Omtale av føredragshaldarane

Malavi UB
Maria Heimsæter, Dagleg leiar i
ungdomsbedrifta Prosjekt Malawi ved
Flora Vidaregåande skule
Tor Arne Johnsen
Camilla Stoltenberg
Prosjekt Malawi er ein Ungdomsbedrift i frå Flora
Vidaregåande skule, som driv velgjerdsarbeid midt i
hjertet av Afrika, i Malawi. Ungdomsbedrifta er nonprofitt velgjerdsbedrift, som består av 11 ungdommar
og to mentorar som arbeider for å løyse sosiale
problem i landsbyen Nkhotakota, i Malawi.
Hovudvisjonen til Prosjekt Malawi er å hjelpe
vanskeligstilte ungdom i Nkhotakota til en betre
kvardag, og gje dei høve til ein ny start. Alle i bedrifta
har fått tildelt ein stilling og eit ansvar, og dei jobbar
saman i løpet av skuleåret for å tene inn pengane som
dei kan bruke for å hjelpe ungdom i Nkhotakota.
Prosjekt Malawi har et nært samarbeid med den
frivillige organisasjonen Nkhotakota Youth
Organization, som har fokus på den vanskelegstilte
ungdommen i landsbyen.
Tekstforfattar, låtskrivar, komikar, musikar og tidlegare
lærar. Cand. mag. med historie, engelsk og
teatervitskap. Han har hatt stor suksess med eigne
radioprogram i tillegg bidragsytar til bl.a. Hallo i Uken,
Norgesglasset, Nitimen og Reiseradioen. I lengre tid har
han turnert over heile landet med kritikarroste
førestillingar som Sannheten om den fete førtiåringen,
Kafé Brekeland, Norske Mænd, Lær å røyke! og Lær å
mobbe!
Tor Arne vi på Sjumilsstegkonferansen stå fram som 4.
amanuensis dr. Gunnar Pensum som er Tor Arne
Johnsen sitt alter ego. På danna bergensk og med ein
utprega akademisk tenke- og uttrykksmåte tek han føre
seg ulike tema, vrenger det inn ut og snur det opp ned,
til publikum sin store fornøyelse - ikkje minst fordi det
ligger både alvor og innsikt baka inn i utgreiingane. Hr.
Pensum har følgt hr. Johnsen sidan midten av 80-tallet,
både i radio og på scene, og har dei siste åra hatt
mange oppdrag for skular, kommunar, sjukehus og
andre organisasjonar.
Camilla Stoltenberg er norsk lege, forskar og frå
hausten 2012 direktør ved Folkehelseinstituttet. Ho er
og æresdoktor ved universitetet i København. «Helse,
levekår og livsløp – fra barn til voksen», er tittelen på
hennar føredrag. Ho vil trekke linjer mellom levekår og
helse i eit livsløpsperspektiv. Forsking syner at ein god
barndom varer heile livet. Dei første leveåra er
grunnleggande for korleis helsetilstanden utviklar seg
seinare i livet.
Forandringsfabrikken
Forandringsfabrikken inviterer barn og unge i
barnevern, i psykisk helsevern, på sjukehus, i
kriminalomsorg og i skular til å dele erfaringar og gje
råd om tenestene dei får. Råda blir presentert direkte
av dei unge sjølv, til ministrar, stortingspolitikarar,
fagfolk, forskarar og studentar. Målet er å gjera
tenester og system for barn og unge meir verdig for
fleire – og meir effektive. Dei unge er 10-22 år og kjem
frå ulike deler av landet. Dei blir invitert med som
«proffar» fordi dei har viktig kunnskap til Norge. Råda
som går att mange stader i landet blir oppsummert i
resultathefte og magasin. Men mest av alt blir dei
presentert «live» av proffane.
Kristin Oudmayer
Fagansvarleg for «Du kan være Den Ene» i UNICEF
Norge. Ho har bakgrunn frå vaksenpsykiatrien med
oppfølging av barn som pårørande som spesialfelt.
Oudmayer har skrive bøkene «Fordi jeg fortjener det?
En bok om mobbing, håp og ansvar» (2010), og «Du er
viktigere enn du tror. En handbok om førebygging og
handtering av mobbing» (2014). Ho har skrive fleire
artiklar om vaksne som rollemodellar og dei sårbare
barna. I foredraget «Du er viktigere enn du tror», tek ho
vaksne med på ei reise inn i barn og unge sitt univers.
Gjennom døme frå verkelegheita, viser hun korleis
vaksne sin kunnskap om sårbarheit og vilje til aktivt å
bry seg – også om andre sine barn – er avgjerande
faktorar både når det gjeld å førebygge og handtere
mobbing.
Seniorrådgjevar i FUB (Foreldreutvalet for barnehagar).
Ho er utdanna førskulelærar og sit i prosjektgruppa
«Hele barnet, hele løpet». Å bli møtt med respekt og
likeverd legg eit avgjerande grunnlag for utvikling av
empati og læring hjå barn. «Hele barnet – hele løpet»
(2013 – 2015) er eit prosjekt der ein ser nærare på kva
faktorar som fremjar eit godt læringsmiljø og samtidig
løfter foreldreperspektivet. FUB/FUG har i samarbeid
med UiA, Kristiansand kommune og Sørlandets
sjukehus, avd for barn og unges psykiske helse, sett
nærare på tilsette, foreldre og barn sine syn på
mobbing i barnehagen.
Siv Førde arbeider som høgskulelektor ved avdeling for
helsefag ved HiSF. Underviser i psykisk helsearbeid,
kommunikasjon og samhandling, resiliens, vald i nære
relasjonar, helse og menneskerettar, helsefremjande
arbeid, både i bachelorutdanninga i sjukepleie og i
fleire tverrfaglage vidareutdanningar. Er
studieansvarleg for tverrfaglig vidareutdanning i
psykososialt arbeid med barn og unge.
Åse-Berit Hoffart
Siv Førde
UPU
Torstein Hagen Fjellanger
UPU arbeider med saker som er viktige for ungdom i
Sogn og Fjordane, og tek imot innspel frå ungdom i
kommunane. UPU arbeider etter mynde frå Fylkesting
for ungdom (FFU), og rapporterer til fylkestinget om dei
sakene og vedtaka som vert gjort på FFU. UPU skal
følgje opp desse sakene og fungere som
referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med
planar som gjeld barn og ungdom.
Medlemane i UPU vert valde på FFU, og valperioden er
på to år for medlemar og eitt år for varamedlemar. UPU
består av fem medlemar og fem varamedlemar.
Torstein er politibetjent og U18 koordinator ved Florø
Politistasjon i Sogn og Fjordane. Han har 2 års fartstid i
politiet og har vore U18 ansvarleg i 1 ½ år som MOT
informatør ved Florø ungdomsskule. Har hovudansvar
for straffbare forhold gjort av ungdom under 18 år,
gjennomfører avhøyr, bekymringssamtalar og
koordinerer vidare oppfølging av ungdom som har
behov for dette.
Kathrine Dollst Kvinnsland
Kathrine Dollst Kvinnsland er stiftar av og styreleiar i
den frivillige organisasjonen UngHjelp. UngHjelp jobbar
med å komme i dialog med unge og å spreie unge sine
erfaringar. Kathrine held føredrag om psykisk helse
rundt om i Norge for både elevar og fagfolk. Ho er
brennande oppteken av sosiale medium si påverking på
unge og å spreie openheit om psykisk helse.
Hans Johan Breidablikk
Hans Johan Breidablikk er lege og fagdirektør ved Helse
Førde HF. Han disputerte for sin doktorgrad i 2012 med
avhandlinga om «Selvopplevd helse hos barn og unge».
Breidablikk har dei siste tjue åra interessert seg spesielt
for å følgje med på barn og unge si sjølvopplevde helse,
både her i fylket og i Sula kommune i Møre og Romsdal.
Gjennom ungdomsundersøkingane i Sogn og Fjordane
veit han mykje om korleis ungdom har det i vårt fylke.
Han skal presentere nokre av funna i
Ungdomsundersøkinga; Helse, miljø og livsstil i Sogn og
Fjordane 2013. Ei kartlegging av elevar i 6., 8. og 10
klassetrinn i Sogn og Fjordane pluss Sula kommune ,
Sunnmøre.
Sven Mollekleiv
Sven Mollekleiv er president i Norges Røde Kors frå
2008, han har tidlegare og vore Generalsekretær i
Norges Røde Kors. Mollekleiv har eit breitt sosialt
engasjement, og har hatt ei rekke verv både i
humanitære og frivillige organisasjonar nasjonalt og
internasjonalt. Han har mellom anna hatt sentrale verv
i Amnesty og innafor ulike idrettar. Mollekleiv er
engasjert i etikk og berekraftig utvikling, og har verv i
ulike komitear på desse områda. Han var og aktiv
studentpolitikar.