Opplysningar om garden og drifta: Guri og Geir Gimrestad er sauebønder frå Hadeland i Oppland. Dei er båe 37 år gamle og har to barn på 4 og 6 år. Geir er handverkar og driv som sjølvstendig næringsdrivande i tillegg til å vera sauebonde. Guri har full jobb utanom bruket, men ho bidreg på garden i dei store arbeidstoppane, spesielt i lamminga. Faren til Guri hjelp også til både i den daglege drifta og i dei store arbeidstoppane. Ca 30% av søyeflokken er spælsau, resten er Norsk Kvit sau med innslag av litt Ryasau. Garden består av 80 mål fulldyrka mark som det blir hausta vinterfôr på. Ca 30 mål av dette arealet blir også brukt til vårbeiting, medan nesten alt dyrka areal blir beita om hausten. I tillegg er det ca 70 mål skogs- og overflatedyrka mark som blir brukt til beiting vår og haust. Ein del av dette arealet blir gjødsla. Sauene går på skogsbeite om sommaren 200-700 m.o.h. Garden ligg ca 160 m.o.h. Fjøset består av eit lite gamalt kufjøs og eit nyare isolert sauefjøs bygd i 1992. I kufjøset har ein laga bingar som blir brukt i lamminga og til sluttfôring av lam om hausten. Det nyare sauefjøset består av to bingar med strekkmetall-golv på kvar side av eit langsgåande fôrbrett. Bingane er ca 2,40m x 20 m. Bingefronten er av tre med enkelt-eteopningar på ca 0,3 m bredde pr eteopning. Gjødselkjellaren til det gamle kufjøset blir også brukt som fjøs for ca 25 søyer. Grovfôret består av rundballesurfôr som blir fôra i rundballehekker ute under open himmel. Søyene har altså høve til å gå ut og inn av fjøset heile vinteren og utearealet blir strødd med halm. 1. slåtten blir hausta ved byrjande skyting om været er lagleg. 2.slåtten blir hausta i starten av august. Geir leier inn rundballepressing. Kraftfôret blir gitt på fôrbrettet og i kraftfôrkrybber for søyene som går i gjødselkjellaren. Geir vurderer grovfôret og sparer det beste grovfôret, gjerne tidleg hausta 1.slått til lammingsperioden. Påsettlam blir sett inn for vinteren ca 15.-20. oktober. Kriterier for utplukk av påsett: God indeks, mor med god produksjon og helse og gode beitevaner i utmarka. Fødselsvekter blir registrert i Sauekontrollen. Desse blir plukka fram når han skal finne aktuelle påsettlam. Påsettlamma skal ha ei middels fødselvekt, dvs. ca 4,5 kilo, for å vera aktuelle. Resten av søyeflokken blir sett inn i starten av november. Søyene blir sorterte i påsettlam, 2-åringar og eldre søyer. Påsettlamma får ca 0,5 kg kraftfôr gjennom heile innefôringsperioden i tillegg til appetittfôring med grovfôr. Resten av søyene får normalt ikkje kraftfôr i starten av innefôringssesongen, berre appetittfôring med grovfôr og mineralbøtte. Guri og Geir kjøper inn unntaksvis kåra vêrlam frå vêrering, men dei er for det meste sjølvforsynte med avlsvêrar fordi dei inseminerer 15-20 søyer kvart år, og vêrlam etter semin blir brukt som avlsvêrar. I paringa blir søyene delt opp i 4-5 grupper og ein plukkar ut vêrar som passer til dei ulike gruppene. I dei ti fyrste dagane av paringsperioden går vêrane med søyene på dagtid. Resten av paringsperioden, som varer fram til nyttår, går vêrane saman med søyene både dag og natt. Dei bestiller fosterteller som kjem på besøk tidleg i februar. Etter fosterteljing blir tomme påsettlam og søyer slakta, og drektige søyer blir grupperte på nytt. Søyer med fire foster blir gruppert for seg og står inne i fjøset og blir fôra på fôrbrettet. Søyer med tre foster går saman i ei gruppe. Påsettlam med eit foster og 2-åringar med to foster går saman i ei gruppe. Påsettlam med to foster og 2-åringar med tre foster går i ei gruppe, Tvillingsøyer går i ei gruppe og enkeltlam-søyer går i ei gruppe. Søyer med tre og fleire foster får ekstra E-vitamintilskot. Vårklyppen blir gjort i mars, og ein byrjar da å auke kraftfôrmengdene fram mot lamming. Søyer i dårleg hold blir sortert ut slik at ein kan justere opp holdet fram mot lamming. Ein tek også omsyn til fostertalet når det gjeld mengde kraftfôr, men maksimum 0,7 kg kraftfôr pr sau den siste tida før lamming. Søyer som går med eit foster, får nesten ikkje kraftfôr i heile høgdrektigheits-tida. Nå bytter ein ut Formel sau med Formel sau ekstra. Rett etter lamming trappar ein opp kraftfôrmengda gradvis, til ca 0,5 kg kraftfôr pr lam søya går med. I lamminga er det folk til stades frå kl 05.30 til ca kl 23.00. Da sløkker ein ljoset i sauefjøset til neste morgon. Når det er lamming på gang, blir søyene som regel sett i enkeltbingar, men blir sleppt inn i fellesbingar etter eit par dagar. I fellesbingane er det lammegøyme der lamma får tilgang på kraftfôr og litt fint høy. Ein prøver å unngå å ta kopplam pga plassmangel og utfordringar med å lage gode nok beite til kopplamma gjennom sommaren, men nokre kopplam blir det alltid… Dei fleste søyer som får eit lam, får eit fosterlam i tillegg. Tidleg i mai blir søyene sleppte på vårbeite. Sleppetidspunktet blir styrt av kor tidleg våren er i utmarka. Ein passar på at søyene er mette på rundball før beiteslepp, og dei blir tatt inn i fjøset igjen om kvelden dei to fyste dagane på beite slik at dei får tilgang på surfôr om natta. I slutten av mai startar ein å sleppe søyene puljevis på skogsbeite. Gimrestad er med i utmarksbeitelag og sauene får jamt tilsyn gjennom sommaren. Hovudsanking går føre seg fyrste helga i september, men alt frå siste veka i august startar sankinga i sankefeller som beitelaget har laga. Gimrestad er med i Lammering og fyrste lass med slaktelam blir levert fyrste veka i september. Dei fyrste tre vekene leverer lammeringen slaktelam kvar veke, etter dette leverer lammeringen ei levering ca kvar 14. dag. Lamma blir sluttfôra på håbeite og plukkslakta etter vekt og hold. Søyene og dei minste slaktelamma under 35 kg blir klypte i starten av oktober. Desse slaktelamma blir da sett inn og sluttfôra på fiberrikt kraftfôr og grovfôr. Dei aller fleste slaktelamma er slaktemogne og levert innan november er ferdig. Spørsmål 1) Guri og Geir Gimrestad er ambisiøse, unge sauebønder. Dei ynskjer difor hjelp til korleis dei kan tene meir pengar på sauehaldet sitt. Du er rådgjevar i Nortura og får jobben med å finne forbetringsområde og kva tiltak Guri og Geir bør gjera for å få betre resultat. Bruk utskriftene frå Sauekontrollen og det du nå har fått veta om garden og drifta og kom med nokre gode forslag på forbetringsområde- og tiltak. Ein god rådgjevar skal også gje ros når det er fortent. Kva resultat vil du trekke fram som veldig bra og kvifor får Gimrestad til dei gode resultata? Spørsmål 2) Guri og Geir Gimrestad leverer slaktedyra sine til Nortura. Den næraste naboen leverer slaktedyra sine til eit frittståande slakteri. Nå vil Geir ha deg med på eit besøk til denne naboen. Før de reiser på besøk, så set de opp ei liste over gode argument som skal overtyde naboen om at han også bør bli medlem i Nortura og lammeringen som Gimrestad er med i. Kva argument bør stå på lista? Spør gjerne ein samvirkesauebonde om råd.
© Copyright 2024