Tinghaugrunden - Klepp kommune

Tinghaugrunden
Turen går gjennom eit variert landskap, over høgaste punkt i Klepp, Tinghaug (102
m.o.h) med flott utsikt mot havet og i klarver ser du heilt til Bokn. Tinghaugrunden er tur
rik på historie og kulturminne.
Frå parkeringsplassen ved Kåsen Idrettshall går du langs Lalandsvegen, mot rundkøyringa på Jærvegen og tek inn første veg til venstre. Fortesett gjennom boligområde,
langs Nordlysvegen kor du kryssar Postvegnen og deretter tek til venstre, inn på gangog sykkelveg. Følg denne på austsida av boligområde og vidare på gardsveg mot Frøylandsvatnet. Gå langs vatnet til gangsbru over jernbanen som førar deg på gardsveg
forbi Mosberghagen der Torvald Tu budde, og ut på Lalandsvegen.
Ved parkeringsplassen på Tinghaug står ein bautastein som i si tid blei funnen nedanfor
Tubakken. Bonden som fann steinen, kløyvde han i to for å få gode ”leesteinar”. I 1932
blei han anmeldt, og i rettsaka som følgde fekk han 20 kr i bot og måtte skøyta steinen
saman att og reisa han der han står i dag.
Heile høgdedraget med Tinghaug, Krosshaug og Dysjane har vore særs viktig område.
Ein gammal tingstad, ei mengd gravhaugar og særlig dei rike funna som er gjort i grava
til den mektige kvinna gravlagd på Krosshaug kring 450 år e. kr. tyder på at dette har
vore plassen med stor betydning for politikk, økonomi og religion.
På Tinghaug går du over gjerdeklyvaren mot vest, passerer Krosshaug og Dysjane og
tek gardsvegen gjennom Hauge og ned til Jærvegen (rv 44).
Eit alternativ er å gå Postvegen (Tubakken) tilbake frå Tinghaug. Du kjem då til Grøvå
kor det er vasskilje, og tek til høgre langs Lalandsvegen.
Fakta om turen
Lengde: 8,1 km
Belysning langs delar av turen
Tilpassa barnevogn, bortsett frå
strekningen Tinghaug - Hauge
Teiknforklaring
Turveg med lys
Turveg
Utsikt
Parkering
Verdt å sjå
Publisert 06.02.2015
Klepp kommune