Byggjenemnda for tilkomst Flåm skule

Arkivsak.-/jpostnr.: 15/90-6, 24.03.2015
Møtereferat
Byggjenemnda for tilkomst Flåm skule
Dato: 24.03.2015
kl. 16.00 - kl.17.15
Byggjenemnda:
Desse møtte: Noralv Distad, Erling M. Nesbø, Ingrid Steine Bortne, Audhild
Rogdo, Kristine Grønner Ohnstad ( vara)
Forfall:
Terje Horvei ( forfall)
Administrasjon:
Tenesteleiar KDE Reinhardt Søresen, planleggjar Ingunn B.
Skjerdal og sekr. Eli J. Ohnstad
Tema: Framdrift i arbeidet med bruløysing
Det vart stilt spørsmål om finansiering av ei mellombels bru, og om kommunen får
skjønnsmidlar til eit slik prosjekt. Det vart opplyst frå administrasjonen om at slik
søknad var sendt, men at det ikkje låg føre noko svar på søknaden.
Administrasjonen meinte at byggjenemnda måtte ta stilling til kor både den
mellombelse brua og den permanente brua skulle plasserast, slik at dette ikkje kom i
konflikt med kvarandre.
Ordføraren la vekt på at formannskapet er vald som byggjenemnd for ei mellombels
bru, og at det er viktig at arbeidet kjem i gang.
Det vart stilt spørsmål om arbeidet måtte ut på anbod, då det i praksis berre er ein
leverandør av slike bruer. Dette skulle administrasjonen undersøkje. Det var likevel
presisert frå administrasjonen, at sjølv om arbeidet måtte ut på anbod ville den
mellombelse brua likevel stå ferdig før 1. august.
Konklusjon i møtet:
Byggjenemnda ber om at det vert utarbeidd anbodsdokument på bygging av ei Bailey
bru. Rådmann får fullmakt til å engasjere konsulent til å utferda anbods- og
søknadsdokument. Kostnad til konsulent vert finanasiert ved bruk av skjønnsmidlar
Byggjenemnda ber om å avklare med grunneigar om han har merknad til at brua vert
plassert der det er mest hensiktsmessig, og at han er villig til å stille grunn til
disposisjon.
Ordføraren konkluderte med at dersom det ikkje vart løyvd skjønnsmidlar til bygging
av mellombels bru, må sak om finansiering leggjast fram for kommunestyret.