyninga si. Sally måtte vere med. Ho leika
med trådar, dikta med saumar, streva med puslebitar i baksetet
av bilen. I byen ved kysten blei alt brått heilt annleis.
På kvar sine vis leitar mor og dotter fram fortida, og det blir
tydeleg at det finst eit sår i dette forholdet. To ulike lagnader,
som begge krinsar rundt svik og tap av kjærleik.
Marit Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje
prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. I 2006 og 2010 fekk
ho Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur,
sist for ungdomsromanen Søkeord: Ayotzintli.
ROMAN | Pris ca kr. 379,- | ISBN: 9788252181494 | Utg. oktober
2
RØNNAUG KLEIVA: ARMENIA, ALBANIA, ARGENTINA
Sjølvbiografisk reiseroman om menneske på tvers av grenser
I denne romanen, bygd opp av korte notat og forteljingar, følgjer
vi hovudpersonen Rønnaug gjennom fleire land. Kontrastane er
store når ho reiser gjennom både vanlege feriebyar og farlege
utkantområde. Det handlar om å reise åleine i verda som vestleg
kvinne. Rønnaug treffer gamle vennar og elskarar undervegs, og
boka tematiserer det å bli eldre.
Med varme og humor, og i sin velkjente nøkterne stil,
kombinerer Kleiva den indre eksistensielle og den ytre
geografiske reisa på ein elegant måte.
Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og
barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985
med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 20
bøker i ymse sjangrar for vaksne og barn.
ROMAN | Pris ca kr. 369,- | ISBN: 9788252178630 | I sal
3
RAGNHILD KOLDEN: KRIGENS SKUGGE
Dramatisk om søstre i etterkrigstida
På ein togperrong ein stad i Gudbrandsdalen står Dagny og
ventar på søster si, Tea. Alle følgjer med dei, alle veit at det er
tyskertøsa som kjem. Krigen kastar skugge over freden, både for
dei som har vore på rett side og dei som var landssvikarar.
Somme slepp unna straff, andre får svi i det uendelege. Det
handlar om å gløyme og gå vidare, eller hugse og hemne.
Og bygdedyret lever sitt eige infame liv, uavhengig av krig og
fred.
Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo.
Ho debuterte hausten 2010 med romanen I krig og kjærleik.
ROMAN | Pris ca kr. 359,- | ISBN: 9788252181944 | Utg. oktober
4
ARNFINN KOLERUD: KOM IKKJE INN I MITT HUS
Morosamt og sært om ihuga nynorskingar
Berre ein siste, liten trassig landsby i nordvest klamrar seg til
nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk.
Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske
folket til å samle på nynorske diktarkort. Det skal han greie med
hjelp av makelause premiar og Enella Frø, ei dame som har
forlese seg på dikt og som er sterkt plaga av tankesprang. Snart
vekker dei nynorske diktarkorta harme og glede og tjuvar over
heile landet. Austlendingane held krisemøte og ein minister i
regjeringa må ta sin globus og gå.
Arnfinn Kolerud (f. 1968) er frå Isfjorden i Romsdal. Han
debuterte i 1996 med Berre ikkje brøyteplogen kjem og har
seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Kom ikkje
inn i mitt hus er andre bok i Vassbygda-trilogien. Første bok, Når
ein først skal skyte nokon, kom i 2010.
ROMAN | Pris ca kr. 379,- | ISBN: 9788252181562 | Utg. oktober
5
JAN ROAR LEIKVOLL: BOVARA
Eventyrleg roman frå klostermiljø
Jan Roar Leikvoll er blitt samanlikna med internasjonale
forfattarar som Cormac McCarthy, og hans kompromisslause og
kritikarroste forfattarskap er blant dei mest spennande her til
lands.
Frrok er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara, men når hans
v
. Og tilveret
hans blir kasta heilt på hovudet når ei prostituert jente på flukt
. Frrok gøymer henne i kjellaren, og
oppdagar med eitt at han har makt over liv og død.
Bovara er ein eventyrleg roman om makt, svik og kjærleik. Nok
ein gong foreinar Leikvoll det vakre og det grusame i sin
særeigne skrivestil.
Jan Roar Leikvoll (f. 1974) debuterte med romanen Eit
vintereventyr i 2008. Både den og Fiolinane (2010) utspelar seg
i fantastiske univers, men er samstundes brutalt realistiske og
eksistensielle. Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har
gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.
ROMAN | Pris ca kr. 369,- | ISBN: 9788252178616 | I sal
6
INGELIN RØSSLAND: KIRSEBÆRSNØ
Kjærleiksroman
Cathrine driv frisørsalong i kjellaren i huset der ho bur saman
med mannen og tenåringsdottera. Ho har alltid levd
småbylivet, og vore lykkeleg med det. Men det har komme ei
uro over henne som er i ferd med å overskygga dei små
gledene i livet. Ho er ikkje ein gong førti år, var dette alt? Så når
nye-dyrlegen Alex spradar inn på frisørsalongen for ein
hårklipp, er ho overmoden for å falla.
Vil ho orke å stå i mot, når det er så enkelt å gi etter?
Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland. Ho har
fått ei rekkje prisar for sine ungdomsbøker og blitt omsett til
fleire språk. Kirsebærsnø er Røsslands første roman for vaksne.
ROMAN | Pris ca kr. 379,- | ISBN: 9788252181609 | Utg. september
7
HERMANN STARHEIMSÆTER: DER NÅDEN FINST
’Den nynorske terroristen’ Claus Hjelle er tilbake i Sogn
etter terapitimar i Oslo. I desse timane har det kome opp
ting som han absolutt må snakka med mora om. Men
Claus finn ikkje det rette tidspunktet, og dagane og
vekene går. I mellomtida møter han Johnny att, ein han
gjekk saman med på skulen, og det oppstår ein vennskap
mellom dei to som alltid har vore så ulike. Denne
vennskapen får uventa følgjer for Claus Hjelle.
Der nåden finst er tredje og siste band i serien om den
tidlegare journalisten Claus Hjelle og hans kamp med
språket og galskapen. Boka er eit frittståande framhald
av Nordvegen (2003) og Nattbussen (2007).
Hermann Starheimsæter (f. 1950) debuterte i 1980 med
diktsamlinga Lungeblæretre og har gjeve ut bøker i dei
fleste sjangrar. Som romanforfattar har han heilt frå den
prislønte Han gjorde det (1990) arbeidd med å finne
gyldige språklege uttrykk for psykiske grensetilstandar.
ROMAN | Pris ca kr. 379,-| ISBN: 9788252181791 | Utg. oktober
8
ESSAY, LYRIKK, DRAMA:
KAISA AGLEN: KVAR I KROPPEN SIT INGENTING
Kaisa Aglen debuterer med ei samling konsentrerte dikt, der
bilde og tankar tar store sprang på ein uanstrengt måte.
Undersøkinga av forsvinning i ulik forstand står sentralt, og
boka tematiserer makt og undertrykking.
kva vi leitar etter , om eg legg meg slik , om du held
meg fast , her
eg skal ikkje skrike , innover i skriket , og utgang , med
munnen i puta
dei lange passasjane , dun mellom tennene , flyg , fell i
hand , mot morgonen , vegg
Kaisa Aglen
i Trondheim
der ho har studert filosofi. Dette er den første boka hennar.
LYRIKK | Pris ca kr. 269,- | ISBN: 9788252181531 | I sal
9
SIW-ANITA KIRKETEIG: ALT KJØD ER GRØNT GRAS
Sorgarbeid i skrift om tapet av ei bestemor
I debutboka skriv Kirketeig fram eit poetisk landskap som
dreier rundt ei tapserfaring, kor både konkrete og
metafysiske spørsmål knytte til døden, naturen, kroppen,
tru og ikkje-tru, blir utforska gjennom eit språkleg arbeid.
Språket si manglande evne til å gripe det tapte blir spegla i
det stadige arbeidet med dei same grunnbileta og
omgrepa.
namnet ditt er
i munnen min
det visnar
frå munnen ein kvit sødme
namnet ditt rotnar
ein slik sødme av vond smak
i munnen min kvit
ein blome som mugnar
Siw-Anita Kirketeig (f. 1988) er frå Dale i Sunnfjord, men bur i Bergen. Ho har tidlegare gått
på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og er for tida student ved Kunsthøgskulen i Bergen.
Dette er debutboka hennar.
LYRIKK | Pris ca kr. 269,- | ISBN: 9788252180817 | Utg. oktober
10
JULIANE RUI: SYSTRER KAN BLI LIKE GAMLE
Denne diktboka handlar om barndom, om søsken og familie, om
korleis ein hugsar hendingar og episodar frå fortida, og korleis ein
kan formidle dette. Korleis kan ein strukturere eit bilde av ein felles
barndom?
frå reiser vil eg hugse luktene
og landskapet, fugleartar eg såg
eg vil sakne årstidene heime
eg forblir reservert, nokre gjester
vil vere velkomne no og da, helst annonsert
kjærasten min vil forlate meg
til slutt (eg er lei for det)
eg kjem ikkje til å finne ein annan kjæraste, som barndom, ferdig
i notatblokkene vil eg teikne tre som blåser, vindens nærvær
tynne liner mørkna av gjentatte strøk, som skuggar, ikkje dekt av
snø
lauvtre, men ingen enkeltlauv skjelna
Juliane Rui (f. 1982) kjem frå Vestfold og Telemark. Ho debuterte med Den hesten er av snø
hausten 2011.
LYRIKK | Pris ca kr. 259,- | ISBN: 9788252179873 | Utg. oktober
11
ANJA UTLER: BRINNA (a.t.)
Anja Utler (f.1973) har sidan debuten i 1999 blitt eit sentralt
namn i den tyske samtidspoesien. brinna er den tredje
diktsamlinga hennar. Dikta i denne boka er ein jakt på
lydkonstruksjonar som kan vere både sensuelle og
flyktige/oppbrytande/splittande. Det postindustrielle
gruvelandskapet er også til stades i dikta, slik Utler hugsar det
frå heimtraktene.
For første gong på norsk. Gjendikta og med etterord av Arild
Vange.
Anja Utler (f. 1973) kjem frå Schwandorf i Bayern, og bur i dag i Wien.
Ho debuterte med diktsamlinga aufsagen i 1999, og er i dag ein av
dei viktigaste tyske samtidspoetane. brinnen kom i 2006. Utler har
studert slaviske språk og litteratur i St. Petersburg og tok i 2003
doktorgrad om kvinnelege russiske modernistiske poetar. Same år
mottok ho Leonce-und-Lena-Preis, den viktigaste prisen for unge
tyskspråklege lyrikarar.
LYRIKK | Pris ca kr. 269,- | ISBN: 9788252177695 | Utg. oktober
CD WRIGHT: SKAKE
Poesien til CD Wright er mørk, sexy og lada. Den har ein fot i
det narrative, og ofte kan vi ane eit forløp, skimte ein situasjon
– men like fort kan vi miste fotfestet og til dømes undre på
kvar ” ” ”
”
befinn seg. Dette er dikt som
borer seg djupt ned i eksistensen til eit plan der vald og erotikk
ikkje enkelt lèt seg skilje, og der mytologi kan oppstå.
For første gong på norsk. Gjendikta av Gunstein Bakke.
CD Wright (f. 1949) er professor i engelsk ved Brown
University. Ho har skrive elleve diktsamlingar, og har laga fleire bøker saman med fotograf
Deborah Luster, no seinast One Big Self: Prisoners of Louisiana. Ho har mottatt Lannan
Literary Award. Wright bur på Rhode Island.
LYRIKK | Pris ca kr. 269,- | ISBN: 9788252180060 | Utg. november
12
SKODESPEL:
WITOLD GOMBROWICZ: YVONNE | VIGSLA | OPERETTE
Witold Gombrowicz er rekna som ein av det tjuande århundrets
viktigaste forfattarar. Teaterstykka er briljante; språket er sprelsk,
scenene dynamiske og hovudpersonane manipulatorar. Handlinga
og utviklinga av idear er som oftast gestalta i konfliktar, kampar
eller skuggekampar. I tillegg er det slåande korleis ”det pinlege”
blir nytta dramaturgisk: eit etikettebrot, feil klede, ein upassande
lyd, feil svar eller ikkje noko svar i det heile fører til absurde
situasjonar som publikum identifiserer seg med. Her oppstår den
menneskelege identiteten i ein vekselreaksjon som samspel eller
motspel, som jo er skodespelaren sitt nøkkelord.
For Gombrowicz betyr det å vere menneske å spele eit menneske.
Denne innsikta gjer han til ein høgst aktuell dramatikar.
Witold Gombrowicz (1903–1969) er ein av Polens største
forfattarar. Han debuterte i 1933 med den sprelske og sære
novellesamlinga Memoarer fra en tid av umodenhet. Størst
suksess hadde han med Ferdydurke (1937). Romanane og
dramatikken hans var svartelista i Polen til seint på 1970-talet.
Omsett av Knut Andreas Grimstad.
DRAMATIKK | Pris ca kr. 359,- | ISBN: 9788252175998 | Utg. september
13
POCKET:
MARIT EIKEMO: SAMTALE VENTAR
Drivande godt om å falle utanfor
Elisabeth Brenner er eksjournalist på attføring. Gjennom NAV får
ho ein ny sjanse i arbeidslivet: ho skal samle dialektprøvar på
industristaden Einvik. Hit kjem ho ein mørk kveld i november og
flyttar inn på arbeidarbrakka. Dei som bur i den vesle byen
er nysgjerrige og ivrige etter å hjelpe, og ho blir snart kjend med
mange. Men arbeidet er verken godt eller effektivt. Brenner
greier ikkje skilje jobb og privatliv, og får stadig større problem
med relasjonane på staden.
Aldeles utmerket! ... en usedvanlig fin og tankevekkende roman.
Sigrun Hodne, Stavanger Aftenblad
Genuint morsomme romaner er ikke hverdagskost. Marit Eikemos nye bok er
det; morsom på en helt ekte måte.
Leif Ekle, NRK
Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda. Ho gav ut sin første roman,
Mellom oss sagt, i 2006. Den kritikarroste oppfølgjaren, Arbeid
pågår, kom i 2009. Marit Eikemo har vore informajonssjef,
journalist og redaktør (Syn og Segn). Ho er no leiar for
Litteratursymposiet i Odda.
POCKET | Pris ca kr. 149,- | ISBN: 9788252180695 | Utg. august
14
RAGNAR HOVLAND: STILLE NATT
Kritikarrost Hovland i pocket!
plan. Dette noko har ein klar samanheng med ei dramati
familien si historie.
Stille natt er ein stor og vakker roman om kjærleik, tap og
mørke familiehemmelegheiter.
Ragnar Hovland i litterær storform ... Med «Stille natt» har han, i alle
fall etter mi meining, levert ein av dei beste romanane sine
nokosinne. Kanskje den aller beste.
Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen
Oppslukande ... Ein betre Hovland-roman enn Stille natt har eg ikkje lese.
Ole Karlsen, Dag og tid
Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar, humorist, skribent og
ukulelespelar. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar
og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut
meir enn 40 bøker i alle sjangrar.
POCKET | Pris ca kr. 149,- | ISBN: 9788252180688 | Utg. august
15
RUNE TIMBERLID: SANCT SVITHUNS GÅTE
Vår mann i vest, Rolf Randen, er på utlån frå
lensmannskontoret i Førde for å patruljere kysten i ein open
gummibåt, på jakt etter terroristar som trugar landet.
Eit meiningslaust oppdrag, tenkjer han og vil heller dykke
ned til det gamle hurtigruteskipet Sanct Svithun som blei
bomba utanfor Ervika i 1943. Under eit dykk finn Randen ein
død mann i sjøen ved ei sandstrand nær Vestkapp.
Samstundes forsvinn ei kvinne, og gamle gullmyntar dukkar
opp. Rolf Randen er igjen i sentrum av eit storslagent drama
som har forgreiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig
og den spanske armada – og bak ligg den mektige naturen i
Selje og spelar med.
Rune Timberlid (f. 1950) er journalist og kriminalforfattar.
Han har sidan debuten i 1991 skrive fleire bøker om
politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006)
og Operasjon Siskin (2008). Timberlid er busett i Førde og
arbeider som informasjonssjef i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
POCKET | Pris ca kr. 149,- | ISBN: 9788252181258 | I sal
16
BARN OG UNGDOM:
BILETBØKER 2-6:
ANNA R. FOLKESTAD: UNNI OG GUNNI
Ny sjarmerande småbokserie
Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er
ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei
løysing på utfordringane dei møter under vegs.
I haust kjem dei to første bøkene i serien om desse søte
pingvinane. Her er kvardagssituasjonar og humor som passar
for barn frå 2 år og oppover.
Titlar i serien:
Unni og Gunni reiser
Unni og Gunni malar
Unni og Gunni gjer det fint (utk. 2013)
Anna R. Folkestad (f. 1983) debuterte i 2011 med bildeboka Henrik And, som kjem på russisk
i 2012.
17
ANNA R. FOLKESTAD: UNNI OG GUNNI REISER
Unni og Gunni ser på himmelen.
- Me burde på ein måte kome oss litt vekk, seier Unni.
- Einig, seier Gunni.
- Me reiser! ropar Unni.
Men ein treng litt utstyr for å reise. Og korleis veit ein kor
ein skal?
Unni og Gunni finn fram kart og kompass og anna utstyr. Så
flyr dei framover, bakover, over, under, opp og ned – og til
slutt landar dei ein heilt ny stad.
BILETBOK | Pris ca kr. 149,- | ISBN: 9788252180305 | I sal
ANNA R. FOLKESTAD: UNNI OG GUNNI MALAR
Unni og Gunni ser på huset.
- Me burde på ein måte fått litt farge på det, seier Unni.
- Einig, seier Gunni.
- Me malar! ropar Unni.
Men ein treng litt utstyr for å male. Og har dei nok fargar?
Unni og Gunni finn fram koster og stiger og anna utstyr. Så
blandar dei raudt og blått, gult og raudt, blått og gult – det
blir vel fint, kan du tru!
BILETBOK | Pris ca kr. 149,- | ISBN: 9788252180497 | I sal
18
INGUNN RØYSET & ANNLAUG AUESTAD (ill.): PRINS STORM
Varm bildebok som hyllar fantasien
og retten til å vere seg sjølv
– Prinsen min, seier mamma, og stryk Storm over håret.
Storm ser seg i spegelen. Han har fint hår. Og stort.
Men veslesøster meiner han ser ut som han kjem frå ein
annan planet! Bestefar synest han skal klippe seg, tanta at
han er for vill. Til slutt er huset fullt av folk som ikkje
skjønar nokon ting. Dei veit ikkje at Storm er ein prins! Og
ein marsbuar! Ein riddar! Og Tarzan, apekongen.
Illustratør Annlaug Auestads gir ei varm og leiken
framstilling av Ingunn Røysets tekst om guten som ikkje
passar heilt inn, men heldigvis, inst inne, veit kor han
høyrer heime.
Frå 3–6 år.
Ingunn Røyset er debutant.
Annlaug Auestad har tidlegare illustrert ei rekkje bøker og
står sjølv bak bildebøkene Kor er Neppe? og Kuvenninner på Samlaget.
BILETBOK | Pris ca kr. 229,- | ISBN: 9788252181425 | Utg. september
19
KARI STAI: JAKOB OG NEIKOB. TJUVEN SLÅR TILBAKE
Jakob og Neikob på nye eventyr
Det prislønte radarparet Jakob og Neikob har hatt suksess i
både inn- og utland, på barne-tv og som app.
Jakob seier alltid JA til alt, og Neikop seier alltid NEI. Men
tjuven som har rømt frå fengselet bryr seg verken om JA eller
NEI. Når Jakob og Neikob tar opp jakta på tjuven blir dei lurte
begge to, og Jakob må sitje i fengsel for første gong.
Heldigvis går det bra til slutt denne gongen også, og Jakob
lærer at av og til må ein seie NEI. Ei visuelt spennande og
humoristisk bildebok for nye og gamle Jakob og Neikob-venner.
Kari Stai (f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er
illustratør, forfattar og biletkunstnar. Stai debuterte med
barneboka Jakob og Neikob i 2008. For den mottok ho mellom
anna Kulturdepartementet sin debutantpris og Inderøy mållag
sin målpris.
BILETBOK | Pris ca kr. 229,- | ISBN: 9788252180480 | I sal
20
KENNETH STEVEN & ØYVIND TORSETER (ill.):
HISTORIA OM KORLEIS HUNDEN FEKK VÅT SNUTE
Fabelaktig vri på Nohas Ark
Då vatnet flommar over landet, bygger gamle Noah ei svær
ark og tar om bord småkryp, husdyr og ville dyr av alle slag.
Mens dei driv ute på havet skjer det forferdelege, båten
spring lekk! Kva i all verda gjer ein då? Noah veit råd.
Denne bildeboka er i tekst og bilde ei livlig gjenfortelling av
den gamle fabelen om korleis hunden fekk snute.
Illustrert av Øyvind Torseter.
Kenneth Steven (f. 1968) er frå Dunkeld i Perthsire,
Skottland. Han er lyrikar, barnebokforfattar og gjendiktar.
Han har omsett bøker frå norsk til engelsk.
BILETBOK | Pris ca kr. 229,- | ISBN: 9788252180459 | Utg. september
21
FRÅ 6 ÅR:
TERESA GRØTAN OG ELLA OKSTAD (ill.):
KLARA KAN MYKJE RART OM MAT
Andre bok i sjarmerande og lærerik serie
Visste du at ein tilset kalvemage i mjølka når ein lagar ost, og at
sukker har blitt brukt som både pengar og medisin? Eller kor
mykje honning ein får frå 30 000 bier?
Klara er på sommarferie hos besteforeldra som driv gard, og får
hjelpe til i gardsbutikken. Men det er lite kundar, og Klara
meiner dei må utvide vareutvalet. Saman med bestemor
oppsøker ho både eit ysteri og ein sjokoladeekspert, og
undervegs lærer Klara mykje rart om mat. Det kjem til nytte når
ho skal skaffe kundar til butikken!
Bøkene om Klara formidlar spennande kunnskap om ting som
omgir barn i kvardagen. Dei er illustrerte av Ella Okstad, og
eignar seg både for høgtlesing og å lese sjølv.
Teresa Grøtan (f. 1974) er journalist og har tidlegare m.a. gitt
ut Globaliseringsboka. Ho er frå Stokmarknes i Vesterålen og
bur i Bergen. Den første boka om Klara, Klara kan mykje rart om klede, kjem snart ut i
Danmark.
6-9 ÅR | Pris ca kr. 199,- | ISBN: 9788252180473 | I sal
22
TONE NØRVÅG: POLITIHUNDEN FALK PÅ NATTEVAKT
Politihunden Falk på nye eventyr
Ei lettlesen og spennande bok om politihunden Falk, som bur
saman med politidama Hanne og familien hennar. Denne
gongen skal dei på nattevakt. Falk gler seg! Men det første som
skjer er at dei nesten køyrer på ein gut som er ute og syklar
utan lykt. Det blir byrjinga på ei lang natt, der Falk må slåst med
ein innbrotstjuv og hjelpe Hanne i jakta på ein rømling.
Dette er den andre boka i serien om etterforskarparet Falk og
Hanne.
Boka er illustrert av teikneserieskapar og illustratør Odd
Henning Skyllingstad, og er midt i blinken for både gutar og
‒ 0
Illustrert av Odd Henning Skyllingstad.
Tone Nørvåg jobbar som politi på Sunnmøre og kjenner stoffet
sitt godt. Ho skildrar både politiarbeidet og livet med hund med
innsikt og humor, og det er tydeleg at ho elskar begge delar.
8 – 10 ÅR | ISBN: 9788252181913| Pris ca kr. 179,- | Utg. september
23
10 – 12 ÅR:
ANNE VIKEN: ELISE OG MYSTERIET MED DEI DØDE HESTANE
Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den
bortgøymde Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå
byen for å vere med som assistent. Der treffer ho den
pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste
prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, og finn fort ut at dei
kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen
veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje
farlegare enn Elise hadde førestilt seg.
Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og
energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne
Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og
kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen.
Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og
dyreglade frå 10 til 13 år.
Anne Viken er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent.
Elise og mysteriet med dei døde hestane er debutboka hennar.
10 – 12 ÅR | Pris ca kr. 199,- |ISBN: 9788252178500 | I sal
24
FAKTA BARN:
ERNA OSLAND OG INGER LISE BELSVIK (ill.):
VENNER MED VENGER
Ein dag oppdagar Dina ein fugl utanfor vindauget sitt - den blir den
hemmelege vennen hennar. Saman med kameraten William
bestemmer ho seg for å finne ut meir om fuglar og begynner å
notere i ei lita bok.
Inger Lise Belsvik har gitt 20 norske fuglar eit kunstnarleg uttrykk
som både fangar fuglanes særtrekk og sjel. Alle fuglane blir
presenterte undervegs i forteljinga, og i tillegg i ein eigen faktadel
bak i boka.
Dette er ei enkel, svært vakker og velskriven bok som inspirerer
barn til å uforske, observere og lære om naturen.
Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 med
ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje
kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Erna Osland
har fått fleire prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og
Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris.
Illustrert av Inger Lise Belsvik.
9-12 ÅR FAKTA | Pris ca kr. 249,- | ISBN: 9788252181753 | Utg. september
25
FANTASY:
LENE KAABERBØL: VILLHEKS: VIRIDIANS BLOD
Bok nr. 2 i Villheks-serien!
“D
!D
”
Villheksa Shanaia er fortvilt og sterkt såra. Ho er i ferd med å
mista Vestmark, heimstaden sin, til onde Kimæra. Shanaia ber
Clara om hjelp. Clara anar det verste, men reiser likevel til den
røffe og vêrbitne kysten i Vestmark. Og det ho møter der er både
uvisst og livsfarleg.
Frå 10 år.
Lene Kaaberbøl (f. 1960) starta karriera si som forfattar i ein
alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og er
i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare utgitt serien om
Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for
W.I.T.C.H-serien
Frå dansk ved Øystein Rosse.
FANTASY | Pris ca. kr 199,- | ISBN: 9788252179880 (nn), 9788252179927 (bm) | I sal
26
ASBJØRN RYDLAND: MØRKEMANAREN
Mørk og spennande tredjebok om Drakeguten
Koll er tilbake i Kervad etter den dramatiske turen til
Vilkafjord, men heime er ingenting som før. Ingen vil tru på
han når han varslar om mistenkelege framandfolk i skogen
rundt drakehola. Det varer ikkje lenge før heile Kervad er full
av utsendingar som har høyrt rykte om skatten i hola. Vil dei
verkeleg berre gjere forretningar, eller har dei andre planar?
Saman med Faria, dotter til smeden, tar han kampen opp
mot mørkret som trugar.
Kreftene han får frå Nordavinden blir endå ein gang nyttige,
ò
…
Bøkene om Drakeguten er fantasybøker med svært høg
litterær kvalitet. Les også:
Drakeguten – første bok om Drakeguten
Med eld i hjartet – andre bok om Drakeguten
Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i
Oslo. Han fekk Nynorsk barnebokpris for serien om
Drakeguten i 2012.
FANTASY | Pris ca kr. 279,- | ISBN: 9788252181760 | Utg. september
27
UNGDOM:
ROBERT MUCHAMORE: MENNESKET OG DYRET
Bok nummer 6 i CHERUB-serien
Kvar dag døyr tusenvis av dyr i laboratorieforsøk. Somme seier
at desse eksperimenta gir oss viktig vitskapeleg kunnskap,
mens andre er villige til å gjere kva som helst for å hindre dei.
James og Laura Adams hamnar mellom borken og veden. Dei
er CHERUB-agentar. Profesjonelt opplærte og med ein svært
viktig fordel: Vaksne får aldri mistanke om at barn og
ungdommar spionerer på dei.
– Muchamore-bøkene er de beste jeg har lest. Det er
virkelighet og litt oppdiktet, men det merker man ikke fordi det
er så spennende.
Eirik, 12 år, Manglerud skole
Mennesket og dyret er den femte boka i serien om CHERUB.
Dei tidlegare bøkene i serien heiter Rekrutten, Kokainkongen,
Flukta, Drapet og Heilag galskap.
Frå 12 år.
Frå engelsk ved Øystein Rosse
Robert Muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i
mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er
no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker.
12 – 15 ÅR | Pris ca kr. 189,- | ISBN: 9788252175462 | Utg. september
28
LARS MÆHLE: FUCK OFF I LOVE YOU
Spennande og tankjevekkande roman om val og vold
Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit
usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor?
Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men
skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med
myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da
blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir
…
Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tar
opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer
vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan
rå over?
Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) debuterte med
ungdomsromanen Keeperen til Tunisia
(2002). Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er
basert på denne boka. Mæhle har etter det skrive ei rekkje
bøker for barn og ungdom. Fantasyromanen Landet under isen
(2009) blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris,
UPrisen (Ungdommens Kritikerpris), Fabelprisen, og også
nominert til Brageprisen.
UNGDOM | Pris ca kr. 249,- | ISBN: 9788252181838 | I sal
29
TOR ARVE RØSSLAND: SVARTE-MATHILDA II
Grøssande oppfølgjar!
Den første boka om Svarte-Mathilda blei nominert til Uprisen og
har blitt ein favoritt i skulebiblioteka. No kjem bok nummer to
om Elisabeth og den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer
seg i ein spegel.
Etter dei fryktelege opplevingane i første bok, gler Elisabeth seg
denne gongen til nokre veker på språkskule i Italia. Ho og
venninna Gry blir innlosjert i eit herskapshus i utkanten av
Verona, men anar fort at ikkje alt er som det skal vere i familien
dei bur hos. Kvifor oppfører dei seg så rart? Og kva betyr den
mystiske meldinga frå bibliotekaren Viggo? Har han funne ut
meir om Philip si forsvinning?
Parallelt med denne historia blir vi endå ein gong tatt med
tilbake til Hardanger på 1800-talet, til garden Langetun der
legenda om Svarte-Mathilda har sine røter.
Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er
mest kjent for serien om den vesle kultfiguren Pode. Første boka
om Svarte-Mathilda vart nominert til Uprisen.
UNGDOM | Pris ca kr. 249,- | ISBN: 9788252180503 | Utg. september
30
TERJE TORKILDSEN: DYSTOPIA IV
Dramatisk avslutning av populær spenningsserie
I denne fjerde og siste boka i Dystopia-serien er dei fire
gjenlevande ungdomane komne bort frå dei verste
flaumramma områda ved kysten. Dei er tilbake i ein
sivilisasjon der telefon og internett fungerer, transportnettet
er i orden, pengane har verdi og det er varer i butikkane.
Men handelsblokaden og mangelen på ID-papir skaper likevel
problem for dei. Dei reiser til Victors eksentriske onkel i Berlin
for å få hjelp, men er han til å stole på? Og er det verkeleg
ingen andre enn dei som veit om diamantane?
Dystopia-serien er ein motorveg av ei lesaroppleving,
skreddarsydd for utolmodige og spenningsglade lesarar.
Dystopia III vann Uprisen 2012. Dette er den fjerde og siste
boka i serien.
J
U
:”
spennende bok. Det var lett å leve seg inn i historien og
”
Terje Torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco, som vann
UPrisen. I 2009 kom den første boka i firebokserien Dystopia 2014. Torkildsen vann Uprisen
for andre gong for Dystopia III i 2012.
UNGDOM | Pris ca kr. 229,- | ISBN: 9788252175578 | I sal
31
SAKPROSA:
ASTRID SVERRESDOTTER DYPVIK:
DET VAR DDR. FORTELJINGAR OM EIT NEDLAGT LAND
Kamp om historia
Framleis kan den karakteristiske hakkete lyden av ein gammal
DDR-totaktsmotor utløyse panikkanfall med skjelving og
hjartebank hjå folk som fekk kjenne diktaturet på kroppen. DDR
vart borte i løpet av natta 9. november 1989, men folk lever
framleis med merke etter overvaking, tortur, hjernevask og
fluktforsøk. Då DDR forsvann starta ein kamp om historia.
Korleis kan me forstå DDR i dag 20 år etter muren fall? Korleis
skal DDR forståast, korleis skal vi hugse denne tida? Astrid
Sverresdotter Dypvik har gått journalistisk til verks for å sjå på
kampen om DDR-historia. Det har blitt ei rystande og rørande
bok der me kjem tett på ulike lagnader. I boka møter vi alt frå
stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet i
DDR, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur.
Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar.
I dag er ho tilsett i Nationen, men ho har tidlegare arbeidd i
både Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid.
HISTORIE | Pris ca kr. 349,- | ISBN: 9788252178760 | Utg. september
32
KRISTIN FRIDTUN: NORSK ETYMOLOGISK OPPKOK.
DU VEIT IKKJE KVA DU SNAKKAR OM
Basketak med kvardagsorda
Kristin Fridtun herjar med kvardagsdorda, spretter dei opp og ser
kva som gøymer seg inni. Orda speglar måten me sansar og
skjønar verda på, og Fridtun let dei ikkje få ha løyndomane sine i
fred. Ho tek føre seg mellom anna kropp, natur, kjensler, folk og
fe. Fridtun granskar heilt daglegdagse ord som hovud, sjel, hjarta,
minne, dør, verd, fisk og utfordring. Boka er skriven humoristisk,
lett og ledig. Dette er ei bok som gjev språklege aha-opplevingar,
det er ei bok for alle som snakkar, men òg for den
språkinteresserte. Dette er boka for deg som ikkje veit kva du
snakkar om!
Kristin Fridtun (f.1987) er student og skribent. Ho har master i
norrøn filologi, er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i
2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i
ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Trondheim.
SPRÅK | Pris ca kr. 329,- | ISBN: 9788252181296 | Utg. august
33
OTTAR GREPSTAD: DRAUMEN OM MÅLET.
TILSTANDSRAPPORTAR FRÅ NORGE OG NOREG
Med språket som innsats
Denne boka er skriven med språket som innsats. Ved
inngangen til Språkåret 2013 gir den profilerte språkpolitikaren
Ottar Grepstad ut boka for den som ønskjer påliteleg
informasjon og nye tenkjemåtar om språk i Noreg. Direktøren
ved Nynorsk kultursentrum gir seg ikkje før han har funne dei
avgjerande fakta eller dei ukjende historiene. Boka er blitt til
over tolv år som årstalar om den språklege tilstanden i Noreg.
Dette er både ein journal frå 2000-talet og historiske
perspektiv på ei samtid vi trudde vi kjende. I det siste kapitlet
samlar forfattaren trådane til ein sterk argumentasjon for
nynorsk i det språklege mangfaldet. Draumen om målet er
skriven med den overraskande snerten og dei leikande
sentensane som er Grepstads litterære vassmerke, og som
fekk kritikarane til å rose bøker som Viljen til språk (2006) og
Avisene som utvida Noreg (2010).
Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør ved Ivar Aasen-tunet
i Ørsta. Grepstad har tidligare vore forlagsredaktør,
redaksjonssjef og ass. forlagssjef i Det Norske Samlaget,
redaktør i Syn og Segn 1984-1988, og har vore forfattar og medforfattar av fleire bøker og
talrike artiklar i tidsskrift og aviser.
SPRÅK | Pris ca kr. 429,- | ISBN: 9788252177879 | Utg. september
34
OLAUG NILSSEN: KJØKENBENKREALISME. ÆRLEGE HISTORIER
OM TIDSKLEMMA
Usminka om småbarnsliv
Ofrar du barna for eit umenneskeleg karrierejag? Lar du dei veksa
opp i barnehagen? Eller er du så dum at du vel vekk karriere,
pensjonspoeng og inntekt? Kjøkenbenkrealisme ei bok full av
ærlege historier om familieliv i dag. Du møter heimeverande,
deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis
småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Her vert ikkje
småbarnstida idyllisert, men både søvnmangel, frustrasjonar,
samanbrot og gleder kjem fram. Boka handlar òg om
småbarnsmora Olaug Nilssen. Det er ei rørande historie om
hennar veg frå mykje jobbing og reising til å innsjå at ho måtte
vere meir heime. Olaug Nilssen valde annleis etter at ho fekk barn,
særleg etter at det synte seg at den eine sonen hennar har
særskilte behov.
Olaug Nilssen (f. 1977) er trebarnsmor. Ho debuterte med
romanen Innestengt i udyr i 1998. Sidan den gong har ho skrive
bøker i ulike sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig
stemme i norsk litteratur. Særleg kjend er Nilssen for romanen Få
meg på, for faen som òg er filmatisert. Nilssen har blant anna vore
leiar på Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho kjem frå Solheimsdalen i Førde, men bur no i
Bergen.
SAMTID OG DEBATT | Pris ca kr. 349,- | ISBN: 9788252181319 | Utg. oktober
35
PER INGE TORKELSEN: HUMOR E INGEN SPØK
Eg ska begeistra deg. Eg ska få deg i godt humør, enten du vil
eller ei. Eg ska servera någen kjekke historiar; snåle,
tankevekkande, løgne, og anderledes. Eg ska gje deg kunnskab
du kan gleda deg øve, artige anekdotar du kan briljera med i
det nesta selskabet. Du ska få folk te å slappa av, åbna seg og
trivas trygt.
Eg ska lera deg kordan godt humør, latter og optimisme ska
beriga resten av livet ditt.
Dette e ikkje tungsindigt, det e lyst og lett. Lett å forstå, og lett
å bruga. Hvis du ikkje bler i godt humør av dette, så banke eg
…
Etter meir enn 20 bøker og eit halvt hundreår i humoren og samfunnsdebattens teneste vil
Per Inge Torkelsen heller rose enn erte på seg folk. Krydra med ikkje-injurierande døme og
anekdotar frå mange års kurs og foredrag for organisasjonar og næringsliv, byr han på ei
positiv handbok i kunsten å gi ros. Rikt illustrert med oftast relevante foto.
Per Inge Torkelsen (f. 1953) er komikar, skodespelar, forfattar, radiokåsør, politikar og
sjølverklært klovn. Han har gitt ut fleire bøker, mellom anna Den store, stygge eldre boka og
Ikkje heilt rektige.
HUMOR | Pris ca kr. 349,- | ISBN: 9788252181388 | Utg. september
36
EINAR ØKLAND: NORSKE MALEBØKER
Læremiddel – Kunstformidling – Tidtrøyte - Lokkemiddel
Eit fargerikt pionerverk som med 150 illustrasjonar
dokumenterer og synleggjer eit allment kjent, men usynleggjort
og sterkt underkjent kulturhistorisk fenomen: vel 100 år med
norskproduserte malebøker for barn. Einar Økland har i 40 år
kartlagt og samla fleire hundre titlar som er langt større enn det
som finst i offisielle register. I si kronologiske og perspektivrike
framstilling viser han døme på dei utanlandske forløparane før vi
frå 1890-talet får dei første norskproduserte produkta.
Boka viser korleis store og mindre forlag nytta ei rad kjende og
mindre kjende kunstnarar i produksjonen av ein boksjanger som
ingen hittil har analysert og som berre sporadisk er registrert.
Boktypen er blitt neglisjert og avvist som triviell av kunstfaglege,
litteraturhistoriske og pedagogiske miljø, og pga omfang, ofte
under 16 eller 8 sider, med kartongomslag med ryggstifta rygg,
har jamvel forlag og trykkeri rekna den som så lite viktig at
avleveringsplikta til UB ofte er blitt forsømt. Som bruksbøker er
sjangren dessutan å rekne som sjølvdestruerande, men Økland
har valt å vise både ubrukte forelegg og ”
”
Einar Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur.
Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og
motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.
KULTURHISTORIE | Pris ca kr. 429,- | ISBN: 9788252178777 | Utg. oktober
37
SAKPROSA, POCKET:
MARTA NORHEIM: FRIKSJONAR. ESSAY FRÅ KULTURELLE
GRENSEOMRÅDE
Om kritikk, kunst og litteratur
Kritikaren Marta Norheim utforskar dei uklare sonene som
dannar seg i skjeringspunkta mellom kunst og samfunn,
mellom natur og kultur. Dette fører fram til spørsmal som:
Kvifor er det så mange vampyrar i populærkulturen og så
mange personlege historier i skjønn-litteraturen? Er den
som likar dårlege bøker eit dårleg menneske, eller er det dei
som tenkjer slik som er dei dårlege? Kva har skjedd når
deltakaren oppfører seg som ein tilskodar, og korleis kan eg
vite at ei bok er god? Blir vi overflatiske av å storforbruke
sosiale medier eller blir vi meir sosiale? Kva er forresten gale
med overflata? Og kva er i gjære når det misbrukte ordet
natur tek til å dukke opp i samfunnsdebatten? Alle essaya er
nyskrivne.
Marta Norheim er kunnskapsrik og humoristisk, og skriv ein
lett og ledig nynorsk prosa.
Atle Kittang, Klassekampen
POCKET | Pris ca. kr 149,- | ISBN: 9788252182354 | I sal
IDAR LIND: KVINNENE I RINNANBANDEN
Ei ukjend kvinnehistorie
Sydama Ragnhild Strøm var den første kvinna som vart
verva av Henry Rinnan til tysk teneste. Heilt frå
Rinnanbanden vart etablert på nyåret 1942, spelte
kvinnene ei sentral rolle.
Nesten ein fjerdedel av dei drygt 70 medlemmene var kvinner. Fleire av kvinnene som gjekk
inn i arbeidet for Rinnan, trudde dei gjorde ein heiderleg innsats for motstandsrørsla. Andre
sympatiserte ope med fienden. Idar Lind fortel historia om kvinnene i banden av angivarar,
torturistar og drapsmenn, ei historie som ikkje er fortald før.
POCKET | Pris ca kr. 149,- | ISBN: 9788252182347 | Utg. september
38
HOBBY:
TOVE FEVANG:
KLASSISK BARNESTRIKK. NORSKE MØNSTER 2-8 ÅR
Strikk med nostalgi
Tove Fevang har vore i arkivet til Sandnes ullvare og henta
tradisjonelle oppskrifter heilt tilbake til 50-talet. Det har vorte
ei bok med kjende plagg og mønster tilpassa vår tid.
Oppskriftene vekkjer minne og er som ei lita vandring gjennom
nyare strikkehistorie. Her finn du kofter og gensrar, men òg
sokkar, huver og strikkebukser. Oppskriftene passar frå to til
åtte år, og alle modellane er strikka i ullgarn som toler vask i
maskin. Boka inneheld òg gode forklaringar for den som ikkje er
heilt stø i ulike teknikkar.
Tove Fevang er utdanna innan tekstil, broderi og design. Ho
arbeider med handarbeid som designar, forfattar og
frilansjournalist, og har gjeve ut ei rekkje bøker innan
handarbeidsfeltet. Fevang er busett i Asker.
HOBBY | Pris ca kr. 399,- | ISBN: 9788252181371 | Utg. oktober
39
ORDBOK:
ALF HELLEVIK, MARGUNN RAUSET OG AUD SØYLAND:
NYNORSK ORDLISTE, 11. utgåva
Nynorsk ordliste er klassikaren blant ordlistene. Ho kjem no i
ny og revidert utgåve i tråd med den nye rettskrivinga for
nynorsk. Nynorsk ordliste har 35 000 oppslagsord med fulle
bøyingsformer, ei liste over bokmålsord med nynorske
synonym og ein minigrammatikk. Ein finn også råd om god
nynorsk språkbruk. Ordlista kjem i to utgåver, hefta og
plastinnbunden.
ORDBOK | Pris ca kr. 134,- (hft), kr. 147,- (ib)| ISBN: 9788252181654 (hft),
9788252181647 (ib) | 464 sider | Utg. september
ALF HELLEVIK, HÅVARD HJULSTAD, MARGUNN RAUSET OG
AUD SØYLAND:
ORDBOK FOR GRUNNSKOLEN, nynorsk, 6. utgåva
Ordboka kjem no i ny og revidert utgåve i tråd med den nye
rettskrivinga for nynorsk. Her er 10 000 oppslagsord med fulle
ordformer. Til oppslagsorda høyrer det ordforklaringar,
synonym og brukseksempel. Ordboka inneheld ei omfattande
brukarrettleiing, øvingar i å bruke ordlista og viktige
hugsereglar.
ORDBOK | Pris ca kr. 150,- | ISBN: 9788252181678 | 160 sider | Utg. september
40
TRUDE DAVIDSEN BJERGA OG JOSTEIN STOKKELAND:
ENGELSK-NYNORSK/ NYNORSK -ENGELSK ORDBOK
ENGELSK-BOKMÅL/BOKMÅL-ENGELSK ORDBOK, 2. utgåva
Ny og utvida utgåve med 36 000 oppslagsord. Ordboka er
oppdatert med engelske og norske nyord. Ho gir gode og
presise ordforklaringar og har med mange brukseksempel som
viser orda i bruk.
Alle ord står oppførte med ordklasse, norske substantiv også
med kjønn. Ordboka har med ein minigrammatikk med nyttige
opplysningar om korrekt språkbruk. Nynorskutgåva er i tråd
med den nye rettskrivinga.
ORDBOK | Pris ca kr. 198,- | ISBN 9788252173611 (nn), 9788252173628 (bm) | 468 sider |
Utg. september
KRISTOFFER KRUKEN:
NORSK PERSONNAMNLEKSIKON, 3. utgåva
Ny og kraftig utvida utgåve av den autoritative ordboka om
personnamn. Namna blir grundig forklarte, med tyding
(etymologi), og det blir opplyst om når dei har vore tekne i
bruk og kvar i landet dei helst har vore brukte. Den nye utgåva
byggjer på eit grundig og systematisk arbeid med gransking av
mange ulike kjelder. Framstillinga er halden i eit enkelt språk
slik at ikkje ein treng kjenne til spesiell terminologi for å nytte
boka.
ORDBOK | Pris ca kr. 599,- | ISBN: 9788252173680 | 544 sider | Utg. oktober
41
HØGARE UTDANNING:
JAN EIVIND MYHRE: NORSK HISTORIE 1814 TIL 1905
Å byggje ein stat og skape ein nasjon
Bandet skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå unionsstatus
til å bli ein sjølvstendig nasjon. Landet og innbyggjarane
blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein
nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande
utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar.
Samstundes tok vi steget inn i det moderne, i ein
industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien
og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda.
HØGARE UTDANNING | Pris ca kr. 389,- | ISBN: 9788252174434 | Utg. oktober
OLA SVEIN STUGU: NORSK HISTORIE ETTER 1905
Vegen mot velstandslandet
Dette er den fjerde og siste boka i det nye historieverket
til Samlaget. Bandet dekkjer tida etter unionsoppløysinga i
1905. I denne perioden har Noreg hatt ein sterk
velstandsvekst. Ein viktig tråd i framstillinga er å vise
korleis dette har gått til, ikkje minst korleis internasjonale
tilhøve har lagt rammer og føringar for norsk utvikling.
Næringar retta mot sjøen har vore sentrale gjennom heile
perioden, og utanrikspolitikken har heller søkt tilknyting
vestover enn sørover mot kontinentet. Noreg har også
utvikla ein høg grad av sosial tryggleik og eit lågt
spenningsnivå jamført med andre land, og drøftinga av dei
politiske, sosiale og kulturelle tilhøva som har gjort dette mogleg, får brei plass i
framstillinga. Det blir òg drøfta i kva grad okkupasjonsåra 1940 til 1945 var meir enn ein
parentes i historia.
HØGARE UTDANNING | Pris ca kr. 389,- | ISBN: 9788252174441 | I sal
42