Last opp magasinet her (lav oppløysing).

Nr. 1 - 7. årg. - NOVEMBER 2015
HaFast valde
Fantastiske Osberget
Sjå s. 4
Rotary s. 7
Guidelines s. 8
... www.osberget.no ...
Idunn Dyrhaug s. 14
Utgitt av Fantastiske Osberget
For meir informasjon
www.osberget.no
Ansvarleg redaktør:
Dagleg leiar Magne Grimstad jr.
NY ENERGIBUNT HOS OSS
Layout:
Osberget AS
Trykk
Tinde Design & Trykk
Distribusjon
Alle bedrifter i Hareid, Ulstein
og Sande. 900 eksemplar.
Adresse
Osberget AS
Sjøgata 56
6065 ULSTEINVIK
Tlf. -
7000 9090
Epost - [email protected]
Nett -
www.osberget.no
Innhald
Intervju med Hilde Rogne
2
Villa Verma
3
Hafast med ny profilering
4
Besøk av Hareid Rotary
7
Guidelines 8
Storegjerdesamlinga10
Levd liv og Ei tid va'
11
Total-Bygg12
Filmdag på Bjørke
14
Søkeoptimalisering15
Osberget 15 år
16
Hilde Rogne klar for ny jobb.
Hilde Rogne (44) er den siste tilveksten hos oss i Fantastiske
Osberget. Hilde blir sals- og marknadsansvarleg og skal erstatte
Desiré Gugelmann som gjekk ut i morspermisjon frå 1. oktober.
– I mine tidlegare jobbar har eg arbeidd mykje med sal, kundebehandling og administrasjon. Eg har evne
til å tilpasse meg og likar spennande
utfordringar. Derfor gler eg meg veldig
til å jobbe i Osberget, smiler ho.
Hilde kjem frå Brattvåg i Haram og
har budd i Søvik sidan 1992. Ho har
to gutar på 16 og 18 år og er sambuar
med Roar Kjærstad som har ein gut
og ei jente på seks og ni.
– Vi var klar for litt forandring og tok
sjansen på å flytte på oss. Då tenke vi
at Ulsteinvik kunne vere ein fin plass.
Huset kjøpte vi i april.
Tidlegare har Hilde mellom anna
jobba i Fora Form, Tess, Vard Piping
og Rolls-Royce.
– Kvifor satsa du på Osberget?
– Eg vart tipsa om stillinga, og då eg
såg innom heimesidene til selskapet,
syntest eg det verka spennande. Så
gjekk det slag i slag. Då eg kom heim
frå intervjuet, sa eg til sambuaren min
at dette var akkurat ein slik jobb eg
kunne tenke meg. Eg føler at eg no får
bruke meg sjølv som person. Eg likar å
jobbe med sal og marknadsføring, og
gler meg til å vere ute mellom kundar
og selje produkt som eg veit er bra,
fortel Hilde som er flink til å bygge
nettverk.
– Kva inspirerer deg i arbeidet?
– Eg blir inspirert av glade, positive
kundar. Så trivst eg med mange ballar
i lufta. Når eg kjem på jobb og kjenner
på atmosfæren og den gode energien
som strøymer mot meg frå kollegaene, då er eg kjempeglad for at eg
fekk jobben.
– Kva er den største utfordringa så
langt?
– Det har vore krevjande å sette seg
inn i det breie produktspekteret. Eg
har ikkje jobba med slikt som design,
websider og trykksaker, så læringskurva har vore bratt, men spennande.
Det hender eg drøymer om jobben og
snakkar i søvne om natta …
– Har du hobbyar?
– Eg er friluftsmenneske; likar båtliv,
køyre motorsykkel, gå på fjellet, vere
i aktivitet. Eg er litt propell. Men eg
er også god til å ligge til lading på
sofaen.
– Likar du å reise?
– Ja, både til Syden og på opplevingsturar til storbyar, gjerne saman med
vener.
Tore Klokk, nummer to frå venstre, har bygd opp same finalerigg som 71 grader nord. Riggen er plassert over elva Rauma like
ved Verma. Å forsere elva gir deg eit adrenaiin-kick.
Fjellmannen Tore tilbyr
friluftsopplevingar
Ein av dei Fantastiske Osberget har hatt gleda av å samarbeide med den siste tida, er fjell- og
friluftsmannen Tore Klokk. I tillegg til å jobbe med tilkomstteknikk driv han med friluftsliv.
Tore er såleis eigar av Villa Verma og
driv guidefirmaet Tinder og Banditter som har guida i Romsdalen sidan
1999. Med Villa Verma som utgangspunkt tilbyr Tore fjellføring, klatreturar
og grunnleggjande klatrekurs for
motiverte medmenneske. På heimesida til Tinder og Banditter kan du lese
om dei ulike turane du kan velje.
Ein del av turane krev klatring for å
nå toppen. Klatreutstyr er inkludert i
prisen, og guidane er lokalkjente og
erfarne. Normalt er talet på deltakarar
på turar mellom to og fire. På lettare
turar kan ei vere opptil åtte personar
pr. guide.
Tore Klokk var ein av pionerane då
Aak Fjellsportsenter på Åndalsnes
starta og var tilsett der i 15 år. No arbeider han i eige firma med tilkomstteknikkar og som guide. Sjølv driv han
med klatring, fjellturar, skikøyring,
padling, sykling – og ikkje minst eventyr og ekspedisjonar under fjerne him-
melstrøk. På cv-en har han mellom
anna Denali, Shivling, Cho Oyo og eit
tappert forsøk på vesteggen av Mount
Everest i 1994. Elles har han klatra
i Alpane og mange stader i Norge;
Romsdal, Sunnmøre, Nord-Norge.
Vi i Osberget har i år mellom anna
laga tre nettsider til Tore Klokk, vi har
profilert Villa Verma og skapt ny logo
til Tinder og Banditter. Dessutan har
vi testa fasilitetane på Villa Verma. Det
bør fleire firma gjere!
Kontakt
Villa Verma
Verma Sentrum
Pb. 1, 6330 Verma
To zip-linera er plassert over Rauma.
Fantastisk oppleving.
Ballaktivitet framføre Villa Verma. Huset
kan leigast.
+47 924 56 616
www.villaverma.no
[email protected]
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
3
– Den gamle logoen representerte
ei anna tid. No har vi fått ein logo som
står fram som eit godt symbol for å
bygge bru og knyte folk saman. Hafast
må stå fram tydeleg både lokalt og
nasjonalt. Eg syns den nye logoen underbyggjer bodskapen vår godt, seier
styreleiar Gunvor Ulstein i Hafast.
– Fantastiske Osberget er eit lokalt
byrå som har vist oss at dei forstod
bodskapen og hadde dette under
huda frå start. Dei skjønar kor viktig
det er for storregionen å byggje denne
fjordkryssinga, legg ho til.
Arbeidet med Hafast er inne i ein
spennande fase. Regjeringa har lagt
inn planmidlar i statsbudsjettet for
2016.
– Hafast er det største samferdselsprosjektet i regionen. At vi får
yte vårt bidrag, ser vi på som ei ære,
fortel Magne Grimstad i Fantastiske
Osberget. – Dette er eit prestisjefullt
oppdrag for oss, som vi har sett inn
alle våre ressursar for å lykkast med.
Hafast er av både nasjonal og internasjonal interesse.
Styreleiar i Hafast, Gunvor Ulstein, saman med Magne og Åge Grimstad i Fantastiske
Osberget.
Bruselskapet jobbar no mot Nasjonal transportplan 2018–29.
– Ambisjonen vår er å setje spaden i jorda innan 2020, seier Gunvor
Ulstein.
OM HAFAST
Hafast er valt som traséval for E39. Målsettinga er å køyre ferjefritt frå Stavanger
til Trondheim. Hafast er det viktigaste
samferdselsprosjektet i vår region og vil
få store og positive konsekvensar innan
fleire tenesteområde.
Art Director Hildegunn Welle og prosjektleiar Stine Johnsen har stått for designen av den nye logoen.
Hafast får ny
logo og nytt design
Hareid fastlandssamband AS har gått inn avtale med kommunikasjonsbyrået Fantastiske
Osberget i Ulsteinvik om levering av logo, grafisk profil, nettside, presentasjonsmateriell med
meir. Byrået fekk oppdraget i konkurranse med fleire. Hafast vil nytte den nye logoen i all skriftleg
kommunikasjon og i digitale media.
Dei to designarane i Fantastiske
Osberget som har hatt hovudansvaret
for utviklinga av logoen, er Hildegunn
Welle og Stine Mari Johnsen. Dei fortel
dette om tankane bak arbeidet:
– Hafast skal stå fram som ein solid
og trygg aktør som vil skape meirverdi
for folket med eit ferjefritt samband
mellom storregionen Sunnmøre. Med
kortare og enklare reiser opnar det
moglegheiter for både næringsliv,
utdanning og karriere. Hafast samlar
fenomen som gjer regionen smart og
4
pulserande; kunst og kultur, vibrerande natteliv, spektakulær natur og kort
veg frå urbant bymiljø til fjell, fjord og
hav, seier dei og forklarer:
– Logoen for prosjektet skal formidle den positive effekten av Hafast.
H-en skaper logosymbolet og skal
syne Hafast som bindeleddet mellom
Søre Sunnmøre og Ålesund-regionen.
Fjord skal ikkje lenger vere ei hindring, der Hafast står mellom. H-en er
fjella og fjorden mellom, men også
knutepunktet og sambandet mellom
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
områda i regionen. Forma er stødig
og viser stabilitet og eit trygt forankringspunkt. Med dynamiske linjer
som kryssar, gir den eit menneskeleg
preg og symboliserer møtepunkt og
områda som vert knytt i hop.
Kan ny kunnskap gjøre deg
til en viktigere medarbeider?
VÅRE ÅPNE KURS I ÅLESUND OG ØRSTA HØSTEN 2015
INNFØRING I
RISIKOVURDERING
11. nov kl. 12 – 15.
Kurssted: Stamina Helse
Ålesund
VERNEOMBUDETS DAG
17. nov kl. 09 – 15
Kurssted: Pinsekirka Kurs og Konferansesenter på Moa
STRESSMESTRING
– EN HVERDAG I BALANSE
25. nov kl. 12 – 15
Kurssted: Stamina Helse
Ålesund
FØRSTEHJELPSKURS
03. des kl. 09 – 12
Kurssted: Strømpeneset
Konferansesenter i Ørsta
KONFLIKTHÅNDTERING
03. des kl. 12.30 – 15.30
Kurssted: Strømpeneset
Konferansesenter i Ørsta
FØRSTEHJELPSKURS
08. des kl. 15 - 18
Kurssted: Pinsekirka Kurs og Konferansesenter på Moa
PRIS:
1/1 dag 1990 for medlemmer
og 2490 for ikke medlemmer.
½ dag 1290 for medlemmer
og 1590 for ikke medlemmer.
Prisen inkluderer alt kurs
materiell, samt servering og
pausemat.
PÅMELDING:
Tlf: 70 15 25 50 eller
[email protected]
FRIST:
ca. 10 dager før kursdagen
(mandag uken før)
staminagroup.no
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
5
VI FÅR DEG TIL Å SMILE!
Vi er sterkt team som består av fire allmenntannlegar, ein med
spesialkompetanse i implantatprotetikk, og ein periospesialist.
Alle våre medarbeidarar vil strekkje seg langt for at du skal få ein god
Hareid Rotary
på bedriftsbesøk
opplevelse her hjå oss!
Herøy Tannlegesenter AS, Eggesbøvegen 2, 6092 Fosnavåg | 70 08 00 90 | [email protected] | www.heroytannlegesenter.no
Hareid Rotary på bedriftsbesøk. Foto: Aage Nytun.
Sjøgata 62 - 6065 Ulsteinvik - 70 01 62 00 - [email protected] - www.dengamlenabo.no
kr.
Ta
kontakt
i dag!
99
inkl. kaffi
Pizza - lunsj/Buffét
Spis så mye du vil fra vår buffét for kr. 99,Mand - fre. 11300 - 1500
6
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
Julebord
Ta kontakt for julebord. Vi serverer juletallerken og lager julestemning.
Mandag 12. oktober kom Hareid Rotary på bedriftsbesøk til
Fantastiske Osberget. Vel 25 personar hadde teke turen over
Eidet for å høyre meir om selskapet.
Fantastiske Osberget har ei rekke
Hareidsbedrifter i sin portefølje, og
valte denne kvelden å fokusere på det
sterke næringslivet i Hareid. I kommunen finn vi ei rekke bedrifter som gjer
det godt både nasjonalt og internasjonalt. Og med HaFast vil kommunenen bli eit senter for det viktigaste
samferdselsprosjektet i nyare tid.
Kanskje det mest spennande og interessante var når Fantastiske Osberget henta fram gamle bilde frå Hareid.
Sidan vi ikkje hadde alle opplysningane, fekk vi ein interessant diskusjon
omkring bilda og korleis det har vore i
kommunen dei siste femti åra.
Om ei slik samling kan vere interessant for di bedrift eller din organisasjon, så er det berre å ta kontakt med
Fantastiske Osberget på telefon 7000
9090 eller sende ein epost til post@
osberget.no.
Vertskapet: Åge og Magne Grimstad.
Om Rotary:
Rotary er en tjeneste- og yrkesorganisasjon. Forretningsidéen er medmenneskelighet og varen er å tjene andre.
Rotarianere tilbyr sine tjenester både
lokalt og internasjonalt, både gjennom
arbeid og økonomisk støtte.
Kilde: www.hareid.rotary.no
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
7
halvt år og både lærte og opplevde
mykje. Men draumen frå vidaregåande
var ikkje heilt oppfylt. Derfor starta ho
endå ein gong på Imageakademiet for
å skaffe seg kompetanse som konsulent innan tekstil, materialbruk, farge,
form, snitt: – Noko av det eg har lyst
til å arbeide meir med, er tekstil og
materialforbruk.
– Bestefar
inspirerte meg
til å følgje
idéane mine
Starta for seg sjølv
Cecilie Desireé Jevanord henta inspirasjon frå bestefar Kåre Hatløy.
Cecilie Desireé Jevanord (33) starta i haust sitt eige konsept, Guidelines, i Ulsteinvik. Her vil
ho drive med makeup, sal av hudpleie og rådgiving med omsyn til garderobe; snitt, farge og
tekstilbruk. Vi møter Cecilie ein onsdagsmorgon i det koselege lokalet hennar i Bjørndalsvegen
9. Det første vi legg merke til, er symaskina på bordet. Det skal vi kome attende til. Cecilie er ei
av desse unge, målretta kvinnene som har vore ute og skaffa seg kunnskap og erfaring, som så
vender heim for å gjennomføre ideane sine.
Inspirator
Cecilie voks opp i Ulsteinvik, men
flytta til Bergen for å gå på skule i
2001. På Merkantilt Institutt lærte ho
reklame og design. Men opphaldet i
vestlandshovudstaden skulle bli kortvarig fordi morfaren Kåre Hatløy vart
alvorleg sjuk:
– Eg var nært knytt til bestefar, og
eg ville gjerne vere heime med han
den siste tida, fortel ho. Hatløy dreiv i
si tid UFAS og var forretningsmann på
sin hals.
– Kåre har vore ein stor inspirator
for meg. Han lærte meg å ikkje gi opp.
Viss du hadde skikkeleg lyst på noko,
så måtte du berre stå på og få det til,
fortel Cecilie.
Kåre døydde i 2005. Medan Cecilie var heime, jobba ho i Skeidar
8
i Ulsteinvik. Men så i 2008 braut ho
foten - med etterfølgjande blodpropp
i lungene: – Eg trudde det var akutt
kols, ler ho, for eg hadde vanskar med
å puste. Det var alvorleg. Heldigvis
kom eg raskt på sjukehuset.
Ei ulykke kjem sjeldan
åleine
For Cecilie kom ikkje ulykka åleine:
Medan ho gjekk sjukmeld, bestemte
Skeidar seg for å legge ned avdelinga
i Ulsteinvik. Ho kjende seg langt nede,
utan jobb og alvorleg sjuk:
– Men der på botnen tenkte eg med
eitt at dette var ein kjempesjanse til å
starte noko nytt. Eg fekk snakka med
saksbehandlaren min på NAV, og vi
vart samde om at eg skulle satse på
omskolering. Medan eg venta på at
brotet skulle gro, søkte eg på skule, og
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
på nyåret i 2009 gjorde eg noko som
eg hadde tenkt på sidan eg gjekk på
vidaregåande. Eg hadde nemleg vore
glad i å teikne, skape noko frå «ingen
ting». Dermed enda eg opp på Imageakademiet i Oslo. Der utdanna eg meg
mellom anna til sminkør, men då med
heile breidda og djupna i dette faget:
Eg lærte sminke for foto, film, teater
og scene. For å stå endå betre rusta,
ville eg gjerne også kunne hår. Derfor
tok eg tok frisørskulen i tillegg.
Huka av Jan Thomas. Ikkje før var
Cecilie ferdig med utdanninga, så vart
ho huka av Jan Thomas Studio i Oslo.
– Eg hadde vel eigentleg ikkje så lyst
til å byrje hos Jan Thomas; eg frykta
litt all merksemda. Men dei overtydde
meg om at det ikkje ville bli så ille.
Så i 2011 tok ho til hos kjendisen og
kollegaene hans. Der var ho i to og eit
For Cecilie var tanken heile tida å
flytte heim til Ulsteinvik. På nyåret i
2014 følte ho at ho hadde vore med
på så mykje at ho kunne ta farvel med
Oslo med den ballasten som skulle til
for å klare seg på eiga hand. Medan
ho gjorde seg klar til å setje idéen sin
ut i livet, livnærte ho seg med å jobbe
litt hos Skeidar i Ørsta og litt i ein
barnehage. Ho tok over lokala i Bjørndalsvegen i Ulsteinvik i vår, og den 14.
august opna ho Guidelines, hennar
heilt eige konsept.
– Kva gjer du?
– Først og fremst inviterer eg folk inn
til ein god prat. Mange har spørsmål
om makeup. Sjølv om fleire seier dei
ikkje kan noko om makeup, har dei
som oftast ei meining. Eg ønskjer å gi
dei råd og hjelp, slik at dei godt kan
klare dette sjølve. Eg snakkar gjerne
med folk om snitt, form og fargeval;
gir råd om korleis du kan kle seg slik
at du kjenner seg vel.
Makeup, hudpleie og råd
om kle
Til no har arbeidet i Guidelines gått
mest på makeup og hudpleie. Cecilie
fører ein hudpleieserie importert frå
New York som rettar seg mot begge
kjønn, og som ho nyttar sjølv. Dessutan har farging og forming av bryn
eksplodert: – Det er jo ikkje så rart,
det er trass alt hår du skal ha midt i
ansiktet, og i likskap med skjeggtrenden vi er inne i no, er det greitt at ein
held det ryddig og stelt. Dette er noko
eg driv med som folk verkeleg set pris
på, fortel ho.
Cecilie har inngått avtale med Aleris
i Oslo og Muritunet i Valldal. Ho skal
yte konsulentbistand og garderoberettleiing for folk som har gått dramatisk ned i vekt:
– Det ligg mange utfordringar når
ein er under vegs mot ein ny kropp. Eg
vil gjerne at tekstil og tekstilforbruk
skal vere berekraftig, og dette er ein
bra plass å starte.
– Kva med symaskina?
– Den står her berre til mitt eige bruk.
Men tanken er at eg skal kunne nytte
ho også i jobbsamanheng, litt etter
litt. Sjølv gjer eg ofte endringar på
plagg eg har kjøpt. Eg følgjer ikkje
alltid den vanlege malen.
– Kva er den største utfordringa med å
starte eit slikt studio?
– Det tar tre gonger så lang tid og
tre gonger så mykje pengar som ein
gjerne trur med etableringar. Men
eg har gjort mykje sjølv for å halde
kostnadene nede. Mamma og pappa
har vore gode å ha som rettleiarar; eg
hugsar godt tida på butikken deira,
Fonzie, sjølv om eg ikkje var så gammal. Eg likte atmosfæren allereie då,
Cecilie har stor interesse for makeup og sal av hudpleie.
så eg var nok biten av basillen nokså
tidleg.
– Elles kan det vere ei utfordring å
få folk merksame på noko nytt. Hadde
eg etablert meg på eitt av sentera,
ville det kanskje vere lettare for nysgjerrige å titte inn, men eg trur ikkje
konseptet hadde passa inn der rett og
slett. Men eg stortrivst i lokala mine,
og folk er utruleg positive når dei
kjem inn, det er veldig kjekt med slik
respons. Alle er velkomne inn hit, med
eller utan agenda, insisterer Cecilie.
Hobbyar?
– Får du tid til hobbyar?
– «Hobbyen» min akkurat no er å
renovere eit gammalt hus i Vågeskaret
på Dimna. Men elles likar eg godt å
lage mat, eksperimentere med mat,
oppleve ny mat. Mat er fantastisk. Far
min har alltid utfordra oss på å prøve
nye rettar. I Oslo har du mykje å velje
mellom innan matkultur.
– Har du ein favorittrett?
– Nei, det har eg ikkje. Eg leitar stadig
etter spennande smakar.
– Les du?
– Det har blitt lite tid i det siste. Men
eg er veldig glad i å lese.
– Kva gjer du elles i fritida?
– Fritid? Det blir fint lite av det. Eg er
kjempeheldig om eg tek meg tid til
å gå på quiz på Kaffikari torsdagane.
Det er eit herleg avbrot. Elles har eg
avtalt ein tur til Oslo for å møte gamle
vener før jul. Det ser eg fram til, svarer
Cecilie Desireé Jevanord, som i desse
dagar har fått ny nettside, guidelines.
no, levert av Osberget AS.
Nytt studio i sentrum av Ulsteinvik.
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
9
Olaf Storegjerde
I november kjem boka Fotograf Olaf Storegjerde – mannen og verket. Det er Sande sogelag i
samarbeid med Osberget AS i Ulsteinvik som står bak utgivinga. Boka vil innehalde både ein
biografisk del og ei stor samling unike bilde frå Søre Sunnmøre og Nordfjord.
Arbeidsgruppa: F.v.: Arthur Vestnes, Hilde Brune Nystøyl, Marte
Storegjerde, Rune Oksavik og Kjell Ove Vasstrand.
Bilde til venstre syner Hareid omkring 1930. Åsendalen nærast. Til høgre ser vi Hareid i 2015. No-bilde: Joar Ødegård.
90000 >
Ulstein
Historielag
2 015
Osberget AS
9 788299 881098
cover_levd_liv_2015.indd 1
18.09.15 09.03
Årsskriftet til Ulstein Historielag Levd liv, ligg føre. I årets utgåve er krigen og fredsdagane eit
viktig tema. Men her er også fersk historie: Den såkalla Trekantsaka var avgjerande for utviklinga i
Ulsteinvik. I år er det 10 år sidan dei siste og avgjerande vedtaka i Trekantsaka i Ulstein.
Sigersglede: Kjell Rud (A) var sentral i arbeidet med å få
Trekantsaka igjennom. Her saman med hotelldirektør Sølvi
Lillebø Remøy og Trond Berg, rektor ved Sunnmøre Folkehøgskule. (Foto: Vikebladet).
Sjefen for den tyske styrken på Kvitneset ringde og bad om
å få overgi styrken sin. Dei gav han ordre om å kome til ein
samtale på Central Hotell i Ulsteinvik. Her er den lokale tyske
leiinga på veg inn på hotellet.
Kven fekk ideen? Når kom saka aviser og publikum for
øyre? Når gjorde kommunestyret dei viktigaste vedtaka?
Kvifor vart Trekantsaka så avgjerande for utviklinga i
Ulsteinvik? Alt dette og mykje meir kan du no lese om i
artikkelen som også er rikt utstyrt med bilete av dei mange
aktørane i saka.
Levd liv 2015 er på heile 180 sider og rommar 15 artiklar,
alle saman illustrerte med bilete.
– Ulstein Historielag sitt mål med Levd Liv er å knyte
band bakover og slik vere med på å skape større interesse
og kunnskap om den lokale historia. Opplaget i år blir på
800, fortel leiar i Ulstein Historielag, Aksel Hauge. Han er
klar på at dei aldri hadde klart å skape Levd liv utan at dei
mange velvillige forfattarane og informantane rundt om i
bygdene i Ulstein.
Hareid historielag
ÅRSSKRIFT I NY BUNAD – OG NETTSIDE
Årsskriftet til Hareid historielag ligg no føre i ny
bunad og med stive permar. Boka har også fått
nytt namn, Ei tid va`, og har så langt fått fin
mottaking hos lesarane.
Hareid historielag samarbeidet med Osberget om årets
nysatsing, som også omfattar ny nettside til laget.
– I innhaldet i årets bok er mangslunge. Ein tredel av
boka handlar om Kvitneset i Hareid kommune. Det er i
år 75 år sidan Tyskland gjekk til krig mot Noreg og 70 år
sidan okkupantane vart sende heim. På Kvitneset bygde
okkupantane eit kystbatteri som skulle sikre innseglinga til
Ålesund. Restane står der enno i dag. Frå det tyske felttoget mot Sovjetunionen kom der krigsfangar til Brandal. Dei
vart internerte i ein primitiv leir i Englandsvika. Om desse
Årsskrift for Hareid historielag 2015
Dette biletet er frå prestegarden på Larsnes. Det er teke om
lag der Larsnes kyrkje står i dag. Biletet er eit godt døme på
fotografen si gode evne til å komponere eit kunstnarleg foto.
Det kan vere frå omkring 1915.
Levd liv fortel om Trekantsaka
ISBN 9788299881098
Årsskrift
Ei tid va’
Fotograf Olaf Storegjerde (1879 – 1958) hadde sitt virke i
ein periode på over 50 år, frå kring 1904 til 1957. Han vart
fødd i Hallebygda ved Larsnes, der han budde fram til 1940
då han flytta til Ulsteinvik. Opplæringa si fekk han i Trondheim rundt 1903.
Fotosamlinga etter han representerer eit stort og verdfullt fotohistoriske materiale frå Søre Sunnmøre og Nordfjord. Samlinga omfattar over 7000 bilete med eit overveldande mangfald i motiv som dokumenterer nær sagt alle
område i samfunnslivet. Mange av bileta representerer
fotografiets tidlege historie i vår del av verda.
– Bokutgivinga er ein milepæl for alle oss som sidan
1980 har arbeidd med å avfotografere og samle informasjon om denne unike fotosamlinga etter Olaf Storegjerde.
Vi ser fram til utgivinga og trur at alle som skaffar seg
denne praktboka, vil få eit kulturminne som er gull verdt,
seier Arthur Vestnes. Han er ein av pionerane og sit i arbeidsgruppa for Storegjerdesamlinga og boka.
Olaf Storegjerde var ikkje først og fremst ein studiofotograf som tok imot kundane i sitt faste atelier. Han gjorde
det også, men verksemda hans var i stor grad oppsøkande.
Han var stadig på reisefot med båten sin, til fots eller på
sykkel. Ville han på jakt etter eit spesielt motiv, var han
ikkje redd for legge i veg. Det er derfor samlinga etter han
er så allsidig og unik.
Asle Geir Widnes Johansen har skrive den biografiske
delen, og Hildegunn Welle i Osberget AS står for utforming
og design. Boka vil også innehalde ein del nobilde som
illustrerer utviklinga på våre kantar.
Ulstein Historielag
Osberget AS
Levd liv - Årsskrift Ulstein Historielag 2015
fotograf
Ulstein historielag
Ulstein Historielag vil med
årsskriftet “Levd liv” knyte
banda attover til den lokale
historia, og med dette vere med
på å skape større interesse og
kunnskap om lokale historie.
Levd
liv
avgjerande åra for folket på Kvitneset
har vi med fleire artiklar, fortel redaktør
Ei tid va’
Ei tid va’
av boka, Finn Sindre Eliassen.
Eliassen gir også andre døme frå
innhaldet i boka:
– Kjell-Einar Ljones har skrive om lækjar Hans Petter
Lie frå Hjørungavåg, ukjend for dei fleste. Han arbeidde i
lag med Armauer Hansen i Bergen om å kjempe ned den
frykta lepra-sjukdomen. – Elles har vi artiklar om spreidde
emne: fotballkampen mellom Hødd og Hareid i 1981, barndomsminne frå Hjørungavåg, Hjørungnamnet, krigsminne
frå Hareid, kvinnerørsla i Hareid og Brandal Motorverksted
AS.
Boka er rikt illustrert. For ein stor del med bilde som
ikkje tidlegare er offentleggjorde.
Å rsskrif t 2015
Å rssk r if t 2015
ISBN 9788299887434
90000 >
9 788299 887434
ei_tid_va_kjernecover.indd 1
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
14.09.15 12.12
11
– Eg elskar å sjå logoen
vår på ein byggeplass
Thor Ove Nedrelid er tredje generasjon i selskapet bestefaren starta i 1958. Du skal ikkje snakke
lenge med 32-åringen før du blir slått av gløden han har for jobben og firmaet.
Det var i 1958 at Johannes Nedrelid starta Hjørungavåg
Byggelag. Etter kvart tok sonen Jostein over det som i dag
er Total-Bygg AS, lokalisert til Hjørungavåg. I dag eig far
og son selskapet med åtte tilsette og med den revisor- og
økonomiutdanna Thor Ove som dagleg leiar. Selskapet
har endra fokus dei seinare åra. I dag driv Total-Bygg med
eigedomsutvikling; identifiserer og regulerer tomteareal
og utviklar og prosjekterer bustadkonsept som dei sel nøkkelferdig.
Eitt av prosjekta der firmaet no driv ei storstilt utbygging,
er det nye Hofsetsvingane i Ulsteinvik. Her skal Total-Bygg
føre opp 45 bueiningar. Samtidig har Thor Over og co.
kasta auga sine på eit fint område på Grimstad. I forlenginga av Geilane mot Hareid ligg Iverskogen som selskapet
no regulerer. Målet er å få arealet byggjeklart før jul, 19
bueiningar i alt:
Bigset eller Hareid skule, reklamerer Thor Ove.
– Vi merkar nok at marknaden er meir spissa og selektiv
enn han har vore dei siste åra. Folk har blitt litt redde og
har sett på bremsene. Vi må jobbe meir for kvart sal. Vi lar
no kundane få større høve til å tilpasse husværa til ønska
sine.
– Kvifor ville de å friske opp profilen dykkar?
– Vi hadde eit ønske om å profilere oss meir einsarta. Vi
hadde prøvt mykje, brukt ulikt reklamemateriell og såg at
dette ikkje fungerte godt nok. Derfor valde vi å ta kontakt
med dei som har vore tydelegast og best på dette lokalt,
og som kommuniserer optimisme, glede og energi, verdiar
vi identifiserer oss mykje med. Derfor valde vi Osberget
som har hjelpt oss med å stå fram med ein fokusert og tydeleg profil i marknadsføringa. Vi har rett og slett blitt meir
profesjonelle på dette området.
Kvalitet og heilskap
Godt samarbeid
– For oss er det viktig å tenkje kvalitet, ikkje berre kvantitet.
Derfor vil feltet innehalde både einebustader, tomannsbustader og nokre hus med fire leilegheiter – og med ein
leikeplass i midten. Vi kopla naboane tidleg inn i prosessen og ønskjer at feltet skal stå fram som ein heilskap. Eg
trur vi har funne eit konsept som vil falle i smak. Det har
vore mangel på einebustadtomter i Hareid, og dette feltet
ligg fint til; flott utsikt, Grimstadvatnet like ved, turstiar,
sentrumsnært og så kan foreldra velje om borna skal gå på
– Korleis har samarbeidet med Osberget vore?
¬– Det kan seiast med to ord: heilt fabelaktig.
– Du er kjend som energisk og idérik. Er du slik?
– Eg har energi og brenn for det eg held på med. Vi har
nok hatt nokre gode idéar og sett moglegheiter som vi har
tort å setje ut i livet. Så har vi klart å forhandle fram gode
tomtekjøpsavtalar i fine felt, og eg tru avtalane har vore
gjensidig fordelaktige både for oss og grunneigarane. Samtidig har vi klart å setje saman gode finansieringspakkar. Vi
har nok også hatt ein del flaks, smiler han.
– Kva er den største utfordringa?
– Det er ei stor utfordring og stadig sikre seg tilgang til
gode tomter. For å skape økonomisk resultat er vi avhengig av kundegrunnlaget. Då må vi evne å sy saman konsept som det er kjøparar til og som vi til slutt tener pengar
på. Vi har vel hatt litt liten eigenkapital i høve til storleiken på dei felta vi ha bygd ut. Men vi har hatt god støtte
i Sparebanken Møre som verkeleg er ein bank som tek
samfunnsansvar. Dei har følgt oss gjennom fleire prosjekt,
og vi samarbeider godt. Elles er det generelt ei utfordring
å heile tida forbetre seg for å henge med i denne bransjen.
Det jobba vi med kvar dag.
– Kva likar du best ved arbeidet ditt?
– Eg likar at det er opp til oss sjølve kva vi skal skape. Vi
startar med ein idé og ser ein sjanse. Så har vi alle utfordringane undervegs. Du legg hovudet på blokka kvar gong,
men samtidig har du eit mål det er mogleg å nå. Eg brenn
verkeleg for dette; Total-Bygg betyr mykje for meg, historia
bakover til starten i 1958, derfor jobbar eg hardt og likar
det.
Manchester United
– Kva kan inspirere deg i arbeidet?
– Eg elskar å sjå Total-Bygg-logoen på ein byggeplass;
å kome til eit fint felt, sjå bygga reise seg, oppleve sluttresultatet, det er utruleg artig. Og så er det kjekt å høyre
kommentarane frå nøgde kundar. Heile denne totalpakken
gir inspirasjon.
– Har du hobbyar?
– Eg er ein lidenskapleg Manchester United-fan og har vore
mykje i England for å følgje laget. Eg fekk sansen medan
eg var gut, før oppturen byrja. Så eg har fått med meg heile
reisa.
– Les du?
– Eg er veldig glad i å lese, til dømes historiske romanar
av forfattarar som Bernard Cornwell (historia om Uthred
Utredson og vikinginvasjonen av England). Men kanskje
endå viktigare: Av dei siste fem bøkene eg las, var The God
Delusion av Richard Dawkins og Fooled by Randomness av
Nassim Nicohlas Taleb. Sistnemnde er ei glimrande bok
som eg trur mange kan ha godt utbytte av, og som er aktuell også for utvikling av tankesett i jobbsamanheng. Eg må
også nemne Farvel Norge av Jon Hustad, ei tidsaktuell bok
som er verdt å få med seg.
– Kvar går neste reise?
– Ho går til New York. Den 27. november reiser vi og blir
borte ei vekes tid. Eg er glad i å reise og har brukt mykje
pengar på det i staden for dyr bil eller båt. Eg har reist i
over 20 statar i USA.
– Korleis ser du på framtida?
– Eg er optimistisk. Det er i slike litt vanskelege tider som
vi har no, du kan gjere dei gode avtalane. Dei som torer å
satse, får ofte nyte godt av det seinare. Som eksempel kan
huskjøparar gjere gode avtalar no. Dei får gjerne endre
planløysingar - tillegg til ein lågare og meir fleksibel pris
enn i ein høgkonjunktur då alle skal kjøpe. For dei som
torer å satse for framtida, kan det også vere mogleg å
inngå langt betre avtalar enn det som er tilfelle når alle
er optimistiske. Under finanskrisa i 2008 sa nokon at «det
er i slike tider formuar blir skapt og tapt», og eg trur også
at dette gjeld i dagens situasjon. Eg trur den sunnmørske
entreprenør- og gründerånda vil syte for at mange verksemder i regionen vil finne nye vegar og kome styrkte ut av
oljenedturen.
Dagleg leiar Thor Ove Nedrelid
i Total-Bygg AS.
12
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
13
STÅR KLARE TIL Å PASSE TENNENE DINE
Hos Herøy Tannlegesenter
er dei klare til å ta seg av
tennene dine. Der finn
du eit sterkt team med
fem allmenntannlegar,
ein spesialist i
tannkjøtsjukdommar og
tannhelsesekretærar. Dei lovar
å strekke seg langt for at du
skal få ei god oppleving hos
dei.
Med dette utgangspunkt har vi i Fantastiske Osberget skapt ein profil som
skal syne den positive opplevinga du
får som pasient hos Herøy Tannlegesenter. Logoen med smilet har falle i
god jord. Vi trur smilet kler opplevinga
både tannlegar og pasientar sit att
med etter ein time hos Herøy Tannlegesenter. Vi takkar for oppdraget!
Sjekk nettsida: www.heroytann.no
Dagleg leiar Idunn Dyrhaug ved Herøy
Tannlegesenter i fotostolen.
VI HJELPER DEG MED SØKEOPTIMALISERING
Messestanden til Sykkylven Vidaregåande skule.
- Vi er strålande nøgde
Fantastiske Osberget har levert messevegg og rollup til
Sykkylven vidargåande skule til utdanningsmessa 27. oktober ved Sykkylven ungdomsskule. Skulen melder tilbake at
det var ei vellukka messe.
Rektor Barbro Oline Midtgård skriv til oss: "Vi er strålande nøgde!! Berre lovord å høyre overalt. Messekvelden
vart ein suksess! Tusen takk for godt utført arbeid. Vi håper
å kunne nytte Oseberget ved neste høve."
For oss i Fantastiske Osberget er det viktig at leveransen
har høg kvalitet og at kunden er nøgd. Sukesessen ligg i
eit godt samarbeid med oss som leverandør og Sykkylven
vidaregåande skule som kunde. Vi takkar for det gode samarbeidet.
Du er sikkert klar over fordelane med
å rangere høgt i søkemotorane - også
kalla Search Engine Optimisation –
SEO. SEO-sjekklista er designa slik
at du kan sjekke om nettstaden din
oppfyller dei foreslåtte retningslinjene
hos dei største søkemotorane
Grunnmuren eller webarkitekturen
må vere på plass før du byrjar å optimalisere innhaldet og tekstane. Men
for å oppnå god rangering over tid må
du ha ein nettstad som er så interessant at folk nyttar den, og andre
nettsider lenkar til den (kvalitet). Vår
SEO-sjekklista er delt inn i positive og
negative faktorar som kan ha innverknad på rangeringa til nettstaden din i
søkemotorane.
Kontakt oss på 7000 9090 eller
[email protected] for tilbod.
Søkeoptimalisert.
KORTREISTE TRYKKSAKER
www.tindetrykk.no
Elevar og lærarar med ein annaleis og morsom skuledag.
Filmdag på Bjørke Nærskule
Måndag 19. oktober hadde Fantastisk Osberget ein fantastisk filmdag på Bjørkedal Nærskule. Vi skal lage film som
skal visast på kinoane i nærområdet og ikkje minst visast
på YouTube.
14
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
Takk for ein fantastisk dag saman med elevar og lærarar.
Bjørkedal Nærskule ligg i Bjørkedalen i Volda kommune.
Skulen er eigd og driven av ei foreining med foreldre.
Fantastiske Osberget Magasin - November 2015
15
B
Til
Dagleg leiar / Marknadsansvarleg
Returadresse:
Osberget AS,
Pb 168 - 6067 Ulsteinvik
VI FEIRAR 15 FANTASTISKE ÅR
Osberget As, tidlegare Ulstein IT senter, har halde
til i Ulsteinvik sidan år 2000. Den 8. august starta
Magne Grimstad jr. og Jostein Vartdal bedrifta i
leigde lokale hos Sunnmøre Folkehøgskule. Den
første tida var det data, nettsider og datakurs som
var bedriftstenestene. I dag er produktspekteret
breiare, men framleis er nettsider og nettdesign
ein viktig del av porteføljen.
- No er vårt hovudfokus nettsider og vår eige CMS-system,
Osberget CMS, ved sida av grafisk design i alle fasettar - og
bokprosjekt, seier Magne Grimstad jr. Kursdelen vår vart selt
til Furene AS i 2013.
- Vi ser tilbake til 15 fantastiske år, mykje har skjedd. Ein
gong var papirverda viktigast. No er det i stor grad digitale
medium som styrer marknadsføring og reklame. Men uansett
om det er papir eller digitalt, så handlar det om menneske.
Dei tilsette ved Osberget markerer at det er 15 år sidan oppstarten.
Vi skal ha fantastisk glade kundar, seier dagleg leiar Magne
Grimstad jr.
Vi gler oss til dei neste 15 åra!
MANNEN OG VERKET
Ber du på ein
bokidé?
Årets
gåvebok
kr. 400
FOR BESTILLING
www.osberget.no/nettbutikk
[email protected]
7000 9090
Vi hjelper deg
å kome i mål!
Ring oss på tlf. 7000 9090 eller
send epost til [email protected]
e: [email protected] w: www.osberget.no
Fantastiske Osberget Haustmagasin Utgjevar: Fantastiske Osberget
F otograf O l af S toreg j er d e