Varhaugbuen BLADET FOR BYGDA VÅR • NR. 4 2015 Bygdekvinnelaget 80 år Side 2-5 Tragisk hending i bygda Side 10-11 Julekonsert i løå Side 12 Julegrana tennes Side 13 Lerbrekk skule Sidene 14-15 Framsidefoto: Brit Obrestad Gåvmilde dugnadskvinner i 80 år Tre gonger tre hurra for Varhaug Bygdekvinnelag som har tent bygda vår gjennom 80 år! Markeringa gir eit høve til ei lett tidsreise tilbake til tida før facebook, nettbrett og asfalterte vegar med hevja gangfelt og rundkjøring i Prestakrysset. Me skal starta reisa lenge før Buevegen, Ingridtunet og Bratlandsmarka med eksklusiv penthouse-panorama. Me skal gjera eit stopp midtvegs i eit dystert tiår med arbeidsløyse, konfliktar, konkursar, fattigdom og ekstremisme. Me skal tilbake til ein månemørk og regnfull torsdagskveld på Varhaug, 28. november 1935. Fedrelandssalmen foryttå Det starta med ei salme og ei bøn. Gud signe vårt dyre fedreland, song drygt 50 vaksne sjeler, dei fleste kvinner, som reiste seg frå dei kalde benkane på Varhaug Forsamlingshus. Folk song utan å få teksten opp på veggen med hjelp av datamaskin og videokanon. Folk på Varhaug kunne fedrelandssalmen foryttå (utanåt) i 1935. Dei som sat nærast den torvfyrte omnen kjende lunken, dei som sat lenger bak var kalde under sjal, kufter og kjolety. Det dampa diskret av fuktige ullklede og dogga bak tjukke brilleglas og enkle vindaugsruter. Ute var det stiv, nordvest kuling og 5 grader. Det klirra og slo i verkapannene på taket. Takpannene på forsamlingshuset bestod av venstrepanner og høgrepanner. Ikkje for å få ein slags politisk balanse, men for å kunna leggja pannene slik at færrast mogleg bles av i storm og kuling. Det var masse storm og kuling på Varhaug, då som no. Forskjellen var at det ikkje var store bygningar, byggefelt eller livdbelte som dempa stormkasta. Det var ikkje eit einaste tre eller busk eller hekk på Varhaug i 1935. Første kurset Guri Ånestad Barske tider Dagen før var tre lokale fiskarar funne omkomne i Øyren ved Hårr, etter at fiskebåten deira gjekk rundt i uvêret. Den tragiske hendinga illustrerer at det var ei beintøff tid for dei som skulle syta for mat, klede og husrom for sine. Ute i verda vitna hendingane om at vondt skulle bli verre. Raselovane frå Nürnberg, som vart vedtekne i september 1935, hadde begynt å få følgjer. Stavanger Aftenblad fortel om tyske jødar som vart arresterte og fengsla for banale bagatellar. Det var barske tider og vel anvendt tid å begynna stiftingsmøtet, til det som i åra før krigen vart kalla for Varhaug Kvinnelag, med fedrelandssalmen. Lokalkjendis på stiftingsmøtet Kvinnesak stod neppe høgt på dagsorden på Varhaug i 1935. Det var ikkje meir enn 22 år sidan kvinnene fekk stemmerett i Norge. På stiftingsmøtet til Varhaug Kvinnelag, laget -2- formelle titlar. Dei var «berre» alminnelige solide koner frå Varhaug utan behov for å sminka seg med fru- eller frøken titlar: Hanne Varhaug, Anna Lerbrekk, Kristina Voll, Johanna Husveg og Ingerd Aanestad. som etter krigen vart heitande Varhaug Bondekvinnelag, var mannfolka med. Karane var gode å ha. Greitt å vera på sikra sida. God kvinnelist å la mannfolka få inntrykk av at dette var noko dei også var med på. Peter Ommundsen Vagle, var ein av karane som var med. Ånestadbonden sa nokre velvalde ord om nytta av å stifta eit kvinnelag – og at laget vart stifta etter initiativ frå bondelaget. Elles så var det konene som dominerte kvelden. Fint folk var inviterte, den utflytte, fargerike og fritalande frøken Guri Aanestad, svigerinna til Peter Vagle, kom med toget like frå Stavanger. Ho var vel det næraste ein kom ein superkjendis med røter frå Varhaug i 1935. Vidare kasta to andre tilreisande bygdekvinner glans over arrangementet, fru Jakobine Tjensvoll og fru Anna Sandved. Frøken og fru var det då. Det rare er at dei som vart valde inn i det første styret i Varhaug Kvinnelag ikkje hadde slike Å formidla 80 år på nokre få liner, er umogleg. Det blir eit slags resymé, farga av han som skriv. Eg tok meg sjølv i å smila litt overberande der eg sat og las om desse kvinnepionerane i bygda vår, som i 1936 samla seg til vevkurs med 14 elever og Sofie Auestad som lærar. Kvinnene sat ved vevestolane og vevde ty til kjolar og dressar, gardiner, dukar og serviettar. Og, berre for å minna på korleis det var i 1936. Det fanst ikkje papirserviettar. Ikkje dopapir heller. Rivne flak av avissider vart hengde på ein rusta spiker på utedoen og blei brukt til slikt. For bygdekvinnene på 30-talet var det å bøta sokkar og lappa klede tvingande nødvendig. For dei 14 var høvet til å gå på kurs og veva nytt kledestoff ein luksus. Etter at kurset var ferdig var det fest med utstilling av handverksarbeidet der 100 bygdefolk møtte fram. Lastebiltur til Fajansen Det fanst ikkje el-syklar eller bilar med elektrisk oppvarma seter i 1936. Det var ikkje mogleg å handla på M44 eller Kvadrat eller Jærhagen. Men då konene reiste på den aller første turen i lagets historie i september var det ein handletur. Så koner og handling er ikkje nytt for dei som måtte leva i den villfaringa. Den første turen gjekk til fajansen i Egersund der medlemmane handla billeg steinty. Korleis dei reiste? Med lastebil sjølvsagt. Eit lass med Varhaug-koner under ei presenning på eit spinkelt lastebilplan på humpete grusveg til Egersund. Kor mange grinder som måtte opnast veit eg ikkje. Korleis dei greidde å humpa seg heim på stive fjører under lastebilpresenningen utan å knusa skjøre suppetallerknar og mjølkemuggar veit eg heller ikkje. Men eg har ein sterk mistanke om at konene på Varhaug hadde mjuke og varme og støytdempande fang, då som no. Og, då som no: Kaffi og mat var uendelig viktig – som det står i einejubileumsskrivet: For å få drøset godt i gang. Kjoletøy, opplesing og nabobesøk Historia til våre mødrer, besteeller oldemødrer vekkjer undring, varme følelsar, takksemd og respekt for ein generasjon som levde i ei tung og vanskelig brytningstid. Som levde i ei tid der folk flest strevde med konstant mangel på kontantar. Ei tid der naudsynte kolonialvarer som sukker, mjøl, salt og kaffi kunne betalast med egg – for dei som hadde høve til å fø ein flokk med høner. Historia handlar om ei tid der rikdom og luksus var ein tur til Egersund. -3- Varhaugbuen Desse laga står bak Varhaugbuen: Varhaug bondelag, Varhaug bygdeungdomslag, Varhaug bygdekvinnelag, Svala 4H, Varhaug Misjonshus, Varhaug Bedriftsforening, Varhaug Skulemusikkorps, Varhaug Fråhaldslag og Vennelaget for Lerbrekk Skule og Elgane Motorsykkel klubb. Styret for Varhaugbuen er: Leiar Jon Harald Håland, bedriftsforeninga Nestleiar Brit Obrestad, Vennelaget Lerbrekk skule Sekretær Per Arvid Jakobsen, misjonshuset Styremedlem Aud Bratland Bø, bygdekvinnelaget Styremedlem Olav Varhaug, Bygdeungdomslaget Varamedlem Kjartan Aanestad, skulekorpset Varamedlem Runar Odland, bondelaget Redaktør Liv Hobberstad Me har valgt å ha med det gamle kapellet på Varhaug som eit ”kjennemerke” for bladet. Kva passer vel betre då enn å ta med eit av versa om kyrkjegarden av vår store poet Elisabeth Reiestad - 1906-1978. ”Det ligg ein kyrkjegard ved hav i still og einsam ro. og graset legg om namnlaus grav ein gløymsleklednad god. Men ein og annan merkestein held fast eit minne enn der han står vakt om deira bein som levde i vår grend ” Ei tid der kvalitetstid og ekte gleda var eit møte ei kveldstund i kvinnelaget med underhaldning i form av opplesing og ein kopp kaffi med ein sukkerbit på Forsamlingshuset. Ei tid der lukke og velstand var to meter tøy til konfirmasjonskjole til dottera. Ein kjole som kunne syast om til bryllaupskjole og seinare dåpskjole. Me kan smila av dei som levde i ei tid der eit møte der dr. Lende fortalde frå arbeidet i Kina, vart definert som eit underhaldningsmøte. I 1938 var forresten bygdekvinnene, eller kvinnelaget, i Egersund igjen. Det vart mindre handel denne gongen. Målet med den eksotiske reisa var å sjå på sildefisket. Det er lov å smila. Etter stelletid, måndag 1. april 1940, åtte dagar før Varhaug vart ein del av verdskrigen og eitt år før kvinnelaget vart nedlagt i protest mot den pågåande nazifiseringa, svinga det inn ein lastebil framføre inngangen til Varhaug forsamlingshus. Det var Vigrestad Kvinnelag som kom på besøk. Eit billass med koner frå Vigrestad. Den som kunne fått vore ei flua på veggen på det møtet! Sviskesuppe i Låglia Ein episode frå 1946 må med. Sjølvsagt burde eg fokusert på at det vart samla inn drygt 1600 kroner til Nasjonalhjelpa dette første fredsåret. Eit betydelig beløp som vitnar om både dugnadsånd og sterk omsorg for medmenneske i materiell naud etter krigens gru. Men det er noko anna som fangar merksemda. Igjen er det ein sosial biltur. Denne gongen til Låglia i juni, etter våronna og torvskurden. Me må ha i mente at dette var i tida då ferie og fritid var framandord. Ei tid der Bondekvinnelaget på tur til Hommersåk i 1960 det å reisa aksjonar, fjåge, raude, sveitte for å oppleva var noko det ansikt over bakstebordet med engelske aristokratiet og styrtrike kvite mjølflekker i pannen på amerikanarar styrte med. Men Varhaugmarken. Kaffi, lefsa og Varhaug Bondekvinnelag braut nybakte flatbrød med heimekinna med tradisjonane og reiste. smør. Til Låglia på ein feriedag utan -Ver så god og forsyn deg – ta ungar og mann og svigermor og eit stykke til og vil du ha ein kvardagens strev. fløyteskvett i kaffien. Ikkje ver Ingen vart bilsjuke, men blyge. Går me lens for kaffi, kan mange var redde, står det. me koka ein ny kjel. Setninga seier vel det meste om vegstandarden. For pyser har Før eg prøver å landa denne bygdekvinnene frå Varhaug aldri reisa, er det berre eit par ting vore. Ein eineståande detalj til frå til eg må kommentera for å føresommardagen i Låglia høyrer illustrera mangfaldet, motet og med: Kaffikjelen vart alt for liten. engasjementet. Igjen med eit Dei måtte improvisera og koka smil. I 1956 arrangerte Varhaug kaffi i ei stor gryte. Seinare på Bygdekvinnelag kurs i banking dagen vart det kokt sviskesuppe, av aluminiumsfat. På det kurset poteter og pølser, så ingen leid ville eg ikkje vore ei flue på naud. Tenk sviskesuppe i Låglia. veggen eller på fatet. I oktober Den som kunne fått vore ei flua i 1962 var Tordis Hansen frå den suppetallerkenen! Egersund på møte i Varhaug Bondekvinnelag og snakka om Lag med meining helsekorsett. Der kunne eg vore Varhaug Bygdekvinnelag. flue på veggen … Desse to orda osar av tryggheit og soliditet og solidaritet. Det Ti år seinare var vår eiga kjære er berre å plukka fram orda: helsesyster fru Else Ekeland på Omsorg og omtanke. Kaffilukt og eit medlemsmøte og snakka om gjærbakst. Dugnad og breie smil. personleg hygiene, medan vår Trivsel og inkludering. Foreining eigen lektor og bonde Eirik J. med meining. Innsamling av ull. Varhaug, på same møtet, snakka Handarbeid, kvikke fingrar med om odelslova. Det er absolutt halvsokkaspøtet. Innsamling ingen som kan påstå at dette laget av pengar til naudlidande. som i år rundar 80 år har vore Rausheit. Bøsseberarar til TVsmalspora! -4- Kornband og kålrabi 80 år på sporet, kan vera ei overskrift. På sporet av det som bygda og samfunnet har hatt behov for. Bygdekvinnene har ikkje vore særleg opptekne av PR og merkevarebygging. Dei har arbeidd i det stille. Då broren min vart døypt i Varhaug kyrkje i oktober 1964 haldt fadderen hans på å gå over ende oppe ved alterringen. – Eg haldt på å snubla i kålrabi og kornband, sa onkel Jonas Bratland etterpå. Det var hausttakkefest, og bygdekvinnelaget hadde pynta kyrkja til fest, slik dei har gjort opp gjennom åra. Sju år seinare var eg i mi første gravferd. Eg opplevde det som til då var den vondaste og tristaste dagen då bestemor vart seinka i jorda. Det eg sjølvsagt ikkje visste då var at seinkeapparatet og mykje av kyrkjepynten er gåver til kyrkja og kyrkjelyden frå Varhaug Bygdekvinnelag. No i haust fekk kyrkja to dåpskjolar frå varhaug Bygdekvinnelag – til fritt utlån til nybakte foreldre som ønskjer å døypa ungane sine i kyrkja. Frå Kamerun til Klokkargarden Det eg prøver å formidla er at Bygdekvinnelaget har hatt ei viktigare rolle i samfunnet vårt enn dei fleste er klare over. Den vidgjetne Bondefesten kvar haust, har dessverre blitt eit arrangement som har gått over i historia. Festkvelden var ein årleg snakkis blant bygdefolket. Utan bygdekvinnelaget hadde det aldri blitt arrangert ein einaste bondefest. Det er skummelt å begynna å ramsa opp alle dei gongene bygdekvinnene har gått rundt med bøsser, arrangert innsamlingar, arrangert tilstellingar, hatt basarar og gitt rause pengegåver, det er for lett å gløyme noko, men eg tar med: engasjementet for landsbygdesamfunn i Kamerun, Klokkargarden her på Varhaug og, i si tid, gamleheimen på Hårr, vidare engasjement for Varhaugmarken, 4H og Musikkorpset. Takk til eldsjelene Varhaug Bygdekvinnelag handlar om folk. Om eldsjeler som opp gjennom åra har gitt tid og overskott til bygda. Eg har bestemt meg for å ikkje nemna namn. For eg vil ikkje gløyma nokon. Eg vil heller på vegne av meg sjølv og på vegne av bygda takka for varme, rause hender, ekte smil og mjuke fang i gjennom 80 år. Takk for omsorga og omtanken. Takk for dei trygge smila og den alltid gode kaffien. Me som er så heldige å ha hatt eit bygdekvinnelag i bygda har ikkje lide naud! Takk til dei dei som gjekk føre og som den månemørke kvelden i 1935 reiste seg og song Gud signe vårt dyre fedreland foryttå. Det var ei god bøn i jærsk ånd og ein sterk song under den blåsvarte stormhimmelen. - Og lat det som hagen bløma, song dei. Og bløming fekk me til gagns. Takk skal de ha, gratulerer og signe arbeidet vidare! Sjur. -5- Frå redaksjonen Det gjekk nok for fort i svingane då sist blad skulle ut. Eg var på ferie, og bladet gjekk i trykken då eg var i England. Seier meg lei for at ikkje Sjur Håland sitt namn kom med under stykket hans, og at det stod Varhaug bondekvinnelag med store bokstaver på ei side. Dette var ikkje Oddbjørg sin feil, men min. Eg hadde skrive litt om på stykket til Oddbjørg, og skreiv bondekvinnelaget av gamal vane. Dette var nå ikkje akkurat dei sttore feila, men eg vart gjort merksam på begge av lesarar. Håper det ikkje vert slike «brølarar» denne gongen. Me har hatt ein utruleg fin haust med god temperatur. Men er det ikkje rart; med ein gong det vert ruskever, så klager me over veret. Dei fine dagane er nok i fleirtal. Men det med ver, enten det er fint eller stygt, så er det noko folk snakkar om. Og det er i grunnen ganske greitt og, for då kjem ein utruleg fort i tale med ein person, enten du sit på tog eller buss, eller berre i ein kø. «Skal seia me har hatt fint ver i det siste, eller «nå er eg ganske lei denne vinden og regnet» Plutseleg er det noko du kan snakka med ein framand om. Takk til alle de som kjem med innlegg til bladet, og ikkje minst for alle bileta. Berre så synd at det ikkje alltid er plass til alle, men det er jo eit luksusproblem. Sjølv om me ikkje er kome lenger enn midt i november, vil eg likevel ynskja lesarane ei fin julehelg og eit godt nytt år. Liv. Varhaug bygdekvinnelag markerte 80 år Varhaug Bygdekvinnelag hadde møte i Lensmannsløa torsdag 29. oktober der dei markera 80 år. Oddbjørg Skrettingland ønskja 43 damer velkommne, og særleg velkommen til Rådmann Anne Berit Berge Ims, Ordførar Jonas Skrettingland og Sjur Håland. Opna med Bygdekvinnelaget sin song. Rådmann Anne Berit Berge Ims tala om “Identitet og tilhørighet”. Las diktet “Å være i Livet” av Haldis Moren Vesaas. Nytt styre i bygdekvinnelaget Oddbjørg Skrettingland ny leiar i Varhaug bygdekvinnelag Det er haust, og nett i dag ruskar vinden ute og nokre regn bøyer kjem. Likevel var me 12 damer som stilte opp til gå turen i dag. «Det gjære så godt». Felles tanke, og så var det tid å skriva i bygda bladet. Sidan sist eg skreiv, har me gjort unna årsmøtet, og nå er styret slik: Leiar: Oddbjørg Skrettingland Nestleiar: Aud Bratland Bø Kasserar: Bjørg Reime Håland Sekretær: Gerd Marit Mattingsdal Studieleiar: Mari Madland Styremedlem: Liv Johnsen Reiestad Vara medlem: Grete Skretting Sekretær og studieleiar er heilt nye både i styret og i laget elles. Dette er to unge , kjekke damer som ikkje har vore medlem så veldig lenge. Likevel var dei positive og sa ja då valnemnda spurde etter folk. Og dette skal det verta kjekt å bygga laget vidare på. Varhaug bygdekvinnelag er 80 år. Dette vart markert med ein vellukka kveld i Lensmannsløå, med både ordførar og rådmann som gjest. Og ikkje å gløyma Sjur Håland, som heldt eit flott kåseri, der han tok oss med 80 år tilbake i tid. Utruleg gildt og veldig interessant, ikkje minst for alle dei nye i laget. Her kom låtten fram meir enn ein gong. (Kåseriet finn de fremst i bladet) Synd at ikkje fleire av medlemane fekk med seg dette. Me er tross alt 90 medlemar, men berre halvparten var med oss. Me veit det var andre arrangement og denne kvelden, og ein kan ikkje få med seg alt. Kanskje me kan samarbeida litt meir om kva som skal skje i bygda, kva me eit oppslag der ein kan finna ut kva som skal skje for å unngå «kollisjon». Varhaug bygdekvinnelag har i alle år hatt sine møte siste torsdag i månaden. Nyvalgt ordførar Jonas Skrettingland gratulerte Varhaug Bygdekvinnelag med dagen. Held fram det gode arbeidet som Bygdekvinnelaget har gjordt og gjer nasjonalt og internasjonalt. Takka særleg for at dei har gitt 2 dåpskjoler til kjyrkja, som dåpsbarn kan låne på den store dagen. Sjur Håland heldt kåseri om historia til Varhaug Bygdekvinnelag på ein framifrå måte. Der han fortalde i frå den dagen Varhaug Bondekvinnelag blei starta, 28. november. 1935. Då var både kvinner og menn tilstades. Ims, Jonas Skrettingland, Sjur Håland og Brit Obrestad i staden for blomar ein flott “kålerabioppsats” med ulike grønnsaker. Fin erstatning for blomstar då Hå kommune er ein landbrukskommune. Liv Hobberstad og Kjellaug Ånestad Kvia fortalde om deira tid i Varhaug Bygdekvinnelag då ordet blei gitt fritt. Oddbjørg Skrettingland orienterte om julemøtet 26. november. Der det blir manekengoppvisning og tips til borddekking fra “Livs Klær og Gaver”. Elles orienterte ho om programmet fram til Mai. Minna også om lefsekurs tirsdag 3. november og flatbrødkurs 13. november. I staden for utloddning denne kvelden, kunne ein gje ein gåve til “Kreftforeningen”, blei samla inn 5.100 kr. Kvelden vart avslutta med songen “Kveld på Jæren” av Tobias Skretting. Oddbjørg Skrettingland takka alle for godt lag. Brit Obrestad spelte til songane denne kvelden. Gerd Marit Mattingsdal Blei servert smørbrød, mange gode kaker og kaffi. Oddbjørg Skrettingland overrekte Anne Berit Berge Siste laurdag i oktober og alle laurdagane i november, lagar me mat og serverar til dugnadsfolka, som er på idrettsplassen. Onsdag 2. desember skal me baka julekaker på Klokkarhagen. Me starter kl. 10.00, og alle er velkomne til å stikka innom for å smaka. Er det noko du/de «brenn for» for laget vårt, så ta kontakt med ein i styret. Me tek i mot tips med TAKK. Ynskjer alle bygdefolket ei fin adventstid og God Jul utan stress. Oddbjørg Skrettingland -6- -7- Varhaug sykkelklubb Elgane Rittene for 2015-sesongen er over Nok ein god sesong for klubben Selv om rittene for 2015-sesongen er over, er det syklister som trener jevnt og trutt gjennom hele høsten og vinteren. VSK har også i år inngått en god klubbavtale med VarhaugPulsen om spinning-treninger i lokalene deres i Stuelandbygget. Håper mange medlemmer nytter seg av dette! Vi har behov for flere engasjerte medlemmer i klubben, både i styret og som «vanlig» medlem. Ta kontakt med oss på [email protected] hvis du har noe å bidra med! Plantegning: 10019/2/1 Bad 2 etg. - Alternativ - 1 Prosjekt: Mong, Vidar Skrevet ut: 24.08.2015 Vi har mye sykkelklær, hansker og drikkeflasker på lager, så ta kontakt med oss hvis du trenger julegaver! ☺ Til slutt vil vi ønske Hå Regnskap AS velkommen som ny sponsor for VSK! Kjempeflott at mange av de lokalene bedriftene stiller opp! Einar O. Moi var èn av flere VSKere som syklet de 15 milene mellom Lysebotn og Bryne i 2015. (Foto: Trond Viggo Gravdal) Plantegning: 10019/2/1 Bad 2 etg. - Alternativ - 1 Prosjekt: Mong, Vidar Me er og stolte av at vår egen Mathea Selebø er tatt ut til landslaget i motocross. Mathea er ei tøff jente fra Sokndal som kjører fra dei fleste guttane. Skrevet ut: 24.08.2015 4200 700 500 400 445 500 500 500 2855 400 500 100 200 I skrivende stund arrangerer me crossløp på speedwaybanen, dette har vore kvar tirsdag i november, men det er for tidlig å koma med resultat ennå. Følg med på elganemk.no eller vår facebookside. 800 0071130 400 1800 2200 0080410 2 0070107 0005220 700 100 2200 1600 1200 200 1 4 Om vinteren er det ganske rolig på anlegget, men vi holder åpent for trening kvar sundag frå 1200 – 1600. Ellers bruker me vinteren på ulike vedlikeholdsprosjekt, både innomhus og på banen så langt veret tillet det. 200 100 300 677500008 3 1400 900 100 900 2800 500 900 100 1400 Elgane Motorsykkelklubb kan nå sjå tilbake på nok ein god sesong for klubben. Alle arrangement har blitt godt gjennomført, me har fått gode tilbakemeldinger fra tilreisende og har heldigvis ikkje hatt noen alvorlige skader eller hendelser på banen. 800 Før jul, nærmere bestemt 12.12 kl. 1200 arrangerer me vår årlige julebasar. Me er så heldige at det lokale næringsliv er gavmilde med gevinster til oss, dette til tross for harde tider for mange firma. Det blir servert grøt, saft, pepperkaker og me vil og ha åresalg med egne smågevinster. Me synes alltid det er greitt å dele ut noen gevinster til dei som trofast møter opp på basaren. Alle velkomne! Dersom du har ei son eller dotter som kunne tenka seg å starta med motorsport, enten det er speedway, motocross eller ATV, er det bare å ta kontakt med oss i styret. Vil med dette takke alle som har vore med å støtta klubben i 2015, uten våre gode støttespillere og dugnadsvillige medlemmer hadde me ikkje klart å drifta klubben så bra som me gjer! Elin Hobberstad 2800 4200 Skala: Tilpasset ramme 4200 700 500 400 500 445 500 500 2855 400 100 500 LINN BAD 200 Ingrid 800 200 1800 2200 2 Opstadveien 621, , 4360 VARHAUG Telefon: 51798310 Mobil: Fax: Organisasjonsnr.: E-Mail: [email protected] Hjemmeside: www.rorlegger-team.no Kunde: Mong, Vidar , v/ Heidi Dubland Bø Tlf Tlf.priv. Mobil Fax E-Mail MERK: Tegningen er bare retningsgivende. Dybdemål er ekskl. skapdører. NB: Kontrollmål må foretas Vår ref: 677500008 Føttene trenger også fagfolk ! 200 ILLINGSSALG 1400 100 900 2800 500 900 2800 4200 Skala: Tilpasset ramme 100 1400 Mandag og torsdag 15 -19 Tirsdag og fredag 9 - 15 møllevn. 12, 4360 Varhaug • 51 79 85 79 3 900 R Å D H U S G T. 3 , VA R H A U G • T L F. 5 1 4 3 1 0 1 8 800 -8- Solarium ”Det er stor helsegevinst med et godt D-vitamin-nivå” Side:1 (1) betongarbeid - trearbeid 100 300 Grå HG Rørlegger Team A\S Nytt bad? Vi hjelper gjerne med planlegging og prosjektering 0070107 0005220 1200 1600 4 0080410 700 2200 100 400 0071130 1 -9- Nord-Varhaug. (Bestefar til Ingfrid, Oddny og Ragnar). Hadde lyst å ta med litt meir om farbror Ole. Han var født 15.april 1901.Foreldre var Anna, f.Bratland og Sivert Varhaug. Døypt 12. mai 1901 i den gamla kyrkja på Varhaug. Faddarar: Lods Erik O. Varhaug og kåna Bergine J. Varhaug. Gardbrukar Ole Olsen Varhaug. Jørgen Jeremias Lerbrekk og Olava S. Bratland – syster til farmor mi,- seinare gift med Hans R. Hobberstad, -( på garden der Liv Hobberstad bur i dag. ) Ole vart konfirmert 1. august 1915.Ein festlig anmerkning presten har notert i kyrkjeboka, når det handla om kristendoms-kunskapen til Ole: «Næsten meget godt.» Ei 90 år gamal hending i Varhaug-bygda Rett på sørsida av kyrkja på Odland står det to gravminne, som eg er innom av og til. På den eine står: Ole S. Varhaug, død 19. sept. 1925. Han var min farbror. På den andre står: Helmik Hobberstad, død 19. sept. 1925. Kva var det som hende 19. sept. 1925? - Dette er frå tida då dei dreiv med opphogging av «vraka» båtar på Nord Varhaug ( dei såkalla «kunstige strandingar.») - I 1909 vart det skipa eit opphoggningslag (lutlag), som på denne måten gav arbeid til folk i bygda. I 1925 hadde laget då kjøpt inn ein stor amerikansk trebåt, som heite «POILU».Den var såpass stor at den ikkje hadde kome «heilt inn»,derfor vart det bygd opp stillas kring båten. Denne dagen, 19. sept 1925, var Ole S. Varhaug, Helmik Hobberstad og Rasmus A. Varhaug på stillaset.Det var ein del «landsjø» (grov sjø) og plutseleg gav stillaset etter for krafta i sjøen. Tri mann ramla i vatnet.-Ingen eg har snakka med, veit sikkert kva som hende, - men eg tenkjer at dei to som omkom slo seg i svime mot steinane, og vart liggjande for lenge i sjøen, medan Rasmus A. Varhaug klarte å koma seg på land. Dokter Teig vart budsendt frå Nærbø, men slikt tok tid, den gong. For ein tragedie i bygda. – Og for ein smerte og lidelse i dei fameliane og heimane det råka. Ole vart 24 år. Helmik vart 52 år,og døyde frå kåna, Rakel Gurina, og 12 barn,- den minste, Helga, var 10 månader gamald. Mi farmor (mor til Ole)har fortalt: Det skjedde noko underleg om morgonen, den dagen ulukka hende.Han Ole var på veg til Nord- Varhaug som vanleg. – Men då han var komen mest ned til «Postvegen» (Rv 44),snudde han og gjekk heim att,stansa utføre stoveglaset, la andletet innåt og bare såg inn, sa ikkje eit ord til nokon. Så snudde han att og gjekk til Nord- Varhaug for å ta fatt på arbeidet. Eg trur han har kjent på ein uro, - då han såg sjøen, og visste korleis arbeidsforholda var. Nokre timar seinare, i kveldinga, kom der eit fylgje ned i vegen, mot Komlavodl, med hest og kjerre. Oppi den kjerra, låg han Ole,-død. Far min som då var 12 år, har fortalt: Me ante ingen ting før dei stod i tunet med han Ole. Det var ein grusom dag for meg. Eg såg alltid så opp til han , og plutseleg var han ikkje meir. Ole hadde ingen ettekomarar,- men frå Hobberstad har det breidt seg ut ei stor slekt. Men for ho Rakel Gurina vart det nokre tøffe år etter det som hadde hendt.- Rakel Gurina og Helmik hadde bygdt ny løa i 1924, så kom ulukka, og alt «ramla saman». Etter kvart vart det då nye eigarar på garden.- Men etter nokre år klarte eldste sonen, Erik å skaffa nok kapital til å ta att fars- garden på odelen. Denne historia om ulukka på Nord- Varhaug hadde eg tenkt å skriva om for eit år sidan, - men fann fort ut at eg kunne alt for lite om dette, så eg la det bort. Men så har eg og snakka med ein del folk etter kvart, og det synte seg at denne hendinga er lite kjent. Likevel har eg vorte oppfordra av fleire til å skriva. Og så er det altså 90 år i haust, sidan det hendte. Så nå har eg prøvd å gjera så godt eg kunne. Denne hendinga står så vidt nemnd i boka: Hå, NærbøVarhaug, 1837- 1937, side 217. La oss til slutt minna kvarandre om Ivar Aasen sine kjente verselingjer: Lat oss ikkje forfedrane gløyma,- under alt som me venda og snu. Dei har gitt oss ein arv til å gøyma,- han er større enn mange vil tru. Sigbjørn Varhaug Det kom eit fylgje med hest og kjerre til Hobberstad også.Han som styrte hesten den vegen var Rasmus R. • interiørkonsulent • golvlegger • systue • gave og interiør Vi har utvalget som passer deg! • solskjerming • maling • tapet Helmik Hobberstad - 10 - Ole S. Varhaug • parkett FARGERIKE HALVORSEN Skulegata 13, VARHAUG • Telefon 51 43 61 00 E-post: [email protected] Mandag-fredag 7.00-18.00 • Lørdag 9.00-14.00. - 11 - Julekonsert i Løa Kathrine Håland Varhaug er ein av Varhaugbygda sine dyktige songarar og ho har spreidd mykje glede med songen sin. Ho har hatt julekonsertar på Varhaug og i andre bygder på Jæren i mange år. OBS - OBS! Og slik vert det dette året også! I samarbeid med Kultur i Løå vert det julekonsert oppe i Løa på Lensmannsgarden torsdag 17. desember kl. 19.00. Kathrine har også denne gongen med seg dyktige songarar og musikarar på konserten: Bygdekvinnelaget har fått spørsmål frå Anny Hagesæter Håland, som er engasjert i Frivilligsentralen i Hå og arbeidet med flyktningar. Desse treng aktivitetar der dei kan læra språket. Kan bygdekvinnelaget gjera noko her? Anny har planar om å ha samling med flyktningane i Løestova kvar torsdag frå kl. 10.00-14.00 i 10 veker frå januar, der ein skal laga mat, strikka eller driva med spel av ymse slag, som ein del av språklæring. Onar Paul Varhaug- song Her er det vel mange som har lysst og kan vera til hjelp? Dei som kan ein torsdag eller fleire på nyåret, ta kontakt med underteikna i tlf. 991 04 254 – Oddbjørg Skrettingland. Njål Omland- piano Kenneth Ueland- keyboard Helge Ask- trommer Johannes Håland- gitar Eldbjørg Håland- bass Gunnvor Refve- korist Julekonsert Kathrine m/venner Cecilie Middelthon Skretting- korist Nigel Wilson- korist Håvard Varhaug - lyd Oppe i Lensmannsløa tor. 17 des. kl. 19.00 Billett: Voksen 100 kr, barn under 16 år gratis Selges på Mix Bø`en storkiosk Overskuddet går til veldedig formål Det er sal av billettar på Bøen. Oppe i løa er det ikkje isolert, så hugs å kle dykk ekstra godt! Og ta gjerne med eit teppe/pleidd! Det vert også sal av gløgg og peparkaker. Set av kvelden, kom på konsert og lat dykk fylle med juletonar og kom i julestemning! SLÅING • RAKING • PRESSING DIREKTESÅING ÅNESTAD MASKINSTASJON Jarle 97 67 03 63 • Erlend 90 08 14 10 Varhaug Dublandsv. 35A, 4360 Varhaug Tlf. 51 43 59 00 - www.vph.no E-post: [email protected] - 12 - [email protected] - 13 - Det skjer på Lerbrekk Kunst & Kult på Lerbrekk skule I haust har det vore så mykje aktivitet at det var vanskeleg å finna dag til lefsebakinga. Men så kom dei endeleg i gang tysdag 3. november. –Me må jo halda på tradisjonen. Her har dei det kjekt. Eg kjenner bakelukta utanfor, og går inn i eldhuset. Krist og Johannes, Berit og Harald, og Ingunn i full sving med å mylla eple, kna i mjøl, trille ebne, kjevla og steikja. Og i kjøkken er Astrid og Torill i full sving med klining. Sigbjørn fyller opp fryseboksen og har ansvaret for middagen som er pølsa, eple og gulerøter. Olav reparerer ein dørlås, og Ingvar passar på eplå så dei ikkje kokar sund. 52 lefser, og det er tid for middag. Sigrid kjem med sviskegrauten, og alt smakar godt saman med den gode drøsen. Ingen tvil om at Lerbrekk er ein triveleg plass. Sundagskafeen første sundag i månaden er populær. Rett nok ikkje like godt besøkt kvar gong, men den 4. oktober var det mykje folk innom. Litt mindre nå den 1. november, men så var det jo gode gang helga før då Kunst & Kult hadde utstilling. Det er ikkje kafé i desember og januar. Så neste gong det er open kafé vert sundag 7. februar 2016. JULATREFESTEN vert måndag 28. desember 2015 kl. 18.00 God, gamaldags julatrefest med posar til ungane. Kaffi og lefsa til dei vaksne. Gaute Øgreid Rasmussen vert med oss og har andakt. Gang rundt juletreet med trekkspelmusikk av Agnes og Olav. Inngangspengar. Heile familien er VELKOMNE, også besteforeldre. Helga 24. og 25. oktober var det igjen utstilling på Lerbrekk. Denne utstillinga som i 2009 vart starta opp av Liss Mona Wammer-Pettersen og Viola Krause Mellemstrand. I år var det med ni ulike utstillarar. Vennelaget Lerbrekk skule hadde også i år kafé i lærarbustaden. Det var god gang heile helga der det gjekk med ca. 72 egg til vaffelrøre, og kaffi vart kokt på gamlemåten i gamal bedehuskjel. Alle skrøytte av den gode kaffien. Ei stund strøymde det på med så mykje folk at dei snudde i døra då det ikkje var plass til å setja seg ned. Men stort sett gjekk det greitt. Litt mindre folk i år enn rekordåret i fjor, men utstillarane var godt nøgde med besøk og sal. –Det er den kjekkaste plassen me har utstilling, seier Liss Mona Wammer-Pettersen. – Her er eit spesielt miljø, og me vert så godt mottekne av Vennelaget. Det er godt at Vennelaget har ansvaret for kafeen, så kan me konsentrera oss om utstillinga, seier dei. Her var litt for ein kvar smak med fletta ting av pil, såper, måleri, barneklede og vaksne klede. Fuglar i keramikk, filt, kort og ikkje minst Krims og Krans med dekorasjonar som er så fint arrangert ute, i inngangen og vedskjulet. Her lyser Velkomen imot oss, og gjer at her får me lyst både til å sjå og til å handla. Heile miljøet gjer det heimekoseleg og lunt. Nytt i år var Fredholm hageopplevelser som var med på sundagen. Helen Fredholm er ei hageglad dame som har ein fantastisk hage på Toten. Ho fotograferer og har hagen open for vising på sommaren. Om vinteren reiser ho rundt og held foredrag og kurs. I sommartida held ho seg stort sett i hagen. Av fotografia lagar ho kort og bøker. Me ynskjer KUNST & KULT velkomen att neste år. Minner om at Vennelaget Lerbrekk har eiga side Facebook der me legg ut informasjon om det som skal skje. Brit - 14 - - 15 - Brit Obrestad Haustfest i Svala 4H Aspirantar fødde i 2004 Ei rørt May Helen mottek 1 rose frå kvar av dei 65 medlemmane Aspirantar fødde i 2002 Aspirantar fødde i 2000 Aspirantar fødde i 2005 Aspirantar fødde i 2003 Dei fleste medlemmane samla etter at dei har levert blomar til May Helen, som takk for dei 9 åra ho har gitt til Svala 4H. Fredag 16.oktober kl.19:00 var det duket for haustfest i Svala 4H på idrettshuset. Dette året var det heile 65 utstillarar. Det kom 300 stk på festen.Mange medlemmar stilte med underhaldning til festen i form av leker og sketsjer. Det blei servering av lapskaus frå Skrettingen. Iris Odland Knutsen fra SR-bank Sparebank 1 og Ingonn Søyland Bø fra Rogaland 4H stod for merkeutdelinga. Prosjektet «Vi baker» fekk pengepremie fra Bygdekvinnelaget. Åvar Skretting fekk pokal fra BU for prosjektet «Bakeren». Aasbjørn Aasland fekk pokal fra Bondelaget for prosjektet «Ku og kalv». geit for prosjektet –husdyra-sau. Det blei åresalg der me gav noko av inntekta til 4H sitt arbeid i Sambolabo og noko til Rosa Sløyfe Aksjonen. Medlemmane i Svala 4H takka også May Helen Skrettingland for alt ho har gjort for Svala, med å gje ho ei rose pr. Medlem. Ingvild Topdal Sæland fekk pokal fra Sør-Jæren sau og Oversiktsbilete av utstillingane Oversiktsbilete av festpynta sal Aspirantar fødde i 2001 - 16 - - 17 - 5år! Fix it frisør er 5 år og dette feirer vi med gode tilbud og kake og kaffe: Førjulstida i Stuelandsbygget Fredag 27. november: Kl. 17.45: Oppvisning av Varhaugspulsen Etter oppvisninga: Minikonsert av Varhaug skulekorps • Sminker fra Glo minerals • Produkter fra Goldwell • Joico glattetang • Alle klær fra Iis of Norway For mer detaljer om priser og tilbud følg med på vår facebookside Fix it frisør Vi har bli ny konkurranse – sjekk vår facebookside Vi skal ha mannekengoppvisning lørdag den 28. november kl. 12:00 Til alle frisører som ønsker nye utfordringer, vi har ledig stilling til deg, sjekk vår facebookside Åpningstider denne helgen: Fredag 27/11 – 09:00 – 19:00 Lørdag 28/11 – 09:00 - 14:00 Kl. 18.00 og utover: Asbjørn serverar tante Liv sin julegløgg Laurdag 28. november: Kl. 10.00-11.30 : Treningsmix av VarhaugsPulsen i kjellaren kl. 11.00 og utover: Pianomusikk Kl. 12.00: Mannekengvisning av Fix it Frisør Kl. 11.00 – 13.00: Gordon vil selja grøt Spar får mest ny butikk Etter 5 år i den nye butikken, tykte Gordon tida var komen for endring. Alltid gildt med noko nytt, tenkte han, og sette i gang. Etter ombygginga er Arild Austrått butikken nå omtrent som ny, og Gordon og co er klar til å ta i mot kundane. I samband med dette vert det mange gode tilbud i veke 48 i tillegg til demonstrasjon av ymse varer. - 18 - Me ynskjer alle ei fin julehelg og eit godt nyttår! - 19 - Skisesongen 2015/16 Det går mot vinter og snødekte fjellvidder; Guds skaperverk i finaste kledning. Skigjengen kan gleda seg til mange fine treningsøkter og mange spennande turrenn. Nokre går helst bare lokale turrenn, t.d. Sirdal skimaraton (eller halvmaraton),Stavløpet og kanskje Vigelandsløpet. Andre går gjerne Holmenkollmarsjen, Birkebeinerrennet eller Skarverennet. Ein del av skigjengen reiser i år til Lahti i Finnland og går renn der. – Lars Madland er reiseleiar og «primus motor» for det meste av skiaktivitetane for «Varhaugsgjengen». Sesilåmi Dette rennet er høgdepunktet for skisesongen for dei fleste. I år opplevde me rennet i nydeleg vinterver. Gode skispor og godt tilrettelagt for ploging i unnabakkar gjorde sitt til at me fekk 52km med triveleg turrenn. Alle i gjengen fullførde på fin måte, også dei som gjekk rennet for første gong. Nokre av oss i «Varhaug-bussen» gjekk dessutan ekstra fort. Bodil Høiland vart nr. 2 og Liv Lende Olsen vart nr. 4 i sine klassar. Av mannfolka vann Tormod Åsli sin klasse, med Kjell Tjemsland som nr. 2 og Håkon Reinås som nr. 3. Fleire andre av oss kom mellom dei raskaste i sine klassar. – Mitt eige mål var å fullføra mi Sesilåmi nr. 31, og det greidde eg, rett nok med eit par kraftige fall. og overnatting fekk me i Valle. Dyktige buss-sjåførar og fin buss er med på å gjera Sesilåmi-turen til ei fin oppleving. Dagen etter var me klar for innsats i skisporet. Der opplevde me norske flagg, bjelleklang og oppmuntrande tilrop frå publikum både på Setesdals-sida og Sirdalssida. På 2. matstasjon fekk me herleg havregrynsuppe, på 3. og 4. matstasjon både varm drikke og banan. I mål vart me mottekne av trufaste arrangørar og hjelparar, ofte dei same folka år etter år. Røde kors sitt nærvær sikra tryggleiken. God forvaltning av kropp og helse Eg oppfordrar både yngre og eldre til fysisk aktivitet av eitt eller anna slag. Fysisk styrke gir og psykisk styrke og balanse, noko som er til nytte for eiga helse, familieliv og arbeidsliv og kanskje ekstra stort overskudd til samfunnsnyttig engasjement i nærmiljøet. Turrenn, t.d. Sesilåmi, kan vere døme på gode treningsmål. Dessutan er det gildt! Alle er velkomne til å vera med på skitrening/ rulleskitrening. For å sikra plass i bussen til Sesilåmi, ta kontakt med Mindor Håland i god tid. Lukke til! I «Varhaug-bussen» har me godt sosialt fellesskap med god drøs, eit par intervju og litt allsang. God middag Hallbasar 2015 Sundag 29. november kl. 13.00 12.45 Dørene åpnar 13.00 Idrettsskulen (2006&2007-kulla) opptrer 13.15 Turnen opptrer 13.25 Servering av gratis grøt og saft 14.10 Minikoret opptrer 14.30 Trekning Mange flotte gevinstar – vel møtt! Den årlige basaren på Elgane Helsing Eirik J. vert laurdag 12. desember kl. 12.00 Alle velkomne Refleks…Refleks…Refleks… Det er mørketid. Husk difor lys på sykkelen, refleks på kleda eller aller helst refleksvest når du ferdast ute i mørkret. Mindor Håland vell i mål etter Sesilåmi Håkon Skretting vell i mål etter Sesilåmi - 20 - Siri Skretting før Amerikanske Birkie - 21 - Vennelaget for Lensmannsgarden presenterer: 19/11 Kjærleik på Lykteland i Lensmannsløa Fyrste skikkelige haustkveld på Jæren, var Lensmannsløa fullsett av eit forventningsfullt publikum. Jon har visst teke seg «vatn øve håve» med alle desse kvinnfolka som plutseleg kjem til gards. På progammet stod Kjærleik på Lykteland, ei folkekomedie av Torvald Tu, skriven på 30-talet. Stykket blei framført av teatergruppa Fantefølge. …ein kan trygt seia at graset ikke alltid er grønare på andre sida. Det at stykket no vart spela på løa, med «vår eigen» Brigt Skrettingland som ein av skodespelarane, var ekstra stas. Kjærleik på Lykteland er ein herleg, morosam, hjartevarm og gjenkjenneleg historie. Den handla om Jon Lykteland, ein gardbrukar som er busett på Jæren. Jon har det fint. Han har ein stor og flott gard, gardsgut, gode vener og ei jente, Jenssine, som steller for han. Likevel føler han at det er noko som manglar. Løysinga for han blir å setja «lysning i aviså itte kåna» Dette blir det sjølvsagt forviklingar av. Mange herlige komplikasjonar og morosame situasjonar. Med dyktige skodespelarar, var det lett å la seg riva med i stykket. Fleire lattersalver og godlyd i løa vitna om at publikum kosa seg. Stor applaus til dyktige og tydelege skodespelarar avslutta ein kjekk kveld. Karin Hauge Kulturkveld med m.a sal av etiopisk mat NB:18:00 Vennelaget for Lensmannsgarden presenterer: 17/12 Julekonsert med Katrine Håland Varhaug og vener. 19/11 Billettsal på Bøen. Overskotet går til eit veldedig føremål. Kulturkveld med m.a sal av etiopisk mat NB:18:00 21/1 Konsert med Olav Larsen and the Alabama Rodeo Stars og 17/12 Julekonsert Håland Varhaug og vener. SkankeVelanmed somKatrine support. Billettsal på Bøen. Overskotet går til eit veldedig føremål. 17/3 "En Herrlig Aften" Med Klippenberg & Petersson 21/1 Konsert med Olav Larsen and the Alabama Rodeo Stars og 21/4 SkankeVelan som support. presenterer Gospeldronninga Mahalia Koret Korall frå Randaberg Jackson gjennom ord og tonar. 17/3 "En Herrlig Aften" Med Klippenberg & Petersson Programmet oppdateres på plakater, facebook, sms og mail. 21/4 Koret Korall frå Randaberg presenterer Gospeldronninga Mahalia Jackson ordkan ogdtonar. For å få påminning på gjennom SMS og mail, ere melde dere inn i vennelaget (gratis) ved å sende SMS med navn og e-‐post adresse til: 976 88 571 oppdateres på plakater, facebook, sms og mail. "LIK" Kultur Programmet i Løå på Facebook For å få påminning på SMS og mail, kan dere melde dere inn i vennelaget (gratis) ved å sende SMS med navn og e-‐post adresse til: 976 88 571 "LIK" Kultur i Løå på Facebook Abonnering på Varhaugbuen Bladet går gratis til alle innbyggarane på Varhaug, der frivillige køyrer rundt i bygda med desse. I det første nummeret kvart år legg me ved ein giro, der folk kan betala inn det dei har lysst til. Mange har og betalt for familie og venner som bur utanfor Varhaug. Får me inn kr. 200,- eller meir frå ein med adresse utanfor Varhaug, reknar me denne som abonnent, og dei får bladet sendt i posten. Nå viser det seg at det nok er fleire som har fått bladet tilsendt “av gamal vane”og utan at dei har betalt noko. Dette vil me skjerpa litt inn på, det kostar over 30 kroner å senda eit blad. Me kjem til å laga nye adresselister etter 1. utgåve i 2016, når me ser kven som har betalt på giroen. Me tykkjer det er veldig gildt at folk utanfor Varhaug og liker bladet, og dei får 4 nummer i året tilsendt dersom dei betaler inn kr. 200,- kvart år. - 22 - - 23 - Nytt frå Misjonshuset Hå Lions Ottar Varhaug, Harald Aanestad og Ingebret Gausland «Lions Clubs International er en verdensomspennende organisasjon med 45 000 klubber og 1.35 millioner medlemmer i over 200 land og geografiske områder verden over. Dette gjør klubben til den største humanitære serviceorganisasjonen i verden. (Wikipedia) Den ble grunnlagt 7. juni 1917 av Melvin Jones, og hovedkvarteret ligger i Oak Brook, Illinois, USA.» I Rogaland er det 40 klubbar, og ein av desse er Hå Lions, som vart stifta i 1978. Klubben har i dag 38 medlemar frå heile kommunen, derav 8 frå Varhaug. Ingebret Gausland på Bø i Nærbø er for tida «president». Med seg i styret har han: Tobias Aanestad, Albert Moe, Per Ivar Lillesand og Håvard Skrettingland. Det er eit godt samhald i klubben, og her er det ikkje mykje av det gamle sør/nord problemet. Ottar Varhaug, som eg har snakka med, trur det er 2-3 nye medlemar «på gang», men det er plass til fleire. Så føler du at dette er noko for deg når du har lese stykket, så berre ta kontakt med ein i styret. Hå Lions har eit møte i månaden, unnateke juli og august. Dei har 4 «innemøte» med program av ymse slag og 6 utemøte/bedriftsbesøk, slik som mellom anna Nortura og Tine. Nå er det Rogaland Pelsdyrforlag som står for tur. Det som eg tenker mest på når det gjeld Lions, er juleneka. Og her gjer medlemane eit stort arbeid. Dei både sår og haustar kornet, og når det er klar for skurd, vert dette gjort med eigen sjølvbindar. Denne har klubben fått av bror til Albert Moe, som bur i Suldal. Klubben har mange flinke og nevenyttige i styret, som syt for at denne maskinen alltid er i tipp topp stand. Hå Lons Hå har ca kr. 50.000 netto på juleneka. Desse vert etter skurden lagra i den gamle løa til Tobias Aanestad. Då eg var oppom heldt dei på å flytta neka til løa til Ingebret for «plastpakking», før dei skal rundt på dørene og selja dei. I tillegg til neka har Hå Lions og ein stor tulipanaksjon der dei største kjøparane har vore bedrifter rundt i kommunen. Pengane dei får inn her; 15.- 20.000 går til Ungdom mot narkotika. Klubben har og ein venskapsklubb i Danmark, nærare bestemt Hvorslev, som er den gamle venskapskommunen til Hå. Dei siste 10 åra har nokre av medlemane reist dit, og vore med på den store julemessa på Ulstrup slott første helga i desember. Her har dei selt norske varer slik som flatbrød, ost, prim og spekemat. Alt dette er sponsa av næringslivet i Hå!. Dei har vorte innkvartert privat, og på den måten og fått seg mange gode vener i Danmark. Gjengen frå Varhaug har selt norske varer der nede for ca. 8.000 kvart år. Og desse pengane gir dei til Lions Danmark. Tida går fort,- snart er det jul att. No når dette bladet kjem er julemessene ferdige. Og når hausten er slutt vert det advent og «vi synger jula inn» sundag 13. desember, der er korps og alle songkora med. For dei som er ungdomar, vert det annendagsfest og nyttårsfest. Og fredagar og laurdagar er det ope hus og samlingskvelder på ungdomsloftet. For «me over 60» er det to onsdagar i månaden treff på Misjonshust kl 14. Og så er det den store middagen som vert 13. desember. Sjå program på oppslag og i annonsar og følg med på internettsida til Misjonshuset, www.varhaug-misjonshus.no, der ein kan finne program og planlagde ting framover. Ønsker du å tinga rom på Misjonshuset for f.eks konfirmasjon, er det enno plass for neste år, og for 2017 er det trekning kring 1. mai 2016. Eg gjer merksam på kontortida på misjonshuset måndagar og torsdagar kl 2000-2100, og telefon er 51430808. Det er no berre 1 time, men ein kan tinga rom ved bruk av internett, sjå internettsida til misjonshuset. E-post kan sendast til [email protected] Gateadressa er Ånestadvegen 21, postadresse er boks 103, 4368 Varhaug Velkomen til Misjonshuset. Med helsing, Per-Arvid Son nemnt er Lions ein humanitær organisasjon, og har DU noko du brenn skikkeleg for: Ta kontakt med Hå Lions. Kanskje kan ideen din vera noko dei kan arbeida vidare med. Har du lyst på julenek , ta kontakt med Harald Aanestad eller Ottar Varhaug. Samstundes som du støttar ei god sak, vil sikkert både du og fuglane få glede av dette i mørketida. Eg seier takk for drøset med Ottar, og ynskjer Hå Lions lukke til med nok ei julemesse i Danmark. PS. Håpar Ottar kjem innom med julenek, slik som i fjor. Liv - 24 - - 25 - Roleg tid for skulekorpset Hå skulesjakk Det var kjekt å treffe ein annan klubb,- så utpå våren vil me invitere Skadberg ss til Hå for å spele lagsjakk. Det ser ut til at sjakk fortsatt er ei guttegreie. Me hadde to jenter med på speling på Vigrestad i haust, men den eine har flytta og da slutta den andre å koma óg. I KM (krets mester skap) fekk klubben Kretsmester i gruppe D, spelarar født i 2003. Det var Oskar Feed Jakobsen som vann den klassen. Frå Hå skulesjakk deltok 7 spelarar i KM, KM er kvalifiserande for å vere med i NM, og 6 spelarar frå HÅ er påmeldt NM i Bergen 13-15. november. I neste nummer av Varhaugbuen vil me ha litt frå NM. På Vigrestad speler me sjakk på torsdagar kl 17301845 på ”kulturtorget Vigrestad” som ligg ved sidan av Misjonshuset, rett ved jernbanen. Første dag etter jul vert 7. Januar På Varhaug speler me no på onsdagar kl 1730 – 1845, og spelestad er «stadlen» på lensmannsløa. I haust har det ikkje vore så mange på samlingane,- kan tenkast at onsdag er en dårlegare dag enn tysdag,- kanskje meir fortball då.?! Etter jul startar me opp 6. januar. Laurdag 1. november var klubben invitert til Skadberg skolesjakk på Sola, til sjakkseminar med tidlegare Norgesmeister i sjakk, Line Jin Jørgensen, pizza og lynsjakk turnering. Me hadde to fulle biler med spelarar og deltok med utstyr som klokker, brett og brikker. Turneringa vart ikkje ferdig- så me måtte reise tilbake onsdagen etter for å spele ferdig. Fleire av klubbmedlemmane har også i haust deltatt på turneringar og gjort det bra. Sist var det BGP på Smeaheia. Her var me 4 spelarar og eg var med som domar i klasse for nybegynnarar. I alt 105 spelarar deltok. Bilder er m Med sjakk helsing frå Per-Arvid Hå sjakk for vaksne Det med sjakk for vaksne har ikkje tatt heilt av. Me hadde håpa å få til ein sjakklubb for vaksne – så me kunne delta i turneringer og dermed får rating! Dette året speler me sjakk på Varhaug på onsdagskveldane etter at skulesjakken er ferdig, dvs kl 1900. Staden er lensmannsløa. Medlemar i reine skulesjakklubbar (Som er tilslutta Ungdomens Sjakkforbund) får ikkje rating unntatt i eit par turneringar, ein må vere medlem i en sjakklubb registrert i Norges sjakkforbund for å kunne delta i såkalla «ratede» turneringer. Og me vonar at me kan få grunnlag til å starte ein ny sjakklubb, Hå sjakklubb. (Magnus Carlsen er på topp i rating med 2853, medan beste speler som har vore med i Hå Skulesjakk og har vorte Norgesmeister, er Martin Nilsen med 2141 i rating) Fleire av oss i Hå skulesjakk er innmeldt i Sandnes sjakklubb for å kunne spele i turneringer der ein får rating ut frå resultat. Oppmøtet har variert, fleire av dei beste i skulesjakken deltar,- og nokre tidlegare skulesjakkspelarar kjem. Dersom du som les dette har lyst til å spele sjakk,- så er du velkomen. Me har hatt uformelle små lynturneringar til nå. Med sjakk helsing frå Per-Arvid - 26 - Det har vore ein roleg haust sidan det ikkje vart noko Stavanger Open. Det passa ikkje for nokre av nøkkelpersonane, og då nyttar det ikkje å stilla opp i konkurranse. Men korpset øver jamt og trutt, så framover mot jul vert det nok dei vanlege speleoppdraga. Elles skal me vera med på eit arrangement i Lensmannsløå i november. BU Advents - kafe Bygdeungdomslaget har alt begynt å tenka på Varhaugmarken. Då ha dei planer om å arrangera Olabil løp. Alle er velkomne til den tradisjonelle advents kafeen i garasjen på Kydland hos Solfrid og Berge lørdag 5. desember kl. 11.00-17.00. Det vert sal av grøt og mykje anna god mat. Også glutenfritt. Det vert og basar og lynlotteri, og pengane går uavkorta til stiftinga «Hjelp til Russland» Kjartan Elles så har medlemane gjort eit stort arbeid med riving av den gamle garasjen på Internatet samt fått ny kledning og dør i buå. Husk varme klede, då kafeen er ute i garasjen Hå Hagelag Gammaldansen Me starter nyåret med møte i Lensmannsløå torsdag 4. februar kl. 19.00. Er framleis «still going strong», og øver annankvar tysdag på Ungdomsskulen.( oddetalsveka) Då vert temaet «Frå frø og stikling til blomar og planter» og det er Karl Johan Bø som skal snakka om det. Nå vert det endeleg liv i gamle banken Som de kunne lesa i Jærbladet nyleg, er det like før opning av smådyrklinikk i Stasjonsvegen. Og dette vert den einaste klinikken mellom Egersund og Tu. kan vel neppe verta større. Marius skal driva klinikken saman med 2 andre, og i tillegg skal det koma ein hundefrisør. Reidar Skretting har gjort avtale med Marius Usvaltas, veterinær frå Liauen om leige av 80m2 i gamle banken. Marius har vore i Norge i 6 år, og har lenge tenkt å starta noko for seg sjølv. Då Marius jobba i Litauen, hadde han ansvaret for helsa til 200 kyr, så overgangen til smådyr Varhaugbuen vil skriva meir om dette i neste blad, når klinikken har kome vel i gang. Håper at bygdefolket støttar godt opp om dette nye tiltaket i stasjonen. Dette kan kanskje vera med på å få liv i gata at? Kortspel, bingo, seniordans Gjengen som tidlegare samla seg på Mødeplassen i Sentrumsgården, har nå fått ein ny møteplass; eit møterom i kjellararen på idrettshuset (der den gamle kafeen var før i tida)). Dagen er den same: måndag kl. 12.00 for kortspelet og kl. 15.00 for bingoen. Det er plass til fleire, så kom og vær med oss enten på speling eller bingo, eller de seier som Ole Brum «Ja. Takk begge deler». Synd at ikkje fleire av bygdefolket støttar opp om dette. Bingo var ein god ting å starta med, tykte me, og så kunne det kanskje koma andre ting etter kvart når me fekk høyra kva folk ville ha av aktivitetar. Seniordansen er og flytta til Iden. Dei dansar tysdag kl. 11.00. - 27 - Varhaug fotoklubb Har i dag alt fått 18 medlemar. Klubben har fast møtekveld; første mandagen i månaden i Lensmannløa. Her har dei hatt lærerike møte med mellom anna Stavanger Foto i tillegg til utstilling av bilete. Dei har og vore på ekskursjon til Ogna. På møta er alle velkomne til å koma og vera med oss, både for å sjå på fine bilete, men ikkje minst for kanskje å læra noko om fotografering. Her betyr det ingen ting om du er ung eller gammal, alle er like velkomne. I tillegg til dei faste møta, har og klubben engasjert seg i å støtte kreftsaka, ved å selja ein kalender. Her ser de Ingvald Aase med framsida av kalenderen der det står:»Støtt vår innsamlingsaksjon til fordel for trivselstiltak for pasienter ved Poliklinikken for blod- og kreftsykdommer på SUS: Kjøp en kalender for kr. 200, og beløpet går uavkortet til formålet» Alle utgifter til trykking av kalenderen har Fotoklubben fått sponsa av Jæren Sparebank, SrBank, Kruse Smith og Allkopi. Så alt som vert selt går rett til formålet. Ting sjukehuset ynskjer seg er abonnement på tidsskrift for damer og menn, radio eller iPad. Dette er ting som kan vera med og gjera ventetida på sjukehuset litt lettare. 26. november vil medlemane gå rundt i bygda og selja kalenderen, som harmange fine bilete med Jærmotiv, og de vil og finna ein trausk. Kanskje dette nettopp er julegåva til utflytta Varhaugbuar? Varhaug Fotoklubb slår her 2 fluger i ein smekk; dei støttar ei god sak samstundes som bygda får kjennskap til kven dei er. Ingvald Aase med framsida av kalenderen. Ingvald håpar alle vil ta vel imot kalenderseljarane når dei kjem på døra. Åsmund Susort Asle Haukland Bente Vigre Ingvald Aase - 28 - - 29 - Nok ein gild kulturkveld i Løå (Nå er det berre å gleda seg til Minikonserten dei skal ha i Stuelandsbygget 27. november) Etterpå fekk Sjur Håland ordet, Han snakka om arbeidet med den nye boka “Varmen frå myra”. Det var høve til åkjøpa boka og samstundes få denne signert av Sjur. Så var det sal av mat. Og her kunne vel ikkje kontrastane vore større. Sjur snakka om og synte oss, noko verkeleg urnorskt; torv. Og maten me skulle kjøpa var ein nasjonalrett frå Eritrea; Enjera. Denne hadde Sinat og Mimmi brukt mange timar på å i stand. Begge har vore 13 år i Norge. Mimmi har budd på Varhaug i 2 år, men bur nå på Nærbø, der ho er kjøkkenassistent på Tryggheim. Sinat bur på Varhaug, og ho arbeidar i Klokkarhagen. Det er ikkje så enkelt å forklara kva denne retten er, men det er nokre svampaktige pannekaker ein et saman med kylling og okse i ganske sterk saus med mykje løk og krydder oppi.(Dette er kjempegodt, og det er ein rett me har servert mange gonger på den internasjonale middagen i kommunekjellaren på Nærbø, i regi av Frivilligsentrtalen). Ikkje nok at me fekk Eritreisk mat, me fekk og Eritreisk kaffi. Den koka Sinat inne på golvet i løå på ei spesiell kokeplate og i ei spesiell kanne. Den serverte ho etterpå i ganske små kopper. Etter den gode, mektige og sterke maten, var det veldig godt med denne spesielle kaffien Ein stor takk til Vennelaget for ein gild kveld. Det kom folk frå Brusand, men alt for få frå Varhaug. Alle kan då ikke vera i Syden?Trudde ikkje det skuille ha noko å seia av kvelden starta kl. 18.00.Vennelaget som legg ned eit så stort frivillig arbeid her, hadde fortent meir publikum. Liv - 30 - Foto: Kjetil Skrettingland Vennelaget hadde fått til eit godt program, der skulekorpset starta med fengande musikk. Korpset er ikkje stort, men dei får det til å svinga. - 31 - Inne krokket King of the swing King of the swing er ei danse tevling mellom 9. klassane I Hå, og vart i år halden på Vigrestad. Det var 22 par som starta, 6 gjekk til finalen, og Eline Vold og Jøran Solberg Håland frå Vigrestad vann. Ikkje nok med det; dette var 3. året at Vigrestad vann, og sikra dermed vandrepokalen. Det er Hå kulturtorg, som står for dansetevlinga, som vart arrangert for 8. gong. Elevane har hatt eit 6 vekers swing-kurs. Jøran hadde aldri dansa tidlegare, men Eline hadde dansa litt. (Jøran Håland er barnebarnet til Jon Harald Håland, og Varhaugbuen gratulerer!) Iris Odland Knudsen fra SR-Bank kom med gavesjekk Far og son Odd og Stig Varhaug ventar spent på å koma i gang. 9. november var det opning av den nye krokketbanen på låven i Lensmannsløå. Her var både unge og dei litt eldre samla saman med ordføraren, som skulle stå for den offisielle opninga med snor klypping. Vennelaget serverte nysteikte lappar og kaffi, og folk kosa seg. Med det same den røde snora var kutta, var gjengen i gang med spelet. Og dette var folk som hadde vore borti ei krokket kule før. Ungdoms klubben har nok fått eit gildt tiltak, men banen skal og brukast av alle dei krokket interesserte som fins på Varhaug og i området elles. KULLSYREMASKIN JulegAvetips VI HAR GODKJENT JulegAvetips BILVERKSTED: ted • 51 43 02 33 FRA AGA 799,JulegAvetips inkl. patron Arild Austrått ny mobilbutikk 2.etasje Stuelandsbygget 499,799,- 799,inkl. patron EU kontroll • inkl. patron Hjulstilling • Service • 259,Tilhengerservice • Flotte nisser fra 259,- pr. stk. byttepatron 269,-Alle julevarer byttepatron ÷20% Alle julevarer 149,Salg av dekk • Flotte nisser fra 259,pr. stk. 149,149,byttepatron Alle julevarer Dekkhotell • Varhaug Servicenter A/S÷20% Godkjent bilverksted • 51 43 02 33 149,÷20% ny patron ervicenter A/S Jeg har drevet med mobiltelefoni siden 1987. I 1995 startet jeg min egen virksomhet i Meieriveien på Varhaug, og i 2003 flyttet jeg til Bratland. Nå er det 20 års jubileum og har funnet ut at jeg skal prøve å drive i Stuelandsbygget. Nå er det opp til bygda Varhaug, om det går an å drive mobilbutikk. Jeg oppfordrer alle til å bruke de lokale butikkene vi har i bygda. Jeg selger mobiltelefoner og reparere knuste skjermer på Iphone og Samsung og enkelte andre produkter. Jeg har ikke faste åpningstider, men avtal tid på mobil: 91351790 eller mail arild.austraatt@online Mvh. Arild Austrått - 32 - Flotte nisser fra pr. stk. bytte av patron Varhaug Servicenter A/S Godkjent bilverksted • 51 43 02 Servicenter 33 Varhaug A/S Godkjent bilverksted • 51 43 02 33 - 33 - g u a h r a V Stoff-frist Varhaug er smikkfullt av ressurser! Noko av dette kan me vel få til? Den 21.juni arrangerte Varhaugbuen eit motivasjonsseminar for alle lag og organisasjonar i bygda. Glimrande motivatorar som Tom Åge Myhren, tidlegare statsråd i fantasidepartementet i Lucky Næroset, landsbygeneral i Randaberg, Svein Sørnæs og ordførar Mons Skrettingland. Dette kan enten sendast direkte til: [email protected] eller legga det i postkassa til Liv. • Livsglede dagar (jan-febr) • Samla og koordinera aktivitetar • Få ei inkluderande bygd Sender du Word dokument må bildene vedlegges som egne filer i JPG format. • Felles tiltak for å bevara handelen her Tom Åge Myhren varta opp med eit forrykande føredrag, der deltakarane lo så dei grein og levande såg føre seg alt. Opplevinga kan ikkje beskrivast, det må opplevast sjølv!! Viss de nokon gong får moglegheita til å koma på eit føredrag med den kroppen, må de slå til!! • Konsertar på Torget sumarstid • Livd mot vinden på torget • Glastak over torget • Aktivitetar på torget • Sommarfest i Bodle, kanskje med kafè Alt i alt handla det om å sjå moglegheitene og gjera noko positivt av det ein har i ei bygd, anten det er ein underjordisk flyplass eller humpar i vegen… • Uformell møteplass, som kan samla folk Landsbygeneralen gav deltakarane mange praktiske og jordnære tips til korleis Varhaug kan stoppa handelslekkasje og skapa stolthet i bygda si. Han delte erfaringane frå Randaberg, som har arbeidd målretta for å stoppa handelslekkasjen til Stavanger. • Samarbeid med alle som driv handel Ordførar Mons Skrettingland, snakka om Hå kommune generelt og Varhaug og frivillige organisasjonar spesielt. • Meir samarbeid mellom bedrifter og lag Til slutt hadde me eit gruppearbeid der me såg på ressursane i Varhaug og kva me ynskjer skal skje i bygda. Stoff frist for neste blad er 24. februar • Gjera meir ut av Varhaugmarken • Få folk til å svinga innom Varhaug • Oppstillings plass for Bubilar i Bodle, Madland hamn og Varhaug gamle kyrkje mot betaling • Utvida ryddinga av sentrum til bygdene • Levande sentrum Styret frå venstre: Per Kristian Skrettingland Haarr, Magnus Ånestad, Thomas Vagle, Framme:Lene Iren Rangen og Lenita Salte. Magnus Ånestad ny leiar i Varhaug bondelag Geir Erik Aanestad, som har vore leiar dei 2 siste åra, ynskte ikkje attval. Difor hadde valnemnda forslag om Magnus Ånestad, som hadde hatt sekretærjobben i tida med Geir Erik, som ny leiar. Han vart einstemmig valt.Med seg i styret får han ein ny, Per Kristian Skrettingland Haarr. Dei andre er kjende frå ifjor: Lene Iren Rangen, Thomas Vagle og Lenita Salte. Positivt med eit ungt styre. Dette var ein del av idane som fram under gruppearbeidet. Me kan ikkje gripa tak i alle med ein gong, men det hadde vore gildt med innspel og meiningar frå lesarane. Årsmeldinga synte eit aktivt år for laget, med brukbar økonomi. 23. september var det 263 medlemar i Varhaug bondelag. Det er 4 færre enn same tida året før.Det har vore 9 utmeldingar og 7 nye medlemar frå 1.1.15 – 23.9.15 . Den nye arbeidplanen legg opp til aktivitetar kvar månad, minus juli. Medlemsverving er det heile året. Men ein ting kan me vel i alle fall nå einast om: Me skal støtta opp om eldsjeler, frivillige og alle «galne» og kreative må samlast. Me må prøva å få til eit levande sentrum med ymse aktivitetar. I desember er det skulefrukost på ungdomsskulen og i januar det årlege stormøtet i idrettshallen med SRbank og alle bondelaga i Hå. Til sist eit hjartesukk frå avtråppande leiar; Me er veldig mange medlemar. Det hadde vore gildt om fleire av dykk møtte opp på arrangementa våre, eller tek kontakt med styret med tankar/idear de er opptekne av. Årsmøtet vart halde på Lerbrekk skule, og både styremedlem i Norges Bondelag, Arnstein Røyneberg og me andre var vel nøgde med både møtet og ikkje minst maten som Astrid og Sigbjørn serverte oss. Sammen får vi ting til å skje. - 34 - - 35 - Internatet Skal ha årsmøte måndag 30. november. Eigarlaga har fått innkalling. Karaten Kjem meir neste nummer! GRØFTE? adsign.no Vi tilpasser også sandfangkummer Ring Bjarte på 991 61 373 for pris på drensrør! FK BUTIKKEN VARHAUG HAALAND BILVERKSTED Vi er bilverkstedet for alle vanlig forekommende bilmerker. Vi har kompetansen til å gjøre det beste for akkurat din bil - og din lommebok. Hvis bilen din har garanti, vil den fortsatt gjelde etter et besøk hos oss. Det er fordi vi alltid utfører service og reparasjoner i henhold til produsentenes instruksjoner - og at vi bare bruker reservedeler i henhold til foreskrevet kvalitet. Enten du er ute etter reparasjon eller service, kan du føle deg trygg ved å levere bilen til oss. MECA-STEMPEL I SERVICEBOKEN FORTELLER AT DU TAR GODT VARE PÅ BILEN DIN. OPSTADVEGEN 647, 4360 VARHAUG TLF. 90 50 65 66 - 36 JÆRPRINT
© Copyright 2024