Rettleiing for pasientar som skal ta prøve av

HELSE BERGEN
Haukeland universitetssjukehus
Mikrobiologisk avdeling (MIA)
Rettleiing for pasientar
som skal ta prøve av avføringa
Prøverøyr som skal nyttast til undersøking av tarmpatogene bakteriar
1. Ta ut pensel og prøverøyr frå pakken.
2. Dypp pensel i avføring.
3. Sett penselen tilbake i røyret og knekk av skaftet på kanten av røyret.
­Knekkpunket er merkt raudt.
4. Skru korken tett til.
5. HUGS å merke prøverøyret med namn og dato for prøvetaking.
6. Prøver som ikkje er merkte med namn blir dessverre ikkje undersøkte.
Prøverøyr til andre mikrobiologiske undersøkingar
1. Skru av korken og ta om lag 5 prøveskeier med avføring opp i
­prøverøyret.
2. Skru korken tett til.
3. HUGS å merke prøverøyret med namn og dato for prøvetaking.
4. Prøver som ikkje er merkte med namn blir dessverre ikkje undersøkte.
Framgangsmåte for merking av prøver med ferdig trykt etikett
Dato på etikett må strekast
over (sjå raud ring på
­eksempelet) dersom dato for
­prøvetaking ­ikkje ­stemmer
med dato ­opp­ført på etikett.
Dato for prøvetaking MÅ da
skrivast på etiketten som vist.
...skriv på dato for prøvetaking.
Dok.ID: D37203 • Versjon: 1.00 • 05.2015